Det skjer i Suldal. 11. september til 20. desember 2013. www.skattkammeretsuldal.no

Like dokumenter
Det skjer i Suldal. 3. oktober til 16. desember

Det skjer i Suldal. 26. januar til 22. juni

Det skjer i Suldal. 15. september til 14. desember

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

Det skjer i Suldal. 22. juni - 5. oktober

Det skjer i Suldal. 10. juni til 5. oktober

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Det skjer i Suldal. 20. juni til 3. oktober Du kan kjøpa billettar til arrangement på Kulturhuset på

Månadsplan for Hare November

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Time Bibliotek. Haustmeny 2015

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

MEDLEMSINFO. august 2009

Det skjer i Suldal. 1. juni til 1. oktober

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Mandag 20/06. Søndag 26/06. Tirsdag 21/06. Lørdag 25/06. Onsdag 22/06. Fredag 24/06. Torsdag 23/06

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Hei alle sjøstjerneforeldre

Bygdeblad. Bygdesentralenlen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

No sprett knuppane og sevja stig

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Det skjer i Suldal. 15. januar til 20. juni

Månadsbrev for Rosa september 2014

Det skjer i Suldal. 16. januar til 22. juni

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Det skjer i Suldal. 20. september 2011 til 15. januar

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Det skjer i Suldal. 17. september til 16. desember

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Månadsbrev for ROSA mars 2015

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Frå novelle til teikneserie

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

Velkommen til songarstemne i Florø!

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Ein oase for kunnskap og oppleving. Haustmeny

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon: E-post: kyrkjekontoret@sula.kommune.

oktober Valle i setesdal

Velkommen til kulturskulen.

Det skjer i Suldal. 26. januar 2012 til 16. juni

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Onsdag 10. august 18:30-20:30 Fleirbrukshallen ÅIL: Fotball (frå 16 år)

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

august 2013 NESETDAGANE.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN.

Ad hoc arbeidsgruppe i Arbeidet resulterte i 3 ulike forslag til ombygging av Storstoga. Det som vart vedtatt fekk førehandsgodkjenning som

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Musisere - Spele enkle ostinat og melodiar etter gehør

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

Informasjon frå Sula kyrkjelyd. Kven er eg?

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Sandeid skule SFO Årsplan

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Informasjon til elevane

MILLIONSTØTTE TIL JÆRMUSEET

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Transkript:

Det skjer i Suldal 11. september til 20. desember 2013 Du kan kjøpa billettar til arrangement på kulturhuset på www.suldal.kulturhus.no www.skattkammeretsuldal.no

Foto: Suldalsposten Kulturhausten Uteliv og friluftsaktivitetar har hatt gode vilkår på ettersommaren med varme fine ettermiddagar og kveldar. Men lufta kjølnar og kveldane blir kortare og inviterer til meir inneaktivitetar og sosiale samkomer, kultur og underhaldning. Det skal ikkje stå på tilboda. Kulturhausten kan by på eit sprekter frå Urklang i nystøypte bronselurar til framsyninga Høyt oppe i fjellet inne i eit telt for dei aller minste. Forteljing, utstillingar, moteshow, slektsgransking og folkemusikkhelg syner breidde i sjanger og tilbod. I skrivande stund er det altfor tidleg å tenkja på julestemning, men den vil garantert komma. Heile kulturskulen skal i elden i julespelet om Nikolas frå Patara i starten av desember, det er alt 5 år sidan sist. Like før dette har Nordic Tenors vore på besøk, tenorane som klokkereint gir oss vokalkunst av ypparste klasse. Og når jula er ei god veke unna, kjem Iver Kleive med sine stemningsfulle julemeditasjonar på piano. Peparkaker og julegater har vore godt og vel på plass eit stund på den tida. Frå regionen kjem Gunnar Roalkvam, Svein Tang Wa og Elin Furubotn med nytt og gammalt på eigen dialekt. Dette skjer i slutten av oktober, eit par veker etter at Gabriel Fliflet inviterer til Valseria, ein konsert via valsen i ulike uttrykk. I sjanger villmark, jakt og friluftsliv er det Morten Brekke som skal bistå. Lista er lang. Tida går fort. Gå gjennom og kryss av det som fristar og noter det i kalenderen. Treng du i tillegg litt fleire sosiale treffpunkt, kan du prøva Spøtakafe, Internasjonal kafe, Lunsjkonsertar, opne bibliotek eller nye utstillingar, både på kulturhuset og Ryfylkemuseet. Ute i alle grender er det jamnt med aktivitet, kvar einaste vekedag. Du treng ikkje gå hausten einsam i møte, det er fine folk og gode aktivitetar som ventar der ute. Aud Marit Hauge Kultursjef 2

