FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak: Løpenummer: Utval: Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 03.06.2014 Tid: 17:00-19:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista og sakene vart gjort kjent for medlemene og varamedlemer via utlegging på heimesida og sendt ut i samsvar med rutine. Møtet vart kunngjort i ei avis og på heimesida. Desse medlemene møtte: Hanne Solvang Roald Samnøy Ingebjørg Naa Helle Turid Ekebeg Haldor Tuft, Sp Forfall og møtande varamedlemer: Steinar Berland, H, hadde forfall. For han møtte Anne Martinsen, Krf, som vararepresentant. Geir Inge Eide, hadde forfall. Vararepresentant var forsøkt innkalla, men ingen kunne møta. Andre som var tilstade på møtet: Ansvarleg sekretær Gunn Sissel Teigen Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Leiar Roald Samnøy leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 10.06.14 Roald Samnøy Leiar Gunn Sissel Teigen Ansvarleg sekretær
Saksliste Sak nr. Sakstittel 013/14 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 014/14 ÅRSMELDING OG REKNESKAP FOR 2013 - FUSA KOMMUNE 015/14 ORIENTERINGSSAK - PROSJEKTRAPPORTERING PR MAI 2014 016/14 ORIENTERINGSSAK - 1. TERTIALRAPPORT 2014 017/14 DAG- OG AKTIVITETSTILBOD FOR FUNKSJONSHEMMA I FUSA: VURDERING AV ULIKE LOKALITETAR 018/14 HØYRINGSUTTALE TIL SØKNAD OM KONSESJON FOR SMÅKRAFTVERK I KOLDALSFOSSEN 019/14 ORIENTERINGAR, SPØRSMÅL OG OPEN POST - 03.06.14 020/14 SKRIV OG MELDINGER 021/14 PLANLEGGING AV ELDREDAGEN 01.10.14 - HANDSAMING I MØTET 03.06.14
013/14: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Møteprotokollen frå møtet 08.04.14 vert godkjent. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. RAAD-013/14 VEDTAK: Møteprotokollen frå møtet 08.04.14 vert godkjent. 014/14: ÅRSMELDING OG REKNESKAP FOR 2013 - FUSA KOMMUNE Saka vert lagt fram for formannskapet for innstilling til kommunestyret Felles forslag til uttale vart samrøystes vedteke: Senior- og funksjonsådet tek saka til orientering. RAAD-014/14 VEDTAK: Uttale: Senior- og funksjonsådet tek saka til orientering.
015/14: ORIENTERINGSSAK - PROSJEKTRAPPORTERING PR MAI 2014 Saka vert lagt fram til orientering. Det vart gjort følgjande samrøystes vedtak: Saka vert teke til orientering. RAAD-015/14 VEDTAK: Saka vert teke til orientering. 016/14: ORIENTERINGSSAK - 1. TERTIALRAPPORT 2014 Saka vert lagt fram til orientering. Det vart gjort følgjande samrøystes vedtak: Saka vert teke til orientering. RAAD-016/14 VEDTAK: Saka vert teke til orientering. 017/14: DAG- OG AKTIVITETSTILBOD FOR FUNKSJONSHEMMA I FUSA: VURDERING AV ULIKE LOKALITETAR Alternativ 1: Kommunestyret går inn for alternativ B, lokale på Leiro, under føresetnad av at ein kjem fram til minnelege leigevilkår med huseigar. Ordføraren får fullmakt til å forhandla
og godkjenna leigekontrakt. Eventuell meirkostnad skal dekkjast inn under arbeidet med økonomiplanen for 2015-2018. Dersom ein ikkje kjem fram til minnelege leigevilkår for alternativ B, vert alternativ A, Kløvertun, valt som lokalitet for dag- og aktivitetstilbod for funksjonshemma. Alternativ 2: Kommunestyret går inn for alternativ B, lokale på Leiro, under føresetnad av at ein kjem fram til minnelege leigevilkår med huseigar. Ordføraren får fullmakt til å forhandla og godkjenna leigekontrakt. Leigetilhøvet, dersom ein kjem til semje, vert ikkje iverksett før ein har