Plan for den kulturelle skule- og barnehagesekken for Vinje kommune

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Plan for den kulturelle skule- og barnehagesekken for Vinje kommune"

Transkript

1 Plan for den kulturelle skule- og barnehagesekken for Vinje kommune Handlingsplan Tiltaksplan for 2013 Vinje,

2 Kommuneplan Visjon Vinje utfordrar framtida Verdigrunnlag Vinje eit livskraftig og moderne samfunn tufta på kultur, tradisjonar og utvikling av eigne ressursar. Ta vare på natur og miljø for seinare generasjonar. Vidareføre dei rike kulturverdiane og tradisjonane i Vinje og ynskje nye kulturar velkomne. Ha gode sosiale miljø i kommunen, og omsorg for kvarandre. Aktive innbyggjarar med engasjement for kommunen sin. Innsatsområde Identitet Levekår Levevegar Andre utviklingsområde Kommune- og regionsenter, Samferdsel, Kommunale tenester i framtida 2

3 Innleiing Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing på kultur til barn og unge. Intensjonen er å sikre elvanes møte med profesjonelle kunst- og kulturformidling, og at alle barn skal oppleva kultur av høg kvalitet. Telemark fylke har om lag grunnskuleelevar som alle mottek fem profesjonelle kunstnarbesøk kvart år. Alle dei 18 kommunane utarbeider lokale handlingsplanar, og har inngått samarbeidsavtaler med fylkeskommunen om deltaking i ordninga. Utviklingsplanen som er utarbeidd her i fylket beskriv mål og satsingar for Den kulturelle skulesekken i Telemark med bakgrunn i nasjonale føringar og regionale og lokale behov. Utviklingsplanen for Den kulturelle skulesekken i Telemark gjeld for perioden Nasjonale mål og prinsipp Dei overordna måla for Den kulturelle skulesekken i Telemark byggjer på dei nasjonale måla og prinsippa for ordninga. Stortingsmelding nr. 8 ( ) Kulturell skolesekk for framtida har følgjande mål for Den kulturelle skulesekken: Å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod. Å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, bli gjort kjent med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag. Å medverke til å utvikle ei heilskapleg inkludering av kunstnariske og kulturelle uttrykk i realisering av læringsmåla på skulen. Den kulturelle skulesekken (DKS), skal utformast og vurderast ut frå følgjande verdiar: DKS skal vera ei varig ordning for elevar i skulen. DKS skal famne om alle elevar i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. Innhaldet i kunst- og kulturtilboda i DKS skal medverke til å realisere skulens mål slik dei kjem til uttrykk i den generelle delen av læreplanverket og i dei ulike læreplanane. Elevane skal møte profesjonelle kunst- og kulturtilbod med høg kunstnarisk kvalitet. DKS skal omfatte ulike kunst- og kulturuttrykk med røter i eit mangfald av kulturar og frå ulike tidsperiodar. Både musikk, scenekunst, visuell kunst, film, litteratur og kulturarv skal vera representert i DKS. Elevane skal sikrast eit regelmessig tilbod på alle klassesteg. DKS er knytt til skulens kjerneverksemd og skal medverke til å styrke skulens basiskompetanse, allmenndanning, kreativitet, entreprenørskap og sosial kompetanse gjennom auka læringslyst og skapande og vitskaplege arbeidsmåtar. 3

4 DKS skal ikkje vera erstatting for estetiske fag i skulen, men eit tillegg. DKS skal innehalde mangfaldsperspektivet og gje elevane innsikt i uttrykk med ulik kulturbakgrunn Arbeidet med Den kulturelle skulesekken skal vera i godt samarbeid mellom kultur- og opplæringssektoren på alle nivå. Opplæringskontoret har ansvar for å leggje for - og etterarbeidet pedagogisk til rette for elevane, medan kulturskulesektoren har ansvar for kulturinnhaldet. Den kulturelle skulesekken må forankrast lokalt på den enkelte skule, i kommunen og i fylket. Målsetjingane i Telemark følgjer dei nasjonale målsetjingane og verdiane. Organisering på fylkesnivå Den kulturelle skulesekken som nasjonal ordning blei etablert i 2001, og har eksistert i Telemark like lenge. Gjennom desse åra er det bygd opp eit velfungerande system for å formidle kulturopplevingar til elevar ved alle skulane i fylket. Administrasjon Den kulturelle skulesekken baserar seg på ei ansvarsdeling mellom tre forvaltningsnivå: Lokalt i den enkelte kommune Regionalt i fylket og hjå Fylkesmannen Nasjonalt i Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet Fylkeskommunen, ved Team kultur, har ansvar for den kulturelle skulesekken i Telemark. Fylkeskultursjefen er øvste fagleg ansvarlege, medan arbeidet er delt mellom ein koordinator som leier det forvaltningsmessige arbeidet, og Kulturskatten som har ansvar for turneverksemda. 4

