Regulering av Instebotnvatnet Sesselva kraftverk
|
|
|
- Eivind Egeland
- 6 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Regulering av Instebotnvatnet Sesselva kraftverk Tilbakemelding på høyringsuttalar søkjar Sesskraft AS Bystøl AS/Agnar Fosse
2 Innhald: 1. Generelt 2. Kommentar til kvar høyringsuttale 1. Generelt Søknad om konsesjon etter vassresurslova om å regulere Instebotnvatnet, oppstraums inntaket for Sesselva kraftverk, i Tresfjorden Vestnes kommune, har vore ute på offentleg høyring. NVE har motteke 12 høyringsuttalar til søknaden og oversendt desse til søkjar, Sesskraft AS, for kommentar. Høyringsuttalane har vore gjennomgått av Bystøl AS, som tidlegare har utarbeidd søknaden om reguleringa på oppdrag for søkjar. Ein del av høyringsuttalane er lite grunngjevne og har eit stort innslag av kjenslemessig tilhøve til tiltaksområdet. Vi har valt å ikkje kommentere desse. 1
3 2. Kommentar til kvar høyringsuttale. 1. Vestnes kommune Hovudmoment høyringspart Vestnes kommune v/planutvalet rår at det vert gjeve løyve til regulering av Instebotnvatent. Vedtaket er grunngjeve med «vekt på allmenne verdiar som friluftsliv, landskap og samla belastninga for vassdraga i kommunen. Dei samla fordelane ved tiltaket er vesentleg mindre enn skadene og ulempa for allmenta sine interesser». For tema friluftsliv og landskap meiner sakshandsamar at inngrepet vil medføre at friluftslivet og allmenta sine interesser blir sterkt råka. (vurdert som middels/lite negativt av søkjar) For tema biologisk mangfald er sakshandsamar samd med søkjar om at tiltaket vil ha liten verknad. For fiskebestanden meinar sakshandsamar at ei regulering av vatnet på sikt vil vere negativt (for gyteforhold og næringstilgang) I saksutgreiinga står det (om minstevassføring på 270 l/s ved inntaket i Hoemselva) «At ei oppdemming av Instebotnvatnet skal sjåast som fordelaktig for å oppfylle eksisterande konsesjonsvilkår, er eit argument som ikkje gjer seg gjeldande. Kommentar søkjar Når det gjeld verdien av landskapet så er søkjar einig i at Instebotnvatnet ligg i eit storslagent og verdifullt fjellandskap. Verknaden av tiltaket vil først og fremst vere knytt til anleggsfasen. Denne vil gå over ein sesong. I driftsfasen meiner vi framleis at verknaden av tiltaket er middels/lite negativt. Vi meiner sakshandsamaren har innteke ein svært kritisk synsstad når konklusjonen hans er at friluftslivet og allmenta sine interesser vert sterkt råka. Trass alt vil vasstanden i Instebotnvatnet, også etter ei regulering, naturleg nok liggje på HRV i heile snøsmelteperioden som varer langt fram på sommaren. For å imøtekome friluftsinteressene kan det vere eit moment å redusere nedtapping av vatnet til kote 727 i tursesongen, perioden 1. juni til 31. august. Ein slik restriksjon vil ha moderat verknad for produksjonen. Tilhøva for fiskebestanden er vurdert i søknaden (i rapport for Biologisk mangfald). Konklusjonen deri er at gytetilhøva vert lite påverka av ei eventuell regulering. Vi kan ikkje sjå at saksutgreiinga kommunen er underbygd/dokumentert slik at konklusjonen vert annleis. Ved ei regulering vil ein samle vatn når avrenninga er stor og sleppe vatn når det er mindre tilsig. Når minstevassføringa i inntaket i Hoemselva er 2*5-persentil vassføring (270 l/s), vil det i periodar renne ut naturleg vassføring inntaket altså mindre enn 270 l/s. I søknaden har vi påpeikt at ved ei regulering vert det jamnare tilsig til inntaket i Hoemselva og at periodane med mindre 2
4 Hovudmoment høyringspart Kommentar søkjar enn 270 l/s vert kortare. Dette er eit faktum som sakshandsamaren ikkje har forstått eller valt å sjå bort i. Om verknaden for setjefiskanlegget nedstrums kraftstasjonen og vassforsyning skriv sakshandsamar «Å setje fram at ei oppdemming m.v. av Instebotnvatnet skal vere eit moment som er positivt for desse som følgje av at dagens drift i kraftverket er uheldig, finn adm.sjefen urimeleg» Oppdemming av Instebotnvatnet vil fordele vatnet i tid ved inntaket i Hoemselva. Ein samlar vatn i periodar med høgt tilsig og slepper det ut ved lite tilsig. Såleis vert det ei jamnare vassføring nedstraums stasjonen. I søknaden vert det trekt fram som positivt for vassuttaka for setjefisk og vassforsyning. Sakshandsamaren hevdar desse momenta er «uheldige» og finn dei «urimelege». Vi forstår ikkje kvifor momenta skulle vere uheldige eller urimelege. Som konklusjon seier sakshandsamar at «Etter ei heilskapleg vurdering, finn ein at fordelane ved tiltaket er vesentleg mindre enn skadane og ulempa for allmentas interesser.» Ikkje uventa vert sakshandsamaren sin konklusjon at fordelane ved tiltaket er vesentleg mindre enn skadane og ulempene for allmenne interesser. Men det som er halde fram som fordeler ved tiltaket kan vi ikkje sjå er lagt vekt på. Før endeleg avgjerd har Planutvalet fått ei framstilling av søknaden og verknadene ved tiltaket der dei negative verknadene er tillagt stor vekt og dei positive verknadene er ignorert/ikkje vektlagt. 2. Forum for natur og friluftsliv M&R (FNF) FNF er rår ei regulering av Instebotnvatnet «Ut landskapsomsyn, friluftslivsinteressene, biologisk mangfald og ei samla vurdering av konsekvensane av ei kraftutbygging, rår vi til at Sesselva kraftverk ikkje får utvida konsesjonen sin til å demme opp Instebotnvatnet.» FNF påpeikar at biologirapporten var skriven like etter at bygging av Sesselva kraftverk sto ferdig og at søknaden om regulering av Instebotnvatnet burde ha vore handsama samtidig med søknaden om kraftverket. FNF har i ei omfattande høyringsuttale konkludert med at dei rår i at det vert gjeve løyve til å regulere Instebotnvatnet. Dei viktigaste momenta dei byggjer det på er kommentert nedafor. Ein del udokumenterte påstandar og synspunkt er ikkje kommentert. Dei kjem også med påstandar om avvik i samband med bygging og drift av Sesselva kraftverk. Desse påstandane er heller ikkje kommentert. Då søknaden om Sesselva kraftverk vart sendt til NVE, og seinare handsama, var det ikkje planar om reguleringar i vassdraget. Regulering av vatnet vart vurdert seinare, ikkje minst etter at NVE oppmoda om å vurdere reguleringar som kan auke produksjonen i eksisterande kraftverk. 3
5 Hovudmoment høyringspart FNF skriv «det står fleire stader at føremålet med reguleringa av Instebotnvatnet er å sikre minstevassføringa». Kommentar søkjar Dette stemmer ikkje. Under pkt. 1.2 Grunngjeving for tiltaket, er det oppgitt at grunngjeving for søknaden er auka kraftproduksjon og at ei oppdemming vil føre til færre start-stopp ved anlegget. FNF hevdar at «gytinga foregår hovudsakleg i utløpsbekken. Oppdemming i utløpet som gitt i søknaden vil difor få store konsekvensar for aurebestanden i Instebotnvatnet» Dette er direkte feil. Gyting skjer i bekkar med innløp til vatnet og er kommentert i søknaden. Ei regulering er konkludert med å ha liten negativ verknad for gytinga. FNF skriv «I dei seinare åra har det vorte meir fokus på fossesprøytsoner og bekkekløfter. Sjølv små endringar i vassføring kan resultere i at artane forsvinn.» Det er ingen fossesprøytsoner eller bekkekløfter som i området mellom Instebotnvatnet og Inntaket i Hoemselva. Ei redusert vassføring i periodar med stort tilsig og tilsvarande slepp av vatn i periodar med mindre tilsig, er av biologen vurdert å ha liten eller ingen verknad for vasstilknytta plante- og dyreliv. FNF skriv «Vi er blitt fortalt at det er lom som hekkar ved Instebotnvatnet. Vidare er vi fortalt at den gamle registreringa av rovfugllokalitet er knytt til ein så sårbar art». Fugl er omtalt i søknaden. Det er ikkje registrert sjeldne eller truga artar. Regulering av vatnet er ikkje venta å ha negative verknader for fuglelivet i området. FNF etterlyser omtale av friluftsliv. («Vi leiter for å finne noko om friluftsinteressene i søknaden. Mangel på dette finn vi rart knytt til vårt samfunns auka fokus på folkehelse og friluftsliv»). Friluftsliv er omtalt under pkt FNF har skrive eit eige avsnitt om kor viktig Liafossen er for landskapsopplevinga i området. Tilhøva for Liafossen var viktig i samband konsesjonshandsaminga av Sesselva kraftverk. Det vart m.a. fastsett ei minstevassføring på 270 l/s (2*5-percentil) om sommaren. 3. Grunneigar Uren mfl. (grunneigarane på gardane Jemtegård, Grunneigarane meinar tiltaket er lite effektivt sett i høve til dei inngrepa ei regulering vil føre med seg. Sitat: «I utgangspunktet går difor grunneigarane inn for at prosjektet ikkje vert gjennomført» Grunneigarane rår ei regulering, men har gjeve konstruktive innspel til aktuelle vilkår dersom det vert gitt løyve. 4
6 Hoem og Fagervik) Hovudmoment høyringspart Kommentar til reguleringshøgder: Dersom konsesjon skulle bli gjeven, ber vi om at reguleringsnivået på 2 meter blir vurdert redusert for å gjere såra i naturen mindre. Vi ser det som særleg viktig at reguleringsintervallet i månadene juni, juli og august blir sett til maksimalt 1 meter. Dette vil redusere dei negative verknadene av tørrlegging visuelt sett. Kommentar søkjar Ei redusert LRV i sommarmånadane vart trekt fram og drøfta under sluttsynfaringa. Dette vil gi relativt liten reduksjon i tilleggsproduksjonen som følgje av reguleringa, og vi vil difor akseptere at LRV vert sett til kote 727 i perioden 1. juni til 31. august. Eventuelle negative verknader for fisk: «Dersom reguleringa fører til at fiskebestanden blir redusert eller døyr ut, må Sesskraft A/S sørgje for at det blir etablert ny bestand i vatnet etter ei fagleg vurdering. Dette må og gjelde ved eventuelle negative verknader i Urvatnet. Søkjar seier seg samd i at eit slikt vilkår vert sett. Fugl: Grunneigarane har opplysingar om observasjonar av fugl i området. Grunneigarane har god lokalkunnskap og observasjonane er med på å opplyse saka/søknaden. Vi ser likevel ikkje at dette endrar konklusjonen i søknaden (Det er ikkje registrert sjeldne eller truga artar. Regulering av vatnet er ikkje venta å ha negative verknader for fuglelivet i området) Omsyn til beitedyr viktig at, dersom prosjektet vert realisert, det blir etablert eit trygt kryssingspunkt for dyr (og folk) nedstraums dammen. Søkjar støttar dette. Vi går ut i at dette kan gjerast ved etablering av eit vad som er så breitt at vasstanden vert låg. 4. Brit Karen Vike (BKV) Utforming av dam og lukehus: Grunneigarane ser det som viktig at arbeidet blir utført slik at dammen fell mest mogeleg naturleg inn i terrenget både når det gjeld utforming og farge. På same måte er det viktig at lukehuset blir plassert så skånsomt som mogeleg i området og at dimensjonane på bygget, til dømes høgda, ikkje markerer seg meir enn naudsynt. Her vil også fargevalet vere viktig og vi ser det som naturleg at taket blir tekt med torv. BKV protesterer mot at det vert gitt løyve til regulering av Instebotnvatnet. Søkjar er einig i desse synspunkta. Dammen kan utførast i fargetilsett betong (mørk/koksgrå). Også lukehuset må få ei godt tilpassa utforming og gjerne torv på taket. Det vart også drøfta under sluttsynfaringa at lukehuset kunne byggast med eit utstikk slik at turgåarar vert tilbydd ein rasteplass under tak. Vi går ut i at alle desse tilpassingane vert ein del av detaljplanen for eit eventuelt anlegg. 5
7 Hovudmoment høyringspart Kommentar søkjar BKV nyttar området til turgåing og fisking. Ho meinar «området sin urørte kvalitet som gjer det verdifullt», og at installasjonane med dam, lukehus og mast for signaloverføring vil øydelegge dette. Friluftsliv er omtalt i søknaden pkt Vi meinar framleis at tilhøva for turbruk og fiske vert lite påverka. Det er viktig at dammen og lukehuset får ei godt tilpassa utforming. BKV har otte for korleis det biologiske mangfaldet vert påverka, spesielt Fjellvåk, som ho har sett fleire gonger i området. Vi har ikkje ytterlegare kommentar enn det som går fram av søknaden. Tiltaket vil ha liten negativ verknad for fuglelivet i området. BKV meinar tiltaket er negativt for sjeldne og truga moseartar, Snøsotmose og Skovlemose. Med omsøkt regulering, heving av vasstanden med 0,5 m og senking med 1,5 m, meinar vi tilhøva for mosane er ivaretekne. «Regulering av Instebotnvatnet vil ha innverknad på eit vassdrag som går fjell til fjord, berre for å kunne produsere kraft nok til 90 husstandar. Samtidig bygger ein ut straumforsyning til den nærliggande Sessetra og Daugstadsetra slik at vinninga går opp i spinninga». I samband med bygging av Sesselva kraftverk har lokalt e-verk lagt 22 kv straum fram til inntaka i Hoemselva og Sesselva. Vi går ut i at dette er gjort innafor e-verket sin områdekonsesjon. Tilleggsproduksjonen ved regulering av Instebotnvatnet er sjølvsagt uavhengig av straumforbruk i området. 5. Einar Martin Vike og Marit Årseth Vike E.M og M.Å. Vike er imot tiltaket. «Å ta til med inngrep i dette fjellområdet synes eg vil vere meiningslaust. Fjellområdet rund Instebotnvatnet, Trollvatnet, Måsvatnet og Urvatnet er eit lite, men verdifullt område i Vestnes kommune.» Dei seier det er observert Fjellvåk i området. Ei regulering av Instebotnvatnet ha negativ verknad for fiske i Urvatnet. Dette punktet er knytt til verdien av området for tur/friluftsliv. Vi meinar tiltaket i driftsfase har liten til middels negativ verknad for tur/friluftsliv. Det vert her trekt fram Trollvatnet, Måsvatnet og Urvatnet i same vurdering. Desse vatna vert ikkje påverka av tiltaket. Det er i søknaden vist til at rovfuglartar er registrerte i tiltaksområdet utan at dette er spesifisert. Det er ikkje registrert spesielle eller trua artar (Fjellvåk er ikkje trua art og vert lite eller ikkje påverka av omsøkt tiltak. Urvatnet ligg nedstraums Instebotnvatnet. Det er ikkje framført noko grunngjeving for påstanden om at fiske i Urvatnet vert påverka, og vi kan vanskeleg sjå ein slik samanheng. 6
8 Hovudmoment høyringspart Kommentar søkjar Dei meinar samfunnsnytten av at området får liggje urørt må vere mykje større enn tilleggsproduksjonen tiltaket gir. Sidan det er søkt om ei regulering er søkjar implisitt av ei anna oppfatning. 6. Direktoratet for mineralforvaltning 7. Daugstad og Vike utmarkslag - «DMF registrerer at inntaket til Sesselva kraftverk ligg innafor ein sand- og grusførekomst. Denne er av Noregs geologiske undersøking (NGU) registrert som lokalt viktig, og det er fleire stader innanfor førekomsten drevet uttak av masser.» - «Planlagde tiltak ser ikkje ut til å medføre ytterlegare beslaglegging av førekomsten enn det allereie eksisterande kraftverket. DMF har difor ingen merknader til søknaden om løyve til regulering» Utmarkslaget går inn for at prosjektet ikkje vert realisert. Dei ynskjer området bevart for rekreasjon og uforstyrra naturopplevingar. - Reguleringssona rundt vatnet vil verke skjemmande. Dam og signalmaster vil verke forstyrrande i naturbildet. - Påverka område er ikkje god nok undersøkt. Konsekvensane for fiskebestanden er ikkje godt nok utgreia. - Ingen kommentar. Påverka område er undersøkt av Bioreg AS, som har lang erfaring med kartlegging av biologisk mangfald i samband med m.a. vasskrafttiltak. Undersøkinga er utført slik vanleg praksis er i slike saker. - Det blir stilt spørsmål om korleis måling av minstevassføring skal utførast. - Det blir stilt spørsmål om korleis Sesskraft AS vil utføre vedlikehald transport av utstyr. Måling av mvf er planlagt utført og dokumentert i samsvar med NVE s retningslinjer. Det er vanskeleg å gi eit konkret svar på dette. Utgangspunktet er at tyngre utstyr må fraktast med Helikopter. 7
9 Hovudmoment høyringspart - Det er vist til at det i søknaden står at rypebestanden er låg denne vil varierer år til år. Kommentar søkjar Ja kommentaren i biologirapporten er nok knytt til tidspunktet (i fjor haust). Det viktigaste er at tiltaket ikkje er venta å ha negativ verknad for fuglelivet. - Det er kommentert observasjon av storlom og smålom samt ei ugle mest truleg ein hubro. Dette må sjåast på som supplerande opplysingar om fuglelivet i området. Det endrar ikkje konklusjonen om verknaden av tiltaket. 8. M&R Fylkeskommune 9. Naturvernforbun det i M&R - Dersom det vert gitt konsesjon har Utmarkslaget synspunkt på vilkår som bør stillast: Frakt av utstyr mest mogeleg med helikopter. Anleggsarbeid leggjast til hausten utafor hekkesesong. At dam vert steinsett med naturstein Muligheit for isfiske fell bort usikker is ved regulering. Lukehuset vert bygd med eit rom som er opent og som gir høve til overnatting for alle. At Sesskraft er behjelpeleg med frakt av båt til Instebotnvatnet for kultivering av fisk. God informasjon om tiltaket. At Sesskraft er behjelpeleg med frakt av materialer til gapa-huk ved Urvatnet. At Sesskraft vert pålagt ansvar for overvåking og tiltak for kultivering av fiskebestanden i Instebotnvatnet og Urvatnet. M&R Fylkeskommune har, ut sitt ansvarsområde (kulturminne), ingen merknad til søknaden om konsesjon. Dei ber om å få tilsendt detaljerte kart og planteikningar tidleg i detaljplanleggingsfasen. Naturvernforbundet er også representert ved Forum for natur og friluftsliv M&R (FNF). Dersom det vert gitt konsesjon for tiltaket er Sesskraft positive til at det vert god informasjon til interessentar i området og så langt som råd imøtekjem ynskjer/krav om praktiske tiltak. Nokre av dei nemde punkta går vi ut i vert eit vilkår ved evnt. konsesjon (som helikopterfrakt og arbeid utanfor hekkesesongen). Andre forslag til vilkår (som for eksempel lukehus med overnattingsrom) vil måtte avklarast med NVE då omfanget vil vere noko ut over det som er nødvendig for prosjektet. Eit slikt «overnattingsrom» vil likevel kunne ha verdi som eit hms-tiltak. Ingen kommentar. 8
10 Hovudmoment høyringspart Kommentar søkjar Det er ikkje gjort biologiske registreringar i elvestrekninga melom Instebotnvatnet og inntaket i Hoemselva. Dette var omtalt under sluttsynfaring. Problemstillinga er drøfta med Bioreg AS v/finn Oldervik, og med ei regulering som omsøkt er det svært lite sannsynleg at biologiske verdiar vert negativt påverka. Ei regulering av Instebotnvatnet vil påverke vassføringa nedstraums kraftstasjonen. Dette er ikkje utgreia. Vassføringa mellom Stasjonen og fjorden vert nokså moderat påverka. Nedbørfeltet som er omfatta av reguleringa utgjer ca 10% av nedbørfeltet ved inntakspunkta i Sesselva og Hoemselva. Flaumsituasjonen vert difor svært lite påverka. I lågvassperiodar vil ein typisk tappe vatnet, og vassføringa vert noko større enn naturleg. Det er difor grunn til å hevde at vassføringa mellom stasjonen og fjorden vert lite endra ved ei regulering og verknaden av dette er liten eller ingen for det biologiske mangfaldet. Øvrige moment i uttalen Naturvernforbundet er kommentert under tilsvarande kommentarar andre høyringspartar. 