ÅRSMELDING 2014. Bjarne Øymyr



Like dokumenter
RESULTATLISTE KARUSELLRENN NR ARR: ROSENDAL TURNLAG ARENEA: ROSENDAL AVLSGARD Tid

OFFISIELL RESULTATLISTE. Jenter 12 år. Gutter 12 år

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

ÅRSMELDING Bjarne Øymyr

10 mest brukte navn ; jenter/kvinner. * betyr at flere skrivemåter er slått sammen

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

Klasse Øvelse Plassering Navn Resultat Klubb

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

Resultatliste Telenorrennet

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

Info om Norway Cup 2015

Årsmelding for styret i Omvikdalen Idrettslag 2013

Info om Norway Cup 2015

Høgast poengsum på hjortefiguren hadde Robert Mehl med 49 av 50 mogelege poeng. Hålandshjorten 2017, Samanlagt:

Strategiplan

Årsmelding for styret i Omvikdalen Idrettslag 2012

Kvinnheradmeisterskap 2016

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅL IDRETTSLAG - langrennsgruppa Sesongen 2010/2011

Kvinnheradmeisterskap 2017 Langrenn

Fjellhaugen IL Ternen RESULTATLISTE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Årsmelding Skigruppa Osterøy Idrettslag

ROSENDAL TURNLAG ROTULA AKTIV IDRETT I 111 ÅR FEBRUAR 2012

Norheimsund Fotballklubb

Møteprotokoll for møte i

Årsmelding for O-gruppa 2015

Resultatliste 5. løp Abik Karusellen. Hvaltjern, Fet Løype 9,5 / 5,7 Lokal arrangør: Fet skiklubb

(Ny uendra utgave med nye sidetall, )

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

KAFFE-/TE-TRAKTING OG ORDEN PÅ PERSONALKJØKKENET

REPRESENTANTSKAPET PÅ VIKEDAL BYGDAHUS KLOKKA bygdahus.no

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Tveitedalen IL Ternen RESULTATLISTE

Årsmelding for sykkelgruppa i IL Harding 2013

«Ny Giv» med gjetarhund

Årsmelding Oversikt over medlemer som har betalt kontingent pr Medlemer samla

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: kl kl Stad: Klubbhuset på Omenås

Drifta i år har gitt ei omsetning på vel 91000,- og der av eit overskot på ca ,-. Viser elles til rekneskapen og gjennomgangen av den.

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

Kvinnheradkarusellen i terrengløp 2016

ÅRSMELDING. IL JOTUN Ski PÅ VEG MOT HUNDRE!

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Årsmelding for styret i Omvikdalen Idrettslag 2011

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Rekrutteringsplan FBK Voss

Dato 17/ Sted: Hvaltjern, Fet Arrangør: Fet skiklubb Løype: Kvinner: 5,7 km terr, Menn 9,5 km terr. K ,Signe Nordli,NOTEAM,27:14

HDBUL. Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag. Referat frå Årsmøte Saksliste:

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

ÅRSBERETNING FOR STOKKE IL SKIGRUPPE 2013

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

Å rsmelding 2014 Nordbygda og Rand skyttarlag

Årsmelding IL JOTUN FOTBALL

ÅRSMELDING. IL JOTUN Ski for perioden 1. januar 2015 til 31. desember 2015 PÅ VEG MOT HUNDRE!

(Ny uendra utgave med nye sidetall, )

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Årsmøte i Stokke idrettslag Ski 23. februar 2015 kl 19.30

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Administrasjon: Sidan årsmøtet 21 mai 2012, har styre og tillitsvalde vore (talet i parentes viser rest av valperiode):

ROTULA FEBRUAR 2010 MILJØMERKET 241 Trykksak 709

Ask Friidrett. Klubbrekordenes utvikling pr Flere forbedringer av en og samme person i samme året er ikke tatt med.

Årsmøte Valldal Idrettslag 4. mars 2015

Årsmelding 2012 Rubbetadnes Idrettslag

FRISTAFETTEN 2014 DEN SISTE STAFETTEN PÅ ESPELAND IDRETTSPLASS ONSDAG 2. APRIL 18:00

Herresåsen rundt 2016

Fellestenester - Informasjonsavdelinga Vår ref: 2015/ Dato:

Årsmøte 2012 Ænes og Mauranger Bygdalag

Årsmelding frå styret

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Presentasjon Møteplassen Arve Hatløy Dimna IL. Into

FairPlay-pris ca. 430 medlemmar. ca stk involvert styre - komitear nemnder trenarar -

