Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands.

Like dokumenter
Finansreglement Høyanger Kommune. Vedteke av kommunestyret Sak 9/2017

Finansreglement for Fyresdal kommune

Reglement for finansforvaltning

Finansreglement. for Ibestad kommune

REGLEMENT FOR FINANSFORVALTNING

REGLEMENT FOR FINANSFORVALTNING (REGLEMENT I H.T. FINANSFORSKRIFT GJELDANDE FRÅ )

Reglement for finansforvaltning

Til behandling i kommunestyret. Torsken kommune. Kommunestyrets vedtak 40/

FINANSREGLEMENT FOR 12/ &00

Reglement for finansforvaltning Målselv kommune

Reglement for finansforvaltning

Reglement for finansforvaltning

FINANS- REGLEMENT FOLLDAL KOMMUNE

Reglement for finansforvaltning

Reglement for finansforvaltning Flora kommune

Finansreglement Aurskog-Høland kommune

Finansreglement for Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret sak 10/134

REGLEMENT FOR FROSTA KOMMUNES FINANSFORVALTNING

Vedtatt av kommunestyret xx.xx.2010, sak xx/xx

REGLEMENT FOR FINANSFORVALTNING

REGLEMENT FOR FINANSFORVALTNING

1. Generelle rammer og avgrensingar for finansforvaltinga Heimel Fullmakter Rammer for reglementet...

Reglement for gjelds- og finansforvaltning Rauma kommune Vedtatt KS 56/2017

Reglement for gjelds- og finansforvaltning

REGLEMENT FOR FINANSFORVALTNING LYNGDAL KOMMUNE

Finansreglement for Kvitsøy kommune (i hht. ny finansforskrift) Gjeldene fra 1. juli 2010

007 REGLEMENT FOR FINANSFORVALTNING

REGLEMENT FOR FINANSFORVALTNING Vedtatt av kommunestyret i Rendalen kommune K-sak 1/16 den

Arkivsak: FYLKESRÅDMANNEN: 27. MAI 2010

FINANSREGLEMENT. vedtatt av Kommunestyret sak Fullmaktens virkeområde Hjemmel og gyldighet...2

Finansreglement

Reglement for finansforvaltning

Reglement for finansforvaltning Arendal kommune

REGLEMENT FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNES FINANSFORVALTNING. Vedtatt av fylkestinget Erstattar tidlegare reglement av

Reglement for finansforvaltning

Rakkestad kommune Finansreglement. Saksnr. 11/1189 Arkiv 250 Dato: Vedtatt i kommunestyret sak 32/11

1 - Finansreglementets virkeområde Hensikten med reglementet Hvem reglementet gjelder for Hjemmel...

FEDJE KOMMUNE Sakspapir

ØKONOMIREGLEMENT / FINANS- OG GJELDSREGLEMENT REGLEMENT FOR TINGVOLL KOMMUNE

Finansreglement for Haugesund kommune. Vedtatt i bystyret

Reglement for finansforvaltning

Reglement for finansforvalting Samnanger kommune

Reglement for finans- og gjeldsforvaltning for Samnanger kommune

Reglement Finans- og gjeldsforvaltning. Vedtatt av kommunestyret sak 53/17

Reglement for finansforvaltning

REGLEMENT FOR BÅTSFJORD KOMMUNES FINANSFORVALTNING FINANSREGLEMENT

Finansreglement for Nittedal kommune

Reglement for finansforvaltning. Ørland kommune

REGLEMENT OG FULLMAKT FOR VOLDA KOMMUNE SI FINANSFORVALTNING

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Kjell Tore Finnerud Arkiv: 044 &00 Arkivsaksnr.: 10/94

REGLEMENT FOR FINANSFORVALTNING

Reglement Finansforvaltning Meløy kommune. Vedtatt av Kommunestyret sak 70/10

Finans- og gjeldsreglement

Reglement for finans- og gjeldsforvaltning for Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret , sak K 17/174

Reglement for finansforvaltning. Leka kommune

ENDRING AV REGLEMENT FOR FINANSFORVALTNINGA I HORDALAND FYLKESKOMMUNE.

Følgjande tabell viser fylkesrådmannen si rapportering på forvaltninga av ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsføremål:

FINANSFORVALTNINGA I 2011

REGLEMENT FOR FINANSFORVALTNINGEN I GAUSDAL KOMMUNE

Reglement og fullmakt for finansforvaltning

Finansrapport 1/2017 Side 1

Reglement for. finansforvaltning

Reglement for finansforvaltning Norddal kommune

Evje og Hornnes kommune. Reglement for finansforvaltning

Randaberg kommune. Reglement Finansforvaltning

Fræna kommune. 23. mai Vedtatt sak KS 32/2018 Gjeldende fra Finans- og gjeldsreglement. Innholdsfortegnelse

Sogndal kommune. Reglement for finans- og gjeldsforvalting

Finansreglement. Loppa kommune. Dra på Lopphavet Et hav av muligheter. Telefon: Telefaks: E-post:

Smøla kommune. - øy i et hav av muligheter. REGLEMENT FOR FINANSFORVALTNING Smøla kommune

REGLEMENT OG FULLMAKT FOR LEVANGER KOMMUNES FINANSFORVALTNING

KVA ER FINANSIELLE INSTRUMENT?

Reglement for finansforvaltning Oppegård kommune

Sveio kommune. Finansreglement. (i h.h.t ny finans- og gjeldsforskrift gjeldande frå )

MELAND KOMMUNE. Reglement for finansforvaltning

Reglement for finansforvaltning

Følgjande tabell viser fylkesrådmannen si rapportering på forvaltninga av ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsføremål:

Reglement for finansforvaltning. Dønna kommune. Utkast

FINANSREGLEMENT. for Kristiansund kommune. Vedtatt i bystyret PS 11/1. Samhandling Nyskaping Optimisme - Raushet

Lov om interkommunale selskaper sier lite om finansforvaltning. Derfor legges lov og forskrift for kommuner til grunn for IVARs finansreglement.

LEKA KOMMUNE. Reglement for finansforvaltning LEKA KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. Finansrapport 1.tertial Forvaltning av aktiva. Kortsiktig finansiell aktiva (ikkje del av aktiv forvalting)

REGLEMENT FOR FINANSFORVALTNING

Reglement for finans- og gjeldsforvaltning. Bjugn kommune

Reglement for finansforvaltning. Bjugn kommune

Finansforvaltninga i 2017

Reglement for finansforvaltning SØGNE kommune

Reglement for finansforvaltning a

REGLEMENT FOR TANA KOMMUNES FINANSFORVALTNING FINANSREGLEMENT

Finansreglement. for Klepp kommune. Vedtatt av Klepp kommunestyre i møte av sak 55/13. Datert

Finansreglement. Vedtatt av kommunestyre 15. juni 2015 i sak 44/15

Gildeskål kommune. Reglement for finansforvaltning

Vurdering av Finansreglement i Kvam kommune. 01.oktober 2010

Reglement for finansforvaltning

Reglement for finans- og gjeldsforvaltning

Reglement for Finansforvaltning

REGLEMENT FOR BÅTSFJORD KOMMUNES FINANSFORVALTNING FINANSREGLEMENT

FINANSRAPPORT PR

FINANSREGLEMENT HURUM KOMMUNE. Vedtatt av kommunestyret

Reglement for finansforvaltning

Transkript:

FINANSREGLEMENT Foto:T.Wingsternes Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskapet 14.09.2017 043/17 ELJE Kommunestyret 26.09.2017 063/17 ELJE 1

Innhald 1.1 Virkeområde 2 1.2 Forvaltning av ledig likviditet og andre midlar for driftsformål 3 1.3 Forvaltning av kommunen sine langsiktige finansielle aktiva 4 1.4 Langsiktig gjeld og andre finansieringsavtaler 4 1.5 Rapportering til kommunestyret 6 1.6 Vurdering og kvalitetssikring av finansiell risiko 6 Vedlegg ordforklaring 8 1.1 Virkeområde Finansreglementet skal gje rammer og retningsliner for Jølster kommune si forvaltning på området. Finansreglementet gjeld og for eventuelle kommunale føretak etter kommunelova (KL) kap. 11, vidare interkommunalt samarbeid etter KL 27 i den grad desse ikkje har eigne reglement som er godkjente av kommunestyret. Desse skal gi eit samla oversyn over dei rammer og avgrensingar som gjeld. Dei inneheld rammer for rådmannen sine fullmakter vedk. finansforvaltninga. Underliggande fullmakter/instruksar/rutinar skal heimlast i finansreglementet. Finansreglementet definerer dei avkastnings- og risikonivå som er akseptable for plassering og forvaltning av likvide midlar og andre midlar for driftsformål, opptak av lån/gjeldsforvaltning og plassering og forvaltning av langsiktige finansielle aktiva. 1.1.1 Heimel Finansreglementet er utarbeidd med heimel i: Lov om kommunar og fylkeskommunar av 25. september 1992, 52. Forskrift om kommunar og fylkeskommunar si finansforvaltning, fastsett av KRD den 9. juni 2009 (FOR-2009-06-09 nr. 635), med endring 2.11.2016 1.1.2 Rutinar for finansforvaltninga Det skal med heimel i dette reglement utarbeidast nærare rutinar for finansforvaltninga og handtering av finansiell risiko. 1.1.3 Verknadstidspunkt Finansreglementet gjeld frå 26.09.2017 Dette reglementet erstattar alle tidlegare reglement, reglar og instruksar som kommunestyret eller anna politisk organ har vedteke for Jølster kommune si finansforvaltning. 1.1.4 Forvaltning og forvaltningstypar Reglementet gjeld for alle finansielle omløpsmidlar og langsiktig gjeld. Reglementet gjeld ikkje for Pensjonforpliktingar. Finansreglementet skal gi målsettingar, strategiar og rammer for: 2

Forvaltning av ledig likviditet og midlar berekna for driftsføremål. Plassering og forvaltning av langsiktige finansielle aktiva. Forvaltning av gjeldsporteføljen og andre finansieringsavtalar. 1.1.5 Formålet med kommunen si finansforvaltning Finansforvaltninga har som overordna formål å sikre rimeleg avkastning, samt stabile og låge netto finansieringskostnader innafor definerte risikorammer. Dette vil ein oppnå gjennom følgjande delmål: Kommunen skal til ei kvar tid ha likviditet (inkl. trekkrettar/kassakreditt) til å dekke løpande krav. Plassert overskotslikviditet skal over tid gi ei god og konkurransedyktig avkastning innafor ein akseptabel risiko og likviditet. Lånte midlar skal over tid gi lågast mogleg totalkostnad innafor akseptable krav til refinansieringsrisiko og renterisiko. Det vert lagt vekt på at lånekostnadene skal vere forutsigbare. Forvaltning av langsiktige finansielle aktiva skal gi ei god, langsiktig avkastning til akseptabel risiko. 1.1.6 Generelle rammer og avgrensingar Kommunestyret definerer sjølv via reglementet kva som er tilfredsstillande avkastning og vesentleg finansiell risiko, jfr. kommunelova 52. Finansreglementet er basert på kommunen sin eigen kunnskap om finansielle marknader og instrument. Kommunestyret har gjennom dette reglementet teke stilling til prinsipielle spørsmål om finansforvaltning, her under kva som skal reknast som langsiktige finansielle aktiva. Rådmannen skal til ei kvar tid vurdere finansreglementet sine rammer og avgrensingar, og om desse på ein klar og tydeleg måte sikrar at kapitalforvaltninga blir gjennomført forsvarleg i høve til dei risiki kommunen er eksponert for, og eventuelt legge behov for endringar fram for kommunestyret. Rådmannen har mynde til å inngå avtaler som er i samsvar med finansreglementet. Vidare skal rådmannen, med heimel i reglementet, utarbeide evt. nødvendige fullmakter, instrukser og rutinar for dei enkelte forvaltningsformer i samsvar med kommunen sitt økonomireglement. Finansielle instrument og/eller produkt som ikkje er eksplisitt tillatt brukt gjennom finansreglementet, skal ikkje nyttast i kommunen si finansforvaltning. Kommunen skal ikkje ta valutarisiko. Finansreglementet angir nedanfor konkrete rammer for forvaltning av kommunen sine midlar til driftsføremål (inkl. ledig likviditet), gjeldsportefølje og langsiktige finansielle aktiva. 1.2 Forvaltning av ledig likviditet og andre midlar for driftsformål 1.2.1 Formål Formålet med forvaltninga er å sikre likviditet til å dekke løpande forpliktingar og god avkastning. Forvaltninga skal ha låg risiko. 1.2.2 Rammer Driftslikviditeten omfattar alle finansielle omløpsmidlar jfr. og punkt 1.3. Kommunen sine finansielle omløpsmidlar skal plasserast i bankinnskot i norske kroner. Kommunen skal inngå rammeavtale for å ivareta det løpande behov for banktenester. Ved val av hovudbank skal det 3

stillast krav om minimum internasjonal kredittrating A- eller tilsvarande kredittvurdering. Det kan gjerast avtale om trekkrettar(kassakreditt). Kommunen sine samla innskot i bank/kredittinstitusjon skal ikkje overstige 2 % av institusjonen sin forvaltningskapital. Kommunen sin driftslikviditet skal plasserast i kommunen sin hovudbank. Ledig likviditet og andre midlar for driftsformål, utover det ein treng til å dekke kommunen sine løpande økonomiske plikter, fråtrekt estimerte innbetalingar dei nærmaste 3 månadane, kan plasserast etter fylgjande retningsliner: Innskot i bank med følgjande avgrensingar: Renteberande innskot med fast eller flytande rente. Tidsbinding kan ikkje avtalast for ein periode lenger enn 6 månader. Kvart innskot med tidsbinding skal ikkje overstige NOK 10 mill. 1.2.3 Avkastningsreferanse Avkastningsreferanse for kommunen sine plasseringar er 3 mnd NIBOR. 1.2.4 Rådmannen sine fullmakter Kommunestyret vedtek rammer for trekkrettar knytt til bankavtalen Rådmannen har fullmakt til inngå og forlenga rammeavtale jfr punkt 1.2.2 Rådmannen har fullmakt til å inngå avtale om alternative plasseringar i bank. Jfr. punkt 1.2.2 siste avsnitt. 1.3 Forvaltning av kommunen sine langsiktige finansielle aktiva Langsiktige finansielle aktiva er ledig likviditet som ikkje er disponert i budsjett eller økonomiplan. Langsiktige finansielle aktiva skal plasserast saman med andre midlar for driftsformål. 1.4 Langsiktig gjeld og andre finansieringsavtaler 1.4.1 Formål Formålet med gjeldsforvaltninga er å sikre låge og forutsigbare lånekostnader. 1.4.2 Avkastningsreferanse Som referanseindeks skal nyttast 3 mnd NIBOR + 80 punktar 1.4.3 Vedtak om opptak av lån: Kommunestyret gjer vedtak om opptak av nye lån i budsjettåret, vedtaket kan gjerast i sak om årsbudsjett. Med utgangspunkt i kommunestyret sitt vedtak, evt. godkjenning av Fylkesmannen, har rådmannen fullmakt til å gjennomføre låneopptaket, her under aksept av lånevilkår. Vidare har rådmannen fullmakt til å forvalte kommunen sine innlån etter dei retningsliner som framgår av reglementet, og i tråd med 50 i kommunelova om låneopptak. Rådmannen har også fullmakt til å ta opp lån til refinansiering av eksisterande gjeld og inngå avtalar om sikring av renta. 1.4.4 Val av låneinstrument Det kan berre takast opp lån i norske kroner: Lån kan takast opp som direkte lån i offentlege og private finansinstitusjonar, og i livselskap. 4

Lån skal normalt takast opp som serielån, men det kan ved behov også takast opp som avdragsfrie lån (bulletlån). Jølster kommune har høve til legge ut lån i sertifikat- og obligasjonsmarknaden. Finansiering kan også skje gjennom finansiell leasing. Det skal kvart år betalast avdrag minimum på nivå med reglane i kommunelova 50. Avdraga skal vera innbetalt seinast 31.12. 1.4.5 Val av rentebindingsperiode bruk av sikringsinstrument Styring av låneporteføljen skal skje ved å optimalisere låneopptak og rentebindingsperiode i høve til oppfatningar om framtidig renteutvikling og innafor eit akseptabelt risikonivå, der ein legg til grunn eit overordna ønske om forutsigbare og stabile lånekostnader. Renterisikoutsatt gjeld er samla renteberande gjeld etter fradrag for gjeld som er sikra på anna måte. Slik sikring kan vera gjeld som inngår i sjølvkost, gir grunnlag for rentekompensasjon, eller som er sikra ved innskot eller utlån med tilnærma tilsvarande vilkår. Forvaltninga leggjast opp som følgjer: Maksimal rentebinding for enkeltlån er 10 år. Minimum 1/3 skal ha flytande rente (rentebinding kortare enn eitt år), minimum 1/3 skal ha fastrente, medan 1/3 vurderast ut frå marknadssituasjonen. Ønska renterisiko søkast oppnådd ved val av rentebindingsperiode på nye lån, ved refinansiering av eksisterande lån eller ved bruk av rentesikringsinstrument. For bruk av ikkje-rentebærande finansinstrument (renteavtalar, rentebytteavtalar) gjeld fylgjande: o Porteføljen kan ta i bruk rentebytteavtalar (SWAP) og framtidige renteavtalar (FRA). Avtalemotpart må være anerkjente finansinstitusjonar. Bruk av andre ikkje-renteberande finansielle instrument er ikkje tillate. o Rentesikringsinstrument som nemnt i kulepunkt over, kan nyttast på enkelt lån eller på samla gjeldsportefølje med flytande rente. Det er ikkje tillate å lausrive derivathandelen frå den øvrige finansforvaltninga. o Derivat kan berre nyttast til å redusere risiko. 1.4.6 Likviditetsrisiko / Refinansieringsrisiko Samansetning av gjeldsportefølje: Gjeldsporteføljen skal ha færrast mulige lån, men likevel slik at likviditetsrisiko og refinansieringsrisiko vert avgrensa. Enkeltlån skal ikkje utgjere meir enn 40% av den samla gjeldsportefølje. Låneportefølgjen må vere samansett slik at ikkje meir enn 20% av porteføljen forfell til betaling innanfor eitt år. 1.4.7 Rutinar for leasingavtalar I tilfelle det kan vere aktuelt å lease/leige eit produkt, skal det vurderast om det er finansiell leasing. Det skal vidare gjerast utrekningar som viser den fullstendige leasingkostnaden i leasingperioden opp mot å kjøpe produktet. Val vert gjort ut i frå lågaste noverdi. Ved leasingavtaler bør ein innhente tilbod frå fleire leasingselskap, eller ved anbod inngå avtale med eit leasingselskap for ein gitt periode. Finansiell leasing er likestilt med investering i eigne driftsmiddel, og noverdien av innbetalingane skal inngå i balansen under 5

anleggsmidlar og langsiktig gjeld. Noverdien skal også budsjetterast og rekneskapsførast i investeringsrekneskapen. Kravet om vesentleg beløp (100 000) gjeld også noverdi på finansiell leasing. 1.4.8 Tidspunkt for låneopptak Låneopptaka skal vurderast opp mot likviditetsbehov, vedteke investeringsbudsjett, forventningar om framtidig renteutvikling og generelle marknadstilhøve. Låneopptak med heimel i årets budsjett, skal vere teke opp seinast 31.12 i budsjettåret. 1.4.9 Konkurrerande tilbod Låneopptak skal så langt som mogleg gjennomførast til dei beste vilkår som marknaden kan tilby. For å oppnå det, skal det hentast inn minimum 2 konkurrerande tilbod frå aktuelle långjevarar. Dette prinsippet kan fråvikast i særskilte høve, t.d. opptak av startlån i Husbanken. 1.5 Rapportering til kommunestyret Rådmann skal minimum to gonger i året leggje fram rapportar for kommunestyret som viser status for finansforvaltninga. Rapporten vert innarbeidd tertialrapporten. I tillegg skal rådmann i samband med årsavslutning leggje fram ein rapport for kommunestyret som viser status og utvikling gjennom året. Rapporten kan innarbeidast i årsmeldinga. Rapporteringa skal gi ei utgreiing og vurdering av ( 7): Rapportene skal inneholde en beskrivelse og vurdering av kommunens finansielle risiko. Rapportene skal inneholde en nærmere beskrivelse av hvordan aktiva og passiva er sammensatt. Rapportene skal vise markedsverdien for aktiva, både samlet og for hver gruppe av ulike typer aktiva. Rapportene skal vise verdien for passiva, både samlet og for hver gruppe av ulike typer passiva. I tillegg skal rapportene opplyse om løpetiden for passiva, og om verdien av lån som forfaller og som må refinansieres innen 12 måneder. Rapportene skal inneholde en beskrivelse av vesentlige markedsendringer og endringer i kommunens eller fylkeskommunens finansielle risiko, og det skal gis en vurdering av dette. I tillegg skal rapportene inneholde en beskrivelse av aktuelle markedsrenter og kommunens eller fylkeskommunens egne rentebetingelser. Hvis det har oppstått avvik mellom kravene i finansreglementet og den faktiske forvaltningen, skal dette angis i rapportene. 1.6 Vurdering og kvalitetssikring av finansiell risiko 1.6.1 Risikovurdering Det skal ved kvar rapportering til kommunestyret gjerast fylgjande risikovurderingar: Renterisiko for plassering av ledig likviditet og andre midlar for driftsformål, langsiktige finansielle omløpsmidlar og gjeldsporteføljen sett i samanheng. Det skal gjerast ved ein stresstest som viser kommunen sin renterisiko ved ein 2 prosentpoeng generell endring i rentekurva og 30% fall på norske børsar. Kredittrisiko jfr punkt 1.4.4 Refinansieringsrisko jfr. 1.4.5 Det skal opplysast kor stor del av gjelda som forfell og 6

må refinansierast i løpet av dei neste 12 månadane. Rådmannen har ansvar for å utarbeide rutinar for vurdering og handtering av finansiell risiko, samt rutinar for avdekking av avvik frå finansreglementet. 1.6.2 Kvalitetssikring Dette finansreglementet er i samsvar med Finansforskrifta kvalitetssikra av Kryssrevisjon som uavhengig instans. I tillegg skal rådmannen syta for at det blir utarbeidd rutinane for finansforvaltninga og at rutinane blir vurdert av uavhengig kompetanse. 1.6.3 Handsaming av avvik frå finansreglane Dersom det av uforutsette grunnar skulle oppstå avvik frå reglementet, skal rådmannen straks iverksette tiltak som rettar opp avviket, utan at dette medfører vesentleg risiko eller unødvendige tap. Avvik frå reglementet og handtering av desse inngår i rapporteringa til kommunestyret. 7

VEDLEGG Aktivafordeling Aktivagrupper Aktiv forvaltning Avkasting Dagslånsrente Derivat Direkte investering Diversifisering Durasjon Eigenkapital Finansielle FRA Future Indeks Investeringshorisont Kassakreditt Kupongrente Kursgevinst / - tap Kurtasje Likviditet Fordeling eller omfordeling av ei investering mellom ulike aktivaklasser, dvs. i denne samanhengen fordeling mellom bankinnskot, obligasjonsmarknad og aksjemarknad. Kan nyttast for å oppnå tilpassing av risikoprofil, betre diversifisering og høgare avkasting. Grupper av eigedelar / aktiva (jf. omtale av aktivaklasser ovanfor). Forvaltning og administrasjon av verdipapirporteføljer for investorar med monalege ( betydelege ) midlar. Vert tilbode av større bankar og meklarføretak. Den verdiauken som ei investering har oppnådd over ein viss periode (t.d. eitt år). For verdipapirporteføljer tilsvarer dette summen av alle kursendringane pluss motteke / påløpt utbytte og renter minus evt. kostnader. Tilsvarer rente for bankinnskot. Den renta banken må betale ved kortsiktige lån i Noregs Bank. Finansielt instrument (opsjon eller future ) som er avleidd av eit anna verdipapir Kjøp og sal av verdipapir på eiga hand via ein eller fleire meklarar. Spreiing av ei investering på fleire verdipapir med det føremålet å redusere risiko Eit omgrep for løpetid for obligasjonar. Også kalla varighet. Dei samla eigedelane i eit selskap minus samla gjeld, dvs. den delen av selskapet sin verdi som er eigd og finansiert av eigarane / aksjonærane. Eit fellesomgrep for verdipapir, verdipapirfondsdelar, pengemarknadsinstrument, finansielle instrument terminkontraktar, framtidige renteavtaler (FRA), rente- og valutabytteavtaler (SWAP) og ulike typar futures og opsjonar. Framtidig renteavtale. Gjensidig bindande avtale om ei framtidig rente i ein gitt periode og for ein bestemt sum. Standardisert, bindande avtale mellom to partar om å kjøpe eller selje eit bestemt tal verdipapir til ein bestemt pris på eit bestemt framtidig tidspunkt. Eit mål for den generelle kursutviklinga i ein verdipapirmarknad, dvs. ein vekta kurs av summen av alle verdipapira som inngår i indeksen. Denne vert gjerne sett lik 100 eller 1000 ved starten av indeksperioden. Tida frå ei investering startar og fram til ein ønskjer mesteparten utbetalt i kontantar. Gjev kunden rett til å ta opp lån etter behov inntil eit fastsett beløp. Renta på obligasjonar som vert fastsett på utskrivingstidspunktet og som ein ikkje får utbetalt (halvårleg), basert på obligasjonen sin pålydande verdi. Differansen mellom sals- og kjøpesum for eit verdipapir. Godtgjersla som meklar reknar for arbeidet sitt ved omsetnad av verdipapir. betyr betalingsevne og er eit økonomisk uttrykk for evna til å kunne betale løpende utgifter som rekninger, løn, utviklingskostnader, skatt m.m. 8

Langsiktige finansielle aktiva Løpetid Marknadsrente Nibor Noverdi Obligasjon Opsjon Pengemarknaden Portefølje Pålydande Referanseindeks Rentefølsomhet Renteopsjon Risiko Risikoprofil Sertifikat Spread er midlar som ikkje kan reknast som ledige likvider eller som er planlagt brukt til driftsformål. Tida fram til ein obligasjon eller eit sertifikat forfell til betaling. Uttrykk for det generelle rentenivået i marknaden. Norwegian InterBank Offered Rate (NIBOR) er ei referanserente i valutabyttemarknaden, såkalla valutaswaprente. NIBOR er derfor avleda av rentene i dei utanlandske pengemarknadane. Renta blir ofte brukt på interbanknivå som referanse for pengemarknadsrenter mellom bankane. Den utlånsrenta ulike bankar krever av andre bankar vil dermed korrelere i ei viss grad med valutaswaprentene. Den blir ofte regna som marknaden si risikofrie rente. Dagens verdi av framtidige kontantstraumar, neddiskontert verdi. Eit renteberande verdipapir som er utskrive av verksemder, finansinstitusjonar, eller av stat, fylkeskommunar og kommunar i samband med låneopptak. Eit finansielt instrument som gir innehavar rett til å kjøpe eller selje eit tal verdipapir (eller eit anna finansielt instrument eller valuta) innan eller på eit bestemt tidspunkt i framtida. Marknad som omfattar sertifikat, obligasjonar og andre kortsiktige finansielle instrument med attståande løpetid under 12 månader. Eit utval eller ei samling ( beholdning ) av ulike verdipapir. Verdien av eit verdipapir når det vert utskrive første gong. Dette vert gjerne kalla pari eller nominell verdi. For obligasjonar er pålydande kurs normalt lik 100. Det valde samanlikningsgrunnlaget (som avspeglar investeringsuniverset) for ein portefølje av verdipapir, både med omsyn til avkasting og risiko. T.d. har totalindeksen vore ein mykje nytta referanseindeks for norske aksjeporteføljer. Ny OSEFX-indeks er no vanleg ved samanlikning. T.d. kor lett ein obligasjonskurs vert påverka av endring i marknadsrenta. Døme: Ei rentefølsomhet på 3 vil ved ein rentenedgang på 0,5 % gi ein kursoppgang på 1,5 %. Eit finansielt instrument som gir innehavaren rett til å betale eller motta ei bestemt rente over ein bestemt periode. Kjøp av cap sikrar låntakarar med flytande rente mot stigande lånerenter, medan kjøp av floor sikrar innskytarar med flytande rente mot fallande innskotsrenter. Eit samleomgrep for alle kjelder til faren for å påføre seg økonomiske tap. Alle former for sparing, investering, låneopptak osv. inneber ei eller fleire former for risiki. Tilhøvet mellom forventa avkasting og risiko som ei investering inneber. Risikoprofilen vert gjerne omtala som konservativ, moderat, aggressiv, varsam osv. Eit renteberande verdipapir som er utskrive i samband med låneopptak med løpetid kortare enn 12 månader, elles lik ein obligasjon. Differansen mellom kjøpar ( Bid ) og seljarkurs ( Ask ). 9

Standardavvik Eit mål for graden av risiko som er knytta til ein storleik (t.d. forventa avkasting). Dess større standardavvik, dess større avvik kan ein forvente mellom reell og forventa verdi. Strategisk aktivafordeling Den langsiktige optimale fordelinga av samla investering mellom aksjar, obligasjonar og bankinnskot. Fordelinga er eit resultat av kva slag risikoprofil som er den rette for den einskilde investoren. Swap Utbytte Valuta- og rentesikring Valutarisiko Verdipapir Verdipapirfond Volatilitet Forpliktande avtale mellom to partar om å bytte ut eit finansielt instrument med eit anna, og vidare å bytte dette attende på eit framtidig tidspunkt til ein på førehand avtalt pris. Den delen av disponibelt overskot som eit aksjeselskap betaler ut til aksjonærane. Reduksjon / eliminering av risiko (eksponering) i framande valutaer og i rentemarnaden Faren for svingingar i valutakursar ved plasseringar i utanlandske verdipapir og valuta. Fellesnamn på aksjar, obligasjonar, sertifikat og teikningsrettar. Ein verdipapirportefølje som fleire spararar (andelseigarar) eig i fellesskap, og som vert forvalta og administrert av eit forvaltningsselskap på vegner av andelseigarane. Eit risiko-omgrep som gir uttrykk for grad av variasjon i avkastinga til t.d. eit verdipapir, fond eller marknad. Vert til vanleg oppgitt i standardavvik. 10