Valnemnd: Arne Aasen Hauge, Eldbjørg Haugen og Helene Bolstad



Like dokumenter
Valnemnd : Arne Aasen Hauge, Helene Myklemyr Bolstad og Øygunn Kjos

Årsmelding for Jostedal spel- og dansarlag for året 2011

RESULTATLISTE FYLKESKAPPLEIKEN 2015, JOSTEDAL

RESULTATLISTE. Open klasse 1. Aurland spelemannslag 62 poeng

Årsmelding for år (Endringar / tillegg frå årsmøtet 14.mars 2013 er innarbeida)

Resultatliste for Fylkeskappleiken for Sogn og Fjordane 2012 Arrangør: Spelemannslaget Fjelljom

ÅRSMELDING Av desse er 9 enkeltmedlemmer direkte innmelde i Folkemusikklaget. 19 lokallag er tilslutta organisasjonen.

MEDLEMSINFO. april 09

Årsmøte 2012 Ænes og Mauranger Bygdalag

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav L. Mjelva, Tove Leinslie, Thor Hauknes 3.

Gudrun Folkedal 2.vara, Thor Hauknes (berre tysdag, t.om. sak 59)

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

RESULTAT VESTLANDSKAPPLEIKEN 2012

Årsmelding for sykkelgruppa i IL Harding 2013

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

Fredag kl Dansetevling, reinender og masurka 1. omgang Anne Lovise Drevdal Tormod Øvrebø

Å rsmelding 2014 Nordbygda og Rand skyttarlag

ÅRSMØTE I HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG Årsmøtet vert halde måndag 20. mars i Festsalen på Øystese gymnas kl 18:30.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Ellen Persvold, Olav Luksengård Mjelva, Jan Heier, Hilde Reitan

DIS- Sogn og Fjordane

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Fylkeskappleiken i Stryn mars 2019

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

RESULTAT MEDALJØRER OG FINALISTER ANDRE INSTRUMENT SENIOR DURSPELL JUNIOR LAGSPELL FELE/HARDINGFELE JUNIOR ANDRE INSTRUMENT JUNIOR ÅPEN KLASSE

Teknikk og konsentrasjon viktigast

MEDLEMSINFO. august 2009

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Resultatliste Vestlandskappleiken 2013

Resultatliste fylkeskappleiken Sogn og Fjordane 2006

Fagkurs og seminar for ungdomslaga på Vestlandet. Storkurs i Førde! oktober På rett kurs med Sogn og Fjordane Ungdomslag -

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

Årsmelding for sykkelgruppa i IL Harding 2014

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Låt o Link. Medlemsblad for Valdres Folkemusikklag

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

ÅRSMELDING 2013 SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG

Fylkeskappleiken 2013 Ålesund 20. april

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

Vestlandskappleiken startliste

SOGN OG FJORDANE FYLKESLAG ÅRSMELDING Fylkeslaget har i perioden mars 2009 til mars 2010 hatt desse tillitsvalde:

Møtebok frå skipingsmøtet i Nes og Høyheimsvik bygdelag Mai 2006.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA,

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Innkalling til årsmøte for året 2014 i Sogndal Sau og geit og Sogndal beite og sankelag

Lagdans runddans 1 Nordbygda Spel -og Dansarlag Nordbygda Spel -og Dansarlag Reinlender 63

Mandag 20/06. Søndag 26/06. Tirsdag 21/06. Lørdag 25/06. Onsdag 22/06. Fredag 24/06. Torsdag 23/06

Innkalling til årsmøte torsdag 13.mars 2014 på Kafe Jærbuen kl.19.00

For at ungar/eldre skal bli godt kjende med oss har kun nokre elevar vore utplasserte til no nye kjem til etter nyår.

Sakspapirer for. Årsmøte. Gudbrandsdal Folkemusikklag Laurdag 6. april 2019 Utgard fleirbrukshall, Lom

Norheimsund Fotballklubb

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

NORSK SPANIEL KLUB. avdeling Rogaland. Årsmøte Sted: Kruse Smith Entreprenør, Adresse: Kanalsletta 4, 4068 Stavanger

FolkOrg Møte 2012/06 Styret

ÅRSMELDING Årsmelding 2015 Sogn CK

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN.

Stort lagsengasjement

ÅRSMELDING 2015 FOR LEIKARRINGEN I BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO

REPRESENTANTSKAPET PÅ VIKEDAL BYGDAHUS KLOKKA bygdahus.no

Utdeling av premiar til mestvinnande spaniels i fylket 2018 (sjå årsmeldinga for namn). Utdeling av premiar adventskonkurranse.

Årsmelding frå styret i BUL Molde

Hardanger Avdeling ÅRSMELDING NEGOTIA - HARDANGER AVD

Årsmelding 2009, andre driftsår:

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Medlem: Johannes Øygarden tlf / E-post,

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Referat. frå styremøte 6. og 7. desember 2012 på Hotell Norge Bergen.

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Årsmelding Fylkesrådet for eldre.

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: kl kl Stad: Klubbhuset på Omenås

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

FolkOrg Møte 2012/02 Styret

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Tevlingsreglement for tevlingar i regi av FolkOrg organisasjonen for folkemusikk og folkedans.

Nordfjord Golfklubb. Styret i Nordfjord Golfklubb si årsmelding for sesongen 2008

Årsmøte i Nordfjord Golfklubb

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

HDBUL. Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag. Referat frå Årsmøte Saksliste:

Rektorforum 15. april

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Musisere - Spele enkle ostinat og melodiar etter gehør

Årsmelding for O-gruppa 2015

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Rådgjevarkonferansen 2009

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad

SOGN OG FJORDANE FYLKESLAG ÅRSMELDING Fylkeslaget har i perioden mars 2011 til mars 2012 hatt desse tillitsvalde:

Transkript:

Årsmelding 2014 Jostedal spel- og dansarlag Styresamansetjing Oddbjørg Ese, leiar Johannes Kjos, nestleiar Arnfinn Gjerde, kasserar Oda Heidi Bolstad, skrivar Solveig Sperle, styremedlem Edel Skjæret og Jorunn Hestetun er varamedlemar til styret Valnemnd: Arne Aasen Hauge, Eldbjørg Haugen og Helene Bolstad Revisor: Gunnar Ruud Det har vore halde 8 styremøte i året som har gått. Det har vore stor aktivitet i laget med mange kurs, arrangement og andre aktivitetar. Laget hadde 52 medlemmer som har betalt kontingent per. 31.12.14 Nominasjon til Årets lokallag! Jostedal spel- og dansarlag var i år eitt av tre lag som vart nominert til Årets lokallag for sitt arbeid med å skape gode arenaer for dans i møte med folkemusikken. Prisen vart delt ut på FolkOrg sitt årsmøte på Fagernes 25. 27. april. Laget vårt nådde ikkje heilt opp, men det var likevel ei ære å bli nominert. 1

Kurs: Hardingfelekurs med Håkon Høgemo: 4. - 5. januar 2014 arrangerte Jostedal spel- og dansarlag hardingfelekurs med Håkon Høgemo på Jostedal Hotell. Det var 10 deltakarar på kurset. Det har etter kvart vorte ein tradisjon at Jostedal Spel- og dansarlag arrangerer hardingfelekurs (spel) i Jostedalen første helgi i januar, med Håkon Høgemo som lærar. Kurset i år var det 16 i rekkja av slike kurs. Kurs i masurka og pols med Kirsten Friis som instruktør Omlag 20 deltakarar stilte på kurs i Jostedal samfunnshus laurdag 20. september. Dei fleste hadde nok dansa både pols og masurka før, men her fekk me finnpussa og justert steg og takt med god individuell rettleiing. Kirsten har mykje kunnskap og solid pedagogisk bakgrunn, og alle kunne notere seg god framgang då me runda av utpå ettermiddagen. Svært bra kurs! Songkurs med Kari Malmanger Rupungane hadde kurs med Kari Malmanger. Elevane på skulen fekk og delta ei økt Dans i skulen Begge dei to ungdommsskulane i Luster kommune fekk våren 2014 tilbod om danseopplæring som eit tiltak for å auke dei unge sin kjennskap til folkemusikk og folkedans. Laget har fått støtte gjennom Den kulturelle skulesekken og Frifond midlar til å gjennomføre opplegget. På Hafslo vart det gjennomført totalt fire skuletimar fordelt på to dagar, både på 8. og 9. trinn. I Gaupne dansa 8. klasseelevane i fire skuletimar, fordelt på fire dagar. Oddbjørn Skjerdal og Oddbjørg Ese har vore instruktørar, og ungdommane har lært strekkbuksepolka, langedans, halling, jig circle, reinlender og polynese. I tillegg har dei lært litt om generell danseteknikk. På Hafslo var det Norill Terese Norheim (toradar) som stod for musikken, medan Oda Heidi Bolstad (hardingfele) var speledame i Gaupne. Me er godt fornøgde med opplegget, og har også fått gode tilbakemeldingar frå skulane. Elevane har vore engasjerte og kjekke å jobbe med, og dei fekk godt tak på dansinga også. Målet er å få til vidare samarbeid med skulane i Luster i framtida. 2

Tilskipingar: Sjur jubileum: 19. mars 2014 var det 100 år sidan kunstnaren og spelemannen Sjur Hesjevoll vart fødd. Dette vart markert med utstilling, konsert og dans i Jostedal samfunnshus laurdag 22. mars kl. 19.00. Det heile starta med ein storarta konsert der kjende musikarar som Håkon Høgemo, John Oddvar Kandal, Helene Bolstad og Sigmund Eikås spelte. Olav Stølen heldt eit interessant og fint kåseri om spelemenn frå Jostedalen, og då om Sjur spesielt. I tillegg spela medlemmer av spelemannslaget; Else Marie Haugen, Mathilde Skjæret og Einar Ese. Lidvin Hesjevoll og Oddbjørg Ese dansa Jostedalsspringar. Etter konserten var det dans. Helene Myklemyr Bolstad var programleiar og ho sydde det heile saman på ein fortreffeleg måte. Håkon og Lidvin Hesjevoll hadde sett saman ei representativ utstilling av ein del av Sjur sine måleri og trearbeid. Dette arrangementet var i samarbeid med Luster Folkeakademi. Dansefest i samfunnshuset laurdag 20. september Jutullaget spelte opp til dans, og dansemusikken var av beste sort. Styret hadde stelt til med heimelaga betasuppe og heimelaga kaker. Alt for sal i matsalen. Det kom dansarar frå Naustedalen, Førde, Stryn, Leikanger og Flåm. Det vart ein flott kveld, sjølv om det hadde vore god plass til mange fleire. Konsert med Erlend Apneset og Margit Myhr i Jostedal kyrkje 12.desember Ein flott konsert, men kun 16 betalande møtte fram. Julebord på Jostedal hotell 20. desember. To purke og ein gris stod for musikken. Det var over 120 som møtte. Eit vellykka julebord som og gav litt økonomisk overskot Bygdedansen Frå hausten 2014 har JSD teke initiativ til bygdedansøving i gym.salen på Luster ungdommsskule den 4. tysdagen i månaden. Det har vore bra frammøte, og tiltaket er også vidareført i 2015. 3

Fylkeskappleiken 2015/Distriktsmeistarskap i trekkspel/smørbukkappleik Arrangementet skal gå av stabelen 20.-21. mars 2015, men styret som alle er med i hovudnemda, starta arbeidet med planlegging oktober 2014. I tillegg til styret er Tormod Øvrebø og Stein Bugge Næss med i hovudnemdi. Etterkvart har Arne Øyen, Anny Fossøy Norberg, Dagrun Hesjevoll og Laila Gjerde komme med i nemdi. Oddbjørg Ese er valt til leiar for kappleiksnemdi. Fylkeskappleiken på Sandane - God deltaking og gode resultat! Også denne gong markerte Jostedal spel- og dansarlag seg med gode resultat på fylkeskappleiken. På fredag vart Norill Terese Norheim nr 2 på toradar i klassen Spel solo runddans senior, og "To purke og ein gris" vart nr 2 i Open klasse. Seinare på kvelden var det tevling i runddans, og der var alle finalistane frå laget vårt! Øygun og Johannes Kjos vann med Anne Lovise Drevdal og Tormod Øvrebø på andre plass. Oddbjørg Ese og Arne Aasen Hauge kom på tredje plass. Laurdag vart Oddbjørg og Johannes nr 3 i Bygdadans senior med Jostedalsspringar. Laget vart nr 2 i lagdans senior med Jostedalsspringar. Dei som dansa var Eldbjørg og Harald Haugen, Laila Gjerde og Tormod Øvrebø, Øygun og Johannes Kjos, Oddbjørg Ese og Arne Aasen Hauge. Mathilde Skjæret vann klassen Spel fele/hardingfele klasse C med Kine Svori på andre. Mathilde var også med i Firda spelemannslag som vann klassen Samspel junior. Mathilde fekk også andreplass i denne klassen med duoen Ingrid & Mathilde. Kine vart nr 2 i klassen Vokal kl C Landskappleiken 2014 Både dansarar og spelemenn frå laget gjorde ein solid innsats på landskappleiken på Geilo! I spel hardingfele kl C vart Mathilde Skjæret nr 2 og Kine Svori nr 5 - begge med svært høge poengsummar! Norill Terese Norheim vart nr 6 i klassen Durspel senior - ein svært sterk prestasjon i senior- klassen! Oddbjørg Ese og Johannes Kjos dansa seg i år opp i A klassen! Med 87 poeng vart dei nr 4 i klassen. Landsfestivalen i Steinkjer Arve Bjørn Røneid vart noregsmeistrar på Landsfestivalen i Steinkjer. Arve vann klassen Durspel senior. Øygunn og Johannes Kjos dansa seg til finalen i runddans senior, og vart blant dei fem beste! 4

Opplæring: Det har dette året vore nokre faste øvingar i spelemannslaget. Rupeungane har faste øvingar. Instruktørar er Eli Børhusdal og Else Marie Haugen. Det har vore springarøvingar som har vore opne for alle. Laget er medarrangør av Samdansen (Eikum Hotell). Det er mest fri dans til lokale grupper, men det vert også undervist i variantar av gamaldansformer. Øystein Lavik er instruktør. Det er god oppslutnad med dansarar frå Leikanger, Sogndal og Luster. Laget har 2 juniorar som får opplæring i hardingfele i kulturskulen. Else Marie Haugen er lærar for dei. Det er ein elev på torader, med Leon Lunde som instruktør. Ymse Oddbjørg Ese har vore styremedlem i Sogn og Fjordane folkemusikklag. Helene Bolstad sit som nestleiar i styret sentralt i Folkorg. Laget er med i 17.mai-arrangementet og stod for sal av pølse og brus. Johannes Kjos, Tormod Øvrebø og Oddbjørg Ese representerte laget på Årsmøte på Fagernes 25.-27. april Kine Svori, Kristi Bjørhusdal, Tora Bjørhusdal og Rasmus Tennø Loe deltok på Mokurset. Arve Bjørn Røneid vart i år tildelt Luster kommune sin kulturpris. Også i år har laget fått god økonomisk støtte frå ulike hald. Me vil nemne Luster kommune og Luster sparebank som har vore svært gode støttespelarar. Me har også vorte støtta med KOMP-midlar, midlar frå Frifond og Den kulturelle skulesekken. Laget er medlem i Luster Folkeakademi. Me vil få rette ei stor takk til alle som har stilt opp og hjelpt oss i året som har gått. Dugnaden er tross alt den største faktoren for at laget skal vere i drift. Styret 5