5 Koordinator for DKS i Telemark har ansvaret for å følgje opp statlege føringar gjennom samordning, planarbeid og rapportering til DKS - sekretariatet. Koordinator har også ansvar for å følgje opp dei lokale DKS - planane i kommunane. Kulturskatten har ansvar for programmering og turnelegging, og leverar produksjonar til alle grunnskulane i fylket. Ansvaret deira omfattar og oppfølging av kunstnarar, kulturkontaktar i kommunane og produksjonsmiljøa. Kulturskatten deltek på ei rekkje nasjonale arenaer på feltet, og har solid fagleg kompetanse når det gjeld utveljing og kvalitetssikring av produksjonar. Dette sikrar at produksjonane som blir sendt ut til elevane i Telemark, har høg kunstnarisk kvalitet. Turneorganisasjonen Kulturskatten Kulturskatten skal gje alle elevar i Telemark minimum tre årlege møte med profesjonell kunst og kunstnarar, fordelt på uttrykka scenekunst, litteratur, visuell kunst, kulturarv, film og musikk. Programarbeidet tek høgde for utviklingstrekk i kulturfeltet, og ynskjer å tilby elevane nye kulturopplevingar. Tradisjonelt har Kulturskatten gjeve elevane opplevingar, medan eigenaktivitet i stor grad har blitt dekt av den kommunale planen. Nyare forsking viser at elevar ynskjer meir eigenaktivitet i DKS. Kulturskatten tek omsyn til dette, og ynskjer å auke talet på produksjonar der elevane kan delta. Det er eit nasjonalt mål å samordne DKS, UMK og kulturskulane meir med tanke på å utnytte ressursar og kompetanse. Kulturskatten ynskjer å bidra til kompetanseheving i dei kommunale kulturskulane ved å la kulturskulelærarane delta i meir langvarige skulesekkprosjekt. På den måten oppnår ein å leggje att ressursar i kommunane ved hjelp av DKS. For dei neste fire åra er måla: Å tilby fleire prøveprosjekt som involverer elevane Å bidra til kompetanseheving i kulturskulene Å tilby fleire prosjekt som fokuserer på formidling av mangfald Å tilby fleire prosjekt innanfor film Å tilpasse turnélegginga til kommunanes ynskje og behov i større grad Kulturtorget Kvart å presenterar Kulturskatten programmet sitt på Kulturtorget. Her deltek kulturkoordinatorane frå kommunane og kulturkontaktane frå alle skulane. Det er svært viktig at kulturkontaktane får høve til å delta slik at dei får kjennskap til produksjonane som blir sendt ut på turné. Det gjer førebuingsarbeidet på skulen enklare. Kulturtorget er også tenkt som ein viktig møtestad og ein arena for faglig påfyll og inspirasjon. 5

6 Samarbeid med kommunane Det er laga avtaler med alle dei 18 kommunane i fylket om abonnement på produksjonar som blir formidla via Kulturskatten. Kvar elev får minimum tre tilbod pr skuleår. Dei andre tilboda er ein del av den lokale DKS planen. Som skoleeigar er det kommunens oppgåve å arbeide for å forankre DKS i den enkelte skule, og kvar kommune skal ha ein lokal koordinator. Denne har ansvaret for det lokale tilbodet i DKS, og for oppfylginga av det lokale nettverket av kulturkontaktar på skulane. Kvar skule skal ha ein kulturkontakt som har ansvar for førebuingar og tilrettelegging for besøk frå DKS. Den enkelte skule har ansvar for å integrere besøket i skulekvardagen, og ta i bruk for - og etterarbeid. Kommunane mottek 1/3 av spelemidlane som blir overført til fylkeskommunen frå Staten. Fordeling av midlane blir rekna ut frå ein nøkkel basert på elevtal. Det er avgjerande for DKS -ordninga at det er etablert eit forpliktande samarbeid mellom kultur- og skulesektoren i kommunen, og det forventast at forumet står ansvarlige for å utarbeide ein lokal plan for arbeidet med DKS i kommunen. Følgjande retningsliner skal liggje til grunn for utarbeiding av dei lokale planane: Planen skal i størst mogleg grad formidle kommunens lokale kulturressursar I tråd med dei statlige krava til DKS skal ein i størst mogleg grad bruke profesjonelle kunstnara og kulturaktørar. Dette for å sikre kvaliteten i tilboda. Eigenaktivitetar for elevane bør inngå i den lokale planen Midlane skal brukast til nye tiltak, altså ikkje aktivitetar som frå før er skulens ansvarsområde Midlane kan brukast til transport i samband med formidling av kulturressursane i fylket der det er ynskjeleg, men skal ikkje brukast til skuleturar utanfor fylkets grenser Ressurspersonar frå kulturskulen kan gjerne trekkjast inn i programmet Ei utfordring i utviklinga av planane er å tenkje dristig, kreativt og nyskapande 6

7 Koordinator for DKS i fylket fungerer som rådgjevande instans i utarbeiding av de lokale planane. Ein godkjent plan er ein føresetnad for å få utløyst den lokale delen av spelemidlane, og skal vise korleis kommunen formidlar den lokale kulturen til barn og unge. Hovudlinene i planen ligger fast, men det kan koma årlege justeringar i programmet. Kommunen skal kvart år rapportere på bruken av midlar for førre skuleår og sende inn program for neste skoleår. Fristen for dette er 15. september. For å få til dette må det vera samarbeid mellom skule, barnehage, kulturskule, bibliotek, museum og lokale lag og organisasjonar. 7

8 Vinje kommune- kommunefakta pr Oversyn over barnehagane, oppvekstsentra, skulane og kulturskule i kommunen: Barnehagar: Kulturkontakt Edland barnehage: tre avdelingar Katrine Grindalen Hakkespetta barnehage: fire avdelingar Gerd L. Kroken Rauland barnehage: fire avdelingar Heidi Rønningen Oppvekstsenter: Vinje oppvekstsenter: ei avdeling Kari Fetveit 1.-7.skuleår Silje Vilhodd Øyfjell oppvekstsenter: to avdelingar Unni Kristensen 1.-7.skuleår Britt Marie Ståland Skular: Edland skule: skuleår Dina Tverrås Rauland skule: skuleår Andrè Johannessen Åmot skule: skuleår Andrè Johannessen og Stine Beate Mondal Ljostad Kulturskulen: Undervisning i ulike instrument, korps, kor, musikkleik, dans og drama. Viser til andre interne planar og prosjekt: Bibliotekplan for skulane i Vinje Handlingsplan for tiltak for ungdom Rusmiddelpolitisk handlingsplan Psykiatriplanen SLT rus- og kriminalførebyggjande tiltak Prosjekt frå Vest-Telemark museum Kulturplanen 8

9 Tenesteområde Tenesteområde Barnehage, skule, SFO og kulturskule Situasjonen i dag Dei siste åra har me teke opp att ordninga med årets kunstnar. Dette gjeld både for barnehagar og skular. I tillegg har barnehagar og skuler hatt lokale opplegg, t.d. jubileum og samarbeid med kulturskulen og lokale lag. Positive sider- moglegheiter Positive sider Byggje opp elevanes kulturelle kompetanse Alle får det same tilbodet og får møte kunstuttrykk av høg kvalitet. Moglegheiter Systematisk satsing på eigenaktivitet, samarbeid med kulturskulen, biblioteka, lokale kunstnarar og musea. Rikskonsertane og Kulturskatten 9

