ÅRSRAPPORT FRÅ STATENS NATUROPPSYN TIL NASJONALPARKSTYRET FOR FOLGEFONNA MED TILHØYRANDE LANDSKAPSVERNOMRÅDER 2012 Buføresti Reiseter 2012 SNO ansatt: Olaf Bratland, SNO Rosendal
1. OPPSYNSAKTIVITET: KONTROLL/TILSYN, INFORMASJON MV. Øydelagt skilt ved Botnabreen, Kvinnherad kommune. Kort om aktivitet Utfører generell kontroll/tilsyn og informasjon ift vernebestemmelsar i samband med registrering av alle faste installasjonar i verneområdene, og ifm motorferdslekontrollar på vinteren. Ift informasjonsbiten vert og øydelagte løveskilt bytta ut med nye. Dette er gjort på 4 stader i parken i 2012. Der er ikkje oppdaga brot på vernebestemmelsar i Folgefonna nasjonalpark i 2012. Registreringarbeidet rundt Folgefonna starta i 2011. Alle faste installasjonar vert gps-posisjonert og fotografert, og deretter lagt inn i verneområdeloggen som er ein nasjonal database. Foreløpig er denne ikkje tilgjengeleg for andre enn SNO, men meininga er at denne vil verte tilgjengeleg for forvaltninga i byrjinga av 2013. Stølane i Fynderdalen registrert i 2012
Utviklingstrekk/utfordringar Områda i nasjonalparken som ikkje er registrert er Raunsdalen i Ullensvang og Odda, Håedal i Ullensvang, området frå Ormannshaug i Odda til Bergstø og Sandvikedalen i Etne, samt områda innanfor Ænes og delar av Hattebergsdalen lvo, samt Hildalsstølane i Kvinnherad. Det er snakk om store områder som vil bli prioritert i 2013. Anbefalte oppfølgingspunkt komande år Fortsette med det same i 2013, gjerne meir saman med nasjonalparkforvaltar. MOTORFERDSLE Snøscooter, fly og motorbåt. Kort om aktivitet Der vart i år gjennomført 2 tilsynsrundar/kontrollar av scooteraktivitet inni nasjonalparken. Desse kontrollane vart gjennomført saman med politiet i mars og april 2012. Når det gjeld tilsyn med flytrafikk og motorbåt og barmarkskjøring, vert dette ført tilsyn med i samband med andre oppgåver i parken. Samkontroll med politiet Utviklingstrekk/utfordringer og oppfølgningspunkt. Som for 2012. FERDSELSTELJING Kort om aktivitet SNO har ferdselsteljarar i Buer, Bondhusdalen, og Ænes landskapsvernområder. Teljarer i Buer og Bondhusdalen vart plasserte ut allereie i 2008. I Ænes vart det plassert ut 2 teljarar i 2012, for å dekkje stien opp til Gygrastolen og inn mot Ænessetra. Når det gjeld ferdselstal viser ein til vedlagte rapportar frå teljarane. Anbefalteoppfølningspunkt komande år Avslutte teljing i Bondhusdalen og Buer for denne omgang. For heller å startte teljing på nytt om 5 år. Då for å måle om tilretteleggingstiltaka i områda har hatt nokon innverknad på antall besøkande. Fortsette teljing i Ænesdalen og eventuelt starte teljing i Reisæterlia for å sjå om Buførestiprosjektet har innverknad på antall besøk.
BEVARINGSMÅLSARBEID I samband med løyve til å arrangere motbakkeløpet Folgefonna opp, fekk SNO i oppdrag frå nasjonalparkstyret med å følgje med på slitasjen. Dette kom fram i vedtaket. Dette var samanfallande med forsøk/utprøving av bevaringsmålsarbeid som føregår i SNO på landsbasis. Difor vart sti-partiet mellom Botnavatnet Breidablikk av SNO Rosendal plukka ut til overvakning/slitasjemåling. 2 felt langs dette partiet, med 5 linjer på kvart felt, skal slitasjemålast over tid. SNO fekk oppretta desse slitasjemålingsfelta før motbakkeløpet vart gjennomført. Desse felta vert målt på nytt i 2013. Då har ein samanlikningsdata for 2012. Målinga må nok gå over mange år før ein kan seie noko om slitasjen i området. 2. UTKVITTERING AV BESTILTE TILTAK 2012 Dette er tiltak/oppdrag bestilt av dykk i bestillingen for 2012 i Folgefonna nasjonalpark og landskapsvernområda rundt som SNO Rosendal er ansvarlig for Bestilte oppdrag 2012: Buførevegen Reisæter Her vart løyvd kr 200 000 til arbeid med sti i nasjonalparken. Desse er overført til prosjektet. Prosjektet møtte svært vanskelege tilhøve ift vatn opp Reisæterlia. Det var så store vassmengar at sherpa, som står for utførelse, sa at dette var noko av det vanskelegaste dei hadde vore borti.
