Skuleåret 2013/2014 INNHALD



Like dokumenter
INNHALD. Skuleåret 2014/2015

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld.

Vedteken av kommunestyret i Samnanger i sak 54/13 den Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Til deg som bur i fosterheim år

Kvalitetsplan for Gaupne skule

Sandeid skule SFO Årsplan

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar.

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Svein Ove Rørvik - rektor Inger-Helen Kallestad undervisningsinspektør Elisabeth Skjerdal SFO-leiar

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Informasjonshefte Tuv barnehage

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE I RADØY KOMMUNE

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

Skuleåret 2016/2017 INNHALD

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

Forskrift til ordensreglement for grunnskulane i Skodje kommune

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Informasjon til elevane

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

ORDENSREGLEMENT FOR KAUPANGER SKULE

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

LÆRING FOR LIVET Ordensreglane i Bergen kommune, Salhus skule:

Foreldremøte 19. september 2018

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR


Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

INDRE HAFSLO OPPVEKSTSENTER 2014/2015

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Ordensreglement for Høyland skule

Forskrift om felles ordensreglement for grunnskulane i Flora kommune

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

Respekt på Rommetveit skule

I NNKALLING MED SAKSUTGREIING

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Granvin herad Granvin barne- og ungdomsskule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Plan for Liabygda SFO

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Plan for overgangar. for barn og unge

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

PLAN FOR SAMARBEIDET MELLOM HEIMANE OG ÅMÅS FRISKULE

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Saksframlegg. FORSKRIFT - IKT REGLEMENT FOR GRUNNSKOLEN I TRONDHEIM Arkivsaksnr.: 10/20242

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Forskrift for ordens- og åtferdsreglement for grunnskulen i Etne kommune. Innhald

Kvalitetsplan mot mobbing

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Transkript:

INNHALD 1. Visjon, pedagogisk plattform og satsingsområde... 3 2. Organisering... 4 3. Samarbeid skule og heim... 6 4. Skuleruta og Gaupne skule sitt årshjul... 10 5. Elevane sitt skulemiljø... 12 6. Anna informasjon... 13 7. Ordens og åtferdsreglar for grunnskulen i Luster kommune.. 15 8. Ordensreglar for Gaupne skule... 16 9. IKT reglement for alle elevar i Luster kommune... 17 Versjon24.06.2013 Side 2

1. Visjon, pedagogisk plattform og satsingsområde Vår visjon er: Saman mot framtida og den pedagogiske plattforma har 8 punkt: Elevane våre skal bli sett og ynskt velkomen kvar dag. Elevane skal vere med minst ein vekevenn kvar dag. Elevane skal oppleve tydelege vaksne med klare grenser og forventningar. Elevane skal få oppgåver som gir dei meistring og utfordringar. Elevane skal vere fysisk aktive kvar dag Læraren skal i samarbeid med eleven setje faglege mål og stille krav til eleven sin eigeninnsats for å nå målet Alle på skulen skal syne respekt og omtanke for kvarandre. Gaupne skule er ein Olweus-skule med nulltoleranse mot mobbing. Skulen sine satsingsområde dette skuleåret er: Vurdering for læring (VFL): Skulen har, saman med tre andre skular i Luster kommune, delteke i Utdanningsdirektoratet si satsing på vurdering for læring. Gjennom dette prosjektet har lærarane fått auka både kompetansen og forståing for vurdering som reiskap for læring. Målsetjinga er å bruke VFL aktivt i alle fag. Alle lærarane vil delta i kommunale fagnettverk i norsk, matematikk eller engelsk. Desse nettverka vil ha fokus på kunnskapsspreiing og erfaringsdeling. Me jobbar etter Udir sine fire prinsipp for god undervegsvurdering: 1. Elevane skal forstå kva dei skal lære og kva som vert forventa av dei 2. Elevane skal ha tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen 3. Elevane skal få råd om korleis dei kan forbetre seg 4. Elevane skal vere involvert i eige læringsarbeid ved mellom anna å vurdere eige arbeid og eiga fagleg utvikling Mappevurdering vert nytta i arbeidet med VFL. Dette er ein metode som er elev- og lærarstyrt. Metoden skal gje elev, føresette og lærar innsikt i eleven si utvikling og læring. Kvar elev skal ha ei presentasjonsmappe som skal innehalde eleven sine mål, elevarbeid med vurdering og kartleggingar. Denne vert gjennomgått på utviklingssamtalen. Leseopplæring: Førre skuleår reviderte me norskplanen vår. Dette var eit ledd i arbeidet med å utvikle ei heilskapleg og systematisk leseopplæring på alle trinn. Hovudfokuset vil vere på tidleg innsats og auka læringstrykk i småskulen. Alle elevar i 1.-4.kl. skal lese minst 15 minuttar på skulen kvar dag og 15 minuttar heime. Både skule og heim skal kvittere på eit lesekort. Auka lærartettleik i norskfaget og lesekurs skal vere med på å førebyggje lesevanskar. På mellomsteget har me fokus på «Den andre leseopplæringa». Alle klassar skal ha faste bibliotekbesøk minimum annankvar veke. Fysisk aktivitet: Me vil ha fysisk aktivitet inn i organiserte former på alle trinn. Versjon24.06.2013 Side 3

