Sparebanken Sogn og Fjordane Hovudsamarbeidspartnar Førde Cup 2015: 6. - 8. NOVEMBER 2015 Førdehuset, Førde på lag med Førdefotballen
Pulje og kampoppsett Pulje og kampoppsett vil ein finne ved å gå inn på Førde Cup si heimeside: www.forde-fotball.no Vi vil også trykke opp dette slik at alle laga får det utdelt saman med effektar ved innsjekking i sekretariatet. Resultat undervegs i turneringa vil fortløpande bli lagt ut på denne internettadressa. På denne måten kan også dei som ikkje har høve til å reise med laget sitt, halde seg orientert på lik linje med alle andre på korleis det går med laget sitt. Samarbeidspartnar Førde Cup 2015: 2
Velkommen til Sparebanken Sogn og Fjordane Førde Cup 2015 Vi vil med dette ønskje alle fotballvener velkomne til den 19. utgåva av Førde Cup. Vi har i år 127 påmelde lag til turneringa, og det tyder at turneringa så å seie er fullteikna. Vi trur at når så mange vil vere med så er det fordi de tykkjer det er kjekt å delta og likar konseptet vårt. Vi trur at eit kompakt arrangement med nærleik mellom turneringsarena og overnattingsplassar, kulturtilbod og handel er noko som gjer turneringa attraktiv. Vi ønskjer at de legg merke til at turneringa ber namnet til vår hovudsamarbeidspartnar Sparebanken Sogn og Fjordane. For oss er det avgjerande å ha ein slik solid samfunnsaktør i ryggen, og vi håpar de brukar både dei og alle våre andre gode sponsorar i løpet av helga og elles om de har høve til det. Fair Play er eit sentralt omgrep i idretten, og for oss i Førde IL Fotball. Trenarar, leiarar, utøvarar og foreldre skal ta vare på medspelarar og motspelarar, unngå stygt spel og filming og skape tryggleik og god lagand. Hugs dette i alt de gjer denne helga! I tillegg ønskjer vi at de brukar helga godt til å kose dykk, og til å skaffe dykk nye vener, kontaktar og impulsar. Vi oppfordrar dykk til å bruke alle tilboda i Førde i løpet av helga, både med symjing og diskotek. Butikkane i Førde er også klare til å ta i mot dykk med opne armar! Når de står utanfor Førdehuset og ser over elva vil de på motsett side vil de sjå Hafstadparken som no er ferdigstilt. Vi har no snart fullført tredje sesong med bruk av banene der. Det har gitt oss i Førde eit stort løft i forhold til treningsareal. I år har vi faktisk hatt om lag 125 lag med i seriesystemet. Arbeidet med nytt klubbhus som ligg sentralt i parken er også fullført. I det nye klubbhuset disponerer vi om lag 1000 kvadratmeter. Dette arealet skal bli nytta til garderobar, kantine, møteplassar og kontorlandskap. Med desse fasilitetane på plass vil treningskvardagen og kampsesongen bli mykje lettare å handtere både for spelarar og trenarar.. I tillegg vil parken bestå av mykje grasareal, som innbyr både til fotball og mykje anna, samt til dømes joggeløyper, skatepark, BMX-bane, hoppbakke K7! og sandvolleyballbaner og mykje meir. Vi gledar oss til dette er klart, og håpar at de vurderer å bli med på framtidige utandørsturneringar i Førde i sommarhalvåret. Nemnast må også at speleunderlaget i Førdehuset er heilt nytt, og stettar alle krav i høve høg funksjonalietet. (t..d til landskampar i handball), og ikkje minst er det eit prima underlag/dekke til Førde-cup! Med dette vil styret i Sparebanken Sogn og Fjordane Førde Cup ønskje alle hjarteleg velkomne og lykke til med turneringa. Vi håpar alle vil få hyggelege fotballdagar saman med oss her i Førde. God turnering! På vegne av Førde-cup styret Odd Hagen, turneringsleiar 3