Torsdag 12. september kl. 18.30, Nesasjøhuset INTERNASJONAL KAFÉ, KONSERT MED STY Trioen STY, med de prisbelønte folkemusikkartistane Unni Boksasp (kveding) Per Anders Buen Garnås (hardingfele) og Sigbjørn Rua (folkedans) spelar på internasjonal kafe. Dette blir fest! Gratis inngang, Sal av internasjonal mat Arr: Ryfylkemuseet, Introduksjonstenesta i Suldal Søndag 15. september kl. 11.00-17.00 LITUNET OPE PÅ LITUNET Vertskap, omvising, aktivitetar for barn, enkel servering Inng: kr 50,- for vaksne, barn gratis Arr: Ryfylkemuseet Kulturminnedagane 2013 Historiens kvinner og menn Kven er dei? Dei som har levd før? Som det står om i historieboka? Det treng det så absolutt ikkje vera. I dette fotoprosjektet har du sjansen til å dokumentera kven du meiner er historiske personar. Det kan vera nokon som lever i dag, nokon du kjenner, har kjent, som betyr noko, bestemor, naboen! Det heile skal skje via Instagram og blir avslutta med ei utstilling i foajeen på, 11. -18. september. Bruk #suldalkultur. Arr: september Søndag 15. september kl. 19.00 Amfiet, Klang av Oldtid Gaute Vikdal er trombonist i Stavanger Symfoniorkester. 3

Han er og ein av Noregs leiande musikarar på andre blåseinstrument som lur og bukkehorn. På denne konserten spelar han på bronselur, støypt etter gamle modellar frå oldtida. Musikken er komponert av Håkon Berge, Ragnar Bjerkreim og Bjørn Andor Drage. Musikk skriven for bronselur, neverlur, song, slagverk, bukkehorn og elektronikk blir garantert ei stor og spennande musikalsk oppleving. Arr: Kulturhaust og i Suldal Onsdag 18. september kl. 11.30 Lunsjkonsert Distriktsmusikarane i Suldal inviterer til eit musikalsk pusterom i kvardagen. Konserten er gratis. Søndag 22. september kl. 11.00-17.00 LITUNET OPE PÅ LITUNET Vertskap, omvising, aktivitetar for barn, enkel servering Inng: kr 50,- for vaksne, barn gratis Arr. Ryfylkemuseet september Onsdag 25. september kl 19.30 ERØY BEDEHUS Temakveld: BØNN v/jorun Eiane Brunstad Arr: Diakoniutvalet i Erfjord Fredag 27. september kl. 18.30 Kjølvikstølen Haustfest Arr: Grytenuten 4H Laurdag den 28. sept. Kl. 11.30 SAND BEDEHUS HAUSTSAMLING MED BASAR Søndagsskule, loddsalg og salg av brukte bøker. Det er og mogleg å få kjøpa seg graut, kaffi, kaker. Vel møtt til ein hyggeleg samling for unge og gamle på bedehuset. Arr: Sand bedehus Søndag 29. september kl. 11.00-17.00 LITUNET FAMILIEDAG Ein kosedag for heile familien med aktivitetar for barn, servering, omvising. Inng: kr 50, barn gratis Arr: Ryfylkemuseet Onsdag 2. oktober kl. 19.00 Me bryr oss I høve Verdsdagen for Psykisk helse blir det invitert til ope møte der tema er: Kva kan vi gjera for kvarandre for å ha det betre med vår mentale helse 4

