Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Like dokumenter
Vedtak i Eid kommunestyre KS-041/15. Retningslinjer for tilskot til frivillig kulturarbeid i Eid kommune

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

TILSKOTSORDNINGAR, PRISAR OG STIPEND

Kulturavdelinga RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KULTURMIDLAR I HERØY KOMMUNE. 1 Desse kan søkje om tilskot:

Radøy kommune Saksframlegg

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Tradisjonelt kulturarbeid Barne- og ungdomsarbeid Idrett og friluftsaktivitetar

Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL KULTURARBEID I GOL KOMMUNE.

Ål kommune Retningsliner for tilskot til kulturarbeid Vedteke i Formannskapet , sak 18/11 Administrativ revidering etter oppstart SUKO,

RETNINGSLINER FOR GÅVEUTDELINGAR FRÅ SPAREBANKSTIFTINGA HARDANGER. 4 Kva kan ein søkje om gåver til prioriteringar

Ove Fekene, Kristin S. Torson, Janne Brøndbo, frå Bygdearkivet: Syver Hjelmen, Berit Marie Sørhøy og Kristofer Eitrheim

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Møteinnkalling for Utval for kultur og oppvekst

RETNINGSLINER FOR GÅVEUTDELINGAR FRÅ SPAREBANKSTIFTINGA HARDANGER. 4 Kva kan ein søkje om gåver til prioriteringar

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

TILSKOTSORDNINGAR FRIVILLIG KULTURARBEID KVINNHERAD KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

2 av 7 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 007/13 13/273 Faste saker 008/13 13/103

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Reglement for godtgjersle til folkevalde. Vedteke i kommunestyre sak 21/16.

Retningslinjer for tilskot, prisar og stipend Revidert i utval DUK og OPUM sak 069/10 og 049/10

FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL) FOR

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

MØTEPROTOKOLL Arkivsak:14/126-2 Løpenummer: 14/1416 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 12:00 14.

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Reglar for. tilskotsordningar for frivillige lag i Os. Vedtekne i Os kommunestyre 22. februar 2011

REGLAR FOR KOMMUNALE TILSKOT TIL NÆRINGSLIVET I ÅSERAL.

LÆRDAL KOMMUNE. Retningslinjer for tildeling av kommunale bustadtomter i Lærdal kommune

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Årsrapport Føremål. Overordna mål. Nærmiljøsentralen Askvoll. Innhald

Vedtekter for Mardølafondet

Endringar i delegasjonsreglementet for Hordaland fylkeskommune

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

VEDTEKTER NÆRINGSFOND VÅGÅ KOMMUNE

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I FOLKEVALDE ORGAN

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL KOMMUNALE FOLKEVALDE I BØMLO

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre Sist ajourført

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

1.1.3 a) Leiarane i Planutvalet 4 % av ordførargodtgjersle ,-

VINJE KOMMUNE MØTEBOK UTVAL STAD DATO KL. Oppvekst- og velferdsutvalet Formannskapssalen :00

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL MEDLEMER AV KOMMUNALE NEMNDER, STYRE, RAÅ D OG UTVAL I SULA KOMMUNE

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Ann Elida Solheim Medlem FRP

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 12:00-14:10

Kvam herad. Arkiv: 123 Objekt:

Reglement for godtgjersle for kommunale ombod i Aukra kommune

Selskapsavtale for Sogn og Fjordane Revisjon IKS Gjeldande frå

REGLEMENT FOR HANDEL UTANOM FAST UTSALSSTAD FRÅ KOMMUNAL EIGEDOM I ULSTEINVIK

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

SAKLISTE MED SAKSDOKUMENT

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

2 Kommunale møte Reglementet gjeld møte i kommunestyre, formannskap, forvaltningsutval og administrasjonsutval, heretter kalla folkevalde organ.

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Foto: Naustvågen barnehage

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Nominasjonsreglement for xx lokallag

GODTGJERSLEREGLEMENT - FOLKEVALTE

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Reglement for Kvam kontrollutval

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

Retningsliner for tilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane. 1. Vilkår for tilskotsordninga fastsett av Kulturdepartementet:

FASTSETT AV KOMMUNESTYRET I SAK 87/15

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Næringsfondsstyret Møtestad: Kommunehuset Dato: Tid: Etter formannskapsmøtet

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre Sist ajourført

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

3 Økonomisk oppgjer mellom fylkeskommunen og øvrige deltakarkommunar

MØTEPROTOKOLL. Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE

SOGNDAL KOMMUNE REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET UTKAST

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

REGLEMENT FOR LEIGE AV KOMMUNAL EIGEDOM OG FOR HANDEL UTANOM FAST UTSTALSSTAD FRÅ KOMMUNAL EIGEDOM

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Transkript:

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune 1

Innhold 1.1 Generelt... 3 1.2 Ordinære kulturmidlar (driftstilskot):... 3 1.3 Selje kommune sin Kulturpris:... 4 1.4 Ungdommens kulturpris:... 5 1.5 Tilskot til idrettsorganisasjonar:... 6 1.6 Tilskot til aktivitetar til barn og unge (til disposisjon for Ungdomsrådet):... 6 1.7 Prosjekt- og arrangementstilskot:... 6 Prosjekttilskot:... 6 Arrangementstilskot:... 6 2

1.1 Generelt Kommuneplanen sin samfunnsdel: I Selje kommune sin kommuneplan, samfunnsdelen, er kultur og samhandling med frivillige lag og organisasjonar eitt av dei tverrfaglege tema som er integrert i alle område i samfunnsdelen. Selje kommune skal støtte opp under dugnadsbasert innsats, med følgjande mål under Leve og bu i Selje: Det skal vere attraktivt å busetje seg i Selje kommune! I Selje kommune skal vi ha levande bygder der folketalet veks gjennom målretta innsats for omdømebygging og god infrastruktur. Kommunale tilskot: Selje kommunestyre set årleg av midlar med det mål å bidra til å fremje eit aktivt og allsidig kulturliv i tråd med kommunen sine målsetjingar. Spesielt prioritert er aktivitetar for barn og unge, og aktivitet spesielt tilrettelagt for personar med spesielle behov. 1.2 Ordinære kulturmidlar (driftstilskot): Fastsetjing av kulturmidlar: Kommunestyret fastset ramma for dei årlege kulturmidlane (driftstilskot til lag og organisasjonar), som skal delast ut som tilskot til Idrettsorganisasjonar Song og musikkorganisasjonar Andre lag og organisasjonar. Kunngjering/søknad: Dei ordinære kulturmidlane (driftstilskot) blir tildelt 1 gong i året og fortrinnsvis på våren. Midlane med søknadsfrist blir lyst ut i lokalavisa og på kommunen si heimeside og Facebookside. Søknad skal leverast elektronisk innan den fastsette fristen. Det er krav om at all informasjon skal vere utfylt i skjema før søknaden vert godkjent. Fordeling/vilkår for tildeling av kulturmidlar (driftstilskot): Fordelinga av tilskotet til det enkelte lag og organisasjon, blir gjort administrativt etter følgjande reglar: 3

Laget må ha eit styre, betalande medlemer og føre eige rekneskap (rekneskap må kunne leggjast fram på førespurnad) Det er hovudlaget som søkjer og fordeler innan eigen organisasjon. Søknaden skal vere levert elektronisk innan fristen (som blir annonsert) Lag og organisasjonar som aktiviserer barn, unge og funksjonshemma, vert prioritert. Løyvinga blir relatert til tal aktive medlemer, og søkjarane må på oppmoding kunne leggje fram medlemsliste med registrerte medlemer der medlemskontingent er betalt. Minimumløyving er kr. 1 000,- til kvar søkjar (så lenge avsett ramme tillet det) Unnateke frå stønad: o Lag som primært tek vare på dei yrkesmessige og økonomiske interessene til medlemmene. o Politiske parti (inkludert ungdomsorganisasjonar) o Statlege, fylkeskommunale og kommunale institusjonar/anlegg o Organisasjonar og personar utan direkte forankring i Selje kommune o Organisasjonar der ein viktig del av verksemda er å samle inn til andre formål o Andre interesseorganisasjonar (td. organisasjonar som er skipa ut i frå ein sjukdom eller lyte) Der laget har eit overordna råd (td. Selje idrettsråd) skal desse ha saka til uttale før endeleg fordeling blir gjort. Tildeling/utbetaling: Vedtak om tildeling av kulturmidlar blir sendt den som står som søkjar av midlane. Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan klagast på etter reglane i forvaltningslova. Tildelte midlar blir innan 1 månad utbetalt til det kontonummer som står oppgjeve i søknaden. 1.3 Selje kommune sin Kulturpris: Fastsetjing/tildeling av kulturprisen: o Kommunestyret fastset den økonomiske ramma på kulturprisen i samband med årsbudsjettet. o Kulturprisen er sett saman av ein statue av Sunniva på ein slipa stein med skilt og ein diplom med grunngjeving, underteikna av ordførar. o Enkeltpersonar, grupper eller organisasjonar blir oppmoda gjennom lokalavisa og på Selje kommune si heimeside/facebookside å kome med godt grunngjevne forslag til kandidatar. o Formannskapet tildeler prisen etter tilråding frå ein jury beståande av leiar av formannskapet og to representantar frå formannskapet og ein frå administrasjonen. 4

Tilrådinga skal vere grunngjeven. Tildelinga av kulturprisen blir offentleg når formannskapet har treft vedtak i saka. o Kulturprisen blir utdelt i samband med det siste kommunestyremøtet før jul. Kriteria for tildeling av kulturprisen: o Kulturprisen skal vere ein heider til mottakar og ei støtte for arbeidet med kunstnarleg og kulturell verksemd i kommunen. o Kulturprisen skal gjevast til personar eller institusjonar heimehøyrande i Selje kommune. o Kulturprisen kan gjevast til ein person, eller i særlege høve delast mellom fleire personar eller institusjonar. o Dersom Kulturprisen ikkje blir delt ut eitt år, kan beløpet nyttast til andre kulturformål. 1.4 Ungdommens kulturpris: Fastsetjing/tildeling av kulturprisen: o Kommunestyret fastset storleiken på kulturprisen i samband med årsbudsjettet. o Ungdomens kulturpris er sett saman av ein pengesum, blomster og eit synleg symbol i form av ein diplom underteikna av ordførar og leiar for Ungdomsrådet. o Enkeltpersonar, grupper eller organisasjonar blir oppmoda gjennom lokalavisa og på Selje kommune si heimeside/facebookside å kome med godt grunngjevne forslag til kandidatar. Forslag kan sendast inn heile året, men seinast innan den fristen som kjem fram i utlysinga. o Formannskapet tildeler prisen etter tilråding frå ein jury sett saman av leiar av formannskapet, tre representantar frå ungdomsrådet og ein frå administrasjonen. Tilrådinga skal vere grunngjeven. Tildelinga av kulturprisen blir offentleg når formannskapet har treft vedtak i saka. o Ungdommens kulturpris blir utdelt i samband med det siste kommunestyremøtet før jul. Kriteria for tildeling av kulturprisen: o Ungdomens kulturpris skal stimulere til vidare satsing, og skal vere med å dekkje utgifter i samband med konkurransar, samlingar, utdanning eller andre oppgåver. o Mottakar av Ungdomens kulturpris må vere under 25 år. For grupper må gjennomsnittsalderen ikkje vere over 25 år. o Ungdomens kulturpris skal gjevast til personar eller institusjonar heimehøyrande i Selje kommune. o Ungdomens kulturpris kan tildelast ein utøvar, delast på fleire kandidatar, ei gruppe av utøvarar eller til ein ungdomsleiar som har oppnådd ein prestasjon, eit resultat eller eit nivå som er utanom det vanlege innan kulturlivet i kommunen. 5

o Dersom Ungdomens kulturpris ikkje blir delt ut eitt år, kan beløpet nyttast til andre kulturformål. 1.5 Tilskot til idrettsorganisasjonar: Faste årlege tilskot er eigne vedtak i Selje kommunestyre, og midlane er sett av i Selje kommune sitt årsbudsjett. Midlane blir utbetalt snarast etter årsbudsjettet er vedteke. 1.6 Tilskot til aktivitetar til barn og unge (til disposisjon for Ungdomsrådet): Ungdomsrådet har årleg ein sum av årets løyving til disposisjon til ulike tiltak knytt til barn og unge. Søknader blir handsama fortløpande. 1.7 Prosjekt- og arrangementstilskot: Prosjekttilskot: Dette kan vere festivalar, turneringar, utviklingsprosjekt, leiaropplæring, fleirkulturelt mangfald, medietiltak og kulturminnevern. Arrangementstilskot: Alle typar kulturarrangement som kunngjerast og er opne for alle. Eventuelt tilskot blir i slike saker gitt som underskotsgaranti. Felles: Det er ikkje sett av eigne midlar til slike tiltak i Selje kommune sitt budsjett utover det som er til disposisjon for Ungdomsrådet, og kvar søknad må vurderast i kvart enkelt tilfelle. Søknader som omhandlar barn og unge går til Ungdomsrådet som tilrår/behandlar søknadene etter sine eigne retningslinjer. Andre søknader blir handsama av kommunestyret sjølv. Selje kommune sin økonomiske situasjon vil vere avgjerande for om slike tilskot kan gjevast. Til arrangement skal støtte fortrinnsvis gjevast som underskotsgaranti. Tilskot/underskotsgaranti blir utbetalt/innfridd etter at tiltaket er gjennomført og rekneskap levert Selje kommune. Det skal søkjast før prosjektet skal gjennomførast/arrangementet blir halde. Slike søknader blir handsama gjennom heile året, men må gjelde tiltak som ein ikkje med rimelegheit kan vente er søkt om og handsama i samband med Selje kommune sitt årsbudsjett. Søknader blir utgreidd og lagt fram for politisk handsaming utan tilråding til formannskapet. Kommunestyret tek avgjerd i saker der det er positiv tilråding frå utvalet. Det er ikkje klageadgang i slike saker. I dei tilfelle det er sett av eigne budsjettmidlar til slike tiltak, kan ein administrativt tildele midlar inntil kr. 5.000,-. 6