INDRE MASFJORDEN BARNEHAGE 2013-2014

Like dokumenter
10/60-14/N-211//AMS

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

I dette heftet har vi samla ein del opplysningar som har til hensikt å:

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Årsplan for SFO. Sandnes skule. Skuleåret

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Sandeid skule SFO Årsplan

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Informasjonshefte Tuv barnehage

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Barnehagebruksplan

Bjørnehiet SFO - informasjon

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Bli kjent med Orre Barnehage

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Plan for Liabygda SFO

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

SJUKE BARN I BARNEHAGEN

PRAKTISK INFORMASJON NORDBYGDA BARNEHAGE

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDT - TELEMARK KOMMUNE

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

Plan for overgangar. for barn og unge

Til deg som bur i fosterheim år

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Informasjon til foreldre

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SANDE KOMMUNE

Vedtekter kommunale barnehagar

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Transkript:

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR INDRE MASFJORDEN BARNEHAGE 2013-2014 I dette heftet har vi samla ein del opplysningar som har til hensikt å: Gje dykk nødvendig informasjon om barnehagen sin praktiske kvardag Gjera det daglege samarbeidet lettare Klargjera ansvarsforhold Gje dykk grunnlag for å utvikla dei rutinane vi har, angåande praktiske ting, saman med oss Vedlegg: Rettleiing barn og sjukdom Retningslinjer for medisinering Handlingsplan ved sorg og krise Vedtekter for kommunale barnehagar i Masfjorden kommune Skule-og barnehageruta 2011-2012 Barnehageplan for Masfjord-barnehagane 2010-2013 Om Indre Masfjorden barnehage Indre Masfjorden barnehage er ein kommunal 2-avdelings barnehage. Barnehagen gjev eit 5-dagars tilbod til barn i alderen 0-6 år.

Grunna lågt barnetal i år, vert vi kun ei avdeling dette året. Vi seier at vi går i Indre Masfjorden barnehage. Dei som jobbar i barnehagen er: Maja Aven Dahle styrar, 50 % administrativ og 50 % i avdeling Hildegunn Jåstad fungerande pedagogisk leiar Anne Marit B Oppedal førskulelærar i avdeling Marita Vågset assistent Torill V Kristoffersen assistent Venke Asheim assistent Liv Duesund assistent Opningstid Barnehagen opnar kl. 07.15 og stengjer kl. 16.30 Tilvenning i barnehagen Å byrja i barnehagen for fyrste gang, eller å skifte barnehage, kan innebere mykje nytt for barnet ditt. Vi ynskjer at barnet ditt skal få ein god og roleg start på barnehagetida si og kjenne seg trygg i barnehagen. Fyrste dagen vert barnet teken i mot av den vaksne som skal vera barnet sin kontaktperson. Denne har eit spesielt ansvar for å ta imot og vera saman med barnet ditt den fyrste tida i barnehagen, og vil vere den du kan vende deg til dersom det er noko du lurer på eller ynskjer å diskutere. Kor lenge barnet skal vera her dei første dagane, og kor lenge det har behov for å ha ein av foreldra med, er individuelt for kvart einskild barn. Dette tek vi omsyn til og vi avtalar tilvenningsperioden med foreldra etterkvart. I løpet av dei første vekene får foreldra tilbod om ein samtale med kontaktpersonen, der dei kan gje viktig informasjon om barnet, og komme med sine synspunkt på kva dei primært ynskjer for sitt barn i barnehagen. Når kjem vi i barnehagen? Dei fleste turar, fellesaktivitetar og grupper startar kl. 09.30. Kjem de seinare dagar innimellom, er det fint om de gir oss beskjed slik at vi kan ta imot dykk på ein god måte, og innlemma barnet i den aktiviteten som skjer. Når barnet kjem om morgonen er det viktig for oss at det vert tatt imot av ein vaksen. Dersom det ikkje er ein vaksen i garderoben, fylgjer de barnet inn til ein vaksen. Sei Ha det, no går eg til barnet før du går. Når vi skal heim?

Rett etter at eit barn byrjar i barnehagen er det viktig for barnet å vita når det skal heim, dette for å få oversyn over dagen. Tidsbegrep er vanskeleg for barn, men med ein beskjed frå dykk, gjer det lettare for oss å knytta tida til daglege gjeremål i barnehagen. Er det andre enn dei som til vanleg skal henta barnet i barnehagen, er det viktig for oss å få vita dette på førehand. Vi kjem ikkje til å senda barnet heim med personar som for oss er ukjende, utan å kontakta dei føresette. Vi ber om at de viser omsyn til personalet si arbeidstid. Dersom vi opplever at barn stadig vert henta for seint, tek styrar dette opp med dei det gjeld. Porten Det er viktig for tryggleiken til barna at dei som kjem inn i barnehagen passer på å late att porten etter seg. Dette gjeld både når ein går inn og ut av barnehagen. Barn som nyttar buss til og frå barnehagen Dersom foreldra ynskjer at barnet skal nytta buss til og frå barnehagen, må dette avtalast spesielt med barnehagen. Dette fordi personalet ikkje har ansvar for barn som kjem med bussen utan at det er avtalt på førehand. Korleis har vi det i garderoben? Alle barna har sin plass og si hylle/korg i garderoben med sitt navn/bilde på. Navnet sitt finn dei i yttergangen, på badet på Bamsebu og på skuffene inne på avdelinga. Klede i barnehagen. Det er viktig for barna at dei har klede som er tilpassa årstid og vær. I garderoben/badet på Bamsebu er det ei korg med barnet sitt navn der de kan legga byteklede. Det er viktig at de foreldre kontrollerer innhaldet i denne korga jamnleg. Når det gjeld kle til utebruk har vi følgjande råd: 3 lag prinsippet: Førstelag

o Dette laget skal holde kroppen tørr og varm. Her bør du velga ullundertøy på kalde dagar og superundertøy på varmare dagar. Unngå bomull som fører til at barnet vert vått og kaldt. Mellomlag o Fleece eller ull er det beste alternativet som mellomlag. Desse materiala har god evne til å regulere temperaturen med sin kombinasjon av varm ande og fukt-transporterande eigenskapar. Ytterlag o Det ytterste laget skal beskytte mot vær og vind. Her bør du velga ein vanntett eller vindtett jakke og bukse, parkdress. Regntøy til våte dagar. Vi ber også om at de merkar kleda til barnet med rett navn. Kalde dagar Når det er temperaturer under 10 vurderer personalet, i samarbeid med foreldra, frå dag til dag, kor mykje vi er ute. Når det gjeld barn som har kroniske helsetilstandar som gjer at dei ikkje bør/skal vera ute, avtalar foreldra spesielt med barnehagen korleis dette skal løysast. Barn som brukar bleier Foreldra tek med bleier til sitt barn. Barnehagen har zink-salve. Dersom barnet ditt brukar anna stellesalve enn dette, kan du ta den med. Måltid Dei som vil eta frukost i barnehagen gjer det mellom kl. 08.00-09.00. Vi har føremiddagsmat/smørjemåltid som vi et mellom kl. 11.00 og 12.00. Barna får frukt etter måltidet. NB! Når det gjeld fisk, serverer vi ikkje fisk til barn som er under ett år, eller barn som ikkje har smakt fisk før. Dette pga mulige allergiske reaksjonar. Mellom kl 14.30 og kl 15 har vi ettermiddagsmat, det vil seie ei skive og litt frukt til kvart barn. Etter anbefalingar frå Helsedirektoratet (Bra mat i barnehagen råd, tips og oppskrifter, 2008) er dette maten vi serverer i barnehagen; Drikke: Lettmjølk - Rismjølk - Vatn

Pålegg: Det vil variera frå dag til dag kva påleggssortar barna kan velga imellom. Anbefalingane frå Helsedirektoratet er at barna dagleg bør ha 3-5 påleggssortar å velga imellom. Vi har som mål å tilby minst 5 val for barna. Dette er dei påleggssortane vi kjøper inn i barnehagen; Leverpostei- Fårepølse - Skinke - Baconost - Skinkeost Brunost - Kvitost - Rødbeter - Sylteagurk - Kaviar - Makrell i tomat - Fiskepudding - Egg - Agurk - Paprika Soving Dei som treng å sova i barnehagen får eiga seng eller dei søv i vogna si. Vi har dyne og pute, de må sjølv ta med sengekle. Vi vaskar sengekleda i barnehagen. Sjukdom Barn som er sjuke skal vera heime av omsyn til barnet sjølv og dei andre barna. Barn som ikkje kan vera ute pga. sjukdom, skal vera heime. Når det gjeld barn som har kroniske helsetilstandar som gjer at dei ikkje bør/skal vera ute, avtalar foreldra spesielt med barnehagen korleis dette skal løysast. Dersom barnet treng medisin i barnehagen, kan de spørja personalet om dei kan gje barnet dette. MEN barnehagen er IKKJE ansvarleg dersom det vert gløymt. (Sjå vedlegg om barn og sjukdom) Fridagar Skal barnet ha fri ein dag, er sjuk, kjem litt seinare osv., ynskjer vi å få melding om dette. Fint om de gir beskjed før kl. 09.30. Telefonnummer til barnehagen er: 56 166130 Planleggingsdagar Vi har 5 planleggingsdagar pr. barnehageår. Desse dagane er barnehagen stengt. For 2011-2012 vert det fylgjande dagar:

År 2013 15.august 16.august 8.november År 2014 7. februar 23. juni Månadsplan Kvar månad sender vi ut ein plan med oversyn over ulike aktivitetar i barnehagen for dei neste 14 dagane. På planen vil vi skrive ei evaluering av den månaden vi har bak oss, og eventuelt satsingsområda vi jobbar med i barnehagen t.d. samlingsstund, språkstimulering, uteliv. Det vil av og til verta endringar i høve til det som står på planen. Boka mi Gjennom barnehagetida vert det samla mellom anna bilete og kunstneriske uttrykk i barnet sin perm. Dette er ein del av dokumentasjonsarbeidet til barnehagen. Barna får Boka mi når dei sluttar i barnehagen. Bruk av bilete frå barnehage-kvardagen Barnehagane brukar Datatilsynet sitt veiledningshefte I beste meining som utgangspunkt når vi vel ut bilete til bruk som dokumentasjon, både internt og eksternt. Barneombodet sine råd : Still deg fylgjande spørsmål før du publiserer bileta anten det er privat, i barnehagen eller på skulen; Kva skal bilete fortelje? Kva er meininga med det? Fortel bilete noko vi ynskjer andre skal vite, eller andre treng å vite? Er dette eit hyggjeleg bilete som vedkomande vil like å sjå att om 10 år? Ville eg ha lagt ut bilete av ein vaksen i same situasjon? Ville eg ha publisert bilete dersom det var mitt eige barn som var avbilda? Er dette ein god presentasjon av skulen/barnehagen framstår vi slik vi ynskjer? Kartleggingsmateriale

For best mogeleg å fylgja opp barna og deira utvikling, nyttar barnehagen kartleggingsmateriell. Dette kartleggingsmateriellet vil de som foreldre få presentert på foreldresamtalen etter at barnet har starta i barnehagen. Vi nyttar eit materiell som heiter Alle med på alle barna i barnehagen. Dette skriv foreldra under på. Dersom personalet er i tvil i forhold til enkelte utviklingsområde, nyttar vi eit kartleggingsmateriell som heiter TRAS på språk, og eit materiell som heiter MIO på matematikk og omgrep. Når det gjeld skrivedansen som vi gjennomfører med dei eldste barna, har vi eit eige kartleggingsmateriell som er utvikla av kommunefysioterapeut Charlotte Nielsen og helsesøster Marta Midtbø. Vi kartlegg før vi startar opplegget om hausten, og når vi er ferdige med alle tema om våren Leikar med heimanfrå Dersom barn har med private leikar, har ikkje barnehagen ansvar for desse. Barna må sjølv passa på leikane. Barna må få låna leikar hjå kvarandre. Dersom det vert større konflikter, set vi leiken i hylla til barnet skal heim. Barnet tek ikkje med seg større leikar eller meir leikar (til innebruk) enn det er plass til i sekken sin. Det er fint om de merkar leikane med navn. Bursdagsfeiring Denne dagen står jubilanten i sentrum. Vi har felles bursdagssamling på heile huset der barnet får konge- eller dronningkappe og krone. Vi syng for barnet, skyt opp bursdagsrakettar og barnet får velja seg ein skatt frå skattekista. Vi heiser flagg og lagar noko ekstra til lunsj som barnet har valt sjølv. Eldre syskjen av bursdagsbarnet vert invitert til feiringa i barnehagen. NB! Vi vil at invitasjonar til bursdagarfest heime vert formidla privat og ikkje i barnehagen, då dette kan opplevast vondt for dei borna som ikkje vert invitert. Turpengar Barnehagen har ein konto for turpengar der foreldre/føresette betalar inn ein fast sum kvart år. Desse pengane går til turar der vi må nytte bil/buss. Alle barna betaler kr. 200,- pr. år (vedtak i foreldrerådet hausten 2009) Foreldrerådet vedtok 09.09.1997 at dersom det er barn som ikkje vert med på tur grunna sjukdom, fri eller lignande, så får dei ikkje tilbakebetalt turpengane. Turpengane vert trekt på foreldrebetalinga i januar månad, eller når dei startar i barnehagen.

Arrangement i barnehagen Ved festar og andre arrangement i barnehagen der foreldra er tilstades, er barna primært foreldra sitt ansvar. Personalet må likevel kunne setja dei grenser og reglar som ellers gjeld ovanfor barna i barnehagen. Foreldra bør også prøva å setja seg inn i desse reglane: Roping og springing inne ynskjer vi ikkje Rydda opp leikane etter seg når ein er ferdig med å leika. Ved arrangement tek personalet seg ekstra av dei barna der foreldra ikkje har høve til å møta. Dette gjeld ikkje ved arrangement som går ut over arbeidstida til personalet. Videofilming eller bilder som ein tek ved arrangement i barnehagens regi. Alle som tek video, eller bilder av barna, eller tilsette, i samband med arrangement, må ha munnleg tillatelse av barna sine foreldre/føresette, eller av den tilsette. Samlingsstund med Gunvor Fyllingsnes Ein gong i månaden kjem kyrkjelydssekretær Gunvor Fyllingsnes og har samlingsstund med barna i barnehagen. Samlingstunda inneheld enkle songar og enkle forteljingar frå Bibelen. Desse samlingane er frivillige. Dersom de ikkje ynskjer at barnet dykkar skal delta, tek de kontakt med personalet på den avdelinga barnet går, og barnet får eit alternativt tilbod. Barnehagen sine tradisjonar Barnehagen har desse tradisjonane i høve til festar og feiringar: Lucia-feiring og julefrukost 13. desember (dersom denne fell på ein barnehagedag) for barn, foreldre og personalet Påskefrukost for barn, foreldre og personalet. Nissemarsj før jul for barna og personalet. Med graut, saft og vi set ut graut til nissen! Solidaritetsaksjon annakvart år - haust 2013- i samarbeid med skulen Fest i februar/mars. Dette barnehageåret vert det karneval.

Alternativt trollfest eller solfest Avslutningsfest om sommaren der foreldra til 6- åringane arrangerer festen i samarbeid med personalet. Feriekartlegging For å få eit oversyn over kor mange barn som kjem i skulen sine feriar, heng vi kartleggingar på avdelingane. Vi kartlegg haustferien (veke 41), juleferien (veke 51 og 52), vinterferien (veke 9), påskeferien (veke 16), fredag 30.mai (etter Kristi Himmelfart) og sommarferien vekene (26-33). Sommarferien vert kartlagt med frist i midten av april. Denne kartlegginga er skriftleg og bindande. Barna skal ha 3 veker samanhengande ferie iløpet av barnehageåret (sjå vedtektene 9), og barnehagen kan verte sommarstengd inntil tre veker. Barnehagen samarbeider med SFO om kva veker som vert sommarstengt (sjå vedtektene 9). Ein reknar dei 5 planleggingsdagane som den 4. ferieveka. Informasjon Informasjon frå barnehagen heng enten på oppslagstavla/døra, eller vert lagt i hyllene til barna. Informasjon frå styrar kan ein velje å få tilsendt på e-post. Foreldresamtalar Vi legg opp til 2 planlagde foreldresamtalar i året - ein om hausten og ein om våren. Er det behov for foreldresamtalar utover dette, tek vi det etterkvart. Ta kontakt med pedagogisk leiar og avtal tidspunkt. Det vert gjeve tilbod om overgangssamtalar til dei barna som skal byrja på skulen. Desse samtalane vert gjennomført etter førskuleveka. På desse samtalane deltek foreldre, pedagogisk leiar frå barnehagen og kontaktlærar frå skulen. Målet med desse samtalane er å gjera overgangen frå barnehage til skule så god som mulig. Foreldrerådsmøter Alle som er foreldre til barn i barnehagen er medlem av foreldrerådet. På møtet om våren vert det vald foreldrerådsleiar og nestleiar. Leiar for barnehageåret 2013 2014: Silje V Kjetland Nestleiar: Mette Remen Leiaren sit som medlem i samarbeidsutvalet for barnehagen (SU) Foreldremøter Det vert halde foreldremøte ein gong i halvåret. På desse møta vert det gjeve informasjon om dagleglivet i barnehagen, tema etter ynskje frå foreldre, eller aktuelle tema vi i barnehagen ynskjer å setje fokus på, og vi diskuterer mål og innhald for arbeidet. Av og til gjer foreldre og personalet praktisk arbeid i lag.

