Møteprotokoll Utval: Eldrerådet Møtestad: Møterom 103, Fylkeshuset i Molde Dato: 21.11.2012 Tid: 10:30 Protokoll nr: 4/12 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Torleiv Rogne UAVH Arve Hans Otterlei FRP Målfrid Mogstad Johannes J. Vaag Aslaug Solberg Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Jakob Strand Kristine Grøtta Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Norunn Heggebakk Steinnes Jakob Strand Ingerid Gjørtz Kristine Grøtta Frå administrasjonen møtte: Namn Paula Næss Skår Stilling Rådgivar Sekretariat: Namn Mia Smørdal Stilling konsulent Dersom det er merknader til det som er ført i protokollen, ber vi om at dette blir gjort kjent for sekretariatet snarast.
2 Saksnr Innhold Uoff E-24/12 Regional delplan for folkehelse - planprogram E-25/12 Møteplan 2013 - val av stad og tema E-26/12 Økonomiplan 2013-2016 med budsjett for 2013 E-27/12 Fellesmøte med trøndelagsfylka 2013 - forslag til dato, stad og innleiarar E-28/12 Studietur for eldrerådet - orientering om status E-29/12 Er "Verdighetsgarantien" verdilaus? E-30/12 Dei eldste pleie- og omsorgstrengande blir liggjande heime E-31/12 Brev til fylkeseldrerådet frå ein privatperson RS-15/12 Budsjett Eldrerådet 2012 RS-16/12 Verdens aktivitetsdag 2013 RS-17/12 Alder er ingen diagnose RS-18/12 Protokoll Statens seniorråd 07.09.2012 Eldrerådet sitt møte tok til kl 10.30 på møterom 103 på fylkeshuset i Molde under leiing av leiar Målfrid Mogstad. Kristine Grøtta og Jakob Strand hadde meldt forfall. Norunn Heggebakk Steinnes og Ingerid Gjørtz møtte som vararepresentantar. Møtet vart sett med 7 representantar. Orientering Marianne Halseth Hole frå samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune orienterte om TT-området. Godkjenning av protokoll Protokollen frå møte 25.09.2012 vart godkjent utan merknad. Innkallinga vart godkjent utan merknad. Saklista vart godkjent utan merknad. E 25-12 Møteplan 2013 - val av stad og tema Johannes Vaag fremma følgjande forslag til tilleggssetning til vedtaket: Fylkeseldrerådet vedtek at varamedlemene får dekka reiseutgiftene sine til fylkeseldrerådet sitt møte 27.02.13 i samsvar med gjeldande regelverk. Fylkeseldrerådet gjer vedtak om at møtet 22. mai blir lagt til Giske kommune og 2. oktober til Nesset kommune. Fylkeseldrerådet sluttar seg også til dei tema som er foreslått i saksutgreiinga. Fylkeseldrerådet vedtek at vararepresentantane blir invitert inn til møtet 27.februar som observatørar. Rådet vedtek at varamedlemene får dekka reiseutgiftene sine til fylkeseldrerådet sitt møte 27.02.13 i samsvar med gjeldande regelverk.
E 26-12 Økonomiplan 2013-2016 med budsjett for 2013 3 Målfrid Mogstad fremma følgjande forslag til uttale: Samferdsel Tilboda til personar utan eigen bil må styrkast Talet på personar utan bil veks i fylket (på grunn av mellom anna skjerpa krav til eldre bilførarar), og vil krevje ein betre, og meir behovstilpassa kollektivtransport. Fylkeseldrerådet viser til Nasjonal Transportplan 2010-2016, der det er eit uttalt mål at det må satsast på universell utforming i heile planperioden. I forslaget til rådmannen er det til dømes ikkje lagt opp til auka satsing på universell utforming når det gjeld rutebildrift, utanom selskapa sine normale fornyingar av bussar (s.120). Eldrerådet håper fylkestinget under handsaming av økonomiplana vil satse meir på transporttilboda til eldre og funksjonshemma enn i det forslaget som ligg føre. Dette gjeld auka satsing på universell utforming, auka satsing på bestillingstransport, kollektivtransport i distrikta (KID), TT-ordninga og kollektivtilboda generelt. Tilrettelagt transportordning TT-ordninga I følgje samferdselsdepartementet sine retningsliner til fylka om kven som skal nyte godt av TT-ordninga, er det behovet for transport som skal leggast til grunn for tildeling. Fylkeseldrerådet er kritisk til at fylket vårt enno brukar kriterium som diskriminerer sterkt funksjonshemma eldre over 67 år. I budsjettforslaget 2013-2016 (s.128) blir det lagt opp til at ei slik diskriminering skal halde fram. Eldrerådet ber fylkestinget legge behovet, alvorleg funksjonshemming, til grunn for tildeling av TT-tenestene, ikkje alder. Samferdsel Tilboda til personar utan eigen bil må styrkast Talet på personar utan bil veks i fylket (på grunn av mellom anna skjerpa krav til eldre bilførarar), og vil krevje ein betre, og meir behovstilpassa kollektivtransport. Fylkeseldrerådet viser til Nasjonal Transportplan 2010-2016, der det er eit uttalt mål at det må satsast på universell utforming i heile planperioden. I forslaget til rådmannen er det til dømes ikkje lagt opp til auka satsing på universell utforming når det gjeld rutebildrift, utanom selskapa sine normale fornyingar av bussar (s.120). Eldrerådet håper fylkestinget under handsaming av økonomiplana vil satse meir på transporttilboda til eldre og funksjonshemma enn i det forslaget som ligg føre.
