Portfolio Erlend Sekkelsten Grafisk arbeid for trykk 2014
Svenneprøve, 2011 Magasin, seks sider Logo og annonse
reportasje Fylkemitt 11 Knivskarpe tradisjonar Helle skal blir skarpare enn nokon gong.
12 Fylkemitt reportasje reportasje Fylkemitt 13 Bildetekst: Occab int a consera sim quis soluptae pratest fugias idi quatem. Det er som å gå inn i ei verd vi berre har lese om i historiebøkene. Ei lukt av linolje, metall, og tre. Alt blanda saman. Ein skjerande lyd av stål som blir slipt skjer gjennom fabrikken. Og klinkelydar frå skaft som med stødig hand blir klinka på plass på knivbladet. Vi er på Helle Fabrikker i Holmedal. Vi går opp trapper, gjennom små rom, ut i neste bygg. Lyset skiftar. Trappeoppgangane er smale og mørke. I det vi opnar den tunge medalldøra, vert eit godt gammaldags lodd løfta opp av ein stålvaier. Den dreg døra sakte og trufast att etter oss, i det vi kjem inn i eitt av produksjonslokala. Lys siv inn frå vindauge høgt oppe på veggen. Over dei ulike maskinene lyser moderne lampar opp, og gir godt arbeidslys. Men i krik og krå, som det er mange av i lokala, er det mørkt. Nesten litt magisk. Inventaret er ikkje frå denne sida av tusenårsskiftet. Heller ikkje alt utstyret som vert brukt i produksjonen. Rundt omkring i lokalet held arbeidarane på med sitt. Roleg, men effektivt. Dei kan handverket sitt. Dei har drive med dette lenge. Mange i 30 år. Nokre i 50. Etter om lag 40 ulike operasjonar kjem ein kniv ferdig ut av produksjonen. I tredje etasje, opp slitne trappetrinn og bak tidstrøytte dører sit Torodd Helle og Solbjørg Vik på kvart sitt kontor. Knivar, nye og gamle, ligg saman med brosjyrar og papir på pulten. Ein PC durar stille, som eit gløtt av moderne tider inn i ein gammal tradisjon. Tradisjon og ektheit er viktig i satsinga framover. Og midt opp i det heile tek vi i bruk nye metodar. Litt i produksjonen, men mest i marknadsføringa og sal av knivane, seier dagleg leiar Torodd Helle. Han er den siste igjen frå Helle-familien i den tradisjonsrike bedrifta. Det var bestefaren hans som starta opp med å lage knivar, og faren og onkelen han som starta knivfabrikk. Torodd Helle har mange roller og fingrane han er borti det meste. Han er dagleg leiar, men både dressjakka og slipset er fråverande. Han sit avslappa i stolen. Kledd i dongeri, blå skjorte og fleecevest. Over telefonen gir han instruksar til formennene, utan å kaste bort tida med utanomsnakk. Han er rett på sak. Han møter folk med blikket. Likar best å snakke med folk andlet til andlet. Og er målretta i kroppsspråk, i tale og i handling. Vi har alltid vore sta, stolte, uthaldande og nøysomme i Helle. Dette skal vi halde fram med, og vi skal bruke det for alt det er verd framover, seier direktøren. Han trur desse grunnverdiane, saman med handverkspreget, folka og fabrikken, den lange historia og omgjevnadene er viktige når dei byggjer merkevara Helle i det store utland. I kombinasjon med gode og særprega knivar er det dette som skil Helle ut som noko eige og spesielt i ei verd med 22.000 knivfabrikkar. Merkevara er bygd over 80 år, og det er vårt konkurransefortrinn, seier Helle. «Tornadoen» Anders Haglund Meldingar tikkar inn på mobilen. På PC-en dukkar e-postar opp i høgre hjørnet medan videoen som skal reklamere for Helle blir avspelt frå YouTube. I Sverige sit Anders Haglund og jobbar som marknadssjef for Helle Fabrikker. Når han ikkje er ute i verda og sel inn knivane frå Holmedal. I alle år har Norge vore største satsingsområdet. Sjølv om det har vore eksportert til dei fleste delar av verda, har dette vore eit tillegg til den norske marknaden. Dette er i ferd med å snu, seier Helle. Sjølv har han studert fleire år i USA. Har reist mykje, og møtt mange folk og potensielle kundar frå alle verdshjørne. Men størstedelen av æra for det som no er i ferd med å skje i den tradisjonsrike bedrifta, gir han Anders Haglund. Anders har med si lange erfaring frå bransjen komme inn i gamle Helle som ein «tornado». Med stor entusiasme, pågangsmot og mange nye impulsar som Helle trong no, for å saffe seg ei plattform til å komme vidare. Han kom utanfrå og såg verdiar i Helle som vi som har gått her i mange 10-år ikkje ser lenger. Desse verdiane har vi saman med Anders fokusert på i merkevarebygginga dei siste åra, seier Helle. Det var han som kom i kontakt med den kanadiske «Survivor-mannen» Les Stroud. Som fekk han til å sjå på hellekiven. Det blir veldig viktig framover. Vi skal no satse mellom anna på den nordamerikanske marknaden, seier Helle. I eit møte mellom Les Stroud og Anders Haglund vart dei samde om at Stroud blant anna skulle designe ein kniv i tett samarbeid med Helle. Ein kniv for vaksne menn i villmarka. Dei har dei gjort. Kniven har fått det indianske namnet Temagami, etter eit område i den kanadiske villmarka. Stroud er stor i Canada. Han er deira svar på Norge sin Lars Monsen, berre meir populær. Han har eige program på Discovery Channel, og når mange. Han er TV-kjendis, og han er oppteken av kniv. Slik kan han vere til hjelp når vi skal erobre nye marknader, seier Helle. Moderne medium er blitt kvardagen for Helle når det gjeld marknadsføring.
14 Fylkemitt reportasje reportasje Fylkemitt 15 Bildetekst: Occab int a consera sim quis soluptae pratest fugias idi quatem. Bildetekst: Occab int a consera sim quis soluptae pratest fugias idi quatem. Bildetekst: Occab int a consera sim quis soluptae pratest fugias idi quatem. Stroud har sagt at han kjenner på hellekniven at den er laga av menneske, og ikkje maskiner. Og nettopp det er viktig for oss. Det vi driv med er industrielt handverk. Ikkje to knivar er heilt like, og i konkurranse med dei 22.000 andre som lagar knivar over heile verda, er dette eitt av fortrinna vi har, seier Helle. Han forsikrar at hellekniven framleis skal lagast i Norge. Og i Holmedal. Sett i ettertid er eg glad for at Helle ikkje hadde råd til utflagging og automatisering på 90-talet. I dag blir vi valde fordi vi er tru mot historia og kjerneverdiane våre. Dette gjer oss annleis nok til å etablere oss nærast som ei kult-bedrift der betalingsvilje, lojalitet og lidenskap til hellekniven er stor. Desse nisjane finn vi i utlandet, seier Helle. Han vidarefører tradisjonane etter far, onkel og søskenbarn, og etter alle dei som i snart åtti år har arbeidd for Helle i Holmedal og Stongfjorden. Det har skjedd mykje i bedrifta dei siste ti åra. Både Odd Helle og Svein Helle er gått bort. Svein leidde bedrifta her i 36 år. Han hadde som mål å ha flest mogleg i arbeid, eit mål eg har måtta justere etter fallande omsetnadsnivå, seier Torodd. I år 2000 var det 38 tilsette. I dag er dei 20. På det meste på 70-talet hadde vi 140 tilsette. I gjennomsnitt har vi lønna om lag 75 tilsette dei siste 50 åra. Vi har betalt ut rundt 1,3 Konkurranseinstinktet er framleis sterkt, og eg likar ikkje å gje meg eller tape. milliardar i lønningar. Dette har gått rett til lokalsamfunnet, i tillegg til ringverknadene til andre næringsdrivande