Møtedato: 24.06.2014 Møtestad: Flora Rådhus, Rettsalen Møtetid: 12:00-15:30 Tilleggsinnkalling til Formannskapet Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57 75 60 00, slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemar møter etter nærare innkalling. Flora kommune Bengt Solheim-Olsen ordførar Ester Frøyen formannskapssekretær
Saknr. Tittel Sakliste 044/14 Eikefjord barnehage - tilbygg og ombygging
Saksframlegg Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Vidar Vårdal 14/1900 Saksnr Utvalg Type Dato 044/14 Formannskapet PS 24.06.2014 Eikefjord barnehage - tilbygg og ombygging Framlegg til vedtak: 1. Formannskapet tar informasjonen til etterretning 2. Formannskapet ber Rådmannen innarbeide auke av investeringsramma til Eikefjord Barnehage med kr. 880.000,- i budsjettåret 2015 for å finansiere utgifter til grunnundersøkingar og skifte av yttertak eksisterande bygg. 3. Utgifter til eventuelle sikringstiltak vert å innarbeide i inveteringsbudsjettet 2015 som eige prosjekt. Saksopplysningar: Kva saka gjeld: Rapportering i samsvar med budsjettvedtak for 2014, pkt. 27 Innleiing: Historikk, stikkords messig oppsummering: Sak 077/12 Flora bystyre vedtar bygging av ny avdeling og ombygging av deler av eksisterande barnehagelokar. Oktober 2012 avtale om grunnkjøp Januar 2013 Plan og samfunn godkjenner frådeling av areal og dispensasjon i h.h.t. plan og bygningslov Juni 2013 Doffin utlysing - prosjektansvarleg konsulent Oktober 2013 Engasjert prosjektleder og arkitekt. Desember 2013 Oppstartsmøte og organisering, framdriftsplan, planlagt ferdig bygg 2015. Prosjektet er organisert med en byggekomité som består av: leiar Eikefjord barnehage, verneombod, barnehagekonsulent og rep. for byggherre. Prosjektleiar og arkitekt er Kjell Hareide. Rådmannen har
bestemt at leiar FAU skal tiltre byggekomiteen. Prosjektet omfattar kjøp av tilleggsareal, bygging av 318 m2 nytt areal, ombygging av ca 100 m2 eksisterande areal, opparbeiding av 19 parkeringsplassar, uteanlegg i barnehagen og nytt utvending VA anlegg og infrastruktur. Forseinka rapportering frå geologiske vurderingar av byggeområdet og tomta har medført forseinka oppstart prosjektering bygg. Vurderingane tilseier ein vis flomfare frå Sørelva. Geolog tilrår å fundamentere planlagt bygg på tilsvarande måte som eksisterande bygg. Den geologiske vurderinga avdekka og mulig fare for leirskred og anbefalte å gjennomføre grunnundersøkingar av dei finkorna lausmassane på tomta for å sjekke om dei inneheld kvikkleire. Grunnundersøkingar er bestilt, venter på rapport. Prosjektkomiteen har etterspurt og jevnleg fått informasjon om byggeprosjektet. Vurdering: På grunn av forseinka rapportering frå geologiske vurderingar, er prosjektet forseinka. Prosjektet vert ikkje sendt ut på tilbod før ev. tiltak mot skred/utgliding av massar er kartlagt og prosjektert. Rapport frå grunnundersøkingar skal foreligge tidleg juli. I byggemøte i mai vart det bestemt å utsette tilbodsrekning til august. Anbodspapir vert utsendt i veke 34. Prosjektering av bygget går no som planlagt. Utsett utsending av prosjektet på tilbodsrekning kan medføre forseinka ferdigstilling, noko som først vert klarlagt når tilbod er motteke frå entreprenørar. Byggherren har meldt frå til rådmannen at det er ynskjeleg å skifte ut betongtakstein på eksisterande bygg. Årsaka er at deler av taket er svært mosegrodd, noko som kan føre til lekkasjar. Det er teke kontakt med Allhuset for å forlenge leigeavtalen fram til ferdig bygg i 2015. Økonomiske konsekvensar: Prosjektleiar har revidert kalkyletal frå 2012. Det er ikkje gjort endringar i prosjektet som medfører endringar i forut setningane for kalkylen. Hensyntatt prisstigning er kalkylen auka frå 11,2 til 12 mill.kr. for planlagde byggearbeida. Då inngår ikkje dei omfattande grunnundersøkingane eller kostnadane forbunde med ev. sikringstiltak. Samla investeringsramme for prosjektet er 15,38 mill.kr.inkl. mva. I den summen inngår grunnkjøp, konsulentkostnader og inventar. Kalkylen for prosjektet har ikkje tatt høgde for dei omfattande grunnundersøkingane som no vert gjennomført. Det ligg heller ikkje inne midlar til ev. å utføre sikringstiltak. Sett frå byggherren si side
vil eventuelle sikringstiltak av barnehagetomta måtte utførast uavhenging av byggearbeida og soleis har desse kostnadane ikkje noko direkte med sjølve prosjektet å gjere. Skifting av betongtakstein på eksisterande bygg inngår heller ikkje i vedteken investeringsplan for prosjektet. Ut frå kjente tal i dag vil det vere behov for fylgjande tilleggsfinansiering: Grunnundersøkingar: kr. 380.000,- Skifte av tak inkl. takrenner, beslag og takhattar : kr. 500.000,- Sum kr. 880.000,- Miljømessige konsekvensar: Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm: