MØTEINNKALLING. Utval for levekår SAKLISTE 97/06 06/917 UTBETALING AV AVSETTE MIDLAR TIL PROSJEKTERING AV SYMJEANLEGG OG FLEIRBRUKSHALL

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "MØTEINNKALLING. Utval for levekår SAKLISTE 97/06 06/917 UTBETALING AV AVSETTE MIDLAR TIL PROSJEKTERING AV SYMJEANLEGG OG FLEIRBRUKSHALL"

Transkript

1 HÅ KOMMUNE MØTEINNKALLING Utval for levekår Møtestad: Hå rådhus Møtedato: Tid: Kl NB! Merk møtedato og tid. Eventuelt forfall må meldast til telefon / Vararepresentantar får eiga innkalling dersom dei skal møte. SAKLISTE Utvalsak Arkivsaksnr. Tittel 97/06 06/917 UTBETALING AV AVSETTE MIDLAR TIL PROSJEKTERING AV SYMJEANLEGG OG FLEIRBRUKSHALL 98/06 06/2295 KONTRAKTSVILKÅR OG VEDTEKTER FOR BARNEHAGEPLASS I HÅ KOMMUNE FRÅ Varhaug, Oddmund Gravdal leiar i utval for levekår

2 HÅ KOMMUNE Sak 97/06 UTBETALING AV AVSETTE MIDLAR TIL PROSJEKTERING AV SYMJEANLEGG OG FLEIRBRUKSHALL Saksbehandlar: Karen Marie Undheim Arkivkode: 223 D11 Arkivsaksnr.: 06/917 Utvalsak Utval Møtedato 97/06 Utval for levekår Rådmannen si innstilling: Vedlegg: Skriv frå Varhaug IL datert m/fakturakopi Svar frå Hå kommune datert Skriv frå Varhaug IL datert m/fakturakopi Bakgrunn for saka: I kommunestyremøte , sak 0084/05 vart det sett av til symjebasseng/fleirbruksanlegg på Varhaug. Varhaug IL sendt inn prospekt over planane og bad kommunen registrera dette som ein spelemiddelsøknad. Arkitektfirmaet Knut Kolstø as sendte teikningar for teknisk godkjenning til Kultur- og kirkedepartementet. Kopi vart levert Hå kommune. Varhaug IL har i skriv av og bedt om å få utbetalt dokumenterte utlegg til prosjektering av svømmeanlegg og fleirbrukshall. Svar frå kommunen på brev av var fyljande: Utbetaling vil finne stad når arbeidet er ferdig eller kome godt i gang. I samband med prosjektet nye Loen vart det ikkje utbetalt frå avsette midlar før Hå kommune hadde gjort endeleg vedtak om å støtta eit konkret prosjekt. Vurdering: Saka vert lagt fram for vurdering. Side 2 av 7

3 KONTRAKTSVILKÅR OG VEDTEKTER FOR BARNEHAGEPLASS I HÅ KOMMUNE FRÅ Saksbehandlar: Tove Valdeland Arkivkode: A10 Arkivsaksnr.: 06/2295 Utvalsak Utval Møtedato 98/06 Utval for levekår Rådmannen si innstilling: Vedtektene og kontraktsvilkåra vert vedteke som vist i saksførelegget. Bakgrunn for saka: a) Innhaldet i vedtekter og kontraktsvilkår er endra i tråd med 12 i barnehagelova av 17 juni Der heiter det mellom anna at kommunen skal leggja til rette for ein samordna opptaksprosess for å sikre likebehandling av barn og likebehandling av kommunale og private barnehager. b) Innhaldet i vedtekter pkt 5 og kontraktsvilkår pkt 22 er endra til tidlegare betalingsfrist mtp inkassovarsel. Dette fordi at når ein gjer foreldre 3 månader betalingsfrist, og det er sendt til inkasso så har dei allereie opparbeida seg ei stor gjeld. Ved å seia 1 månad, har dei fleste rimeleg muligheit til å gjera opp for seg. c) Endringar er og gjort i kontraktsvilkåra pkt 14. Brukaren har til nå hatt ei passiv rolle der kommunen kan henta inn opplysningar. Det vert endra til ei aktiv formulering der brukaren må skaffa fram eiga naudsynt dokumentasjon. Vurdering: VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I HÅ 1. Eigarforhold Hå kommune eig og driv Høyland, Vigre, Vibereiret, Urhei, Breidablikk, Loen, Trekløveren, Lensmannsgarden, Vigrestad, Askeladden og Måken barnehagar. Barnehagane vert drivne etter Lov om barnehagar og dei til ei kvar tid gjeldane planar og føresegner. 2. Formål Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar av 17. juni 2005 nr Opptaksmyndighet Opptaksmyndighet er Etat for skule og kultur i Hå. 4. Opptakskriteriar Søkjarar må vera busette i Hå. Søkjarar får plass etter dato for søknad. Dersom barn skal takast opp etter 13 i barnehagelova må det skje etter tilråding frå PPT eller vedtak etter lov om barneverntjenester. Faggrupper kommunen har særskilt behov for kan etter vedtak i AMU få prioritert barnehageplass for barna sine uavhenig av bustadkommunen. 5. Opptaksperiode og oppseiingsfrist Side 3 av 7

4 Plassen barna får tildelt, får dei behalda til den vert sagt opp skriftleg av den/dei føresette eller til barna begynnar på skulen. Oppseiinga må skje seinast 1 månad før barnet skal slutta, gjeldande frå 1. eller 15. i kvar månad. Plassen kan ikkje seiast opp med verknad etter 1. mai utan at ein må betala for resten av barnehageåret. Ved manglande betaling mister ein barnehageplassen. Dersom ein brukar har mista plassen, gjort opp for seg kan ein søkja på ny å få barnehageplass. Alle barnehagerekningane må betalast innan forfall for å få behalda plassen når det vert inngått ny avtale om barnehageplass. 6. Foreldrebetaling. Satsar for foreldrebetaling vert fastsett av kommunestyret for kvart kalenderår. Det er 11 betalingsterminar i året med betalingsfri i juli månad. 7. Leike- og opphaldsareal Leike- og opphaldsarealet er 4m2 netto pr. barn over 3 år og 5,5m2 netto for barn under 3 år. 8. Opningstid. Barnehagane har heilårsdrift. Heildagsbarnehagar har ope inntil 9,5 timar pr. dag. Korttidsbarnehagane og dei opne barnehagane følgjer skuleruta. Julaftan og nyttårsaftan er barnehagane stengde. Onsdag før skjærtorsdag stengjer dei kl. 12. I tillegg kjem 5 planleggingsdagar gjennom året der barnehagen er stengd. Samarbeidsutvalet ved kvar barnehage vedtek lokale tilpasningar av opningstida. 9. Ferie Barna skal i løpet av året ha 4 veker ferie, 3 av dei samanhengjande om sommaren. Barnehagane har ope i ferien. Av omsyn til ferieavviklinga held berre ein av barnehagane på Nærbø, Varhaug, Vigrestad og Ogna skulekrins ope i juli. Barnehagane gir beskjed kvart år om kva for barnehage som har ferieope. Barn som ikkje skal fortsetja i barnehagen må ta ferie innan dei sluttar 31. juli. Eventuelle unntak frå denne regelen kan takast opp med styraren før 1.5. Barn med store funksjonshemmingar kan bruka eit tilpassa tilbod om sommaren. Føresette må ta dette opp med styraren før Ansvar og forsikring Personalet har ansvar for barna frå foreldra leverer dei i barnehagen om morgonen til dei vert henta om ettermiddagen. Dersom andre enn foreldra skal henta barna, må barnehagen ha beskjed. Foreldre/føresette kan ikkje gi muntlege beskjedar via barna. Personalet skal ikkje ta barna med som passasjerar i eigen bil utan skriftleg løyve frå foreldra. Det er teikna kollektiv ulukkesforsikring for barna i den tida dei er i barnehagen og på veg til og frå barnehagen. 11.Internkontrollsystem Barnehagane har system for: HMS og Miljøretta helsevern i skule og barnehage. 12.Antal medlemmer i samarbeidsutvalet Antal medlemmer i samarbeidsutvalet varierer etter storleiken på barnehagen. Samarbeidsutvalet i kvar barnehage avgjer kor mange medlemmar dei skal ha. Side 4 av 7

5 Det skal alltid vera likt antal medlemmer frå foreldra og dei tilsette. I tillegg kan styraren møta med tale- og forslagsrett. KONTRAKTSVILKÅR FOR BARNEHAGEPLASS I HÅ. OPPTAKSVILKÅR: 1. Opptak i barnehage skjer heile året. Det er eit hovudopptak frå 1. august. Det er ein samordna opptaksprosess for kommunale og private barnehager, jf barnehagelova Foreldre/føresette kan søkja barnehageplass heile året. Søkjarane får plass etter dato for søknad. Det kan søkjast om barnehageplass når barnet er født. Opptak skjer etter ansiennitet. Har to søkjarar same søkjardato, vert det trekt lodd mellom dei. Dersom ein har motteke skriftleg tilbod om barnehageplass og takkar nei til tilbodet, men ynskjer plass seinare, vert ny ansiennitetsdato rekna frå den dato svaret vert registrert. 3. Barna vert rekna som 3-åringar det året dei fyller 3 år. 4. Barn med funksjonshemming kan etter sakkunnig vurdering få prioritet ved opptak, jf barnehagelova 13. Barn som har vedtak etter lov om barnevernsteneste har og prioritet ved opptak. 5. Innvandrarbarn over 3 år har fortrinn til barnehageplass. 6. For å få plass i barnehagane i Hå, må ein vera busett i kommunen. Etter vedtak i AMU kan fagpersonar som kommunen har særskildt behov for, få prioritert barnehageplass for sine barn utan omsyn til bustadkommune. 7. Dersom det i løpet av året blir ledige plassar i barnehagen, vil dei som alt har plass og har søkt om endring ha fortrinn. 8. Foreldre som tek imot barnehageplass ved hovudopptaket får krav om eit depositum som tilsvarar ei månadsbetaling. Plassen er ikkje gyldig før depositumet er betalt. 9. Etter 28 i forvaltningslova kan ein klaga på avslag på søknad om barnehageplass. Klagefristen er 3 veker. Klagen kan sendast til kommunen sitt klageorgan. BETALINGSVILKÅR: 11. Utgiftene til barnehagedrift blir fordelt mellom stat, kommune og foreldre. 12. Kommunestyret vedtek betalingssatsar for kvart kalenderår i samband med den årlege budsjettbehandlinga. Kostpengar kjem i tillegg. Det er 11 betalingsterminar i året med betalingsfri i juli månad. Side 5 av 7

6 13. Foreldrebetalinga blir fastsett etter foreldra/sambuarane si samla pensjonsgjevande inntekt, samt stønader frå folketrygda slik som overgangsstønad, barnebidrag, etterlattepensjon og uføretrygd. 14. Dei som har meir i samla årsinntekt enn det som gir høgaste betalingssats treng ikkje senda inn dokumentasjon. Dei som har lågare inntekt enn det som gjer høgaste betalingssats, får fastsett betalingssatsen etter hushaldet sine samla inntekter, jf punkt 13. Samstundes med at ein skriftleg tek imot barnehageplassen, må ein levera inn gjeldandre dokumentasjon på pensjonsgjevande inntekter, evt stønader frå folketrygda og avtalar om barnebidrag. 15. Dersom hushaldet får vesentlege endringar av inntekta, anten vesentleg meir eller vesentleg mindre, kan ein få endra betalingsats. Slik vesentleg endring kan vera: * arbeidsledighet eller opphør av arbeidsledighet. * går frå inntektsgjevande arbeid til studieplass eller omvendt. * hushaldet går frå ei til to inntekter. * vert einsleg forsørgjar * ved separasjon vert grunnlaget for foreldrebetalinga endra frå bevillingsdatoen Foreldra må uoppfordra gi skriftleg dokumentasjon på endring i inntekta, frå t d arbeidskontoret, skule, arbeidsgjevar. Ny månadsinntekt vert utrekna til årsinntekt som grunnlag for ny barnehagesats. 16. Den som har fast plass og som ikkje er i høgaste betalingsats må kvart år innan levera dokumentasjon på inntekter og eventuelle stønader, ellers blir vedkomande plassert i høgaste betalingssats. Dersom ein leverer dokumentasjon på eit seinare tidspunkt, har ikkje denne tilbakeverkande kraft. 17. Innlevert dokumentasjon for lågare betalingssats gjeld berre for eit kalenderår. 18. Inntektsgrunnlaget blir justert pr Depositum (gjeld tildelte plassar ved hovudopptak) Depositumet blir ikkje tilbakebetalt ved eventuell oppseiing av plass før barnet har begynt i barnehage. Innbetalt depositum blir fråtrekt på første barnehagerekning. 20. Reglar for redusert betaling for barn i barnehagar: a. Alle skal betala for barnehageplass i Hå kommune. Side 6 av 7

7 b. Foreldre/føresette må søkja om reduksjon av betalinag. c. Den delen av tilbodet som er gitt etter opplæringslova er gratis. Barn med behov for større grad av tilrettelagt opplegg kan etter søknad få inntil 50 % reduksjon i prisen. d. Det vert dessutan gitt syskenmoderasjon med 30 % for barn nr to, 50 % for barn nr tre og 75 % for barn nr fire. Det yngste barnet betaler 100 %, nest yngst 70 % osv. Dessutan kan det gjerast fritak for betaling ved langvarig sjukdom hos barnet: Ved samanhengande sjukdom over 40 kalendardagar, blir det gitt refusjon for foreldrebetaling i barnehage frå og med 41. dag. 21. Barnehagerekninga har forfall 20. kvar månad. 22. Misleghald av betaling Purring vert sendt 14 dg. etter betalingsfristen. Første purring er med inkassovarsel. Dersom rekninga då ikkje blir betalt, går den til inkasso. Ved manglande betaling for mister ein barnehageplassen. Dersom ein brukar mistar plassen, kan den gjera opp for seg, og kan søke på nytt for å få ny barnehageplass. Alle barnehagerekningane må betalast innan forfall for å få behalda plassen når det vert inngått ny avtale om barnehageplass. OPPSEIINGSVILKÅR: 24. Plassen barna får tildelt, får dei behalda til den vert sagt opp skriftleg av den/dei føresette eller at barnet begynner på skulen. 25. Oppseiinga må skje seinast 1 månad før barnet skal slutta, gjeldande frå 1. eller 15. i kvar månad. Plassen kan ikkje seiast opp med verknad etter 1. mai utan at ein må betala for resten av barnehageåret. 26. Ved flytting frå kommunen kan barnet behalda barnehageplassen ut semesteret. Side 7 av 7

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus 0100.40.05.010 Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus 0100.40.05.010 Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2 KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda 0100.40.05.010 Vedtekter Nivå: 1. Volda Side : 1 Revisjon : 3 Erstatter : 2 Utarbeida av: Styrar i Oppigarden og styrar i Åsemyra barnehage Godkjend av direktør

Detaljer

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 INTERNT NOTAT MASFJORDEN KOMMUNE «SSE_NAVN» Til: Kommunestyret Frå: Alf Strand Dok. ref. Dato: 10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 Vedtekter for barnehagane i Masfjorden Vedlagt følgjer reviderte vedtekter

Detaljer

Barnehagebruksplan

Barnehagebruksplan Barnehagebruksplan 2016-2019 1 Vedlegg 4. Vedtekter i kommunale barnehagar Vedtekter i kommunale barnehagar frå 01.01. 2015 1. Eigarforhold og ansvar for drift av barnehagane. Hå kommune eig og driv for

Detaljer

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur. Opplæring og kultur Vedtekter i kommunale barnehagar frå 01.01. 2016 1. Eigarforhold og ansvar for drift av barnehagane. Hå kommune eig og driv 14 barnehagar. Barnehagane vert drivne i tråd med Lov om

Detaljer

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ. VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ. Vedtekne av Vågå kommunestyre 7.mai 1979 og seinare justerte i vedtak i Vågå kommunestyre, sak 78/82, 119/88, 10/89, 18/91,19/93, 31/94, 138/94, 7/97, 25/2000,

Detaljer

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE 1 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE 1 EIGAR Sør-Fron kommune eig dei kommunale barnehagane. 2 FORMÅL Dei kommunale barnehagane i Sør-Fron skal drivast i samsvar med lov om barnehagar

Detaljer

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar med forskrifter og retningslinjer departementet til ei

Detaljer

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år. Notat Vår ref LITO 14/382-1 Arkiv A10, Dato 15.04.2014 Vedtekter for barnehage 1. EIGARTILHØVE Jølster kommune eig og driv følgjande barnehagar: Langhaugane barnehage, 0-6 år. 144 plassar. Skei barnehage,

Detaljer

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå 01.01. 2011

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå 01.01. 2011 1 2 VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND gjeldande frå 01.01. 2011 1. DRIFT I SAMSVAR MED NORSK LOV Eigaren av barnehagane er Studentsamskipnaden for

Detaljer

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 27.01.2009

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 27.01.2009 Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 27.01.2009 Handboka 06.09 Kommunestyret har delegert ein del avgjerder til rådmannen, som har delegert vidare til

Detaljer

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL 2009/323-18 SURNADAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL Vedteke i Surnadal kommunestyre 10.02.2011 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL Vedteke i kommunestyret 10.02.2011 1.

Detaljer

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift. Lærdal kommune VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE Vedteke i kommunestyre 10.03.2016, gjeldande frå 01.05.2016 1 Drift: Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald

Detaljer

2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr.

2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr. 1. Eigartilhøve Fusa kommune driv følgjande barnehagar: Trollskogen barnehage - Fusa oppvekstsenter. Holdhus barnehage Holdhus oppvekstsenter. Holmefjord barnehage - Nore Fusa oppvekstsenter. Jettegryto

Detaljer

Vedtekter kommunale barnehagar

Vedtekter kommunale barnehagar Sentralbord: 51 42 98 00 / epost (/) Framside (/) / Skule og barnehage / Barnehage (/skole og barnehage1/barnehage1/) Vedtekter kommunale barnehagar Oppdatert 1.1.2012 1 Retningslinjer Klepp kommune eig

Detaljer

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret 13.12.2012, sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret 21.12.

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret 13.12.2012, sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret 21.12. Vedtekter for Åmli barnehagar Vedtatt i kommunestyret 13.12.2012, sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret 21.12.2015, sak K 15/185 INNHALD: 1 Eigar... 3 2 Formål... 3 3 Foreldreråd og samarbeidsutval...

Detaljer

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR Vassloppa barnehage Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR 1 - FORVALTNING OG FORELDREMEDVERKNAD 1.1 Eigar Samnanger kommune eig og driv

Detaljer

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER Gjeldande frå 1. januar 2015 1. Føremål Barnehagane i Luster skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar og tilhøyrande føresegner. I tillegg gjeld kommunale

Detaljer

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE Med retningsliner for fleksibel ferieavvikling i barnehagane. 1 1 Eigar Vestnes kommune eig og er ansvarleg for dei kommunale barnehagane. 2 Hovudramma

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD Administrativt revidert 28. august 2017 1. Eigar- og driftsforhold. Seljord kommune eig og driv barnehagane i Åmotsdal, Flatdal og i Seljord sentrum. Barnehagane er

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD Vedtatt av Seljord formannskap i sak 85/15, 29.10.2015. 2 1. Eigar- og driftsforhold. Seljord kommune eig og driv barnehagane i Åmotsdal, Flatdal og i Seljord sentrum.

Detaljer

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå 15.08.12 Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra Side 2 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE SKOLEFRITIDSORDNINGER I AUKRA KOMMUNE. 1 Eigarforhold. Aukra

Detaljer

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE. Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova)

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE. Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova) MIDSUND KOMMUNE 6475 MIDSUND VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova) Tidlegare vedtatt i kommunestyre 29.04.96, K.sak 96/034,

Detaljer

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post: Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: 70088416, e-post: sirlihaugen@mimer.no, http://sirlihaugen.barnehage.no/ RETNINGSLINJER FOR DRIFT AV SIRLIHAUGEN BARNEHAGE Fastsett av styret 07.09.04 og gjeldande

Detaljer

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE Vedteke i kommunestyre 20.06.2013 1 Drift: Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift. Barnehagane skal drivast

Detaljer

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: 21.06.2016 Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET Informasjon 2016/2017 Retningslinjer og informasjon vert sendt til alle som får barnehageplass i Kvinnherad kommune.