i lokalområdet, seier Helle. Han vedgår at det har vore tøft å overta ansvaret. Ansvaret for familiebedrifta, historia til bedrifta, respekten for dei som har hatt ein hard arbeidsdag her opp gjennom tidene, og ansvaret for å gjere bedrifta skikka til framleis å vere eit viktig bidrag til utviklinga i området. Eg er som dei andre i familien og tilsette i Helle. Gir meg ikkje så lett. Og står på. Døgnet har i periodar ikkje nok timar. Dette Bildetekst: Occab int a consera sim quis soluptae pratest fugias idi quat. har ført til at eg har gått på nokre smellar. Hatt det tungt i periodar. Men eg har teke pauser på nokre veker, reist til venner i USA, Canada, og andre stader, og komme meg vekk frå det daglege stresset. Dette er, i tillegg til at eg er glad i fjellturar sommar og vinter, medisinen for meg. Slik kjem eg meg vidare, seier Helle. Konkurranseinstinktet er framleis sterkt, og eg likar ikkje å gje meg eller tape. Målet hans er heilt klart. Å gje sitt bidrag til at bedrifta klarer å omstille seg raskt nok og på rett måte, slik at det om 5-10 år framleis er 20 til 25 tilsette. Det blir ein tøff og vanskeleg periode, der vi mellom anna må skifte ut store delar av staben. Utfordringane blir mange, alt frå å få inn ny leiing, helst med høg fagleg kompetanse, til nye arbeidarar som gjerne kan ha teknisk udanning, men også må vere «Petter Smart-ar» og ha kunstnarlege evner med hendene. Det mest utfordrande blir nok å overføre realkompetansen dagens erfarne arbeidsstokk har, til den nye generasjonen, som skal utvikle Helle til ein arbeidsplass som kan bestå i mange tiår, seier Helle. 30 år i bedrifta Solbjørg Vik (57) har jobba i Helle Fabrikker i 30 år. Ho tok til som sekretær, der hovudoppgåva var å reinskrive brev som sjefen, Svein Helle, hadde kladda. I dag er ho den som tek over når Torodd Helle er på reise. Helle Fabrikker har blitt ein viktig del av livet mitt. Eg har likt meg her frå første dag, og på eitt eller anna punkt, utan at eg heilt veit når, kom den inn i sjela og hovudet mitt. Og eg trivast med ansvaret, etter å ha gått dei fleste gradene dei siste 30 åra, seier Vik. Ho framstår som Helle si stemme utad. Det er ho som snakkar med dei fleste i telefonen. Frå seljarar, til kundar og andre som firmaet er i kontakt med. Målet mitt er at vi skal drive service på alle nivå. Frå første kontakt, til avtale og levering. Dei vi samarbeider med, skal vite kor dei har oss. Til ei kvar tid. Eg likar ikkje at ting er uryddig, på nokon måte. Og eg håpar vi som bedrift kan framstå som ryddig og serviceminda, seier Vik. Ho er i dag ei av tre kvinner som er tilsette i bedrifta. Dei to andre jobbar i produksjon og pakking. Kvinnene får berre godord frå Torodd Helle. Det er viktig å ha begge kjønn på ein arbeidsplass. Det som kanskje imponerer meg mest, er evna dei har til organisering. Til å ha fleire ballar i lufta samstundes, og få dei ned igjen på ein god måte, seier Helle. Helle sine knivar: Kvinnene sjølve tenkjer ikkje så mykje på at dei er få i høve mannfolka i bedrifta. Vi gjer jobben vår. Det gjer alle her, seier Marit Sæterdal (58) og Ingunn Vårdal (58). Sæterdal jobbar i produksjonen og har vore her i 22 år. Etter at vi begynte å rotere meir, slik at det blir ulike arbeidsoppgåver, har det blitt lettare, særleg fysisk, seier Sæterdal. Ho har også jobba med sveising då Helle dreiv Viking Global, og synest det var ei spennande avveksling. Men ho trivst på Helle, sjølv om ho eigentleg ikkje har så