FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak: Løpenummer: Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 05.03.2015 Tid: 16:00-1800 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart gjort tilgjengeleg elektronisk for medlemene og varamedlemene 27.02.2015. Møtet vart kunngjort i ei avis og på heimesida. Desse medlemene møtte: Anne Martinsen, Krf Gustav Folkestad, V Hans Ekeberg, Ap Haldor Tuft, Sp Marianne Borge, Sp Roger Hoel, Frp Aud May Boge, H Steinar Berland, H Andre som var tilstades på møtet: Sakshandsamar Torgeir Berge Einingsleiar Terje Raunsgard Merknader til innkalling og sakliste: Leiar for utvalet Anne Martinsen (KrF) stilte spørsmål til administrasjon om kvifor saka kom opp som ekstramøte. Einingsleiar Terje Raunsgard gjorde greie for korleis saka hadde utvikla seg med fleire uheldige utsetjingar. Administrasjonen har vurdert samfunnsinteressa for ny butikk i Strandvik som så stor at ein valde å be om ekstramøte. Utvalsleiar Anne Martinsen (KrF) spurde om det var kome inn uttale frå Biskopen. Einingsleiar Terje Raunsgard sa at saka var sendt over til Biskopen med spørsmål om uttale, men at den ikkje var komen. Det vart samstundes delt ut skriv som viste at pkt 4.3. i Rundskriv T-3/00 seier at det er fellesråda som skal rapportera inn til Biskopen. Leiar stilte spørsmål til utvalet om dei ville realitetshandsama saka. Det vart gjennomført prøverøysting etter noko ordveksling: 8 medlemer røysta for at saka skal realitetshandsamast: Aud May Boge (H), Haldor Tuft (SP), Steinar Berland (H), Marianne Borge (SV), Roger Hoel (FrP), Gustav Folkestad (V) Anne Martinsen (KrF), Stina Kvåle Bergesen (Krf) 1 røyst mot: Hans Ekeberg (AP)
Endeleg røysting: Utvalet stemte samrøystes for realitetshandsaming. Saka vart dermed tatt opp til realitetshandsaming. Anne Martinsen leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 9. mars 2015 Anne Martinsen Leiar Jan Egil Leirstein Ansvarleg sekretær
Saksliste Sak nr. Sakstittel 014/15 GBNR 85/2, ÅKRE - DISPENSASJON FRÅ PLANGRUNNLAG - BUTIKKBYGG I STRANDVIK SENTRUM
014/15: GBNR 85/2, ÅKRE - DISPENSASJON FRÅ PLANGRUNNLAG - BUTIKKBYGG I STRANDVIK SENTRUM RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Fusa kommune gjev løyve til riving, rammeløyve og dispensasjon frå plangrunnlag og dispensasjon frå reguleringsplan for naustrekkja i Strandvik, for oppføring av forretningsbygg og frådeling av 3611m 2, på gbnr. 85/2, Åkre, på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgje gjeldande lover og føresegner der ikkje er søkt dispensasjon for. 2. Rivingløyve vert gjeve, avfallsplan må leggjest fram før riving startar. 3. Rammeløyve vert gjeve på framvist grunnlag, materialval må føreliggja ved oppstartsløyve av nybygg. 4. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og avsluttast. Vedtaket er heimla i Plan og bygningslova 19-2, 20-1. Og i jordlova 9, 12 05.03.2015 UTVAL FOR PLAN OG MILJØ Handsaming: Gustav Folkestad (V) reiste fylgjande framlegg til vedtak: Ny tekst i pkt 3: "Rammeløyve vert gitt på framvist grunnlag, materialval må føreliggja ved oppstartsløyve av nybygg" går ut og vert erstatta med: "Ved søknad om igongsetjing skal bygget si detaljutforming og materialval godkjennast av Utval for plan og miljø." Elles som framlegg frå rådmannen. Dette framlegget fekk 4 røyster: Hans Ekeberg (AP), Gustav Folkestad (V), Anne Martinsen (KrF), Stina Kvåle Bergesen (Krf) Rådmannen sitt framlegg fekk 5 røyster: Aud May Boge (H), Haldor Tuft (SP), Steinar Berland (H), Marianne Borge (SV), Roger Hoel (FrP) UPM-014/15 VEDTAK: Fusa kommune gjev løyve til riving, rammeløyve og dispensasjon frå plangrunnlag og dispensasjon frå reguleringsplan for naustrekkja i Strandvik, for oppføring av forretningsbygg og frådeling av 3611m 2, på gbnr. 85/2, Åkre, på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgje gjeldande lover og føresegner der ikkje er søkt dispensasjon for. 2. Rivingløyve vert gjeve, avfallsplan må leggjest fram før riving startar. 3. Rammeløyve vert gjeve på framvist grunnlag, materialval må føreliggja ved oppstartsløyve av nybygg. 4. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og avsluttast. Vedtaket er heimla i Plan og bygningslova 19-2, 20-1. Og i jordlova 9, 12
.