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD Vedtatt av Seljord formannskap i sak 20/12, 9.2.2012. Administrativt revidert 1.september 2014 1. Eigar- og driftsforhold. Seljord kommune eig og driv barnehagane i

Detaljer

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert 26.03.2014

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert 26.03.2014 Vedtekter for barnehagane i Austrheim Oppdatert 26.03.2014 Innhald: side 1. Føremål 4 2. Forvaltning 4 3. Opningstider/barnehagerute 4 4. Ferieavvikling for barn 5 5. Areal 5 6. Betalingssatsar 5 7. Opptak

Detaljer

2009/2010. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Vanylven

2009/2010. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Vanylven 2009/2010 Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Vanylven 1 EIGARTILHØVE Desse vedtektene gjeld for barnehagar som er eigde og/eller vert drivne av Vanylven kommune. 2 FORMÅLET MED BARNEHAGANE Barnehagane

Detaljer

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE 1 Eigartilhøve 1.1 Øystre Slidre kommune er eigar av Tingvang barnehage, Rogne barnehage og Beito barnehage. 1.2 Barnehagane blir drive i samsvar

Detaljer

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret 02.05.2013.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret 02.05.2013. VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret 02.05.2013. 1 EIGARTILHØVE Barnehagen er eigd og vert driven av LINDÅS KOMMUNE 2 LOVVERK Barnehagen vert driven i samsvar med Lov om barnehage

Detaljer

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS 1. EIGARTILHØVE Barnehagen er eigd og driven av Grete Håvardsholm Dramdal og Hilde Grindevik i Sæ barnehage AS. Vedtektene er fastsett av eigarane innanfor ramma av gjeldande

Detaljer

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE. VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE. 1. EIGARTILHØVE Vedtektene gjeld barnehagar som Vik kommune eig og driv. 2. LOV OG REGELVERK, FØREMÅL Barnehagane skal drivast i samsvar med til ei kvar

Detaljer

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET Retningslinjer og informasjon Retningslinjer og informasjon om barnehagetilbodet TILBODET I BARNEHAGANE Barnehagane skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta

Detaljer

Vedtekter for Velledalen Naturbarnehage SA i henhald til Barnehagelova 7 2. Innhaldsfortegning.

Vedtekter for Velledalen Naturbarnehage SA i henhald til Barnehagelova 7 2. Innhaldsfortegning. 1 Vedtekter for Velledalen Naturbarnehage SA i henhald til Barnehagelova 7. Innhaldsfortegning. Vedtekter for Velledalen Naturbarnehage SA i henhald til Barnehagelova 7 2 1 Eigarforhold 2 2 Formål 2 3

Detaljer

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

BARNEHAGETILBODET 2015/2016 Kvinnherad kommune Vår ref: 2014/996 Dato: 1.07.2015 Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET 2015/2016 RETNINGSLINJER OG INFORMASJON Retningslinjer og informasjon OM FALDAREN Faldaren vert sendt til alle

Detaljer

TIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

TIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE TIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE Vedtektene blei godkjende av Time kommunestyre 20.06.00, sak 4 /00. Revidert av hovudutval for undervisning 14.11.01, sak

Detaljer

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER Gjeldande frå 1. januar 2017 1. Føremål Barnehagane i Luster skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar og tilhøyrande føresegner. I tillegg gjeld kommunale

Detaljer

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4. VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I STORD KOMMUNE 1. Eigartilhøve Stord kommune er ansvarleg for drifta av dei barnehagane som er omfatta av desse vedtektene. Barnehagane er administrativt knytt til rådmannen.

Detaljer

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE MODALEN KOMMUNE Modalen Barnehage 5729 Modalen Tlf. 56 59 91 90 VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE Vedteke i kommunestyret.. Verknad f.o.m. 1 Innleiing I fylgje Lov om barnehager 7 skal barnehagen ha vedtekter

Detaljer

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016 Vedtekter for barnehagane i Hemsedal Gjeldane frå 1. oktober 2016 Vedtatt i Kommunestyre 29.09. 2016 1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane

Detaljer

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar 1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar med forskrifter og retningslinjer departementet til ei

Detaljer

Vedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST Høyringsutkast frist

Vedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST Høyringsutkast frist Vedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST 13.02.2017 Høyringsutkast frist 13.02.17 side 1 INNHALD: Innhold Innleiing:... 2 1. Føremål:... 3 2. Eigarforhold:...

Detaljer

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE Stokkalandsmarka barnehage VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE Kontoradresse: Postadresse: Telefon: Org nr: Stokkalandsbakken 2, 4362 Stokkalandsbakken 2, 4362 51 43 56 40 964 969 590 Vigrestad

Detaljer

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid Kviteseid kommune Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid Vedteke i Hovudutval for Oppvekst og Omsorg (HOO), den 28.01.2015 1. Eigartilhøve Kviteseid kommune eig, driv og fører tilsyn med desse

Detaljer

SURNADAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

SURNADAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL SURNADAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL Vedteke i Surnadal kommunestyre 30.03.17 Gjeld frå 1. mai 2017 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL Vedteke i kommunestyret 30.03.17

Detaljer

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune Vedteke i Kommunestyret 12.05.2016 K-sak 36/16 1. Eigar Hemsedal kommune er eigar og ansvarleg for drifta av skulefritidsordningane (SFO) ved Tuv og

Detaljer

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet Bokn kommune Bokn barnehage. Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 03.02.2015 Kommunestyret har delegert ein del avgjerder til rådmannen, som har delegert

Detaljer

Betalingsreduksjon i foreldrebetaling BARNEHAGANE I SVEIO

Betalingsreduksjon i foreldrebetaling BARNEHAGANE I SVEIO Betalingsreduksjon i foreldrebetaling BARNEHAGANE I SVEIO Vedtekne av kommunestyret i Sveio 01.11.2010 2 Retningslinjer for reduksjon i foreldrebetaling i barnehagar: Vedtekne av kommunestyret i Sveio

Detaljer

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Vedtekter for Åmli barnehagar Vedtatt i kommunestyret 13.12.2012, sak K 12/185 INNHALD: 1 Eigar... 3 2 Formål... 3 3 Foreldreråd og samarbeidsutval... 3 4 Opningstid... 4 5 Planleggingsdagar... 4 6 Leike-

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval for opplæring og kultur. * Kl 09.45 blir det synfaring med buss til kultur- og idrettsanlegg. Retur til rådhuset kl 15.00.