Dette gjeld auka satsing på universell utforming, auka satsing på bestillingstransport, kollektivtransport i distrikta (KID), TT-ordninga og kollektivtilboda generelt. 4 Tilrettelagt transportordning TT-ordninga I følgje samferdselsdepartementet sine retningsliner til fylka om kven som skal nyte godt av TT-ordninga, er det behovet for transport som skal leggast til grunn for tildeling. Fylkeseldrerådet er kritisk til at fylket vårt enno brukar kriterium som diskriminerer sterkt funksjonshemma eldre over 67 år. I budsjettforslaget 2013-2016 (s.128) blir det lagt opp til at ei slik diskriminering skal halde fram. Eldrerådet ber fylkestinget legge behovet, alvorleg funksjonshemming, til grunn for tildeling av TT-tenestene, ikkje alder. E 27-12 Fellesmøte med trøndelagsfylka 2013 - forslag til dato, stad og innleiarar Eldrerådet diskuterte seg fram til følgjande nytt forslag til vedtak: Fylkeseldrerådet gjer vedtak om at fellesmøtet med trøndelagsfylka blir gjennomført 8. og 9.april 2013. Johannes Vaag fremma også følgjande tillegg til vedtaket: I dag har dei tre fylka i Helse Midt-Noreg felles representant frå fylkeseldreråda. Representasjonen går på omgang mellom desse fylka. Om trøndelagsfylka er samde om det, blir det teke opp som eiga fellessak under fellesmøtet: Representasjon frå Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord- Trøndelag i regionalt brukarutval. Møre og Romsdal meiner det skal vere tre representantar frå fylkeseldreråda i brukarutval for Helse Midt-Noreg, ein representant frå kvart av dei aktuelle fylka. Fylkeseldrerådet gjer vedtak om at fellesmøtet med trøndelagsfylka blir gjennomført 8. og 9.april 2013. I dag har dei tre fylka i Helse Midt-Noreg felles representant frå fylkeseldreråda. Representasjonen går på omgang mellom desse fylka. Om trøndelagsfylka er samde om det, blir det teke opp som eiga fellessak under fellesmøtet: Representasjon frå Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag i regionalt brukarutval. Møre og Romsdal meiner det skal vere tre representantar frå fylkeseldreråda i brukarutval for Helse Midt-Noreg, ein representant frå kvart av dei aktuelle fylka. E 28-12 Studietur for eldrerådet - orientering om status Eldrerådet drøfta seg fram til følgjande forslag til vedtak: Eldrerådet ber administrasjonen arbeide vidare med planlegging av studietur neste år. Eldrerådet vil gjerne vere med på fellestur med
fylkeseldreråda og fylkesråda for likestilling av funksjonshemma i Nord- og Sør-Trøndelag. 5 Eldrerådet ber administrasjonen arbeide vidare med planlegging av studietur neste år. Eldrerådet vil gjerne vere med på fellestur med fylkeseldreråda og fylkesråda for likestilling av funksjonshemma i Nord- og Sør-Trøndelag. Orientering Sigri Spjelkavik frå kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune orienterte om regional delplan for folkehelse planprogram. E 24-12 Regional delplan for folkehelse - planprogram Eldrerådet drøfta seg fram til følgjande forslag til vedtak: Eldrerådet tek regional delplan for folkehelse planprogram til vitande. Samrøystes vedtak i Eldrerådet- 21.11.2012 Eldrerådet tek regional delplan for folkehelse planprogram til vitande. E 29-12 Er "Verdighetsgarantien" verdilaus? Målfrid Mogstad fremma følgjande forslag til uttale: Er Verdighetsgarantien verdilaus? Kommunane opplever i dag at sjukehusa har endra praksis og sender ut pasientar mykje raskare enn før. Pasientane er mykje sjukare, og treng då sjølvsagt fleire og lengre behandlingstilbod i kommunen. Blir pasientane liggjande på sjukehus etter at dei er definert som utskrivingsklare, går taksameteret frå dag ein, og kommunane ser seg ikkje råd til å ha dei liggjande. Tilboda er billegare i kommunen, slik som var føresett i samhandlingsreforma. Pasientane skulle få ei like god, eller betre, behandling i kommunen. Det ein kan slå fast, etter mange oppslag i avisene dette året med samhandlingsreforma, er at kommunane tek i mot sjukare pasientar frå sjukehusa, trass i at det frå statleg hald er sagt at kriteria for utskriving ikkje er endra. Kva tilbod får desse pasientane i kommunane? Kvalitet og omfang av helsetenester varierer sjølvsagt mykje frå kommune til kommune, slik det også gjorde før samhandlingsreforma. Vi veit at det er mangel på sjukeheimsplassar i mange kommunar (jf undersøking 2010 Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal).