2. Organisering Administrasjon: Rektor - Linda Øvregard Røhme Inspektør Anne-Lise Bakken Kontorhjelp Lene Manum Kastet Teamleiar småteam Mai Ingvill Navarsete Teamleiar mellomteam Rune Eckhoff Vaktmeister Ole Magne Leirdal Reinhaldar Målfrid Olsen Dette skuleåret er det 122 elevar ved skulen og vi har følgjande klasse- og teaminndeling: Klasse Tal Klasseteam elevar 1. 24 Mai Ingvill Navarsete kontaktlærar, Arve Bjørn Røneid - kontaktlærar, Reidun Tandberg - assistent 2. 17 Eli Merete Moen kontaktlærar, Svein Arne Næss kontaktlærar, Arve Bjørn Røneid lærar i symjing, Mai Ingvill Navarsete spes. ped., Gunn Bente Fristad - assistent 3. 15 Sølvi Steig - kontaktlærar, Ingebjørg Sørensen - lærar, Anne-Lise Bakken - engelsk og spes.ped., Einvald S. Erichsen spes.ped. 4. 19 Einvald S. Erichsen - kontaktlærar, Bjørg Irene Svangstu kontaktlærar, Hege Jeanett Drevdal Tverberg lærling (t.o.m. jan.) 5. 17 Rune Eckhoff - kontaktlærar, Hilde Holte Selland - kontaktlærar, Gunn Jorun Sviggum - assistent 6. 16 Ragnhild Sviggum - kontaktlærar, Siv Anja Kvalsøren - kontaktlærar, Rune Eckhoff lærar i symjing 7. 14 Anne Perlaug Fossøy - kontaktlærar, Jan Bjørn Sørensen - lærar, Rune Eckhoff lærar i symjing, Arve Bjørn Røneid lærar i musikk, Bjørg Irene Svangstu lærar i engelsk Skuledagen er inndelt slik: 09.00-10.30: 1. økt 10.30-10.50: Friminutt m/frukt 10.40-11.35: 2. økt 11.35-12.20: Matfriminutt. Elevane kan gå ut etter kl. 11.50. 12.20-13.50: 3. økt. Skuleslutt for elevane i 1.-4. kl. (onsdagar er dei ferdige 13.35) 13.50-14.10: Friminutt for 5.-7.kl 14.10-14.55: 4. økt Skulefritidsordninga (SFO): Sfo flytta inn i nye lokale hausten 2010. Dei har eit stort rom og eige kjøken. Dette skuleåret vil det vere tilsett seks assistentar ved Sfo ved Gaupne skule. Rektor er overordna ansvarleg og Marie Stølen tek seg av dagleg drift og innkjøp. Alle spørsmål som gjeld oppseiing/endring av plass må difor rettast til rektor. Sfo har ope frå kl 07.15 09.00 om morgonen og frå kl 14.00 16.00 om ettermiddagen kvar dag. I tillegg er det ope i alle skuleferiar. I god tid før kvar ferie vert det sendt ut ein påmeldingslapp til alle som har Sfo-plass. Her kan de melde på barnet dykkar dersom de har behov for Sfo i ferien. Dersom barnet har heil plass i Sfo, kostar det ikkje noko ekstra. Dei som har halv plass til vanleg, har betalt for halv ferieplass. Dersom de har bruk for meir enn halv plass i ferien, betalar de ein fast pris pr. dag (sjå betalingsvedtektene på kommunen si Versjon24.06.2013 Side 4

heimeside for å finne eksakt pris). Sommarferien ligg ikkje inne i den faste prisen, så her gjeld dagsprisen alle dagar. Me sender ut sommarferielapp som må leverast inn innan 1. mai. Her skriv de opp kva dagar de ynskjer å nytte i ferien. Sfo har feriestengt i veke 28, 29 og 30. Sfo startar med uteaktivitet i 20 minuttar kvar ettermiddag. Når borna kjem inn, er det måltid. Det er frukt to dagar i veka, knekkebrød med pålegg to dagar og varmt måltid ein dag. Det vert sendt faktura for matpengar to gonger i året. Versjon24.06.2013 Side 5

3. Samarbeid skule og heim Skulen ynskjer eit tett samarbeid med føresette som er tufta på likeverd og respekt for kvarandre. Det er viktig at ein kommuniserer godt begge vegar. Dersom det skulle oppstå vanskar, vil tidleg og felles innsats som regel løyse problemet. Alle elevane får utdelt leksemappe i starten av skuleåret. Det er viktig at de som foreldre held dykk oppdaterte ved å sjå i den. Elevane får vekeplan kvar veke og bolkplan m/bolkinfo kvar sjette veke. På desse planane vil de i tillegg til timeplan, vekemål og lekser, også få informasjon om t.d. turar, konsertar og andre planlagde aktivitetar. Fellesskriv vil bli kopiert opp i eitt eksemplar til kvar heim, sjølv om ein har fleire born ved skulen. Skrivet vert då delt ut til det yngste barnet dykkar. Når foreldra til eleven ikkje bur saman, sender me heim informasjon til den av foreldra som har det daglege ansvaret. Dersom begge ynskjer informasjon, kan de gje melding til kontaktlærar om dette. Skulen brukar heimesida aktivt. Her ligg det mykje informasjon om skulen. Under overskrifta «Heim-skule» finn de referat frå FAU og SU/SMU som er skulen sine rådsorgan. I tillegg har alle klassar si eiga side der alle planar, ymse informasjon og bilete vil bli lagt ut. Adressa til heimesida er www.oppvekst.luster.no/gaupneskule Føresette skal i utgangspunktet nytte meldingsbok til meldingar, men det er og mogeleg å ringe forkontoret (57 68 57 40). Ein kan og sende SMS til barnet sin kontaktlærar, men det kan då ta litt tid før meldinga vert lese. Dersom eleven er sjuk er det ynskjeleg at de ringer/sender sms /gir beskjed om dette til skulen. Fråvær skal alltid skrivast i meldingsbok, rett etter at eleven er kommen på skulen att. Dette gjeld sjølv om de har ringt til skulen og sagt frå om at barnet vert heime. Foreldremøte Alle klassar har foreldremøte i byrjinga av skuleåret. Då går lærarane i klassen gjennom mellom anna felles reglar og ordensreglement, klassen sine reglar og rutinar, «Dette forventar skulen av deg», korleis ein arbeider med læringsmiljø i klassen, elevane sine rettar i høve til Opplæringslova 9a, skulen sine satsingsområde, Olweus årshjul og drøftar foreldresamarbeidet i klassen. 1., 2., 4. og 6.klasse har val av klassekontakt og vara for denne. Desse to er tillitsvalde i klassen og har som oppgåve å vera felles kontaktledd mellom foreldre og lærar/ skule. Klassekontaktane i 1. klasse er vald for eitt år, dei andre for to. I veke 7 er det alltid storforeldremøte på Gaupne skule. Alle heimane får skriftleg innkalling med svarslipp i god tid på førehand. Møtet vert starta med ein gjennomgang av resultatet på årets Olweus-trivselsundersøking, deretter vert det presentasjon av eit tema som vert utgangspunkt for eit gruppearbeid. Gruppene er inndelte på førehand, og ein tek omsyn til at alle klassar skal vere representerte på kvar gruppe. Erfaringa har vore at diskusjonane på gruppene har vore svært fruktbare, og skulen har fått mange gode innspel. 17.mai-komitè I Gaupne er det foreldra til 6.klasse som er heile bygda sin 17.maikomitè. Dei plar ha sitt fyrste møte i overgangen februar/mars, og ein frå førre års komitè plar vere til stades for å gi den informasjonen som trengs. Overskotet går til 6.klassen si reisekasse, turen til Bergen i 7.klasse. Versjon24.06.2013 Side 6

Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU): FAU ved Gaupne skule er sett saman av alle klassekontaktane frå 1. - 7. klasse. Dei har 4-6 møte kvart skuleår. FAU drøftar saker som vedkjem skulen. Arbeidsoppgåvene for medlemane i FAU er mellom anna å arrangere aktivitetar i klassane, samt den praktiske gjennomføringa av jule- og sommarfesten. FAU vel eit styre som består av leiar, nestleiar, skrivar og kasserar. Frå styret møter leiar og nestleiar i Samarbeidsutvalet for Gaupne skule. Samarbeidsutval (SU) /skulemiljøutval (SMU): Ved alle grunnskular skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisingspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skulen. Rektor har rett til å møte, tale og kome med framlegg. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover og forskrifter, vert handsama i samarbeidsutvalet. Ved Gaupne skule fungerer Samarbeidsutvalet og som Skulemiljøutval (SMU). På møta i SMU er det to ekstra representantar - ein frå FAU og ein frå elevrådet. Dette er for å sikre at foreldre og elevar har fleirtal i utvalet. SMU skal sjå til at elevane sine rettar i høve til 9a i Opplæringslova blir følgde. Denne paragrafen omhandlar elevane sin rett til å ha eit godt fysisk og psykososialt skulemiljø. Representantane i SMU har eit særskilt ansvar for å informere elevar og foreldre om kva rettar dei har, og rettleie dei i høve til korleis dei skal gå fram dersom dei meiner at desse rettane ikkje er oppfylte. SU/SMU pleier å ha fire møte kvart skuleår. Utviklingssamtalar To gonger i året vert føresette invitert til utviklingssamtale/foreldresamtale saman med kontaktlærar. Eleven kan vere med på heile eller deler av samtalen. Ein går gjennom eleven si mappe og eleven si faglege og sosiale utvikling. Ein set i fellesskap opp mål for vidare utvikling. Leksehjelp: Elevane i 1.- 4.kl har tilbod om leksehjelp to timar kvar veke. Det inneber at me tilbyr leksehjelp rett etter skuletid måndag og tysdag. Elevane vert delt inn i to grupper, 1. og 2. klassingane på ei gruppe og 3. og 4. klassingane på ei anna. Rektor og inspektør er pedagogisk ansvarlege for opplegget. Det er ein assistent som er leksehjelpar for kvar gruppe. Ordinær skuledag vert avslutta kl. 13.50. Elevar som skal delta på leksehjelp har friminutt ute i 20 minuttar. Når dei kjem inn, vert det delt ut gratis frukt. Elevane må sitje tida ut, dvs. til kl. 15. Dersom dei vert ferdige med dei ordinære leksene sine, vil dei få tilbod om andre læringsfremjande aktivitetar. Det er rektor og inspektør som er pedagogisk ansvarlege for desse aktivitetane. Tilbodet om leksehjelp er gratis for elevane, og det er frivillig for elevane å delta. Alle elevar som ynskjer det, skal ha høve til å delta. Elevar som har plass i SFO kan gå attende dit etter leksehjelpa. Leksehjelp skal være eit tilbod om hjelp til skulearbeid uavhengig av om elevane har lekser i tradisjonell forstand eller ikkje. Ordninga inneber inga endring i skulen sin fridom til å bestemme om og kor mykje lekser som skal gjevast. For å kunne organisere tilbodet, må me ta opp påmelding til ordninga. Påmeldingsskjema vert sendt ut ved skulestart. Ein kan melde seg på ein eller to dagar. Det vert føreteke opprop i byrjinga av kvar økt. Elevar som av ulike grunnar ikkje skal vere med ein dag, må ha med seg melding i meldingsboka. Dersom ein ikkje lengre ynskjer å nytte seg av tilbodet, kan ein melde seg av ved å gje beskjed til rektor som administrerer ordninga. Elevar som har SFO-plass desse dagane, vil få frådrag i foreldrebetalinga med 50 kroner pr. time. Versjon24.06.2013 Side 7