sikra dekning av eventuelle meirkostnader gjennom økonomiplanarbeidet for 2015-2018. Dersom ein ikkje kjem fram til minnelege leigevilkår for alternativ B, vert alternativ A, Kløvertun, valt som lokalitet for dag- og aktivitetstilbod for funksjonshemma. Roald Samnøy fremja følgjande forslag som til uttale som vart samrøystes vedteke: Senior- og funksjonsrådet støttar Alternativ 1 i rådmannen sitt framlegg til vedtak RAAD-017/14 VEDTAK: Uttale: Senior- og funksjonsrådet støttar Alternativ 1 i rådmannen sitt framlegg til vedtak 018/14: HØYRINGSUTTALE TIL SØKNAD OM KONSESJON FOR SMÅKRAFTVERK I KOLDALSFOSSEN Fusa kommune går imot at i denne omgang vert gjeve konsesjon for Koldalsfossen kraftverk. Den sentrale plasseringa i kommunesenteret, miljøverdiane og omsynet til dei ulike brukarinteressene i denne saka gjer at ein bør avventa kva status området får i ny arealdel til kommuneplanen som er under arbeid. Det må i denne saka også stillast krav om reguleringsplan eller områdeplan for å få ein heilskapleg forvalting og utvikling av dei ressursane området har for nærmiljøet, nærings- og samfunnsutvikling.
Samrøystes uttale: Senior og funksjonsrådet støttar rådmannen sitt framlegg til vedtak. RAAD-018/14 VEDTAK: Uttale: Senior og funksjonsrådet støttar rådmannen sitt framlegg til vedtak. 019/14: ORIENTERINGAR, SPØRSMÅL OG OPEN POST - 03.06.14 Saka vert lagt fram til handsaming. Følgjande felles framlegg vart samrøystes vedteke: Til Fusa kommune v/ordføraren. Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne - møtedato 03.06.14. Senior- og funksjonsrådet ber om at det vert gitt svar på fylgjande spørsmål, som tidlegare er stilt til Fusa kommune Spørsmål 1-5: 1. Ønskjer å få informasjon om status på tilbodet om Grøn Omsorg i Fusa komune, der det i planar er vedteke at dette tilbudet skal gjevast. 2. Ønskjer å få belyst kva konsekvensar det har hatt på kvaliteten på omsorga ved Fusa Bu og behandlingssenter, at ei nattevakstilling er dregen inn. 3 Ønskjer å få belyst kva konsekvensar reduserte rammer og omlegging av drif t har hatt på kvaliteten på omsorgen i heimetenesta,. 4. Ønskjer å få informasjon om status på tenestetilbudet til psykisk utviklingshemma:
Gjennomgang av tilbudet slik det er i dag, korleis kommunen gir heilskapelege tenester der folkehelseperspektivet vert ivareteke, Jfr budsjettvedtaket. Info om kva planar ein har for utvikling av tenestetilbodet og framdrift med tanke på nytt senter knytt til ASVO. Jfr. her ny informasjon som fremgår av skriv frå ASVO av 12.03.14 som også senior- og funksjonsrådet burde fått." 5 Ønskjer å få informasjon om korleis kommunen gir heilskapelege tenester der folkehelseperspektivet vert ivareteke til eldre. Senior og funksjonsrådet viser til budsjettvedtaket, svaret i kommunestyret 25.03.14 og ønskjer å få informasjon om oppfølginga i neste møte." Desse spørsmåla har vore stilt gjentekne gonger, utan at svar er førelagt oss frå Fusa kommune. Når Rådet kjem med spørsmål til Fusa kommune, forventar me å få skriftleg svar. Kommunen kan ikkje forventa at rådet sjølv skal finna svara i saksinformasjon gitt gjennom årsmelding f.eks. Informasjon gitt her er ikkje alltid utfyllande for dei aktuelle sakene. RAAD-019/14 VEDTAK: Til Fusa kommune v/ordføraren. Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne - møtedato 03.06.14. Senior- og funksjonsrådet ber om at det vert gitt svar på fylgjande spørsmål, som tidlegare er stilt til Fusa kommune Spørsmål 1-5: 1. Ønskjer å få informasjon om status på tilbodet om Grøn Omsorg i Fusa komune, der det i planar er vedteke at dette tilbudet skal gjevast. 2. Ønskjer å få belyst kva konsekvensar det har hatt på kvaliteten på omsorga ved Fusa Bu og behandlingssenter, at ei nattevakstilling er dregen inn. 3 Ønskjer å få belyst kva konsekvensar reduserte rammer og omlegging av drif t har hatt på kvaliteten på omsorgen i heimetenesta,. 4. Ønskjer å få informasjon om status på tenestetilbudet til psykisk utviklingshemma: Gjennomgang av tilbudet slik det er i dag, korleis kommunen gir heilskapelege tenester der folkehelseperspektivet vert ivareteke, Jfr budsjettvedtaket. Info om kva planar ein har for utvikling av tenestetilbodet og framdrift med tanke på nytt senter knytt til ASVO. Jfr. her ny informasjon som fremgår av skriv frå ASVO av 12.03.14 som også senior- og funksjonsrådet burde fått."
5 Ønskjer å få informasjon om korleis kommunen gir heilskapelege tenester der folkehelseperspektivet vert ivareteke til eldre. Senior og funksjonsrådet viser til budsjettvedtaket, svaret i kommunestyret 25.03.14 og ønskjer å få informasjon om oppfølginga i neste møte." Desse spørsmåla har vore stilt gjentekne gonger, utan at svar er førelagt oss frå Fusa kommune. Når Rådet kjem med spørsmål til Fusa kommune, forventar me å få skriftleg svar. Kommunen kan ikkje forventa at rådet sjølv skal finna svara i saksinformasjon gitt gjennom årsmelding f.eks. Informasjon gitt her er ikkje alltid utfyllande for dei aktuelle sakene. 020/14: SKRIV OG MELDINGER : Skriv og meldingar vert teke til orientering. Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. RAAD-020/14 VEDTAK: Skriv og meldingar vert teke til orientering. 021/14: PLANLEGGING AV ELDREDAGEN 01.10.14 - HANDSAMING I MØTET 03.06.14 Saka vert lagt fram til handsaming.
Tid, stad og servering Arrangementet vert 1.10.14 I møtet vart det gitt tilbakemeldingar og nye forslag vart fremja: Harald Hjartåker har undersøkt med rektor på Fusa vidaregåande skule og har gitt følgjande tilbakemelding: Fusa vidaregåande kan ta på seg å laga og servera fin middag. I kva grad dei kan bidra elles er vanskeleg å sei noko meir om før til hausten etter skulestart. Alternativt lokale jf. forrige møte: Geir Inge Eide reserverer uansett bedehuset i Eikelandsosen. Alternativt kan ein få mat frå Tønnegarden eller andre serveringsstader Mogelege foredragshaldarar: Turid Ekeberg har undersøkt og ga tilbakemelding : 1. Åshild Ulstrup - var ikkje ledig 2. Frank Aarebrot - hadde ikkje fått kontakt med han Mogeleg foredragshaldar Ella Marie B. Vangsnes - (Situasjonen for funksjonshemma og eldre i Fusa i 1814) Turid Ekeberg undersøkjer vilkår og om ho kan vera foredragshaldar før neste planleggingsmøte før ferien. Song og musikk Turid Ekeberg har tinga Strandvik blandakor som evt også kan bidra i allsongen Kulturinnslag frå kulturskulen? Turid Ekeberg undersøkjer med kulturskulerektor A. Fløisand: Turid Ekeberg undersøkjar med Edel G. Kaland om og korleis ein kan få støtte frå Folkeakademiet, jf. info i møtet frå Anne Martinsen om at dette kan vera ei mogeleg inntektskilde.. Andre innslag Fokus på fysisk aktivitet som i "gamle dagar" - Anne Martinsen gjev tilbakemelding om Eli Karin Nerhus kan bidra med linjegymnastikk 1.10.14.
