Side 1 av 5 Plan- og samfunnsavdelinga Etter adresseliste Sakshandsamar: Merete Farstad E-post: Merete.Farstad@sfj.no Tlf: 57 65 62 67 Vår ref. Sak nr.: 10/5069-51 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 8068/11 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 14.03.2011 Innkalling til møte i arbeidsutvalet for vassregion Sogn og Fjordane Med dette vert det kalla inn til møte i arbeidsutvalet (AU) for Vassregion Sogn og Fjordane 29. mars 2011 kl 10.00 i Fylkeshuset på Hermansverk, møterom Sygna. AU er samansett av ein representant frå alle sektorstyresmaktar representert i vassregionutvalet (VRU) og ein kommune frå kvart vassområde jf referatet frå møtet i vassregionutvalet 18.01.11 http://www.vannportalen.no/hoved.aspx?m=60403&amid=3483253. Vi ber om tilbakemelding frå alle sektorstyresmaktar og vertskommunar for vassområdeutvala om kven som skal representere dei i AU. Vi ber og om at det vert valt vararepresentantar til AU. Vi ønskjer tilbakemelding på kven som deltek på møtet i AU 29. mars innan 25. mars. Kjartan Longva er leiar av VRU og AU. Vedlagt ligg saksliste til møte i AU. I sakslista går det fram på kva for område sektorstyresmakatar må bidra med informasjon. Med helsing Svein Arne Skuggen Hoff Merete Farstad seniorrådgjevar Vedlegg: Saksliste Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57 65 61 00 Faks: 57 65 61 01 Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA
Side 2 av 5 Mottakar (ar) Fiskeridirektoratet Region vest Gate 1 nr. 60 6700 MÅLØY Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Njøsavegen 2 6863 LEIKANGER Jernbaneverket Postboks 4350 Bedriftssenteret 2308 HAMAR Kystverket Vest Flathauggata 12 5523 HAUGESUND Mattilsynet Regionkontor for Hordaland og Sogn og Fjordane Rosenkrantzgaten 3 5003 BERGEN Norges Vassdrags- og energidirektorat Region Vest Postboks 53 6801 FØRDE Statens vegvesen Region Vest Askedalen 4 6863 LEIKANGER Aurland kommune Vangen 1 5745 AURLAND Førde kommune Postboks 338 6802 FØRDE Gloppen kommune 6823 SANDANE Høyanger kommune Postboks 159 6991 HØYANGER
Side 3 av 5 Saksliste Møte i AU 29. mars 2011 kl 10. Sak 1. Organisering av vassområdeutval Det er halde oppstartsmøte i alle vassområda og ein vertskommune er valt for kvart vassområde. Sjå http://www.vannportalen.no/sognogfjordane under vassområde for meir informasjon. Vassområde Stryn frå første planfase inngår no i Vassområde Nordfjord. a. Orientering om status av FK b. Orientering/ drøfting av arbeidsoppgåver for vassområdeutvala i 2011 i. Prosjektplan for vassområde ii. Innspel til trend/økonomianalyse- grunnlag for å vurdere risiko for ikkje å nå miljømåla 2021 iii. Innspel til rapport om vesentlege utfordringar iv. Tilrettelegging for lokal medverknad gjennom etablering av lokale referansegrupper og ev. faggrupper (tema sjø/regulerte vassdrag/avløp /landbruk og liknande...) Sak 2. Finansiering av prosjektleiarar til vassområdeutvala drøfting AU fekk i samarbeid med vassregionmyndigheita (VRM) oppdrag av VRU om å jobbe for å få finansiert prosjektleiarar til vassområdeutvala jf. sak 4 i VRU møtet 18.01.11. Vi oppmodar statlege sektorstyresmaktar til å gjere reie for om dei kan bidra i spleiselaget for å finansiere prosjektleiarstillingar under møtet i AU. Fylkesmannen bes særskilt om å orientere om skjønsmidlar, krav til søknad, søknadsfrist etc. Vi ber om at vertskommunane kjem med eit framlegg til ein fordelingsnøkkel for kommunane for korleis kommunane kan bidra i spleiselaget til prosjektleiarane. Stryn kommune orienterer om si erfaring som sekretær for vassområde Stryn. Til drøfting; a. Kor stor stillingsstorleik er det behov for i dei ulike vassområda (50-100 % stilling)? o 2x 100 % o 4x 50% b. Korleis finansiere prosjektleiarstillingane?