10 Mål for Den kulturelle skule- og barnehagesekken Visjon INNSYN OG VIDSYN Hovudmål Barn og unge skal få kunnskap om ulike kulturuttrykk. Dei skal kjenne til den lokale kulturen og vera open for idear utanfrå. Delmål Barn og unge som har tru på seg sjølve og andre Barn og unge som er opne for nye inntrykk og uttrykk Barn og unge som tør, vil og kan Barn og unge som får oppleve glede ved at andre opptrer for dei og ved at dei sjølve gjer noko for andre menneske Mangfald 10

11 Årleg aktivitet i skule og barnehage. Aktivitet og ansvar Tiltak/strategi (korleis) Ansvar Barne hagen 1.-4.kl 5.-7.kl kl Kulturskatten m/rikskonsertar Koordinator/ kulturkontakt X X X X Kulturskuleprosjekt dans, drama, Kulturskule - kor. Kulturskulen har kvart år eit rektor / X X X prosjekt med grupper på skulen einingsleiar innom tema. Opplæring i dans i samarbeid med folkemusikkmiljøet. Barnehagen Småskulen - Mellomtrinnet - Ungdomsskulen - swing og gådans. Kulturskule - rektor / Einingsleiar på skulane og barnehagane X X X X Årets kunstnar /jubileum. Språkåret 2013 Fokus på litteratur i forkant av Litteraturdagane i Vinje. Målet vårt er at alle ungar i kommunen skal vita at det er Litteraturdagar ved å gje dei positiv oppleving av litteratur i forkant av festivalen. Tema kan vera knytt til det me tek opp på Litteraturdagane om det passar. I samband med Litteraturdagane. Alle ungdomsskuleelevane møter ein av forfattarane. Einingsleiar skular, barnehagar og kulturskule - rektor X X X X Kultur X X X Kultur X 11

12 Aktivitet - oppstart av prosjekt Tiltak/strategi (korleis) Ansvar Årets kunstnar/jubileum Innføring kvart år Einingsleiar / kulturskulerektor X X X X Skrivekurs Rektor kulturskulen X X X X Kjennskap til målføre. Språkåret 2013 Einingsleiar / kulturskulerektor X Mangfald i samarbeid med vaksenopplæringa Einingsleiar / kulturskulerektor X X X 12

13 Tilbod til skule og barnehage frå Kulturskatten og lokale tiltak i 2013: Barne Tiltak/strategi (korleis) Ansvar - hagen kl kl kl Kulturskatten: Kulturkoordinator X X X Lokale tiltak: Opplæring i swing med Kate Skaug- Haust 13. Skulane set opp ynskje om dagar. Kultursjef/ kulturkontakt X Dansens dag 2013 i slutten av april. Eit landsomfattande tiltak med eigen koreografi. Kultursjef X X X X Opplæring i songdans, bygdedans, gammaldans og swing. I samarbeid med folkemusikkmiljøet hausten 2013 Kulturskulerektor/ kulturkontakt X X X Årets kunstnar våren 2013 Språkåret Jobbar med eit opplegg som vil passe dei ulike trinna Kultursjef/ kulturskulerektor X X X X Skrivekurs for 5.og 8.klasse Januar 2013 med Stein Versto Han tek og litt om språkåret kulturskulerektor/ kulturkontakt/ norsklærarar X X Eg fant eg fant ei forteljing om Askeladden og dei tinga han fant X X Møte med ein forfattar knytt til Litteraturdagane i Vinje Kultursjefen / kulturkontaktane X Klovneforestilling: Se På Meg Kultursjef X I tillegg til dette, set ein i gang Rockeskule og Korps i skulen. Dette er eit samarbeid mellom skulane og kulturskulen og blir ein del av den ordinære musikkundervisninga. 13

14 Økonomi Kommunestyret må syte for økonomi til å gjennomfør den kommunale handlingsplanen i samband med budsjetta framover. I den kommunale handlingsplanen ligg det og å betale for Kulturskatten og Rikskonsertane i tillegg til kommunale planar og transport. Kostnad skuleåret 2011/12: Kulturskatten og Rikskonsertane skule / barnehage: kr ,- Møte med kulturkontaktane + administrasjon: kr ,- Aktivitetar: kr ,- I alt: kr ,- Koordinering av planen går av ressursar innan noverande stillingar i Kulturskule og OAI. Den enkelte barnehage og skule brukar ressursar frå eiga eining saman med kultur for å finansiere dei andre tiltaka som ligg i planen. I tillegg kjem det eksterne midlar frå Den kulturelle skulesekken sentralt. For skuleåret 2011/12 er kommunen sin del av spelemidlar som skal gå til Den kulturelle skulesekken kr ,-. 14

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune 2019 2021 Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune Frå UNESCO-rapporten «The wow-factor» om kunst og kultur i opplæringa. Brukt i St.meld.nr.8, «Kulturell skulesekk for framtida»,

Detaljer

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten GENERELL INFORMASJON OM KULTURSEKKEN Kultursekken er et samlebegrep for satsinga på kulturformidling i barnehage, grunnskole og den videregåande skulen

Detaljer

STRATEGI FOR DKS-ARBEID I NÆRØY KOMMUNE. VEDTATT I KULTURFORUM NÆRØY 9. januar 2013. Innhold

STRATEGI FOR DKS-ARBEID I NÆRØY KOMMUNE. VEDTATT I KULTURFORUM NÆRØY 9. januar 2013. Innhold STRATEGI FOR DKS-ARBEID I NÆRØY KOMMUNE VEDTATT I KULTURFORUM NÆRØY 9. januar 2013 Innhold 1. BAKGRUNN:... 3 2. OM DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN (DKS):... 4 3. DKS i NÆRØY KOMMUNE:... 5 I) DKS-KOORDINATOREN...

Detaljer

Den kulturelle nistepakken

Den kulturelle nistepakken Den kulturelle nistepakken Revidert mai 2006 Sentrale føringar Hausten 2002 gjekk startskotet for Den kulturelle skulesekken (DKS) i. I samarbeid med fylkeskommunen var Kvinnherad ein av dei første kommunane

Detaljer

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND September 2016 Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelevar i Noreg får møta profesjonell kunst og kultur av alle slag.