10. Kjell Arne Smisetfoss - Med tanke på at utløpsoset i Innstebotnen er ganske grunt, og at utløpselva har lite fall de første omlag 100 meterene, vil inngrepet bli atskillig større enn vist på figur i konsejonssøknad. Dette pga. av at eksisterende bunn i vannet og utløpselven må senkes for å oppnå en nedtappingshøyde 1,5m. I dette området må det da bygges forstøtning eller det må legges i rør. - Det er ikke undersøkt hvor langt ned det er til fast fjell, det er derfor usikkerhet rundt demningsforankring. Jordmassene ved den planlagte demningen består, som vi så av grus og sandmasser dårlig egnet til demningsforankring. Spunting kan da bli aktuellt til forankring, en metode som krever stort og tungt utstyr og gir større mulighet for terrengskader. Det stemmer at botn i elva etter utløpet Instebotnvatnet er grunt, og at dette ikkje er synleggjort på illustrasjon som fylgjer søknaden. Elvebotn Må senkast 1,5 0 m (rekna dammen og nedover). Sannsynlegvis beste måten er å leggje eit røyr eit stykke (har ikkje oppmålte høgder slik at lengda kan talfestast) m og deretter senke elvebotn 0,6 0 m. Det er registrert fjell ved utløpet, så det er venta at heile eller deler av dammen vert fundamentert på fjell. Vasstetting og stabilitet for dammen vil bli utført i betong. Det er vurdert som usannsynleg at spunting vil vere verken nødvendig eller praktisk mogeleg å få til. 9
11 Hovudmoment høyringspart - Urvatnet har et utløpsos med dybde på cm ved normalvannstand, det er derfor meget sannylig at det vil bli påvirket av en regulering av Instebotnen. Kommentar søkjar Vi forstår ikkje heilt synspunktet. Urvatnet vil bli svært lite påverka av reguleringa. I den grad det vert påverka vert vasstanden litt lågare i periodar med høg vassføring (når ein held tilbake vatn i Instebotnvatnet) og tilsvarande vert vasstanden litt høgare i periodar med låg vassføring (når ein tappar Instebotnvatnet). - Det ble under sluttbefaringa argumentert at et regulert Innstebotn vil være en sikkrere reservevannkilde til Vestnes Vasseverk, omlag til 14 dager ved fulle magasin ifølge konsesjonssøknad. Dette forutsetter at det magasinerte vannet ikke er benyttet til kraftproduksjon, hovedformålet for utbyggingen. Vi vil framleis hevde at ei oppdemming vil kunne auke vasstilførsla til kraftverket og dermed vassverket i tørkeperiodar (redusert flaumtap). Vassverket har vassuttak på innløpsrøyret før ventil og turbin. 11. Fylkesmannen i M & R Fylkesmannen vil sterk rå i i tillegg å regulere Instebotnvatn med bortføring av vatn elvedraga nedstraums. Vi går ut i at det skuldast ei misforståing eller skrivefeil men må påpeike at vatn ikkje vert «bortført» elva nedstraums. FM-M&R saknar utgreiing av vasslevande virvellause dyr som konkret grunnlag for uttale om denne delen av det biologiske mangfaldet. Fylkesmannen oppsummerer med at dei går imot søknaden og sluttar seg til kommunen si vurdering og konklusjon. Likeeins Naturvernforbundet i M&R sin argumentasjon. Dei gjentek at dei «sterk rå i å regulere Instebotnvatn med bortføring av vatn elvedraga nedstraums.» Det er elvestrekninga mellom Instebotnvatnet og Urvatnet der endring i vassføring vert merkbar. Mellom Urvatnet og inntaket i Hoemselva er det større tilsig bekkar og sideelv slik at vassføringa ver lite påverka av ei regulering. Mellom Instebotnvatnet og Urvatnet renn elva hovudsakleg på fjell og stein. Dersom her kan påreknast å finnast vasslevande virvellause dyr som vert negativt påverka av ei regulering er vi innstilt på å få gjennomført ei slik utgreiing. Vatn vert ikkje bortført elva nedstraums dammen. Sjå kommentar over. 10
12 Hovudmoment høyringspart Kommentar søkjar 12. Bergheim Fråsegna er identisk med segna Grunneigar Uren mfl. Sjå kommentar ovafor For søkjar Sesskraft AS Bystøl AS Agnar Foss 11
Vestnes kommune Fråsegn til søknad om å regulere Instebotnvatnet - Sesskraft AS
Vår dato 20.07.2018 2018/2551/LESA/431 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. seniorrådgivar Leif Magnus Sættem, 71 25 84 32 30.04.2018 Vår ref. NORGES VASSDRAGS- OG ENERGIDIREKTORAT (NVE)
FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 3. september 2013 NVE FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått ein mindre bit av den planlagde utbyggingsstrekninga 24.8.2013. Sjølv om vi ikkje gikk så
Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune
29.05.2016 Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune RØYRVIK KRAFT SUS NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo Dykkar ref.:
NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE
NVE, Postboks 5091 Majorstuen 0301 Oslo Dykkar dato: 12.01.2015. Vår dato: 18/4.2015 FLEIRE SØKJARAR- SØKNADER OM LØYVE TIL Å BYGGJE 7 SMÅKRAFTVERK I AURLAND,VIK, HØYANGER OG BALESTRAND KOMMUNAR Merknad
Søknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk
NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo 26.06.2019 Søknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk Grøvla Kraft AS ønskjer å auke slukeevna ved eksisterande anlegg elva Grøvla i Førde kommune
Endring av omsøkte planar i samband med søknad om konsesjon etter vassressurslova. 1. Justert hovudalternativ, inntak i Hoemselva på kote 325.
Sesselva kraftverk. Endring av omsøkte planar i samband med søknad om konsesjon etter vassressurslova. 0. Generelt På vegne av Sesskraft AS har Bystøl AS gjort ei vurdering av justeringar av konsesjonssøknaden
Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.
Førde, 26.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av
Stryn kommune Servicekontoret
Stryn kommune Servicekontoret Sogn og Fjordane fylkeskommune Vår ref: Dykkar ref. Dato: 16/2294-2/ FA-S11, HIST-10/1320 KAS 09.09.2016 Søknad om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for oppgradering
Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden
Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden Kraftverk eksisterande, planar og potensial Biologisk mangfald Sårbart høgfjell Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk
Regulering av Instebotnvatnet
Bakgrunn for vedtak Regulering av Instebotnvatnet Vestnes kommune i Møre og Romsdal fylke Tiltakshaver Sesskraft AS Referanse 201709239-22 Dato 26.04.2019 Ansvarlig Saksbehandler Øystein Grundt Rune Moe
FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 2. september 2013 NVE FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs mesteparten av den planlagde utbyggingsstrekninga 24.8.2013. Vi har ei klart anna oppfatning
FRÅSEGN SØKNAD OM BYGGING AV SANDÅA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE
Tingvoll, 21. april 2017 NVE FRÅSEGN SØKNAD OM BYGGING AV SANDÅA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Viser til dykkar ref. 201305202-8 Arkiv: 312 / 113.4Z Naturvernforbundet har nytta høvet til å bruke barmarksituasjonen
Hauge kraftverk i Stranda kommune i Møre og Romsdal - klagesak
Sunnmøre Ringmerkingsgruppe v/ Kjell Mork Soot Hareidsvegen 234 6060 HAREID Dykkar ref Vår ref 18/28- Dato 29. mars 2019 Hauge kraftverk i Stranda kommune i Møre og Romsdal - klagesak Noregs vassdrags-
Tilleggsutgreiing. for. Geitåni kraftverk. Voss kommune. Hordaland fylke
Tilleggsutgreiing for Geitåni kraftverk Voss kommune Hordaland fylke Voss 30.12.08 Innhald 1. Innleiing... 2 2. Alternativ utbyggingsløysing... 3 3. Alternativ vegløysing... 6 4. Anleggsdrift Ørevikelvi...
Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile
Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2017/3067-8 Hilde Kjelstrup Saksgang Saksnr Utval Møtedato Forvaltningskomiteen 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen
Skjema for dokumentasjon av hydrologiske forhold for små kraftverk
Skjema for dokumentasjon av hydrologiske forhold for små kraftverk Siktemålet med dette skjemaet er å dokumentere grunnleggjande hydrologiske forhold knytte til bygging av små kraftverk. Skjemaet skal
Arbeidsverkstad fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging
Arbeidsverkstad fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Gruppe 3 og 4 Landskap reiseliv og friluftsliv: Spørsmål til vurdering: A. Skal fylkesdelplanen peike ut område der det ved handsaming
HANDSAMING AV DISPENSASJON - 66/1 - GJENOPPBYGGING AV NAUST, HUGLO
Arkivref: 2013/2909-324/2014 Saksh.: Anne-Lise Næs Olsen Saksnr Utval Møtedato 11/14 Forvaltningsstyret 30.01.2014 HANDSAMING AV DISPENSASJON - 66/1 - GJENOPPBYGGING AV NAUST, HUGLO Framlegg til vedtak:
FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen
Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2
Tingvoll, 21.7.2016 Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1 Viser til brev av 4.7.2016, sak 2016/19-2 Vi merker oss at kommunen i alle fall har undersøkt Artskart og Naturbase for å gjere
Uttale til søknad: Eivindsvatn kraftverk og ombygging av inntak Eivindsvatn i Kvinesdal kommune, Vest-Agder
SAK 17/16 Uttale til søknad: Eivindsvatn kraftverk og ombygging av inntak Eivindsvatn i Kvinesdal kommune, Vest-Agder Utval Møtedato Sakshandsamar: Arbeidsutvalet i villreinnemda 14.06.16 Jarle Lunde Sira-Kvina
Tålegrensa er nådd. Sei nei til 6 småkraftverk i Masfjorden.
Naturvernforbundet Nordhordland Hoplandsjøen 74 5943 Austrheim 19. mai 2015 NVE Postboks 5091 Majorstua Oslo 1 Tålegrensa er nådd. Sei nei til 6 småkraftverk i Masfjorden. NVE har motteke søknader frå
Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl
Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2009/1692-9 Terje Natland Saksgang Saksnr Utval Møtedato Forvaltningskomiteen KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl Kvinnherad forvaltningskomite
ULVIK HERAD 5730 ULVIK
NVE-Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO ULVIK HERAD 5730 ULVIK Dykkar ref.: Vår ref.: 14/326-5/K2-S11/JAR Direkte innval: 56527055 Stad/Dato: 12.09.2014 SÆRUTSKRIFT: Fråsegn vedk. konsesjon
VIERMYR OG AUSTDØLA KRAFTVERK. Austdølvatnet sett mot nord BROSJYRE FOR ORIENTERING OM VIERMYR- OG AUSTDØLA KRAFTVERK
VIERMYR OG AUSTDØLA KRAFTVERK Austdølvatnet sett mot nord BROSJYRE FOR ORIENTERING OM VIERMYR- OG AUSTDØLA KRAFTVERK November 2010 INNLEIING Statkraft er eit statseigd kraftselskap som er Noregs største
Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU
Møteinnkalling Nærøyfjorden verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: Aurland Fjordsenter, e-post Dato: 20.03.2015 Tidspunkt: 09:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post [email protected].
