Mnemosynesommarfuglen. Vestlandet sin kvite juvel
|
|
|
- Helene Hermansen
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Mnemosynesommarfuglen Vestlandet sin kvite juvel
2 Fakta om mnemosynesommarfugl Først funne i Norge i 1936 i Norddal kommune Seinare funne i kommunane Sunndal, Nesset, Stranda, Luster, Aurland og Oppdal Lever i frodige, sørvendte rasmarker Larvane heilt avhengige av planten lerkespore Eitt av dei insekta vi veit mest om i Norge når det gjeld bestandsutvikling og genetikk 2
3 Bakgrunn Mnemosynesommarfuglen er ein av våre største og vakraste dagsommarfuglar og finst i Norge berre på nokre få, spreidde område på Vestlandet. Arten er vurdert som nær trua (NT) i norsk raudliste for artar Mnemosynesommarfugl i Norge er berre kjent frå sørvendte rasmarker på Vestlandet frå Gudvangen i Sogn og Fjordane til Sunndalen i Møre og Romsdal. Mnemosynesommarfuglen er trua og går tilbake i fleire land i Europa. Den er utrydda i Danmark og i sterk tilbakegang i Finland og Sverige. Dei største nordiske bestandane lever difor i Norge, og i landet vårt er han freda mot alle former for skade og øydelegging. Det er no laga ein handlingsplan for å sikre langsiktig overleving for arten i Norge. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ansvaret for å følgje opp denne planen. Foto: Agne Ødegaard 3
4 O Namnet mnemosynesommarfugl Mnemosynesommarfuglen (Parnassius mnemosyne) vart vitskapleg skildra av Carl von Linné i Namnet viser til gudinna for hukommelse, eller minne, i gresk mytologi, Mnemosyne. I Norge har vi valt å halde på dette namnet som det offisielle norske namnet slik det òg er gjort på dansk og svensk. 4
5 Utsjånad Den vaksne sommarfuglen er kvitaktig, og dei ytre delane av framvengene er gjennomskinlege. Han har tydeleg svarte ribber og to svarte flekkar på kvar framveng. Vengespennet er mm og forma på vengene er avrunda med ein innsvinga kant på den bakre vengen, noko som er typisk for familien svalestjertar (Papilionidae), som mnemosynesommarfuglen høyrer til. Antennene er relativt korte og klubbeforma. Kroppen til hannen er kvithåra, medan hoa er monaleg mørkare og mindre håra. Kroppen hennar har òg ei karakteristisk gul lengdestripe på kvar side. Hoa har elles venger som er meir gjennomskinlege enn hannen, og er lett feittglinsande med færre kvite skjel. Egget er mindre enn ein mm i diameter. Det er bleikt gulkvitt av farge, flatt og med ei korna overflate. Larven er svart med oransjeraude flekkar på kvar side. Som fullvaksen blir larven opp til fire cm lang. Puppa er bleikt gulbrun med lysegule flekkar langs sidene, tilsvarande dei flekkane som finst på larven. O Foto: Agne Ødegaard Foto: Kaare Aagaard 5
6 Utbreiing Utbreiinga til mnemosynesommarfuglen i Norge er avgrensa til Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I dei seinare åra har det òg blitt gjort fleire nye funn, mellom anna i Aurland. Eit enkeltfunn vart òg gjort ved Gråura i Oppdal 2009, rett innafor fylkesgrensa til Sør-Trøndelag. Totalt er arten registrert på nærare 30 funnstader i Norge. Foto: Åslaug Viken Levevis og leveområde Mnemosynesommarfuglen legg egg som overvintrar og klekkjer i mars april året etter. Hoene legg egga sine på eller ved sine nedvisna næringsplanter, som dei finn fram til ved hjelp av lukt. Her i Norge lever larvane berre på vanleg lerkespore, Corydalis intermedia. Dei nyklekte larvane oppsøkjer ferske skot av lerkespore, som er ei av dei tidlegaste vårplantene. Larvane forpuppar seg i mai og klekkjer mot slutten av månaden eller i juni, avhengig av temperaturtilhøva. 6 Arten er avhengig av leveområde som både har lerkespore og blomsterplanter som tilbyr næring til dei vaksne sommarfuglane, og som samtidig har eit varmt mikroklima. På grunn av regelmessige snøskred har mange av rasmarkene på Vestlandet bestått av open engvegetasjon i svært lang tid. Dette, kombinert med eit gunstig mikroklima i dei sørvendte skråningane, gjer rasmarkene til optimale leveområde for denne arten.