Førde cup - Meir enn fotball Symjehall kl 12.00 16.00 fordelt på Førde Cup. Offentleg bading også til kl 1600. Deltakarar med deltakarband tek fribillett til symjehallen. Program Fredag 6. november Kl. 19.00-23.15: Innkvartering Kl. 18.00-22.30: Innleiande kampar Laurdag 7. november Kl. 08.00-23.15: Innleiande kampar Kl. 21.00-24.00: Diskotek i Førdehuset Laurdag 7. og søndag 8. november Laurdag og søndag blir det fotballstemning. Meir info om dette i sekretariatet. 6 kampar frå Premier Leauge vises på storskjerm. Gratis for alle. Laurdag Søndag 13.45 Bournemouth Newcastle 14.30 A.Villa Man.City 16.00 Man.U West Bromwich 17.00 Arsenal Tottenham 18.00 Stoke Chelsea 17.00 Liverpool Crystal Palace OTBALL CUP MED Z A DOLLY DIMPLE PIZZA S Søndag 8. november Kl. 08.00-17.30: A- og B-sluttspel Arrangementet er slutt ca kl. 17.30. DOLLY DIMPLE S FØ RDE STOREHAGEN 7 FÅ LEVERT SPIS I RES STA AU RA ANT HENT SELV 0 44 40 dolly.no Med forbehold om pris- og produktendring er og trykkfeil. 4
Velkommen til SSF Førde Cup 2015 Det er igjen tid for Førde Cup innandørs, dette er 19 året vi arrangerer denne cupen i Førde. Førde IL Fotball er i år som tidlegare år arrangør og vi gleder oss til å ta imot spelarar, støtteapparat og publikum denne helga i november. Cup` en er for aldersgruppa 13-19 år og i år har heile 127 lag frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal meldt seg på. Ein del av desse laga kjem år etter år, dette tek vi som eit teikn på at vi arrangerer ein attraktiv cup som store og små trivest på. Fredag til søndag er det stor aktivitet i Førdehuset når over 1000 ungdommar inntek Førde si storstove for å spele timevis med fotball. Det sosiale står i fokus denne helga og her er mange aktivitetar ein kan delta på samt at ein får servert gode måltid for dei tilreisande. SSF Førde Cup er ei stor turnering som krev stor dugnadsinnsats. Det er ungdomsgruppa som er ansvarleg for dugnaden på denne cupen, og utan dei mange frivillige her hadde det ikkje vore mogeleg å arrangere ein slik cup. Vi er og avhengige av våre samarbeidspartnarar for å gjennomføre dette, ein stor takk til alle her som gjer det mogeleg å skape positiv aktivitet for barn og unge. Som representant for Førde IL Fotball ynskjer eg alle velkommen til Førde, Førdehuset og SSF Førde Cup 2015. Fair Play er eit nøkkelord slike dagar og eg håper og trur de får fantastiske dagar fylt av gode prestasjonar, idrettsglede og nye venskap. Leif Arne Åsen Styreleiar i Førde IL Fotball 5
Praktiske opplysningar! Ved ankomst må leiar for klubben straks vende seg til sekretariatet i Førdehuset for innsjekking. Her vil klubben få utlevert sine deltakareffektar samt motta nyttig informasjon om endringar etc. Ingen lag kan starte sin første kamp utan at klubben har sjekka inn. Namneliste for alle deltakarar skal leverast ved innsjekking. Måltid: Fredag: Middag kl. 19.00-22.00 Laurdag: Frukost kl. 07.00-10.00 Lunch kl. 12.00-14.00 Middag kl. 18.00-21.00 Sundag: Frukost kl. 07.00-10.00 Lunch kl. 12.00-14.00 Alle måltid vert servert på Førde ungdomsskule Deltakarar utan A-kort kan få kjøpt enkeltmåltid. Matbillettar får ein i sekretariatet i Førdehuset. Matkupong alle måltid kr. 200,- Pris pr. måltid kr. 80,- Viktig: Turneringsleiinga gjer merksam på at det berre er adgang til å nytte sko med lys sole i idrettshallen i Førdehuset. Laga som nyttar garderobane i Førdehuset, må ikkje legge frå seg verdi saker i desse. Vi oppfordrar lagleiarane om å ta vare på dette for spelarane sine. All mat og drikke er forbode i idrettshallen, unntatt vatn på drikkeflasker. Det er ikkje tillate å bruke ball i kaféen. 6
