Snart er det jul. og i år får dei fleste av oss lang juleferie. Og endeleg kom kulden og litt strøsnø, etter at hausten har vore uvanleg våt og grå.



Like dokumenter
No sprett knuppane og sevja stig

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

Ein hendingsrik haust

Stort lagsengasjement

Påminning om årsmøtet og hugs medlemspengar 2015

Sein vår, men mykje skjer i år

Vårslepp i laget og ringen!

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

«Ny Giv» med gjetarhund

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Månadsbrev for Rosa september 2014

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Rekeselskap på Nordfjordhytta Laurdag 21. mai

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Finansiering av søknaden

MEDLEMSINFO. august 2009

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Månadsbrev for ROSA mars 2015

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

Jon Fosse. For seint. Libretto

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Kom skal vi klippe sauen



NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Brukarrettleiing E-post lesar

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Månadsplan for Hare November

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.


HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Stemnehandboka for NKSF

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

6. trinn. Veke 24 Navn:

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Teknikk og konsentrasjon viktigast

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Valdres vidaregåande skule

Møteprotokoll for møte i

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

Styret har vore samansett slik i 2012 :

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Egil Christophersen til minne.

Brukarrettleiing. epolitiker

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Plassebakken Barnehage

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Plassebakken Barnehage

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Bitraf Resultatregnskap0per

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Med god informasjon i bagasjen

Transkript:

Snart er det jul og i år får dei fleste av oss lang juleferie. Og endeleg kom kulden og litt strøsnø, etter at hausten har vore uvanleg våt og grå. Klubbefesten Grå var også klubben laurdag 3. november, men du verda kor god, the best ever! Attpå det kulinariske høgdepunktet klubben, kjøtet og kålrota var, serverte Jens Brekke eit framifrå, eige kulturprogram som hausta mange lovord, med Vossastubbar, Sande- og Aukrust-dikt, forteljingar og skrøner som berre han kan. Sjå reportasje. Noko færre folk enn siste åra, men eit festpublikum som også visste å setja pris på dansemusikken til Fanteladdane. Bygdelagshuset Dei som har vore i Nordahl Bruns gate i haust, vil ha sett at mykje har skjett; fasaden er flott oppussa og måla bonderaud, portrommet er pussa opp, nye oppslagstavler på plass, dører er skifta og andre brannsikringstiltak er gjennomførde, toaletta er renoverte og gjort trivelege. Det har i det heile vorte gjort mykje godt opprustingsarbeid for gåva frå Olav Thon på 4 mill. til istandsetjing av garden. Thon-gruppa skal no driva eigedommen i to til fem år. Leiar i BLS er vår eiga Anne-Lise Berggren, og Hilmar Nummedal er økonomi- og eigedomsansvarleg. Randi Solheim er leiar i folkedansnemnda, og laget vårt har eit par tillitsvalde til i BLS. Neste år På neste side kunngjer me årsmøtet i laget måndag 25. februar, ringen har sitt tysdag 22. januar. Men me har meir på gang til vinteren og våren; eit teaterbesøk eller to, i samband med at Det Norske Teatret fyller 100 år. Kanskje ein Ivar Aasen-kveld, sidan han vart fødd før 200 år sidan, og sluttføring av arbeidet med Sunnfjordhytta, gjenopning og jubileumsfeiring der til sommaren eller tidleg haust. Fylg med på nettsidene våre. Styret i Sogn og Fjordanelaget ynskjer alle medlemmer i laget og ringen ei lang og god julehelg og eit godt nytt år! Alv Reidar Dale, lagsleiar

