Kvinnherad kommune MØTEPROTOKOLL Utval Formannskapet Møtedato 11.09.2014 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 12:30 Følgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon Repr Synnøve Solbakken Ordførar AP Arve Opsanger Medlem AP Kjell Yri Medlem V Leif Sverre Enes Medlem H Gunn Mari Moberg Medlem H Peder Sjo Slettebø Medlem H Marit Elisebet Totland Medlem KRF Følgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Repr Elisabeth Eide Tharaldsen V ORDF FRP Knut Prestnes MEDL U Følgjande varamedlemar møtte: Namn Vara for Repr Aksel Kloster jr Elisabeth Eide Tharaldsen AP Eskil Moen Knut Prestnes FRP Følgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Trond Sætereng Rådmann Gunn Tove Petterteig Kommunalsjef Bente Høyland Møtesekretær Kvinnherad kommune side 1
MERKNADER: Orienteringar: Ordførar orienterte om hendingar og møter sidan sist. Permisjonar: Inhabile: Evt. endring på saksrekkefølgje: Tilleggssaker: Spørsmål: Frå Peder Sjo Slettebø (H): Hordaland Fylkeskommune har starta eit moglegheitsstudie med mål om å treffa eit val av løysing på innkorting av ferjesambandet Kvinnherad-Stord innan mars 2015. Kan ordføraren orientera formannskapet om denne prosessen? Ordføraren svara: Sender e-post til formannskapet som er kommen frå Hordaland Fylkeskommune angåande dette. Frå Gunn Mari Moberg (H): Nytt skule- og barnehageår. Korleis er stoda? Tildelingskontoret. Erfaringar så langt? Personalrådgjevar Torstein Aarthun svara: Kommunen har ved skulestart fått to heilt nye leiarar på to skular. Orienterte bl.a om spesial pedagogar (team) for styrking i barnehagane. Kommunalsjef Gunn Tove Petterteig gjorde greie for tildelingskontoret. Kvinnherad kommune side 2
SAKLISTE Saksnr Innhald PS 2014/92 Endra organisering av straumnettet. PS 2014/93 Strakstiltak i Pleie og omsorg PS 2014/94 Eldreombod PS 2014/95 Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2014-2022 - Slutthandsaming PS 2014/96 Overordna Risiko-og sårbarheitsanalyse 2014 Kvinnherad PS 2014/97 Ledige stillingar frå september 2014 Kvinnherad kommune side 3
PS 2014/92 Endra organisering av straumnettet. Investeringsutvalet si innstilling vart samrøystes vedteken. 1. Kvinnherad kommunestyre gjev felles uttale med Kvinnherad Energi AS. 2. Kvinnherad kommunestyre vil stå fritt til også å ta utbytte i åra som kjem. 3. Vidare arbeid må vurderast nærmare når Reiten-rapporten er endeleg vedteken. PS 2014/93 Strakstiltak i Pleie og omsorg NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ FORMANNSKAPET: Tillegg endring i pkt 1: 1. Rådmannen får fullmakt til og opna inntil 8 plasser ved Varaldsøy aldersheim i perioden oktober-november-desember 2014. 2. Dette vert finansiert ved deler av dei øyremerka midlane som TTBU fekk ved budsjettrevisjonen, kr.1703000,-. Røysting: Nytt framsett forslag vart samrøystes vedteke. 1. Rådmannen får fullmakt til og opna inntil 8 plasser ved Varaldsøy aldersheim i perioden oktober-november-desember 2014. 2. Dette vert finansiert ved deler av dei øyremerka midlane som TTBU fekk ved budsjettrevisjonen, kr.1703000,-. PS 2014/94 Eldreombod NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ PEDER SJO SLETTEBØ (H): Nytt pkt (nytt avsnitt 4): Eldreombodet skal ha ei uavhengig stilling ovanfor den øvrige politiske og administrative forvaltninga. NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ MARIT E TOTLAND (KRF): Nytt tilleggspunkt: Oppgåva til ombodet skal dreia seg om den einskilde sine rettar, også generell vurdering av tiltak og løysingar som er politisk vedteke. RØYSTING: Innstillinga frå Komité for helse, omsorg, miljø: samrøystes. Forslag (nytt punkt) frå Peder S Slettebø: samrøystes. Forslag (nytt punkt) frå Marit E Totland: samrøystes. Kvinnherad kommune side 4
Vedtak frå Formannskapet den 11.09.2014 Dersom Kvinnherad kommune greier å rekruttera eit eldreombod med god relevant kompetanse, blir det ei prøveordning med eldreombod i Kvinnherad i 2015. Funksjonen er uløna. Telefon, kilometergodtgjersle, annonsering og kompetansestyrking blir finansiert gjennom budsjettet for 2015. Komitè for helse, miljø og omsorg skal evaluera ordninga i siste komite møte i 2015. Eldreombodet skal ha ei uavhengig stilling ovanfor den øvrige politiske og administrative forvaltninga. Oppgåva til ombodet skal dreia seg om den einskilde sine rettar, også generell vurdering av tiltak og løysingar som er politisk vedteke. Eit medlem av Komite for helse og omsorg saman med kommunalsjef utformar funksjonsbeskriving for eldreombodet. - Dersom ein ikkje lukkast å rekruttera eit ombod med relevant kompetanse, blir saka lagt på is. PS 2014/95 Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2014-2022 - Slutthandsaming Innstillinga frå Komité for oppvekst, kultur, idrett vart samrøystes vedteke. 1. Kvinnherad kommunestyre vedtek forslag til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2014-2022. 2. Plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv vert rullert første gang i samband med søknad om spelemidlar for 2015. 3. Tiltak i handlingsplanen skal prioriterast i budsjett og økonomiplan. PS 2014/96 Overordna Risiko-og sårbarheitsanalyse 2014 Kvinnherad Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Kvinnherad kommunestyre vedtek Overordna Risiko- og sårbarheitsanalyse 2014 Kvinnherad slik han ligg føre. Kvinnherad kommune side 5
PS 2014/97 Ledige stillingar frå september 2014 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Formannskapet den 11.09.2014 Formannskapet godkjenner utlysing av 20,5 % stilling som badevakt ved Undarheim skule. Kvinnherad kommune side 6