7
SPELARLISTE 2015 SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE FØRDE CUP Skal leverast i sekretariatet ved ankomst... Namnet på klubben... klasse... puljenr. (fyllast ut av arrangør) Spelarar Namn Fødd år
Leiarar Namn Tlf. Underskifta til lagleiar
Førde Elektro og Rør AS DIN LOKALE ELEKTRIKAR OG RØRLEGGAR 57 72 39 90 Hoff & Knutson Transport AS Sogn og Fjordane Flyttebyrå Tlf. 57 82 81 00 www.hktransport.no FØRDE VULK Etablert 1949 10
Turneringsleiing Hovudkomité: Kampoppsett: Odd Hagen turneringsleiar Tor Starheim / Anders Skreien Kamp/ resultatansv. Irene Bjørndal/Mariann Njøsen sekretariatansvarlig Marianne Laugerud dommerasv. Anne Seljeset innkvarteringsansvarlig Tor Starheim Førdecupsekretatiatet er lokalisert til Førdehuset. Opningstider: Fredag 17.00-22.30 Laurdag 08.00-20.00 Sundag 08.00-17.00 Hovudjury: Jan Terje Fjell Sotra (Hordaland) Stine Sundnes Bergsøy (Sunnmøre) Per Øyvind Storevik Førde IL (Sogn og Fjordane) Turnerings- og kampreglement: Førde Cup vert avvikla etter NFF sitt spelereglement for fotball på små baner. Klasseinndeling: Småjenter (SMJ) fødde etter 01.01.2002 Smågutar (SMG) fødde etter 01.01.2002 Jenter (J) fødde etter 01.01.2000 Gutar (G) fødde etter 01.01.2000 Junior damer (JD) fødde etter 01.01.1996 Junior herrar (JH) fødde etter 01.01.1996 Spelesystem: 5 spelarar på bana samstundes. (Keeper + 4 utespelarar) Ein spelar kan berre brukast på eitt lag i same klasse. Ved lik poengsum i seriespel blir rekkjefølgja avgjort slik: 1. Målskilnad 3. Tal scora mål 3. Resultat i innbyrdes oppgjer 4. Myntkast 11
Spelesystem forts.: I cupspel nyttar ein følgande løysningar ved uavgjort resultat: 1 x 3 min. ekstraomgangar der første mål vinn Straffesparkkonkurranse i alle klassar * Straffespark skal takast frå 7 meter * B-sluttspel åttendelsfinale avgjøres viss uavgjort ved flest cornere. Ved likt antall cornere blir det myntkast. Dette gjelder også junior kvartfinale B-sluttspel. Andre reglar: For å avgjere rekkjefølgja mellom laga i klassar med ulikt tal lag i puljane, blir resultatet mot dårlegaste laget teke vekk i dei puljane som har flest lag. Raudt kort: utøvar må står over neste kamp Kampavvikling, protestar, frammøte m.m. Protestar: Eventuelle protestar skal leverast skriftleg i sekreteriatet seinast 30 min. etter kampslutt. Protesten skal vere underteikna av den person som er oppført som klubben sin kontaktperson under turneringa. Juryen si avgjerd kan ikkje på - klagast. Protestgebyr er sett til kr. 250,- og skal innbetalast ved innlevering av protesten. Blir protesten teken til følgje vil laget få refundert protestgebyret. Frammøte: Alle lag pliktar å stille ferdig skifta ved kampbana seinast 5 min. før kampstart. Lag som ikkje møter til kampstart tapar kampen og resultatet vert sett til 3-0. Er eit lag lovleg forseinka til kampstart, skal sekreteriatet orienterast om dette snarast råd. Dersom lag kjem seinare enn 3 min. etter oppsett kampstart, vinner motstandaren på WO. Etter kampslutt oppmodar vi laga til å forlate kampbana. Det er ønskjeleg at ein utanom kampane nyttar tribuneanlegget. Kampavvikling: Kampane vert spelt på tre baner samstundes. Kampane startar og stoppar etter signal frå dommar/speaker. På bana har sekreteriatet ein person som held kontakt med dommar og kampsekretariatet. (Lagleiarane kan gjere seg nytte av denne personen om det er trong for det.) Drakter etc: Det lag som står oppført som heimelag i kampane tek avspark og stiller på den banehalvdel der tidklokka er. Har to lag like drakter, skal bortelaget skifte drakter, eventuelt nytte tilviste vestar. Bortelaget er ansvarleg for å undersøke om like drakter vert nytta. 12
Tidlegare vinnarar 1997 1998 1999 Smågutar Førde IL Skavøypoll IL FK Bergen Nord Gutar Førde IL Førde IL Førde IL Småjenter Ikornes IL Torvund IL Gaular IL Jenter Bergsøy IL Vadheim IL Øygard IL Tidlegare vinnarar 2000 2001 2002 Smågutar Åsane West Side Florø SK Askv./Holmedal IL Gutar FK Bergen Nord Sandane IL Jølster IL Småjenter Førde IL Bergen Nord Florø SK Jenter Gaular Bergsøy IL Gaular IL Tidlegare vinnarar 2003 2004 2005 Smågutar Førde IL Florø SK Vadmyra City Gutar Jølster IL Førde IL Førde IL Småjenter Florø SK Bergsøy IL Kaupanger IL Jenter FK Bergen Nord/Hovding IL Høyang Kaupanger IL Junior Herrar Sandane TIL Førde IL Førde IL Junior Damer Førde IL Dale IL Dale IL Tidlegare vinnarar 2006 2007 2008 Smågutar: Førde IL Førde IL Bergen Nord FK Gutar: Førde IL Smørås IL Vik IL Småjenter: Bergen Nord/ Hovding Bergen Nord/Hovding Førde IL Jenter: Førde IL IL Høyang Askvoll/Holmedal IL Junior damer: Førde IL Førde IL Førde IL Junior herrar: Balestrand IL Balestrand IL Bergsøy IL Tidlegare vinnarar 2009 2010 2011 Smågutar: Vik IL Førde IL Tambarskjelvar IL Gutar: Bergen Nord FK Førde IL Florø SK Småjenter: Balestrand IL Førde IL Førde IL 1 Jenter: Jølster IL Loddefjord IL Førde IL 1 Junior damer: Larsnes IL Jølster Eikanger/Nordhordland/Kvernbit Junior herrar: Bergsøy IL Førde IL Førde I.L 1 Tidlegare vinnarar 2012 2013 2014 Smågutar: Florø Tambarskjelvar IL Bergsøy IL Gutar: Bergsøy Florø SK Førde IL 2 Småjenter: Førde Askvoll/Holmedal IL Førde IL 1 Jenter: Askvoll/Holmedal IL Mauseidvåg og Solevåg IL Sotra 2 Junior damer: Jølster Førde IL Bergsøy IL Junior herrar: Bergen Nord FK Førde IL Førde IL 1 13
Draktfargar Sparebanken Sogn og Fjordane Cup 2015 KLUBB SKJORTE KLUBB SKJORTE Askvoll/Holmedal Atløy Balestrand Bergen Nord/Hovding Bergsøy Dale Eikefjord Eikefjord/Tambar FBK Voss Førde IL Førde G19-3 Gaular Gjerdsvika Gurskøy/Tjørvåg Hafslo Høyang Jølster Grøn Kvit Blå Kvit Kvit/rød Gul Orange Gul Raud Kvit Raud Raud Grøn Gul Gul Raud Grøn Kaupanger Larsnes Lavik LGFK Lindås G16 Lindås J16 MSIL Nordhordland Radøy/Manger Radøy-Manger/Hordabø Sandane Sotra G16 Sotra J16 Tambarskjelvar Tjørvåg Vik Grøn Gul Gul Raud Raud Kvit Grøn Raud Lilla Raud Blå Blå/hvit Blå Gul Gul Kvit 20% rabatt på fotballsko og gode tilbod på fotballrelatert utstyr heile FørdeCup helga Du finn oss på Førdehuset og i butikken 3.etg på Førde Torg 14
15
Spar litt kvar gong du handlar! Set av nokre kroner på spare kontoen kvar gong du betalar med kort i butikken. Du vel eit fast beløp kvar gong du bruker kortet, eller rundar av kjøpesummen. Du sparer differansen. Småsparing ordnar du enkelt i nettbanken vår. Ikkje kunde? Ta kontakt med oss på tlf. 578 29 700. ssf.no/smasparing meirennbank.no