S. og Fj. Skiskyttarkrins har gode resultat både nasjonalt og internasjonalt der utøverane viser gode resultat.

Årsmelding for sykkelgruppa i IL Harding 2014

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Suldalsrennet Offisiell resultatliste

Info om Norway Cup 2016

Premiering 25-skudd kl. ASP. 15m Pengepremier 15 skudd kl m Pengepremier 15 skudd kl. 2. Vindafjord skytterlag. Sandeidminiatyren 2011

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad

Leon - Resultatprogram

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

15m Pengepremier 15 skudd kl m Pengepremier 15 skudd kl m Pengepremier 15 skudd kl. 3. Vindafjord skytterlag. Vindafjordminiatyren 2011

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

I tillegg har vi sett på strukturen i RT. Vi arbeider med dette og vil legge fram forslag til nye lover og ein større organisasjonsplan på årsmøtet.

ÅRSMELDING. IL JOTUN Symjegruppa for perioden 1. januar 2016 til 31. desember 2016 PÅ VEG MOT HUNDRE!

ÅRSBERETNING FOR STOKKE IL SKIGRUPPE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Ullandhaug Opp 2. oktober 2014

ÅRSMELDING IL JOTUN Symjegruppa. for perioden 1. januar 2016 til 31. desember 2017 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Transkript:

ÅRSMELDING 2014 Bjarne Øymyr Aktiv idrett i meir enn 100 år 1901-2015

FRÅ STYRET Styret i hovudlaget til Rosendal Turnlag har i største parten av 2014 hatt denne samansetninga: Jostein Hatteberg leiar, Grete Solheim nestleiar, Mariann Risdal skrivar, Olav Måkestad styremedlem, Per Inge Olsen økonomiansvarleg, og Jan Jaap Boot vararepresentant. Grunna flytting og stort arbeidspress, valde Per Inge Olsen å trekkja seg frå styreoppgåva si på seinhausten. Han vart erstatta av Jan Jaap Boot, medan Anette Eikenes gjekk inn som vararepresentant. Styret valde samstundes å setja ned eit «økonomisk lag» for å ta seg av oppgåvene til avtroppande økonomisansvarleg. Laget eller gruppa, har vore slik samansett; Kirsten B. Hellingsrud, Gunnar Våge og Jostein Hatteberg. Det er brukt mykje tid og ressursar, frå mange personar i laget, på å få orden på rekneskap og økonomi. Rekneskapen er no samla i eitt rekneskap, med avdelingsrekneskap for kvar grein, og arbeidet med rekneskapsføringa er overført til Hordaland Idrettskrets. Dei har vore tolmodige og hjelpsame med ryddearbeidet. Fordelen med å flytte rekneskapsføringa over til Hordaland Idrettskrets er at rekneskapen no samsvarar fullt ut med gjeldande regelverk for idrettslag. Overgangen til ny rekneskapsførar og oppryddinga har kosta laget noko meir enn venta, men når ein no er ajour med rekneskapen vil kostnaden bli redusert for komande år. Omsetnaden i hovudlaget i 2014 er på kr. 1 848 000, medan resultatet viser eit underskot på kr. 96 000. Hovudårsaka til underskotet er nærare beskrive i årsmeldinga frå fotball, utover dette er rekneskapen omtrent som venta, dvs i samsvar med budsjett. Forskrift om medlemsregister tredde i kraft 1. januar 2014. Idrettsforbundet arrangerte kurs for å gå gjennom dei nye reglane og det viste seg naudsynt med ei endring i Rosendal Turnlag for å overhalda reglane. Styret har difor inngått avtale om bruk av nytt registreringssystem, og dette vert teke i bruk frå 1. januar 2015. Det nye systemet, Superinvite, inneber at ingen er medlemar i Rosendal Turnlag før dei har registrert seg og betalt kontingent via linken på laget sine heimesider. Dette samsvarar også med Rosendal Turnlag sine vedtekter som tilseier at ingen er medlem i laget før kontingent er betalt. Det har vore noko arbeid med å få systemet i gang, men det ser no ut til å fungere og medlemslistene vert henta ut derfrå. Dette systemet kan nyttast til påmelding og betaling av også andre arrangement, cupar, osv... For at prosessen trass nemnde problem har gått såpass smertefritt, vil vi retta ei spesiell takk til bilags/rekneskapskoordinator Kirsten B. Hellingsrud, Arvid Nes og Gunnar Våge frå fotball-gruppa, samt medlemsansvarleg Bodil B. Lernes. Styret har i 2014 hatt 11 styremøte, og to kombinert gruppe & styremøter. Laget har elles lagt vekt på kursing, og vi har gjennomført; «Klubbens styrearbeid i praksis», «Økonomikurs», «Sponsorarbeid» med meir.

Klubbens styrerarbeid i praksis er nyttig for eit kvart nytt styremedlem, og bør såleis gjennomførast kvart år etter årsmøtet. For å utvikla og sveisa klubben ytterlegare saman, slik at Rosendal Turnlag framstår som ein endå meir samla klubb, bør kursa «Klubbutvikling», og «Lov og organisasjon» koma på dagsorden i 2015. Sportsleg har det i 2014 vore stor aktivitet i Rosendal Turnlag på mange felt. Dette går fram av årsmeldingane til dei forskjellige gruppene. Mange er svært flinke, og spesielt fotball har eit høgt aktivitetsnivå. Enkelte andre grupper, har ikkje greidd å skapa like stor aktivitet og engasjement. Men, potensialet er absolutt til stades, for at desse gruppene også skal oppleva vekst. Gledeleg var det i så måte at Judo-gruppa starta opp igjen i haust i tidlegare Seglem skule. Interessa og oppsluttnaden har vore svært god, og kvar onsdag stiller det 2530 håpefulle ungdomar på trening her. I 2014 vart elles Rosendal Turnlag medlem i Rent Idrettslag, og på fotballen sin haustfest i Rosendal Samfunnshus, vart tidlegare hovudlagsleiar Willy Kalsås utnemnd som laget sin åttande æresmedlem, for lang og tru teneste. Så fortent, så fortent. Willy vart dermed medlem i ein eksklusiv klubb der, Gerhard Ness, Hilmar Mehl, Alfred Underhaug, Eiliv Eikeland, Asbjørn Soltveit, Kåre Eik og Arvid Nes, er medlemar frå før. Styret ynskjer å takka alle som i 2014 på frivillig basis har vore med å bidrege til den store aktiviteten i laget. De gjer ein heilt uvurderleg samfunns- og folkehelseinnsats. Tusen takk til alle saman! Ein ting som grunna andre oppgåver, diverre er blitt forsømt i 2014, er arbeidet med å greia ut kva type friidrettsanlegg, klubben skal satsa på. Denne viktige saka må difor handsamast dei næraste månadane før laget bestemmer kva type anlegg dei vel. Rosendal Turnlag driv elles med bærekraftige aktivitetar, aktivitetar som på ingen måte skadar eller ureinar miljøet. For styret Jostein Hatteberg leiar

TRIM & TURN GRUPPA Barnetrim 2014 starta bra for barnetrimmen med 2 grupper, 3-4 år og 5-6 år. Desse gruppene fekk trena anna kvar veka. Ungane var flinke til å stilla på trening og dei hadde stor framgang. Våren vart avslutta med ei turnoppvisning for foreldre, søsken og besteforeldre. Ungane fekk vist fram sine kunstar og innsatsen var over all forventning, nokon tok si første salto under oppvisninga. Turnoppvisninga vart avslutta med kaffi/saft og kaker, itilegg fekk alle trimmarane premie for god innsats. Hausten vart ein nedtur for barnetrimmen då ingen ville ta på seg å ha dei godt etablerte partia og desse borna fekk difor ikkje noko tilbod vidare. I staden vart det gitt eit tilbod til born 2-3 år, her var det dårleg oppmøte ca 3-4 born, tilbodet blir difor lagt ned. Helsing Anette Eikenes Born 3-4 år: Cecilie, Filip, Ellinor, Angelica, Ane, Unni, Tilde, Ingrid, Linneah, Madelen, Jenny Born 5-6 år: Emil, Frøya, Karoline, Maren, Emily, Elina, Mathilde, Marius, Henrik, Linnea, Nelly

