Nr. 1 februar 2008 Årgang 35. Kulturbyåret. er i gang!



Like dokumenter
Nr. 1 februar 2008 Årgang 35. Kulturbyåret. er i gang!

Nr september 2012 Årgang 39

MEDLEMSINFO. august 2009

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Månedsbrev april 2015

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Til deg som bur i fosterheim år

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

No sprett knuppane og sevja stig

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Sommartur til Sverige,

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

«Ny Giv» med gjetarhund

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Minnebok. Minnebok NYNORSK

MEDLEMSINFO. april 09

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

6. trinn. Veke 24 Navn:

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

MILLIONSTØTTE TIL JÆRMUSEET

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Møteprotokoll for møte i

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Egil Christophersen til minne.

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Brødsbrytelsen - Nattverden

Jon Fosse. For seint. Libretto

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD


Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Nr mai 2015 Årgang 42

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Bitraf Resultatregnskap0per

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Hei alle sjøstjerneforeldre

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Nettverksgruppa på hospiteringsbesøk i Danmark

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Stort lagsengasjement


Med god informasjon i bagasjen

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Nr april 2011 Årgang 38

mmm...med SMAK på timeplanen

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Storkurs i Rogaland, februar 2016

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10

Transkript:

Nr. 1 februar 2008 Årgang 35 Kulturbyåret er i gang! 1

HOLMGANG 2008 Redaktør: Jan Finjord Redaksjonsmedlemmer: Audun Rosland Målfrid M. Aanderaa Holmgang kjem ut med 4 nummer i året. Bladpengar for direkte tinging av bladet som papirkopi er kr. 50.- pr. år. Lysingsprisar: 1/4 side: Kr. 275.- 1/2 side: Kr. 450.- 1/1 side: Kr. 800.- Stoff-frist for nr. 2 2008: Bladet kjem ut rett etter 17. mai, så vi treng stoffet rundt 30. april. Lever helst før! Sensasjonelt nytt! Kurset i gammaldans for nybyrjarar (instruktør: Arvid Haga) kom i gang første mandagen i februar, med 32 påmelde, av dei omlag 20 damer! Bergingsmenn frå leikarringen trør til for å skape balanse. Mange av dei påmelde er frå svingmiljøet. Viktig melding: I dette nummeret: Framsidebilete v/ J. Leiarteigen 3 Kort frå årsmøtet i BUL 4 Ord frå redaksjonen 5 Handverksmessa vår 6 Det nye leikarringstyret 7 Fiddlers Rally i Aberdeen 8 Klepp leikarring til Kroatia 9 Storkurset 2008 10 Vi har høyrt at... 11 Jobbutveksling i Milano 12 Gnagsaaret 13 Program for Leikarringen våren 2008 14 Nytt redaksjonsmedlem 15 Annonse 16 Dette nummeret av Holmgang er sett med 12pt Helvetica i L A T E X for Ubuntu 7.10 Linux. 2