mykje meiningar om knivane der. Det er berre når eg av og til driv sortering og kvalitetssikring at eg ser på det ferdige resultatet. Elles gjer eg jobben min, før nestemann overtek og gjer sin, seier Sæterdal. Ingunn Vårdal jobbar mykje med sortering, og også med pakking og med kundar som er innom fabrikkutsalet. Ho har jobba på fabrikken i 21 år. Det er variert, og ein heilt grei jobb. Eg møter sjølvsagt mange folk, særleg i turistsesongen, seier Vårdal. Allbruk Tur Jakt Barn & Ungdom Fiske Fjellmann Besseggen Fjellbekk Speider Fiskekniv Folkekniven Earth Harmoni Plus Speiderkniven Hellefisk Lappland Eggen Jegermester Ny Fjording Fire Safari Nying Fjellkniven Storm Jubileum/stas: Tollekniv Harding Veidemann Helle 75-års jubileum Varg Symfoni Fossekallen Wind Modellnavn Ho fortel at turistar som kjem innom, ofte er godt førebudde og veit kva dei vil ha. Særleg tyskarar. Dei har med seg notat og kjøper det dei har bestemt seg for på førehand, fortel Vårdal. Heile verda er marknaden vår. Vi har vore og er internasjonale i tenkinga vår, fortel Torodd Helle frå det gamle bygget på kaia i Holmedal. Vi skal eksportere meir. Satse på nye marknader. Dette er ikkje noko nytt for oss, vi har sidan 50-talet hatt eksportdel som svinger mellom 30 og 45 prosent av omsetnaden. Vi har kultur og kjennskap til eksport til nesten alle verdshjørne, seier Helle. Vellukka utlandssatsing I 2005 bestemte Helle seg for å satse meir offensivt, fordi dei såg at salstrenden av sportsknivar i Norge var fallande. Hellekniven er eit typisk nisjeprodukt som vil liggje høgt i pris om den skal bli laga i Norge. Torodd Helle deltok då på eit internasjonaliseringsprosjekt i regi av Innovasjon Norge her i fylket, samstundes som han overtok ansvaret for eksportsalet. Dette gav resultat, og omsetninga på eksport av sportsknivar steig frå 1,6 millionar i 2005 til nær 4 millionar i 2007 og 2008. Vi har lykkast med å etablere ei mykje sterkare plattform for framtidig sal trass i finanskrisa. I 2010 passerte vi 5 millionar i omsetnad til utlandet. Russland er no den største marknaden i utlandet. Investeringa i marknaden er leidd av Anders Haglund, og arbeidet har gitt resultat. Vi har også auke i salet til andre delar av verda, og sel til 25 ulike land. No er fokuset på Nord-Amerika, og samarbeidet med Les Stroud har skaffa oss stor publisitet som også spreier seg til andre delar av verda. Vi har fått førespurnader frå Dubai, Kuwait, Dei Arabiske Emirat, Bahrein, Kina og land i Sør-Amerika og Afrika. Dette gir moglegheiter til lønsam vekst, seier Helle. Han meiner dei på sikt skal ha plass til
16 Fylkemitt reportasje fleire arbeidstakarar. Til ingeniørar, folk som driv med internasjonalisering og også sekretær til administrasjonen. Men mest av alt vil vi ha bruk for den nevenyttige tusenkunstnaren som kan komme inn i produksjonen og vere med å lage framtidas knivar, seier Helle. Han seier at dei som jobbar i bedrifta i dag, har ei gjennomsnittleg fartstid på 28 år. Det viser at vi har erfaring. Vi har kunnskap og kompetanse. Og at vi treng yngre krefter inn, seier Helle. Vi har ei framtid Han tar ei tidsreise tilbake i hukommelsen. Rettar seg opp i ryggen og blir klar i blikket og bestemt i kroppsspråket. Vi har ei framtid. Det er eg ganske sikker på. Vi skal bruke den kompetansen og den kunnskapen vi har, for å stake veg inn i framtida. Vi skal halde fram som ein «trekkspelorganisasjon» som kan endre seg etter behov. Flesibilitet og rask endringsevne