Trim for vaksne Trimmen for vaksne har vert prega av eit år med mykje fint vær, talet på aktive har gått ned. Men dei som har vert med har gitt frå seg mykje positiv energi. På våren hadde turn/trim gruppa eit tilbod om Zumba og sirkeltrening. Siv Lorentzen (Zumba) bestemte seg for ein pause etter våren. Ein stor takk til ho for den innsatsen ho har lagt ned for å gi alle eit tilbod om Zumba trening gjennom 3 år. På hausten har da vert tilbod om sirkeltrening og ballspel. Ballspelet fekk dessverre ikkje så mange deltakara, men i desember tok da seg litt opp. Sirkeltrening Har bestått av to økter, - ballspel: variert ballspel både kjente og ukjente. Her har målet ver å setja kondisjonen på prøve. - sirkeltreninga: me har lagar variert program sånn at ein skal få trena alt frå armar, bein, rygg og mage. Dette programmet blir med jamne mellomrom endra på, slik at musklane skal få nye utfordringar og du skal få kjenna da på kroppen at du har vert på trening. Oppmøte har vert variabelt dette året. Dei som har stilt har vert trenings villige og hatt humøret på topp. Målet med sirkel treninga er at ein skal få trena ulike muskelgrupper i kroppen, få kjenna på pulsen og forbetra kondisjonen og ikkje minst ha det sosialt og kunna ha ei trenings økt saman med andre der også smilemusklane skal få trena seg litt. Me vil ynskja nye og gamle trimmara velkommen. Helsing Mari Ann Hellingsrud og Anette Eikenes Zumba våren 2014 Vi starta 2014 med eit utruleg kjekt treningsopplegg. Gode låtar over anlegget der damer i alder 14 til over 60 heiv seg med i eit intenst program med Zumba, styrke og kondisjon. Det kjekke med Zumba er at du ikkje kjenner at du blir sliten sjølv om du bruker heile kroppen. Zumba gjere deg glad samtidig som du får gode treningsøkter. Antalet med deltakarar varierte frå gong til gong, men det var alltid plass til fleire. Eg har no hatt Zumba åleine i 3 år i Rosendal og treng ein liten pause. Om eg får med meg ein instruktør så skal ein ikkje sjå bort frå at eg startar opp med Zumba igjen. Helsing Siv Lorentzen

JUDO Torstein Lund Eik Judogruppa starta trening i november 2014. Treninga var open for alle interesserte, men med ei nedre grense på 10 år. Det er Ali Heshmati og Trygve Torjusen som har hatt trenaransvar. Treningane har vore ein gong i veka, onsdag kl 18.30-20.00 i Kvinnherad Skyttarlaget sitt hus på Seglem. Det er andre leigetakare som nyttar gymsalen etter oss, slik at effektiv treningstid er avgrensa til overkant av ein time. Det har vore mellom 25 og 35 deltakarar på treningane, og planen er å halde fram med judotrening fram til gradering i april/mai 2015. Vi har hatt så mange brukte judodrakter at nesten alle har fått låne draktar til trening og vi arbeider med å få nok drakter til alle. Det har ikkje vore halde årsmøte eller val i judogruppa. Trygve Braathen Torjusen

SKIGRUPPA Sesongen 2014 vart ein dårleg snøvinter på våre kantar. Vi kom ikkje i gong med det første Karusellrennet før den 22 februar. I tillegg vart det berre avvikla 3. renn mot normalt 5. Treningane på rulleski kom i gong som normalt i byrjinga av november. Utover vinteren måtte vi til Seljestad fr å gå på ski, eller på gamle ski mellom tuene i Fjellhaugen. Denne gongen kjem vi ikkje utanom å nemna vår gode junior løpar Henrik Bauge som satsa ekstra denne sesongen, noko som førde til bronse i Kretsmeisterskapet. Han deltok også i Norges Cup renn rundt omkring i Noreg. 14 personar fullførde skikarusellen derav 8 klassesigrar. Totalt 19 personar starta for RT. Status for Kvh. meisterskapet vart 6 gull, 3 sølv og 2 bronse. Namn Astrid Øyre Maria Hatteberg Eirik Steinsvik Sigrid Øyre Alette S Mehl Kristian Steinsvik Kari Eide Tord Guddal Klasse Karus. J-10 4 J-10 G-10 1 J-12 1 J-12 1 G-12 2 J-14 2 G-13 1 Kvh.m. 3 6 1 2 4 2 2 1 Namn Klasse Karus. Sara Guddal J-15 1 Jonas A Mehl G-16 3 Henrik Bauge Y-Jr 1 Johannes Guddal E-Jr 1 Åsmund Mehl 51-55 1 Grete Solheim Trim 1 Håkon Leganger Trim 1 Kvh.m. 1 1 1 1 3 I tillegg til dei som er nemde ovanfor har desse vore med på trening eller renn, Haakon Skjelnes. Tord Hatteberg. David Hellesøy. Vilde Hjelmeland (alle 1 renn). Trening. Andreas Hellesøy, Betina Guddal og Marcus Guddal. Blide gutar; David Hellesøy, Kristian og Eirik Steinsvik er nettopp blitt Kvinnheradmeistrar. Kvinnheradmeisterskapet i stafett J G 9-12 år 9-12 år RT RT 4. pl. Vilde Hjelmeland, Maria Hatteberg og Alette S Mehl 1. pl. David Hellesøy, Kristian Steinsvik og Eirik Steinsvik