Leiarteigen Så er årsmøtet over for denne gang også, og eg sit nok ein gang og skriv leiarteig. Eg hadde håp om at det var nokon andre som kunne tenke seg å ta over stafettpinnen nå, men slik gjekk det altså ikkje. Kanskje neste år? Nå er det likevel mange ting å gle seg over. Frammøtet på årsmøtet var bra, og for første gang på fleire år slapp vi ringerunde for å bli mange nok til å vere vedtaksføre. Valnemnda hadde også vore dyktig til å finne gode folk til dei øvrige verva, så vi får vel seie at det gjekk i likaste laget sjølv om eg ikkje fekk avløysing. Aktiviteten i laget har starta godt etter jul. Siste helga i januar var vi vertskap for det årlege storkurset som fylkesungdomslaga i Rogaland, Agder og Telemark samarbeider om. Det var god deltaking på kursa, og stor stemning på festen laurdag kveld. Stor takk til dei medlemene som var med og tok eit tak slik at vi fekk arrangementet i havn. Nybyrjarkurs i folkedans har vi også fått i gang denne våren. Arvid Haga er instruktør og det er i overkant av 30 deltakarar på kurset. Dette er svært gledelig, spesielt når vi veit at vi dei siste åra ikkje har makta å få nok påmeldingar til å gjennomføre kurs i det heile tatt. Utfordringa nå blir å gje desse nye dansarane eit tilbod etter at kurset er ferdig, slik at vi kan få behalde dei i miljøet. Vi er allerede i gang med planlegging av påbyggingskurs etter påske, og så får vi sjå om vi kan finne på noko til hausten. Kanskje ein ny B-gjeng liknande den vi hadde då eg sjølv byrja i laget kunne vere ein tanke? For nokre månader sidan utfordra eg leikarringen og Vibå til å lage eit spennande innslag til 17.mai toget. Dette arbeidet er etter det eg forstår ikkje kome i gang enno, så det tek til å haste hvis det skal kunne la seg realisere. Hadde det ikkje vore kjekt å vise Stavanger at vi verkeleg representerer ein viktig del av kulturen i dette kulturhovedstadsåret?. Leikarringen er likevel (og heldigvis) stadig aktiv på andre områder. Som dei fleste forhåpentligvis har fått med seg, arrangerer dei dansefest med gammeldansgruppa Hevd laurdag 29.mars. Her skulle alt ligge til rette for god oppslutning og topp stemning. Ellers er det gledeleg å registrere at det er krefter i gang for å blåse liv i ungdomsringen UriBUL igjen. Dei planlegg etter det eg har forstått å starte opp tirsdag 26.februar kl. 19:00 i Vetlesalen. Alt i alt verkar det som aktiviteten i laget no er litt stigande igjen, og det er kanskje grunn til å sjå meir positivt på framtida enn det vi gjorde for eit par år sidan. Økonomien i laget er god, så det gjeld berre å få mange gode og meiningsfylte aktivitetar ut av midlane vi disponerer. Kom gjerne med innspel til oss i styret. Ha ein aktiv og triveleg vårsesong i BUL! Helsing Roger 3

Kort frå årsmøtet i BUL Møtet vart sett 11. februar rett etter Lagsstyret: 19.00 med 26 medlemer til stades, seinare Roger Strand (leiar) 28. Holmgang skal ikkje gå møteskrivarane Audun Aarflot i næringa, berre nemne nokre punkt. Astrid Kjølleberg Alle godkjenningssakene gjekk gjenmargrethe Lone Kvam nom stort sett utan kommentarar. Anne Guro Sture Arbeidsprogrammet vart vedteke utformåd Kant (vara) ma etter nøkterne liner. Ein håper å få starann Cathrine Høyland (vara) ta opp ein B-gjeng til hausten, etter den store tilstrøyminga til nybyrjarkurset i gam- Husstyret: maldans. Håpet er og at UriBUL kan kome Roger Strand (leiar) i gang igjen. Det er konsultasjonar underkari Olaug Tveit vegs for å gje BUL ei meir framtredande Livar Voll plassering i folketoget på 17. mai. Jan Dalene (vara) Årsmøtet gav husstyret fullmakt til å Oddvar Flatabø (vara) bruke opptil 50000 kr. ut over budsjettet for 2008, i samband med viktige fornyingar, Ettersynsfolk: utan at omframt årsmøte er naudsynt. Magne Hope Roger sa ja til å stille til valg som leiar Oddvin Emmerhof i hovudlaget for endå eit år. Noko alle vart Svein K. Søyland (vara) nøgde over å høyre. Valgnemnd: Inger T. Hope Magne Hope Torill Stordalen (vara) Å sitte i teljenemnda var ei takksam oppgåve. Ingen motkandidatar, alle vart valgt med akklamasjon. Tekst og bilete v/ J. Mange vart glade over å få blomar To av mange gode grunnar til å stille på årsmøte i BUL! 4