trur eg blir stikkord i ei stadig meir turbulent konkurranseverd. Hellenamnet er ei sterk, men lita merkevare i dag. Men vi trur at vi er i stand til å byggje den endå sterkare, seier Helle. Målet er at Helle skal bli oppfatta som ei sterk merkevare, og som eit kult-merke. Får vi til det, er folk villige til å betale det det kostar å lage Helle-kniven i Holmedal. Tekst: Ingunn Osland Foto: Bent Are Iversen Bildetekst: Occab int a consera sim quis soluptae pratest fugias idi quatem. APNINGSKVELD Laurdag 30. juni opnar vi i Smuget i Førde Good Time Charlie Førde bluesband CC kr 200,- Aldersgrense 20 år Dørene åpner kl 20.00 Velkommen til
Plakat, ungdomsklubben Løa, 2011 A3 plakat
Bokdesign skoleoppgave, 2009 Omslag Fortsats Kolofon Tittelside Innside/kapittelstart
Ernest Morningstone Forfatter Ernest Morningstone har skrevet bøker siden 1950-tallet da han debuterte med «Solnedgang på månen». Siden den gang har han skrevet over 30 bøker, samt ett ti-tals novellesamlinger. Månelys forlag www.manelys.no En japaner for meget ISBN 435-67-334-9030-2 Ernest Morningstone Hatsuto Yoshida blir funnet flytende i Themsen, tidlig en mandags morgen. Det blir raskt slått fast at han er blitt myrdet. Detektiv James Hutton ved Scotland Yard får jobben, og må nøste opp i tråder som strekker seg langt inn i både japansk og engelsk aristokrati. Han blir snart blandet inn en konspirasjon som strekker seg 200 år tilbake i tid, og de mørke sidene ved britisk overklasse. Månelys forlag EN JAPANER for meget Månelys forlag
Ernest Morningstone EN JAPANER for meget Alt innholdet i denne boken er delt under en Creative Commons Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse 3.0 Norge lisens ISBN 979-82-879-8756-2 3. opplag 200 Originalens tittel: One Japanese Too Many Oversettelse: Knut Børge Ullerby I henhold til Creative Commons 3.0 Norge har du lov til: Å dele. Du kan kopiere, distribuere og spre verket. Oversatt av: Knut Børge Ullerby På følgende vilkår: Navngivelse. Du skal navngi opphavspersonen og/eller lisensgiveren på den måte som disse angir (men ikke på en måte som indikerer at disse har godkjent eller anbefaler din bruk av verket). Ikkekommersiell. Du kan ikke bruke dette verket til kommersielle formål. Ingen Bearbeidelse. Du kan ikke endre, bearbeide eller bygge videre på dette verket. Måneskinn Forlag
おはよう ジェームス さん Good morning, James 5Pellentesque consequat elementum mollis. Ut vitae ante et dui sodales egestas. Pellentesque a placerat odio. In hac habitasse platea dictumst. Cras porttitor, odio id scelerisque luctus, tellus tellus iaculis nisi, et gravida est sapien vitae leo. Nam a lorem ut orci cursus dictum vitae sed sem. Curabitur tellus tortor, ullamcorper id adipiscing eu, feugiat non neque. Phasellus in urna nunc. Integer lacinia sem vel justo laoreet elementum. Vivamus nibh velit, venenatis et pulvinar vitae, ultrices vel nulla. Duis vel interdum mi. Duis nec eros quam. Vestibulum id lorem augue. Sed dapibus ipsum lorem, quis posuere nisi. Duis mauris eros, rutrum ut ornare facilisis, varius auctor odio. Nullam malesuada ipsum sit amet nibh auctor consectetur ut at orci. In dignissim lectus in quam gravida nec consequat purus lacinia. Sed sodales justo sit amet ante egestas a semper justo pellentesque. Nam bibendum facilisis accumsan. Suspendisse venenatis, massa rhoncus blandit convallis, lectus lorem gravida justo, sed cursus ligula nisi et odio. Nullam ornare molestie auctor. Fusce pharetra tempor