BREMANGER KOMMUNE Sakspapir
BREMANGER KOMMUNE Sakspapir Styre, råd, utval Behandlingsdato Saksnr. Sakshands. Formannskapet 27.08.2015 069/15 IH Avgjerd av: Saksansv.: Inger Hilde Arkiv: K2-S11, K3-&13 Arkivsaknr.: 15/1236 Sigdestad
Søknad om konsesjon for uttak av grunnvatn til produksjon av Mineral vann.
Søknad om uttak av grunnvatn til produksjon av mineral vann. Sist endret: 11.01.2011 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo 05.07.2017 Søknad om konsesjon for uttak av grunnvatn til
Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 021/15 Formannskapet /15 Kommunestyret
Vik kommune Sakspapir «Sgr_Beskrivelse» «Spg_Beskrivelse» Saksnr Utval Møtedato 021/15 Formannskapet 05.03.2015 009/15 Kommunestyret 12.03.2015 Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Norvald Aase K2 - S11 14/772
Daleelva kraftverk i Gloppen kommune, Sogn og Fjordane fylke - søknad om løyve til utbygging - offentleg høyring
Noregs vassdrags- og energidirektorat N V E Adresseliste Region Vest Naustdalsvegen 1 B Postboks 53 6801 FØRDE 25 APR. 2008 Vår dato: Vår ref.: NVE 200802355-2 kti/oegr Arkiv: 312 /087 Dykkar dato: Dykkar
VATN OG AVLØP I KOVSTULHEIA-RUSSMARKEN
VATN OG AVLØP I KOVSTULHEIA-RUSSMARKEN Informasjonsskriv til hytteeigarar og utbyggarar innafor Kovstulheia-Russmarken Reinsedistrikt Foto: Oddgeir Kasin. Hjartdal kommune og Russmarken VA AS har som målsetting
Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr.
Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet 09.06.2015 044/15 Kommunestyret 18.06.2015 Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. 14/709-14 Reguleringsplan masseuttak Torvmo
SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE
SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE Utval Møtedato Saknr Komite Forvaltning 09.06.2016 055/16 Etne kommunestyre 21.06.2016 055/16 Sakshandsamar: Arkiv: Arkivsaknr Roar Bævre PlanID - 201406, GNR - 032/143, N -
KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER
Indre Sogn Vassområde Gaupne 31.01.2014 Aurland kommune v/ Bjørn Sture Rosenvold 5745 Aurland KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER Me har fått opplyst at miljøproblem knytt til vassdragsutbygging
Rapport 2007:02. Fiskeundersøking i Årsetelva, Ørsta kommune Miljøanalyser, rapport 2007:02 ISBN 978-82-92907-01-6
miljøanalyser Rapport 2007:02, Ørsta kommune Miljøanalyser, rapport 2007:02 ISBN 978-82-92907-01-6 miljøanalyser R a p p o r t 2 0 0 7 : 0 2 Utførande institusjon: Miljøanalyser Leira 6590 Tustna Kontaktpersonar:
Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU
Møteinnkalling Stølsheimen verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: Fjordsenteret, Aurland Dato: 30.09.2014 Tidspunkt: 11:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post [email protected].
3)Q. Ti1N V E Pb.5091 Maj Oslo. Dyk. ref. Inger Staubo
3)Q Ti1N V E Pb.5091 Maj 0301 Oslo Dyk. ref. Inger Staubo Vedlagde høyringsuttale vedk. Øyane Kraftverk og Illvatnet pumpekraftverk vart forlagt men høyrer og til fråsegn av 29.oktober d.å sendt frå advokat
Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel
Kommuneplan for Radøy delrevisjon 2018 konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel Bustader spreidd Område: Areal: Heile kommunen Opp til 5 Da Eksisterande planstatus: LNF Planlagt ny arealbruk:
Saksframlegg. Sakshandsamar: Svein Ålhus Arkiv: MTR 54/3 Arkivsaksnr.: 14/556-2
Saksframlegg Sakshandsamar: Svein Ålhus Arkiv: MTR 54/3 Arkivsaksnr.: 14/556-2 Dispensasjon - plassering av avløpsreinseanlegg - Hodlekve * Tilråding: Forvaltningsutvalet gjev med heimel i plan- og bygningslova
Uttale Søknad om løyve til å byggje 4 småkraftverk, og opprusting og utviding av eit kraftverk i Fyresdal kommune i Telemark
Sak 18/17 Utval Møtedato Sakshandsamar: Arbeidsutvalet i Villreinnemda 24.08.17 Jarle Lunde Uttale Søknad om løyve til å byggje 4 småkraftverk, og opprusting og utviding av eit kraftverk i Fyresdal kommune
Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.