Korleis møta menneske som slit og korleis me som medmenneske kan vera noko for kvarandre. Generalsekretær Janne Merete Sukka og organisasjonsrådgjevar Håvard Slåtto frå Kirkens SOS er med. Arr: Frivillige Hender/Folkeakademiet Suldal/ Psykisk helse Torsdag 3. oktober kl. 18.00-20.00 Spøtakafe Tema: Puter i flettestrikk Arr: Suldal Husflidslag Torsdag 3. oktober kl. 18.30 NESASJØHUSET, SAND Internasjonal kafe Gratis inngang, sal av internasjonal mat Arr: Ryfylkemuseet og Introduksjonstenesta i Suldal Fram til 4. oktober NESASJØHUSET Spor på stedet Ei utstilling om engasjement, dialog og identitet. I utstillinga kan ein sjå ni personar frå forskjellige delar av Noreg som har satt spor etter seg. Alle har ei unik historie å fortelja. Nokon har utfordra bygdedyret eller kjempa mot nazisme, og andre har jobba for å bevare sin identitet. Felles for dei alle er at dei ser på utfordringane som ein moglegheit til forandring og utvikling. Utstillinga står til 4. oktober Arr: Ryfylkemuseet oktober Haustferien Laurdag 5. oktober frå kl. 10.00 til kl. 16.00 Bergekrossen Møgedalsmarknad Velkomne til Suldal si årlege haustmarknad! Tradisjonen tru vil det bli vèrlamkåring, auksjon og anna underhaldning for store og små. Me får besøk av klovnen Konstantisola som skal underhalde for barna, og Lasse Pedersen (tidlegare medlem av 3 Busserulls) skal underhalda frå scena. Det vert som før gratis inngang, med loddtrekning av ein flott premie på inngansbilletten. Det vil bli lokale utstillerar som sel blant anna grillmat, handarbeid, husflid og lokale matvarer. Velkommen til ein flott marknad hjå Møgedal! Gratis marknadsbuss frå Gata og Garaneset. Arr: Møgedal Mek. Verkstad 5

Laurdag 5. oktober Ryfylke Fjordhotel Haustmarknaden held fram med levande musikk av trubaduren Bjørn Schandy. Bjørn spelar opp til marknadsdans med rock, balladar, gamalpop og nyare listetoppar på repertoaret. Inng. kr 100,- Arr: Ryfylke Fjordhotel Laurdag 5. oktober Kjedlaren Levande musikk med musikarar med røter i Ryfylke Arr: Kjedlaren, Suldal Hotell Film for dei yngste kvar dag kl. 13.00 Film for ungdom og vaksne kl.18.00 tysdag og torsdag Onsdag blir det Mormorfest med Mormor og de 8 ungene på kino. Mormor er spesielt velkomen. Gratis kino for mormor dersom barnebarn er med. Dette er ein syng med film Teiknekonkurranse Bowlingen er open frå kl. 11.00-15.00 kvar dag + dei vanlege opningstidene? oktober Måndag 7. laurdag 12. oktober NESASJØHUSET, SAND LESESTUND Lesestund i Kvitebjørn-utstillinga, måndag-fredag kl. 12.00 i haustferien. Arr: Ryfylkemuseet Tysdag 8. oktober kl. 19.00 - Stemnetradisjonar på Ropeidhalvøynå v/ Torbjørg Mydland Arr: Suldal Sogelag Torsdag 10. oktober kl. 18.00 Opning av utstilling med verk av Magne Kjellesvik. Utstillinga er open i kulturhuset sine opningstider fram til 2. november. Arr: Ryfylke kunstlag, Suldal kunstlag og Fredag 11. - søndag 13. oktober Hauststemne på i Suldal for framtid og håp. Forkynning, song, musikk og fellesskap med andre heile helga. Nærare program blir annonsert. Arr: Menigheten nytt Liv i Suldal m. fleire Laurdag 12. oktober kl. 11.00-15.00 Gullingenhuset Kom te oss - open dag for store og små ved Gulling-huset. Gullingen - Jyseligt gildt. Heile familien. Heile sjela. Heile året. For meir informasjon sjå www.gullingen.info Arr: Gullingen turistsenter, Fjellbergskardet hyttegrend, Mosvatnet hyttegrend, Gullingen Utviklingsselskap og Suldal kommune 6