Ord frå redaksjonen Vi har enno ein gong lyst til å takke dei utanom redaksjonen som har sendt inn stoff. Kva ville stått att av dette nummeret, om det stoffet ikkje hadde vore med? Styret arbeider med å finne ei praktisk løysing på filtenarproblemet. Dette og eldre nummer av Holmgang blir vonleg snart å finne på ein ekstern filtenar med stor lagringskapasitet. Men du kan og gje oss ein blank CD, så får du den attende med alle Holmgangane på. Audun har bede om avløysing som redaktør. Styret vedtok difor på siste møte før årsmøtet at Jan tek over. Audun held fram i redaksjonen, og blir no reiseskrivar. Den avtroppande redaktøren har nemnt ved eit par høve at det nye redaksjonsmedlemet bør presenterast. Sistnemnde har difor intervjua seg sjølv så blei jo dei rette spørsmåla stilt! Du finn det annanstads i dette nummeret. Bilete er ein god ting i eit blad, men teikningar endå betre. Du i BUL med kunstnarleg givnad: Sjå nedanfor på denne sida! Like viktig som før: Skriv innlegg til bladet! Kjem det inn lite stoff, må redaksjonen produsere sjølv, og du kunne sjå i nr. 3/2007 kva for meiningar som då kan kome på trykk. Skriv innlegg, så får du sjå det du helst vil lese! Alle som skriv, får ein papirkopi av bladet i farger for umaken! Holmgang søker teiknar! Det er OK om du er i klasse med dei to her i ramma. Men vi søker eigentleg heller ei / ein spaltist til å kommentere store og små ting i BUL i teikning, og portrettere medlemer. Ta gjerne kontakt! Medlemsbiletet: Audun og Anne Marie 5

har no blitt skikkeleg innarbeidd, og dette var den 11. sidan me starta opp. Men for at me skal kunne avvikle ei slik messe, må det til ein god innsats av medleme våre også. Dette har faktisk ikkje vore noko problem. Fleire stiller opp år etter år, og vert etter kvart ein godt samansveisa gjeng. Når ein ser at ein intensiv innsats over ei helg gir eit godt økonomisk resultat for laget, er dette og med på å motivere medlemene. Handverksmessa vår Egil Hageskal har vore med på messene i Siddis-Stova sidan starten Bunadnemnda var til stades heile tida. Her Eli Olsen og Ragnhild Ødegaard Bunadsnemnda i Rogaland Ungdomslag (som består av BUL-medlemer), har hatt utstilling av og informasjon om rogalandsbunadane, og dette er noko som mange set stor pris på. Her er ein stadig straum av folk som vil vite meir om bunadane. Mange er i starten for å skaffe seg ein bunad, og då er det greit å få vite meir om dei, og om bakgrunnen til dei ulike modellane. Blant dei mange som har kjøpt seg plass hos oss for å selja produkta sine, er det mange som har vore med kvart år sidan me starta opp. Men me freistar kvart år å få med nye med andre produkt også. Her er det Irene Holmedal som gjer ein kjempejobb i messenemnda. At kreativiteten er stor også mellom våre medlemer, viser også att blant seljarane. Rønnaug Tunheim med sine klesplagg, Helge Ødegaard med stort utval i sveipte treartiklar og Irene Holmedal med lefser har vore faste deltakarar. I år overraska også ein annan medlem, Malvin Johnsen, med fine landskapsmåleri. Anne Møll, som tidlegare var i messenemnda men som no har gjort totning av seg, dukka og opp med mykje fint i lappeteknikk og quilting. Helge Ødegaard 6

messa, og her er kransekakene som ein fast bakegjeng lagar kvart år svært etterspurde. Det har minka ein del på småvarer frå medlemer som me kan selja, så her er det ei utfordring til dykk alle: Set allereie no i gang med å produsere noko til komande messe i november. Tekst v/ Audun Aa. Bilete/bilettekstar v/ Audun R. Malvin hadde med mange av maleria sine, og fekk god omsetnad på dei Etter det eg høyrer på byen, er messa vår kjend for å ha god kvalitet på varer som blir selde her, og det er eit bra teikn. Dessutan er kafeen vår med Marit Svendsen som meisterkokke og svært attraktiv. Messelapskausen hennar er vide kjend, og me har ein mistanke om at mange i nærmiljøet faktisk kjem innom først og fremst for denne. Og så handlar dei litt når dei først er her. Me har også vår eigen salgstand på Ein av naboane har stoppa for å sjå utstillinga hos Anne Møll Det nye leikarringstyret Leikarringen heldt årsmøte på tirsdagsøvinga 15. januar. Nytt styre blei valgt for 2008. Vi kjenner igjen fleire av namna: Leiar Torill Stordalen Skrivar Magne Helle Kasserar Johan Dahl Styremedlem Kornelius Dalaker 1. vara John Olaf Grimstvedt 2. vara Linda Petersen 7

