Sensorrettleiing 13.11.2018 MAT1006 Matematikk 1T-Y
1. OM SENSORRETTLEIINGA Sensorrettleiinga er utarbeidd med bakgrunn i Utdanningsdirektoratet si sensorrettleiing for sentralt gitt eksamen i matematikk. Sensorrettleiinga inneheld kommentarar til enkeltoppgåver og blir publisert på eksamensdagen etter at eksamen er avvikla. Sensorane er forplikta til å følge anbefalingane i denne rettleiinga. Saman med sensorrettleiinga følger eit vurderingsskjema som sensorane kan bruke i vurderinga si. Sensorrettleiing MAT1006 1T-Y Hausten 2018 Side 2 av 6
2. GENERELT OM SENSUREN Sensorane skal sjå etter kva kandidatane har vist av kompetanse snarare enn å trekke for manglar. Ein vurderer kva kandidatane har fått til. Ved sensurering av oppgåvene skal det leggast vekt på kandidaten sitt kunnskapsgrunnlag og evna deira til å anvende matematikkunnskapane til å løyse eit problem, fastslå ein samanheng eller gjere ei vurdering, jf. Eksamensrettleiinga som gjeld frå våren 2018. Sensor bør starte med å grovplassere svaret etter grad av måloppnåing, i høve til karakterskalaen i karakterføresegna: Eleven har framifrå kompetanse i faget (karakteren 6) Eleven har mykje god kompetanse i faget (karakteren 5) Eleven har god kompetanse i faget (karakteren 4) Eleven har nokså god kompetanse i faget (karakteren 3) Eleven har låg kompetanse i faget (karakteren 2) Eleven har svært låg kompetanse i faget (karakteren 1) Etter grovplasseringa gjer ein ei heilskapsvurdering av svaret. Det må ikkje krevjast høgare grad av kompetanse enn det måla og hovudmomenta i læreplanen tilseier. Når kandidaten viser spesiell modenskap eller kunnskap i delar av svaret, skal dette kunne vege opp for mindre feil og manglar i andre delar, slik at resultatet likevel kan bli ein toppkarakter. Sensorrettleiing MAT1006 1T-Y Hausten 2018 Side 3 av 6
3. EKSAMEN HAUSTEN 2018 TIL SENSORANE Poengfordeling Alle sensorar skal følge denne poengfordelinga i sensuren sin: Del 1 1a 1b 1c 2a 2b 2c 3a 3b 3c 4a 4b 5 6 7a 7b 7c 7d 7e Del 1 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 36 Del 2 8a 8b 8c 8d 8e 9a 9b 9c 9d 10 11a 11b Del 2 Sum Del 1 og Del 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 24 60 4. KOMMENTARAR TIL OPPGÅVENE Mellomrekning og forklaring/resonnement er påkravd for å vise kva som er gjort, både i Del 1 og i Del 2 av eksamen. I utgangspunktet blir det gitt maksimalt 25 % utteljing dersom det kun er gitt eit svar utan forklaring eller utrekning. Unnatak er beskrivne nedanfor. Del 1 7c 7d Det blir gitt maksimalt 1 poeng ved bruk av ein annan metode. For full utteljing blir det kravd at grafen går gjennom nullpunkta, botnpunktet og skjeringspunktet med y-aksen. Det blir ikkje kravd at eleven reknar ut ytterlegare punkt. Del 2 8a Kandidaten kan anten bruke lineær regresjon eller vise at den lineære modellen passar med punkta. Begge metodane gir full utteljing. Sensorrettleiing MAT1006 1T-Y Hausten 2018 Side 4 av 6
5. KARAKTERSETTING Rettleiande karaktergrenser: Karakter 1 2 3 4 5 6 Poeng 13 24 35 45 55* Saman med poengsummen skal matematikkompetansen målast på tvers av kompetansemåla i læreplanen i matematikk. Sjå Eksamensrettleiinga (kap. 5.2) for ei beskriving av kompetansen i dei ulike kategoriane gitt i tabellen nedanfor. Omgrep, forståing og ferdigheiter Problemløysing Kommunikasjon Karakter 2 Karakter 3-4 Karakter 5-6 * Karakteren 6 viser at eleven har framifrå kompetanse i faget. Når elevar viser spesiell modenskap eller kunnskap i delar av svaret, skal dette kunne vege opp for mindre feil og manglar i andre delar, slik at resultatet likevel kan bli ein toppkarakter. Hugs: Bruk av poeng er berre rettleiande i vurderinga. Karakteren blir sett på bakgrunn av ei heilskapsvurdering av svaret, bruk av kjenneteikn på måloppnåing og det faglege skjønnet til sensor. Sensorrettleiing MAT1006 1T-Y Hausten 2018 Side 5 av 6
Vurderingsskjema MAT1006 1T-Y Oppgåve Poeng 1a 2 1b 2 1c 2 2a 2 2b 2 2c 2 3a 2 3b 2 3c 2 4a 2 4b 2 5 2 6 2 7a 2 7b 2 7c 2 7d 2 7e 2 Del 1 36 8a 2 8b 2 8c 2 8d 2 8e 2 9a 2 9b 2 9c 2 9d 2 10 2 11a 2 11b 2 Del 2 24 SUM 60 Omgrep, forståing og ferdigheiter Problemløysing Kommunikasjon KARAKTER Kandidat Sensorrettleiing MAT1006 1T-Y Hausten 2018 Side 6 av 6