MØTEINNKALLING. Utval for opplæring og kultur. * Kl 09.45 blir det synfaring med buss til kultur- og idrettsanlegg. Retur til rådhuset kl 15.00. HÅ KOMMUNE MØTEINNKALLING Utval for opplæring og kultur Møtestad: Hå rådhus : 18.06.2008 Tid: Kl. 09.00 NB! Merk tid * * Kl 09.45 blir det synfaring med buss til kultur- og idrettsanlegg. Retur til rådhuset

Detaljer

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO Vedtekter for kommunale SFO-tilbod Sveio,juni-08 1 VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE FRTIDSORDNINGANE I SVEIO 1. LOVGRUNNLAGET 13-7 i opplæringslova: Skolefritidsordninga Kommunen

Detaljer

BARNEHAGETILBODET I LEIKANGER 2015

BARNEHAGETILBODET I LEIKANGER 2015 BARNEHAGETILBODET I LEIKANGER 2015 Leikanger kommune TIL FORELDRE/FØRESETTE Leikanger kommune ønskjer med denne foldaren å gjera barnehagetilbodet i kommunen kjent. Foldaren inneheld informasjon om kvar

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE NISSEDAL KOMMUNE Vedtekter for barnehagane vedteke i k-sak 16/16 VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I NISSEDAL KOMMUNE 1. Eigar og driftsforhold. Nissedal kommune eig og driv Treungen

Detaljer

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg. Tysvær kommune Vår ref 11487/2005 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR - Revidert 2017 1. Eigarforhold Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden,

Detaljer

Austevoll kommune. Retningsliner for samordna opptak i barnehagar i. Gjeldande frå Vedteke i tenesteutvalet i sak 008/15.

Austevoll kommune. Retningsliner for samordna opptak i barnehagar i. Gjeldande frå Vedteke i tenesteutvalet i sak 008/15. Foto: Bekkjarvik maritime FUS barnehage Retningsliner for samordna opptak i barnehagar i Gjeldande frå 05.02.2015 Vedteke i tenesteutvalet 05.02.2015 i sak 008/15. 1 INNLEIING Alle godkjende barnehagar

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE Gjeld frå og med barnehageåret 2016-2017: KS-028/16 1 VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE Gjeld frå og med barnehageåret 2016-2017: KS-028/16 PARAGRAF 1:

Detaljer

Vedtekter for kommunale barnehagar

Vedtekter for kommunale barnehagar Vedtekter for kommunale barnehagar Vedtekne i kommunestyret 2017 sak 1. Eigartilhøve Barnehagen er eigd og vert driven av Lindås kommune. 2. Lovverk Barnehagen vert driven i samsvar med Barnehagelova

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SANDØY Vedtektene er utarbeidd i samsvar med Lov om barnehagar av 17. juni 2005. 1 EIGARTILHØVE. Sandøy kommune eig og driv barnehagen

Detaljer

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Tilleggsinnkalling av Formannskapet MODALEN KOMMUNE Tilleggsinnkalling av Formannskapet Møtedato: 31.01.2017 Møtestad: Formannskapsrommet Møtetid: 09:00-12:00 Det vert eit kort møte i valstyret før lunsj - sjå eiga møteinnkalling. Eventuelle

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE Vedteke av Tokke kommunestyre i sak 16/30. Eigartilhøve 1. Tokke kommune eig og driv Dalen barnehage, Dalen barnehage Åmdals-Verk, Dalen barnehage Byrte,

Detaljer

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL 2015/2095-16 SURNADAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL Vedteke i Surnadal kommunestyre 10.12.2015 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL Vedteke i kommunestyret 10.12.2015 1.2

Detaljer

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE Heimel: Skulefritidsordninga er heimla i Opplæringslova i 13-7, 9a-8, og 10-9, og i Forskrift til opplæringslova i 12-1e og 15 Vedteke i Førde bystyre

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13 Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Vedtekter for Fyresdal barnehage Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13 Vedtekter for Fyresdal barnehage 1. Eigar- og driftsforhold Fyresdal

Detaljer

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid Kviteseid kommune Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid Vedteke i Hovudutval for Oppvekst og Omsorg (HOO), den 02.02.2017 1. Eigartilhøve Kviteseid kommune eig, driv og fører tilsyn med desse

Detaljer

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN RÅDMANNEN Vedteke i Aukra kommunestyre 18. oktober 2012, sak nr. 105/12. ephorte 12/420-3. 2 Dei kommunale barnehagane i Aukra skal drivast i samsvar

Detaljer

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage Praktisk informasjon om Treungen barnehage Barnehageåret 2014 2015 Desse møter du i Treungen barnehage: Einingsleiar/styrar: Gro Midtsund, telefon: 350 48 477 mobil: 91 38 26 46 Fagleg utviklar 30%: Solveig

Detaljer

Plan for Liabygda SFO

Plan for Liabygda SFO Plan for Liabygda SFO Generelt: Liabygda SFO er ein del av den kommunale skulefritidsordninga i Stranda kommune. Liabygda SFO er underlagt dei vedtekne kommunale retningsliner for skulefritidsordningane.

