Gjennomgang av videofilmar frå lokalitet Jelkrem med fokus på korallar. Oppdrag for Miljøavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal Runde februar 2011 Roger Kvalsund og AnneLise Chapman Konklusjon: Videofilmane 9 og 14 inneheld fleire sekvensar av koralldyr. Av disse er xx angitt som stillbilder med djupner og tidsangivelser på bildet. Alle bilda er innanfor eit avgrensa område som er angitt som raud trekant i figur 1. Djupne intervallet er innanfor 65 og 85 meter. Avstanden frå observasjonane til koordinaten for senter anleggsområde er ca 0,5 nautisk mil (< 1 km). Det er hovudsakleg korallen Sjøtre (Paragorgia arborea) både kvit og lyseraud variant. Nokre er vifteforma koloniar, andre berre små fragment. Kor vidt dette området let seg påverke av aktiviteten til eit framtidig anlegg må vurderast i forhold til risiko for mekanisk skade på korallane frå fortøyingar til det framtidige anlegget, og faren for nedslamming av området med organisk materiale frå anlegget. Dette er igjen avhengig av straumbildet i området, retning og straumfart som ilag med partikkel synkefart avgjer graden av sedimentering. Data om dette føreligg ikkje. Figur 1: Plassering og posisjon på anlegg, område 1 og 2 og korallområdet angitt som raud trekant.
Runde Miljøsenter AS (RMS) har motteke 5 CD-plater med videoklipp frå området ved Jelkrem, vest og sørvest av Bergsøya på Nordmøre. Platene vart tilsendt for identifikasjon av korallar, men utan å kvantifisere observasjonane. Generelt var det dårleg kvalitet på opptaka. Lav oppløysing og stor fart gjorde at detaljar var vanskeleg å oppdage. I tillegg var det eit lys på farkosten som forverra nærbilda ytterleg. Anleggsområde DVD-plate merka vedlegg II, område 1-4 inneheld 4 filmar frå området der anlegget skal plasserast. Stikkprøver frå video1. Start ved 25 meters djup, blanding av sand og mindre stein og berg som stakk ut av sandflatene. Lite observerbart dyreliv, fåtalege pigghuder på hardbotnpartia, bl.a solstjerne. Video 2 var frå eit djupare parti med start på 109 meter. Dette området var blautbotn med steinblokker, svamp, hovudsakleg Traktsvamp. Området like sør for det planlagde anlegget var på DVD-plate merka vedlegg II område 5-8 med filmane 5-8. Video nr 5 og 6 vart tilfeldig utvalt. Video 5 starta på 80 meters djup. Eit blautbotn område djupast nede i starten på filmen. Høgare oppe var det innslag av berg, og større stein med sandbøter innimellom. Innslag av brennmaneter, ribbemaneter og lange. Pigghuder, kråkebollar og sjøstjerner deriblant sjøkjeks på hardbotnen. Video 6 starta på 127 meter, her var det blautbotn dominert av sjøfjær og raudpølse, anemoner på fast substrat. Nærområde vest for anlegg Vest for planlagd anlegg er det filma i to områder, område 1 og område 2. Video 1 i område 1 starter på 142 meter djup. Sjøfjær og raudpølse dominerer makrofaunaen, andre observasjonar er sjøstjerner, påfuglmark, sjøkreps, traktsvamp. Pelagiske arter som brennmanet, ribbemaneter, kronemanet og lusuer. Fragment av sjøtre på berg (foto under) Side 2 av 11
Område1-1 Område 2 video 1 dekker djupneområdet 90 100 meter. Mudderbotn dominert av sjøfjær og raudpølse som dominerande arter. Traktsvamp, anemoner og sabellider blant fastsittande dyr. Observasjonar av fritt levande artar som slimål, hågjel, havmus og lange. Korallområdet Det vart registrert korallar i eit område sør for anleggsområdet. Arealet med registreringar er angitt som raud trekant i figur 1. Opptaka frå dette området ligg på DVD merka Jelkremneset 11.07.2010 video 9 og 14. Video 9 Tabell 1: Koralregistreringar på video 9. Bilde Djup Tid Art Latinsk namn Kommentar 9-1 81,4 15:06:00 Sjøtre Paragorgia arborea To fargevarianter 9-2 85,6 15:12:50 Sjøtre Paragorgia arborea 9-3 84,4 15:15:02 Sjøtre Paragorgia arborea 9-4 83,0 15:16:05 Sjøtre Paragorgia arborea 9-5 82,8 15:16:27 Sjøtre Paragorgia arborea 9-6 81,5 15:17:33 Sjøtre Paragorgia arborea 9-7 81,9 15:18:36 Side 3 av 11
9-1 9-2 9-3 Side 4 av 11
9-4 9-5 9-6 Side 5 av 11
9-7 Video 14 Video 14 er frå same området som video 9, med inngang frå ei anna retning. Tabell 2: Koralregistreringar på video 14. Bilde Djup Tid Art Latinsk namn Kommentar (m) 14-1 65,3 16:35:12 Sjøtre Paragorgia arborea Ulike storleik 14-2 66,2 16:36:12 Sjøtre Paragorgia arborea Små koloniar 14-3 66,9 16:36:55 Sjøtre Paragorgia arborea 14-4 65,3 16:37:21 Sjøtre Paragorgia arborea 14-5 68,2 16:38:34 Sjøtre Paragorgia arborea 14-6 68,1 16:39:24 Sjøtre Paragorgia arborea 14-7 73,3 16:40:35 Sjøtre Paragorgia arborea 14-8 71,4 16:41:23 Sjøtre Paragorgia arborea 14-9 74,8 16:42:00 Sjøtre Paragorgia arborea 14-10 74,6 16:42:94 Sjøtre Paragorgia arborea 14-11 68,3 16:43:06 Sjøtre Paragorgia arborea 14-12 64,9 16:43:50 Sjøtre Paragorgia arborea Sjøtre 14-13 69,6 16:45:58 Sjøtre Paragorgia arborea Side 6 av 11
14-1 14-2 14-3 Side 7 av 11
14-4 14-5 14-6 Side 8 av 11
14-7 14-8 Side 9 av 11
14-9 14-10 14-11 Side 10 av 11
14-12 14-13 Side 11 av 11