Presentasjon av medliturgar i gudstenesta

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Presentasjon av medliturgar i gudstenesta"

Transkript

1 Liturgiske byggeklossar til å integrere den verdsvide kyrkja i gudstenesta. I det følgjande finn du framlegg til liturgiske ledd som høver til misjonsmarkeringa. Tenk igjennom og legg til rette for at dette kan bli ei gudsteneste som involverer mange; barn, ungdom, gjestar, kor, representantar frå misjonsorganisasjonar foreiningar, søndagsskule etc. Engasjer gjerne grupper i kyrkjelyden til pynting. Barn kan gjerne dekorere og lage teikningar som pryde gudstenesterom og våpenhus. Gudstenesterommet Gudstenesta kan innleiast med opningsord der liturgen står ved døypefonten, og minner kyrkjelyden om at dei i dåpen vart teikna med krossteiknet. Krossen har 2 kryssande liner. Den vertikale minner om at vi ved dåpen er gjort til Guds barn, grunnfesta i Jesu forsoning (Gåva). Den horisontale minner om at vi er døypt til eit liv i teneste for Gud og andre (Oppgåva). Begge liner høyrer med. Er det dåp kan dei to aksane vere disposisjon for kort preike om dåpen. Det kan også leggast til rette for dåpspåminning i starten av gudstenesta. Døypefonten bør vere godt synleg, sjølv om det ikkje er dåp. Inngangsord Den som har høve til det kan gjerne nytte lysglobe: Lyset i midten kan tennast og minne om Jesus, som lyset for verda. Det kan tennast eit lys for vår eigen kyrkjelyd. Det kan tennast eit lys for vår misjonsavtale, utsendingar frå kyrkjelyden, osb. Lystenninga kan avsluttast med følgjande ord: Tenninga av lys minner oss om vår einskap med den verdsvide kyrkja. Det utfordrar oss til omsorg, ansvar og fellesskap med verda. Det kallar oss til å fullføre det oppdrag Kristus gav oss; å bere Han, lyset for verda, fram til alle. Presentasjon av medliturgar i gudstenesta Barn, ungdom, gjestar, kor, representantar frå misjonsorganisasjonar foreiningar, søndagsskule etc. kan gjerne vere med å tenne lys til innleiing og deretter bli presentert. Syndsvedkjenning Alt. a) NoS 710,1v.: Vi rekker våre hender frem som tomme skåler. Kom til oss Gud, og gi oss liv fra kilder utenfor oss selv. (Sjå Glorialeddet under). Alt. b) L: Lat oss bøye oss for Gud. K: Vi vedkjenner for deg, Heilage Gud, at vi ofte berre ser det vi vil sjå, og berre høyrer det vi vil høyre. Tilgi oss at vi sjeldan bryr oss om den naud og smerte som 1

2 rammar andre. Tilgi oss at vi ikkje hindrar diskriminering og fordømming av menneske. Tilgi oss at vi ikkje nyttar våre krefter til å spreie evangeliet ut til alle. Alt. c) Den vanlege syndsvedkjenninga frå høgmesseliturgien Kyrie S97: 154, 156, 92 Syng håp s for fleire alternativ Gloria Alt. a) NoS 710 v. 2 ff, (Sjå syndsvedkjenninga over). Alt. b) Nos 943 Måne og sol med liturgisk innleiing frå Familiegudstenesta Alt. c) NoS 187 Deg være ære Alt. d) Den vanlige Gloria i høgmesseliturgien Samlingsbøn, kollektbøn Vil ein forme eiga samlingsbøn/kollektbøn, kan element frå kollektbøner i openberringstida også nyttast. Framlegg for familiegudsteneste: Treeinige Gud, vi kjem saman i ditt hus og stiller oss fram for deg. Far, du vil at alle skal finne ein heim her hjå deg. Jesus, du sender oss til alle menneske i heile verda. Du Heilage Ande kallar oss til fellesskap og glede. Vi takkar og lovar deg for din store kjærleik til alle mennesker. Opne hjarto våre så vi kan ta imot det du vil tale til oss. Amen Lesetekstar Der ein har framandspråklege gjestar kan ein vurdere å lese ein av tekstene på det aktuelle språket. Då tilrår vi at teksten blir trykt på norsk i programmet. Truvedkjenning Framlegg til innleiing: Lat oss samen med heile den verdsvide kyrkja vedkjennast vår heilage tru. Preiketekst Til preiketekstene ligg vedlagt tekstgjennomgåing frå Luthersk kyrkjetidene over sundagane i openberringstida. 2

3 Kunngjering Viktig at ein på denne søndagen nytter høvet til å informerer om kyrkjelyden sin misjonsavtale og dagens misjonsoffer. Nemn gjerne også nokre bøneemnar som kyrkjelyden kan ta med heim og be for. Sett dei gjerne ned på eit ark, og del dei ut ved utganga når gudstenesta er slutt. Forbøner/bønevandring Alt. a) Framlegg til Forbønn IV Forbønsleiar: Når vi no er samla i Jesu namn, så lat oss etter hans ord og lovnad be for kyrkjelyden vår og for Guds folk over heile jorda. 1. (Dette er framlegg. Arbeid gjerne med eigne tema). - dei som skal døypast i dag - borna og dei unge i kyrkjelyden - dei som er kalla til leiaransvar i kyrkja og misjonsorganisasjonane - alle frivillige medarbeidarar - rett bruk av våre ressursar slik at stadig fleire vedkjenner Jesus som herre og frelsar - misjonærane - misjonsprosjektet/vennskapskyrkjelydar - fornying av misjonsarbeidet L: Himmelske Far, du som har gjeve oss ein heim i de kyrkje på jorda, vi bed deg, hald oss oppe i ei sann tru, så vi alltid lever i samfunn med deg, og i ord og gjerning ærar ditt namn, ved Jesus Kristus, vår Herre. Framlegg bønesvar: Høyr vår bøn Syng Håp nr 33 (Iver Kleive) Forbønsleiar: Lat oss be for folket vårt og for dei som styrer og har ansvar i samfunnet. 2. (Dette er framlegg. Arbeid gjerne med eigne tema). - statsmenn og leiarar i alle land - dei folkevalde lokalt og sentralt i vårt land - leiarar i industri og næringsliv - lærarar i lokalmiljøet L: Himmelske Far, verna i nåde om folk og fedreland. Velsigna kongen og hans hus, og gjev visdom og kraft til alle i ansvarsfulle stillingar, så dei kan gjere si gjerning til ære for deg og til signing for folket, ved Jesus Kristus, vår Herre. 3