TA KONTAKT MED OSS OM DET ER NOKO DU SAKNAR INFORMASJON OM! Fylgjer på dei neste sidene TIL TILSETTE I BARNEHAGEN, SAMT FORELDRE OG FØRESETTE TIL BARN I BARNEHAGEN. Rettleiing om sjuke barn i barnehagane og når barna skal haldast heime frå barnehagen. Målet med ei slik rettleiing er blant anna: 1. Å begrense smittespreiing i barnehagane 2. Hensynet til barna si fysiske og psykiske helse FØREBYGGJANDE TILTAK: Spreiing av smittsomme sjukdommar kan best førebyggjast ved gode rutiner for handvask for både barn og vaksne i barnehagane. (Sjå vedlegg for god hygiene) BARNET SIN ALLMENNTILSTAND. Vurdering av barnet sin allmenntilstand vil basere seg på personalet og foreldra sitt skjønn. Som hovudregel bør barn som har hatt infeksjonar som til dømes oppkast, diarè, vere heime 2 døgn etter at dei er symptomfrie. Desse tiltaka er for at barna skal gjenopprette normal allmenntilstand og for å hindre smittespreiing. MEDISINERING AV BARN I BARNEHAGAR. Det er no utarbeida retningslinjer for medisinering av barn i barnehagane i Masfjorden kommune. Barn skal sjølvsagt gå i barnehagen når dei står på behandling dersom allmenntilstanden tillet det. Ved eventuelle behov for medisinering i barnehagetida, skal det skrivast ut ein avtale om dette mellom foreldra og personalet. Desse skjema finns i alle barnehagane i kommunen og det er personalet sitt ansvar å få aktuell medisin påført og underskreven. KORTID SKAL BARNA VERE HEIME FRÅ BARNEHAGEN :

Forkjøling / Influensa: Allmenntilstand avgjer, god handhygiene dersom barnet er i barnehagen Bronkitt/Lungebetennelse: Allmenntilstand avgjer, obs smittespreiing via hosting Halsbetennelse: Allmennnstilstand avgjer. Ved Streptokokkinfeksjon: kan gå i barnehagen 1 døgn (24 timar) etter oppstart med medisin. Obs smittespreiing via hoste, obs matinntak Urinveisinfeksjon: Allmenntilstanden avgjer. Gje nødvendig medisin etter skjema og obs : rikeleg drikke og unngå å verte for våt dersom barnet er i barnehagen. Augeinfeksjon: Folkehelseinstituttet har endra råd i høve augeinfeksjon. Ved mild og moderat augekatarr er det ikkje smittevernmessig grunnlag for at barna skal vere heime. Ved kraftig augekatarr med rikeleg pussdanning anbefalast det at barnet vert heime frå barnehagen inntil pussdanninga har avteke, eller behandling er igangsett. (Her vert anbefalt vask av augo i inntil 2 døgn for å følgje utviklinga). Det vert fortsatt i stor grad skjønn som vil måtte leggjast til grunn, men vi håpar desse endringane betre kan hindre unødige eksklusjonar frå barnehagen og legebesøk. Ved bakteriell augeinfeksjon kan barnet komme i barnehagen 24 timar etter at behandling er starta. Obs.: God handhygiene ved augeinfeksjon UTSLETTSJUKDOMMAR: I vår kommune er opp mot 100% av barna vaksinert mot dei fleste barnesjukdommar. Dette medfører at vi heldigvis ikkje ser barnesjukdommar så ofte, men samtidig veit vi at mange reiser meir enn før til plassar i verda med færre vaksinerte barn. Smittefaren er difor tilstades. Det er viktig ved utbrudd at ein sikrar at ikkje evt barn med nedsett immunforsvar vert smitta, og difor må smittevernlege/helsestasjon informerast dersom nokon har fått konstatert slike sjukdommar på legevakta i Nordhordland, til dømes i ei helg. Meslingar: Ved mistanke om at ein barn har symptom på Meslingar vert foreldra kontakta og dei tek kontakt med lege. Det er legen som stiller diagnosen, set i verk behandling og evt andre tiltak. Ved sikker diagnose bør barnet haldast heime i minst 4 dagar etter utbrudd av utslettet dersom allmenntilstanden elles er god. Andre vaksinerte barn, ned til 9 månaders alder i barnehagen bør vaksinerast snarleg. Dersom alle barn i barnehagen er MMR-vaksinert, avgjer allmenntilstanden om barnet kan gå i barnehagen etter 4 dagar etter utbrudd. Raude hundar:

Barn med sikker diagnose bør vere heime i minst 5 dagar etter utbrudd av utslett. Dersom barnet er MMr-vaksinert er det lite sannsynleg at utslettet er Raude hundar. Dersom alle barn i barnehagen er vaksinert avgjer allmenntilstand om barnet kan gå i barnehagen etter dei 5 dagane etter utbruddet. Vannkoppar: Svært smittsomt. Barna skal vere heime til det siste utbruddet er byrja å tørke inn. Skarlagensfeber: Ved enkelt-utbrudd i barnehagen : Dei som har utslett i tillegg til infeksjon i halsen skal haldast heime til huda er hela. Dei med halsinfeksjon skal vera heime i 24 timar etter oppstart av medisin. Ved langvarig og fleire tilfeller av denne type infeksjonat kan følgjande tiltak vera aktuelle: - Barna skal vera mest muleg ute - Inngå blanding av barn frå ulike avdelingar - Vasking av leikar dagleg - Bruk av eingongs-handklær, vaskeklutar - Spriting av felles kontaktpunkt for å begrense smitten Hand-fot og munnsjuke: Barna kan gå i barnehagen dersom almenntilstanden tillet det, uavhengig av mengde utslett. Obs: ved utbrudd av hand-fot og munnsjuke i barnehagar er det anbefalt å setje i gang hygieniske tiltak dvs god handhygiene, vask av stellebord og andre kontaktpunkt med sprit. TARMPARASITTAR/SOPPINFEKSJONAR/LUS: Marksjukdommar: Lege stiller diagnosen og barna kan gå i barnehagen 24 timar etter behandling har starta. Det er ikkje grunnlag for å behandle alle barna i barnehagen ved enkelt-utbrudd. Obs. God handhygiene. Ringorm: Kan gå i barnehagen 24 timar etter behandling har starta. Obs. God handhygiene ved utbrudd. Lus (hodelus): Kontakt foreldra og be dei ta kontakt med helsestasjon, lege for å få barna undersøkt evt. starta behandling. Barn med lus skal behandlast med lusemiddel og kammast dagleg i ei veke (helsesøster, apotek har prosedyren). Andre barn i barnehagen og personalet bør undersøkast og ved fleire tilfeller i barnehagen er det naturleg med informasjon til alle foreldra, slik at alle barnehagebarna vert undersøkt samtidig. Barna kan komme tilbake til barnehagen dagen etter behandling. AKUTTE MAGE-TARM- INFEKSJONAR: Akutt diarè/oppkast: Når barna har oppkast, eller diarè dagleg er det klart at dette påverkar almennstilstanden og barna skal ikkje vere i barnehagen.

