Klimaplan for Hordaland 2010-2020 1
2 Tema i planen 2. Visjon og mål 3. Klimaendringar og klimagassutslepp 4. Energi 5. Forbruk og avfall 6. Bygningar 7. Arealbruk og transport 8. Næringsutvikling 9. Klimatilpassing
Visjon og hovudmål for Hordaland 3 Klimafylket Hordaland tar ansvar og skapar berekraftige løysingar Klimagassutslepp: skal reduserast med 22 % i 2020 frå 1991 (30 % frå 2007), 30 % i 2030 og 65 % i 2050. For at hordalendingane sitt klimafotavtrykk skal kome ned på 2 tonn/innbyggjar i 2050, må ikkje-lokalt fordelte nasjonale utslepp minst reduserast tilsvarande. Energi: Energibruk til stasjonære føremål og prosessføremål skal reduserast med 30 % innan 2020 og 50 % innan 2050. Innan 2030 skal energibehovet til stasjonære, prosess- og mobile føremål i hovudsak dekkjast av fornybare energikjelder med lite tap av naturmangfald. Klimatilpassing: Hordaland skal vere best mogleg budd på klimaendringane. Klimatilpassing skal baserast på føre-var-prinsippet, forsking og kunnskap om lokale tilhøve.
Milepælar framover 4 1991 Kyotoprotokollen BASIS 2007 - Københavnprotokollen 2013 Oddaprotokollen 5 % reduksjon 2020 Mongstadprotokollen 22 % reduksjon 2030 Bergensprotokollen 30 % reduksjon 2050 Finseprotokollen 65 % reduksjon
Karbon-fotavtrykk 5 Aktiviteten og forbruket til personar i Hordaland medfører store utslepp i andre land Karbon-fotavtrykket er fem gonger større enn dei direkte lokale utsleppa.
6
7
8 4 Energi Den viktigaste årsaka til menneskeskapte klimagassutslepp er bruken av fossile, ikkjefornybare energikjelder som kol, olje og gass Den beste energien er den som ikkje vert brukt
9
Mål for energi 10 Energibruk til stasjonære føremål og prosessføremål skal reduserast med 30 % innan 2020 og 50 % innan 2050. Innan 2030 skal energibehovet i all hovudsak dekkjast av fornybare energikjelder med lite tap av naturmangfald Strategiar A Energibruken i Hordaland skal reduserast B Hordaland sin energibruk skal i størst mogleg grad kome frå fornybare energikjelder C Hordaland skal vere ein føregangsregion i produksjon av fornybar energi D Hordaland skal ha ei robust, stabil og fleksibel energiforsyning
11 Strategi A: Energibruken i Hordaland skal reduserast Delmål: 1. Bruk av energi i hushald, offentleg verksemd og tenesteyting skal vere minst 20 % lågare i 2020 enn i 2007. Energieffektivisering skal vere førstevalet. 2. Bruk av energi i industrien skal effektiviserast. Energibruk til kvar produsert eining bør i gjennomsnitt reduserast med minst 20 % i 2020 i høve til 2007. 3. Spillvarme frå industri skal gjerast tilgjengeleg som energikjelde for anna verksemd. Strategi B: Hordaland sin energibruk skal i størst mogleg grad kome frå fornybare energikjelder Delmål: 1. Hordaland skal bruke rett energiform til rett føremål. Innan 2013 skal minst 50% av behovet til oppvarming dekkjast av annan energi enn direkte bruk av elektrisitet og fossile brensel, og innan 2020 skal det aukast til 80 %. 2. Bruk av olje og naturgass til stasj. føremål skal reduserast med 80 % innan utgangen av 2013 (i høve til 2007) og vere heilt utfasa i 2020