Dei siste åra er svært få nye sjukeheimsplassar oppretta. Somme stader har det blitt færre, fordi kommunar har avheimla, gjort sjukeheimsplassar om til omsorgsplassar eller bukollektiv. For å kunne ta i mot ferdigbehandla pasientar, er einerom blitt gjort om til tomannsom, saman med andre naudløysingar (jf artiklar i Sunnmørsposten 2.6.2012, Tidens Krav 23.10.2012, Romsdal Budstikke 13.9.2012). 6 Fylkeseldrerådet undrast kor lenge slike uverdige naudløysingar skal måtte vare ved. I forskriftene 2011 til den såkalla Verdighetsgarantien står det blant anna at pasientar på helseinstitusjonar skal tilbydast einerom (paragraf 3). I denne førjulstida strevar kommunepolitikarane med budsjettarbeid. Etter det som kan lesast i avisene, er det kvar nedskjeringane må takast det stridast om, og kor mykje underskotet kan minkast. Frå 2016 får kommunane auka ansvar for sjuke pasientar som i dag er sjukehusa sitt ansvar. Då skal kommunane bli lovpålagt å opprette døgntilbod for øyeblikkeleg helsehjelp. Konsekvensen av dette lovpålegget, blir at kommunane i langt større grad enn i dag vil måtte ta reelle avvegingar av om pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp skal visast til kommunale tilbod, eller til spesialisthelseteneste. Det blir dyrare for kommunen dess fleire som må ha spesialisthelseteneste. Kven blir desse pasientane med trong for øyeblikkeleg helsehjelp som kommunane må ha tilbod til frå 2016? Det blir sjølvsagt sagt at det er diagnose, og ikkje alder som avgjer kven som skal til medisinske sentra i kommunane, og ikkje til spesialistar på sjukehusa. Men ein veit at sjuke eldre ofte har eit samansett sjukdomsbilde, som krev diagnostisk- og behandlingskompetanse som berre sjukehusa i dag har. Ein kan tvile på om dei medisinske sentra som etter kvart skal byggjast, vil få slik kompetanse. Legedekninga på sjukeheimane i dag er urovekkjande lav. Er det grunn til å tru at kommunane dei næraste åra får ein økonomi, der eldre sjuke får den fagkompetansen som gjev dei eit like godt eller betre tilbod i kommunane enn det dei har i dag på sjukehusa? Fylkeseldrerådet vil så sterkt ein kan, understreke behovet for ein gjennomgang av kommunane sin evne og kapasitet for å ta i mot utskrivingsklare pasientar dette første året av samhandlingsreforma. Storting og regjering må forvisse seg at kommunane greier å skaffe plassar nok, og det viktigaste, nok fagkunnskap, før nye store oppgåver blir lagt på kommunane på helsesektoren. Er Verdighetsgarantien verdilaus? Kommunane opplever i dag at sjukehusa har endra praksis og sender ut pasientar mykje raskare enn før. Pasientane er mykje sjukare, og treng då sjølvsagt fleire og lengre behandlingstilbod i kommunen.