Detaljer

Plan for DKS 2015 Sendes:

Plan for DKS 2015 Sendes: Plan for DKS 2015 Sendes: postnkr@kulturrad.no (frist for innlevering 1. desember 2015) Fylke: Hordaland Planen gjelder: Grunnskole x Videregående x Institusjon: Hordaland fylkeskommune Besøksadresse:

Detaljer

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN DEN KULTURELLE SKULESEKKEN Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing, og er eit samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Detaljer

FAGPLAN for Den kulturelle skolesekken i Nord-Aurdal kommune

FAGPLAN for Den kulturelle skolesekken i Nord-Aurdal kommune FAGPLAN for Den kulturelle skolesekken i Nord-Aurdal kommune 2013-2015 1 Opplevingar i sentrum! Ei innleiing Den kulturelle skolesekken (DKS) er ein av Stortingets nasjonale satsningar på kultur til barn

Detaljer

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND September 2017 Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelevar i Noreg får møta profesjonell kunst og kultur av alle slag.

Detaljer

Den kulturelle skolesekken

Den kulturelle skolesekken Den kulturelle skolesekken fagseminar, visuell kunst 3. nov 2011 Målsetting: å skape en arena for diskusjon om visuell kunst i DKS i Sør-Trøndelag Målgruppe: Kunstnere, kunstmiljø, kunst- og utdanningsinstitusjoner

Detaljer

Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019

Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019 Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019 Vedteken i Kommunestyret, sak 14/82, 11.12.2014 Planen er eit overordna politisk vedteke dokument for barnehagane i Vinje kommune. Planen inneheld felles satsingsområde

Detaljer

Temaplan for den kulturelle skolesekken 2015-2019 Levanger kommune

Temaplan for den kulturelle skolesekken 2015-2019 Levanger kommune Temaplan for den kulturelle skolesekken 2015-2019 Levanger kommune Innhold FORORD FORMÅLET MED PLANEN HOVEDMÅL TEMAPLAN KLASSETRINN ORGANISERING KULTURKONTAKTENES ROLLE OG ANSVAR PRAKTISKE OPPLYSNINGER

Detaljer

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet 15.05.2012 020/12 Bystyret 07.06.2012 060/12

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet 15.05.2012 020/12 Bystyret 07.06.2012 060/12 FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet 15.05.2012 020/12 Bystyret 07.06.2012 060/12 Sakshandsamar: Margit Drivenes Kløvfjell Arkiv: K2-C00, K2-A10 Objekt: Arkivsaknr 12/848 KULTURPROGRAM

Detaljer

Behandles av utvalg: Møtedato Utvalgssaksnr. Utvalg for kultur og oppvekst 06.12.2010 70/10

Behandles av utvalg: Møtedato Utvalgssaksnr. Utvalg for kultur og oppvekst 06.12.2010 70/10 SANDNES KOMMUNE - RÅDMANNEN Arkivsak Arkivkode Saksbeh. : 201002034 : E: 243 B50 : Richard Olsen Behandles av utvalg: Møtedato Utvalgssaksnr. Utvalg for kultur og oppvekst 06.12.2010 70/10 DEN KULTURELLE

Detaljer

DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN (DKS) plan for Beiarn kommune. skoleårene 2012/ /16

DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN (DKS) plan for Beiarn kommune. skoleårene 2012/ /16 Beiarn kommune Skole- og barnehageavdelingen 8110 MOLDJORD Saksnr./Arkivkode 12/98 - A30 Sted MOLDJORD Dato 11.01.2012 DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN (DKS) plan for Beiarn kommune skoleårene 2012/13 2015/16

Detaljer

Kopi til: Arkivnr.: 631. Plan for Den kulturelle skolesekken i Hordaland skuleåret

Kopi til: Arkivnr.: 631. Plan for Den kulturelle skolesekken i Hordaland skuleåret HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga NOTAT Til: Kultur- og ressursutvalet Dato: 14. mai 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 201201471-15/CHAESP Kopi til: Arkivnr.: 631 Plan for Den kulturelle

Detaljer

Den kulturelle skulesekken i. Ål kommune. Handlingsplan 2012-2015. Den kulturelle skulesekken i Ål kommune Handlingsplan 2012-2015

Den kulturelle skulesekken i. Ål kommune. Handlingsplan 2012-2015. Den kulturelle skulesekken i Ål kommune Handlingsplan 2012-2015 Den kulturelle skulesekken i Ål kommune Handlingsplan 2012-2015 Musikkmysteriet, Nedre-Ål skule 2010. Foto: Nedre-Ål skule Vedteke i SUKO; sektorutval for kultur og oppvekst 20.12.2011 1 Innhald Innhald...

Detaljer

Direkte støtte til tiltak for barn og ungdom: Kulturmidler som er med og finansiere tiltak for barn og ungdom:

Direkte støtte til tiltak for barn og ungdom: Kulturmidler som er med og finansiere tiltak for barn og ungdom: Utviklingsplanen for Rogaland er basert på Stortingsmeldingene 38 og 39 fra 2002-2003 og på Melding om fordeling av spelemidlar for skuleåret 2004/2005 og om fordelingsordning til og med skuleåret 2006/2007

Detaljer

HANDLINGS- OG STRATEGIPLAN 2009-2012 FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKK I MODUM

HANDLINGS- OG STRATEGIPLAN 2009-2012 FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKK I MODUM HANDLINGS- OG STRATEGIPLAN 2009-2012 FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKK I MODUM 1. Innledning Den kulturelle skolesekken (DKS) er et nasjonalt satsningsområde for å sikre profesjonelle kulturtilbud til alle

Detaljer

PLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN INDRE FOSEN KOMMUNE

PLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN INDRE FOSEN KOMMUNE PLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN INDRE FOSEN KOMMUNE 2018-2019 09.05.2018 Innhold 1 Innledning... 2 1.1 Bakgrunn... 2 1.2 MÅL:... 2 1.2.1 Prinsipp for ordninga:... 2 1.2.2 Rolle- og ansvarsfordeling...

Detaljer

Handlingsplan

Handlingsplan Den kulturelle skulesekken i Ål kommune Handlingsplan 2015-2020 Fredlaus, Nedre-Ål skule 2015. Foto: Vegard Breie 1 Innleiing Kultur er heilt nødvendig for eit samfunn som legg vekt på demokrati, fellesskap,

Detaljer

PLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN I SIGDAL 2012-2015

PLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN I SIGDAL 2012-2015 PLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN I SIGDAL 2012-2015 1. Innledning Den kulturelle skolesekken (DKS) er et nasjonalt satsningsområde for å sikre profesjonelle kulturtilbud til alle elever i grunnskolen.