Måndag 14. oktober kl.19.00 Makt, ofre og idioter Me møter forfattarane Lene Ask og Bjørn Arild Ersland i samtale om årets bok i kampanjen Hele Rogaland leser Arr: Ryfylkebiblioteket Suldal Tysdag 15. oktober kl. 19.30 Valseria Gabriel Fliflet: trekkspill, piano, sang, Jørgen Sandvik: gitar og andre strengeinstrument, song, Jorunn Marie Kvernberg: song, hardingfele, fele, harpeleik, piano, Kristoffer C. Vogt: kontrabass, song. Vals er ikkje stampande, dunkande, hoppande eller marsjerande valsen flyt! Me er ikkje i fine ballsalar i Wien, hovudinspirasjonen ligg i Noreg, Paris og Balkan. Verket har tekstar ført i pennen av Einar Økland, Kjartan Fløgstad og Gabriel Fliflet og blir framført med eit usedvanleg kompetent band. Publikum vil få oppleva valsar om kjærlege sommaraugeblikk, kyrkjegardar, krølling av tær og saltstenkte svaberg. Bruremarsjar, latinorytmar og rumensk-rytmisk string-swing vil skjerpa sansane ytterlegare! Laurdag 19. oktober kl.19.30 Suldal Samfunnshus Haustfest Arr: Snøklokka 4H og Kvitveis 4H oktober Onsdag 23. oktober kl. 11.30 Lunsjkonsert Distriktsmusikarane i Suldal inviterer til eit musikalsk pusterom i kvardagen. Konserten er gratis. Arr: Onsdag 23. oktober kl. 18.00 Moteshow 2013 Handelstanden Sand viser haust- og vintermote og trendar for store og små på catwalken i i Suldal. Underhaldning og smaksprøvar av lokal mat og høge glas med bobler! Butikkane har ope til kl. 21.00 etter showet. Kontant betaling; Pr. pers. kr 80,- Arr: Handelsstanden Sand Torsdag 24. oktober kl. 19.00 NESASJØHUSET, SAND Bokkafé: «Innblikk» - lansering av boka om Ryfylkemuseet. Arr: Ryfylkemuseet 7

Laurdag 26. oktober kl. 15.00 FN-dagen Arr: Folkeakademiet Suldal oktober Mandag 28. oktober kl. 13.00 og 14.00 Høyt oppe i fjellet Med munnharpespel og song blir små og store lokka inn i eit telt. Her er det ein forteljar frå framande strok. Med musikalsk leik tek ho oss med på ei spennande og eventyrleg reise høgt til fjells. På vegen møter me dyr og høyrer susen i frå fossen. Bli med inn i ei rar og forunderleg lita verd! Musikk av Maja Ratkje. Diserud og Lindgren er produsentar Arr: i Suldal Onsdag 30. oktober kl. 19.30 Vårt eget verk Visesongarane Svein Tang Wa og Elin Furubotn og forfattaren Gunnar Roalkvam vil framføre både gamle og nye dikt og songar og alt er på norsk og på deira eigen dialekt. Arr: i Suldal Fredag 1. november kl. 20.00 og laurdag 2. november kl. 19.00 Suldal samfunnshus Revy november Laurdag 2. november, heile dagen Den store kinodagen Gode filmar og anna moro heile dagen! Arr: i Suldal ALLEHELGENS- GUDSTENESTER Vi minnest dei døde og tenner ljos for dei som er gravlagde siste året Søndag 3. november kl. 17.00: Jelsa kyrkje Søndag 3. november kl. 19.30: Suldal kyrkje Søndag 10. november kl. 17.00: Sand kyrkje Søndag 10. november kl. 19.00: Erfjord kyrkje Arr: Den norske kyrkja i Suldal 8