Side 4 av 5 Sak 3. Oppfølging av forvaltningsplanen for vassområde Stryn status og framdrift drøfting AU fekk ansvar for å følgje opp om kommunale, fylkeskommunale og statlege styresmaktar gjennomfører tiltaka i tiltaksprogrammet for Stryn vassområde jf. referat frå møte i VRU 18.01.11. Vedtak om gjennomføring av dei tiltaka som inngår i tiltaksprogrammet skal treffast av ansvarleg styresmakt etter relevant lovgjeving. I sektorstyresmaktane si handsaming vil det bli føreteke ytterlegare avklaringar og ei konkret vurdering av fordeler og ulemper ved dei einskilde tiltaka før endeleg avgjerd vert teke. Sektorstyresmaktar har difor høve til å fatte vedtak som ikkje er i samsvar med planen. Årsaka til ev. fråvik må i tilfelle omtalast ved rapportering av tiltaksgjennomføring innan utgongen av 2012 og ved neste rullering av planen. Regjeringa forventar at det blir gjort ei ny vurdering av om dei planlagde (og gjennomførte) tiltaka vil vere tilstrekkelege for å nå miljømåla eller om det òg bør vurderast å bruka unntaksreglar i fleire tilfelle seinast innan statusrapportering til det europeiske overvakingsorganet i 2012. Det vil vere viktig å innarbeide erfaring og kunnskap i arbeidet gjennom justerte mål og tiltak ved framtidige rulleringar av forvaltningsplanane. Tiltaka skal være operative, og framdrift skal rapporterast til EU, innan utgangen av 2012. Det vert føresett av regjeringa sine merknader vert fylgt opp i forhold til enkeltsaker og ved revisjon av planen. Det er behov for vidare oppfølging av forvaltningsplanen og tiltaksprogrammet for vassområde Stryn. Følgjande punkt vert drøfta/orientert om på møtet, Sektorstyresmaktar og Stryn kommune orienterer kort om status for dei ulike tiltaka dei er ansvarleg for skissert i tiltaksprogrammet/forvaltningsplanen; t.d. er tiltaka utgreia, kostnadsberekna, igangsett etc. I forvaltningsplanen er det ikkje skilt mellom ansvarleg styresmakt og tiltakshavar. Dersom andre er tiltakshavar enn dei som er lista opp som ansvarleg styresmakt, må det gjevast melding om dette. For kvart tiltak må det lagast ein framdriftsplan for gjennomføring av tiltaket. Kvar ansvarleg sektorstyresmakt lagar ein plan for dette og sender dette inn til VRM som sett det saman til eit dokument. Regjeringa tilrår ein oversikt over totalkostnadene for alle tiltak som er naudsynte for å nå miljømåla i vassområda. Regjeringa legg opp til at berre tiltak som er samfunnsøkonomiske vert gjennomført. Det må lagast ein finansieringsplan for gjennomføring av tiltaka. Sektorstyresmaktar vert utfordra til å lage ein kostnad- og finansieringsplan for tiltaka dei er ansvarleg for innan. Sak 4. Framdriftsplan for 2011 Det er krav om utarbeiding av ein økonomisk analyse jf. 15 og vedlegg III i vassforskrifta. Ein slik analyse vil hovudsakleg vere ein vurdering av samfunnsutviklinga og påverknadstrendar i åra fram mot måloppnåing, meir enn ein rein økonomisk analyse. Kva for trendar som truleg vil ha
Side 5 av 5 tydnad for vassbruk, vasstilgang og investeringar som kan påverke vassmiljøet, skal her fangast opp. Analysen skal vere eit grunnlag for å vurdere risiko for ikkje å nå miljømåla innan 2021. Denne analysen vil saman med resultata frå karakterisering/ klassifisering av vassførekomstane danne grunnlaget for å peike ut dei vesentlege utfordringane for vassregionen. Ein rapport om dei viktigaste utfordringane i Vassregion Sogn og Fjordane skal sendast på høyring innan årsskiftet. Det er behov for å bli einige om ein framdriftsplan for dette arbeidet. FK legg fram forslag til ein framdriftsplan for 2011. a. Økonomisk analyse av vassbruk innan utgongen av 2011 orientering om innhald og framdrift av FK b. Rapport om vesentlege utfordringar i vassregionen skal liggje føre innan utgangen av 2011- orientering om innhald og framdrift av FK c. Orientering av FM om status og framdrift for karakterisering/vurdering av alle vassførekomstar innan utgongen av 2011 i. Når og korleis kan/skal sektorstyresmaktar og kommunar bidra ii. Sektorstyresmaktar orienterer om kva dei vil bidra med i 2011 (5 min pr styresmakt) d. Møteagenda 2011 Sak 5. Orientering - Tilslutning uttale frå vassregion Glomma til MD