Søknad om skulefri Dersom barnet dykkar av ein eller annan grunn har behov for fri frå skulen, kan de søkje om dette. Ved behov for fri i inntil to dagar, kan de søkje ved å skrive i meldingsboka. Kontaktlærar kan gje permisjon. Dersom eleven skal søkjast fri i meir enn to dagar, må ein nytte eige søknadsskjema som ligg på skulen www.oppvekst.luster.no/gaupneskule og kommunen www.luster.kommune.no si heimeside. Rektor kan etter opplæringslova 2-11 gi fri i inntil 10 dagar. Her står det: Det er eit vilkår for retten at foreldra syter for naudsynt undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmente undervisninga etter at permisjonstida er ute. Kontaktlærar kan gje råd og rettleiing om kva for bøker og stoff ein bør arbeide med i fråværsperioden. Me ber dykk tenkje grundig over kva tidspunkt de ber barnet dykkar fri på. Våre erfaringar tilseier t.d. at det er uheldig å ta barnet ut av skulen i byrjinga av eit skuleår. Utekle og innesko Det er heimane sitt ansvar at eleven har med seg det utstyret som trengs til ei kvar tid. NB!! Merk klede og sko med namn. Dei yngste elevane skal alltid ha ein pose med byteklede hengande i garderoben. Alle elevane skal bruke innesko på skulen. I gymtimane skal elevane ha med gymklede, joggesko og handklede dersom ikkje noko anna er avtalt med kontaktlærar. FORVENTNINGAR HEIM SKULE Eleven Me forventar at du kjem tidsnok til timen og er klar med bøker og utstyr spør dersom det er noko du ikkje skjønar gjer leksene dine til avtalt tid lyttar til andre tåler å ikkje få viljen din føl skulereglane og tek imot beskjedar på ein positiv måte føl opp klassereglane tenkjer fellesskap og samarbeid med dei andre i klassen snakkar fint til dei andre har orden på bøker og utstyr tek ansvar for kva du meistrar/ikkje meistrar klarar å kle deg sjølv er delaktig i timane er positivt aktiv i friminuttane tek ansvar på skulevegen held avtalar gjev andre ros og oppmuntring Føresette Me forventar at de: motiverer eleven til skulearbeidet syter for at eleven kjem på skulen til rett tid føl opp lekser, sekken, klede, sunn nistepakke og anna utstyr er positiv til skulen ovanfor eleven og andre kontaktar skulen dersom det er noko ein lurer på er open for fagleg rettleiing frå skulen føl opp skulen sine mål, visjonar og andre aktuelle tema møter til fastsette samtalar, felles foreldremøte og elevarrangement gjev skulen den informasjonen me treng for å drive god undervisning syter for at eleven er opplagd til skuledagen nyttar meldingsboka eller sms for beskjedar er merksam på at heimen har hovudansvaret for oppsedinga av borna Versjon24.06.2013 Side 8

gjev positive tilbakemeldingar/ros til skulen der det er naturleg Læraren Me forventar at du stiller førebudd og presis til undervisningsøkta ser den einskilde elev gjev ros stiller krav er venleg og blid gjev elevane tryggleik føl skulen sine planar og reglement lærer elevane det dei treng i dei ulike faga har klare mål på fagplanane og på vekeplanane samarbeider med dei andre på teamet/skulen er høfleg og respektfull er ein tydeleg leiar i klasserommet driv tilpassa undervisning gjev elevane læringsfremjande rettleiing lærer elevane folkeskikk syner nulltoleranse mot mobbing legg opp til at elevane er i fysisk aktivitet er rettferdig held orden har evne til å vise omsorg for elevane Versjon24.06.2013 Side 9

4. Skuleruta og Gaupne skule sitt årshjul Skuleruta: Skuleruta gjev oversyn over når elevane har ferie og når skulen skal starte/slutte. Den er som regel klar tidleg om våren, og er å finne både på heimesida til skulen www.oppvekst.luster.no/gaupneskule og på heimesida til kommunen www.luster.kommune.no Årshjulet Årshjulet syner den samla aktiviteten ved skulen pr månad, og det ser slik ut: August - Varsla brannøving (innan 01.09) - Bestille skulemjølk - Fjelltur for heile skulen, Navarsete (v. 35-36-37) - 6. klasse til Fivla (v.36/37) September - Foreldremøte i alle klassar, val av repr. til FAU (innan 10.09) - Fyrste møte i FAU og SU/SMU, konstituering, setje opp møteplan - Klassemøte på mellomsteget med val av repr. til elevrådet (innan 10.09) - Aktivitetsdag for heile kommunen - IOP for elevar med sped.ped. vedtak klare (innan 15.09) - Nasjonale prøvar i lesing (v. 37 ), rekning (v. 42) og engelsk (v. 38) for 5. trinn - Livredningsprøve for alle lærarar som skal ha symjing - Trivselsundersøking - SFO i haustferien (frist 27.09) - Kartleggingsprøvar i norsk og matematikk for alle elevar Oktober - Leseveke småskulen, veke 42 - Leseveke mellomtrinnet, veke 43 - Oppmelding av nye elevar til PPT - Haustferie veke 41 - Elevsamtalar (v. 42-43) - Utviklingssamtalar (v. 44-46) - Evaluering av resultat på nasjonale prøvar, setje i verk tiltak November - Skulelunsj (08.11) - SFO i juleferien (frist 06.12) Desember - Juleverkstad (03.12) - Grautdag (17.12) - Julefest (11.12) - Møte mellom PPT og skule - Innlevering av halvårsrapportar (innan 10.12) - Julegudsteneste (20.12) Versjon24.06.2013 Side 10

Januar - Spes.ped søknader til rektor (08.01) - Spes.ped søknader til PPT (10.01) - SFO i vinterferien (svarfrist v.6) Februar - Uvarsla brannøving med evaluering og rapport - Vinterferien veke 8 - Mattedag småskulen (v.6) - Mattedag mellomtrinnet (v.6) - Tilrådingar frå PPT - orientering til føresette (10.02) - Skidag (v.9-12) - Storforeldremøte (veke 7) - Foreldremøte for neste års 1. klasse - Kartleggingsprøvar i norsk og matematikk for alle elevar (innan v.9) Mars - SFO i påskeferien (innan 04.03) - Elevsamtalar (v.9 og 10) - Utviklingssamtalar (v.11, 12 og 13) April - Påskeferie (veke 16: 14.04-21.04) - Førskuledag (24.04) - Lærarstemne (04.04) - Einskildvedtak til føresette - Boss-plukking i bygda (30.04) - 7.klasse på skuletur til Bergen (v.17/18/19) Mai - SFO i sommarferien (innan 15.05) - Førskuledagar (06.05, 22.05) - Tinestafett (veke 18/19 ) - Nasjonale kartleggingsprøvar for 2., 3. og 4. trinn, oppsummering og evaluering av resultat - Evaluering av skuleåret i elevråd, FAU, SU og kollegiet - Evalueringsmøte for elevar med IOP (skule, føresette, PPT) Juni - Padle- og orienteringsdag på Hafslo for mellomsteget - Førskuledag (04.06) - 5. klasse til Sørsida (v.21 eller 22) - Planleggingsdag for neste skuleår, 2 ettermiddagar - Halvårsrapportar til rektor (10.06) - Sommarfest for elevar og føresette (11.06) - Idrettsdag (12.06) - 7. klasse på besøk til LUS Versjon24.06.2013 Side 11

5. Elevane sitt skulemiljø Elevane sitt skulemiljø 9a i opplæringslova: Elevane har rett til eit godt fysisk og psykososialt arbeidsmiljø. Dersom foreldra meiner at dei ikkje har det, kan dei sende ein skriftleg klage til skulen. Skulen er pliktig til å gjere eit vedtak i saka. Dersom ein ikkje er nøgd med vedtaket, kan ein sende ein klage til fylkesmannen. Klagen skal sendast gjennom skulen. Døme på saker er mobbing, inneklima og reinhald. Dersom ein treng hjelp/rettleiing i høve til dette, kan ein vende seg til rektor eller leiar i SU/SMU. Ein kan og finne informasjon og praktiske døme på ein skriftleg klage under heim-skule, samarbeidsutvalet på www.oppvekst.luster.no/gaupneskule Olweus Gaupne skule er ein Olweusskule. Det inneber at me jobbar systematisk med å førebyggje mobbing. Alle klassar skal ha klassemøte kvar 14 dag og personalet har samtalegrupper ein gong kvar bolk. Me jobbar etter eit årshjul som er utarbeidd av alle Olweus-nøkkelpersonane i kommunen. På vår skule er det Siv Anja Nesheim Kvalsøren som er nøkkelperson. Ho har redusert leseplikt for å kunne bruke ekstra tid på Olweusarbeidet. Skulen har ein handlingsplan mot mobbing som skildrar kva tiltak som skal setjast i verk dersom det er mistanke om at mobbing skjer. Kvar haust gjennomfører me Olweus si trivselsundersøking på elevane i 5.-7.klasse. Resultatet frå undersøkinga vert presentert på storforeldremøtet i februar. Skulen vart sertifisert som Olweusskule i august 2012. Sertifiseringa varer til juli 2014. Då må me resertifiserast og dokumentere at me oppfyller alle kriteria i Olweus standarden. Det er Olweusgruppa i Bergen som godkjenner og sertifiserer skulane. Desse fire reglane mot mobbing skal henge godt synleg i alle klasseromma: Me skal ikkje mobbe andre Me skal hjelpe dei som vert mobba Me skal vere saman med dei som lett vert åleine Me skal melde frå dersom me veit at nokon vert mobba På www.oppvekst.luster.no/gaupneskule finn de både årshjulet og mykje anna informasjon om Olweusarbeidet under ei eiga overskrift. Versjon24.06.2013 Side 12