Viser vassmengdene i Reisæterlia Dette betyr at arbeidet vert langt meir omfattande enn det som i utgangspunktet var planlagt. Ein må på grunn av vatnet steinsette større del av stien enn det som var tenkt i førekant. Då dette er eit stort kostbart prosjekt i utgangspunktet er det viktig at arbeidet som vert gjort vert av varig karakter. Prosjektet vert dyrare og prosjektgruppa har starta prosessen med å skaffe meir økonomi, ved å søkje om meir midlar frå ulike hald. Eg veit at der og er førespurnad retta til nasjonalparkstyret for 2013. Arbeidet med stien stansa måndag 29. oktober, og vil ta til på nytt i 2013 om kapitalen er på plass. Prosjektet er eigd av verdiskapingsprogrammet for Folgefonna nasjonalpark. SNO har bidratt i prosessen med 3 dagsverk med rydding av sti, samt med tilsyn undervegs og med å skaffe big-bag som er nytta i tilsvarande prosjekt i
Hallingskarvet(gjenbruk). I tillegg med rådgjeving og informasjon på samarbeidsmøter og synfaringar. Totalt har SNO bidratt med 11 dagsverk i felt, samt på møter. Om arbeidet fortset i 2013 vil eg fortsett bidra på same måte. Utfyking av stein til stilegging. Viser opparbeidd sti.
Rydde lauvtre-skog på utsiktsplass i Hidlerslia, Bondhusdalen lvo Arbeidet med dette vil bli ferdig før nyttår. Tenestekjøpaavtale med grunneigar er gjort for løyvd beløp på kr 20 000. Parkeringsplass/innfallsport i Bondhusdalen Arbeidet med ny p-plass/innfallsport vart ferdigstilt og offisielt åpna i 2012. Vart løyvd kr 300.000 av tiltaksmidler til denne i 2011 som delfinansiering saman med Kvinnherad kommune og verdiskapningsprogrammet. Innfallsport Bondhusdalen 2012 Ikkje utførte tiltak 2012 Gardshammarvegen Bondhusdalen lvo: Her vart løyvd kr 15000 til dreneringsarbeid. Det viste seg imidlertid at der i løpet av vinteren/våren 2012 hadde vore fleire stein/jordras over vegen. Dette var og tilfelle nede ved Sandarvollen, noko som vart søkt naturskade for, og kor arbeidet er ferdigstilt. Der er og søkt om naturskadeerstatning for Gardshammarvegen.
Om dei ikkje får erstatning, kan det være behov for mellom 60-80 000 kr for utbetring av vegen i 2013. Dette om skadane ikkje vert meir omfattande i løpet av 2012/2013. Vegen opp Tokheimslia Her var der ødeleggelsar i 2011. Og det vart løyvd kr 15000 også her for dreneringsarbeid. Staden har ikkje vorte ytterligare øydelagt i 2012. Ein beslutta difor å vente med dreneringsarbeidet, slik at dette blir tatt samstundes med ei eventuell restaurering/utbetring av dei verste partia på dei øvste 800m med sti, før Tokheimsskaret/ Støladalen. Føreslår betre planlegging i 2013 for eventuelt utbetring i 2014. Øydelagt sti opp Tokheimslia
Føreslåtte oppfølgningstiltak i Nasjonalparken for 2013 1. Buer i Odda kommune: Føreslår at der her vert søkt om midler til p-plass/innfallsport slik det vart gjort i Bondhusdalen for 2011. Dette er viktig då størrelsen på p-plassen der i dag ikkje klarar ta unna den trafikken som er der pr i dag. Viser her til ferdselstala for Buer lvo, som i 2010 var på ca 20 000, og i 2012 var på ca 18 000. I 2011 var talet ca 11 000, men då var dalen stengt store delar av sesongen grunna arbeid med elva. Rølf Bøen i Odda kommune har forklart at p-plass løysinga er ferdig planlagt av Norconsult og ferdig regulert frå kommunen si side. Viser her til vedlagt søknad om mildler med budsjettoppsett og teikningar. Slik det ser ut nedanfor p-plass på Buer når denne er full. 2. Buføresti-Reisæterlia: Her vart det løyvd 200 000 i 2012. Pga vassmengde treng ein meir midlar for å gjere ein meir varig god jobb i dette området. Dette då sti treng meir steinlegging enn antatt i førekant. Føreslår at det også her vert søkt om meir midler til tiltaket i 2013. 3. Gardshammarvegen-Bondhusdalen lvo: Her vart løyvd 15 000 til drenering i 2012. Desse vart sendt attende då området har vore utsatt for fleire jord -og steinras. Føreslår søknad om midler til opprydding/restaurering her dersom grunneigarar ikkje får naturskadeerstatning. 4. Teljarar: Føreslår å avslutte teljing i Buer og Bondhusdalen i denne omgang, og heller starte teljing i Reisæterlia i samband med tilretteleggingstiltaket der. Dette for å sjå om tilrettelegginga har betydning for bruken av området. Buføresti-prosjektet er på facebook, og er allereide svært populært prosjekt der. Der er folk frå fjern og nær som ytrar ønske om å ta turen. Føreslår å fortsette teljing i Ænesdalen, då 1. år gjev for lite grunnlag til å seie noko om presset i området.