Fiddlers Rally i Aberdeen Under Stavangerkappleiken i mars 2007 fikk vi besøk fra Aberdeen i Skottland. Besøket bestod av 4 karer fra gruppa ASRS (Aberdeen Strathspey and Reel Society), som opprinnelig er ei gruppe på over 80 musikere. Disse spilte skotsk folkemusikk i De Røde Sjøhus første dagen, og i Siddis-Stova dagen etterpå. Disse musikerene fikk økonomisk støtte til både reise og opphold fra rådet i Aberdeen. Selv om kappleiken hadde satt av penger til å betale endel av kostnadene deres, ble det heller avgjort at norske representanter kunne dra over til Aberdeen for å være med på Fiddlers Rally. Som den norske representanten drog jeg over for å delta på Fiddlers Rally, som er en sammenkomst av musikere fra både ASRS og andre lag rundt omkring i Skottland. Konserten var satt til Aberdeen Music Hall, som kan holde ca. 1200 publikummere. Jeg stod opp tidlig dagen før konserten, den 16. november, for å ta flyet over Nordsjøen. På flyplassen i Aberdeen ble jeg tatt imot av David Jones, som var min kontakt i gruppa. Her fikk jeg utlevert noteheftet, som inneholdt alle låtene som skulle bli spilt på konserten dagen etterpå. Før han kjørte meg til hotellet, brukte han tid på å vise meg rundt på de viktige severdighetene, slik som University of Aberdeen, som er et prestisjefullt 500 år gammelt universitet. Etter at jeg hadde sjekket inn på hotellet, måtte jeg bruke store deler av dagen før konserten på å spille fra noteheftet, siden jeg ikke hadde fått det før ankomst. Dagen etterpå begynte med enda mer notelesing, før jeg drog turen innom konsertlokalet for en øving med hele gruppa. Øvingen bestod for det meste av låtoverganger, slik at taktskifter ble spilt likt av alle musikerne i gruppa. Deretter rett ned på pøbben for sosialisering og ølsmaking. Da vi kom tilbake til konsertsalen fikk vi beskjed om at alle billettene var utsolgt. Skal selv innrømme at jeg da var både spent og smånervøs før det hele skulle begynne. Vi gikk på scenen klokka halv åtte, mange med feler, andre med instrumenter som trekkspill og kontrabass. Vår opptreden ble delt opp, slik at soloutøvere spilte i pausene våre. Blant disse var den kjente felespilleren Chris Stout fra Shetland, sammen med Catriona McKay på harpe, som viste heftig virtuoso-spill. Og sangeren Robert Lovie, som kom med morsomme sanger og dikt med tjukk dialekt. Konserten endte med stor applaus, encore, og en enda større applaus. Etter at publikum var gått samlet musikerne seg for god drikke, som førte til en hyggelig jamsession, der alle mulige slags låter ble tatt frem. Jeg vil takke BUL og Vibå Spelemannslag for den økonomiske støtten til denne turen, som var en flott musikalsk opplevelse. Tekst og bilete v/ Stig Helgeland Stig på jamsession 8

Klepp leikarring til Folkedansfestival i Zagreb Kroatia Vi var så vidt innom dørene heime etter turen med BUL-Vibå til Tsjekkia 11 juli før vi på nytt måtte opp tidlig 15 juli på Sola for å vera med Klepp leikarring. Turen bar fyrst til Venezia der vi skulle få nokre timar. Diverre så kom ikkje båten som skulle frakte oss frå flyplassområdet inn til byen, så halve tida gjekk med der på brygga før vi fekk ny båt. Men vi fekk likevel ei fin omvisning i byen med vekt på bakgater og historie. Seinare måtte Anne Kari frå Idéreiser bruke masse kløkt for å få betalte penger tilbake. Då båteigaren sa han hadde vore der utan å sjå oss måtte Anne Kari trekke fram at vi hadde alt som skjedde på hamna på video, og der var ikkje båten hans med, då ga han seg visst nok. Vi hadde ein dag i Portoroz på nordsida av Istriahalvøya i Slovenia med bading og tur på sjøen. På kvelden var nokre av oss på moderne opera i et utendørs amfi. Dette var ein stad Haga turbussar brukte mykje før, og den plassen kan vi godt rå til som reisemål. Festivalen skulle vera i Zagreb som er hovedstaden i Kroatia. Anne Kari meinte at denne byen ikkje var så trygg, og derfor hadde ho lagt opp til overnatting over grensa i Slovenia. Så der hamna vi på ein flott kurplass med masse bading i helsesamt vatn og mange tilbod på diverse behandlingar. Mange nytta seg av dette, Gunbjørg tok Ayurvedisk massasje og det var visst gode greier. Så slappa vi av i badebasseng med mineralvatn og boblemaskinar. Herlige greier. Vi måtte bruke buss til og frå festivalen over grensen. Og det gjekk godt like til ein deltakar ikkje fant passet sitt då vi skulle tilbake gjennom kontrollen. Det var litt krise, han slapp heim men det var verre dagen etter då vi skulle tilbake. Heldigvis så hadde festivalfolk funne passet under ein tribune, så det gjekk av i likaste laget. Festivalen var på eit stort torg og vi vart kjørde til og frå, slik var festivalen i Tsjekkia meir intim med meir festivalkjensle, men det gjekk det og. Mens vi mest fraus i Tsjekkia så rant vi vekk i Kroatia, dei fekk varmerekord med temperaturar dei ikke før hadde hatt på fleire 10år. Ein dag vi kjørte heim målte bussen temperatur på 39 grader. Tekst v/ Gaute og Gunbjørg Hadland Bilete v/ Helge Herigstad Kari Herigstad, Gunbjørg og Gaute 9