Tysdag 5. november kl. 19.00 - Finn slekta på internett Bruk av Digitalarkivet og andre kjelder v/ Rune Roalkvam Arr: Suldal Sogelag Torsdag 7. november kl. 18.30 NESASJØHUSET, SAND Internasjonal kafe Gratis inngang, sal av internasjonal mat Arr: Ryfylkemuseet og Introduksjonstenesta i Suldal Fredag 8. november kl. 19.30 Klassisk konsert med Distriktsmusikarane Arr: i Suldal Torsdag 7. november kl. 18.00-20.00 Spøtakafe Tema: Internasjonal strikking Arr: Suldal Husflidslag november Måndag 11. november kl. 19.00 Suldal Samfunnshus Temakveld: «Men vanskeligst av alt er kjærligheten» v/per Anders Nordengen, ein av våre mest etterspurte foredragshaldarar, han er teolog. Sal av bøker. Arr: Suldal sokneråd i samarbeid med Folkeakademiet Suldal og andre organisasjonar Tysdag 12. november kl. 18.00-21.00 Næringsparken på Garaneset Damenes Aften for inspirasjon og med gode tilbod kun for damer! Velkommen til ein motivasjonskveld i vintermørket saman med handelsstanden. Frist for påmelding 4. november til knut@it-bok.no Inngangspris kr 150,- Arr: Handelsstanden Sand 9

Foto: Anne Lise Norheim Onsdag 13. november kl. 19.00 Nesasjøhuset Opning av utstillinga Mitt Ryfylke Kven er Ryfylkingane? Kva lever dei av, og kva set dei pris på? Korleis har dei takla moderne tider, og kva skjer med Ryfylke når regionen blir knytt til andre regionar med bruer og tunnellar? Dette er noen av dei spørsmåla Ryfylkemuseet stiller når utstillinga «mitt Ryfylke» opnar. Arr: Ryfylkemuseet november Torsdag 14. november kl. 19.00 Morten Brekke Morten Brekke har gjennom ein liten mannsalder dyrka jakt og friluftsliv i inn og utland. I biletkåseriet sitt tar han oss blant annet med til Canadas villmark, i Helge Ingstad sine fotspor. Han vil også vise bilete og film frå storviltjakt i Noreg, Polen og Russland. Jakt og villmarksinteresserte kan se fram til ca. 2 timer show. Arr: i Suldal Mandag 18. november kl. 19.30 Mitt liv - mine val Talkshow med fire suldøler om foreldrerolla, kva dei har gjort, kva val dei har tatt og kva dei tenkjer om framtida. Arr: Folkeakademiet Suldal Onsdag 20. november kl. 19.30 Kjedlaren Budsjett-debatt med servering av varm mat. Lokale aktørar og meiningsberarar vert inviterte til debatt med rom for å svara på spørsmål; opptrapping til Formannskapets budsjettmøte 21. og 22. november Arr: Kjedlaren, Suldal hotell 10

Helga 22. 24. november Mo Laksegard FOLKEMUSIKK- OG FOLKEDANSHELG Kurs for alle generasjonar og nivå i dans, kveding, toradar og hardingfele. Sjå www.ryfylkemuseet.no og Facebook for meir informasjon. Kursavgift: Vaksne kr 850, barn kr 400 Påmelding innan 23. oktober til: Åshild Vetrhus, Folkemusikkarkivet for Rogaland Tlf: 975 03 463 (mobil) / 52 79 29 55 (kontor)/ e-post: ashild.vetrhus@ryfylkemuseet.no Arr: Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet Laurdag 23. november kl. 20.30 Mo Grendahus Huskonsert, jam og dans Kursdeltakarar og instruktørar frå Folkemusikkog folkedanshelga viser kva dei kan! Etterpå blir det jam og dans til glasrutene på Mo Grendahus sveittar og taket lettar. Ope for alle, gratis inngong. Arr: Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet november Laurdag 23. november kl. 10.00-14.00 Suldal Samfunnshus Julemesse mange spennande utstillarar sal av graut, kaffi, lappar og lefse lotteri med flotte gevinstar. Trekning kl. 14.00. Påmelding til heidi-elin@hotmail.com eller 91 56 33 47 innan 25. oktober. Nå er det på tide å tenka peparkakehus-utstilling! Innleveringsfrist torsdag 28. november kl. 19.00 Laurdag 23. november kl. 18.00 Nordic Tenors Den gode julestemninga kjem i år med Nordic Tenors. Med klokkeklare stemmer strør dei eit musikalsk stjerne- 11

støv over dei frosne vinterhjarta våre. Det blir eit show fylt med julestemning og musikalitet. Her får vi oppleva kjende og kjære julesongar i ny drakt, amerikanske slagarar og overraskande musikalske julegåver, arrangert på ein måte som vil få oss til å frysa på ryggen, men likevel bli varm om hjarta. Med seg har dei òg gitaristen Tobias Neumann frå Sverige og hans eminente strykeensemble The Neumann Strings. Nordic Tenors vil syta for at du får julestemninga på plass i kroppen og at du går juletida nynnande i møte. Kulp inviterer til julebord på kulturhuset i forbindelse med denne konserten. Arr: i Suldal Laurdag 30. november kl. 09.30 Sand Skule JULEMESSE Sal av heimebakst, husflidsvarer, loddsal osv. Tale for dagen med Ingunn Moi. Trekning av hovudgevinst kl. 14.30. Arr: Sand Bedehus november Laurdag 30. november Julegateopning og tenning av Julegrana Julehandel og julemoro på Torjå! Fakkeltog Rimi kl. 15.45 tenning av julegran kl.16.00, og kanskje kjem sjølvaste julenissen. Arr: Handelstanden på Sand Laurdag 30. november kl. 12.00 Opning av Peparkakelandsbyen Opning av juleutstillinga med verk av lokale amatørkunstnarar. Arr: i Suldal 12

Laurdag 30. november kl. 13.00 Opning av juleutstillinga med verk av lokale amatørkunstnarar. Arr: og Målarklubben Søndag 1. desember kl. 16.00 Vinjar skule Julakonsert med Suldal Musikkorps Stemningsfulle juletonar slik berre korpset kan. Arr: Suldal Musikkorps Tysdag 3. desember kl. 19.00 Nye bygdebøker Ernst Berge Drange fortel om dei to nye bøkene frå Ropeidhalvøya. Arr: Suldal Sogelag Onsdag 4. desember kl. 11.30 Jule-Lunsjkonsert Distriktsmusikarane i Suldal inviterer til eit musikalsk pusterom i kvardagen. Konserten er gratis. Arr: Torsdag 5. desember kl.18.00-20.00 Spøtakafe Pjoning av nissar og englar. Arr: Suldal Husflidslag desember Torsdag 5. desember kl. 18.00 Nikolas frå Patara Eit musikkspel der alle elevane i kulturskulen deltek og er med på scenen med song, musikk og skodespelarar. Arr: Kulturskulen og i Suldal Fredag 6. desember og laurdag 7. desember Kjedlaren HØVISKEBAND er eit tradisjonsrikt danseorkester som slår til når og der du minst ventar det! HØVISKEBAND spelar og syng ei blanding av klassiske rockelåtar, popsvisker og sentimentale country-balladar, i tillegg til ein del heimelaga ting. Bandet spelar ved juleborda - påmelding tlf. 640 06 171 Arr: Suldal Hotell/Kjedlaren 13

Søndag 8. desember kl. 13.00 Ryfylke Fjordhotel Tradisjonelt familiejulebord for heile familien. Det vil bli gong rundt juletre og overraskelsar av sjølvaste julenissen. Bordbestilling tlf. 52 79 27 00 kr 295,- pr. voksen, kr 145,- pr. born. Arr: Ryfylke Fjordhotel desember Onsdag 11. desember kl. 19.30 Stemningsfulle julemeditasjoner I Kulturkirken Jakob heng Eilif Petersens altertavle: Hyrdenes tilbedelse Iver Kleive blei inspirert av denne og det resulterte i korte klavermeditasjonar over nokre av dei flottaste julesongane og julesalmane vi har. Nokre fekk ei minimalistisk form med Kleive nær melodistemma heile vegen, andre ei rikare ornamentering, og med folkemusikalsk dåm. Først og fremst er det heile gjort med respekt. Arr: i Suldal Onsdag 11. desember - laurdag 14. desember Sand Julemarknad på Torjå med julestemning og sal av lokale produkt i bodene! Langope før jul i veke 51 til kl. 18.00. Alle laurdagar i desember til kl. 16.00. Torsdag 12. desember kl. 18.00 Kolbeinstveit, Suldalsosen Nissekveld Velkommen til ein stemningsfull førjulskveld! Inngang kr 100. Husk påmelding til post@ryfylkemuseet.no eller på tlf. 52 79 29 50. Arr: Ryfylkemuseet 12. desember frå kl. 10.00 til kl. 23.00 Sand Nattope på Sand for ein triveleg førjulshandel. Julemoro og aktivitetar i Sand sentrum. Fredag 13. desember kl. 20.00 Erfjord kyrkje Julekonsert Utvalde musikalske uttrykk og skreddersydde tekstar frå Ryfylkeklang til deg! Arr: Ryfylkeklang Søndag 15. desember Suldal kyrkje kl. 15.00 og Sand kyrkje kl. 17.00 Medan me ventar... Julekonsert med lokale musikarar og songarar Arr: Kyrkja i Suldal 14