G 13-16 år RT Menn Senior RT 2. pl. Jonas A. Mehl, Kristian Steinsvik og Mathias Guddal 2.pl. Eivind Bjørnebøle, Henrik Bauge og Åsmund Mehl Stafetten hang i år i ein tynn tråd. Vi klarte likevel å skrapa saman nok snø til å få ei brukande løype i øvre del av anlegget. RT stilte med 4 lag, og tok heim 1 gull, 2 sølv, og ein 4 plass. Det er eit svakare resultat enn det som har vore dei seinare åra, men dei yngste gutane tok sin niande siger på rad og herrane tok sin fyrste sølvmedalje nokon sinne. Kretsmeisterskapet Ulvik IL stod som arrangør laurdag 1. februar. I klassisk deltok ein deltakar frå RT, Sara Guddal som vart nr 7. Søndag 2. februar var det fristil på Voss, med 4 deltakarar frå RT. Her vart Alette S Mehl nr. 11, Sara Guddal nr 9, Henrik Bauge nr 3 og Åsmund Mehl nr 11. Samlingar Geilo sommarskiskule. Henrik Bauge. Jentesamling Fanahytten: Sara Guddal og Kari Eide. Turrenn og Kretsrenn Kvammasprinten: Sara Guddal Vargarrennet : Sara Guddal nr. 6 Jularennet: Sara Guddal nr. 10 og Henrik Bauge nr. 10 Ørnarrennet: Stig Klette og Thor I. Hellesøy Holmenkollmarsjen: Stig Klette Birken, vart i 2014 avlyst. Desse fullførde i 2013 men vart utegløymt i årsmeldinga: Karen Thauland, Arve Lunestad, Stig Klette og Odd Keilen. Arrangerte renn Sundag 22. februar arrangerte vi det fyrste karusellrennet i klassisk med 54 løparar på tid og 28 i barnerennet. Onsdag 2. april var vi medarrangør til Kvinnherad Stafetten med 22 lag. Skimerke Kåre Haugse Åsmund Mehl Sara Guddal Maria Hatteberg Eirik Steinsvik Alette S. Mehl 42 22 7 1 2 4 Henrik Bauge Håkon Leganger Ole M. Mehl Tord Guddal Haakon Skjelnes Sigrid Øyre 8 37 12 5 1 3 Johannes Guddal Kari Eide Kristian Steinsvik Jonas A. Mehl Grete Solheim Astrid Øyre 10 5 4 8 7 1 Totalt 18 personar har teke merke i år. Talet på skigåarar har også i år minka litt. Positivt at nokon trenar mykje og går fort i sporet, til inspirasjon for andre. Samarbeidet med Omvidalen angåande trening har også denne sesongen fungert bra. Trenarar i 2014 har vore: Aslaug Hjelmeland, Svein Hjelmeland, Grete Solheim, Åsmund Mehl, Henrik Bauge, Sara Guddal, Ann T. Bauge og Jorun Eide. Takk til trenarar og alle foreldre som stiller opp og tar i eit tak. Åsmund Mehl Leiar Kåre Haugse Nestleiar