Detaljer

Revidert Oppvekst og omsorg,

Revidert Oppvekst og omsorg, Revidert Oppvekst og omsorg, 01.06.2010 Revidert oppvekst og omsorg sak 17/10 Side 0 VEDTEKTER FOR KOMMUNALT SFO-TILBOD I SAMNANGER 1 - FORVALTNING OG FORELDREMEDVERKNAND 1.1 Eigar Samnanger kommune eig

Detaljer

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol. VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 01.08.16 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

Vedtekter og reglement

Vedtekter og reglement Vedtekter og reglement VEDTEKTER FOR STJØRDAL KOMMUNES BARNEHAGER 1. Eierforhold Stjørdal kommune er eier for de kommunale barnehagene, og står ansvarlige for driften. 2. Formål Barnehagene skal drives

Detaljer

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod: Vedtekter for SFO Skulefritidsordninga er heimla i Opplæringslova 13-7. Vedtektene vart vart av Komitè for oppvekst, kultur og idrett i november 2010. Revidert mars 2014 1. Om skulefritidsordninga: - Skulefritidsordninga,

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Revidert - Formannskapet, Vedtekne Kommunestyret,

Revidert - Formannskapet, Vedtekne Kommunestyret, Revidert - Formannskapet, 23.11.16 Vedtekne Kommunestyret, 15.12.16 Revidert oppvekst og omsorg sak 17/10 Side 0 VEDTEKTER FOR KOMMUNALT SFO-TILBOD I SAMNANGER 1 - FORVALTNING OG FORELDREMEDVERKNAND 1.1

Detaljer

VEDTEKTER FOR KOMMUNALT EIGDE BARNEHAGAR I SVEIO KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALT EIGDE BARNEHAGAR I SVEIO KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALT EIGDE BARNEHAGAR I SVEIO KOMMUNE 1. EIGARTILHØVE Sveio kommune eig og er ansvarleg for drifta av dei barnehagane som er omfatta av desse vedtektene. Barnehagane er administrativt

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE Vedteke av Tokke kommunestyre i sak 17/10. Eigartilhøve 1. Tokke kommune eig og driv Dalen barnehage, Dalen barnehage Åmdals-Verk, Dalen barnehage Byrte,

Detaljer

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG Justert av årsmøtet 25. februar 2004 ( 11), 1. mars 2006 ( 11), 4. mars 2008 ( 10), 3. mars 2009 ( 10), 3. mars 2010 ( 12A), 23. februar 2011 ( 11 4. avsnitt) 1 1 Formål Volda

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGENE I MELDAL

VEDTEKTER FOR BARNEHAGENE I MELDAL Meldal kommune VEDTEKTER FOR BARNEHAGENE I MELDAL GREFSTAD BARNEHAGE LØKKEN BARNEHAGE STORÅS BARNEHAGE Å BARNEHAGE Vedtatt i kommunestyret 13.11.97 med endringer gjort i Kommunestyret i sak 016/11 og sak

Detaljer

B A R N E H A G E T I L B O D

B A R N E H A G E T I L B O D Høyanger kommune Tenesteområde oppvekst B A R N E H A G E T I L B O D 2016/2017 TIL FØRESETTE Høyanger kommune ønskjer med denne brosjyra å gjere kjent for Dykk barnehagetilbodet i kommunen sine barnehagar:

Detaljer

VEDTEKTER FOR RØYKEN KOMMUNALE BARNEHAGER

VEDTEKTER FOR RØYKEN KOMMUNALE BARNEHAGER VEDTEKTER FOR RØYKEN KOMMUNALE BARNEHAGER Vedtatt av Kommunestyret 11.12.2008 1 VEDTEKTER FOR RØYKEN KOMMUNALE BARNEHAGER 1. INNLEDNING Barnehagene drives av Røyken kommune i samsvar med lov om barnehager

Detaljer

Nissedal kommune Kommunal plan for tilsyn med barnehagane i Nissedal kommune etter Barnehagelova

Nissedal kommune Kommunal plan for tilsyn med barnehagane i Nissedal kommune etter Barnehagelova Nissedal kommune Kommunal plan for tilsyn med barnehagane i Nissedal kommune etter Barnehagelova Hausten 2013 Innhald 1.0 Kommunen som tilsynsmynde... 3 2.0 Målet med kommunens tilsyn... 3 3.0 Lovgrunnlaget

Detaljer

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE 6 Vedteke i K-sak 020/13 den 02.05.2013 Heimel for skulefritidsordninga Skulefritidsordninga er heimla i Opplæringslova i kap 13, 13-7 og i forskrift

Detaljer

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning Aukra kommune Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning Aukra kommune ephorte: 2012/67-54 Vedteke i kommunestyret den 06.09.16, sak 70/16 Gjeldande frå skoleåret 2017-2018 ephorte

Detaljer

4 FORELDREMEDVIRKNING

4 FORELDREMEDVIRKNING Vedtekter for Lundebygrenda Barnehage AS i Aurskog-Høland kommune «Sammen skal vi skape gode barndomsminner gjennom omsorg, lek og læring og humor og glede» 1 EIERFORHOLD Barnehagen eies av Lundebygrenda

Detaljer

VEDTEKTER FOR EPLEHAGEN BARNEHAGE LYNGDAL AS

VEDTEKTER FOR EPLEHAGEN BARNEHAGE LYNGDAL AS Januar 2016 VEDTEKTER FOR EPLEHAGEN BARNEHAGE LYNGDAL AS 1. EIERFORHOLD Eplehagen Barnehage Lyngdal As er privateid, og eies av Trine-Lill Herdal Andreassen, Gry- Lisbeth Nissen og Berit Hægeland Salamonsen.