7 I Norge lever mnemosynesommarfuglen hovudsakleg i sørvendte, bratte rasmarker på Vestlandet, der jamlege snøras held trevegetasjonen nede. Han kan òg finnast i blomsterrike vegkantar, kraftgater og slåttemark i nærleiken av rasmarkene. Øyeskreda, Tafjord. Finnset. Eikesdalen. Foto: Oddvar Hanssen Foto: Oddvar Hanssen 7
8 Merking gjenfangststudiar I perioden 1988 til 2001 vart det kvart år gjennomført merking av mnemosynesommarfugl i Sunndalen for å auke kunnskapen om arten. Meir enn 4000 individ vart merka desse åra. Ved å sjå på tilhøvet mellom merka og umerka individ under ny fangst utover i merkeperioden, kan ein rekne seg fram til totalbestanden i merkeområdet. Desse undersøkingane vart tatt opp att i 2010 som eit ledd i oppfølging av handlingsplanen. Måten ein merkar på er at ein unik kode blir skriven på vengene til sommarfuglane før dei blir sleppt laus att. Gjenfangst av merka individ har òg gitt mykje nyttig informasjon om levevis. Merking har vist at arten kan leve opp til fire veker som vaksne. Det er elles godt samsvar mellom talet på individ og veret i juni månad. Bestandsstorleik Denne sommarfuglen er ein av dei insektartane vi veit mest om i Norge når det gjeld utbreiing, bestandstorleik og genetikk, men vi trur at det framleis er mogleg å finne nye og ukjente lokalitetar for arten i varme, sørvendte rasmarker på Vestlandet. Totalt reknar vi med at det finst opp mot individ i Norge i ein god sesong. Foto: Agne Ødegaard Tal merka individ Merkingsdata frå Sunndalen 500 hannar 450 hoer 400 middeltemperatur i juni dagar over 12 C Tal dagar/ C 8
9 Truslar I Norge er rasmarkene der mnemosynesommarfuglen finst i liten grad påverka av menneskeleg aktivitet. Samstundes er sommarfuglen heilt avhengig av at områda blir halde opne av jamlege snøskred. Rassikring i desse områda kan difor føre til at områda gror igjen. Beiting kan òg føre til at skog og kratt blir halde nede, men dette kan samstundes føre til at blomstrane som sommarfuglen hentar nektar frå og vertsplanta som larvene lever av, lerkespore, går attende eller forsvinn. Det finst døme på at leveområde for mnemosynesommarfugl har blitt lagt under vatn på grunn av kraftproduksjon. Langtransportert forureining og utslepp frå lokal industri er også potensielle truslar, men dette er ikkje dokumentert. Sommarfuglar er populære samleobjekt, og innsamling av mnemosynesommarfugl til samling eller sal kan vere ein trussel. Sidan arten er lett å oppdage, er det mogleg å gjere betydelege innhogg i bestanden gjennom bevisst innsamling. Slik innsamling er ulovleg etter som arten har vore freda mot innsamling i Norge sidan I lett tilgjengelege område knytt til rasmarkene, er arten svært utsett for ulike typar arealinngrep, endra arealbruk og attgroing. Zakariasdammen, Tafjord. Foto: Oddvar Hanssen 9
10 Tiltak Handlingsplanen for mnemosynesommarfugl gjeld for perioden frå 2010 til Direktoratet for naturforvaltning har ansvaret for planen. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har utarbeidd planen på vegne av direktoratet, og skal følgje han opp. Vegkant ved Hoelsanden i Sunndalen med førekomst av mnemosynesommarfugl. Dette er typiske menneskeskapte leveområde som på sikt truleg er avhengig av påfyll frå primærlokalitetane i rasmarka lenger oppe i dalsida. Slike kulturskapte lokalitetar kan bidra positivt til å halde oppe bestandane. Foto: Kaare Aagaard Første fase av handlingsplanen består i å vurdere skjøtselsbehov på lokalitetar der sommarfuglen er kjent og starte informasjonsarbeid. I tillegg skal bestandsstudiane på dei kjente lokalitetane i Sunndalen takast opp att. Neste fase har fokus på kartlegging av mogleg nye lokalitetar og gjennomføring av skjøtselstiltak, samt gjennomføring av bestandsundersøkingar på utvalde lokalitetar utanfor Sunndalen. Til sist vil tiltaka og bestandssituasjonen bli evaluert, saman med framlegg til vidare oppfølging. Foto: Oddvar Hanssen 10