Blir pasientane liggjande på sjukehus etter at dei er definert som utskrivingsklare, går taksameteret frå dag ein, og kommunane ser seg ikkje råd til å ha dei liggjande. Tilboda er billegare i kommunen, slik som var føresett i samhandlingsreforma. Pasientane skulle få ei like god, eller betre, behandling i kommunen. Det ein kan slå fast, etter mange oppslag i avisene dette året med samhandlingsreforma, er at kommunane tek i mot sjukare pasientar frå sjukehusa, trass i at det frå statleg hald er sagt at kriteria for utskriving ikkje er endra. Kva tilbod får desse pasientane i kommunane? Kvalitet og omfang av helsetenester varierer sjølvsagt mykje frå kommune til kommune, slik det også gjorde før samhandlingsreforma. Vi veit at det er mangel på sjukeheimsplassar i mange kommunar (jf under-søking 2010 Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal). Dei siste åra er svært få nye sjukeheimsplassar oppretta. Somme stader har det blitt færre, fordi kommunar har avheimla, gjort sjukeheimsplassar om til omsorgsplassar eller bukollektiv. For å kunne ta i mot ferdigbehandla pasientar, er einerom blitt gjort om til tomannsom, saman med andre naudløysingar (jf artiklar i Sunnmørsposten 2.6.2012, Tidens Krav 23.10.2012, Romsdal Budstikke 13.9.2012). Fylkeseldrerådet undrast kor lenge slike uverdige naudløysingar skal måtte vare ved. I forskriftene 2011 til den såkalla Verdighetsgarantien står det blant anna at pasientar på helseinstitusjonar skal tilbydast einerom (paragraf 3). I denne førjulstida strevar kommunepolitikarane med budsjettarbeid. Etter det som kan lesast i avisene, er det kvar nedskjeringane må takast det stridast om, og kor mykje underskotet kan minkast. Frå 2016 får kommunane auka ansvar for sjuke pasientar som i dag er sjukehusa sitt ansvar. Då skal kommunane bli lovpålagt å opprette døgntilbod for øyeblikkeleg helsehjelp. Konsekvensen av dette lovpålegget, blir at kommunane i langt større grad enn i dag vil måtte ta reelle avvegingar av om pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp skal visast til kommunale tilbod, eller til spesialisthelseteneste. Det blir dyrare for kommunen dess fleire som må ha spesialisthelseteneste. Kven blir desse pasientane med trong for øyeblikkeleg helsehjelp som kommunane må ha tilbod til frå 2016? Det blir sjølvsagt sagt at det er diagnose, og ikkje alder som avgjer kven som skal til medisinske sentra i kommunane, og ikkje til spesialistar på sjukehusa. Men ein veit at sjuke eldre ofte har eit samansett sjukdomsbilde, som krev diagnostisk- og behandlingskompetanse som berre sjukehusa i dag har. Ein kan tvile på om dei medisinske sentra som etter kvart skal byggjast, vil få slik kompetanse. Legedekninga på sjukeheimane i dag er urovekkjande lav. Er det grunn til å tru at kommunane dei næraste åra får ein økonomi, der eldre sjuke får den fagkompetansen som gjev dei eit like godt eller betre tilbod i kommunane enn det dei har i dag på sjukehusa? Fylkeseldrerådet vil så sterkt ein kan, understreke behovet for ein gjennomgang av kommunane sin evne og kapasitet for å ta i mot utskrivingsklare pasientar dette 7
første året av samhandlingsreforma. Storting og regjering må forvisse seg at kommunane greier å skaffe plassar nok, og det viktigaste, nok fagkunnskap, før nye store oppgåver blir lagt på kommunane på helsesektoren. 8 E 30-12 Dei eldste pleie- og omsorgstrengande blir liggjande heime Johannes Vaag fremma følgjande forslag til uttale: Dei eldste pleie- og omsorgstrengande blir liggjande heime Terskelen for å få sjukeheimsplass blir høgre og høgre. Det blir stadig vanskelegare for å få plass for pleie- og omsorgstrengande over 90 år. Dette blir stadfesta av nye tal som bladet Kommunal Rapport har henta inn frå Statistisk Sentralbyrå, sjå Kommunal Rapport av 13.09.12, side 6. Samhandlingsreforma kan gjere situasjonen enda vanskelegare. Dette er alarmerande! Slik skal vi ikkje ha det. Den kraftige auken i gamle som blir liggjande heime med omfattande pleiebehov kan ikkje halde fram. Dei eldste eldre skal