Strategi C: Hordaland skal vere ein føregangsregion i 12 produksjon av fornybar energi Delmål 1. Hordaland vil stimulere til utvikling, produksjon og bruk av nye fornybare energikjelder. Kompetanse, forsking og utdanning på energifeltet skal styrkjast. Verkemidlar må sikre utvikling, produksjon og tilgang til marknad/ sluttbrukar 2. Hordaland skal produsere energi frå fornybare kjelder og med minst mogleg arealkonfliktar. Ein skal ta omsyn til naturmangfald, friluftslivområde og store landskapsverdiar i fylket. Jf. Fylkesdelplan for små vasskraftverk Strategi D: Hordaland skal ha ei robust, stabil og fleksibel energiforsyning Delmål 1. Kraftnettet må ha kapasitet og drift som sikrar høg leveringstryggleik av elektrisitet. Effekttoppane i straumnettet må kunne dempast på etterspurnadssida for å redusere fare for straumstans i høglastperiodar 2. Alle nybygg over 500 m2 skal vere lågenergihus, passivhus eller ha vassbåren varme
13 5 Forbruk og avfall Utviklinga dei siste 35 åra: folketalet i Noreg har auka med vel 20 % verdiskapinga målt i bruttonasjonalprodukt (BNP) er meir enn tredobla privat forbruk er nesten dobla talet på hushald med berre 1 person er dobla, og utgjer no 2 av 5 hushald
14
15
Mål for forbruk og avfall (1) 16 Forbruk: - skal vere dominert av produkt, varer og tenester med lågast mogleg miljøpåverknad, energibruk og klimagassutslepp. Innan 2013 skal veksten i forbruket av klimaskadelege produkt vere relativt lågare enn folketalsveksten i fylket. Frå og med 2020 skal samla forbruk av klimaskadelege produkt gå ned. Forbruk Hordaland fylkeskommune Hfk skal vere i front, stimulere til og bruke produkt, varer og tenester som har lågast mogleg miljøpåverknad, energibruk og klimagassutslepp
17 Mål for forbruk og avfall (2) Avfall: Klimagassutslepp frå avfall i Hordaland skal vere minst 80 % lågare i 2020 enn i 1991 Avfall Hordaland fylkeskommune: Restavfallsmengda frå fylkeskommunens verksemd skal reduserast frå 1991-nivå med minst 50% innan 2013 og minst 70% innan 2020
18 Strategiar for å redusere klimagassutslepp frå privat og offentleg forbruk og avfall A Miljømerking av varer, produkt og tenester B Miljøsertifisering av verksemder C Betre offentlege innkjøp D Søkjelys på ungdom, kunnskap og kompetanse E Redusere avfallsmengdene F Auke graden av materialgjenvinning G Auke energigjenvinning av restavfall som ikkje vert materialgjenvunne
19 Strategi A: Miljømerking av varer, produkt og tenester Delmål A) Alle produkt, varer og tenester med betydelege karbonfotavtrykk som er produserte i Hordaland skal vere miljømerka innan 2020. B) Minst 50 % av importerte produkt og varer skal vere miljømerka i medhald av internasjonal standard innan 2020. Alle importerte varer og produkt skal ha klimagass-rekneskap for transportfasen innan utgangen av 2013 Strategi B: Miljøsertifisering av verksemder Delmål Alle offentlege og private verksemder i Hordaland med minst 10 tilsette skal vere miljøsertifiserte innan 2020. Minst 25 % skal vere miljøsertifiserte innan utgangen av 2013
20 Strategi C: Betre offentlege innkjøp Delmål Alle forbrukarar i Hordaland skal ha høve til å velje dei mest miljøvenlege produkta, varene og tenestene med lågast mogleg energibruk og klimagassutslepp Strategi D: Søkjelys på ungdom, kunnskap, kompetanse Delmål Ungdom i Hordaland skal ha nødvendig informasjon, kunnskap og kompetanse til å gjere miljøvenlege val som forbrukarar og framtidige produsentar
Strategi E: Redusere avfallsmengdene Delmål Avfallsmengda i Hordaland skal reduserast. Innan 2013 skal veksten i avfall vere relativt lågare enn BNP. Frå og med 2020 skal produksjonen av avfall gå ned 21 Strategi F: Auke grad av materialgjenvinning Delmål Samla gjenvinning (material, energi) skal innan 2020 vere på 90 %,). Materialgjenvinninga skal vere på 70 % innan 2020 Strategi G: Auke energigjenvinning av restavfall som ikkje vert materialgjenvunne Delmål Energiutnytting av restavfall som ikkje kan materialgjenvinnas skal vere på min. 70 % innan 2020. Mest langsiktig og effektiv måte for energiutnytting med minst tap undervegs skal føretrekkast
22 6 Bygningar 1/3 av globale CO 2 -utslepp, i hovudsak energibruk Noreg: 40 % av samla energibruk, 50 % av el-bruken Dei fleste bygga er alt bygd (årleg nybygg utgjer 1 %) Store byggherrar er profesjonelle og kjenner krava Utfordring: Dei mange eksisterande og små bygga (= private einebustader) der eigaren ikkje er profesjonell og ikkje kjenner krava
23
Mål bygningar 24 Energibruken til Hordaland sin bygningsmasse skal reduserast med 20 % innan 2020 i høve til energibruken i 2007 Minst 80 % av varmebehovet skal innan 2020 dekkast av anna energiforsyning enn direkte verkande elektrisitet og/eller fossile brensel Strategiar Energieffektivisering Energikonvertering Meir klimavenleg materialbruk Auka kunnskap, kompetanse, forsking og innovasjon
Strategi A: Energieffektivisering og energikonvertering 25 Delmål A) Bruk av fossile brensel i bygningar skal reduserast med 80 % innan utgangen av 2013 og vere utfasa innan 2020 B) Bruk av elektrisitet til å dekke varmebehov i eksisterande bygningar skal reduserast med 10 % innan 2013 og med 20 % innan 2020 C) I nye bygg skal minst 60 % av varmebehovet dekkast av anna enn direkte virkande elektrisitet eller fossile brensel D) Bustadmassen i Hordaland skal ha ein reduksjon i energibehov på 350 GWh fram til 2020
26 Strategi B: Meir miljøvenleg materialbruk Delmål Fremje bruk og utvikling av miljøvenlege materiale, produkt og tekniske løysingar med låge klimagassutslepp Strategi C: Auka kunnskap, kompetanse, FoU Delmål Hordaland skal ha den beste kompetansen på energivenlege bygg og gi råd om energieffektive løysingar til huseigarar, entreprenørar, kommunar
27 7 Arealbruk og transport Utslepp frå mobile kjelder utgjer 26 % Vegtrafikken står for 50 % av alle utsleppa om ein held olje- og gassverksemda utanfor Frå 1991 til 2005 auka utsleppa frå vegtrafikken i Hordaland med 42 %, mot 28 % for heile landet Utan tiltak kan bilhaldet i Bergensregionen auke med 46 % frå 2000 til 2030-50 % fleire bilar i 2025 enn i 2006
28
29
Areal og transport - målhierarki 30 Areal og transport Effektiv arealbruk Digital komm. Off. & miljøvenleg transport Avgrense biltrafikken Redusere utslepp frå bilane R
Verkemiddel 31
32
Mål areal og transport 33 Mål for arealbruk Hordaland skal ha ein effektiv arealbruk som reduserer behovet for reising, stimulerer til meir miljøvenleg transport og unngår nedbygging av verdifulle areal Mål for transport Utslepp frå mobile kjelder skal reduserast med 20% i 2020 i høve til 1991 Utslepp frå vegtrafikk skal reduserast med 20% i 2020 i høve til 1991, og 30% innan 2030
Strategiar areal og transport 34 A B Meir effektiv arealbruk samordna areal- og transportplanlegging Digital kommunikasjon C Meir offentleg transport og meir miljøvenleg transport (buss, bybane, jernbane, sjøtransport, godstransport, gåing og sykling) D E Avgrense biltrafikken (trafikkregulering, parkeringsrestriksjonar, vurdering av vegprising Redusere utslepp frå køyretøya (ny teknologi, meir miljøvenlege drivstoff, etc.)
Strategi A: Meir effektiv arealbruk (1) 35 Delmål: Desentralisert senterstruktur Hordaland sin senterstruktur er fastlagt. Regionsentra er Knarvik, Straume, Vossevangen, Osøyro, Leirvik, Odda, Norheimsund. Bergen er fylkes- og landsdelssenter Retningsline 1 Lokal senterstruktur med kommunesenter, kommunedel- og lokalsenter fastsetjast i kommuneplan Delmål: Fortetting heller enn ekspansjon Fortetting skal vere hovudprinsipp for ny utbygging. Potensialet skal utnyttast før nye utbyggingsområde vert planlagt Retningsline 2 Ved alle større utbyggingar utanfor eks. tettstader skal det krevjast klimarekneskap. Langsiktig utbygg.grense mot LNFområda skal fastsetjast i kommuneplan
Strategi A: Meir effektiv arealbruk (2) 36 Delmål: Rett lokalisering av verksemder og tenesteyting Off. og private verksemder og tenesteyting skal ha ei lokalisering som reduserer transportbehovet for tilsette og publikum. Lokalisering av bustader skal vere nær lokal tenesteyting Retningsliner 3 Kommunedekkande tenesteyting skal som hovudprinsipp lokaliserast med gangavstand til kommunesenter, og med god kollektivdekning. Lokalretta tenesteyting skal lokaliserast til lokalsenter. 4 Arbeidsplassintensive og/eller publikumsretta verksemder skal lokaliserast sentralt i tettstader/sentra, ved transportknutepunkt med god kollektivdekning. Arealkrevjande verksemder som ikkje er publikumsretta, men som er avhengig av tungtransport skal lokaliserast med god tilkomst til hovudvegnettet, utanfor sentrumsområda. 5 Ved lokalisering av all nye arbeidsplass- og publikumsintensive verksemder skal utslepp frå transport i driftsfasen bereknast
Strategi A: Meir effektiv arealbruk (3) 37 Delmål: Samanhengande transportnett som prioriterer miljøvenleg transport Hordaland skal ha eit samanhengande transportnett som prioriterer miljøvenleg transport Retningsline 6 Ved nye vegutbyggingar skal det sikrast areal for og anleggast separate og samanhengande sykkelvegar i ein avstand på minst 5 km ut frå lokalsenter/ kommunesenter Delmål: Arealplanlegging basert på kunnskap og samarbeid Hordaland sine utfordringar på arealbruk skal løysast gjennom kunnskap og samarbeid på tvers
38 Strategi B: Digital kommunikasjon Delmål digitale møte: Innan 2020 skal digitale møte erstatte minst 20 % av arbeidsreisene til offentleg verksemd i Hordaland. Minst 20 % av arbeidsreisene i fylkeskommunen skal innan 2013 erstattast av digitale møte
Strategi C: Meir offentleg transport og meir miljøvenleg transport 39 Delmål kollektivtransport I Bergensregionen skal tal på reiser med kollektivtransport auke frå 12 % til 50 % innan 2020. I resten av fylket skal kollektivreisene aukast monaleg Delmål godstransport a) Innan 2020 skal delen av godstransport som går på sjø og bane aukast med 20 % og delen som går på veg reduserast tilsvarande. b) Innan 2020 skal minst 20 % av persontransport ut av fylket til resten av Sør-Noreg over frå fly til buss og bane
Strategi C: Meir offentleg transport og meir miljøvenleg transport (forts) Delmål gange Innan utgangen av 2013 skal talet på reiser til fots i Hordaland aukast med 50 % (frå 19 % i 2008) 40 Delmål sykkel Reiser med sykkel skal aukast frå 3 % i 2008 til 10 % innan 2020 og 20 % innan 2030 Strategi D: Avgrense biltrafikken Delmål Biltrafikken skal reduserast til 30 % av alle reiser i 2030 -parkering - trafikkregulering (vurdera køprising)