Vel fortent takk Velfortent takk til alle som tok eit tak var med og gjorde årets klubbefest så triveleg og vellukka. Det er svært kjekt at festen har så god oppslutnad, og ikkje minst er det ei glede å få senda ei takk til alle dykk som på ulike måtar har vore involverte med ei hjelpande hand. Mykje må gjerast lang tid føreåt, informasjon skal ut og påmeldingar takast imot. Korn skal skaffast og steinmalast på vassdriven kvern på Ulvedal, fraktast til Stryn og vidare til by n. Fåre- og svinekjøt er det Nannestad v.g.s. som syter for og held tradisjonane ved like med klubbekjøt. Poteter, kålrot og mykje meir må bestillast og hentast føreåt, så alt er på plass. Sjølve dagen, frå tidleg morgon er fleire gode hjelparar i sving. Stor takk til Dagfinn som i år var tilbake på kjøkenet og tok ansvaret for klubben. Salen var fint pynta med trolla til Sigrund Nesdal, som nok eit år var på bytur. Det er svært kjekt på ein klubbefestdag når alle velvillig stiller opp og hjelper til, slik at klubbefesten nok eit år kom vellukka i mål. Utan dykk hadde ikkje tilskipinga kunna gjennomførast. Stor takk til kvar og ein av dykk! Anny og Alv Reidar VIKTIG MELDING: Frå årsskiftet vert lagsbladet Tre Fjordar sendt ut berre i digital form til alle laget har e-postadresser til, me bed folk senda inn e-postadressa si til hilmar@getmail.no, slik at de kan få kunngjeringar med e- post også mellom utgjevingane. Dei som ikkje har slik adresse, vil framleis få papiravisa tilsend. Årsmøte 2013 Årsmøtet i Sogn og Fjordanelaget vert måndag 25. februar kl. 19.00 i Nordahl Bruns g. 22. Faste saker til handsaming er årsmelding og rekneskap for 2012, fastsetjing av medlemspengar, å vedta planar og budsjett for 2013, val av tillitsfolk og utsendingar til årsmøte i BLS. Dessutan planane for 100- årsjubileet til laget/laga. Dersom nokon har andre saker som ein vil ha opp på årsmøtet, må desse meldast til styret i laget seinast fredag 25. januar 2013, anten ved å senda ein e-post til styreleiaren, i brev til Sogn og Fjordanelaget i Oslo Nordahl Bruns gate 22 0165 Oslo eller lagt i laget sin postkasse i Nordahl Bruns gate 22. Innkalling med sakspapir vert send ut fjorten dagar før årsmøtet. Styret i Sogn og Fjordanelaget i Oslo Alv Reidar Dale, leiar a.r.e.dale@admin.uio.no Lagsavisa - fristar mm. Frist for innsending av stoff til den neste er 29/1. Utsendinga vert om lag ei veke etterpå. Tidspunkta kan verte endra. Nemnda er takksam for stoff til bladet. Så langt råd er ønskjer vi det sendt som e-post til agnar.kvellestad@nvh.no. Alternativt i brev til Agnar Kvellestad, Olaf Bulls vei 14C, 0765 Oslo. Kontakt oss på tlf. for eventuelt å avtale andre leveringsmåtar. Vi ønskjer også bilete; helst digitale, men tek også imot farge- eller svart-kvitt-papirkopiar. Spørsmål kan rettast til Agnar Kvellestad (tlf.nr. på baksida), Ragnvald Halset eller Elin Lovise Folven Gjengedal. Følg med på det som skjer i laget på http://www.sognogfjordanelaget.no/ og ringen på http://sognogfjordaneringen.no

Klubbefesten ein fest for fjordingar, sogningar og anna godt folk For dei som ikkje veit det Første laurdag i november gjekk den årvisse klubbefesten av stabelen i Nordahl Brunsgate 22. Like fast som 17. mai og julafta er tid for klubbefesten; du kan berre merke av i kalenderen første laurdagen i november 2013. Det som er kjekt med tradisjonar er at alle veit kva dei har i vente. Festpynta langbord i Storsalen var som i fjor og åra før der. Sigrund Nesdal sine troll og kabbar tok oss vel i mot. Angen av klubb laga på steinmale byggmjøl frå Fjelli og grisen som enda sine dagar i grytene til kokelaget, lokka referenten ned kjellartroppa. Oppe i Storsalen var kefiren og sirup til klubben på plass på bordet. Det stod berre att å tenne lysa før festleiar Alv Reidar Dale kunne ønskje alle velkomne til bords. Klubben gjorde sitt inntog på stødige hender og slik det høver seg med musikk frå Fanteladdane. På kjøkenet måtte klubbekokarane stille på geledd og vise fram kvelden sitt absolutte høgdepunkt. Frå venstre Dagfinn Aa, Torkjell Sollid, Astrid Fridtun og Oddmund Solheim. og Agnar Kvellestad.. Klubben fekk det beste skussmål frå Elin og Steinar. Alv Reidar meinte måltidet nådde nye høgder i år, og det hadde han rett i. Bratte i ryggen og mette på klubb var det tid for song. Nordfjordsongen og Klubbevisa høyrer med. Velfylte, dampande fat med klubb, kålrot og kjøt gjekk runden langs langborda. Ingrid Trædal frå Sogn og Andor Gjelsvik frå Sunnfjord. Foto: Agnar Kvellestad Det var ikkje berre utflytta vestlendingar som fann vegen til Nordahl Brunsgate. Elin og Steinar Andreassen tok vegen frå Askim for å ta del i dette tradisjonsrike måltidet. Mor til Elin, Laura f. Folven, flytte frå Stryn til Oslo på 30-talet og saman med Lita Flo og Dagny Heggen deltok dei på mang ein klubbefest. Begeistring for bondekost går gjerne i arv.