ikkje vere salderingsposten når det gjeld å få pleie- og omsorgstilboda til å gå i hop på ein skikkeleg måte. Studiar ved Senter for omsorgsforskning har vist at personalet som tildeler tenestene, meiner terskelen for sjukeheimsplass generelt sett er blitt høg. Professor Tor Inge Romøren uttaler til Kommunal Rapport at det er rimeleg å rekne med at denne utviklinga vil halde fram i år, fordi ein større del av kapasiteten ved sjukeheimane blir brukt til å ta hand om utskrivingsklare pasientar. Romøren sier: Disse vil utgjøre ytterligere en gruppe konkurrenter om ressursene, blant annet for sterkt hjelpetrengende 90- åringer. Informasjonssjef Dag Bredal i Seniorsaken seier det slik til Kommunal Rapport: Behovet for plasser er akutt i svært mange kommuner, og de reagerer ved å plassere folk i korridorer og dagligstuer. Politikken med enerom er forbi. Vi ser også eksempel på at døende pasienter ikke får enerom. Fylkeseldrerådet ser det slik at for å sikre ein verdig alderdom, ikkje minst for dei eldste eldre, bør tilskot til eldreomsorg øyremerkast, retten til sjukeheimsplass ved behov lovfestas og det bør innførast bemanningsnormer ved aldersinstitusjonar. Fylkeseldrerådet meiner at dei grepa som her er nemnde må til for å skape ein trygg og verdig alderdom for dei eldste av dei eldre uansett kor dei måtte bu i dette landet. Dei eldste pleie- og omsorgstrengande blir liggjande heime Terskelen for å få sjukeheimsplass blir høgre og høgre. Det blir stadig vanskelegare for å få plass for pleie- og omsorgstrengande over 90 år. Dette blir stadfesta av nye tal som bladet Kommunal Rapport har henta inn frå Statistisk Sentralbyrå, sjå Kommunal Rapport av 13.09.12, side 6. Samhandlingsreforma kan gjere situasjonen enda vanskelegare. Dette er alarmerande! Slik skal vi ikkje ha det.
9 Den kraftige auken i gamle som blir liggjande heime med omfattande pleiebehov kan ikkje halde fram. Dei eldste eldre skal ikkje vere salderingsposten når det gjeld å få pleie- og omsorgstilboda til å gå i hop på ein skikkeleg måte. Studiar ved Senter for omsorgsforskning har vist at personalet som tildeler tenestene, meiner terskelen for sjukeheimsplass generelt sett er blitt høg. Professor Tor Inge Romøren uttaler til Kommunal Rapport at det er rimeleg å rekne med at denne utviklinga vil halde fram i år, fordi ein større del av kapasiteten ved sjukeheimane blir brukt til å ta hand om utskrivingsklare pasientar. Romøren sier: Disse vil utgjøre ytterligere en gruppe konkurrenter om ressursene, blant annet for sterkt hjelpetrengende 90-åringer. Informasjonssjef Dag Bredal i Seniorsaken seier det slik til Kommunal Rapport: Behovet for plasser er akutt i svært mange kommuner, og de reagerer ved å plassere folk i korridorer og dagligstuer. Politikken med enerom er forbi. Vi ser også eksempel på at døende pasienter ikke får enerom. Fylkeseldrerådet ser det slik at for å sikre ein verdig alderdom, ikkje minst for dei eldste eldre, bør tilskot til eldreomsorg øyremerkast, retten til sjukeheimsplass ved behov lovfestas og det bør innførast bemanningsnormer ved aldersinstitusjonar. Fylkeseldrerådet meiner at dei grepa som her er nemnde må til for å skape ein trygg og verdig alderdom for dei eldste av dei eldre uansett kor dei måtte bu i dette landet. E 31-12 Brev til fylkeseldrerådet frå ein privatperson Eldrerådet drøfta seg fram til følgjande forslag til vedtak: Fylkeseldrerådet viser til saksframlegget og har elles ingen merknadar. Rådet ber om at dei to uttalane i sak E-29/12 og E-30/12 som er vedteke i dag, blir lagt ved i svarbrev til vedkomande. Eldrerådet blei også einig om at liknande henvendingar i framtida skal bli lagt fram som referatsak. Då er det er opp til rådet i møtet å bestemme om dei skal bli behandla som eldrerådssak. Fylkeseldrerådet viser til saksframlegget og har elles ingen merknadar. Rådet ber om at dei to uttalane i sak E-29/12 og E-30/12 som er vedteke i dag, blir lagt ved i svarbrev til vedkomande. Referatsaker Referatsak nr 15-18 vart teke til vitande. Møtet slutt kl 14.15.