Strategi E: Redusere utslepp frå køyretøy og fartøy 41 Delmål lette køyretøy Innan 2020 skal minst 50 % av alle lette køyretøy gå på elektrisitet. Resterande skal i størst mogleg grad gå på ikkjefossile drivstoff (særleg biodrivstoff) Delmål tunge køyretøy Alle tunge køyretøy skal gå på ikkje-fossil drivstoff innan 2020 Delmål sjøfart Sjøfartsnæringa i Hordaland skal ta i bruk den mest klimavenlege sjøfartsteknologien, og skal innan 2020 vere den mest berekraftige sjøtransporten i verda
42 8 Næringsutvikling Olje- og gassindustrien Kraftvarmeverket på Mongstad Industri og bergverk Landbruk Matvareproduksjon skogbruk Fiskeri og havbruk
43
Næringsutvikling aktuelle mål 44 Mål for energi: Energibruk til stasjonære føremål og prosessføremål skal reduserast med 30 % innan 2020 og 50 % innan 2050. Strategi A: Energibruken i Hordaland skal reduserast Delmål: 1. Bruk av energi i --- tenesteyting skal vere minst 20 % lågare i 2020 enn i 2007. Energieffektivisering skal vere førstevalet. 2. Bruk av energi i industrien skal effektiviserast. Energibruk til kvar produsert eining bør i gjennomsnitt reduserast med minst 20 % i 2020 i høve til 2007. 3. Spillvarme frå industri skal gjerast tilgjengeleg som energikjelde for anna verksemd
Næringsutvikling nokre tiltak 45 Energi Utvikle ny fornybar energi Forbruk Meir miljøvenleg produksjon. Miljømerking, miljørekneskap, miljøsertifisering Bygningar Energieffektiv og klimavenleg bygging Arealbruk Klimavenleg lokalisering av næringsverksemder Transport Leggje til rette for sykling heller enn bilbruk - - Videokonferansar heller enn flyreiser - - Samordna godstransport, betre logistikk Må inn i RUPen framover
46 9 Klimatilpassing Klimaendringane vil mest truleg føre til at vi i år 2100 har 1,9-4,2 grader auke i temperaturen 75 cm (+/- 25 cm) auke i havnivå i Bergen opp mot 240 cm stormflo i utsette kommunar opp mot 36 % auka nedbørsmengd opp mot 50 % auka avrenning over året i ytre strøk
47 Mål for klimatilpassing Hordaland skal vere best mogleg budd på klimaendringane, og klimatilpassing skal baserast på føre-var-prinsippet, forsking og kunnskap om lokale tilhøve Strategiar A Kunnskapsutvikling B Sikre bygningar, vegar og annan infrastruktur samt biologisk mangfald C Klimatilpassing av naturbaserte næringar D Implementering av klimatilpassing i arbeid med folkehelse og sosiale tilhøve
48 Strategi A: Kunnskapsutvikling Delmål: Klimatilpassing skal baserast på relevant og oppdatert kunnskap Strategi B: Sikre bygningar, vegar, annan infrastruktur, biologisk mangfald Delmål i) Eks. off. bygg, anlegg og infrastruktur skal innan 2013 sikrast i høve negative effektar av klimaendringar ii) Nye off. & private bygg, anlegg, infrastruktur skal fom 2011 berre etablerast i område utan kjent risiko for negativ effekt av klimaendring iii) Minimere tap av biologisk mangfald som følgje av klimaendringar. Retningsline Det skal ikkje byggjast lågare enn 2 m over havet med unnatak for særskilte bygningar (naust ol), for å unngå negative konsekvensar av framtidig havnivåauke.
Strategi C: Klimatilpassing av naturbaserte næringar Delmål: Naturbaserte næringar (landbruk, havbruk, fiskeri, fornybar energiproduksjon og reiseliv), skal førebu seg på klimaendringar og gjere naudsynte omstillingar/tilpassingar Strategi D: Implementering av klimatilpassing i arbeid med folkehelse og sosiale tilhøve Delmål: Hordaland skal vere ein sunn, trygg og inkluderande region å leve i uansett klimaendringar 49
Høyringa Forslag til mål - er ambisjonsnivået for høgt eller lågt? Kva for verkemidlar finst kva treng vi av nye? Kva kan kommunane gjera? Treng vi ein haldningskampanje regionalt/lokalt? Kva kan næringslivet gjera? 50 FRIST: 31. mars helst 15. mars