FRIIDRETTSGRUPPA Friidrett har ikkje hatt dei beste vilkåra dei siste åra, likevel er det ei lita gruppe som held seg aktive og er med i forskjellige konkurransar. Mellom anna deltok mange, både aktive og svært mange mosjonistar i motbakkeløpet Rosendal Nuten Opp den 10. august. I klassen jenter 16 år, fekk Sara Guddal ein flott 2 plass. I kvinneklassen greidde Solfrid Hellesøy Siqveland ein 5 plass. I gutar 12-14 år fekk David Hellesøy ein 2 plass, og i klassen 40-49 år tok pappa Thor Ivar Hellesøy ein 13 plass. I tillegg greidde Åsmund Mehl ein fin 8 plass i klassen 50-59 år. Henrik Bauge vann elles motbakkeløpet Varden Opp på Sandvoll for andre året på rad. Før Kvinnherad Meisterskapen starta ein i haust opp med fellestreningar for dei som var interesserte, og desse deltok på treningane: Mari Tveito, May Beate Brakstad, Eline Flatland, Martaha Hjelmeland, Lene Furdal, Maud Skei Mo, Rose Hisdal Kjerstad, Noah Hjelmeland, Karianne Fagerli Moen, Alette S. Mehl, Marte Bøyum, Annika Guddal, Astrid Øyre, Ingrid Boot og Håvard Holmedal Roksvåg. Frå venstre; Ida Bruvik, IL Trio, og RT-utøvarane Sara Guddal, Jonas A. Mehl og Jarand Naterstad er klare og ventar på 100 m start. I Kvinnherad Meisterskapet på Husnes Stadion lørdag 9. oktober, deltok berre fem utøvarar frå laget vårt. Sjølv om stemnet vart prega av mykje motvind, så gjorde utøvarane Kari Eide, Alette S. Mehl, Sara Guddal, Jarand Naterstad og Jonas A. Mehl det likevel skarpt. I øvingane lengde, 60 meter, kule og 600 meter, henta dei heile 12 gull og 1 sølv til bygdars. I Rosendal Turnlag sitt eige arrangement, Kvinnherad-løpet den 5. oktober, vart Sara Guddal nr 3 i dameklassen. Helene Skåla nr 5 og Linn Anja Vikøren vart nr 6. I herreklassen vart Henrik Bauge nr 5, Åsmund Mehl nr 15, Nikolai Ulvesæter nr 17, Eugen Leganger nr nr 21, Jonas A. Mehl nr 24, Audun Fossberg nr 25, Simon Bewer nr 30 og Alexander Fredheim nr 34. Så sjølv om aktiviteten i Friidretts-gruppa har vore heller laber, så er det likevel ikkje heilt dødt. I så måte bør det vera eit godt utgangspunkt til å blåsa nytt liv i gruppa i 2015. Annbjørg Fossberg Leiar Åsmund Mehl

TURGRUPPA Leiar Morten Nygård Nestleiar Laila Hovland Skrivar Kåre Eik Fjelltrimansvarleg Lars Røysland Styremedlem Tone Høyland Veker og månader med nydeleg vêr, er sjølvsagt turfolket sin største draum! Og i 2014 hadde vi både ein draumesommar og ein draumehaust. Slikt viser også att i vardebøkene våre, og vi kan gle oss over fleire rekordar. Og jammen vart det ikkje fint vêr under Kvinnheradløpet også! Utanom våre vanlege aktivitetar, har turgruppa vore involvert i fleire skiltprosjekt. To er fullførte; til Sjethaug og til Guddal. To andre og meir omfattande er under førebuing, og vil vonleg visa att om ikkje så lenge. I tillegg har vi byrja å sjå på korleis den rasfarlege traseen gjennom Skarsklyp, på veg til Melderskin, betre kan sikrast. Det 33. KVINNHERADLØPET Den nye løypa på 5,8 km vart veldig godt motteken. Samla 919 deltakarar er det meste etter at skulane kom med i 2001, og det nest meste sidan starten i 1982. Løypa er no tilgjengeleg for alle, også for barnevogn og rullestol. Det er også gledeleg at talet på deltakarar i tidklassen ser ut for å ha stabilisert seg på eit greitt nivå, men vi har plass til så uendeleg mange fleire! I skuleløpet var det denne gongen med elevar frå Malmanger folkeskule og Rosendal U-skule. År om anna har det også kome deltakarar frå Hatlestrand, Omvikdalen og Uskedalen. Vi får vona at positive erfaringar med den nye løpa vil gjera sitt til at fleire skular vil delta. Trettitre Kvinnheradløp har til saman styrka lagskassen med 147.000 kroner. Deltakarstatistikk i dette årtusen: År 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 KVINNHERADLØPET Med tidtaking Utan tidtaking Skulane 31 30 33 32 38 34 29 29 30 27 31 24 53 49 493 612 548 497 564 557 655 462 493 435 551 551 516 632 141 136 123 133 217 123 190 189 191 217 223 225 268 238 Samla deltakartal 665 778 704 662 819 714 874 680 714 679 805 800 837 919