Storkurset 2008 Fylkeslaga i Rogaland, Vest- og Aust- Agder og Telemark inviterte til storkurshelg i S-Stova 25.-27. januar. Påmeldinga var god, omlag slik: Organisasjonskurs 7 Tur/runddanskurs spelemenn 5 Bunadseminar 19 Kurs for røynde dansarar 24 Praktisk nettsidebruk 5 Sats ungt! 9 Alt i alt omlag 69 deltakarar, i tillegg 9 frå ein ungdomsring frå Lyefjell og Rossabø, totalt med leiarar omlag 90. Berre eit aspirantkurs og eit teaterkurs kom ikkje i gang. Kveldsmat fredag, lunsj og festmat var ved Marit Svendsen. Den smakte framifrå, og det var mykje av den (sjølv fotografen fekk på fredag). Utomjærsk folk låg stort sett på Alstor, berre omlag 5 tok imot tilbodet om overnatting på flatseng i S-Stova. Teknikken svikta nettsidekurset ved starten. Ikkje hos BUL, men hos internettleverandøren som hadde problem sidan tidleg på dagen. Men nettet kom opp att, og kurset vart halde som planlagt. På bunadseminaret såg vi att Hill-Aina Steffenach frå Bunadrådet i NU, som og heldt polskurs her sist haust. fekk vi dermed sjå telespringar og andre dansar som ikkje er dagleg kost i S-Stova. Lørdagskvelden var det dansefest, med open påmelding, i alt litt over 140 til stades. Det var underhaldning ved kursdeltakarane. På veslescena viste Lyefjellungdomane rap, inntil no ein uvanleg dans i BUL. Så tok Jæren Frilynde over. Kursstart på lørdag var tidleg, så festen slutta kl. 12. Men dei siste ringdansarane ga seg ikkje før faldeveggen vart dregen ut. Folk dro heim frå kurset blide og nøgde. Og RU melder at dei synest det heile blei avvikla på ein framifrå måte. Dei vil gjerne takke BUL Stavanger for god mat og all hjelp. Kurset for dei røynde var ved Berta Sørstrønen. Ho hadde med mange påmelde frå Kristiansand. Utpå lørdagskvelden Tekst og bilete v/ J. (Detaljar i bileta kan sjåast i pdf-lesaren) 10

Vi har høyrt at... I romjula oppheldt eit BUL-medlem seg 10 km unna Neverland på Nevernes, der Sarah Ferguson, Duchess of York, var på jule- og nyttårsbesøk hos playboyen (skreiv VG) Geir Frantzen. York er ei forvansking av det rotnorske vikingnamnet Jorvik, så Fergie er vel av interesse for Holmgang, BUL og norsk kultur? Den 11/1 var det mimrekveld for Tsjekkiafararar hos Karen og Kjell på Bryne. God mat. Framsyning av flott biletsamling og video (takk til Harald K. og Målfrid G.). Dagen etter kom kulturbyåret i gang med smell, i nåde frå vergudane, men utan medverknad frå BUL. Vår kultur var visst ikkje fin nok for arrangementskomiteen? 50000 som sild i tunne i sentrum om ikkje kultur, så eit godt sildeår for byen. Om kvelden, rolegare lyd på klassisk konsert i St. Petri kyrkje, sjølv om ein perkusjonist spelte eit japansk stykke som minte om fyrverkeriet (og dessutan den uklassiske Music in a bottle av Sting). Kjernetroppene blant strykarane i symfoniorkesteret spelte Sjostakovitsj. Og Grieg Trio spelte Mendelsohn. Vakkert. Mange som høyrde Trio de Janeiro under siste MaiJazz, hadde lyst til å høyre dei i auka utgåve som Desafinado i Hall Toll på opningslørdagen. (Kalla Defanidos i kulturhovudstadens programavis.) Men billettane vart fort utselde. Dei som ikkje fekk, får trøyste seg med dette postkortbiletet: A cidade maravilhosa 11

Jobbutveksling i Milano Nå har eg vore oljearbeider i Milano i halvtanna år. ENI (tidligare Agip), som er min arbeidsgjevar, er det største italienske energiselskapet og har hovudkontor i Milano. Då er fekk tilbud om å jobbe ved hovudkontoret i 2 år takka eg ja. Det har eg ikkje angra på! Det er lærerikt å arbeida og bu i eit anna land med ulik kultur og språk. Eg har fått høve til å læra meg ein del italiensk, og eg har fått meir innblikk i italiensk kultur og historie. Den italienske stat er ikkje så gamal, første samlinga blei sluttførd av General Garibaldi i 1870 da kongeriket Italia blei danna med Vittorio Emmanuele II som konge og Roma som hovudstad. Dagens italienske republikk blei imidlertid ikkje oppretta før etter 2. Verdskrig i 1946 etter ei folkeavstemming. Sidan den gong har det vore utallige regjerings-skifte. Det verkar litt rotete på oss utlendingar, og for italienarene kan det nok til tider vera til irritasjon. Men eg føler at dei fleste ikkje lar seg stresse for dei er jo vane med det. Dei er og vane med at ting tar tid og at det ikkje er så effektiv organisering som me i nordeuropa er vande med. Difor, om du har tenkt deg ein tur til Italia, så er det berre å berekna god tid til praktiske gjeremål, som til dømes å kjøpa togbillett. Eg har forresten sjølv nytta meg mykje av togtilbodet for å sjå meg rundt i helgane. Det er mange flotte plassar ein kan nå med kun eit par timar på toget frå Milano. Eg har reist til sjøen, både ved Middelhavet i sør og Adriaterhavet i øst. Ved Middelhavet besøkte eg og Audun saman Cinque Terre, som er et område med små idylliske fiskelandsbyer der einaste transportmiddel er beina eller toget. Vi tok beina fatt mellom dei små byane. Sist sommar dro vi saman med ein kollega til Ravenna som ligger ved Adriaterhavet. Her er det flotte strender og alltid fint vær. Men byen byr og på mykje historie i form av kyrkjemosaikk frå bysantisk tid. Ravenna har faktisk vore hovudstad i det gamle Aust-romerske riket. Det betyr at mosaikken vi kan beundre i fleire kyrkjer i Ravenna i dag er 1500 år gamal. Kyrkjemosaikk i Ravenna Eg likar og å reisa nordover til sjøane (Lago Como, Lago Maggiore, Lago Garda) samt opp i Alpane. Om sommaren kan ein kombinere litt sveitting på flotte fjellstiar med eit herleg bad etterpå. Om vinteren har eg både vore på ski og fottur. Dei lavaste fjellområda rundt 1000 m har normalt ikkje så mykje snø, men i år er det faktisk ein del snø også der. Det fekk eg erfare på ein fjelltur med ein kollega i slutten av januar. Då treng ein skikkelige fjellstøvler. Motemetropolen Milano har og mykje å by på sjølv om man ikkje får koma inn på dei store moteoppvisningnane. Byen har ein flott domkirke samt flotte museer for einkvar smak. Ein må ikkje gløyme at Leonardo da Vinci bodde mange år i Milano, 12

gen restaureringsjobb er det nå høve til å få sjå kunstverket i kyrkja Maria della Grazie. Men tilgangen er avgrensa så ein må tingja plass fleire månader i førevegen. Fjelltur i Alpane ved Como i januar sjølv om han opprinneleg kom frå Firenze. Det har jo byen fått nyte godt av i ettertid, til dømes med at dei kan syna fram det verdsberømte maleriet Cenacolo, Nattverden. Bilete er ein freske, det vil seia at det er mala direkte på murveggen. Etter ein gedi- Domo i Milano Tekst og bilete v/ Anne Marie Nerby Gnagsaaret Vi har ikkje bilete frå søndagsdansen 13. januar, men derimot eit frå 2006 av dei som spelte den kvelden, teke av Audun R.: 13

