Opplærings- og helseutvalet 18.05.10 Eivind Nævdal-Bolstad sette fram fylgjande oversendingsforslag. Fylkestinget ber om at desse punkta vert teke med i det vidare arbeidet med klimaplanen. 1. Energibruken i Hordaland skal endrast slik at energibruken blir bærekraftig og klimavenleg. Energioverføring frå produsent til forbruk må gjerast på en måte som minimerer energitapet 2. Utsegna Areal er ein ikkje fornybar ressurs vert å ta ut. 3. Køprising: Avsnittet vert tillagt fylgjande tilleggsformulering: Køprising har relativt liten klimaeffekt, sidan totaltrafikken berre vert redusert med om lag 0,5%. Det totale reduserte klimagassutsleppet er rekna til ca. 1800 tonn ved ei innkreving på rundt 150 mill i året i avgifter. 4. Må rettast: 1.3 mill tonn er feil, det er bruttoeffekten. Nettoeffekten er i underkant av 1 mill tonn. Tillegg: Karbonfangst og lagring er eit komplisert spørsmål, og det krev ei sterk satsing på forsking kring tema. 8.4 Landbruket står for ein stor del av klimagassutsleppa. Vi ønskjer å få utgreidd fleire tiltak på landbruksområdet. Handlingsplan Tema 5 a. Retningslinje 3 vert teke ut b. Retningslinje 4 vert teke ut c. 5.3.5 vert teke ut (ny rullebane Flesland) d. 5.4.3 vert teke ut (køprising) e. Tilleggspunkt 5.4.3: Innføring av lågutsleppsoner i Bergen Tema 7 Forslag om å fjerna punktet om Regional planbestemmelse Rosalind Fosse sette fram følgjande oversendingsforslag: Pkt. 7.4. punkt 4. utgår (side 54) Pkt. 7.4.4.1 utgår Pkt. 7.4.4.4. utgår Pkt. 7.6: Delmål 3 og 4 og retningslinje 4 utgår. Nytt pkt. 4 Fylkestinget ber om at endeleg program blir lagt fram for fylkestinget i oktober. Aud Karin Oen sette fram følgjande oversendingsforslag: Kap. 4: Energi (s. 30) Strategi B: Hordaland sin energibruk skal i størst mogleg grad koma frå fornybare energikjelder. Nye punkt: 3. Det vert lagt til rette for at cruiseskip brukar fornybar energi/elektrisk kraft når dei ligg i hamn i fylket. 4. Det skal etablerast eit biogassanlegg i Rådalen. Matavfall, avfall frå næringsindustrien og avfall frå vass- og avløpsnettet i Hordaland skal leverast til biogassanlegget.
Strategi C. Hordaland skal vera ein føregangsregion i produksjon av fornybar energi. Effektivisering og modernisering av eksisterande vasskraftverk. Strategi D: Hordaland skal ha ei robust, stabil og fleksibel energiforsyning. Det skal stimulerast til forsøksprosjekt med bygging av lågenergihus og passivhus i område der dette er eigna. Kap. 5 Forbruk og avfall (s. 38) Strategi F: Auka grad av materialgjenvinning, inkl. kompostering. Nye punkt: 6. Alt avfall skal gjenvinnast eller forbrennast i nærleiken av der det vert produsert. Ein bør unngå at avfall vert sendt ut av regionen til t.d. Sverige. 7. Påverka styresmaktene til å redusera forbrenningsavgifta slik at det vil løna seg å levera avfallet der det vert produsert. Strategi G: Auka gjenvinning av restavfall som ikkje vert materialgjenvunne. Restavfall frå biogassanlegget vert brukt til gjødsel og skal i den grad det er mogleg erstatta kunstgjødsel. Ny strategi H: Oppfølging av eksisterande verkemidlar. Fleire verkemiddel er innførte i avfallsektoren dei siste åra for å redusera klimagassutsleppa. Dei viktigaste er innføring av forbod mot deponering av biologisk nedbrytbart avfall og krav om oppsamling av metangass frå avfallsdeponi. - Innarbeida rutinar for å følgja opp og kontrollera at retningslinene for å redusera klimautsleppa vert følgde Regionalt samarbeid om handsaming av avfall: Ei rekkje interkommunale og private renovasjonsanlegg har gått saman om å selja avfall til Sverige og det går daglege trailerlass over store strekningar. - Stimulera til betre regionalt samarbeid om levering og behandling av avfall i eigen region. Kap. 6: Bygningar (s. 48) Strategi A Energi effektivisering og energikonvertering Nytt punkt 8: Alle nye hus skal dokumentera framtidig energiforbruk og det skal vera krav til mest moglegmiljøvenleg oppvarming. Det skal stimulerast til installasjon av varmepunmpe i eldre hus, og oljefyring vert som hovudregel forbode. Nytt punkt 9: Stimulera til bygging av fleire passivhus og lågenergihus og at eigna bustadområde/tomter vert sett av til dette. Kap. 7: Arealbruk og transport (s. 50) Til innleiinga: Biogassanlegg. Det ligg føre planar om eit biogassanlegg i nærleiken av noverande forbrenningsanlegg i Rådalen. Det er viktig at biogassanlegget vert realisert så snart som råd slik at produksjon av biogass kan starta opp. Organisk materiale som fiskeavfall og anna matavfall vert i dag sendt til Danmark. I transportsektoren kan biogass erstatta bruk av fossilt brennstoff. Biogass kan brukast i transportsektoren som drivstoff til bussar, renovasjonsbilar, ferjer og hurtigbåtar, og som tilskot til forbrenningsovnane. Strategi A: Meir effektiv arealbruk (s. 61) Delmål miljøvenleg transportnett: - retningsline 6 endrast til: Ved nye vegutbyggingar skal det byggjast samanhengande sykkelvegar i ein avstand på minst 5 km ut frå lokalsenter/kommunesenter Strategi C: Meir offentleg transport og meir miljøvenleg transport Delmål sykkel:
- punkt 1 vert endra til: Utbygging av sykkelvegnettet i Hordaland skal prioriterast - punkt 1 kulepunkt 3 endrast til: Ved alle vegutbyggingar skal det også byggjast sykkeltrasear - punkt 1 kulepunkt 4 endrast til: Trygge gangvegar og sykkelstiar til alle skular slik at foreldre vel å la barna gå til skulen i staden for å bli køyrde med privatbil Strategi D: Avgrensa biltrafikken Trafikkregulering: - punkt 5 vert endra til: Det vert innført rushtidsavgift (vegprising) for personbilar i Bergensregionen Nytt punkt 6: Effektiv, billeg og rask kollektivtransport også utover i distrikta utanfor regionsentra Strategi E: Redusera utslepp frå kjøretøy og fartøy Delmål lette kjøretøy: Nytt punkt 2: - Alle fylkeskommunale kjøretøy skal gå på drivstoff som er mest optimalt i forhold til klima Delmål tunge kjøretøy: Nytt punkt 2: - Ved framtidige anbod på kollektivtrafikk i fylkeskommunen skal det stillast krav til bruk av biogass og elektrisitet som drivstoff. Nytt punkt 4: - Det skal innførast ei fylkeskommunal tiltakspakke med gode insentivordningar for å få fart på satsinga på klimanøytralt drivstoff som elektrisitet og biogass. Kap. 8: Næringsutvikling - Arbeidet med miljøsertifisering av næringslivet må intensiverast - Biorestar frå biogassanlegg kan erstatta kunstgjødsel i jordbrukssektoren. Nytt punkt under skogbruk: - Tiltak for ta vare på kulturlandskapet: Stimulera til rydding og utnytting av sitkagranskog og erstatta sitkagrana med norske treslag. Jan Johnson sette fram følgjande oversendingsforslag: 1. Biobrenselanlegget i Rådalen er viktig i arbeidet med å sanere oljefyringsanlegg i den tettest befolkede delen i Hordaland. Fylket vil derfor arbeide aktivt for at mer avfall tilføres BIR sitt anlegg. 2. Det offentlige bør bruke aktivt sin eiermakt i BKK, BOH, BIR og Statoil slik at bedriftene prioriterer tilak som vil bidra positivt til klimautfordringene. 3. For fullt ut å utnytte de fordeler i HFK samlet har, bør klimaplanen i langt større grad fokusere på jordvern, miljøriktig landbruk og bruk av skog i et klimaperspektiv. Disse feltene vil i fremtiden bli en enda viktigere del av den nasjonale strategien for å få ned de nasjonale klimautslippene. HFK kan bli en drivkraft på nasjonalt plan og et foregangsfylke. 4. HFK i samarbeid med kommunene bør sette seg mål om å bli den fremste regionen innen energi og miljøriktig boligbygging. Det bør utarbeides en strategi for utvikling av en slik fremtidsrettet kompetanse innen boligbygging som involverer bransjen, utdannings- og forskningsmiljøene og andre relevante aktører. Høgskolen i Bergen er sentral i dette arbeidet. Samtlige kommuner bør utfordres til å innarbeide dette i sine arealplaner. 5. HFK vil arbeide aktivt med å tilrettelegge for fagmesser og konferanser i henhold til forslag 4. 6. For å nå ambisiøse klimamål i de tettest befolkede områdene i fylket må feltene sykkel,
gangvei og kollektiv prioriteres på bekostning av tilrettelegging for privatbil. Det er behov for å styrke kollektivtrafikken i arbeidet med å begrense bilbruk og at andre tiltak som færre heldagsparkeringsplasser i sentrum, køprising, samt flere bilfrie gater og områder. Hans Otto Robberstad sette fram følgjande oversendingsforslag: Ein framtidsretta klimapolitikk. Klimaendringar er ein felles global utfordring der alle må vera med for å finna løysingar med tanke på å skapa gode levekår for komande generasjonar. Svært mykje av innsatsen må setjast inn på å redusera energiforbruket, anten det kjem frå fornybar energi eller det kjem frå fossile energikjelder. Grøn teknologi. Ny og betre teknologi er avgjerande for å skapa ei betre framtid, det er viktig både for klimatiltaka og for å skapa ny og bærekraftig næringsutvikling som me alle er avhengig av. Eksempel på utfordringar. Skipstrafikken på Bergen hamn er ei stor kjelde til forureining, med svært store utslepp av CO2, av Nox, av partiklar og av støy. Støy er ei forureining