Detaljer

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune.

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune. Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune. Bakgrunn Denne samarbeidsavtala er meint å leggje grunnlag for eit godt samarbeid mellom skulane og folkebiblioteket i Vinje kommune.

Detaljer

Den kulturelle skolesekken. Lokal handlingsplan for Siljan

Den kulturelle skolesekken. Lokal handlingsplan for Siljan Den kulturelle skolesekken Lokal handlingsplan for Siljan 2016-2019 Den kulturelle skolesekken Nasjonal satsing på kunst og kultur for alle elver Den kulturelle skolesekken er en nasjonal satsing som skal

Detaljer

Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skolesekken for skuleåret

Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skolesekken for skuleåret KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2018/368-9 Saksbehandlar: Charlotte Espeland Saksframlegg Saksgang Utval for kultur, idrett og regional utvikling 21.08.2018 Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle

Detaljer

Strategiplan for Kulturskrinet, Karmøy kommune, 2011-2014

Strategiplan for Kulturskrinet, Karmøy kommune, 2011-2014 Strategiplan for Kulturskrinet, Karmøy kommune, 2011-2014 1. STATLIGE FØRINGER FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN (DKS) Stortingsmelding nr. 8/2008 Den kulturelle skolesekken i framtida ble behandlet og vedtatt

Detaljer

Plan. Den kulturelle skolesekken. Narvik kommune

Plan. Den kulturelle skolesekken. Narvik kommune Den kulturelle skolesekken i Narvik kommune 2013-2016 Side 1 Plan Den kulturelle skolesekken Narvik kommune 2013-2016 Den kulturelle skolesekken i Narvik kommune 2013-2016 Side 2 Innhold Innhold... 2 HVOR

Detaljer

Plan for Den kulturelle skolesekken

Plan for Den kulturelle skolesekken Tjeldsund kommune Plan for Den kulturelle skolesekken 2017-2020 VEDTATT PLAN i kommunestyremøte den 21.06.2012, rullert 21.06.2017. INNHOLDSFORTEGNELSE 1. Hva planen gjelder Hva er Den kulturelle skolesekken?

Detaljer

Den kulturelle skolesekken i Oslo. Foto: Pål Laukli

Den kulturelle skolesekken i Oslo. Foto: Pål Laukli Den kulturelle skolesekken i Oslo Foto: Pål Laukli DKS - hvorfor? Svar fra lærer på spørsmål om hva som er viktigst med DKS For meg er den kulturelle skolesekken en viktig døråpner til ulike kulturelle

Detaljer

KOMMUNALPLAN. Den kulturelle skolesekken i Meløy

KOMMUNALPLAN. Den kulturelle skolesekken i Meløy KOMMUNALPLAN Den kulturelle skolesekken i Meløy 2016-2020 Innhold 1.0 Bakgrunn... 3 Den kulturelle skolesekken en nasjonal satsning... 3 2.0 Mål og prinsipper for den kulturelle skolesekken... 3 Målene

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen

Detaljer

SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK

SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK Behandlet av Møtedato Saksnr. Saksansvarlig Formannskapet 17.02.2011 003/11 PERELL Mappe JournalID ArkivID Saksbehandler 11/85 11/294 A30 Ellen Persvold Kulturskuleløftet - Kulturskule

Detaljer

Fra Storfjorduka 2008. DKS - 2008-2011 Storfjord Kommune. 03.02.2009 14:14:54 Årsplan DKS

Fra Storfjorduka 2008. DKS - 2008-2011 Storfjord Kommune. 03.02.2009 14:14:54 Årsplan DKS Fra Storfjorduka 2008 DKS - 2008-2011 Storfjord Kommune 1 3-ÅRIG PLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN Gjelder fra 1. november 2008-1. august 2011 Den kulturelle skolesekken i Storfjord kommune Region Nord-Troms

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN (DKS) I MODUM

HANDLINGSPLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN (DKS) I MODUM HANDLINGSPLAN 2019-2022 FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN (DKS) I MODUM Street art-workshop med gatekunstneren Peacetu for 4. klassingene i Modum våren 2018. 1 Innhold 1. Innledning... 3 2. Forankring...

Detaljer

PLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN I SIGDAL

PLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN I SIGDAL PLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN I SIGDAL 2016-2019 1. Innledning Den kulturelle skolesekken (DKS) er et nasjonalt satsningsområde for å sikre profesjonelle kulturtilbud til alle elever i grunnskolen.

Detaljer

KJERKÅ Ein musikalsk arkitek-tur

KJERKÅ Ein musikalsk arkitek-tur KJERKÅ Ein musikalsk arkitek-tur Målgruppe: 8. 10. trinn. Om programmet KJERKÅ - ein musikalsk arkitek-tur Når var du sist i kirka? Var det på konsert? I bryllup? I klubben? Eller kanskje i gravferd? Noen

Detaljer

Den kulturelle skolesekken i Oslo. Foto: Pål Laukli

Den kulturelle skolesekken i Oslo. Foto: Pål Laukli Den kulturelle skolesekken i Oslo Foto: Pål Laukli Nasjonal ordning Med DKS møter alle elever i Norsk skole ulike kunst- og kulturuttrykk og kunstnere hvert skoleår. Det skjer i skoletida og det er gratis.