5. Anna informasjon Inspeksjon: I friminutta er det til ei kvar tid tre vakter ute. Dei er plassert i kvart sitt vaktområde. Vaktene skal ivareta elevane sin tryggleik og passe på at alle har det bra. For at ingen skal vere i tvil om kven som er vakt, har dei på seg gule refleksvestar. Kartlegging og testing: For å kunne tilpasse undervisninga, må vi kjenne elevane sine evner og føresetnader. Det vert difor gjennomført kartleggingsprøvar i matematikk og norsk for alle elevar to gonger kvart år. Med bakgrunn i resultat vert undervisninga tilpassa eleven, og ein kan ved behov setje inn tiltak tidleg. Testane gjer det i tillegg lettare for oss å måle elevane si faglege utvikling. 1., 2. og 3. klasse har nasjonale kartleggingsprøvar i norsk og matematikk. 3. klasse har også prøve i engelsk. Alle elevar i 5. klasse har i tillegg nasjonale prøvar i engelsk, norsk og matematikk. Desse vert gjennomført på same tidspunkt over heile landet, og resultata vert ført inn i PAS (Utdanningsdirektoratet sitt prøveadministrasjonssystem). Særskilte tiltak innan tilpassa opplæring: Nokre elevar treng ekstra tilpassa opplæring utan at vanskane deira er så store at dei treng spesialundervisning. Føresette kan då søkje om at barnet deira skal få denne hjelpa. Ein søkjer då om særskilte tiltak som skulen kan leggje til rette for innan eiga ramme. Tiltaka kan vere intern organisering, ekstra delingstimar, kurs eller anna. Spesialundervisning 5 i opplæringslova: Etter opplæringslova har barn rett til spesialundervisning dersom dei ikkje har utbyte av ordinær undervisning. Det er PPT som er sakkunnig instans. Dei testar barnet og avgjer om det treng spesialundervisning. Dersom føresette er uroa for barnet si faglege- og eller sosiale utvikling, kan dei ta opp dette med kontaktlærar. Elevar som får vedtak om spesialundervisning, skal ha IOP (individuell opplæringsplan) og det skal skrivast halvårsrapport to gonger i året. HSP-team: Alle skular og barnehagar i Luster kommune har eit helse- og sosialpedagogisk team. Dette er sett saman av helsesyster, PPT, barnevern og rektor. I tillegg vert lærarar kalla inn etter behov. Teamet har møte ein gong i månaden. Alle saker vert handsama anonymt. Dersom ein av særskilde grunnar ynskjer å drøfte namngitte elevar, må ein innhente skriftleg løyve frå føresette på førehand. Lesekurs: Elevar som strevar litt med lesedugleiken får tilbod om lesekurs. Det er lærarane i samarbeid med foreldra som avgjer om dei vil at barnet skal nytte tilbodet. Skulen har eit opplegg som vert kalla Ny start. Dette er eit utvida lese- og skriveopplegg som går over seks veker. Det er Anne-Lise Bakken som er ansvarleg for lesekurset. Morgonsamlingar: Kvar tysdag morgon etter at skuleåret har kome godt i gong, samlast alle elevane i aulaen. Dei sit klassevis i rekker på to og to. Klassane har etter tur ansvar for å presentere noko frå scena. Dette kan vere songar, dansar, diktopplesing, sketsjar mm. Foreldra er hjarteleg velkomne som tilskodarar. Ein vil finne informasjon om morgonsamlingane på vekeplanen til den klassen som skal opptre. Helsesyster: Skulen si helsesyster heiter Anne Helen Strandabø. Ho har eige kontor på grupperommet ved hovudinngongen. Kontortida hennar er tysdagar frå kl. 9.00 til 13.00. Helsesyster er tilgjengeleg for både elevar, føresette og lærarar. De kan kontakte ho på telefon 57 68 56 06 (helsesenteret), på mobil 480 77 248 eller sende e-post på Versjon24.06.2013 Side 13

anne.helen.strandabo@luster.kommune.no. Vaksinasjon vert gjort etter ein oppsett plan, og føresette vil få eigen informasjon om dette i god tid på førehand. Vaksinasjonen vert stort sett gjort på helsesenteret. Føresette har sjølvsagt høve til å vere med barnet sitt dersom dei ynskjer det. Symjeopplæring: 1.-4.kl har symjing annankvar veke, medan 5.-7.kl har kvar veke. All symjeundervisning går føre seg i Lustrabadet. Læreplanen seier at alle skal kunne symje etter 4.klasse. Dersom ikkje det er tilfelle, vil lærar i samarbeid med heimen sette fokus på det. Dei siste åra har skulen kjøpt inn symjemerke med ulike ferdigheitskrav. Felles skulemåltid: Som ein del av opplegget i faget mat og helse, arrangerer 6. klasse skulelunsj for alle elevar, tilsette og inviterte gjester om hausten. Førebuingane til dette tek til rett etter skulestart. Veggane vert opna opp, og ein dekkjer til alle i aulaen. 1. klassingane sit saman med fadrane sine, og fadrane er svært flinke til å gje dei yngste den hjelpa dei treng. Dette er ei flott tilstelling som har lange tradisjonar ved skulen. Ein annan tradisjon er grautdagen me har rett før juleferien. Då bestiller me graut frå Gaupne omsorgssenter, og 7. klassingane er flinke servitørar. Mjølk og frukt: Alle som ønskjer det, kan få bestille skulemjølk. Elevane kan velje mellom lett- og ekstralett mjølk. Kvar kartong inneheld ¼ l mjølk. Det vert sendt ut bestillingslapp i byrjinga av kvart skuleår. Denne må signerast av føresette. Ein kan betale i nettbanken. Ver merksam på at betalingsinformasjonen står på bestillingslappen. Luster kommune sponsar gratis frukt til alle elevar i grunnskulen. Frukta vår vert levert av ATS. Dei leverer frukt til oss kvar morgon, og elevane får utdelt frukt i det fyrste friminuttet kvar dag. Matteverkstad: Alle klassane i småskulen har matteverkstad kvar veke. Som oftast brukar ein ei økt på 90 minuttar til dette. Klassane vert delt opp i grupper, og ein jobbar på ulike stasjonar. Elevane avsluttar alltid økta med å skrive logg. Dette for at dei skal kunne reflektere over kva dei har lært. Skulen har eit eige matterom som er svært velutstyrt. IKT: Skulen har datalab med 30 elevmaskiner og projektor. I tillegg har alle klasserom, så nær som rom 6 og 7, fått installert digital tavle. I aulaen har me projektor og eit stort lerret. Skulen brukar fronter som verktøy. Alle elevar har eit personleg brukarnamn og passord som dei brukar når dei skal logge seg på skulen sine maskiner. Norskfaget: Skulen sin norskplan ligg på heimesida og skulen har leseopplæring som hovudsatsingsområde. Entreprenørskap: Me ynskjer at elevane våre skal bli kreative, initiativrike, merksame på mogelegheitene i nærmiljøet sitt og stolte over dei kvalitetane som finnest i kommunen vår. Me har difor laga ein entreprenørskapsplan med følgjande hovudmål: - Auke elevane si kunnskap om eiga bygd, eigen kommune og eigen region - Auke elevane si identitetskjensle, utvikle Lustraidentitet - Styrkje samarbeidet mellom skule og lokalsamfunn Planen ligg på www.oppvekst.luster.no/gaupneskule Versjon24.06.2013 Side 14