Barna skal vere heime i 2 døgn etter at dei er symptomfrie. Dette gjeld òg for bleiebarn. Barn som heile tida har tendens til laus avføring, treng ikkje haldast heime. Det er foreldra som avgjer om barna har diarè. Ved mistanke om næringsmiddeloverført mikrobe (ved utbrudd etter utanlandsreise), bør barna undersøkast av lege. Ved utbrudd av fleire tilfeller i barnehagen bør dei hygieniske tilhøva skjerpast for å unngå smittespreiing (sjå vedlegg) ANDRE SMITTSOMME SJUKDOMMAR: Brennkoppar: Barn med brennkoppar kan gå i barnehage når såra er under kontroll og tildekka i barnehagetida for å unngå smitte. Her må ein vise skjønn, men så lenge såra væskar er det smittefare. Obs. God handhygiene i periodar med brennkopputbrudd. Kan vere aktuelt med sprit som eit tiltak. Kikhoste: Barna kan gå i barnehagen 5 dagar etter at behandling er starta. Viktig at foreldra informerer kommunehelsetenesta straks etter diagnostisering. Kommunehelsetenesta avgjer om mangelfullt vaksinerte og uvaksinerte barn i barnehagen skal vaksinerast, evt. antibiotikabehandlast. Kusma: Barn med sikker diagnose kan gå i barnehagen 9 dagar etter første tegn til hevelse. Dersom alle barn er MMR-vaksinerte avgjer almenntilstanden. Til foreldre med born i barnehage, skule og SFO RETNINGSLINER FOR MEDIKAMENTHANDTERING I BARNEHAGE, SKULE OG SFO Masfjorden kommune har vedteke retningsliner for medisinering i barnehage, skule og sfo. Retningslinene er utarbeidde etter at Fylkesmannen har oppmoda alle kommunar om å gjera dette. Føremålet med slike retningsliner er m.a. at ein vil sikra at barn får nødvendig medisin den tida dei oppheld seg i barnehage,skule og sfo.

I retningslinene er det slått fast at det er foreldra som har ansvaret for at medisinane blir brukt slik legen har sagt. Det er også dei som har ansvaret for å læra opp personalet til å gje medisinen. Foreldra må skriva under på ein avtale om at dei gjev personalet i barnehage,skule og sfo løyve til å gje borna medisin og at foreldra har gitt personalet nok opplæring til å gjera dette. Alle born som skal få medisin i barnehage, skule eller sfo, skal ha eit medisinkort. Slikt medisinkort får foreldra ved å venda seg til barnehagen, skulen eller sfo. Det er foreldra sitt ansvar at opplysningane på medisinkortet er korrekte og å fylla ut nytt medisinkort ved endringar i medisineringa. Barnehagane, skulen og sfo har kvitteringsskjema for medisinering. Ta kontakt med skule/barnehage dersom det er noko de lurer på. Med helsing Alf Strand Rådgjevar for oppvekst og kultur HANDLINGSPLAN VED SORG OG KRISE FOR BARNEHAGANE I MASFJORDEN KOMMUNE Målsettinga er: - å syna omsorg for barnet - å stimulera til å vera open - arbeida mot å skapa ei naturleg haldning til desse sidene ved livet - fremja nye haldningar ved å vera gode modellar, opna opp for at det er lov å syne kjensler PLANEN GJELD: Barn som har plass i barnehage, tilsette og nære pårørande som foreldre/føresette og syskjen til barnet. ANSVARSFORDELING: Den som fyrst får opplysningar om hendinga kontaktar styrar. Dersom styrar ikkje er tilgjengeleg tek ein kontakt med pedagogisk leiar for den avdelinga det gjeld. STYRAR/PEDAGOGISK LEIAR SINE OPPGÅVER VED ULYKKE OG DØDSFALL I BARNEHAGEN: 1. Styrar/pedagogisk leiar kontaktar lege ved ulykke og død 2. Styrar/pedagogisk leiar tek kontakt med foreldre/føresette eller nære pårørande ved ulykker i barnehagen. 3. Styrar/pedagogisk leiar informerer dei tilsette og barna 4. Ved dødsfall i barnehagen tek lege kontakt med foreldre/føresette eller nære pårørande. Det er lege som vurderar om andre, lensmann og/eller prest skal trekkjast inn her. STYRAR/PEDAGOGISK LEIAR SINE OPPGÅVER VED KRISE, ULYKKE OG DØD UTANFOR BARNEHAGEN. 1. Styrar/pedagogisk leiar hentar inn reell informasjon frå heimen eller andre som står hendinga nær. 2. Informasjon til dei tilsette vert gjeven snarast råd av styrar/pedagogisk leiar 3. Pedagogisk leiar gjev borna den informajonen som trengs

