MØTEPROTOKOLL Utval Formannskapet Møtedato 13.12.2017 Møtestad Formannskapsalen, Rådhuset Møtetid 17:00 20:15 Følgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon Repr Peder Sjo Slettebø Ordførar H Leif Sverre Enes Medlem H Sølvi Ulvenes Medlem H Gerd Laura Bondhus Medlem SP Marit Aarthun Medlem KRF Hilde Enstad Medlem AP Ove Lemicka Medlem FRP Følgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Repr Bernth Harry Eliassen MEDL AP Hans Inge Myrvold V ORDF SP Følgjande varamedlemar møtte: Namn Vara for Repr Gunnar Våge Hans Inge Myrvold SP Gretha Rød Bernth Harry Eliassen AP Følgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Odd Ivar Øvregård Rådmann Bente Høyland Møtesekretær
MERKNADER: Orienteringar: Ordførar orienterte om aktuelle saker som bl.a.: Ferjeulukka på Varaldsøy ros til tilsette og branntroppen i Kvinnherad kommune som stod på og redda ferja. Samferdselsmøte på Sandvoll 12.desember Fylkestinget budsjettmøte Ferjesambandet Kvinnherad-Stord Rådmann orienterte om bl.a.: Landbrukskontoret ubrukte SMIL midlar Fjelbergsambandet Kystsoneplan Aldersheimsaka på Varaldsøy kjem også med orientering i kommunestyret 21.12. Økonomirapport pr.30 november oversikt vart utlevert. Permisjonar: Ingen. Inhabile: Ingen. Evt. endring på saksrekkefølgje: Ingen. Drøftingssak: Sak om kjøp av grunn etter tilbod frå eigar vart drøfta. Formannskapet konkluderte med at det ikkje er aktuelt å kjøpa arealet.
SAKLISTE Saksnr Innhald PS 2017/93 Frå grønn visjon til konkrete prosjekt PS 2017/94 Forslag til tildeling av midler frå viltfondet haust 2017 PS 2017/95 Oppmoding om busetting av flyktningar i 2018 PS 2017/96 Salsløyve for alkoholhaldig drikk - 2016-2020 - Rosendal - Rosendal Microbryggeri ANS PS 2017/97 Tilvirkningsløyve - Rosendal Microbryggeri ANS PS 2017/98 Revisjon av forskrift for vass- og avløpsgebyr i Kvinnherad kommune PS 2017/99 Val av politisk representant PS 2017/100 Sal av aksjar Jondalstunnellen og Fastlandssambandet Halsnøy AS
PS 2017/93 Frå grønn visjon til konkrete prosjekt NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ FORMANNSKAPET: Formannskapet er positive til å gå vidare med prosjektet. Ber rådmann innhente meir konkret informasjon frå GreenSight om forventa resultat av prosjektet, samt arbeida fram forventa ekstrakostnader. Røysting: Nytt framsett forslag samrøystes. Formannskapet er positive til å gå vidare med prosjektet. Ber rådmann innhente meir konkret informasjon frå GreenSight om forventa resultat av prosjektet, samt arbeida fram forventa ekstrakostnader. PS 2017/94 Forslag til tildeling av midler frå viltfondet haust 2017 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Formannskapet i Kvinnherad løyver inntil kr 32.000.-.- frå Kvinnherad viltfond som skal fordelast i samsvar med tabellen i saksutgreiinga. Viltfondet vil etter dette vere på kr. 122.000.- Midlane vert betalt ut når dokumentasjon på at tiltaket er utført vert sendt inn. PS 2017/95 Oppmoding om busetting av flyktningar i 2018 Rådmannens si innstilling samrøystes. Innstilling frå Formannskapet den 13.12.2017 Kvinnherad kommune tek imot 10 vaksne flyktningar i 2018 PS 2017/96 Salsløyve for alkoholhaldig drikk - 2016-2020 - Rosendal - Rosendal Microbryggeri ANS Rådmannen si innstilling samrøystes. 1. I medhald av delegasjon vedtek Formannskapet å tildele salsløyve for alkoholhaldig drikke gruppe 1, under 4,7 % til Rosendal Microbryggeri AS org.nr 918794786, jfr Alkohollova 1-7, i omsøkte lokaler 2. Styrar er Kristoffer Hillesland f. 28.07.91 Reservestyrar er Hege Sophie Eidsheim f. 19.10.90 Løyve forutset at begge har godkjent Kunnskapsprøve for salsløyve. 3. Salstidene for perioden vert:
Kvardagar kl 08.00 20.00. Dagar før sun- og helgedagar kl.08.00 18.00. Dagen før Kristi Himmelfartsdag sal til kl.20.00. Påske-, pinse og nyttårsaften sal til kl. 15.00. Løyvehavar står fritt til sjølv og bestemma si eiga salstid innanfor denne ramma. 4. Salsavgifta vert sett i samsvar med gjeldande forskrifter. PS 2017/97 Tilvirkningsløyve - Rosendal Microbryggeri ANS Rådmannen si innstilling samrøystes. 1. Rosendal Microbryggeri ANS org. Nr 918794786, får tildelt kommunalt tilvirkningsløyve jfr. Alkohollova 3-1b. for tilvirkning av øl, for sal i eigne lokaler. 2. Løyvet om tilvirkning føl salsløyvet. Rosendal Microbryggeri ANS kan berre selge eigenprodusert øl i lokaler som omsøkt i salsløyvet. 3. Dagleg leiar for tilvirkningsløyvet er Kristoffer Hillesland f. 28.07.91 PS 2017/98 Revisjon av forskrift for vass- og avløpsgebyr i Kvinnherad kommune Ove Lemicka(Frp) la fram fylgjande forslag: 4 Ny setning etter pkt.d.: Tilknytningsgebyret skal fakturerast og vera betalt når anlegget vert teke i bruk. Ny setning sist i 4: Til frådrag kjem eit anleggstilskot stor kr. 10000,- pr eining som vert tilkopla. Forslaget vart ikkje røysta over. Rådmannen si innstilling samrøystes. Innstilling frå Formannskapet den 13.12.2017 Kommunestyret vedtar frå 01.01.2018 ny forskrift for vass- og avløpsgebyr i Kvinnherad kommune slik den ligg føre. PS 2017/99 Val av politisk representant FRAMSETT FORSLAG FRÅ GUNNAR VÅGE, SP: Kjetil Mehl (Sp) FRAMSETT FORSLAG FRÅ HILDE ENSTAD, AP: Vibeke Fredheim
Røysting: Vibeke Fredheim fekk 2 røyster. Kjetil Mehl fekk 7 røyster og vart vald. Politisk representant frå Kvinnherad vert Kjetil Mehl (Sp). PS 2017/100 Sal av aksjar Jondalstunnellen og Fastlandssambandet Halsnøy AS Rådmannens si innstilling samrøystes. Innstilling frå Formannskapet den 13.12.2017 Formannskapet i Kvinnherad kommune seier ja til å selje eigardel i Fastlandssambandet Halsnøy AS og Jondalstunellen AS.