6. Ordens og åtferdsreglar for grunnskulen i Luster kommune Forskrift om felles basisreglar: 2-9, 2-10 og 8-1 i Opplæringslova. Basisreglar for grunnskulen i Luster er vedtekne av rådmannen iflg delegert mynde som ei forskrift med høve for samarbeidsutvalet ved den einskilde skulen til å legge til meir utførlege reglar: A: Kvifor har vi ordensreglar? Skulen er elevane og dei tilsette sin arbeidsplass, og her ønskjer vi alle å ha det triveleg og trygt. Derfor oppfører vi oss vennleg og høfleg overfor kvarandre. Særleg tek eldre elevar omsyn til dei som er yngre. B: Kor gjeld ordensreglane? Ordensreglane gjeld inne i skulebygningen, ute på skuleområdet, på vegen til/frå andre undervisningsstader og på vegen til/frå skulebussen. C: Når gjeld ordensreglane? Ordensreglane gjeld i skuletida, i ventetida før/etter skuletid og på skuletilstellingar utanom vanleg skuletid. D: Slik vil vi ha det på skule vår: Vi unngår å gjere skade på skulebygning, inventar og materiell og også på eigendelar som tilhøyrer medelevar. Sykling innan skuleområdet i skuletida er ikkje tillete utan at det er org. av skulen. Ingen må gå utanfor skulen sitt uteområde utan særskild løyve frå lærar. E: Miljømessige tilhøve: Vi tek omsyn til kvarandre slik at ingen vert plaga, erta, haldne utanfor eller utsette for annan sårande oppførsel (sjå 9a i Opplæringslova).Bruk av tobakk eller andre rusgifter er forbode.innandørs skal vi bruke innesko. I tida mellom arbeidsøktene hjelper vi til med å halde ro og god orden. Alle elevar er gjort kjende med IKT reglement for grunnskulen i Luster F: Brot på ordensreglane: Dersom du bryt ein av ordensreglane så vil skulen reagere på ein eller annan måte. Men før det vert teke avgjerd om refsing, så skal du få høve til å forklare deg. Refsing som kan kome på tale: Du vert tilsnakka av lærar eller ein anna vaksenperson. Åtvaring. Du vert snakka til rette og fortalt kva som kan skje neste gong. Foreldre /føresette vert varsla anten munnleg eller skriftleg. Alvorlege brot eller brot som gjentek seg kan føre til, jf. 2-10 i Opplæringslova: o bortvising einskilde timar eller resten av skuledagen. o Av alvorlege brot vert nemnde: Valdsbruk, hærverk, tjuveri, ulovleg fråvære og krenkjande/ trugande åtferd overfor medelevar og lærarar. o Rektor sjølv vedtek bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Føresette til elevar på barnesteget skal varslast før det vert sett i verk bortvising for resten av dagen. o Bortvisinga kan også gjelde deltaking på leirskule, ekskursjonar, teaterframsyning og liknande dersom åtferda til eleven tilseier det. Flytting til annan grunnskule i eller utanfor kommunen kan kome på tale når omsynet til dei andre elevane tilseier det, jf. 8-1 i Opplæringslova. G: Skadeerstatning: Elevar kan verte erstatningsansvarlege etter erstatningsrettslige reglar. Foreldre er erstatningsansvarlege etter 1-2 i skadeerstatningslova. Versjon24.06.2013 Side 15

7. Ordensreglar for Gaupne skule 1. Yttertøy og utesko skal plasserast på fast plass i garderoben. 2. Ball skal berre brukast ute. Ved bruk av ball inne, vert den beslaglagt neste friminutt. Ved gjentaking, resten av dagen. 3. Me tek vare på helsa vår og brukar snop berre ved spesielle høve. 4. Når me er på toalettet, er me flinke til å skylle ned doen og vaske hendene våre. 5. I alle friminutt er me ute. 6. Fotball, handball, volleyball og andre aktivitetar gjer me på tilvist område. Det er laga ein strek på skuleplassen som markerer området for ballspel. 7. Kvar klasse skal ha ordenspersonar, men alle er likevel ansvarlege for å få til eit godt innemiljø. 8. Du skal alltid nytte hjelm når du syklar, brukar sparkesykkel eller går på rulleskøyter. 9. Vis varsemd i trafikken på skulevegen. Det er ikkje lov til å nytte riksvegen som skuleveg! Du har lov til å sykla til og frå skulen etter gjennomførd sykkeldag om våren i 4. klasse. Føl trafikkreglane og bruk hjelm. Syklar parkerer me mot veggen til det gamle symjebassenget. 10. Det er lov til å bruka sparkesyklar i skuletida. Dersom du brukar sparkesykkel til eller frå skulen, skal denne parkerast saman med dei andre syklane. Rulleskøyter skal plasserast i garderoben. Rullebretta må plasserast på tilvist område utandørs. Dette skjer på eige ansvar. Bretta må setjast med hjula opp for å unngå skader. 11. Snøballkasting er på eige område bak skulen. 12. Mobiltelefon er ikkje tillete på vanlege skuledagar. Brot på dette punktet fører til at mobilen vert konfiskert og levert til rektor/ inspektør. Føresette må hente den på rektor sitt kontor. 13. Data er eit arbeidsverktøy som skal brukast berre etter avtale med lærar. Brot på dette punktet kan føre til at eleven ikkje får nytte data på ei veke. Dersom me bryt desse ordensreglane, er me med på å øydeleggja trivnaden på skulen vår. SU vedtok 13.10.08 følgjande konsekvensar ved brot på ordensreglementet: For brot på: Data er eit verktøy som skal brukast berre etter avtale med lærar, vert konsekvensen at eleven ikkje får nytte data på ei veke. For brot på: Mobiltelefon er ikkje tillate på vanlege skuledagar, vert konsekvensen at mobilen vert konfiskert og levert til rektor. Føresette må hente den på rektor sitt kontor. For brot på pkt. A og E i basisreglane (gjeld korleis me skal oppføre oss mot kvarandre), vert konsekvensen at eleven må gå med vakt i neste friminutt, ein heil dag eller fleire dagar, alt etter kor alvorleg hendinga er. Versjon24.06.2013 Side 16