Informasjon om rekneskap for eldredagen 2013: Eit overskot på ca 11.000. Informasjon som eldrerådet fekk frå økonomisjefen i 2011/2011 vert sendt ut til orientering. Andre innspel: Ha loddsal som tidlegare. Kulturinnslag evt. frå kulturskulen. Evt. ha sponsorar også i år, jf. positive tilbakemeldingar frå bidragsytarar. Evt. kan arrangementet vera på leirskulen til neste år? Dette må avtalast nærare med rektor Anne Martinsen. Følgjande vart samrøystes vedteke: Saka vert sett på sakslista til neste møte som vert eit planleggingsmøte før ferien. Roald Samnøy tek kontakt med ansvarleg sekretær som kallar inn til planleggingsmøtet. Alle medlemene førebur seg til neste møte: Tilbakemeldingar på det som skal avklarast; jf. moment under handsaming. Andre idear og forslag til kva opplegg det skal vera på eldredagen i 2014. RAAD-021/14 VEDTAK: Saka vert sett på sakslista til neste møte som vert eit planleggingsmøte før ferien. Roald Samnøy tek kontakt med ansvarleg sekretær som kallar inn til planleggingsmøtet. Alle medlemene førebur seg til neste møte: Tilbakemeldingar på det som skal avklarast; jf. moment under handsaming. Andre idear og forslag til kva opplegg det skal vera på eldredagen i 2014. Tid, stad og servering Arrangementet vert 1.10.14 I møtet 03.06.14 vart det gitt tilbakemeldingar og nye forslag vart fremja: Harald Hjartåker har undersøkt med rektor på Fusa vidaregåande skule og har gitt følgjande tilbakemelding: Fusa vidaregåande kan ta på seg å laga og servera fin middag. I kva grad dei kan bidra elles er vanskeleg å sei noko meir om før til hausten etter skulestart.
Alternativt lokale jf. forrige møte: Geir Inge Eide reserverer uansett bedehuset i Eikelandsosen. Alternativt kan ein få mat frå Tønnegarden eller andre serveringsstader Mogeleg foredragshaldar Ella Marie B. Vangsnes - (Situasjonen for funksjonshemma og eldre i Fusa i 1814) Turid Ekeberg undersøkjer vilkår og om ho kan vera foredragshaldar før neste planleggingsmøte før ferien. Song og musikk Turid Ekeberg har tinga Strandvik blandakor som evt også kan bidra i allsongen Kulturinnslag frå kulturskulen? Turid Ekeberg undersøkjer med kulturskulerektor A. Fløisand: Turid Ekeberg undersøkjar med Edel G. Kaland om og korleis ein kan få støtte frå Folkeakademiet, jf. info i møtet frå Anne Martinsen om at dette kan vera ei mogeleg inntektskilde.. Andre innslag Fokus på fysisk aktivitet som i "gamle dagar" - Anne Martinsen gjev tilbakemelding om Eli Karin Nerhus kan bidra med linjegymnastikk 1.10.14. Informasjon om rekneskap for eldredagen 2013: Eit overskot på ca 11.000. Informasjon som eldrerådet fekk frå økonomisjefen i 2011/2011 vert sendt ut til orientering. Andre innspel: Ha loddsal som tidlegare. Evt. ha sponsorar også i år, jf. positive tilbakemeldingar frå bidragsytarar.