fringilla. Integer in quam neque, nec tempus ligula. Etiam quis vehicula felis. Cras pretium metus a dolor porttitor quis lacinia augue egestas. Cras eget erat ut risus cursus sollicitudin mollis eget dolor. Nulla lacinia quam eu diam rutrum nec ornare neque tincidunt. Mauris pretium auctor porttitor. Praesent nunc mi, adipiscing ut euismod nec, malesuada quis mauris. Aliquam erat volutpat. Mauris orci risus, rutrum eu interdum vel, posuere sed ipsum. Pellentesque pellentesque urna quis elit placerat id tincidunt turpis auctor. In consequat, nisi eu fringilla auctor, dui leo euismod est, in rutrum orci est ut odio. Pellentesque eu lorem at tellus pellentesque rutrum quis quis turpis. Pellentesque a odio nisl. Proin non faucibus augue. Vestibulum varius, odio in vehicula scelerisque, lorem purus auctor quam, id accumsan dolor lacus nec dui. Donec at felis non turpis tempor vulputate at ac turpis. In hac habitasse platea dictumst. Fusce nec orci eget eros mollis pellentesque et vitae massa. Phasellus arcu justo, aliquet quis feugiat a, accumsan placerat risus. Cras convallis volutpat aliquam. Suspendisse potenti. Nam ac sollicitudin quam. Duis elementum rutrum blandit. Praesent facilisis, ipsum ultricies lacinia feugiat, arcu risus rutrum felis, sit amet vulputate leo sapien vel nisl. Aliquam in libero id lectus consectetur tristique eget non augue. Vivamus lacinia erat at erat ultrices facilisis. Nulla rutrum egestas quam ac laoreet. Cras scelerisque erat justo. Pellentesque habitant morbi tristique senectus et netus et malesuada fames ac turpis egestas. Maecenas vestibulum suscipit ante, sed aliquet purus eleifend nec. Sed nunc est, venenatis eget fermentum sit amet, fringilla in felis. Mauris fringilla venenatis velit ut sodales. Vestibulum tempus luctus arcu in vehicula. Mauris iaculis convallis massa eget accumsan. Vestibulum sollicitudin viverra orci, eu semper neque luctus quis. Ut ornare tincidunt lacinia. In quis mauris id nisi aliquam blandit. Nullam varius blandit neque quis facilisis. Donec volutpat luctus purus, at bibendum nibh facilisis in. Aenean non metus luctus velit scelerisque tincidunt sed nec massa. Integer rutrum congue dignissim. Fusce neque nulla, posuere ac imperdiet vitae, mollis et ante. Morbi ut purus vel nisi ullamcorper laoreet. Aliquam facilisis pulvinar dapibus. Proin feugiat eros eget libero ultrices eu scelerisque felis suscipit. Etiam venenatis risus at quam dapibus eu congue sapien molestie. Nullam lacinia ante nec eros posuere faucibus. In nibh ante, rhoncus non venenatis eget, consequat et nisi. Nam vulputate tempor elit at scelerisque. Pellentesque quis nunc tortor. Maecenas commodo aliquam fermentum. Nulla tincidunt, dui sed viverra sagittis, sapien est ornare mi, sed porta purus justo sed neque. Maecenas at lorem est. Donec rutrum faucibus velit, eu aliquet diam faucibus ac. Mauris quis lacinia diam. Ut ultrices ante vel sapien pulvinar in suscipit est aliquet. Maecenas vel nisl at arcu blandit cursus vitae pretium erat.
Logo og profileringsmateriell skoleoppgave, 2009 Logo Visittkort T-skjorte Gavekort Brevark Konvolutt Annonse
Spillsjappa Spillsjappa
GAVE KORT GAVE Fra: Gratulerer! Her er kr Enjoy! Til: Spillsjappa Andresse: Nerdegata 12 1337 Enby Tlf: 55 55 13 37 E-post: erlend@spillsjappa.no the force Unleashed Lucasart - x360 kr 499,- Spore EA Games - PC/Mac kr 379,- Brothers in Arms: Double time Ubisoft - Wii kr 459,- Spillsjappa Spillsjappa AS Nerdegata 12 Tlf: 55 55 13 37