11 Her kan du lese meir: Direktoratet for naturforvaltning Handlingsplan for mnemosynesommerfugl Parnassius mnemosyne. DN-rapport Eliasson, C.U., Ryrholm, N., Gärdenfors, U., Holmer, M. og Jilg, K Nationalnyckeln till Sveriges flora och fauna. Fjärilar: Dagfjärilar: Hesperiidae Nymphalidae. ArtDatabanken, SLU, Uppsala. 407 s. Elven, H Mnemosynesommerfugl (Parnassius mnemosyne). Faktaark. Artsdatabanken. Trondheim. www2.artsdatabanken.no/ faktaark/faktaark125.pdf Gärdenfors, U., Aagaard, K., Biström, O. (red) & Holmer, M. (ill.) Hundraelva nordiske evertebrater. Handledning för overvakning av rödlistade småkryp. Parnassius mnemosyne, s Nord 2002:3. Nordiska Ministerrådet och ArtDatabanken. Hansen, L. O., Heibo, E. & Lønnve, O Augustflygende mnemosynesommerfugler i Sogn og Fjordane! Insekt-Nytt 18(2): Holtan, D. & Grimstad, K. J Funn av mnemosynesommarfugl Parnassius mnemosyne L i Stranda, Møre og Romsdal. Fauna (Oslo) 53: Aagaard, K., Hindar, K., Hanssen, O., Balstad, T. & Fjellstad, W Bestandstruktur og genetisk mangfold i norske bestander av Parnassius mnemosyne og Parnassius apollo (Lepidoptera). NINA Oppdragsmelding 462, 20 s. Aarvik, L., Hansen, L.O. & Kononenko, V Norges Sommerfugler: Handbok over Norges dagsommerfugler og nattsvermere. Norsk Entomologisk Forening. Oslo. På heimesidene til Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil du òg kunne finne aktuelt om mnemosynesommarfuglen og arbeidet med handlingsplanen for arten. Foto: Agne Ødegaard 11
12 Kontaktinformasjon: Norsk institutt for naturforskning v/ Frode Ødegaard (prosjektleiar), Fylkesmannen i Møre og Romsdal: Telefon , heimeside Redaksjon: Frode Ødegaard (prosjektleiar) og Kristina Jones. Tekst er basert på: Aagaard, S. M., Ødegaard, F., Hanssen, O. & Aagaard, K. (i trykk). Fagleg grunnlag for handlingsplan for mnemosynesommarfugl (Parnassius mnemosyne). NINA Rapport. Foto side 1: Agne Ødegaard, Foto side 12: Oddvar Hanssen, Grafisk utforming: Kari Sivertsen/NINA Utgitt: 2010, ISBN Samarbeid og kunnskap for framtidas miljøløsninger
Mnemosynesommerfuglen. Vestlandets hvite juvel
Mnemosynesommerfuglen Vestlandets hvite juvel Fakta om mnemosynesommerfugl Første gang oppdaget i Norge i 1936 i Norddal kommune Senere funnet i kommunene Sunndal, Nesset, Stranda, Luster, Aurland og Oppdal
Elvesandjegeren. Vassdragenes viking
Elvesandjegeren Vassdragenes viking Fakta om elvesandjegeren Lever nesten utelukkende på sandflater langs større elver Finnes i dag langs fem norske vassdrag Er sterkt truet (EN) i Norge Har status som
RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING
Tingvoll, 29. april 2016 Møre og Romsdal fylke RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING Naturvernforbundet har blitt merksame på at det
DN-rapport 2010-3. Handlingsplan for mnemosynesommerfugl Parnassius mnemosyne
DN-rapport 2010-3 Handlingsplan for mnemosynesommerfugl Parnassius mnemosyne Handlingsplan for mnemosynesommerfugl Parnassius mnemosyne DN-rapport 2010-3 Utgiver: Direktoratet for naturforvaltning Dato:
Stranda kommune Næring og teknisk