4. Dersom det er behov for informasjon til alle foreldra, sender styrar / pedagogisk leiar denne ut skriftleg BEARBEIDING AV SORG OG KRISE I BARNEHAGEN: Styrar/pedagogisk leiar legg til rette for at tilsette, foreldre og nære pårørande kan få bearbeida sorga i barnehagen. Dersom barn og tilsette dør: 1. Ha ei minnestund for heile barnehagen 2. Samtale med borna på den aktuelle avdelinga kring den døde. 3. Leggja til rette for teikning og lignende aktivitetar, som ein del av sorgbearbeidinga. Eventuelt senda teikningar heim til familien 4. Pedagogisk leiar/styrar har ansvar for at den som er død vert minna over tid, t.d. markering av merkedagar. Dersom barn, syskjen, foreldre/føresette, besteforeldre, andre som står ein nær og tilsette dør utanfor barnehagen: Pedagogisk leiar/styrar har ansvar for at alle i barnehagen er opne for å lytta til dei som ynskjer å snakka om det dei til ei kvar tid synes er trist og vanskeleg. Dette gjeld òg ved andre kriser i heimen, som separasjon og skilsmål. Den største fortvilelsen finnes der hvor spenningen er tvunget ned i taushet. Der hvor det finnes fortrolighet, finnes det veier gjennom mørket. En smerte som deles taper sin kraft. - Dei tre sitata er henta frå Karsten Isacsen si bok; Sint,sant,sunt Handlinsplanen vedteken i foreldrerådsmøte og styrarmøte hausten 1992. Matredal, 16.06.93 Inger Marie Duesund -styrar- VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I MASFJORDEN Vedtekne av kommunestyret i møte 24.06.04, sak 0045/04 Sist endra av kommunestyret 8/5 2013, sak 21/13 1 EIGARTILHØVE FOR BARNEHAGEN Masfjorden kommune eig og driv Indre Masfjorden, Nordbygda og Sandnes barnehagar. Barnehagane blir administrert av rådmannen. Kommunestyret har det politiske ansvaret for barnehagedrifta. 2 FØREMÅL Barnehagen skal i nær forståing og samarbeid med heimen ivareta borna sin trong for omsorg og leik, og fremja læring og danning. Barnehagane skal byggja på grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon. Barnehagen skal stimulera barna til å bruka og utvikla eigne evner og anlegg. Ein skal gje dei eit godt grunnlag til å verta sjølvstendige, tolerante og skapande menneske.

3 SAMARBEIDSUTVAL Barnehagen skal ha eit samarbeidsutval, jfr. Lov om barnehagar kap II 4. Foreldre og tilsette vel sine representantar til samarbeidsutvalet. Kommunestyret nemner opp representantar frå kommunen. I samarbeidsutvalet sit fylgjande: 1 representant oppnemnd av og frå foreldra 1 representant oppnemnd av og frå kommunestyret 1 representant frå dei tilsette Styrar er sekretær for samarbeidsutvalet og har uttale og forslagsrett. 4 FORELDRERÅDET Barnehagen skal ha eit foreldreråd, jfr. Lov om barnehagar kap II 4. Forskriftene 1-3 seier korleis foreldrerådet er samansett og kva oppgåver det har. Foreldrerepresentantane og deira vara til samarbeidsutvalet skal til ei kvar tid utgjera eit arbeidsutval i foreldrerådet. 5 TILSETJING AV PERSONALE Personale vert tilsett etter dei til ei kvar tid gjeldande retningsliner/vilkår i Masfjorden kommune. Styrar og pedagogisk leiar skal ha førskulelærarutdanning. Rådmannen kan gje dispensasjon frå utdanningskravet dersom det ikkje er søkjarar med godkjend utdanning. Ved tilsetjing av personale med manglande kompetanse nyttar ein tidsavgrensa arbeidstilhøve med dei til ei kvar tid gjeldande rettar for tilsette i Masfjorden kommune. Dei som vert tilsette i barnehagane, skal leggja fram politiattest etter dei gjeldande bestemmelsar i lov og regelverk. 6. OPPTAK AV BARN Kommunestyret i Masfjorden vedtek kriterium for opptak av barn til barnehagen. Opptak skjer i samsvar med desse. Barnet har barnehageplass til dei seier opp denne, jfr. 7, eller til barnet tek til i grunnskulen. Det er samordna opptak i barnehagane. Prosedyre for opptak: a) Ein søkjer på fastsett skjema b) Søknaden vert sendt barnehagen. c) Styrar set opp oversikt over søkjarane og lagar innstilling. d) Hovudopptaket vert gjort i mars månad og skjer etter retningslinjer for samordna opptak. Dersom ein har ledige plassar, tek ein opp nye søkjarar fortløpande i barnehageåret. e) Klageinstans er Masfjorden formannskap f) Klagefrist er 3 veker etter at ein har mottatt meldinga. g) Ein skal gi skriftleg melding om at ein tek imot plassen innan 2 veker etter at ein fekk melding om tildelt plass. Dersom barnehagen ikkje får slik melding innan fristen, kan ein missa plassen. Inntakskriterii for barnehagane. Kriteria står i prioritert rekkefylgje. 1 Funksjonshemma born som kan ha nytte av barnehagetilbodet. Dette må vera skriftleg dokumentert av lege, helsesyster eller PPT.