8. IKT reglement for alle elevar i Luster kommune 1. Føremålet med reglementet Målgruppa for reglementet er elevar i skulen. Reglementet avklarar akseptabel bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi for målgruppa. Reglementet søkjer å hindra utilsikta og uønskte hendingar. Reglementet vil verne brukarar og tryggja den pedagogiske læringssituasjonen. Reglementet skal bidra til å avgrensa rollar, rettar og plikter for elevar og kommunen. 2. Omfanget til reglementet Bruk av kommunen sitt IKT-utstyr som vert disponert ved skulane. Bruk av privat IKT-utstyr i samband med skulen og/ eller via kommunen sitt nettverk. Bruk av programvare som kommunen har gjort tilgjengeleg. Publisering av innhald på nett og kommunikasjon ved bruk av privat eller kommunen sitt IKT-utstyr. Elevane sin IKT-bruk utanom skuletid er i utgangspunkt heimen sitt ansvarsområde. Åtferd som har tydeleg tilknyting til skulen kan likevel falla inn under skulen sitt ansvarsområde. 3. Elevane sine rettar Eleven har rett til opplæring i bruk av IKT for å kunne oppnå krava om IKTferdigheit i samsvar med Kunnskapsløftet. Eleven har rett på tilgang til velfungerande IKT-utstyr i undervisninga. Alle elevar har rett på lik tilgang til IKT-utstyr i samband med gjennomføring av digital eksamen og nasjonale prøvar. Eleven har rett til å bli informert om innhaldet i IKT-reglementet av skulen. Kommunen kan berre utlevera opplysningar om ein enkelt elev eller data som tilhøyrer ein elev der dette går fram av inngått samtykke, vedtekne reglement eller følgjer av lovgjeving elles. Eleven har rett til å få med seg private data som skulen ikkje lenger har høve til å ta vare på. Skulen vil sletta alle personopplysningar om elevane som han ikkje lenger har bruk for, men dette gjeld ikkje dersom skulen er lovpålagt å oppbevara opplysningane. 4. Pliktene til elevane Elevane pliktar å følgja skulen sitt pålegg og instruksar om bruk av IKT-utstyr. Elevar på ungdomstrinnet pliktar å setja seg inn i den informasjonen som skulen gir om reglar og vilkår for bruk av IKT-utstyr. IKT-utstyret som er plassert ved den enkelte skule skal behandlast pent. IKT-utstyr som blir brukt i skuletida skal berre brukast til skulerelaterte oppgåver. I skuletida skal privat IKT-utstyr, som mobiltelefonar, berbare datamaskiner og liknande, berre brukast etter avtale med skulen. Chat, spel, bruk av privat e-post eller generell surfing skal berre skje etter avtale med skulen. Publisering av innhald på nett og kommunikasjon gjennom kommunen sitt IKTutstyr skal på ingen måte innehalda tekst, bilete, lyd eller video som er av støytande art, eller som heng ut enkeltpersonar eller grupper. Digital mobbing skal ikkje skje, verken gjennom eige eller kommunen sitt IKTutstyr. Versjon24.06.2013 Side 17

Brukarnamn og passord skal haldast hemmeleg og skal berre brukast av den aktuelle eleven. Elevar kan ikkje installera eiga programvare på kommunen sitt IKT-utstyr. Installasjon av programvare på PC-ane som gjer at uvedkomande får tilgang til kommunen sitt nettverk skal ikkje skje. Eleven pliktar å gjera så godt han / ho kan for ikkje å bringa virus eller anna øydeleggjande programvare inn i kommunen sitt IKT-utstyr. Eleven pliktar å bruka godt nettvett når han / ho brukar kommunen sitt IKTutstyr. Eleven pliktar å undersøkja og respektera opphavsretten til materiale som tekst, bilete, musikk, film eller lyd som blir lagt ut på heimesider, fellesområde og bloggar. Eleven må få samtykke frå medelevar/føresette til å leggja ut bilete, lyd og video av dei. Eleven pliktar å varsla skulen ved mistanke om at andre bryt reglementet. 5. Inngrep og sanksjonar Brot på IKT-reglementet kan føra til sanksjoner frå skulen/kommunen. Skulen har eit ansvar for å gripa inn overfor elevar som mobbar eller trakasserer lærarar eller andre elevar. Bruk av skulen sitt IKT-utstyr som strir mot norsk lov, kan verta meldt. PC ar som vert nytta under eksamen kan verta kontrollert før og etter eksamen for å avdekka forsøk på juks. Elevar som mobbar, diskriminerer eller trakasserer andre ved bruk av kommunen sitt IKT-utstyr, kan verta utestengde frå all IKT-bruk i ein periode fastsett av skulen. Særskilt alvorlege tilfelle kan verta melde. Elevar som valdar skade på kommunen sitt IKT-utstyr, kan verta haldne erstatningsansvarlege. All datatrafikk ved den enkelte skule kan verta logga. Brot på IKT- reglementet kan og føra til sanksjonar i samsvar med skulen sitt generelle ordensreglement. 6. Ansvarsfråskriving Kommunen er ikkje ansvarleg for tap av data eller skade på IKT-utstyr som skuldast forhold utanfor kommunen sin kontroll. 7. Underskrift Underskrift på reglementet er å forstå som kvittering på at reglementet er lese og akseptert. (IKT-reglement er ei forskrift jfr Opplæringslova 2-9. Sjølv om elevar/føresette ikkje skriv under gjeld fortsatt reglementet. Underskrifta er eit verkemiddel for å få føresette og elevar til å lese og tenkje over innhaldet i reglementet). Versjon24.06.2013 Side 18