Vestnorske fjordlandskap UNESCO-status Lokalsamfunnsutvikling Kommuneplankonferansen 2008 Arne Sandnes
Kva er verdsarv? Konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv blei vedteken i 1972 av UNESCO Konvensjonen oppmodar alle land til å fremje vern av kultur- og naturarv av lokal eller nasjonal betyding. Konvensjonen sitt fremste mål er å identifisere kultur- og naturarv av universell verdi. Natur- og kulturarven kan vere eit monument, eit bygningsmiljø, eit kulturlandskap eller eit naturområde. Den kan vere naturskapt, eller skapt av menneske og natur i fellesskap.
Den kinesiske mur - det største menneskeskapte byggverk på kloden
Pyramidene i Egypt dei siste attverande av oldtida sine underverk
Grand Canyon
Ankor Vat: Verdsarv i forfall
Verdsarven i Noreg Noreg ratifiserte konvensjonen 12. mai 1977. Verdsarvkomiteen har godkjend sju norske nominasjonar til Verdsarvlista: Bryggen i Bergen (1979) Urnes stavkyrkje (1979) Bergstaden Røros (1980) Bergkunsten i Alta (1985) Vegaøyan (2004) Vestnorsk fjordlandskap (2005) Struves meridianboge (2005) Verdsarvobjekt må oppfylle særs strenge krav og ha ein universell verdi I dag er det 830 sites totalt, 162 naturbaserte, øvrige kulturobjekt Betydning: Kvalitetsstempel til området og ein eksklusiv internasjonal status og anerkjennelse Internasjonal aksept av natur- og kulturverdiane Bilete: Vegaøyan verdsarvområde
Vestnorsk fjordlandskap 14. juli 2005 ein dag med historisk sus! Fjordar er mellom dei mest dramatiske og spektakulære landskapa på kloden. Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap femnar delar av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane i verda. Av mange er desse fjordane rekna som sjølve symbolet på Noreg, det fremste fjordlandet i verda. Verdsarvområdet består av to delområde; Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet. Til saman med omgivnader utgjer områda 1227 km², der 107 km² er sjøareal. Dette er område med ein natur og kulturinnhald som har trollbunde besøkande til alle tider. Bilete: Geirangerfjorden
Kronjuvelar Naturarvområda vert ofte kalla kronjuvelane på Verdsarvlista. UNESCO kommisjonen si vurdering: Vestnorske Fjordlandskap er rekna mellom dei framifrå vakraste fjordlandskapa på KLODEN
To delområde - eitt verdsarvområde Området omfattar: Del nord: Stranda og Norddal kommunar, Møre og Romsdal fylke Del sør: Aurland, Lærdal, Vik og Voss kommunar, Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar
Vestnorsk fjordlandskap Geirangerfjorden med omland Nærøyfjorden med omland
Organisering Verdsarvrådet : 6 ordførarar 3 fylkesordførarar 3 fylkesmenn DN, RA, MD Leiarperiode/ekretariatsfunksjon: 2 år i kvart område Desentralisert struktur
Tornefull veg frå vern til vonløyse! Bilete: Nærøyfjorden
Verdsarven - ei vitamininnsprøyting Kjelde til inspirasjon og glede OL-effekt Styrking av sjølvkjensle og lokal identitet Auka interesse og medvit om natur- og kulturminnevern Merkevarebygging og marknadsføring av reiselivsnæringa Grunnlag for småskala landbruk kulturlandbruk
Verdiskaping gjennom produksjon av kortreist mat og tradisjonelt handtverk Etablering av kompetansearbeidsplassar innan forskning og formidling Arena for gjensidig læring og demonstrasjon av beste praksis Fellesprosjekt for kommunar og fylke på Vestlandet med tanke på tettare samarbeid Utgangspunkt for internasjonalt samarbeid mellom verdsarvområde Utvikling av verdsarvområder som eige politikk-område
Frå ord til handling vi er i gang! Storfjordprosjektet 2003 Tiltaksplan kulturlandskap 2007 Kamp mot kraftliner Trekantsamarbeid Geoturisme pilot Verdsarvsenter
Innsats for verdsarven er arbeid for fred! Arv eitbelasta omgrep Verdsarv noko som bind saman: - innbyggjarar - kommunar - fylke og landsdelar - land og verdsdelar
Verdsarven - større enn mange vil tru! Ein grensesprengande idè som kan samle folk og land kring eit edelt og høgverdig mål Måtte fantasien ikkje sette grenser! Bilete: Geirangerfjorden
Verdsarven til fortida - ein hyllest til samtida - ei påminning til framtida - ein inspirasjon
Ivar Aasen får siste ordet Lat oss ikkje forfedrane gløyma Under alt som me venda og snu, For dei gav oss ein arv til å gøyma Han er større enn mange vil tru Lat det merkast i meir enn i ordi At me halda den arven i stand At når fedrane sjå att på jordi Dei kan kjenna sitt folk og sitt land Bilete: Geirangerfjorden