Stranda kommune Næring og teknisk Saksbehandlar: Asle Johan Bergseth Konnerth Rovvilt i region 6 Postboks 2600 7734 STEINKJER Vår ref.: 16/1057-3 Dykkar ref.: Arkiv: K2 - K47 Dato: 21.09.2017 Høyringsuttale
Rådgivende Biologer AS
Bergen, 19. august 2016 Enkel undersøking av elvemusling i Røyrvikelva, Kvam herad Bakgrunn Steinar Kålås I august 2015 kom det inn melding til Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) at det var sett
Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning
Sakshandsamar: Martine Bjørnhaug Vår dato Vår referanse Telefon: 57655151 29.11.2010 2010/2186-443.2 E-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse Direktoratet for naturforvaltning Postboks 5672 Sluppen
Dei flinke kommunane:
Dei flinke kommunane: Art Kommune Beskrivelse (frå Direktoratet for naturforvaltning) Sumpjordtunge Per Fadnes Fræna Sumpjordtunge (Geoglossum uliginosum) er ein liten mørk, fingeraktig sopp som veks i
Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning
Faktaark Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 5 * Nr. * Desember * 7 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitenskap Aurebestandane i Litlosvatn, Kollsvatn, Nedra
Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane
Vedlegg V. Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane Østein Skaala, Havforskningsinstituttet Det føreligg svært mykje data om produksjon, forkvotar, antal lokalitetar og konsesjonar i
Utvalde naturtypar. Slåttemark Slåttemyr Kalksjøar Kalklindeskog Hole eiketre
Utvalde naturtypar Utvalde naturtypar pr. november 2014 Slåttemark Slåttemyr Kalksjøar Kalklindeskog Hole eiketre Tilskotsordning for utvalde naturtypar, 2014 Slåttemark inkludert lauveng Slåttemyr Kalksjøar
Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,
Konglesanking Trea i skogen formeirer seg ved å spreie frøa sine med vinden utover skogbotnen. Dei fleste landar «på steingrunn» og berre ein svært liten del av frøa veks opp til eit nytt tre. For å sikre
Stråling frå elektronisk kommunikasjon
Stråling frå elektronisk kommunikasjon Ei orientering frå Statens strålevern og Post- og teletilsynet Kva er stråling? I kvardagen omgjev vi oss med ulike typar stråling, frå både naturlege og menneskeskapte
Faglig grunnlag for handlingsplan for mnemosynesommerfugl Parnassius mnemosyne
678 Faglig grunnlag for handlingsplan for mnemosynesommerfugl Parnassius mnemosyne Sunniva M. D. Aagaard, Frode Ødegaard, Oddvar Hanssen og Kaare Aagaard NINAs publikasjoner NINA Rapport Dette er en elektronisk
FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen
Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale
FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 1993-2014 var 201 (snittvekt 0,9 kg). Det har vore ein avtakande tendens sidan årtusenskiftet, med unntak av bra fangstar i 2010
NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING
Tingvoll, 16. mai 2012 Tingvoll kommune NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Naturvernforbundet i Tingvoll blei tilfeldig klar over for ei tid sidan at det 24.10.2008
Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort
Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort 2016-2018 Vedteken på skipingsmøte 4 april 2016 Leiar :Morten Torvund [email protected] Områdeavgrensing Bestandsplanen har
RISIKO- OG SÅRBARHEITSANALYSE (ROS-analyse) FOR FURULY
RISIKO- OG SÅRBARHEITSANALYSE (ROS-analyse) FOR FURULY Aurland kommune, desember 2014 1 Innhold Innleiing... 2 Analyse... 3 Radon:... 5 Naturmangfaldlova (NML) - vurdering... 5 Innleiing 20.01.2014 gjorde
FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA
FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 1993-2012 var 207 (snittvekt 0,9 kg). Etter eit par år med bra fangstar var det kraftig reduksjon i 2012, då det berre vart fanga
Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2013 var 492 (snittvekt 5,1 kg). I 2013 vart det fanga 977 laks (snittvekt 5 kg), eit av dei aller beste resultata
SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3
SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3 Overordna samarbeidsavtale: SFFK og kommunane TILRÅDING: ::: Sett inn innstillingen under denne linja Kommunestyret vedtek:
Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år
Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500
Krav til kartlegging av biologisk mangfald i plansaker. Tore Larsen Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Krav til kartlegging av biologisk mangfald i plansaker Tore Larsen Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Bakgrunnsmateriale LOV 2009-06-19 nr 100: Lov om forvaltning av naturens mangfold Ot.prp. Nr 52 (2008-2009)
FRÅSEGN SØKNAD OM BYGGING AV SANDÅA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE
Tingvoll, 21. april 2017 NVE FRÅSEGN SØKNAD OM BYGGING AV SANDÅA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Viser til dykkar ref. 201305202-8 Arkiv: 312 / 113.4Z Naturvernforbundet har nytta høvet til å bruke barmarksituasjonen
6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12
6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval
Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale
FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 1993-2012 var 206 (snittvekt 0,9 kg). Etter eit par år med bra fangstar var det kraftig reduksjon i 2012 og 2013, då det berre vart
Elvesandjegeren. Vassdragenes viking
Elvesandjegeren Vassdragenes viking Fakta om elvesandjegeren Lever i Norge nesten utelukkende på sandflater ved større elver Finnes i dag langs fem norske vassdrag Er sterkt truet (EN) i Norge Har status
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2012 var 481 (snittvekt 5,1 kg). I 2012 vart det fanga 1075 laks (snittvekt 6,5 kg), eit av dei aller beste resultata
Vintervèr i Eksingedalen
Vintervèr i Eksingedalen Innlevert av 4. og 7. ved Eksingedalen skule (Eidslandet, Hordaland) Årets Nysgjerrigper 2016 Ansvarlig veileder: Frøydis Gullbrå Antall deltagere (elever): 3 Innlevert dato: 08.03.2016
GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR
Utvikling av logo: Dei tre konsepta eg valde å jobba med var, energisparande, vatn og varme. Eg utvikla desse logoane innafor same stil, men med ulik form og symbolikk. Eg jobba med desse parallelt og
Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning
Faktaark Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 3 * nr. 3 * Desember 2005 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB) Tynningsfiske i vatn i Ullensvang statsallmenning
Kort om føresetnadene for folketalsprognosen
Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Folketalsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflyttinga (innflytting minus utflytting). Fødselsfrekvensar og dødsratar
FORSLAG TIL PLANPROGRAM
Reguleringsplan Fv. 7 Lussandberget aust Planprogram FORSLAG TIL PLANPROGRAM Region vest Ressursavdelinga Planseksjonen Dato: 2011-03-19 INNHALD 1 BAKGRUNN... 4 2 FØREMÅL MED PLANEN... 4 3 PLANOMRÅDE...
Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2
Tingvoll, 21.7.2016 Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1 Viser til brev av 4.7.2016, sak 2016/19-2 Vi merker oss at kommunen i alle fall har undersøkt Artskart og Naturbase for å gjere
Kva for kunnskapsgrunnlag skal til for å friskmelde ein vassførekomst? Seniorrådgjevar Tom Dybwad og seniorrådgjevar John Anton Gladsø Fylkesmannen i
Kva for kunnskapsgrunnlag skal til for å friskmelde ein vassførekomst? Seniorrådgjevar Tom Dybwad og seniorrådgjevar John Anton Gladsø Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Miljømål for vassførekomstar Det overordna
13. Sendetida på TV aukar
Kulturstatistikk 2004 Radio og TV 3. Sendetida på TV aukar Dei siste fire åra ser det ut til at folk brukte mindre tid på radiolytting og fjernsynssjåing. Samstundes har sendetida i TV auka, medan sendetida
Naturmangfaldlova i Førde kommune Kvar var vi og kor er vi i dag. Føredragshaldar: Oddbjørn Sellevoll Dato:
Naturmangfaldlova i Førde kommune Kvar var vi og kor er vi i dag Føredragshaldar: Oddbjørn Sellevoll Dato: 02.11.2016 Byggesak og arealforvaltning Plan, byggesak, landbruk, oppmåling, og gis Ei eining
Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning. Årgang 5 * Nr 1 * Mai 2007 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap
Faktaark Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 5 * Nr 1 * Mai 7 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap lder og vekst for aure frå Ullensvang statsallmenning
3)Q. Ti1N V E Pb.5091 Maj Oslo. Dyk. ref. Inger Staubo
3)Q Ti1N V E Pb.5091 Maj 0301 Oslo Dyk. ref. Inger Staubo Vedlagde høyringsuttale vedk. Øyane Kraftverk og Illvatnet pumpekraftverk vart forlagt men høyrer og til fråsegn av 29.oktober d.å sendt frå advokat
Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging
Side 1 av 5 1.0 Mål Målet med denne retningslinja er å kvalitetssikre korleis den enkelte skole skal førebygge og handtere vald og trusselhandlingar som elevar utøvar mot tilsette på skolane. 2.0 Omfang
Melding om oppstart av frivillig skogvern på Skarvatun i Kvinnherad
Sakshandsamar, innvalstelefon Magnus Johan Steinsvåg, 5557 2325 Vår dato 23.03.2015 Dykkar dato Vår referanse 2010/48811 432.0 Dykkar referanse Sjå adresseliste Melding om oppstart av frivillig skogvern
Saksnr. utval Utval Møtedato 011/16 Kommunestyret
Norddal kommune Arkiv: FE - 026 JournalpostID: 16/2027 Saksbehandlar: Tor Helge Stavdal Dato: 11.03.2016 Saksframlegg Kommunereform - ståstad og vidare prosess Saksnr. utval Utval Møtedato 011/16 Kommunestyret
Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -
Framandspråk i ungdomsskulen: Er fransk i fare? Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa Notat 1/2014 1 Utdanningsdirektoratet har publisert elevtal frå ungdomsskulen for skuleåret 2013 2014, sjå
Bestandsovervåking og skjøtselsplan for mnemosynesommerfugl Parnassius mnemosyne. Frode Ødegaard, Oddvar Hanssen og Kaare Aagaard
676 Bestandsovervåking og skjøtselsplan for mnemosynesommerfugl Parnassius mnemosyne Frode Ødegaard, Oddvar Hanssen og Kaare Aagaard NINAs publikasjoner NINA Rapport Dette er en elektroni sk serie fra
Erfaringar frå felles innsats for slåttemark, kystlynghei og haustingsskog i Hordaland.
Erfaringar frå felles innsats for slåttemark, kystlynghei og haustingsskog i Hordaland. Solveig Kalvø Roald, Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvern- og klimaavdelinga Øyvind Vatshelle, Fylkesmannen i Hordaland,
Tiltaksanalyse Første planfase Stryn Erfaring og behov framover. Foto Merete Farstad Foto Merete Farstad Foto: Merete Farstad Foto:
Tiltaksanalyse Første planfase Stryn Erfaring og behov framover Foto Merete Farstad Foto Merete Farstad Foto: Merete Farstad Foto: Merete Farstad, Sogn og Fjordane fylkeskommune Klif 11. september 2012
Førde, 14. mars 2015 John A. Gladsø Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Førde, 14. mars 2015 John A. Gladsø Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Vitenskapelig råd for lakseforvaltning Kva er Vitenskapelig råd for lakseforvaltning (VRL) Kva for oppgåver har VRL VRL sine vurderingar
BESTANDSPLAN FOR HJORT
BESTANDSPLAN FOR HJORT INSTEDALEN STORVALD 1 INNHALDSLISTE DEL 1 INNLEIING 1.1 Planområde.3 1.2 Planperiode.3 1.3 Hovudmål og delmål...3 DEL 2 STATUS OG VURDERINGAR 2.1 Hjorteviltstammas utbreisle og trekkforhold...3
Åkerriksa er en kritisk truet fugleart
Åkerriksa er en kritisk truet fugleart DET KAN VI GJØRE NOE MED NÅ! Fylkesmannen i Rogaland Åkerriksa er lysebrun og spraglete med brune og grå striper på hodet. Fuglens karakteristiske sang lyder som
FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Næringsseksjonen Arkivsak 201101622-5 Arkivnr. 146 Saksh. Imset, Øystein Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 19.05.2011 FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011 SAMANDRAG
Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016
Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016 Kommunikasjon, språk, tekst: «Tidlig og god språkstimulering er en viktig del av barnehagens innhold. Kommunikasjon foregår i et vekselspill mellom å motta og tolke
Fjellreven tilbake på Finse
Fjellreven tilbake på Finse Ville valper på vidda For første gang på et tiår kan du nå treffe vill fjellrev på Finse. Hvert år framover blir det satt ut 10-20 valper fra avlsprogrammet for fjellrev. Målet
Faktaark for artane. Slimjordtunge Geoglossum difforme (EN)
Faktaark for artane I figur 3-8 er dei seks foreslåtte artane vist med faktaark, som inneheld utbreiingskart, foto, kjenneteikn, utbreiing, økologi, internasjonal situasjon og kriteriedokumentasjon frå
Grunn. Telemark grense til Porsgrunn stasjon
Detaljplan/Regulering UVB Vestfoldbanen Grunn 00 Notat 13.04.10 RHE ØPH JSB Revisjon Revisjonen gjelder Dato: Utarb. av Kontr. av Godkj. av Tittel Antall sider: 1 av 9 UVB Vestfoldbanen Grunn arealer for
Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017
Spørjeskjema for elevar 5.-10. klasse, vår 2017 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går
KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?
KOMMUNEREFORM KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA? Resultat frå spørjegransking mellom innbyggjarane i bygdene 17. januar, 2016 Innbyggjarane i Norddal
MILJØBYRÅKRATEN SINE - KORLEIS TA OMSYN TIL DILEMMA I ENKELTSAKER ELVEMUSLING VED TILTAK? 14. november 2018 Annette Fosså
MILJØBYRÅKRATEN SINE DILEMMA I ENKELTSAKER - KORLEIS TA OMSYN TIL ELVEMUSLING VED TILTAK? 14. november 2018 Annette Fosså 1 Plan- og bygningslova som sektorovergripande verktøy Tiltak? (pbl. 1-6) PLAN-
Prosjektplan for DRAUMEPLASSEN
Prosjektplan for DRAUMEPLASSEN Samandrag No kan du og lokalsamfunnet ditt få prosjekthjelp og vinne pengar til å lage ein Draumeplass i naturen! Slik kan utlysinga av ein Draumeplass-konkurranse i Sogn
Kartlegging av hubro i forbindelse med vegprosjektet E39 Stord - Os
Ecofact rapport 529 Kartlegging av hubro i forbindelse med vegprosjektet E39 Stord - Os Sommaren 2016 Bjarne Homnes Oddane www.ecofact.no ISSN: 1891-5450 ISBN: 978-82-8262-527-2 Kartlegging av hubro i
Fiske etter anadrom fisk i sjø og vassdrag. Førde, 14. mars 2015 John A. Gladsø Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Fiske etter anadrom fisk i sjø og vassdrag Førde, 14. mars 2015 John A. Gladsø Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Laksefangstar i 2014 17,8 tonn avliva laks i Sogn og Fjordane 4,2 tonn i sjø 13,6 tonn i elv
Det er sett krav til støvreduserande tiltak og rapportering kvar månad.
Sakshandsamar, innvalstelefon Nina Vadøy, 5557 2316 Vår dato 07.10.2013 Dykkar dato 30.09.2013 Vår referanse 2012/9227 472 Dykkar referanse Trond Leganger Ragn-Sells AS Postboks 49 2001 LILLESTRØM Mellombels
Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane
Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane Frå 1. juli i år vert det innført eit nytt regelverk for regionalstøtte i EØS-området, noko som krev
FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 3. september 2013 NVE FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått ein mindre bit av den planlagde utbyggingsstrekninga 24.8.2013. Sjølv om vi ikkje gikk så
Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost
Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL
Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins
Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området BENT A. BRANDTZÆG OG AUDUN THORSTENSEN TF-notat nr. 1/2018 Tittel: Innbyggarhøyring
FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 2. september 2013 NVE FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs mesteparten av den planlagde utbyggingsstrekninga 24.8.2013. Vi har ei klart anna oppfatning
Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring
// Nedgang i sykepengeutbetalingene til selvstendig næringsdrivende Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring AV JORUNN FURUBERG SAMANDRAG Mange som avsluttar attføring kjem tilbake som yrkesvalhemma
BESTANDSPLAN. ovreguddal.storvald.com
BESTANDSPLAN Øvre Guddal Storvald 2011 2013 Innhaldsliste: Del 1: Innleiing...3 Planområde...3 Areal...3 Medlemmar...3 Planperiode...4 Hovudmål og delmål...4 Del 2: Status og vurderingar...5 Hjorteviltstammens
Småblank i øvre Namsen er truet av kraftutbygging. Ole Kristian Berg, Biologisk Institutt, NTNU Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Småblank i øvre Namsen er truet av kraftutbygging Ole Kristian Berg, Biologisk Institutt, NTNU Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet 1.Småblank eller namsblank? Aure eller småblank? 2.Biologi
Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage
Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell
År Tal born 102 millionar 69 millionar 59 millionar 59 millionar
Reale nøtter oppgåver Oppgåve 1: Levealder Forventa levealder er eit mål som ofte blir brukt for å seie noko om kor godt ein har det i eit land. I rike land lever ein lenger enn i fattige land. Grunnane
Forvaltning av truga og sårbare artar i Sogn og Fjordane
til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Forvaltning av truga og sårbare artar i Sogn og Fjordane Seniorrådgjevar Hermund Mjelstad Fylkesmannen, Miljøvernavdelinga Lirype: NT Kva er truga og sårbare
til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding
Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding Statens hus, 29.09.2016 Status nasjonalt og i nabofylka Landet: 138 kommunar har gjort vedtak om samanslåing 72 kommunar blir til 30 kommunar
RISIKO- OG SÅRBARHEITSANALYSE (ROS-analyse) FOR FURULY
RISIKO- OG SÅRBARHEITSANALYSE (ROS-analyse) FOR FURULY Aurland kommune, desember 2014, rev. juni 2015 Innhold Innleiing... 2 Analyse... 3 Radon:... 5 Naturmangfaldlova (NML) - vurdering... 5 Innleiing
Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 27.02.2017 19323/2017 Lillian Sæther Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 14.03.2017 Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal
2P-Y eksamen våren 2018 løysingsforslag
2P-Y eksamen våren 2018 løysingsforslag DEL 1 Utan hjelpemiddel Tid: Del 1 skal leverast inn etter 2 timar. Hjelpemiddel: Del 1 Vanlege skrivesaker, passar, linjal med centimetermål og vinkelmålar. Oppgåve
Risiko- og sårbarheitsanalyse for detaljereguleringsplan for Helsehuset i Øvre Årdal
Risiko- og sårbarheitsanalyse for detaljereguleringsplan for Helsehuset i Øvre Årdal Analysen er utarbeida av administrasjonen i Årdal kommune og høyrer saman med planomtale med føresegner og plankart