OPERAEN.NO / 21 42 21 21 Søndag 15. desember kl. 16.30 Nøtteknekkeren Ein ny form for konsertoppleving! Kan ikkje vi komma til Operaen, så får operaen komma til oss gjennom kinolerretet. Denne søndagen NASJONALBALLETTEN DIREKTE PÅ DIN LOKALE KINO LIVE FRA DEN NORSKE OPERA & BALLETT EVENTYBALLETT I TO AKTER ETTER E.T.A. HOFFMANNS NØTTEKNEKKEREN OG MUSEKONGEN Koreografi Dinna Bjørn Musikk Peter Tsjajkovskij Scenografi Nadine Baylis / Minna Wallenius Kostymer Nadine Baylis Lysdesign John B. Read Musikalsk ledelse Terje Boye Hansen / Alexander Walker NASJONALBALLETTEN BALLETTSKOLEN OPERAORKESTERET BARNEKORET SØNDAG 15. DESEMBER 2013 KL. 16.30 kan du få oppleva Nasjonalballetten direktesendt på kino live frå Den norske Opera & Ballett: Nøtteknekkeren! Eventyrballett i to akter Koreografi Dinna Bjørn Musikk Peter Tsjajkovskij Scenografi Nadine Baylis/Minna Wallenius Kostymer Nadine Baylis Lysdesign John B. Read Musikalsk ledelse Terje Boye Hansen/Alexander Walker desember NASJONALBALLETTEN BALLETTSKOLEN OPERAORKESTERET BARNEKORET Arr: Fredag 20. desember Kjedlaren Studentparty Førjulssamling for Suldals-ungdom, heime og ute. Arr: Kjedlaren, Suldal Hotell HØSEBRUA del av Nasjonal Turistveg Ryfylke Foto: Dag Jenssen Grafisk design: MolsenHouse Productions-2013 Ein gamal draum å sjå Lågen slik berre fuglane kunne. Nå kan me vandra over Lågen der fuglane flyg! www.suldal-turistkontor.no 15

Velkommen til Tlf. 52 79 22 90 - faks 52 79 22 85 i Suldal! www.suldal.kulturhus.no Tlf. 52 79 22 90 / 52 79 22 91 har aktivitetar sju dagar i veka! Her finn du utstillingar, konsertar, kino, bowling, biljard, dart, bibliotek, møter, konferansar, kulturskule og sist men ikkje minst Kulp kafe. Du kan også nytte vårt trådlause nett gratis eller lese avisar i vår sofakrok. Opningstider Måndag kl. 11.00-16.00 Tysdag kl. 11.00-16.00 Onsdag kl. 11.00-16.00 Torsdag kl. 11.00-19.00 Fredag kl. 11.00-15.00 Laurdag kl. 11.00-15.00 Følg oss Ryfylkebiblioteket i Suldal har ope i si opningstid. Her kan du utanom bøker låne dvd filmar, lydbøker, tidsskrift og aviser. Biblioteket har også pc ar du kan bruke. Lån av e-bøker: sjå www.ryfylkebiblioteket.no Ta kontakt med biblioteket for pinkode. Kino Digitalkino med gode bilete og skikkeleg lyd! Framsyningar kvar veke. Sjå elles annonsering i lokalavisa og på www.suldal.kulturhus.no eller www.filmweb.no Bowling, biljard, dart Tysdag kl. 17.00-22.00 Onsdag kl. 14.00-19.00 Torsdag kl. 17.00-22.00 Bowling kan tingast utanom ordinær opningstid. NB! Min. 2 banar i 1 t. Kulp kafé Måndag - fredag kl. 11.00-18.00. Laurdag kl. 11.00-15.00 Tlf. 95 15 32 32 Neste utgåve av Det skjer i Suldal kjem i januar. Frist for innlevering: 8. desember. 16

Mykje godt i vente på kino HAN ER RASKERE ENN LYNET. THIS IS US I BÅDE 2D OG 3D turbofilmen.no FRA EN VERDEN OVER 2013 Disney Utstillingar på Ryfylkemuseet Kvitebjørnen: året rundt Spor på stedet: 7.9 til 4.10 Mitt Ryfylke: utstillingsopning 13.11 kl 19 Opningstider: mån-fre, kl 9-15 Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand, Tel 5279 2950 www.ryfylkemuseet.no Sukkagarden - der historia sit i veggene Solveig og Ola Sukka tlf. 92418460 / 92640803 e-post: sukkagarden@gmail.com sukkagarden.no 17

OPE: måndag til fredag 11.00-18.00 laurdag 11.00-15.00 Tlf. 95 15 32 32 www.kulp.as post@kulp.no e-post: bg@bgsuldal.no www.bgsuldal.no Tlf. 98 25 98 00 - Faks. 52 79 99 49 SAND - tlf. 52 79 07 90 OPNINGSTIDER: 09-21 laurdag til kl. 18.00 Kjøkkenutstyr Bred Bred erfaring erfaring med med bryllup bryllup Tradisjonell mat mat i moderne i moderne form form Våre Våre kunder kunder våre er våre beste beste referanser referanser Velkommen! Tlf. 05555 Velkommen! Krambua Tlf. 52 79 06 50 www.krambuasand.no Du finn oss på Garaneset, Sandsvn. 134 - SAND Me byggjer hus, hytter, NæriNgsbygg M.M. Garaneset - 4230 SAND tlf. 52 79 06 30 firmapost@kv-bygg.no www.kv-bygg.no Bensin/diesel, bildeler, rekvisita og kiosk. OPNINGSTIDER: Mån-Fre 07.30-20.00 Laur-sønd 09.00-20.00 Tjelmane Dekkservice AS Garaneset, 4230 Sand - tlf. 52 79 74 77 VI LEVERER ALT I BYGGEVARER! Største byggevarehus i Ryfylke monter.no Montér Suldal 7.30-16(18) (9-14) Tlf. 476 55 200 VIL DU LEIGE TORGPLASS/ BODER PÅ SAND? Kontakt sentrumsleiar; 906 848 61 18

Bergekrossen, 4230 Sand - tlf. 52 79 25 30 OPN.TIDER: Mån-tysd-onsd-fred 7.30-16.00 Torsdag 7.30-18.00 Laurdag 10.00-14.00 Step Styrke Dans Pilates Spinning Zumba Tlf. 474 17 566 post@stas-suldal.no www.stas-suldal.no Sandvegen 134, 4230 Sand Tlf. 52 79 06 90, post@sandmobelsenter.no El.installasjon i hytte/hus/industri/landbruk Salg, montering og reparasjon av varmepumper Salg av småelektriske artiklar Salg av hvitevarer og TV SULDAL INSTALLASJON AS Tlf. 52 79 73 19 - mob. 915 42 690 Faks 52 79 75 61 E-post: suldal.installasjon@hed.no Bedriftsetablering, vekst og nyskaping treng DU råd? SULDAL VEKST har kompetanse og nettverk! Sjå meir om oss på www.suldalvekst.no Claudia s Frisør Claudia s Frisør post@bok-it.no www.bok-it.no Tlf. 52 79 06 65 Claudia s Frisør Dame & Herrefrisør Næringspark Sandveien 134 4230 Sand mobil: 41466131 Kraftproduksjon Røldal-Suldal Dame & Herrefrisør Dame & Herrefrisør Næringspark Sandveien Næringspark 134 Sandveien 4230 Sand 134 4230 Sand mobil: 41466131 mobil: 41466131 Vatn fornybar energi, brukt i Hydros aluminiumproduksjon. 19 Kraftproduksjon Røldal-Suldal Telefon 52 79 20 00 www.hydro.com

Tlf. 52 79 22 90 Suldal Turistkontor Tlf. 52 79 29 50 Tlf. 52 79 06 13 Tlf. 52 79 05 60 Layout: Suldalsposten Nordic Tenors. Foto: Kulturoperatørene