4 Framlegg bønesvar: Høyr vår bøn Syng Håp nr 33 (Iver Kleive) Forbønsleiar: Lat oss be for dei som har kome ut for sjukdom og ulykker, for alle einsame og for dei som har tungt å bera 3. (Dette er framlegg. Arbeid gjerne med eigne tema). - dei som søkjer forbønn - fornying av vår omtanke for medmenneske rundt oss - aktuelle katastrofar - offer for menneskehandel L: Miskunnsame Gud, du som i kjærleik tek deg av alle dine skapningar, vi bed deg, høyr vår bøn for alle som er i naud og trengsel, og for dei som strir med døden. Fri dei frå motløyse og fortviling. Styrk dei i lidinga, og lat dei få kjenna din nådige hjelp, ved Jesus Kristus, vår Herre. Framlegg bønesvar: Høyr vår bøn Syng Håp nr 33 (Iver Kleive) Forbønsleiar: La oss be om fred i verda og om rettferd og fridom for alle menneske. 4. (Dette er framlegg. Arbeid gjerne med eigne tema). - dei som lid for evangeliet si skuld - kristen einskap - kyrkjeleg freds- og forsoningsarbeid (t.d. dei palestinske kyrkjene) - statsmenns vilje til å fremje rettferd og fred - aktuelle internasjonale kriser L: Himmelske Far, miskunne seg over vår angstfylde verd. Hjelp oss så vi ikkje vert skuld i ufred og strid, men lever saman i fred og etter din vilje, til du gjer alle ting nye, ved Jesus Kristus, vår Herre. Framlegg bønesvar: Høyr vår bøn Syng Håp nr 33 (Iver Kleive) Når det ikkje er dåp eller nattverd sluttar forbøna med Herrens bøn. Alt. b) Framlegg til Bønevandring I Bruk god tid til å førebu bønevandringa saman med alle medarbeidarane i gudstenesta. Ta omsyn til kyrkjerommet kvar ein kan plassere stasjonar og korleis ein kan bevege seg i rommet. Syt for at det ikkje skjer for mykje oppe ved alteret. Kyrkjelyden må få god informasjon på forhand, anten ved innbyding til gudstenesta, i velkomstorda og/eller i det trykte gudstenesteprogrammet. Det er viktig å understreke at vandringa er eit tilbod, og at ein gjerne kan bli sitjande i benken. 4

5 Undervegs i vandringa bør det vere dempa orgelmusikk. Eksempel på stasjonar i bønevandringa: dåpspåminning ved døypefonten bønekrukke ein kan skrive bønelappar, og borna kan teikna bøne lystenning- bruk gjerne lysgloben som ein stasjon der vi ber for den verdsvide kyrkja, eller for personlege behov. Eigen stasjon for misjonsprosjekt; bruk bilete, gjenstand frå det aktuelle landet (om ein har) og lag aktuelle bønneemne for prosjektet, kanskje i form av lappar ein kan ta med heim, og bære med seg i kvardagen På gusteneste utan nattverd skal bønevandringa avsluttast med Herrens bøn. Alt. c) Framlegg til Bønevandring II utan nattverd under takkoffer Dersom ein nyttar Forbøn IV kan leiaren av forbøna legge til i det 4.leddet: Forbønsleiar: Lat oss samstundes i takk og tilbeding bere fram våre takkegåver. Nytt gjerne lysgloben eller bønealtaret (eller andre bønestasjonar) og ber fram dine bøner der, under takkofferet. Du er sjølvsagt fri til å bli sitjande i benken som før. Offring og bønevandring skjer til svak orgelmusikk Den som leier bøna, hentar bønekrukka, gir henne til liturgen Den som leier bøna, hentar deretter offerkorga og gir henne til liturgen Liturgen går til altaret og lyfter først opp bønekrukka. Forbønsleiar: Lat oss løfta opp til Gud alle våre bøner. Stille bøn. L: I dine gode hender, Gud, legg vi alt og alle, som vi no har bedt for i Jesu Kristi namn. Liturgen lyfter deretter opp offerkorga. Forbønsleiar: Lat oss be for takkofferet. Stille Bøn. L: Himmelske Far, alt det vi eig, høyrer deg til. Velsign desse gåvene, så dei kan verta til gagn for ditt rike og vår neste, for Jesu Kristi skuld. K: Herre høyr vår bøn. Amen Fadervår blir leia av liturgen frå alteret. Alt. d) Framlegg til Bønevandring III ved nattverdgang (Informasjon frå lesepulten under kunngjeringa) I dag inviterer vi til bønevandring samtidig med nattverdmåltidet. Her framme ved altarringen kan du bøye kne og ta imot Herrens nattverd. Ved lysgloben kan du tenne lys og be for ein du er glad i ein som er sjuk noko du treng hjelp til dei som lid for evangeliet si skuld kristen einskap kyrkjeleg freds- og forsoningsarbeid Ved bønekrukka kan du skrive dine bøner og legge dei i krukka. Du er sjølvsagt fri til å bli sitjande i benken som før. 5