Detaljer

Mangfold og muligheter. vekst gjennom kulturelle opplevelser og erfaringer

Mangfold og muligheter. vekst gjennom kulturelle opplevelser og erfaringer Mangfold og muligheter vekst gjennom kulturelle opplevelser og erfaringer Utviklingsplan for Den Kulturelle Skolesekken i Nesodden kommune 2008-2012 FORORD Her foreligger Nesodden kommunes utviklingsplan

Detaljer

Møteinnkalling for Utval for kultur og oppvekst

Møteinnkalling for Utval for kultur og oppvekst 3692 Sauland Møteinnkalling for Utval for kultur og oppvekst Møtedato: 15.11.2010 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 17.00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall,

Detaljer

Den kulturelle skolesekken i Sørfold Handlingsplan for høst 2019 vår 2023

Den kulturelle skolesekken i Sørfold Handlingsplan for høst 2019 vår 2023 Den kulturelle skolesekken i Sørfold Handlingsplan for høst 2019 vår 2023 Vedtatt i kommunestyret 13.11.18. * Alle barn har gnist i seg. Alt vi trenger er å tenne den. Roald Dahl Den kulturelle skolesekken

Detaljer

Den kulturelle skolesekken: Fordeling av spillemidlene for skoleåret

Den kulturelle skolesekken: Fordeling av spillemidlene for skoleåret fylkeskommune Postadresse: Postnr Sted Deres ref Vår ref Dato 09.06.2010 Den kulturelle skolesekken: Fordeling av spillemidlene for skoleåret 2010-2011 Ved kongelig resolusjon av 4. juni 2010 ble overskuddet

Detaljer

Kommunedelplan for oppvekst

Kommunedelplan for oppvekst Bø kommune Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 1 Innhald Innleiing... 3 Frå plan til handling... 3 Visjon for Bø kommune... 4 Målsetting... 4 Strategiar... 4 2 Innleiing Som ein kommune i vekst står

Detaljer

Den kulturelle skolesekken i Sørfold. Handlingsplan

Den kulturelle skolesekken i Sørfold. Handlingsplan Den kulturelle skolesekken i Sørfold Handlingsplan 2012-2016 * Alle barn har gnist i seg. Alt vi trenger er å tenne den. Roald Dahl Den kulturelle skolesekken er en nasjonal satsing, som skal bidra til

Detaljer

HANDLINGSPLAN 2015-2018 FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN I MODUM

HANDLINGSPLAN 2015-2018 FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN I MODUM HANDLINGSPLAN 2015-2018 FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN I MODUM «Til overs» - interaktiv installasjonsforestilling for 6. klassingene i Modum høsten 2014. 1. Innledning Den kulturelle skolesekken (DKS)

Detaljer

Kunst- og kulturformidlingsprogrammet i skulen. Kriterium og fagleg arbeid.

Kunst- og kulturformidlingsprogrammet i skulen. Kriterium og fagleg arbeid. KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2016/2594-12 Saksbehandlar: Charlotte Espeland Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 08.06.2016 Kunst- og kulturformidlingsprogrammet

Detaljer

HANDLINGSPLAN 2015-2018 FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN I MODUM

HANDLINGSPLAN 2015-2018 FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN I MODUM HANDLINGSPLAN 2015-2018 FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN I MODUM «Til overs» - interaktiv installasjonsforestilling for 6. klassingene i Modum høsten 2014. 1. Innledning Den kulturelle skolesekken (DKS)

Detaljer

FENGSLET EN BOK OM Å SITTE INNE. Bjørn Arild Ersland. Klassetrinn: videregående

FENGSLET EN BOK OM Å SITTE INNE. Bjørn Arild Ersland. Klassetrinn: videregående FENGSLET EN BOK OM Å SITTE INNE Bjørn Arild Ersland Klassetrinn: videregående Programpresentasjon Hvordan er det å sitte i fengsel? Det var dette spørsmålet forfatteren Bjørn Arild Ersland ville ha svar

Detaljer

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO Samling, Atheno, Stord, 22. mai 2019 Petter Steen jr., rådgjevar Sveio kommune 1 Bakgrunnen for at vi har SFO Skulefritidsordninga (SFO) blei gradvis etablert i norske

Detaljer

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Utval for Oppvekst og Helse 15.04.2008 018/08 MEH Saksansvarleg: Marie Egset Haug Arkiv: C01 Objekt: Arkivsaknr.:

Detaljer

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Leseglede saman for betre lesing i alle fag Leseglede saman for betre lesing i alle fag Brandsøy skule (1 7 + barnehage) og Krokane skule (1 7), Flora, Sogn og Fjordane Av Mari-Anne Mørk Flora kommune ønskjer å nytte skulebiblioteka meir systematisk

Detaljer

DEN KULTURELLE SKOLESEKK I SIGDAL HANDLINGSPLAN

DEN KULTURELLE SKOLESEKK I SIGDAL HANDLINGSPLAN DEN KULTURELLE SKOLESEKK I SIGDAL HANDLINGSPLAN 2012-2015 1. Innledning Den kulturelle skolesekken (DKS) er et nasjonalt satsningsområde for å sikre profesjonelle kulturtilbud til alle elever i grunnskolen.

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Kristin Nåmdal FE - 144, TI - &76 17/194 Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS 07.02.2017 Temaplan for barn og unge- oppstartsmelding Saksopplysningar:

Detaljer

WeFiction & Private Rite

WeFiction & Private Rite WeFiction & Private Rite Presenteres av PANTA REI DANSETEATER Klassetrinn: 8.-10. trinn Programpresentasjon Verksted: Smak av dans (SMD) er korte verksteder på 45 min som gjennomføres med hver klasse.

Detaljer

håndbok for kulturkontaktene i Snåsa Den kulturelle skolesekken

håndbok for kulturkontaktene i Snåsa Den kulturelle skolesekken håndbok for kulturkontaktene i Snåsa Den kulturelle skolesekken - utarbeidet som hjelp til skolene og for å sikre kvalitet, standard og kontinuitet i det arbeidet som gjøres. En konkret håndbok for det

Detaljer

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS Vaksdal kommune SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS 11.06.2019 43/2019 Kommunestyret PS 17.06.2019 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Ann Kristin Bolstad FA-B57

Detaljer

RISS - grafikkverksted. med Solveig Landa og Anita Tjemsland. Klassetrinn: 7.