2 Born med tilråding frå lege, helsesyster, PPT eller barnevern Tilrådinga må vera skriftleg dokumentert. 3 5-åringane 4 Sysken til born som har plass, busette i Masfjorden 5 Alle andre søkjarar busette i Masfjorden kommune. Søkjarar under dette punktet vert prioritert slik at den som er eldst, går føre. 6 Born av åleineforeldre 7 Born av foreldre som begge er i inntektsgjevande arbeid, har lovfesta permisjon eller tar utdanning. 8 Søkjarar som har levert søknad etter fristen Søkjarar frå andre kommunar kan få plass for eit år om gongen dersom det er ledige plassar og ingen ventelister etter hovudopptak. 7 OPPSEIING OG ENDRING AV TILBODET Dersom ein ønskjer ei endring av tilbodet barnet har, i løpet av barnehageåret, må ein søkja om dette til barnehagen ved styrar. Søknaden vert vurdert etter dei vedtekne kriteria for opptak. Barnehagebarn skal ikkje missa noverande plass før ny barnehageplass er sikra. Frist for å seia opp plass er innan den 1. i kvar månad. Oppseiingstida er 3 månader. Det er ikkje høve til å seia opp plassen etter 15. april. Barn som skal seia opp plassen gjeldande frå neste barnehageår, må gjera det innan 15. april. Dersom det står barn på ventelista som ved opptak vil sikra at barnehagen ikkje har ledige plassar, kan oppseiingsfristen reduserast til 1 månad. Fristen kan fråvikast ved særskilde grunnar. Særskilde grunnar er dersom barnet er heilt avskore frå å nytta plassen, t.d. flytting, sjukdom over 1 månad osb. 8 BARNEHAGEALDER Barn som fyller 3 år før 1. juli, vert rekna som 3-åringar frå 1. januar. Born som fyller 3 år etter 30. juni, vert rekna som 3-åringar frå 15. august. 9 OPNINGSTIDER Dei kommunale barnehagane i Masfjorden har ope frå kl. 07.15 til 16.30 Dersom det er kapasitet i barnehagen (areal/bemanning), vert det gjeve tilbod om ekstradagar. Ekstradagar er dagplassopphald utanom tildelt barnehageplass. Barnehagen er open mellom jul og nyttår, men er stengd jule- og nyttårsaftan. Barnehagen er open i påskeveka fram til kl. 12.00 onsdag før Skjærtorsdag. Alle barn skal ha minimum 3 veker samanhengande ferie og til saman 4 veker ferie i barnehageåret. Barnehagen er stengd inntil 3 veker samanhengande om sommaren. Styrar syter for bindande kartlegging før 1. mai på kva tid barna skal ha ferie. Barnehagen og SFO samarbeider om kva veker barnehagen og SFO skal halda stengt. Styrar syter for bindande kartlegging av behov for barnehageplassar i jule- og påsketida.

Rådmannen kan etter ei samla vurdering av behov for barnehageplass på desse tidspunkta, avvika frå å halda ope etter dialog med foreldra. 10 PLANLEGGINGSDAGAR Barnehagen har 5 planleggingsdagar i barnehageåret. Desse dagane er barnehagen stengd og dei vert rekna som ei ferieveke for borna. Planleggingsdagane bør så langt mogleg leggjast til dagar skulen har fri. Foreldra/dei føresette skal ha kjennskap til desse datoane så tidleg som råd er. Rådmannen utarbeider ei skule- og barnehagerute etter føresegnene om skulerute. 11 AREALUTNYTTINGA Arealutnyttinga følgjer dei normene og retningslinjene som kommunestyret har vedteke: 3,5 4 kvm leike/opphaldsareal for born over 3 år, 8 kvm leike/opphaldsareal for born under 3 år. 12 UTLEIGE AV BARNEHAGEN Barnehagen kan leigast av private til barnedåp eller konfirmasjon. Ved utleige kand et nyttast personalinngang, fellesrom og kjøken. Kommunestyret fastset eventuell leigesum. Samarbeidsutvalet avgjer eventuell utleige til andre føremål, og utleige av andre rom i barnehagen. Samarbeidsutvalet skal sjå til at utleige av lokala ikkje er til hinder for drifta av barnehagen. Føresetnaden for leige av barnehagen er at ein rettar seg etter gjeldande ordensreglar. 13 FORELDREBETALING Kommunen fastset foreldrebetalinga Krav om foreldrebetaling vert sendt med 14 dagars betalingsfrist, tidlegast 20. i kvar månad. Eigaren, Masfjorden kommune ved rådmannen, kan seia opp barnehageplassen dersom ikkje innbetaling finn stad til rett tid. Varsel om oppseiing av kontrakten vert send ut saman med inkassovarsel, og oppseiinga vert send når saka går til inkasso. Oppseiingstida vil vera 1 månad. Ekstradagar det er gjort avtale med barnehagen om, skal betalast for av forelder/foreldre sjølv om dei ikkje nyttar plassen. 14 IVERKSETJING OG ENDRING AV VEDTEKTER Endring i vedtektene vert gjort gjeldande frå 15.08.10. Endringar i desse vedtektene kan berre gjerast av eigar, etter uttale frå Samarbeidsutvalet. 15 TEIEPLIKT Dei som handsamar saker i samband med barnehagen, har teieplikt i samsvar med barnehagelova 21. 16 INTERNKONTROLL Barnehagen følgjer kommunen sitt internkontrollsystem 17 GEBYR

Eigaren, Masfjorden kommune ved rådmannen, kan ileggja foreldra eit gebyr når borna ikkje vert henta innan stengetid. Gebyret vert ilagt pr. påbegynt halvtime og vert fakturert saman med den ordinære betalinga. Gebyret vert ilagt pr. forelder/foreldre og blir justert saman med den ordinære betalingssatsen. Dersom barnehagen ikkje opnar til rett tid om morgonen, kan foreldra krevja reduksjon i betalinga etter dei same reglane som i punktet ovanfor. SKULE- OG BARNEHAGERUTA 2013-2014 Månad August Torsdag 15. Fredag 16. Måndag 19. Planleggingsdag for barnehagane Planleggingsdag for skulane Planleggingsdag for barnehagane Planleggingsdag for skulane Fyrste skuledag Nytt barnehageår startar Skuledagar 10 September 21 Oktober Veke 41 Haustferie for grunnskulen, måndag 7. 18 til fredag 11. November Fredag 8. Planleggingsdag skule og barnehage. 20 Desember Fredag 20. Siste skuledag før jul 15 Sum skuledagar haust 2013 84 2014 Januar Torsdag 2. Fyrste skuledag etter nyttår 22 Februar Fredag 7. Veke 9 Planleggingsdag skular og barnehagar. Vinterferie for elevane måndag 24. til fredag 28. Mars 21 April Fredag 11. Siste skuledag før påske 16 Tysdag 22. Fyrste skuledag etter påske Mai Torsdag 1. Torsdag 29. Fredag 30. 19 Off. høgtidsdag Kristi Himmelfartsdag. Elevfri. Planleggingsdag skulane og barnehagane 14 Juni Måndag 9. Fredag 20. Andre pinsedag 14 Siste skuledag før sommarferien Sum skuledagar våren 2013 106 Sum elevdagar i skuleåret 190 Planleggingsdagar skulane: 15. og 16. august, 8. november, 7. februar, 30. mai. 1 dag som skulane disponerer.