Detaljer

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde NORDDAL KOMMUNE Reglement for godtgjering til folkevalde Vedteke: Ksak 80/13 Gjeld frå: 01.12.2013 INNHALD: 1.0 Kven reglementet gjeld for... side 2 2.0 Formål... side 2 3.0 Møte... side 2 4.0 Godtgjering...

Detaljer

STRANDA KOMMUNE SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNING (SFO)

STRANDA KOMMUNE SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNING (SFO) STRANDA KOMMUNE SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNING (SFO) 2016/2017 Det må søkjast ny plass for kvart skuleår. Søknadsfrist 1.mars NB! Søknaden skal sendast til den aktuelle skulen. Opptaksnemnda ved

Detaljer

The Children s House Barnehagens vedtekter. Updated 05.10.2014

The Children s House Barnehagens vedtekter. Updated 05.10.2014 1. Stiftelsen The Children s House Barnehagens vedtekter Updated 05.10.2014 The Children s House er en stiftelse registrert i stiftelsesregisteret. Stiftelsen har egne vedtekter som gjelder i tillegg til

Detaljer

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE MIDSUND KOMMUNE 6475 MIDSUND VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE Jfr. lovheimel: 15 i " Lov om barnehagar". Tidlegare vedtatt i kommunestyre 29.04.96, K.sak 96/034, med endring i

Detaljer

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre» Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018 «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre» SULDALSSTANDARD SKULEFRITIDSORDNINGA (SFO) KVA ER SFO? SFO er eit friviljug opphalds- og aktivitetstilbod på skulen

Detaljer

SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015.

SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015. SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015. BØ SKULE Rektor: Gyrid Kvaale tlf: 35059452 Sentralbord: Gunn Berit Sønstebø tlf: 35059450 SFO leiar: Liv Bente V. Øygarden tlf: 35059473 MEDARBEIDARAR PÅ SFO SKULEÅRET

Detaljer

VEDTEKTER FOR SKOLEFRITIDSORDNINGE (SFO) I RISSA

VEDTEKTER FOR SKOLEFRITIDSORDNINGE (SFO) I RISSA VEDTEKTER FOR SKOLEFRITIDSORDNINGE (SFO) I RISSA N 1. Innholdsfortegnelse 1. Innholdsfortegnelse... 2 2. Administrasjon... 3 2.1 Lovgrunnlag... 3 2.2 Definisjon og formål... 3 2.3 Styring og ledelse...

Detaljer

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

Kviteseid kommune. Møteinnkalling Kviteseid kommune Møteinnkalling Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 28.01.2015 Tidspunkt: 12:00 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til

Detaljer

Høyanger kommune. solveig.berstad.sande@hoyanger.kommune.no. Plan for tilsyn med barnehagane i

Høyanger kommune. solveig.berstad.sande@hoyanger.kommune.no. Plan for tilsyn med barnehagane i Høyanger kommune eld kraft vatn solveig.berstad.sande@hoyanger.kommune.no Plan for tilsyn med barnehagane i Høyanger kommune etter Barnehagelova Våren 2015 Innhald 1 Kommunen som tilsynsmynde 2 Målet med

Detaljer

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR revidert 2013

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR revidert 2013 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR revidert 2013 1. Eigarforhold Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Frakkagjerd, Førresdalen, Førresfjorden, Hinderåvåg,

Detaljer

Vedtekter og reglement

Vedtekter og reglement Vedtekter og reglement VEDTEKTER FOR STJØRDAL KOMMUNES BARNEHAGER 1Eierforhold Stjørdal kommune er eier for de kommunale barnehagene, og står ansvarlige for driften. 2.Formål Barnehagene skal drives i

Detaljer

6. Opptaksperioden Opptaksperioden går frå barnet får plass og fram til veke 28 det året barnet skal ta til på skulen.

6. Opptaksperioden Opptaksperioden går frå barnet får plass og fram til veke 28 det året barnet skal ta til på skulen. Vedtekter for kommunale barnehagar Gjeldande frå 1. oktober 2006. I. FORMÅL OG ORGANISASJON. 1. Formål a. Barnehagen skal gje barn under opplæringspliktig alder eit godt miljø med vekt på leik og samvær

Detaljer

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. VESTNES KOMMUNE Administrasjonsutvalet Innkalling til møte i Administrasjonsutvalet Møtestad: Dato: Formannskapssalen, Rådhuset, 12.03.2013 Kl.15:30 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding,

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SANDØY Vedtektene er utarbeidd i samsvar med Lov om barnehagar av 17. juni 2005 med siste endring Lov om barnehager 21.06.2013 1 EIGARTILHØVE.

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer