FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak: 11/1134 Løpenummer: 11/6801-4 Utval: Planutvalet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 04.10.2011 Tid: 17:00 - Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene og varamedlemene i brev av 16.09.2011. Møtet vart kunngjort i ei avis, på heimesida og ved oppslag på kunngjeringsstadar i kommunen. Desse medlemene møtte: Hans S Vindenes, Sp, Margunn Y. Samnøy, Sp, Mikal Leigland, Sp Morten Havsgård, Sp, Atle Kvåle, Ap Ivar Hellebø, Ap, Steinar Skår, H Magne Djuvik, Frp, Anita Tveit Frp Anne Martinsen, Krf, Jan Birger Landøy, Krf Andre som var tilstade på møtet: Kommunalsjef Øyvind Haga Plan- og bygningssjef Per Gunnar Haavik Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Atle Kvåle leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 4.10.2011 Atle Kvåle Leiar Per Gunnar Haavik Ansvarleg sekretær
Saksliste Sak nr. Sakstittel 052/11 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 06.09.2011 053/11 DELEGERTE SAKER 054/11 PRIVAT REGULERINGSPLAN FOR FRITIDSBUSTADAR, GBNR. 40/63, SKJØRSAND. SLUTTHANDSAMING. 055/11 PRIVAT REGULERINGSPLAN FOR BUSTADER. GBNR. 120/9, M.FL, SUNDVOR. SLUTTHANDSAMING. 056/11 REGULERINGSPLAN VED NORE FUSA OPPVEKSTSENTER - HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN - OFFENTLEG PLAN 057/11 INTERKOMMUNAL STRANDSONEPLAN - UTARBEIDING AV PLANPROGRAM 058/11 GBNR. 9/20, GAUGSTAD: SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLAN FOR RIVING AV ELDRE FRITIDSBUSTAD OG BYGGING AV NY FRITIDSBUSTAD. 059/11 GBNR. 7/31, BOGA NEDRE: SØKNAD OM TILBYGG TIL HYTTE OG UTVIDING AV TERRASSE. DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLAN. KLAGE PÅ VEDTAK I PLANUTVALET, SAK 027/11. 060/11 GBNR. 15/79, ÅDLAND: SØKNAD OM BYGGELØYVE FOR BUSTADHUS. DISPENSASJON FRÅ REGULERINGSPLAN. 061/11 GBNR. 19/16, 53, HELLAND: SØKNAD OM LØYVE TIL UTLEGGING AV FLYTEBRYGGE. DISPENSASJON FRÅ REGULERINGSPLAN.
052/11: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 06.09.2011 PLA-052/11 VEDTAK: Møteprotokoll frå møte 06.09.2011 vart samrøystes godkjent. 053/11: DELEGERTE SAKER PLA-053/11 VEDTAK: Saka vart samrøystes teke til orientering. 054/11: PRIVAT REGULERINGSPLAN FOR FRITIDSBUSTADAR, GBNR. 40/63, SKJØRSAND. SLUTTHANDSAMING. RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL TILRÅDING: Fusa kommune godkjenner reguleringsplan for fritidsbustader på gbnr. 40/63, Skjørsand, med tilhøyrande føresegner, slik den no ligg føre. Vedtak er gjort med heimel i 12-12 i plan- og bygningslova (2008). Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes tilrådd. PLA-054/11 TILRÅDING: Fusa kommune godkjenner reguleringsplan for fritidsbustader på gbnr. 40/63, Skjørsand, med tilhøyrande føresegner, slik den no ligg føre. Vedtak er gjort med heimel i 12-12 i plan- og bygningslova (2008).
055/11: PRIVAT REGULERINGSPLAN FOR BUSTADER. GBNR. 120/9, M.FL, SUNDVOR. SLUTTHANDSAMING. RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL TILRÅDING: Fusa kommune godkjenner reguleringsplan for bustader, gbnr. 120/9, m.fl., Sundvor, med tilhøyrande føresegner, slik den no ligg føre. Vedtak er gjort med heimel i 27-2 i plan- og bygningslova (1985). Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes tilrådd. PLA-055/11 TILRÅDING: Fusa kommune godkjenner reguleringsplan for bustader, gbnr. 120/9, m.fl., Sundvor, med tilhøyrande føresegner, slik den no ligg føre. Vedtak er gjort med heimel i 27-2 i plan- og bygningslova (1985). 056/11: REGULERINGSPLAN VED NORE FUSA OPPVEKSTSENTER - HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN - OFFENTLEG PLAN Reguleringsplan for Nore Fusa oppvekstsenter, ny barnehage. Del av gbnr 13/40 og 13/4 vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova 12-10. PLA-056/11 VEDTAK: Reguleringsplan for Nore Fusa oppvekstsenter, ny barnehage. Del av gbnr 13/40 og 13/4 vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova 12-10.
057/11: INTERKOMMUNAL STRANDSONEPLAN - UTARBEIDING AV PLANPROGRAM 1. Fusa kommune deltek i samarbeidsrådet for Sunnhordland sitt arbeid med utarbeiding av planprogram for strandsoneplan for Sunnhordland. 2. Planen må tilpassast kvar kommune, slik at den kan inngå som ein del av kommuneplanen. 3. Planprogrammet skal godkjennast av kommunane. 4. Framdriftsplan, kostnadsoverslag og korleis arbeidet med sjølve planen skal organiserast må inngå som ein del av planprogrammet. 5. Samarbeidsrådet for Sunnhordland får fullmakt til å senda planprogrammet ut på høyring. PLA-057/11 VEDTAK: 1. Fusa kommune deltek i samarbeidsrådet for Sunnhordland sitt arbeid med utarbeiding av planprogram for strandsoneplan for Sunnhordland. 2. Planen må tilpassast kvar kommune, slik at den kan inngå som ein del av kommuneplanen. 3. Planprogrammet skal godkjennast av kommunane. 4. Framdriftsplan, kostnadsoverslag og korleis arbeidet med sjølve planen skal organiserast må inngå som ein del av planprogrammet. 5. Samarbeidsrådet for Sunnhordland får fullmakt til å senda planprogrammet ut på høyring. 058/11: GBNR. 9/20, GAUGSTAD: SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLAN FOR RIVING AV ELDRE FRITIDSBUSTAD OG BYGGING AV NY FRITIDSBUSTAD. Fusa kommune gjev dispensasjon frå arealdel til kommuneplan og godkjenner at eldre fritidsbustad på gbnr. 9/20, Gaugstad, kan rivast og at det kan byggjast ny fritidsbustad, på fylgjande vilkår: 1. Før arbeid vert utført på tomta, skal det sendast inn søknad om rivings- og byggeløyve. 2. Ny fritidsbustad skal utformast i tråd med vilkåra sett i arealdel til kommuneplan. Vedtak er gjort med heimel i 1-8 og 19-2 i plan- og bygningslova (2008)
PLA-058/11 VEDTAK: Fusa kommune gjev dispensasjon frå arealdel til kommuneplan og godkjenner at eldre fritidsbustad på gbnr. 9/20, Gaugstad, kan rivast og at det kan byggjast ny fritidsbustad, på fylgjande vilkår: 1. Før arbeid vert utført på tomta, skal det sendast inn søknad om rivings- og byggeløyve. 2. Ny fritidsbustad skal utformast i tråd med vilkåra sett i arealdel til kommuneplan. Vedtak er gjort med heimel i 1-8 og 19-2 i plan- og bygningslova (2008). 059/11: GBNR. 7/31, BOGA NEDRE: SØKNAD OM TILBYGG TIL HYTTE OG UTVIDING AV TERRASSE. DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLAN. KLAGE PÅ VEDTAK I PLANUTVALET, SAK 027/11. Fusa kommune kan ikkje sjå at det kjem fram nye moment i klage, som ikkje er drøfta og vurdert tidlegare. Fusa kommune gjev dispensasjon frå arealdel til kommuneplan og godkjenner omsøkte utbygging av hytte på gbnr. 7/31, Boga nedre. Følgjande endring gjeld: 1. Terasserekkverk skal ha gjennomsiktig glas. 2. Vindu i gavl mot nabo blir ikkje godkjendt. Eventuell søknad om takvindauge må meldast på vanleg måte. Nye teikningar skal sendast inn for godkjenning. Ansvarleg prosjekterande må senda inn dokumentasjon på at byggearbeid er i tråd med teknisk forskrift også når det gjeld avløp. Vedtak er gjort med heimel i arealdel til kommuneplan, jfr. 19-2 i plan- og bygningslova (2008) og 70 og 93 i plan- og bygningslova (1985).
PLA-059/11 VEDTAK: Fusa kommune kan ikkje sjå at det kjem fram nye moment i klage, som ikkje er drøfta og vurdert tidlegare. Fusa kommune gjev dispensasjon frå arealdel til kommuneplan og godkjenner omsøkte utbygging av hytte på gbnr. 7/31, Boga nedre. Følgjande endring gjeld: 1. Terasserekkverk skal ha gjennomsiktig glas. 2. Vindu i gavl mot nabo blir ikkje godkjendt. Eventuell søknad om takvindauge må meldast på vanleg måte. Nye teikningar skal sendast inn for godkjenning. Ansvarleg prosjekterande må senda inn dokumentasjon på at byggearbeid er i tråd med teknisk forskrift også når det gjeld avløp. Vedtak er gjort med heimel i arealdel til kommuneplan, jfr. 19-2 i plan- og bygningslova (2008) og 70 og 93 i plan- og bygningslova (1985). 060/11: GBNR. 15/79, ÅDLAND: SØKNAD OM BYGGELØYVE FOR BUSTADHUS. DISPENSASJON FRÅ REGULERINGSPLAN. Fusa kommune gjev dispensasjon frå reguleringsplan Ådland søndre Utløebakken og gjev byggeløyve for bustadhus på gbnr. 15/79, Ådland, på fylgjande vilkår: 1. Bygging skal skje i samsvar med gjeldande lover og føresegner. 2. Bustaden skal ellers plasserast i samsvar med det som er vedteke i reguleringsplan med føresegner. 3. Avlaup skal gå til felles privat avlaupsanlegg. 4. Fusa kommune skal ha melding når bygging tek til og når bustaden står ferdig. Ansvarleg søkjar/ tiltakshavar skal innhenta ferdigattest/ mellombels bruksløyve før bustaden vert teken i bruk. Vedtak er gjort med heimel i reguleringsplan for Ådland søndre Utløebakken, jfr. 19-2 og 20-1 i plan- og bygningslova (2008). PLA-060/11 VEDTAK: Fusa kommune gjev dispensasjon frå reguleringsplan Ådland søndre Utløebakken og gjev byggeløyve for bustadhus på gbnr. 15/79, Ådland, på fylgjande vilkår:
1. Bygging skal skje i samsvar med gjeldande lover og føresegner. 2. Bustaden skal ellers plasserast i samsvar med det som er vedteke i reguleringsplan med føresegner. 3. Avlaup skal gå til felles privat avlaupsanlegg. 4. Fusa kommune skal ha melding når bygging tek til og når bustaden står ferdig. Ansvarleg søkjar/ tiltakshavar skal innhenta ferdigattest/ mellombels bruksløyve før bustaden vert teken i bruk. Vedtak er gjort med heimel i reguleringsplan for Ådland søndre Utløebakken, jfr. 19-2 og 20-1 i plan- og bygningslova (2008). 061/11: GBNR. 19/16, 53, HELLAND: SØKNAD OM LØYVE TIL UTLEGGING AV FLYTEBRYGGE. DISPENSASJON FRÅ REGULERINGSPLAN. Fusa kommune gjev dispensasjon frå reguleringsplan Grimeneset, del av gbnr. 19/1,3 og 12 og godkjenner utlegging av flytebrygge på gbnr. 19/16,53, Helland, som omsøkt. Flytebrygga må forankrast forsvarleg og må ikkje vera til hinder for ferdsle på sjøen. Vedtak er gjort med heimel i Reguleringsplan for Grimeneset, jfr. 19-2 og 20-1 i plan- og bygningslova (2008) PLA-061/11 VEDTAK: Fusa kommune gjev dispensasjon frå reguleringsplan Grimeneset, del av gbnr. 19/1,3 og 12 og godkjenner utlegging av flytebrygge på gbnr. 19/16,53, Helland, som omsøkt. Flytebrygga må forankrast forsvarleg og må ikkje vera til hinder for ferdsle på sjøen. Vedtak er gjort med heimel i Reguleringsplan for Grimeneset, jfr. 19-2 og 20-1 i plan- og bygningslova (2008).