6 ( Etter tilseiingsorda etter nattverdutdelinga hentar Tekstlesar/den som leier forbøna bønekrukka, gir henne til presten og går til lesepulten og innleier til bøn medan presten løfter opp bønekrukka ) Forbønsleiar: Lat oss løfta opp til Gud alle våre bøner. L: I dine hender gode Gud, legg vi alt og alle, som vi no har bedt for, i Jesus Kristi namn. (Deretter bed presten takkekollekten for nattverden) Nattverden Brødet som vi bryter og deler, er eit vakkert misjonsmotiv hjelp kyrkjelyden til å sjå det! Nattverden er rik på innhald og motiv. Det er eit himmelvend måltid og eit styrkemåltid på veg ut i kvardagen. Her mottar vi Guds nåde på ein synlig måte. Jesus deler seg sjølv med oss. Brødet som vert brote, synliggjer det som skjedde med vår Herre. At han gav seg sjølv for oss. Jesus Kristus døde og stod opp. Denne bodskapen gjeld alle menneske. Som mottakar av dei gåver Gud har gjeve oss, blir vi kalla til å dele dei. Vi går ikkje einsame ut i kvardagen. Kristus er med oss, og han ønsker gjennom oss å bringe livets brød ut til mennesker som trenger det. Utgangsord Refleksjon over Ite missa est. Ordrett betyr det oversett: "Gå, det er sending". Høgmessa hentar sitt namn frå "missa." Misjon kjem frå same rota. Missa - messe - misjon. Kvar gudsteneste er misjon. Gudstenesta er staden der vi samlast og deler kristent fellesskap, vedkjenning, tilbeding, Ordet og bordet og tilslutt blir vi sendt ut. Vi blir sendt ut til kvardagen til kvar vår stad for å vere kyrkje der. Vi blir sendt ut for å tene, for å dele Kristus med alle. Gå i fred ten Herren med glede. Salmeframlegg Det er eit eige avsnitt i den nye salmeboka (NS-13) over salmar for både Kristi Openberringsdag(88-92) og Openberringstida (93-107). Det finns også tematiske oversikt over salmar frå den verdsvide kyrkja på side 1418 i NS- 13. Det finnes også mange spesifikke misjonsalmer. Vi nemner fylgjande: NS NS NS NS NS Kristus er verdens lys Deg å få skoda Guds kirkes grunnvoll ene Reis deg Guds menighet Rop det ut med hjertets jubel 6

7 NS NS NS NS NS NS NS NS NS NS NS NS Når vi deler det brød som du oss gir Jesus, ja han alene Himmelen tonar av lovsong Cantai ao Senhor/Kom syng for vår Gud Din rikssak Jesus være skal Åkrane kvitnar mot hausten Der det nye livet lever Hører du den hemmelige sangen Slik som min Fader sendte meg Gå du med oss for vegen er lang. Fordi han kom og var som morgenrøden Det er navnet ditt jeg roper /Kallet Barnesalmeboka: 146 Kum ba yah, my Lord 150 Fortell dem om mitt rike 152 Jeg vil være med å si det høyt til alle 155 Lyset er kommet til verden 285 Alle barn kan komme 7

Presentasjon av medliturger i gudstjenesten

Presentasjon av medliturger i gudstjenesten Liturgiske byggeklosser til å integrere den verdensvide kirke i gudstjenesten. Her finner du forslag til liturgiske ledd som passer til misjonsmarkeringen. Tenk igjennom og legg til rette for at dette

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera

Detaljer

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID I. samling 1 Førebuing Kyrkjerommet kan vera ope ei stund før gudstenesta, med høve til å tenna lys og sitja stille,

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera stille

Detaljer

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD 1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD I. SAMLING 1. FØREBUING Kyrkjerommet er ope ein halv time før gudstenesta, med høve til å tenna lys, sitja stille i ettertanke og bøn. Ei krukke for skrivne

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera

Detaljer

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen. ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 4. Forenkla gudsteneste utan nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse)

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse) ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse) I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss

Detaljer

Til framstellinga kan ein knyta lystenning eller andre enkle symbolhandlingar.

Til framstellinga kan ein knyta lystenning eller andre enkle symbolhandlingar. Bøner til gudstenestene i konfirmasjonstida Kyrkjerådet har i februar 2002 i samsvar med reglane for liturgisaker vedteke nye bøner for gudstenestene i konfirmasjonstida som liturgisk forsøkssak. 1. GUDSTENESTE

Detaljer

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Velkomsthelsing. Leiar: Forsamlinga skal i dag ta imot dette barnet (bruk gjerne namnet). Vi gjer dette med glede og i bevissthet om det ansvaret dette legg på

Detaljer

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta Ei høyring om Justering av hovudgudstenesta vart sendt ut 10. januar med høyringsfrist til 10. april. Høyringsforslaget ligg føre berre på bokmål,

Detaljer

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje Tingnes kirke el møtt til Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke I Gudstenesta kjem vi saman for å søkja Gud. Gud tener oss, og vi blir rusta til teneste for kvarandre. Gud vil ha fellesskap med oss.

Detaljer

Vigsling til andre tenester

Vigsling til andre tenester ORDNING FOR Vigsling til andre tenester Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Denne ordninga kan brukast ved vigsling til tenester i kyrkjelyd og kyrkje, ulike typar stillingar eller frivillig

Detaljer

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert ORDNING FOR Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Innsetjingshandlinga byggjer på ordinasjon. Til tenesta med Ord og sakrament (hyrdingtenesta)

Detaljer

ORDNING FOR KONFIRMASJON

ORDNING FOR KONFIRMASJON ORDNING FOR KONFIRMASJON NYNORSK INNHALD KVA ER KONFIRMASJONEN?... 2 MÅLSETJING FOR KONFIRMASJONSTIDA... 2 KONFIRMASJONSHANDLINGA... 2 ORDNING FOR KONFIRMASJON... 3 Godkjent av Hovudstyret mai 2011. 1

Detaljer

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme ORDNING FOR Vigsling av misjonær Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Denne ordninga vert bruka ved vigsling til teneste som misjonær i kyrkja vår. 2. Vigslinga går føre seg i ei gudsteneste

Detaljer

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

VELSIGNING AV HUS OG HEIM KR 15.4/12 VELSIGNING AV HUS OG HEIM 1 Denne liturgien kan brukast når folk bed presten eller ein annan kyrkjeleg medarbeidar om å koma og velsigna den nye heimen deira. 2 Dersom presten blir beden om

Detaljer

ORDNING FOR GUDSTENESTER I KONFIRMASJONSTIDA. Gudsteneste med presentasjon av konfirmantar som høyrer til i kyrkjelyden

ORDNING FOR GUDSTENESTER I KONFIRMASJONSTIDA. Gudsteneste med presentasjon av konfirmantar som høyrer til i kyrkjelyden ORDNING FOR GUDSTENESTER I KONFIRMASJONSTIDA KR 26.1/19 Gudsteneste med presentasjon av konfirmantar som høyrer til i kyrkjelyden Når konfirmasjonstida tek til, blir konfirmantane i kyrkjelyden presenterte

Detaljer

modell for vedtak om lokal grunnordning

modell for vedtak om lokal grunnordning modell for vedtak om lokal grunnordning elektronisk versjon: www.gudsteneste.no Sjå forklaringa til dei enkelte elementa i avsnitta A K nedanfor i kapittelet «Kva avgjersler skal soknerådet ta?», side

Detaljer

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B ORDNING FOR Vigsel Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå bryllaupsfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda, og det kan vera tillegg til handlinga

Detaljer

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står.

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står. Kvardagsmesse Kapellet, Domus Theologica L: Liturg leiar, ML: Medliturg, K: Kyrkjelyd, A: Alle Samling Inngangssalme. Alle står. Inngangsord L: I namnet til den treeinige Gud: vår Skapar, Frigjerar og

Detaljer

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste ORDNING FOR Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Til tenesta med Ord og sakrament (hyrdingtenesta) kallar og ordinerer

Detaljer

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE MED NATTVERD

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE MED NATTVERD 1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE MED NATTVERD I. SAMLING 1. FØREBUING Kyrkjerommet er ope ein halv time før gudstenesta, med høve til å tenna lys, sitja stille i ettertanke og bøn. Ei krukke for skrivne

Detaljer

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

Ordning for dåp i hovudgudstenesta Vedlegg til KR-sak 41/15 Revisjon av dåpsliturgien KR 41.2/15 Omsetjing til nynorsk av NFGs framlegg til revidert Ordning for dåp i hovudgudstenesta, vedteke i møtet 18.juni 2015 Ordning for dåp i hovudgudstenesta

Detaljer

Vigsling av evangelist

Vigsling av evangelist ORDNING FOR Vigsling av evangelist Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Denne ordninga vert bruka ved vigsling til teneste som evangelist i kyrkja vår. 2. Vigslinga går føre seg i ei gudsteneste

Detaljer

Melodi til Gloria kan variere. Gloria utgår i advents- og fastetiden.

Melodi til Gloria kan variere. Gloria utgår i advents- og fastetiden. EUKARISTIEN DEN HELLIGE MESSE Menighetsagende for SKG-Region Vest. Se Hymnarium for musikk til messeleddene. Menighetssvar med fet skrift. MESSENS INNLEDNING INNTOG MED SALME INNGANGSORD +I Faderens og

Detaljer

Innleiande ritar. Syndevedkjenninga

Innleiande ritar. Syndevedkjenninga Norsk Den hellige Messe Innledende riter I Faderens og Sønnens og Den Hellige Ånds navn. Vår Herres Jesu Kristi nåde, Guds kjærlighet og Den Hellige Ånds samfunn være med dere alle. Og med din ånd. Nynorsk

Detaljer

VELSIGNELSE AV HUS OG HJEM

VELSIGNELSE AV HUS OG HJEM KR 15.3/12 VELSIGNELSE AV HUS OG HJEM 1 Denne liturgien kan brukes når folk ber presten eller en annen kirkelig medarbeider komme og velsigne deres nye hjem. 2 Dersom presten blir bedt om å komme til hus

Detaljer

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SUNDAG Morgonbøn (Laudes) SUNDAG Morgonbøn (Laudes) Inngang L Herre, lat opp mine lepper! A Så min munn kan lovprisa deg. A no og alltid og i alle Song Sal 93 I Herren råder, * han har kledd seg i høgd. II Herren har kledd seg

Detaljer

Foreløpig ordning for Hovedgudstjeneste i Flakstad og Moskenes menigheter. L = Liturg (prest), ML = Medliturg (tekstleser, andre), A = Alle

Foreløpig ordning for Hovedgudstjeneste i Flakstad og Moskenes menigheter. L = Liturg (prest), ML = Medliturg (tekstleser, andre), A = Alle I. SAMLING 1 Forberedelse Foreløpig ordning for Hovedgudstjeneste i Flakstad og Moskenes menigheter L = Liturg (prest), ML = Medliturg (tekstleser, andre), A = Alle Klokkeringing Informasjon om dagens

Detaljer

Ordning for hovedgudstjeneste Modum menighet

Ordning for hovedgudstjeneste Modum menighet Ordning for hovedgudstjeneste Modum menighet I. Samling 1 Forberedelse Der det er praktisk mulig ønsker vi at: Kirkerommet kan være åpent en stund før gudstjenesten, med anledning til å tenne lys og sitte

Detaljer

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,

Detaljer

Vedtak om lokal grunnordning

Vedtak om lokal grunnordning Vedtak om lokal grunnordning Sjå elektronisk versjon: www.gudsteneste.no Lokal grunnordning førebels vedteken av sokneråda Imsland, Vikedal og Sandeid i møte 5. juni 2012. Dei fire ulike strukturane for

Detaljer

I. samling 1 Førebuing

I. samling 1 Førebuing STRUKTUR FOR TEMAGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID I. samling 1 Førebuing Kyrkjerommet kan vera ope ei stund før gudstenesta, med høve til å tenna lys og sitja stille,

Detaljer

1. ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA

1. ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA 1. ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA I. SAMLING 1. FØREBUING Kyrkjerommet er ope ein halv time før gudstenesta, med høve til å tenna lys, sitja stille i ettertanke og bøn. Ei krukke for skrivne forbønsynskje

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Med takk og glede tek kyrkjelyden imot barnet/borna som i dag er i Guds hus for å bli døypt/døypte.