som plagar folk flest og som må takast meir på alvor. Særleg cruiseskipa fører med seg store klimaskadelege utslepp. Dette kan reduserast kraftig ved å ta i bruk elektrisk energi produsert av brenselceller. Det må leggjast til rette for at skip ved kai må kjøpa straum frå brenselceller som eit alternativ til drift av eigne dieselgeneratorar. Så lenge det er svært vanskeleg å få til eit overføringsnett med kapasitet på å levere vanleg landstraum så er dette eit viktig tiltak, både som næringsutvikling og som eit svært viktig lokalt klimatiltak. LED teknologi. Det må satsast på led teknologi, ein teknologi som saman med rørsledetektorar kan føra til svært store innsparingar både i energiforbruk og ikkje minst i vedlikehaldsutgifter. Framlegg til tiltak: - Det må startast eit prøveprosjekt med dei vidaregåande skulane der ein skule vert utstyrt med led tekonlogi. Energiforbruk og kostnader skal deretter samanliknast med ein liknande skule som brukar tradisjonell tekonologi. - Vegstrekningar må utstyrast med veglys basert på led teknologi for å samla erfaringar. - Det må arrangerast klimamesser ulike stader i fylket der leverandørar og produsentar av grøn teknologi får vist fram og seld sin produkt og idear. - På klimamessene må der også vera innleiingar, foredrag og debattar om klimaspørsmål og teknologi. - Det bør lagast til eit ambulerande team som kan reisa rundt på vidaregåande skular og undervisa i klimaspørsmål - Det bør vurderast om klima og klimateknkologi skal verta eit fag i den vidaregåande skulen. - Det må utarbeidast ein handlingsplan for utvikling og bruk av klimateknologi i Hordaland med tanke på næringsutvikling.
- Hordaland bør ha som målsetjing å verta best i Europa på bruk av brenselceller på ulike område. Klimavenleg samferdsel. Bruk av biogass er den mest miljøvenlege bruken av gass. Ikkje berre har gassen små utslepp i seg sjølv, metangass er ein gass som alternativt ville nå ut i atmosfæren og vera 21 gonger så klimafiendtleg som Co2. For å auka bruken av klimanøytral biogass som drivstoff på bussar og andre tunge køyretøy må det innførast statlege verkemidlar som tilskotsordningar for innkjøp av biogassbussar. Røysting Fylkesrådmannen sitt forslag til innstillling vart samrøystes vedteke. Oversendingsforslaga vart samrøystes vedteke oversend fylkesutvalet og fylkestinget. INNSTILLING 1. Fylkestinget vedtar Klimaplan for Hordaland 2010-2020 med følgjande mål: Klimagassutslepp: - Utslepp av klimagassar i Hordaland skal reduserast med 22 % innan 2020 i høve til 1991 (30 % i høve til 2007) og 30 % innan 2030 i høve til 1991. Energi: - Energibruk til stasjonære føremål og prosessføremål i Hordaland skal reduserast med 30 % innan 2020. Innan 2030 skal energibehovet til alle føremål i størst mogleg grad dekkjast av fornybare energikjelder utan tap av naturmangfald. Klimatilpassing: - Hordaland skal vere best mogleg budd på klimaendringane, og klimatilpassing skal baserast på føre-var-prinsippet, forsking og kunnskap om lokale tilhøve. 2. Fylkestinget vedtar strategiar, delmål og retningsliner slik det går fram av klimaplanen. 3. Fylkestinget ber fylkesrådmannen legge fram ei eiga utgreiing om mogleg regional planbestemming om byggeforbod lågare enn 2 meter over middelvasstand. 4. Fylkestinget sluttar seg i hovudsak til forslag til Handlingsprogram, men ber om at endeleg utforma program blir lagt fram for fylkestinget i oktober. 5. Fylkestinget vil kome attende til budsjettmessige behov til handlingsprogrammet i den årelege budsjetthandsaminga. 6. Fylkestinget oppmoder statlege styresmakter og etatar om å iverksette dei statlege oppgåvene som står i handlingsprogrammet. Fylkestinget føreset også at kommunane i Hordaland aktivt medverkar på sine område. 7. Fylkestinget meiner det er behov for ekstraordinær statleg finansiering for å kunne gjennomføre dei store klimatiltaka. Særleg på transportsektoren, med auka satsing på kollektivtransport og utviding av bybanen er det behov for ein eiga finansieringsordning frå staten. 8. Fylkestinget går inn for at det blir etablert ei ordning der staten kjøper klimakvoter frå kommunesektoren for å finansiere tiltak som gir effekt i form av utsleppsreduksjon av CO 2. Dette vil kunne bli eit viktig tiltak for å sikre store kollektivsatsingar og vidare utbygging av Bybanen i Bergensregionen. Ei slik ordning må etablerst snarast, og seinast innan utgangen av 2011. 9. Fylkestinget ber om at eventuell oppretting av eit fylkeskommunalt klimafond blir utgreidd.