Planleggingsdagar barnehagane: 15. og 16.august, 8. november, 7. februar, 30. mai eller 23. juni. Barnehageplan for Masfjordbarnehagane for 2010 2013 Barnehageplan for Masfjordbarnehagane for 2010-2013

Vedteken i Masfjorden kommunestyre den 24.02.2011 Hovudmål: Barnehagane i Masfjorden er pedagogiske verksemder der borna gjennom leik, opplevingar og samspel med andre skal få utfordringar som passar for den einskilde fysisk, motorisk og mentalt, få oppleva meistring i samsvar med alder og utvikling og få hjelp til å bli trygge på seg sjølve og omgivnadene. Gjennom tverrfagleg, tverretatleg samarbeid, gjennom observasjon og god dialog med føresette, skal barnehagen sikra at alle born også er best mogleg rusta til å begynna på skulen ved oppnådd skulealder. Satsingsområde: God læring og utvikling hjå alle born o Mål: Styrka borns sjølvkjensle som grunnlag for deira utvikling o Metodar me nyttar for å nå målet: Tydelege vaksne Legga vekt på å få til eit godt samarbeid med foreldra Systematisk observasjon av borna i ulike situasjonar Fortsetje samarbeidet med Kjell Stien rettleiar frå PPT på barns åtferd/foreldrerådgjeving Fokus på kva som gjer born trygge Dei gode beskjedane i barnehagen Systematiske skriftlege observasjonar av kvarandre i kvardagen Stilla spørsmål til praksis hjå den einskilde medarbeidar for å læra av kvarandre og på denne måten skapa personleg utvikling Ha tilstrekkelig med pedagogisk læremiddel for å imøtekomma alle barns behov.

o o Uteliv Mål: La borna få oppleve meistring, glede og få gode erfaringar med friluftsliv og uteliv til ulike årstider. Bruka naturen som utgangspunkt for arbeid med fagområda og for å styrka barna si fysiske og motoriske utvikling. Metodar me nyttar for å nå målet: Velga tema utifrå lokale tilhøve og gjera lokale tilpasningar Laga årshjul på valt tema. Nokre avdelingar prøver dette ut frå hausten 2010, alle avdelingane frå hausten 2011. Planlegga korleis me naturleg kan komma innom ulike fagområde når me er ute. Stimulera borna til å bli nysgjerrige og interesserte i å læra Dei eldste borna i barnehagen har samarbeid med dei yngste elevane på skulen på dette området. Utnytta menneskelege ressursar i foreldregruppa og nærmiljøet for å gje borna gode opplevingar knytt til satsingsområdet. Språkstimulering o Mål: Barnehagen skal syte for at alle born får varierte og positive erfaringar med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og følelsar. o Metodar me nyttar for å nå målet : Systematisk arbeid med språkleg medvit Ein barnehage med plass for alle og rom for kvar einskild o Mål: Å gje eit mest mogeleg likeverdig tilbod til alle barnehageborna i Masfjorden kommune. o Metodar me nyttar for å nå målet: Barnehagane har felles satsingsområde Det er utarbeida felles mal for årsplan Samarbeid på alle plan mellom dei tilsette i barnehagane Me har felles vedtekter Me har felles bemanningsnorm Me har lik mal for planlegging av aktivitetar Planar for vedlikehald og opprustning av fysisk miljø i barnehagane Me har styrarar som samarbeider Kvar einskild barnehage tilpassar innhaldet i barnehagekvardagen utifrå lokale tilhøve.

Samarbeid med skulen o Mål: Sikre ein god overgang til skulen og best mogleg kontinuitet og samanheng i opplæringsmiljøet til borna. o Metodar vi nyttar for å nå målet: Å førebu overgangen mellom barnehage og skule i god tid Kvart oppvekstområde lagar eigen årsplan for samarbeidet kvart år. Denne årsplanen skal omfatta arbeid med sosial, motorisk og fagleg utvikling. Faste samarbeidsmøte mellom barnehage og skule ein time i veka Me har utarbeida opplegg for overgang barnehage - skule i alle oppvekstområda. Desse opplegga omfattar overgangssamtalar, fadderordning, hospitering av 1. klasselærar og førskuledagar. Sikra at skulen har eit best mogeleg grunnlag for å møta kvart einskilt barn der det er når det tek til på skulen. Progresjonsplanar for fagområda I planperioden utarbeider me progresjonsplanar for dei ulike fagområda: 2010-2011: Natur, miljø og teknikk - Nordbygda og Sandnes barnehagar Kropp, rørsle og helse - Indre Masfjorden barnehage 2011 2012: Tal, rom og form - Nordbygda barnehage Religion, etikk og filosofi - Indre Masfjorden barnehage Nærmiljø og samfunn - Sandnes barnehage 2012 2013: Kunst, kultur og kreativitet - Nordbygda og Sandnes barnehagar Språk, tekst og kommunikasjon - Indre Masfjorden barnehage TEMA PÅ PEDAGOGISKE LEIARSAMLINGAR I 3-ÅRSPERIODEN: Progresjonsplanar med utgangspunkt i Rammeplan for barnehagar Erfaringsutvekslingar Evaluering/dokumentasjon Barnehageplanen for 2010-2013 går ut ved nyttår, og det vil komme ny plan for neste 4-års periode. Når den nye planen vert godkjend, vil alle foreldre få den utdelt. Vi er allereie begynt å jobbe litt med satsingsområda i den nye planen, som er musikk, drama og forming.