Med takk og glede tek kyrkjelyden imot barnet/borna som i dag er i Guds hus for å bli døypt/døypte. KM 06.1.2/10 Dåpsliturgi i hovudgudstenesta - til Kyrkjemøtet 2010 I. MOTTAKING TIL DÅP Dåpssalmen kan ein syngja her, før skriftlesinga, før framseiing av forsakinga og trua som avslutning på dåpshandlinga.

Detaljer

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017 Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017 Vedteke av Kyrkjemøtet 2017 Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske

Detaljer

ORDNING FOR HØGMESSE MED DÅP

ORDNING FOR HØGMESSE MED DÅP ORDNING FOR HØGMESSE MED DÅP Vangskyrkja på Voss I. samling 1 Førebuing Kyrkjerommet skal vere ope ei stund før gudstenesta, med høve til å sitja i stille, i ettertanke og bøn. Klokkeringing Tre klokkeslag

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

ÅRSPLAN(TRUSOPPLÆRING Kvar%T'dag%er%merka%med%"T"%og%nummer,%samt%"S"%(for%Stord%kyrkjelyd)%eller%"N"%(for%Nysæter%kyrkjelyd) T14%er%ikkje%sett%inn%,%fordi%den%er%sett%saman%av%ei%rekkje%med%hendingar%over%eit%heilt%skuleår.%Det%pregar%likevel%oppsettet%av%andre%T'dagar,%t.d.%ved%at%det%er%liten%aktivitet%i%april/mai%som%er%tida%for%konfirmasjonar%hos%oss.

Detaljer

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus. ORDNING FOR Gravferd frå kyrkje eller krematorium 1 Klokkeringing Medan det vert ringt saman, tek liturgen plass i koret. 2 Preludium Som preludium kan det framførast høveleg instrumentalmusikk, korsong

Detaljer

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

VELSIGNING AV HUS OG HEIM VELSIGNING AV HUS OG HEIM Liturgien for Velsigning av hus og heim er vedteke av Kyrkjemøtet 16. april 2013 med heimel i Lov om Den norske kyrkje 24, andre leddet. 1 Denne liturgien kan nyttast når folk

Detaljer

Gudsteneste. Redigert av Kjetil Kringlebotten

Gudsteneste. Redigert av Kjetil Kringlebotten Gudsteneste Redigert av Kjetil Kringlebotten Denne gudstenesta er laga etter mål av ei rekke forskjellige liturgiar: Den nattverdsgudstenesta som vert brukt på NLA Høgskolen i Bergen, tidebønstradisjonen;

Detaljer

Velkomen til soknerådskurs

Velkomen til soknerådskurs Velkomen til soknerådskurs 1 Rop det ut med hjertets jubel, gledesbudet fra ham selv: Livet kan bli nytt fra nå av, slettet ut er synd og gjeld! Ordet vitner høyt og hellig om hans kjærlighet og makt.

Detaljer

Gudstjeneste med dåp og nattverd

Gudstjeneste med dåp og nattverd Gudstjeneste med dåp og nattverd Gudstjenesten er menighetens hoved- samling om Guds ord og sakramentene (dåp og nattverd). I gudstjenesten gir vi uttrykk for vår tro, tilbedelse, takk og bønn. I gudstjenesten

Detaljer

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar Godøya 23.02.2014 Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror Brotne relasjonar Vi kan gjere det verre Ignorere Angripe person i staden for sak Manipulere Involvere feil menneske Snakke

Detaljer

VIGSEL. 3. Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel.

VIGSEL. 3. Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel. VIGSEL Allmenne føresegner 1. Ekteskap vert inngått ved at kvinne og mann offentleg, i nærvere av vitne og for godkjend (borgarleg eller kyrkjeleg) styremakt, gjev løfte til kvarandre om at dei vil leva

Detaljer

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle. KØYREPLAN FOR SKULEGUDSTENESTE 2018 (barneskule) Me oppmuntrar til elevdeltaking i gudstenesta. I tillegg til tekstlesing, bøner og lystenning hadde det vore fint med andre elevinnslag. Me kan bidra med

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK INNHALD FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP... 2 1. MUSIKK MED EVENTUELL INNGANG... 2 2. SONG/SALME... 2 3. NÅDEHELSING/OPNINGSORD... 2 4. SKRIFTLESING...

Detaljer

ORDNING FOR HØGMESSE MED DÅP

ORDNING FOR HØGMESSE MED DÅP ORDNING FOR HØGMESSE MED DÅP Vangskyrkja på Voss I. samling 1 Førebuing Kyrkjerommet skal vere ope ei stund før gudstenesta, med høve til å sitja i stille, i ettertanke og bøn. Klokkeringing Tre klokkeslag

Detaljer

G2 Høsten 2007. 1. Preludium Det synges lovsanger fra kl.16.40 Liturg tar plass bak alteret mot slutten av preludiet. 2.

G2 Høsten 2007. 1. Preludium Det synges lovsanger fra kl.16.40 Liturg tar plass bak alteret mot slutten av preludiet. 2. G2 Høsten 2007 Bønnemøte i Lillesalen fra kl:16:30 1. Preludium Det synges lovsanger fra kl.16.40 Liturg tar plass bak alteret mot slutten av preludiet 2. Nådehilsen Kjære menighet. Nåde være med dere

Detaljer

Vigsling av tilsynsmann

Vigsling av tilsynsmann ORDNING FOR Vigsling av tilsynsmann Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Når ein synode eller eit presbyterium vel nye tilsynsmenn, vigslast desse til teneste for kyrkjelydane og fellesvirket

Detaljer

I. samling 1 Førebuing Kyrkjerommet kan vera ope ei stund før gudstenesta, med høve til å tenna lys og sitja stille, i ettertanke og bøn.

I. samling 1 Førebuing Kyrkjerommet kan vera ope ei stund før gudstenesta, med høve til å tenna lys og sitja stille, i ettertanke og bøn. STRUKTUR FOR HØGMESSE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID I. samling 1 Førebuing Kyrkjerommet kan vera ope ei stund før gudstenesta, med høve til å tenna lys og sitja stille, i ettertanke

Detaljer

L Med takk og glede kjem vi i dag med dette barnet/desse borna til Gud i den heilage dåpen. I dåpen tek Gud imot oss og sameinar oss

L Med takk og glede kjem vi i dag med dette barnet/desse borna til Gud i den heilage dåpen. I dåpen tek Gud imot oss og sameinar oss Ordning for Dåp i hovudgudstenesta Vedteke av Kyrkjemøtet 2017 1 Mottaking til dåp L I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande. ELLER L I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande: Vår skapar,

Detaljer

Den hellige messe. I den hellige messe vil vi: tilbe Gud, lovprise Gud, takke Gud for alle hans velgjerninger, sone for våre synder.

Den hellige messe. I den hellige messe vil vi: tilbe Gud, lovprise Gud, takke Gud for alle hans velgjerninger, sone for våre synder. Den hellige messe I den hellige messe vil vi: tilbe Gud, lovprise Gud, takke Gud for alle hans velgjerninger, sone for våre synder. Vi vil be om nåde og velsignelse fra Jesu korsoffer for oss selv og for

Detaljer

Ordning for SØRGEGUDSTJENESTE (Gudstjeneste ved katastrofer)

Ordning for SØRGEGUDSTJENESTE (Gudstjeneste ved katastrofer) Ordning for SØRGEGUDSTJENESTE (Gudstjeneste ved katastrofer) Fastsatt av Kirkemøtet 1991 som Tillegg til Gudstjenestebok for Den norske kirke I/II 1 Ordningen skal primært være til bruk ved katastrofer

Detaljer

gjennom livet ORDNING FOR HØYMESSEN Menighetene i Folldal 2012 DEN NORSKE KIRKE

gjennom livet ORDNING FOR HØYMESSEN Menighetene i Folldal 2012 DEN NORSKE KIRKE gjennom livet ORDNING FOR HØYMESSEN Menighetene i Folldal 2012 DEN NORSKE KIRKE I SAMLING Klokkeringing Informasjon om dagens gudstjeneste 3 klokkeslag Preludium Inngangssalme (se nummertavle) Inngangsord

Detaljer

Strategidokument 2016-2018

Strategidokument 2016-2018 Strategidokument 2016-2018 Årsmøtet Varhaug Misjonshus 2015 12. Mars 2015 www.varhaug-misjonshus.no 1. Om Varhaug Misjonshus Varhaug Misjonshus er eit flott anlegg midt i Varhaug sentrum. Misjonshuset

Detaljer

I. SAMLING. 1. FORBEREDELSE Klokkeringing - uten de avsluttende tre slag. 2. INNGANGSSALME

I. SAMLING. 1. FORBEREDELSE Klokkeringing - uten de avsluttende tre slag. 2. INNGANGSSALME Et eksempel på mal for en ganske kort gudstjeneste etter forslag til ny gudstjeneste for Den norske kirke ------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Detaljer

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Strategidokument Varhaug Misjonshus Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 v0.2.docx2 under arbeid Side 1 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2015-2018 Innhald 1. Om Varhaug Misjonshus...

Detaljer

SAMLINGER FOR ALLE LITURGIER

SAMLINGER FOR ALLE LITURGIER SAMLINGER FOR ALLE LITURGIER HEL- Kirkens inkluderingsarbeid Agder- og Telemark bispedømme SAMLINGSLITURGI 1: FORBØNN 1. INNGANG - VEKSELSLESNING Leder: Alle: De som har øyne De som har ører De som har

Detaljer

ORDNING FOR HØGMESSE MED NATTVERD

ORDNING FOR HØGMESSE MED NATTVERD ORDNING FOR HØGMESSE MED NATTVERD Vangskyrkja på Voss I. samling 1 Førebuing Kyrkjerommet skal vere ope ei stund før gudstenesta, med høve til å sitja i stille, i ettertanke og bøn. Klokkeringing Tre klokkeslag

Detaljer

Alternative forbøner frå GUDSTENESTEBOKA 1977/1983-

Alternative forbøner frå GUDSTENESTEBOKA 1977/1983- Alternative forbøner frå GUDSTENESTEBOKA 1977/1983- vend mot kyrkjelyden Lat oss venda oss til Gud i bøn. Eller Lat oss takka og be Anten VI Lat oss venda oss til Gud i bøn. Herre, vår Gud og Far, vi takkar

Detaljer

Ved starten av konfirmasjonstiden fremstilles konfirmantene for menigheten i en gudstjeneste.

Ved starten av konfirmasjonstiden fremstilles konfirmantene for menigheten i en gudstjeneste. Bønner til konfirmasjonstidens gudstjenester Kirkerådet har i februar 2002 i samsvar med reglene for liturgisaker vedtatt nye bønner for gudstjenestene i konfirmasjonstiden som liturgisk forsøkssak. 1.

Detaljer

Rammer: Finne et egnet sted enten i gruppa eller i kretsen til gudstjenestested. Det bør ikke være mer enn 100 mennesker pr Scouts own.

Rammer: Finne et egnet sted enten i gruppa eller i kretsen til gudstjenestested. Det bør ikke være mer enn 100 mennesker pr Scouts own. BOKMÅL VENNSKAPSGUDSTJENESTE/SCOUTS OWN/GUIDES OWN Søndag 1.juli 2018 kl 1000 Rammer: Finne et egnet sted enten i gruppa eller i kretsen til gudstjenestested. Det bør ikke være mer enn 100 mennesker pr

Detaljer

De følgende tekstene leses gjerne av en fra dåpsfølget eller av en annen medliturg.