Plan for leikarringen BUL Stavanger våren 2008 Månad Dag Aktivitet Instruktør Styreansvarleg Kaffivakt 5 Nyttårsdans Austrått, arr. Sandnes folkedanslag Januar 8 Øving med Vibå Anne Lise 13 Søndagsdans v/ BUL, musikk: Gnagsaaret 15 Øving/årsmøte Anne Lise 22 Fellesøving i BUL Anne Lise NB! 25-27 Storkurs RU BUL arrangerer fest lørdag 29 Øving Arvid Februar 5 Øving Anne Lise 10 Søndagsdans v/ BUL, musikk: Jæren Frilynde 12 Øving Anne Lise 19 Øving (vinterferie) Arvid 26 Fellesøving i Sandnes, Austrått bydelshus Mars 4 Øving med Vibå Anne Lise 9 Søndagsdans v/ Vibå 11 Øving Anne Lise 25 Øving Arvid 29 Lørdagsdans v/ BUL, musikk: Hevd April 1 Øving Anne Lise 8 Øving Anne Lise Torsdag! 17 Fellesøving i Klepp 22 Øving med Vibå Anne Lise 27 Søndagsdans v/ Vibå 29 Øving Arvid Mai 6 Øving Anne Lise 13 Øving Anne Lise 17 Diverse arrangement 20 Øving Anne Lise 27 Øving med Vibå Anne Lise Juni 3 Øving Anne Lise 10 Avslutningstur Vi øver tysdag frå kl. 20.00 til kl. 22.00 i Storsalen. Planen er sett opp med atterhald om endringar. Ledige kaffivakter på tysdagar: Sjå liste i Siddis-Stova! Instruktørar: Anne Lise Tveitane, Odd Svendsen og Arvid Haga Spelemann: Gaute Hadland Kaffivaktenes oppgåve: Lage te og kaffi til pausen. Rydde etter pausen, også på kjøkkenet. Moppe golvet i storsalen etter øvinga. Redaksjonen seier seg lei for at denne presentasjonen kjem litt seint. 14

Jan Finjord har teke del i redigeringa av Holmgang sidan i fjor. Han har hatt fast bustad i Stavanger sidan 1982, og kom inn i BUL via kurs i gamaldans hos Malvin. Han var med i Studienemnda ei tid medan BUL heldt hus i Øvre Holmegate, var styremedlem i ein periode etter flyttinga til Siddis- Stova, men har elles gått i BUL Stavanger litt på og av. Nytt redaksjonsmedlem Han har ei fjernare fortid i BUL Nidaros. Der dansa dei mindre springar og rudl enn her, det ser ein kanhende resultatet av men desto meir pols. Endå lenger attende spelte han gitar i ein dansemusikktrio. Jan har halde til utafor Noreg i til saman nær innpå 9 år, i København, Genève, Bern, Houston, Los Alamos og San Diego. Han er tilsett som professor i fysikk ved UiS. Teksthandsamingsprogrammet L A T E Xer eigentleg for tekstsetjing av vitskaplege artiklar. Som Ferrari mot Volvo, samanlikna med Word: Risikabelt å bruke, men kan yte meir! Jan gjer redaksjonsjobben av di den er artig, så noka eldsjel kan han vel ikkje reknast som. Om nokon har inntrykk av at han liker bossa nova og salsa i tillegg til norsk folkemusikk og Fartein Valen, så er ikkje det til å nekte for. Han er og blitt observert på ferie på isolerte øyer i Det indiske hav. Han kan framleis for få ting, og tok difor kurs i brasiliansk-portugisisk nyleg. Andre hobbyar? Mellom anna Linux, slektsgransking, litt seilflyging ein gong i tida. Årets flause i 2007: Å takke nei til billett til kampen sist oktober mellom Flamengo og eit lag frå São Paulo! Sjølvintervju v/ J. (på oppfordring) Biletet til venstre v/ Anna Motland Eit Amerikaminne 15

16