Vi har to viktige diktarar på S i fylket vårt, Sande og Sivle, skal Jens Brekke ha sagt. Jens Brekke har vore leiar av Sivlelaget sidan starten i 2002. Her er Brekke som ekspert å rekne. Saftig humor og klar karakteristikk særpregar forteljingane til Per Sivle. Stubbane vart framført med stor innleving. Foto: Svein Aasen Kva høver seg betre som underhaldning i eit slikt etegilde enn Jens Brekke frå Vik, ein humorist av det sjeldne slaget, som også kan vere alvorsam om det trengst. Programmet kalla han «Laust og fast og løje og litevettao sant»; mest av det første. Med forteljingar om likt og ulikt frå heimfylket, var det lett både å sjå og høyre Brekke hadde funne sitt publikum. Jens Brekke skriv i «Illustrert tyleskap» 12. aorgaong: Det er lett å skjøne kva Jakob Sande meinte då han skreiv diktet «Eg vil heim». Jakob sat på eit lærarrom inni Oslo og lengta ut til det fargeriket folket han kom frå.. Eg er trøytt, eg er lei av landet, Eg er lei både folk og land. Eg vil bort frå det lærde standet, Heim til bønder av bondestand. Ja, det er nok av historier å ta av frå dei tre fjordar og Jens Brekke kunne kunsten å fortelje.

Foto: Svein Aasen Framføring av Legende av Jakob Sande kravde eit lite kostymeskifte. Moses opplyfte sin lange stav og skilde det Daude hav; her Moses utan stav. Oddmund Solheim, ein av dugnadsgjengen på kjøkenet, runda 60 år i desse dagar. Ei gåve i tillegg til blomster var på sin plass. Av dei mange som fekk ros og takk for innsatsen var også ein yngre generasjon Kvellestad; Dorthe Malene (Veiteberg Kvellestad). Tidleg krøkast om god krok skal bli Laget treng definitivt påfyll av yngre krefter! Ei kvit rose som takk for hjelp med å dekke bord. Men festen var ikkje slutt sjølv om alt som skulle seiast var sagt. No var det tid for å lea på dansefoten. Fanteladdane med innslag av folk frå fylket spelte opp til feiande sving om. Alv Reidar Dale og Anny Sollid retta stor takk til alle som gjorde klubbefesten til det den skal vere. Foto: Svein Aasen Referent: Elin Lovise Folven Gjengedal

Spontantur til Nordfjordhytta 28. oktober Eg jobbar i Sandvika, og hadde tenkt ei stund å ta turen til Rykkin - det er jo ikkje mange minuttane unna. Då Hilde ringte og spurte om eg var klar for ein tur på ein fin haustsøndag, kunne eg foreslå eit nytt turmål. Det var lett å finne fram til hytta, og stigninga oppover var omtrent som i fjella heime:-) Vi traff Dagfinn då vi kom opp - i fullt arbeid - og spurte om han var på dugnad. "Det e' eg som e' dugnaden", kom det:-) Vi fekk hjulpe til med å løfta stokken opp under uthuset, og så fekk vi omvisning i og rundt hytta. Til gjengjeld kunne vi stille med bollar og kaffi, for ein liten kaffipause. Det er ei flott hytte med fin utsikt, så det blir gjerne fleire turar! Ragnhild Gjelsvik