De følgende tekstene leses gjerne av en fra dåpsfølget eller av en annen medliturg. MENIGHETSRÅDET I BORGE MENIGHET HAR (12.10.11) VEDTATT FØLGENDE: Ordning for Dåp i hovedgudstjenesten I MOTTAKELSE TIL DÅP En dåpssalme synges enten her, før forsakelsen og troen eller som avslutning på

Detaljer

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

Ordning for dåp i hovudgudstenesta Revidert Ordning for dåp i hovudgudstenesta (nn) - KM 05/17. Ordning for dåp i hovudgudstenesta 1 Mottaking til dåp L I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande. L Med takk og glede kjem vi i dag

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Ordning for hovedgudstjeneste Modum menighet

Ordning for hovedgudstjeneste Modum menighet Ordning for hovedgudstjeneste Modum menighet I. Samling 1 Forberedelse Der det er praktisk mulig ønsker vi at: Kirkerommet kan være åpent en stund før gudstjenesten, med anledning til å tenne lys og sitte

Detaljer

Kvardagsmesse med musikk. Kapellet, Domus Theologica

Kvardagsmesse med musikk. Kapellet, Domus Theologica Kvardagsmesse med musikk Kapellet, Domus Theologica Kvardagsmesse Kapellet, Domus Theologica L: Liturg leiar, ML: Medliturg, K: Kyrkelyd, A: Alle Samling Inngangssalme. Alle står. Inngangsord ¾+ g hh +

Detaljer

Forbønn for borgerlig inngått ekteskap 2017

Forbønn for borgerlig inngått ekteskap 2017 KM 06/17 Ordning for Forbønn for borgerlig inngått ekteskap 2017 Forbønn for borgerlig inngått ekteskap 2017 I løpet av handlingen kan det gis rom for medvirkning av ulike slag. Det kan være medvirkning

Detaljer

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang Skattejakt for 8-åringar Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang Kort sagt Dette opplegget bygger på boka Skatten i Liljedal der dei tre hovudpersonane

Detaljer

I SAMLING 5 SYNDSBEKJENNELSE 1 FORBEREDELSE

I SAMLING 5 SYNDSBEKJENNELSE 1 FORBEREDELSE I SAMLING 1 FORBEREDELSE Klokkeringing til kl 11.00 ML: Informasjon om dagens gudstjeneste og: La oss være stille for Gud Kort stillhet Tre klokkeslag 2 PRELUDIUM og INNGANGSSALME, prosesjon 3 INNGANGSORD

Detaljer

S.f.faste Joh. 12. 20-33 1 Familiemesse

S.f.faste Joh. 12. 20-33 1 Familiemesse S.f.faste Joh. 12. 20-33 1 Familiemesse Maria hadde gledet seg til å være med til kirken! Det var familiemesse, og i kirken var det helt fullt av mennesker. Presten hadde lest om de som var grekere, og

Detaljer

Om ordning for dåp... 2. Om dåpen... 4. Dåp av barn... 6. Dåp ved neddykking... 9. Dåp utan at forsamlinga er til stades... 10. Dåp av vaksne...

Om ordning for dåp... 2. Om dåpen... 4. Dåp av barn... 6. Dåp ved neddykking... 9. Dåp utan at forsamlinga er til stades... 10. Dåp av vaksne... ORDNING FOR DÅP NYNORSK INNHAD Om ordning for dåp... 2 Om dåpen... 4 Dåp av barn... 6 Dåp ved neddykking... 9 Dåp utan at forsamlinga er til stades... 10 Dåp av vaksne... 11 Dåp ved neddykking... 14 Dåp

Detaljer

Vigsling av diakon. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering

Vigsling av diakon. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering ORDNING FOR Vigsling av diakon Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Denne ordninga vert bruka ved vigsling av diakonar i kyrkjelyden. Vidare brukar ein ordninga ved vigsling til diakonale

Detaljer

Kyrie eleison, Gud Fader, miskunne deg. Kriste eleison, Herre Krist, miskunne deg. Kyrie eleison, Hellig Ånd, miskunne deg.

Kyrie eleison, Gud Fader, miskunne deg. Kriste eleison, Herre Krist, miskunne deg. Kyrie eleison, Hellig Ånd, miskunne deg. Kom, tilbe med fryd vår Konge og Gud, som kler seg i høgd og herlegdoms skrud, vårt skjold og vår verje, med æveleg makt, med miskunn til ære og kjærleik til prakt. Pris Herren med song, fortel om hans

Detaljer

Elverhøy kirke Høymesse med nattverd Søndag 2. okt kl

Elverhøy kirke Høymesse med nattverd Søndag 2. okt kl Elverhøy kirke Høymesse med nattverd Søndag 2. okt. 2016 kl. 11.00 20. søndag i treenighetstiden NRK Radio Velkommen til gudstjeneste i Elverhøy kirke! Bokstaven M - står for menighet A - for alle (liturg

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

For så høyt har Gud elsket verden at han ga sin Sønn, den enbårne, for at hver den som tror på ham, ikke skal gå fortapt, men ha evig liv.

For så høyt har Gud elsket verden at han ga sin Sønn, den enbårne, for at hver den som tror på ham, ikke skal gå fortapt, men ha evig liv. DÅP 1. Forberedelse L I Faderens og Sønnens og Den hellige ånds navn. Med takk og glede tar menigheten imot barnet/barna som i dag skal bli døpt i Guds hus. Gud har gitt oss livet og skapt oss til fellesskap

Detaljer

Ordning for dåp i hovedgudstjenesten

Ordning for dåp i hovedgudstjenesten Vedlegg til KR-sak 41/15 Revisjon av dåpsliturgien KR 41.1/15 NFGs forslag til revidert Ordning for dåp i hovedgudstjenesten, vedtatt i møtet 18. juni 2015. Ordning for dåp i hovedgudstjenesten 1 Mottakelse

Detaljer

Da psbrosjyre ver nov 2007 1 21-01-08 15:03:33

Da psbrosjyre ver nov 2007 1 21-01-08 15:03:33 Da psbrosjyre ver nov 2007 1 21-01-08 15:03:33 Jesus var svært moderne! Den gong tenkte folk flest at barna ikkje var verdfulle. Mange foreldre kjenner at Jesus gjorde det einaste rette. For han såg barna

Detaljer

New York. Nådehilsen Nåde være med dere og fred fra Gud, vår Far og Herren, Jesus Kristus.