RISS - grafikkverksted. med Solveig Landa og Anita Tjemsland. Klassetrinn: 7. RISS - grafikkverksted med Solveig Landa og Anita Tjemsland Klassetrinn: 7. RISS grafikkverksted, om programmet Anita Tjemsland og Solveig Landa er begge grafikere og har gjennom samarbeid med Den kulturelle

Detaljer

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013 STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013 Vedtatt i Kommunestyret, sak nr 18/10 16.september 2010 1 2 Innhald 1. Innleiing...3 2. Planprosessen...3 3. Planperiode, revidering og evaluering...4

Detaljer

Den kulturelle skolesekken - fordeling av spillemidler 2014/2015

Den kulturelle skolesekken - fordeling av spillemidler 2014/2015 Saknr. 14/6851-2 Saksbehandler: Øyvind Midtskogen Den kulturelle skolesekken - fordeling av spillemidler 2014/2015 Innstilling til vedtak: Fylkesrådet vedtar følgende fordeling av spillemidler til arbeidet

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging Vinje kommune Rådmannen FYLKESMANNEN I TELEMARK Postboks 2603 3702 SKIEN Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato ANDERSSA 2016/1637 9709/2017 SA5 26.04.2017 Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune

Detaljer

Kommunikasjonsplan Februar 2016

Kommunikasjonsplan Februar 2016 Kommunikasjonsplan Februar 2016 1 Innleiing Denne kommunikasjonsplanen skal vera ein reiskap for informasjon knytt til arbeidet med kommunereforma for kommunane Fjell, Sund Øygarden. Fase 1 strekkjer seg

Detaljer

BAKGRUNN OG FORMÅL MED EIT PLANPROGRAM...

BAKGRUNN OG FORMÅL MED EIT PLANPROGRAM... INNHALD 1. BAKGRUNN OG FORMÅL MED EIT PLANPROGRAM... 3 1.1 BAKGRUNN OG MÅL... 3 1.2 KVA ER EIT PLANPROGRAM... 3 2. FØRINGAR... 4 2.1 KOMMUNEPLAN FOR VÅGSØY KOMMUNE 2013 2025, SAMFUNNSDELEN... 4 2.2 PLANSTRATEGI

Detaljer

DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN PLAN FOR VERDAL KOMMUNE 2009-2012

DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN PLAN FOR VERDAL KOMMUNE 2009-2012 DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN PLAN FOR VERDAL KOMMUNE 2009-2012 "Oppfostringen skal gi elevene lyst på livet, mot til å gå løs på det og ønske om å bruke og utvikle videre det de lærer." 1 Innledning... 3

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Den kulturelle skolesekken. Fordeling av spillemidler for skoleåret 2012/2013.

Den kulturelle skolesekken. Fordeling av spillemidler for skoleåret 2012/2013. Verran kommune 7790 Malm Deres referanse Vår referanse Saksbehandler Dato 12/05231-50 Gunn Mogseth Skrove 10.10.2012 Den kulturelle skolesekken. Fordeling av spillemidler for skoleåret 2012/2013. Verran

Detaljer

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20 Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane Skuleåret 2019/20 Forord Fagfornyinga eit viktig lagarbeid Mål og strategi i det pedagogiske styringsdokumentet 2016-2018

Detaljer

Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 21.6.2018 etter delegasjon i brev 13. september 2013 frå Kunnskapsdepartementet med heimel i lov 17.

Detaljer

Den kulturelle skulesekken Lokal plan

Den kulturelle skulesekken Lokal plan Den kulturelle skulesekken Lokal plan 2016-2019 Innhald 1. Innleiing... 2 2. Rammer og målsetjingar... 2 2.1 Statlege føringar... 2 2.2 Regionale føringar... 3 2.3. Lokale føringar... 3 2.3 Målsetjingar

Detaljer

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste PPT for Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke, Vinje og Telemark fylkeskommune Visjon: Ei tilpassa opplæring for alle Hovudmål : Vest-Telemark PP-teneste

Detaljer

Informasjonsskriv til kommunekontakten

Informasjonsskriv til kommunekontakten INFORMASJON TIL KOMMUNEKONTAKTEN DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN Den kulturelle skolesekken (DKS) ble introdusert som nasjonalt tiltak i 2001, og er et samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Detaljer

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand Merknader til Rapport av 04.11.2015 frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand Merknader til Rapport av 04.11.2015 frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand Den 05.11.2015 fekk administrasjonen

Detaljer

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ 1 PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ 2018-2020 BAKGRUNN: 1. UTVIKLINGSOMRÅDE OG INNHALD: Stord kommune deltek saman med FOS-kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad og Sveio i den nasjonale

Detaljer

TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark

TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark Fylkesmannen i Telemark Hjartdal kommune v/rådmann Rune Engehult 3692 SAULAND TILSYNSRAPPORT Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver Hjartdal kommune - Sauland skule Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om

Detaljer

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle! KULTURSKULEPLAN Forsand kommune 2016 2026 - Kulturskulen for alle! Innleiing Mange har som born eller unge stått framføre spegelen med ein hårbørste som mikrofon og vaskekost som gitar, og drøymd om ei

Detaljer

Steigen kommune OSS Oppvekstsenter - Steigenskolen / Steigenbarnehagen. Plan for Den Kulturelle Skolesekken. Steigen kommune

Steigen kommune OSS Oppvekstsenter - Steigenskolen / Steigenbarnehagen. Plan for Den Kulturelle Skolesekken. Steigen kommune Plan for Den Kulturelle Skolesekken Steigen kommune Oppvekst, 8283 Leinesfjord tlf: 75 77 88 08 1 INNLEDNING Hva er den Kulturelle Skolesekken? Den kulturelle skolesekken er en nasjonal satsing som har

Detaljer

Plan for. Den kulturelle skulesekken. for Gaular kommune

Plan for. Den kulturelle skulesekken. for Gaular kommune Plan for Den kulturelle skulesekken for Gaular kommune 2012 2016 1 Plan for den kulturelle skulesekken for Gaular kommune 2012-2016. Målsetjinga med den kulturelle skulesekken: Den kulturelle skulesekken

Detaljer

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» NASJONAL SATSING STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» Innføring av valfag Auka fleksibilitet Varierte arbeidsmåtar Eit meir praktisk og relevant ungdomstrinn beherske grunnleggande

Detaljer

Lærerveiledning Public Art Screens. i/o/lab. Videregående

Lærerveiledning Public Art Screens. i/o/lab. Videregående Lærerveiledning 2015-2016 Public Art Screens i/o/lab Videregående Presentasjon av programmet Høst/vinter 2015-2016 "Rhythm is a Dancer" Denne høsten vil Public Art Screens fokusere på tema dans. Vi vil

Detaljer

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal Saksframlegg Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator Saksnr Utvalsnamn Møtedato 2017/13 Overordna samhandlingsutval

Detaljer

SUPERWOMAN. Thea Danielsen Fjørtoft Klassetrinn:

SUPERWOMAN. Thea Danielsen Fjørtoft Klassetrinn: SUPERWOMAN Thea Danielsen Fjørtoft Klassetrinn: 8.-10. Programpresentasjon Hva er det som får stuntfolk til å kaste seg foran biler? Hvorfor lar de seg bli tent på? Og hvordan lages egentlig sloss scener

Detaljer

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet Ny GIV Oppfølgingsprosjektet 2010 2013 Gjennomføring i vidaregåande opplæring www.sfj.no Innhald Prosjektplan for Ny GIV Sogn og Fjordane fylkeskommune... 3 1. Bakgrunn og mål Ny GIV... 3 2. Oppfølgingsprosjektet...