5. Innfallsport/p-plass Ænes: Føreslår at der vert utarbeid plan i 2013, med Kvinnherad kommune, om å få til ein betre p-plass/innfallsport løysing i Ænes, for besøkande. Dagens situasjon er til irritasjon for grunneigarar, ved at dei får besøkande nærast opp i tunet, noko som til tider skapar problemer for dei, ift å komme fram med maskiner og utstyr. I Ænes har der sidan vernet i 2005 vore ein viss motstand og negativitet rundt dette. I år fekk me hjelp til å setje opp teljarar i dalen, samt grunneigarar kom med forslag til løysing på p-plass problema. Marknadsføringa av dalføre til utanforståande har vore minimal pga dette tilhøve. Å få på plass ein innfallsport med betre p-løysing vil betre konfliktnivået mellom turisme og næringsutøving på staden, samt ein ved slikt tiltak gjer området meir tilgjengelig for turisme. 6. Veg opp Tokheimslia Utarbeide plan for restaurering og stipulere kostnad i 2013. 7. Slitasjemåling sti mellom Botnavatnet-Breidablikk i Bondhusdalen lvo. Fortsette å måle slitasje som for 2012. VEDLEGG: Vedlagt er rapport frå teljarar i: Buer 1stk Bondhusdalen 2 stk Ænes 2stk
Bakside Statens naturoppsyn (SNO) SNO er miljøforvaltningens operative feltorgan som er myndighetsutøver etter lov om statlig naturoppsyn av 21. juni 1996. Loven gir SNO-personell tilsynsmyndighet og ansvar for oppsyn med overholdelse av følgende miljølover; friluftsloven, naturmangfoldloven, motorferdselsloven, kulturminneloven, viltloven, laks- og innlandsfiskloven, markaloven og deler av forurensningsloven i hele landet, både på offentlig og privat grunn. Oppgaven er todelt og retter seg både mot tilsyn og overvåking av naturtilstanden og tilsyn med menneskets atferd i naturen i forhold til gjeldende regelverk. Den nasjonale ledelsen i SNO ligger i Direktoratet for naturforvaltning (DN) i Trondheim og det heltidsansatte lokale naturoppsynet har arbeidssted tilknyttet sitt geografiske oppsynsområde, totalt 61 lokale kontorer, med til sammen 93 ansatte ved starten av 2011. Organisasjonen er delt i seks seksjoner; to kystseksjoner, to nasjonalparkseksjoner, en rovviltseksjon og en naturveilederseksjon. Hovedoppgavene er informasjon og veiledning, i tillegg til kontroll, registrering, dokumentasjon, skjøtsel og tilrettelegging. I dette inngår også viktige oppgaver innen rovviltforvaltning, bl.a. bestandsregistrering og skadedokumentasjon knyttet til den lovfestede erstatningsordningen på bufe og tamrein. Virksomheten er basert på egne oppsynsstillinger i kombinasjon med kjøp av tjenester og samarbeid med andre oppsynsordninger lokalt og regionalt. SNO har også et overordnet ansvar for Skjærgårdstjenesten, en interkommunal ordning med hovedansvar for skjærgårdsparkene mellom Bergen og Halden. En viktig utfordring for naturoppsynet er å skape forståelse og respekt for regelverket som finnes på dette området. Det blir lagt vekt på å etablere godt samarbeid med de andre aktørene innen naturoppsyn. Dette gjelder både fjelloppsynet i regi av fjellstyrene, Statskog Fjelltjenesten i Nordland og Troms, og politiet. Særlig er samordning med politiet viktig når det gjelder kontrolloppgavene. Samarbeidet er formalisert gjennom avtaler, rolleavklaringer og tjenestekjøpsavtaler. På denne måten blir naturoppsynet mer effektivt og profesjonalisert. Virksomheten er