Førde, 24.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av 19.11.2014
Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 007/16 Areal- og forvaltningsutvalet PS
Saksframlegg Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Kleppa, Torborg K2 - M12 15/1382 Saksnr Utvalg Type Dato 007/16 Areal- og forvaltningsutvalet PS 11.02.2016 HØYRING - SØKNAD OM LØYVE TIL Å BYGGJE SMÅKRAFTVERK
SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE
SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE Utval Møtedato Saknr Komite Forvaltning 08.09.2016 071/16 Sakshandsamar: Arkiv: Arkivsaknr Roar Bævre PlanID - 201402, N - 504 15/1726 2. gongs handsaming for del av detaljregulering
SAKSF RAM L E G G. Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Arkiv: MTR 141/49 Arkivsaksnr.: 18 / 3073
SAKSF RAM L E G G Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Arkiv: MTR 141/49 Arkivsaksnr.: 18 / 3073 Klagehandsaming, klage på dispensasjon frå landbruksføremålet i kommuneplanen, oppføring av hytte på Bersetno,
SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komité for kultur, miljø og /15
GISKE KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komité for kultur, miljø og 23.04.2015 036/15 tekniske saker Saksbehandler Arkiv Arkivsaknr Bjarte Friis Friisvold K2 - L12, PlanId - 13/217-56
VEDLEGG 4. Grøno kraftverk (konsesjonssøknaden s. 18):
a) VEDLEGG 4 Figur 1. Oversikt over dei fem planlagde utbyggingane i Valldalen. Lysegrøn line syner grensa for Hardangervidda nasjonalpark. (Kjelde: Søknad om konsesjon for Holdøla kraftverk, Småkraft
Rådgivende Biologer AS
Bergen, 19. august 2016 Enkel undersøking av elvemusling i Røyrvikelva, Kvam herad Bakgrunn Steinar Kålås I august 2015 kom det inn melding til Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) at det var sett
NAUSTDAL KOMMUNE RÅDMANNEN
NOTAT NAUSTDAL KOMMUNE RÅDMANNEN Dok. ref. Dato: AK/10/483-174/K1-143/ 06.11.2013 Vurdering av problemstillingar drøfta i planutvalet etter synfaring 10 oktober 2013 1. Byggehøgder framfor eksisterande
Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø
Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø Norges vassdrags- og energidirektorat Region Øst Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 0301 OSLO Melding om vedtak Vår ref Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2007/320/8/ Tor
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Noregs vassdrags- og energidirektorat Vassdragskonsesjonar Verkemiddel - miljøtiltak Siss-May Edvardsen NVE Region Vest NVE sine ansvarsområde - vassmiljø Ivareta miljøomsyn gjennom konsesjons- og revisjonshandsaming
Høyringsuttale Matlandselva kraftverk, Fusa kommune, Hordaland
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) Postboks 5091 Majorstuen 0301 Oslo Bergen, 29.06.2014 Høyringsuttale Matlandselva kraftverk, Fusa kommune, Hordaland Naturvernforbundet Hordaland (NVH) er sterkt
ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: S /658 Jørn Trygve Haug. UTV.SAKSNR.: UTVAL: MØTEDATO: 14/2 Arbeidsutvalet i villreinnemnda
UTTALE TIL FELLES HØYRING AV SØKNADAR OM UTBYGGING AV KRAFTVERK I DALADALEN, OVERFØRING AV VATN TIL LYNGSVATN OG NY TRAFO PÅ HELMIKSTØLEN, FORSAND OG HJELMELAND KOMMUNE. ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR:
Kraftverk i Valldalen
Småkraft AS er et produksjonsselskap som vart etablert i 2002. Fem selskap i Statkraftalliansen eig Småkraft: Skagerak Energi, Trondheim Energiverk, Agder Energi, BKK og Statkraft. Målet til Småkraft er
Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.
Førde, 23.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av 19.11.2014
Erverv av grunn ved Vangsnes vassverk for sikring av råvatn
Erverv av grunn ved Vangsnes vassverk for sikring av råvatn Rammevilkår for VA sektoren Bergen 24.04.2015 Agenda 1. Geografi og topografi 2. Historikk 3. Vassvegane på Vangsnes 4. Erverv 5. Erfaringar
INFORMASJON TIL TILTAKSHAVAR OG SØKJAR 30. juni 2015
Søknaden vert sendt til: Kva er ein dispensasjon? Ein dispensasjon er eit vedtak som inneber at det vert gjeve eit unntak frå reglar gjeve i eller i medhald av plan- og bygningslova (pbl). Dispensasjon
Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant
Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant Av Anders Stub og Ottar Haugen Anders Stub og Ottar Haugen er begge prosjektleiarar og rådgjevarar på Landbruks avdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland.
SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508
1 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508 Eirik N. Walaker, eigar av gnr. 176, bnr. 4, i Solvorn. Klage frå advokat Johannes Hauge over avslag på søknad om
Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00
Møteinnkalling Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: 02.05.2017 Tidspunkt: 09:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post [email protected]. Vararepresentantar
Utbetring av sikt i kryssa mellom rv. 55 og Leitevegen-Henjavegen. Saksutgreiing REGULERINGSPLAN. Rv. 55 Sognefjordvegen Leikanger kommune
REGULERINGSPLAN Saksutgreiing Ruthild Oertel Utbetring av sikt i kryssa mellom rv. 55 og Leitevegen-Henjavegen Rv. 55 Sognefjordvegen Leikanger kommune Region vest Leikanger, R.vegktr 11.november 2014