Det 36. FJELLTRIMÅRET Statistikken talar for seg. Det er rekordtal for både Malmangernuten, Nordlifjell, Melderskin og samla for alle toppar. Det har vore ei fin utvikling sidan starten i 1979. Det er mellom anna lett å lata seg imponera av totalauken frå 631 til 8294. I år er det også ein fin auke i talet på dei som har fullført alle toppane, av desse er 22 nye. Tidsbruk for fem toppar er omlag 25 timar, sjå http://tursti.kvinnherad.no/ Gratulerer! Det gøymer seg mykje god helse i desse tala, både innvendig og utvendig. RT-turgruppa er ein solid sponsor for NAV Registrering i vardebøkene: År Skaalafjell 501 m 1979 1980 1981 1982 1983 1984 1985 1986 1987 1988 1989 1990 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 130 406 365 240 306 345 314 235 331 385 330 322 517 685 734 647 747 1069 1164 1852 2257 2637 3738 3135 4823 4335 3993 4212 3559 3603 4012 3347 2934 3319 4106 4074 5 FJELLSTRIMMEN Skeisfjell Malmangernu Nordlifjell 1037 m t 972 m 890 m 106 139 95 155 248 182 136 353 132 98 169 107 55 142 106 104 192 132 82 158 124 112 198 130 108 243 131 113 265 137 137 285 154 146 362 186 151 423 196 152 436 186 157 412 204 111 552 170 123 451 180 179 467 220 187 535 188 188 602 224 194 591 237 195 617 230 195 504 274 224 709 302 265 722 293 217 812 296 162 825 262 241 1005 292 143 780 252 222 1257 277 177 1214 301 204 1643 295 145 1219 293 186 1460 277 197 1661 327 245 1831 392 Melderski n 1426 m 161 235 126 166 112 177 131 181 205 208 255 398 287 479 328 423 425 480 431 487 487 493 567 737 841 764 905 1088 631 1029 701 1066 802 864 1489 1752 Samla alle toppar Fullført 5 toppar 631 1226 1112 780 721 950 809 856 1018 1108 1161 1414 1578 1938 1835 1903 1926 2415 2505 3353 3766 4172 5278 5107 6944 6424 6147 6838 5365 6388 6405 6555 5393 6106 7780 8294 49 92 58 51 38 65 57 67 71 69 75 92 92 59 86 60 56 94 83 86 104 100 120 127 129 130 114 112 84 114 102 110 89 82 97 113

Deltakarar Fjelltrim 2014 Alfarnes Britt Karen V. (4) Alfarnes Camilla (2) Alfarnes Espen Mikal (4) Alfarnes Frode (4) Alfarnes Renate (4) Alvheim Knut Richard (3) Alvheim Linda Raa (4) Bjørke Hilde Mæland (6) Bryn Yngve (11) Bøhn Erling (36) Eckhardt Tom (1) Eide Anne Lise (1) Eik Anne Elin M. (1) Eik Knut (7) Eik Kåre (36) Eikenes Anette (7) Enes Monica (8) Enes Wenche G (17) Flatland Anna Lena (5) Flatland Eline Vestvik (3) Flatland Gunn Marit Vestvik (1) Flatland Lars Arve (3) Fosse Torgeir (13) Friheim Marit (18) Friheim Oddbjørn (11) Furdal Anne Mari Omvik (3) Furnes Magnus Hovland (15) Gangdal Ingrid Helene (19) Haugse Kåre (36) Havnerås Arne (12) Hellesøy Oddvar (30) Hellingsrud Kirsten Bjørke (21) Hellingsrud Mari Ann (11) Helvik Knut Johannes (24) Hovland Laila (15) Hus Astrid (24) Hus Magne (36) Hus Torstein (35) Høyland Bente (15) Høyland Helene H (13) Høyland Tone (12) Instanes Geir (11) Jemtland August Guddal (2) Jemtland Hanna Ingeb. Guddal (2) Juurmann Tiina (1) Koch Benjamin (1) Korsvoll Ellen (6) Kråkenes Alette Hus (9) Kråkenes Lars Mikkjel Hus (10) Kråkenes Roar (27) Kvandal Liv (14) Langesæter Marita (34) Langesæter Sofie (2) Leganger Eugen (21) Leganger Håkon (35) Leganger Morten (24) Leganger Nina Klette (6) Lunde Liv Vevik (9) Løyning Helge (15) Mehl Alette Stuland (6) Mehl Cathrin Vano (8) Mehl Elisabeth Stuland (17) Mehl Gunvor Fløystad (1) Mehl Jonas Are (11) Mehl Jostein (26) Mehl Kolbjørn (2) Mehl Maria Fløystad (2) Mehl Ole Martin (15) Mehl Svein Jarle (14) Mehl Åsmund (26) Meling Ingunn (1) Nes Geir (28) Nes Kari (21) Nes Kenneth (30) Nes Reidun (17) Nes Sølvi (25) Nygård Morten (36) Olsen Line Bjørn (1) Omvik Egil (17) Pal Sangeeta (1) Sandvik Gunnar (3) Sandvik Mette Cecilie (12) Seberg Jon (15) Skeie Sigmund (17) Skaala Kirsten (36) Skaale Malena Sirisiy (1) Skåle Per T (21) Skåle Torunn Vestbø (14) Skaaluren Jan Martin (34) Skaaluren Tørris T (17) Storhaug Johan (5) Straume Elisabeth (3) Stuland Synneva (1) Sundal Anne Grete (4) Tombre Inger Johanne (12) Tombre Lars (12) Ulvesæter Nikolai Sandvik (2) Vetlækre Lena Landa (3) Vetlækre Marie (29) Vetlækre Vidar (1) Vetlækre Wenche (1) Vik Atle (14) Vik Solveig (10) Vike Gjertrud (13) Vågen Berit Skjelnes (1) Vågen Helene Skjelnes (1) Vågen Malin Skjelnes (1) Vågen Ottar-Villy (1) Vågen Silje Skjelnes (1) Øyarhamn Vita (5) Øyre Astrid (1) Øyre Bodil (1) Øyre Sigrid (1) Gratulerer med innsatsen, alle fjelltrimmarar Velkomne att i 2015!