New York. Nådehilsen Nåde være med dere og fred fra Gud, vår Far og Herren, Jesus Kristus. Gudstjeneste i Sjømannskirken New York SAMLING Informasjon om gudstjenesten og tre bønneslag Preludium Salme Nådehilsen Nåde være med dere og fred fra Gud, vår Far og Herren, Jesus Kristus. Amen! Samlingsbønn

Detaljer

ORDNING FOR KONFIRMASJON

ORDNING FOR KONFIRMASJON ORDNING FOR KONFIRMASJON BOKMÅL INNHOLD HVA ER KONFIRMASJONEN... 2 MÅLSETNING FOR KONFIRMASJONSTIDEN:... 2 KONFIRMASJONSHANDLINGEN... 2 ORDNING FOR KONFIRMASJON... 3 Godkjent av Hovedstyret mai 2011. 1

Detaljer

INNGANG: PROSESJONEN KOMMER INN OG ALLE SYNGER: (Første vers gjentas inntil alterbordet er dekket) 2. 3.

INNGANG: PROSESJONEN KOMMER INN OG ALLE SYNGER: (Første vers gjentas inntil alterbordet er dekket) 2. 3. Gudstjeneste for alle i Skoklefall kirke. Lørdag 19. oktober klokka 1300 til 1500 ARBEIDSPROGRAM INNGANG: PROSESJONEN KOMMER INN OG ALLE SYNGER: 1. Kom, la oss samles ved Guds bord : og gjøre det i stand,

Detaljer

Alterets hellige Sakrament.

Alterets hellige Sakrament. Alterets hellige Sakrament. Den hellige kommunion. Helt siden den hellige pave Pius X har latt de små barna få lov å motta Jesus i den hellige kommunion, er Herrens eget store ønske blitt oppfylt, det

Detaljer

Velfjord og Tosen menighetsråd - vedtak om lokal grunnordning

Velfjord og Tosen menighetsråd - vedtak om lokal grunnordning Velfjord og Tosen menighetsråd - vedtak om lokal grunnordning Velfjord og Tosen sokn Ordning for hovedgudstjeneste lokal grunnordning Vedtatt i Velfjord og Tosen_ menighetsråd 02.09 2015 A Hovedgudstjeneste

Detaljer

Rettleiing til hovuddelane i gudstenesta Utarbeidd av sekretariatet i Kyrkjerådet.

Rettleiing til hovuddelane i gudstenesta Utarbeidd av sekretariatet i Kyrkjerådet. Frå Gudstenesteboka 2011 Rettleiing til hovuddelane i gudstenesta Utarbeidd av sekretariatet i Kyrkjerådet. I. SAMLING I.1 Strukturen i samlingsdelen s. 03 I.2 Samlingsdelen ledd for ledd s. 03 I.3 Særlege

Detaljer

FYLLINGSDALEN MENIGHET

FYLLINGSDALEN MENIGHET FYLLINGSDALEN MENIGHET ORDNING FOR FAMILIEGUDSTJENESTE (G3) Familiegudstjenestene kan ha dåp eller nattverd, men ikke begge deler. Gudstjenestene bør være korte, ikke over 1 time. L = liturg ML = medliturg

Detaljer

Ny Hovedgudstjeneste i Lambertseter menighet

Ny Hovedgudstjeneste i Lambertseter menighet Ny Hovedgudstjeneste i Lambertseter menighet (L = Liturg, ML = Medliturg, A= Alle) I SAMLING 1. Forberedelse Det bør være stille i kirkerommet ca. 10 min. før gudstjenesten begynner, med mulighet for stille

Detaljer

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning). Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning). A: Så seier Herren: Det folk som ferdast i mørkret, skal sjå eit stort ljos. Over dei som bur i skuggelandet skal ljoset stråla

Detaljer

FYLLINGSDALEN MENIGHET

FYLLINGSDALEN MENIGHET FYLLINGSDALEN MENIGHET ORDNING FOR DÅP Dåpsbarna med foreldre og søsken går inn i prosesjon når gudstjenesten starter, til sitteplasser på første rekke. Dåpen kommer etter GLORIA-leddet i gudstjenesten,

Detaljer

Konfirmasjon i Gruben Kirke 2011

Konfirmasjon i Gruben Kirke 2011 Konfirmasjon i Gruben Kirke 2011 Inngang Preludium (alle står) Inngangssalme: salme 268 - melodi fra Rana Herre Gud, ditt dyre navn og ære over verden høyt i akt skal være, og alle sjele, de trette træle,

Detaljer

Hovedgudstjeneste i Holla og Helgen sokn

Hovedgudstjeneste i Holla og Helgen sokn Hovedgudstjeneste i Holla og Helgen sokn Forslag til ordning for hovedgudstjenesten for Holla og Helgen menighet Utarbeidet av liturgiutvalget 28. august 2012.; Revidert ettes gudstjeneste 25. september

Detaljer

Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje.

Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje. Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje. FYRSTE BODET Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg. Vi skal ottast og elska Gud over alle

Detaljer

ORDNING FOR HOVEDGUDSTJENESTE

ORDNING FOR HOVEDGUDSTJENESTE ORDNING FOR HOVEDGUDSTJENESTE I SAMLING 1 Forberedelse Klokkeringing Informasjon om dagens gudstjeneste La oss være stille for Gud Kort stillhet. Tre klokkeslag 2 Preludium / Inngangssalme 3 Inngangsord

Detaljer