Styresak Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: 16.11.2004 Sakshandsamar: Hans Stenby Saka gjeld: Samordning av sjukehusa i hovudstadsområdet - høyring Styresak 084/04 B Styremøte 24.11.2004 Bakgrunn Helsedepartementet sette før sommaren 2004 ned ei gruppe som skulle kartleggje og analysere behovet for samordning av oppgåver og ressursbruk for sjukehusa i hovudstadsområdet. Gruppa blei leia av departementet med deltaking frå Helse Aust RHF og Helse Sør RHF. Gruppa har utarbeidd ein rapport om samordning av sjukehusa i hovudstadsområdet. Helse- og omsorgsdepartementet har i oversendingsbrev av 20.10.04 sendt rapporten på høyring samtidig som dei inviterer til drøftingsmøte. Sak om høyringsuttale blir her lagt fram for styret. Saksopplysningar Utgangspunktet for saka er behovet for samordning av ressursbruk og oppgåveløysing for sjukehusa i hovudstadsområdet og handtering av gevinstar knytt til dette. Sjukehusstruktur og samordning i hovudstadsområdet er primært eit ansvar for dei to regionale helseføretaka som er omfatta, Helse Sør og Helse Aust. Men saka har også nasjonal karakter ved at dette vil få følgjer for tenestetilbodet til pasientar i heile landet. Det er bakgrunnen for at departementet har leia prosjektgruppa. Prosjektgruppa fekk følgjande mandat: Det skal fremlegges rapport som kartlegger og analyserer behovet for samordning av oppgaver og ressursbruk for sykehus i hovedstadsområdet Det skal tas utgangspunkt i Det norske radiumhospital, Rikshospitalet og Ullevål universitetssykehus, men andre
sykehus kan trekkes inn i vurderingene, dersom dette anses nødvendig eller hensiktsmessig for å finne fram til gode løsninger. Med bakgrunn i kartleggingen og analysen av samordningsbehov skal det gis tilråding om strategi og tiltak som kan ivareta det avdekkede behovet. Rapporten forutsettes å inneholde en gjennomgang av alle aktuelle tiltakstyper, med gjennomgang av alternativenes sterke og svake sider. Basert på de tilrådninger som gis i rapporten skal det også legges fram forslag til hvordan tilrådingene bør gjennomføres. Det skal tilstrebes kontakt med berørte interessentgrupper: Brukerne. Dette forutsettes primært å skje gjennom de etablerte brukerutvalgene. Det skal i arbeidet vurderes om det bør være supplerende kontakt med pasient/brukerorganisasjoner De tre andre regionale helseforetakene. Slik kontakt er nødvendig for å sikre at det kan gis best mulig og fortrinnsvis omforent omtale av mulige effekter og utfordringer i forhold til de andre regionale helseforetakene. Helseregionenes universitet og høgskoler. Det bør legges vekt på å bruke etablerte samarbeidsorganer. Oslo kommune, helseregionenes øvrige fylkeskommuner og kommuner. Alle aktuelle temaer bør inngå i denne kontakten, men det understrekes særlig viktigheten at forholdet til og samarbeidet med førstelinjetjenesten blir belyst. Fagforeningene. Det bør finnes fram til hensiktsmessig dialog og informasjon med berørte fagforeninger. Det forutsettes at det vurderes hvilke supplerende aktører eller interessenter som det bør være kontakt eller dialog med i arbeidet Prosjektgruppa har summert arbeidet sitt opp i to hovudbodskap: Betre samordning av sjukehusa i hovudstadsområdet vil gi vesentlege effektar i forhold til betre realisering av helsepolitiske mål. Rapporten identifiserer ulike typar tiltak som kan brukast for å ivareta samordningsbehov, inklusiv at tiltaka må vurderast ut frå deira heilskaplege evne til å realisere helsepolitiske mål. Aktuelle problemstillingar som er identifiserte: Det må vurderes om den kliniske virksomheten er optimalt utnyttet eller om det er eller vil utvikle seg overkapasitet.
Ressurser innen støttetjenester (medisinske og ikke-medisinske) utnyttes og deles i svært liten grad på tvers av sykehusene. Sammenlikning med andre sykehus i Norge og erfaringer fra andre samordningsprosjekter og forbedringsprosjekter internasjonalt indikerer et betydelig økonomisk potensial for bedre ressursutnyttelse innen drift. I tillegg til potensialet innen drift kommer betydelige samordningsgevinster ved økt kapitaleffektivitet og unngåelse av dobbeltinvesteringer. De store sykehusene i Oslo har et høyt kostnadsnivå relativt til andre norske sykehus. Rikshospitalet/Radiumhospitalet er i behov av et forutsigbart pasientunderlag som basis for god kvalitet på de høyspesialiserte tjenestene. Ullevål universitetssykehus vil ha nytte av økt samordning og samarbeid for å kunne hente ut en god gevinst av behandlings- og forskningsaktivitetene. Prosjektgruppa meiner at val av tiltak er ei kompleks problemstilling og at ei avgjerd ikkje bør takast før dei verksemdene og interessentane ho får følgjer for, er gitt høve til å uttale seg og at medverknad er ivaretatt. Prosjektgruppa tilrår at det blir gjennomført ein vidare prosess/ytterlegare analyser på dette og at ein tar stilling til kva tiltak som skal gjennomførast våren 2005. Samordning vil føre til betre styring av ressursbruken og frigjere ressursar som kan brukast til viktige område som psykiatri, kreft, eldre og pasientar med kroniske lidingar. Det vil sikre grunnlag for viktige lands- og fleirregionale funksjonar og gjere det mogleg å realisere ei satsing på forsking, innovasjon og kommersialisering Prosjektgruppa har lista opp følgjande tiltak som er teoretisk moglege: Gjensidige avtaler: Struktur som i dag men med mer langsiktige og omfattende gjensidige avtaler mellom Helse Øst og Helse Sør Endring i eierstruktur på HF-nivå: Overføring av Rikshospitalet og Radiumhospitalet til Helse Øst Opprettelse av et nytt HF for Oslo-sykehusene som et sameie mellom Helse Øst og Helse Sør Endring i regionsstruktur: Etablere 6. helseregion for Oslo-sykehusene Slå sammen Helse Øst og Helse Sør
Premissar for uttale: Rapporten stadfestar det uheldige i at pasientar i ein region i stor grad får sine tenester ved sjukehus i ein annan helseregion. Det gir ekstra styringsmessige utfordringar for dei to regionale helseføretaka. Av situasjonsskildringa i rapporten går det fram nokså klart at det er eit grunnlag for betre samordning og ressursutnytting ved sjukehusa i hovudstadsområdet. Ei betre samordning vil føre til betre styring og frigjere ressursar til prioriterte område som igjen gir ei betre realisering av dei helsepolitiske måla. Det betyr også at den samordninga og dei avtalene som no har vore mellom dei to regionale helseføretaka ikkje har vore tilstrekkelege som svar på desse utfordringane. Vi meiner prosjektrapporten peikar på sentrale problemstillingar og sluttar oss til dei utfordringane som er identifiserte her. Hovudstadsområdet har ei stor utfordring når det gjeld funksjonsfordeling av tenester, særleg innanfor høgspesialiserte funksjonar der det ofte er mindre volum på tenestene. I rapporten er det ikkje tatt stilling til konkrete tiltak. Grunnen er at dette krev ein ytterlegare prosess og medverknad frå andre aktørar. Det vidare arbeidet bør bl.a. leggje følgjande føringar/premissar til grunn: Dei tre andre regionale helseføretaka må trekkjast inn i det vidare arbeidet og medverke til ei best mogleg samla nasjonal løysing. Løysingane må vurderast ut frå kva som gir ei best mogleg realisering av dei helsepolitiske måla. Løysingsalternativa sine sterke og svake sider må komme tydeleg fram. Omfattande endringsforslag må vurderast i ein brei samanheng. Ein balansert føretaksstruktur vil vere eit viktig verkemiddel for å sikre eit likeverdig tenestetilbod. Løysingane må underbyggje ei balansert fordeling av høgspesialiserte funksjonar, stimulere til forsking og utvikling i alle dei regionale helseføretaka og unngå konsentrasjon og monopolisering av tenester som av omsyn til volum og kvalitet kan ytast fleire stader.
Forslag til uttale: Det er innleidd eit samarbeid med Helse Nord og Helse Midt-Noreg om ei eventuell felles høyringsuttale. Det skal også haldast eit informasjonsmøte 19. nov. 2004 i Helse- og omsorgsdepartementet. Forslag til uttale blir på bakgrunn av dette lagt fram i styremøtet.