ROSENDAL TRIM Rosendal Trim hadde per 01.01.15 115 betalande medlemmar (mot 93 01.01.14) og fortsett såleis medlemsveksten frå dei førre åra. I tillegg er det framleis avtale med Huset på Bjørke, fysioterapeut Sveinung Eskeland og Frisklivssentralen. Rosendalstunet har fått avtale om bruk for dei tilsette og Rosendal Fjordhotell har avtale om bruk for sine gjester. Alle desse kjem på toppen av dei registrerte betalande. Bruken av Rosendal Trim er difor stor og famnar breitt. I løpet av året har det vore ei større oppgradering av garderobane i trimsenteret. Takk til nytt styre i samfunnshuset og Jan Ove Johansen i Johansen Røyr for oppfølging og bidrag til dette. I tillegg har Rosendal Trim overteke det gamle lagerlokalet til skyttarlaget og turngruppa og dermed fått utvida lokalet sitt. Det er no mykje betre lagt til rette for trening med kroppen som motstand, med bruk av strikkar, medisinballar, balansebrett og liknande enn tidlegare då dette måtte gjerast innimellom andre apparat. Alt som har vore praktisk mogeleg er gjort på dugnad. Huset på Bjørke som over tid har stått for reinhald ved trimsenteret såg i løpet av året at dei ikkje lenger kunne ta på seg denne oppgåva. Rosendal Trim har etter dette vore heldig og kommet i kontakt med Abdu Beshir Omer som nyleg er flytta til Rosendal og i dag gjer ein framifrå jobb med å halde trimsenteret reint og fint. I løpet av året har Eskil Grøtte og Raymond Olsen takka for seg som frivillige. Takk til dei begge for sin innsats for Rosendal Trim. Olav Måkestad og Kåre Hass er nye frivillige og går inn saman med Geir Ove Fosse, Arne Sunde, Kjersti Holmedal, Nikolai Ulvesæter, Wenche Enes, Trond Eik og Tommy Grøtte som dei som vil legge til rette for trening ved Rosendal Trim også i 2015. For Rosendal Trim Geir Ove Fosse (leiar) Utviding med mjuke golv og småutstyr

FOTBALLGRUPPA RT Fotballstyret Leiar: Jan Jaap Boot Styremedlemer: Arvid Nes, Johan Feet, Maylin Kristiansen, Marianne Bøyum, Gunnar Våge, og ungdomsrepresentantane Johannes Guddal, Mari Klette Leganger.

Fotball

Fotball

Fotball

Fotball A-laget herrar:

Fotball A-laget damer

A-laget damer

Fotball G 19

Fotball Gutar 16 år

Fotball Gutar 14 år

Kjell Erik

Fotball G01

Fotball Gutar 12 år

Fotball Gutar 11 år

Fotball Gutar 10 år G 05-06

Fotball Gutar 6 og 7 år

Fotball Jenter 15 og 16 år Jenter 13 og 14 år

Fotball Jenter 11 og 12 år

Fotball J 2004

Fotball Jenter 8 og 9 år

Fotball Jenter 6 og 7 år

Stor takk til våre hovudsponsorar: Takk òg til våre andre samarbeidspartnarar! Rosendal Turnlag er medlem av Rent Idrettslag. Idrettslaget legg vekt på haldningsskapande arbeid, utan rus og doping. Vi ynskjer å vera ein tydleg verdiformidlar for Rent Idrettslag, og vi ynskjer å skapa eit trygt oppvekstmiljø for born og ungdom. Du er hjartleg velkomen som medlem hos oss! For info sjå; www.rosendal-turnlag.no