Årsmelding Rosendal Skulekorps 2016
Organisasjonen 2016: Leiar: Nestleiar: Rekneskapsførar (ikkje styremedlem) Skrivar: Styremedlem: Styremedlem: Martha Skeie Olsen Inger Johanne Hauge Jonny Flatebø Kjersti Bennæs Trine Grøtte Gunn Marit Flatland 1 vara: Marit Skåla Seglem 2 vara: Laila Håvik 3 vara: Åsmund Mehl Tillitsvalde i korpset: Mathilde Olsen Dirigent: Material- og instrumentnemd : Notenemnd: Uniformsnemd: Lotterinemd: Linas Dakinevicius Inger Johanne Hauge Liv Signe Bleie Ulvestadbakken Kari Solberg Rannveig Helleland Nora Lena Natland Laila Håvik Loppenemd: Valnemd: Nettansvarleg: Revisor: Tommy Grøtte Lars Ove Seglem Kristine B. Hestad Laila Håvik John Arne Skeie Olsen Kjersti Bennæs Elisabeth Stuland Mehl Nora Lena Natland Elisabeth Stuland Mehl Olav Øye Per T. Skåle Aktivitetar våren 2016: 7.januar starta vi vårsesongen med flaskeinnsamling. Nytt denne gongen var at vi gjorde dette i samarbeid med musikklaget. Styret konkluderte med at flaskeinnsamling er mykje arbeid i forhold til resultatet, vi fekk totalt inn kr 11.300,- som vart delt med musikklaget.
2.-3. april hadde korpset seminar. 3.april hadde vi årsmøte med etterfølgjande medlemsmøte. 7.april hadde vi den årlege rekrutteringskonserten for 2. og 3. klassingane. 21. april hadde vi torsdagskonsert med åresalg, kaffi og kaker. Mange gjester samla i salen til halvannan time med kjekk musikk, kaffi, kaker og åresal. Korpset spelte følgjande: Concerto D Amore, Gimme some lovin, Mas Bajo og The Earl of Salisbury. 17. mai med tradisjonell speling i Mauranger og Rosendal. 27.-28.mai, NM-seminar på Omvikdalen skule (NM-stykker: Maze (laga av Sebastian Lamberg Torjusen til Rosendal skulekorps og Concerto D Amore av Jakob De Haan). Instruktørar var Sebastian, Marcel (slagverk), Mauricio og Linas. 29.mai vareteljing Coop Prix Rosendal 17.-20.juni NM-tur. NM-deltaking 18.juni, resulterte i 14.plass med 84 poeng. Helga elles vart nytta til blant anna bowling og Kongeparken. Aktivitetar hausten 2016: 25. august var første øving for sesongen. 27. oktober samla vi mange i samfunnshuset til ny torsdagskonsert med god musikk, kaffi, kaker og åresal! 12. november var det klart for årets høgdepunkt for mange, loppemarknaden. Mange dugnadstimar blei lagt ned dagane før i tillegg til sjølve loppemarknadsdagen, men jammen er det moro og! Nok ein gong hadde vi solid omsetning på loppemarknaden! 24. november var vi med på opning av julegata i Rosendal, julesangar vart spelt. 27.november ny vareteljing på Coop Prix Rosendal. 3.desember øvings-laurdag med grautfest saman med aspirantane. 4. desember spelte vi på Rosendal Musikklag sin julematine. 24. desember spelte nokre av medlemmene saman med musikklaget (A og B) i kyrkja under julegudstenesta. Medlemer 2016: Awazge, Maria Trovik Starta haust 2016 Bennæs, Anders Slutta vår 2016
Bennæs, Helene Flygelhorn Brakstad, Anna Kristina Brakstad, May Beate Enes, Mette Flatebø, Ingeborg Flatebø, Jenny Flatland, Eline Vestvik Trombone Grøtte, Maren Røyrvik Hatteberg, Tord Sverreson Eb-horn Starta haust 2016 Hestad, Gunnar Slagverk Helleland, Sander Elias Tuba Hjelmeland, Amund Trombone Slutta vår 2016 Kårstad, Karoline Eb-horn Starta haust 2016 Ljones, Ingrid Jonette Ljones, Jenny Eb-horn Mehl, Alette S Trombone frå haust 2016 Mehl, Jonas Are Natland, Kathrine Trombone Olsen Emma Synnøve Skeie Olsen, Julie Euphonium Slutta vår 2016 Olsen, Mathilde Eb-horn Seglem, Amalie Skåla Steffensen, Frida Starta haust 2016 Torjusen, Tobias L. Trombone Slutta vår 2016 Ulvestadbakken, Solfrid Bleie Starta haust 2016 Ulvestadbakken, Sigmund Bleie kornett Tilgang i korpset hausten 2016: Solfrid Bleie Ulvestadbakken, Maria Trovik Awazge, Tord Sverreson Hatteberg, Karoline Kårstad og Frida Steffensen starta i korpset etter endt aspirantopplæring i kulturskulen hausten 2016. Styret: Styret har hatt 11 styremøter i 2016. Oppsummering av 2016 Linas Dakinevicius har vore korpset sin faste dirigent i 2016.
Korpset har hatt fellesøving kvar torsdag 1730-1930 i Rosendal Samfunnshus. I tillegg kjøper korpset tenester frå Kulturskulen til gruppeøvingar kvar måndag. Gruppeøvingane har vore haldne på Malmanger Skule. Seminara i løpet av året vart haldne på Omvikdalen skule og Rosendal samfunnshus. Skulekorpset fekk etter søknad tildelt kr 75.000,- frå Sparebank1-stiftinga til nye instrument. Vi investerte i 3 rimelege barytonar, 1 althorn, 1flygelhorn og to kornettar. Loppemarknaden var tradisjon tru, haustens store arrangement. Nok ein gong hadde vi høg omsetning og mykje folk innom samfunnshuset denne dagen. Styret takkar alle foreldre, musikantar og andre hjelparar for ein framifrå innsats i samband med loppemarknaden! Skulekorpset deltok tradisjon tru på julegateopning og musikklaget sin julematinè. Styret takkar alle for innsatsen i 2016 og ser fram til eit godt og spanande samarbeid i året som kjem! Rosendal, 21.02.2016 Martha Skeie Olsen