Detaljer

Hva skjer når. litteraturen i Den. kulturelle. skolesekken blir. virtuell? Trondheim June M. Breivik Avdelingsdirektør, Kulturtanken

Hva skjer når. litteraturen i Den. kulturelle. skolesekken blir. virtuell? Trondheim June M. Breivik Avdelingsdirektør, Kulturtanken Hva skjer når litteraturen i Den kulturelle skolesekken blir virtuell? Trondheim 09.05.2019 June M. Breivik Avdelingsdirektør, Kulturtanken KULTURTANKEN Kulturtanken Forskning og Utvikling Kulturtanken

Detaljer

Justering av arbeidet med kunst- og kulturformidlingsprogrammet i skulen

Justering av arbeidet med kunst- og kulturformidlingsprogrammet i skulen KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2018/368-6 Saksbehandlar: Charlotte Espeland Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 19.06.2018 Justering av arbeidet

Detaljer

DET KONGELEGE KULTUR- OG KYRKJEDEPARTEMENT. Dykkar ref Vår ref Dato 2004/1793 KU/KU3 sha:ksl

DET KONGELEGE KULTUR- OG KYRKJEDEPARTEMENT. Dykkar ref Vår ref Dato 2004/1793 KU/KU3 sha:ksl DET KONGELEGE KULTUR- OG KYRKJEDEPARTEMENT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Hordaland fylkeskommune Postboks 7900 5020 BERGEN O 6 APR, 2004 Arkivnr. HO-bol Saksh. Eksp. U.off. Dykkar ref Vår ref Dato 2004/1793

Detaljer

Strategiplan for Den kulturelle skolesekken i Drammen kommune

Strategiplan for Den kulturelle skolesekken i Drammen kommune Strategiplan for Den kulturelle skolesekken 2008 2012 i Drammen kommune Innholdsfortegnelse 1. Innledning 3 1.1 Historikk 3 1.2 Intensjon 3 1.2 DKS er 3 2. Evaluering av forrige plan 4 3. Begrunnelse og

Detaljer

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201102938-1 Arkivnr. 520 Saksh. Wanvik, Torill Iversen Saksgang Y- nemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 29.03.2011 05.04.2011-06.04.2011

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15. Sykkylven kommune Saksframlegg Dato: Arkivref: 23.07.2015 2013/865-8136/2015 Saksbeh.: Steinar Nordmo Saksnr Utval Møtedato Levekårsutvalet 20.08.2015 Kommunestyret Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven

Detaljer

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål Er kultur viktig? - Feil spørsmål Kultur er heilt nødvendig for eit samfunn som legg vekt på demokrati, fellesskap, ytringsfridom og utvikling. Spørsmålet er: Korleis best legge til rette for korpsguten,

Detaljer

Innspel til etablering av ny nasjonal etat for Rikskonsertane og Den kulturelle skolesekken

Innspel til etablering av ny nasjonal etat for Rikskonsertane og Den kulturelle skolesekken KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2016/2594-1 Saksbehandlar: Wenche Gausdal, Charlotte Espeland Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 16.03.2016

Detaljer

SLT-HANDLINGSPLAN

SLT-HANDLINGSPLAN SLT-HANDLINGSPLAN 2017-2019 Vindafjord Kommune Etne Vedteke i råd Oktober 2017 Rus, vald og kriminalitetsførebygging 1 Utsetje alkoholdebuten hjå ungdom. Meir medviten bruk av sosiale media og nett, samt

Detaljer

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre» Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018 «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre» SULDALSSTANDARD SKULEFRITIDSORDNINGA (SFO) KVA ER SFO? SFO er eit friviljug opphalds- og aktivitetstilbod på skulen

Detaljer

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.01.2016 3917/2016 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato UD 2/16 Utdanningsutvalet 04.02.2016 Fylkesrådmannens tilråding 17.02.2016 Fylkesutvalet

Detaljer

Rogaland fylkeskommune Postboks 130 4001 STAVANGER

Rogaland fylkeskommune Postboks 130 4001 STAVANGER Rogaland fylkeskommune Postboks 130 4001 STAVANGER Deres ref Vår ref Dato 15/2556-19.06.2015 Den kulturelle skolesekken fordeling av spillemidler for skoleåret 2015 2016 Ved kongelig resolusjon av 24.

Detaljer

Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6:

Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6: LOKAL FAGPLAN FOR TIME KULTURSKULE KUNSTFAG 1. Time kulturskule sin grunnmur, generell del 1.1 Lovforankring Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6: «Alle kommunar skal aleine eller

Detaljer

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE KOMMUNEPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2006-2021 Langsiktig del Vedteke i kommunestyret 15.06.2006 sak nr. 019/06. Seljord kommunen sine langsiktige mål 2006 2021 Strategidel Overordna mål Seljord kommune skal

Detaljer

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Kvalitetskriterium i PP-tenesta Kvalitetskriterium i PP-tenesta For å hjelpe kommunar og fylkeskommunar til å utvikle PP-tenesta har Utdanningsdirektoratet utforma fire kvalitetskriterium for PP-tenesta. Føremålet med kriteria er å medverke

Detaljer

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19 Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19 Føremål Valfaga skal bidra til at elevane får styrka lysta til å lære og at dei skal oppleve meistring gjennom praktisk og variert arbeid. 8.klasse: Design og redesign

Detaljer