Herøy vidaregåande skule ORDENSREGLEMENT HERØY VGS. Ordensreglementet byggjer på forskrift om normalreglement for elevar ved fylkeskommunale vidaregåande skular i Møre og Romsdal og er fastsett med heimel i opplæringslova av 17.07.98 nr 61, sist endra 16.06.06 nr 20 frå 01.07.06. Reglementet gjeld frå 01.08.06 DEL A FORMÅL 1 Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø, som er rusfritt, og fritt for mobbing, vald og anna krenkande åtferd. Formålet med reglementet er å skape godt samarbeid, god trivsel, respekt og medansvar. Reglementet skal fremme god orden og gode arbeidsvanar og slik legge til rette for god læring. Reglementet forpliktar heile skolesamfunnet. Reglementet skal omfatte: Elevane sine rettar og plikter Orden og åtferd Tiltak overfor elevar som bryt reglement, og framgangsmåten ved handsaming av slike saker VIRKEOMRÅDE 2 Reglementet gjeld for alle elevar ved skolen under opplæring og, så langt anna ikkje er bestemt, også for vaksenopplæringa sine elevar, lærlingskoleelevar, hospitantar og andre når opplæringa går føre i skolen sin regi. Reglementet gjeld også ved opplæringsformer og aktivitetar som gis under skulens ansvar og regi utanfor skulen sitt område, så langt dette ikkje er i strid med lokalgitte påbod eller forbod, eller ved ekskursjonar. Reglementet er retningsgivande for vurdering av orden og åtferd. RETTAR 3 Elevane har rett til vidaregåande opplæring jfr. opplæringslova med forskrifter, fylkeskommunale vedtak og gjeldande læreplanar. 4 Eleven har rett til ei opplæring som er tilpassa føresetnader, evner og behov. Eleven har derfor rett til og skal delta i:
Planlegging av opplæringa o utforming av periodeplanar o tolking og analyse av læreplanmål o utforming av læringsmål o val og utforming av kriteri for vurdering o val av lærestoff i forhold til læreplanane, m.a. rett til sjølv å velje læreverk o val av arbeids- og vurderingsformer Gjennomføring av opplæringa Vurdering av opplæringa o sluttresultatet av arbeidet i forhold til læringsmål. o prosessen som førte fram til resultatet. Desse momenta kan vere individuelle for den enkelte elev, felles for ei mindre gruppe eller for større grupper. Skulen er ansvarleg for å gi elevane dei nødvendige føresetnadene for å kunne delta aktivt i dette arbeidet. 5 Elevane har rett til å få tilbakemelding, oppfølging og rettleiing i forhold til dei mål den enkelte arbeider etter. 6 Det skal gjennomførast førebudde elevsamtalar minst ein gang kvar termin mellom elev og kontaktlærar eller annan lærar. 7 Ved faglege, personlege eller sosiale vanskar som har innverknad på opplæringa, har elevane rett til rådgiving, oppfølging og hjelp til å finne seg til rette, m.a. tilgang til sosialog spesialpedagogisk teneste. 8 Elevane har rett til rådgiving om utdanning og yrkesval. 9 Skulen skal ha eit system som sikrar at det blir vurdert i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa er med på å nå dei måla som er fastsett for eleven eller gruppa. Grunnlaget for vurderinga er læreplanverket sin generelle del og fagspesifikke delar som heile skulesamfunnet er forplikta overfor. Eleven har rett til og skal delta i denne vurderinga. 10 Elevane har rett til og bør ta opp med skulen (faglærar, kontaktlærar, rådgivar, skuleleiinga, evt. gjennom elevtillitsvalte) forhold som ikkje fungerer tilfredsstillande. 11 Elevane har rett og plikt til å danne elevråd og å vere representert i skuleutval, skulemiljøutval og arbeidsmiljøutval. Elevrådsrepresentantar har rett til regelmessige møte med skuleleiinga. PLIKTER 12 Elevane har plikt til å rette seg etter lover, reglement og instruks som gjeld. 13 Elevane plikter å delta aktivt i opplæringa i den form den blir avtalt. 14 Eleven skal snarast mogleg ta kontakt med faglærar dersom han/ho ikkje kan følgje opp arbeid til avtalt tid. 15 Elevane skal følgje verne- og tryggleiksreglar og bruke det arbeidsty og verneutstyr som krevjast i læreplan eller som er påbode av arbeidstilsynet, departementet eller skulen.
16 Elevane skal halde seg med nødvendig lærestoff, materiell og utstyr til eige bruk som skulen ikkje held. Pålagt materiell og utstyr eller betaling for dette må ikkje vere i strid med forskrift eller vedtak frå departementet eller fylkeskommunen. 17 Skulen sin eigedom og utstyr skal brukast med omtanke. Hærverk og skade kan føre til erstatningsansvar, jf. skadeserstatningslova. 18 Elevar som gjennom sitt arbeid, oppdrag eller verv i samband med vidaregåande opplæring blir kjend med spesielle opplysningar, har teieplikt etter forvaltningslova sine reglar 13-13 f. Teieplikta gjeld også etter at eleven har avslutta vidaregåande opplæring. DEL B 19 ARBEIDS- OG LÆRINGSMILJØ Det skal leggjast vekt på å skape eit godt arbeids- og læringsmiljø prega av engasjement, aktiv deltaking og gode samarbeidsformer mellom alle i skulen. Det er viktig å vise respekt og medansvar og unngå eller hindre åtferd som har negativ innverknad på miljøet. Alle må opptre omsynsfullt, realt og høfleg overfor kvarandre. Plaging, mobbing, vald, trugsmål, rasistiske utsegner, religiøs sjikane, seksuell trakassering eller anna krenkjande åtferd vert ikkje akseptert, og alle partar i skulesamfunnet pliktar å hindre at dette skjer. Arbeidsvanane til alle i skulen skal vere prega av arbeidsro, respekt for opplæringa, punktleg oppmøte og god orden og åtferd. Det er viktig for trivselen at det blir halde god orden over heile skulen - ute og inne. Alle har eit ansvar for å ta vare på utstyr, bygningar og materiell. Bruk av tobakk er skadeleg. Det er ikkje lov å røyke, snuse eller bruke andre tobakksprodukt i skulen sine bygningar og uteområde og i lokale som skulen leiger. Bruk eller oppbevaring av rusmiddel er forbode på skulen sitt område. Det er også forbode å vere påverka av rusmiddel. Lyden på mobiltelefonar skal vere avslått i skuletida. Berre nødvendige samtalar og SMS, etter samtykke frå faglærar, kan takast i undervisningstida. Mobiltelefonar skal, dersom ikkje anna er avtala, vere avslåtte og innleverte under prøver/eksamenar. Berbare musikkanlegg kan berre brukast etter avtale med faglærar. Internett skal brukast som ein del av opplæringa. Misbruk, unødvendig surfing og ulovlege nedlastingar kan føre til straffeansvar og inndraging av tilgang på nettet for enkeltelevar. Det er ikkje tillate å ha farlege gjenstandar på skuleområdet.
OPPMØTE OG FRÅVÆR 20 Aktiv deltaking er nødvendig for god læring. Elevane har av den grunn plikt til å møte presis til opplæringa med mindre det ligg føre avtale med rektor, avdelingsleiar, kontakteller faglærar om ei anna arbeidsform. Kjem eleven for seint til undervisning, skal dette noterast av faglærar. Fleire forseintkomingar kan føre til nedsett karakter i orden. Kjem eleven meir enn ti minutt for seint til ein time, skal det førast fråvær for heile timen Alt fråvær for elevar skal førast på vitnemål eller kompetansebevis. Elevane kan, etter søknad, få ført på dokumentasjonen eller på separat skriv kva som er grunnen til stort fråvær Organisert eller sjølvstendig studiearbeid, mellom anna skuleadministrative gjeremål, skal etter avtale med faglærar eller rektor ikkje reknast som fråvær. Dette må alltid avtalast på førehand. Rektor kan etter søknad på førehand, gi elevar fri frå opplæring i inntil 14 skuledagar utan at dette fråværet vert ført på dokumentasjonen. Dette gjeld fråvær i samband med: arbeid som tillitsvald politisk arbeid hjelpearbeid lovpålagde oppmøte fråvær av helse- og velferdsgrunnar inntil to av dei 14 dagane ved religiøse høgtider for elevar som er medlemmer i andre trussamfunn enn Den norske kyrkja. Lækjarfråsegn for kronisk sjukdom som vil få innverknad på eleven sitt tilhøve til skulen, må leverast til kontaktlærar innan 1. oktober. Elles skal lækjarfråsegn leverast rett etter lengre sjukefråvær utan at skulen må be om det. Om ein elev blir sjuk eller av annan tvingande grunn må forlate undervisninga i løpet av skuledagen, skal eleven alltid melde frå til kontaktlærar/faglærer eller administrasjonen/ekspedisjonen. Meldeskjema skal fyllast ut på førehand når eleven veit han vert borte, og fyllast straks han er tilbake etter uføresett fråvær. Meldeskjemaa skal arkiverast elevvis av kontaktlærar. Med uføresett fråvær i meir enn tre dagar skal eleven alltid kontakte skulen og oppgje grunn for fråværet. Høgt fråvær i eit eller fleire fag kan føre til at eleven ikkje får termin- eller standpunktkarakter i faget/faga. Ugyldig fråvær er: - dersom ein elev forlet opplæringa utan å melde ifrå/gjere avtale om det. - fråvære som i ettertid ikkje kan grunngjevast/dokumenterast som nødvendig. - fråværet som ikkje samsvarar med grunngjevinga i meldeskjemaet. Ugyldig fråvær kan føre til at eleven får nedsett karakter i orden. Skulen skal etter avtale hjelpe elevar som får mykje fråvær på grunn av langvarig/kronisk
FUSK ELLER FORSØK PÅ FUSK 21 Bruk av ulovlege hjelpemiddel og kommunikasjon med andre i ein prøvesituasjon blir rekna som fusk. Det same gjeld avskrift/kopiering av andre sitt arbeid som blir levert som eige produkt. Karakteren på den prøva eller arbeidet det gjeld, kan bli annullert. Jamfør 4-25, 4-26 og 4 27 i forskrift til opplæringslova KONSEKVENSAR FOR ELEVAR SOM BRYT REGLANE 22 Brot på reglementet vil resultere i reaksjonar mot eleven i form av sanksjonar, refsingstiltak, særskilde tiltak og/eller nedsett karakter i orden og/eller åtferd. For elevar under 18 år vil skulen ta kontakt med heimen for å involvere føresette. Sanksjonar og refsingstiltak kan vere: Munnleg/skriftleg åtvaring frå lærar. Munnleg/skriftleg åtvaring frå rektor. Inngåing av skriftleg avtale for å hindre nye regelbrot Pålegg om å rydde opp/rette opp skadar som er påført skulen eller skulen sin eigedom. Beslag av gjenstandar skulen ser på som ulovlege. Pålegg om å erstatte skadar på utstyr og bygningar. Bortvising frå gruppe for resten av timen/arbeidsperioden etter avgjerd frå lærar. Avgrensa sin tilgang til spesielle aktivitetar Ved alvorlege brot på skulereglementet, eller dersom eleven ikkje betrar seg etter refsingstiltak, kan særskilde tiltak setjast i verk. Dette inneber: Bortvising av eleven for resten av dagen etter avgjerd frå rektor. Bortvising av eleven inntil fem dagar etter avgjerd frå rektor. Bortvising for resten av skuleåret etter vedtak av fylket. Tap av retten til vidaregåande opplæring etter vedtak av fylket. Melding av straffbare tilhøve til politiet. Bortvising medfører ikkje at eleven fell utanfor ansvaret til oppfølgingstenesta. Alle tiltak skal dokumenterast skriftleg og protokollførast. Syner til rundskriv Udir-07-2005, opplæringslova 3 7 og 3 8 og forskrifter og skadeerstatningslova 1 2. I dei mest alvorlege refsingstiltaka vil det bli fatta enkeltvedtak etter forvaltingslova 2. Vi syner også til at sakshandsamingsreglane i forvaltingslova kap. III V gjeld.
SAKSHANDSAMING 23 Før refsingstiltak blir sett i verk, skal eleven ha høve til å forklare seg. Ved særskilde tiltak skal rektor først rådføre seg med eleven sine lærarar. Før ein tek i bruk særskilde tiltak bør skulen først vurdere alternative tiltak, t.d. hjelpetiltak og/eller individuell kontrakt, og rådgjevar eller sosialpedagogisk personale skal ha uttalt seg. 24 KONTAKT SKULE/HEIM Det skal leggjast vekt på å skape gode samarbeidsformer mellom skule og foreldre/føresette.