OFFENTLEG MØTEBOK Organ Møtestad Fylkesutvalet Fylkeshuset - møterom Sygna Møtedato 24.06.2015 Kl. 09:00 14:15 Faste medlemer til stades: Forfall til møtet: Varamedlemer til stades: Til stades med møte- og talerett: Sekretariat for møtet: Jenny Følling, SP Nils P. Støyva, Ap Anders Ryssdal, Sp Karen Marie Hjelmeseter, Sp Noralv Distad, H Marit Barsnes Krogsæter, V Trude Brosvik, KrF Åshild Kjelsnes, Ap Frank Willy Djuvik, FrP Hilmar Høl, Ap Olin Johanne Henden, H Paal Fosdal Knut Henning Grepstad Ingen merknader til innkalling og sakliste. Fylkesutvalet vedtok at sak 72/15 og 73/15 vert handsama for lukka dører, jf. kommunelova 31, nr. 5 Representanten Karen Marie Hjelmeseter vart erklært inhabil i handsaming av sak 72/15
Møtebok Fylkesutvalet 24.06.2015 SAK 69/15 Sogn og Fjordane fylkeskommune går i mot auka bruk av mellombels tilsetting Frå fylkesordføraren låg det føre slik tilråding til vedtak: Stortinget sitt vedtak om auka bruk av mellombels tilsetting (AML 14-9) vil skape større usikkerheit for arbeidstakarane. Vedtaket vil kunne føre til at alle nye tilsettingar kan vere mellombelse i 12 månader. Regjeringa sin argumentasjon er at endringane vil gje fleire høve til å prøve seg i arbeidslivet. Forsking frå OECD viser derimot at resultatet av ei slik endring vil gje fleire midlertidige tilsette. Endringa vil heller ikkje føre til meir fleksibilitet i arbeidslivet. Utvida bruk av midlertidigheit vil bryte med retten til faste tilsettingar. Endring av arbeidsmiljølova er særleg betenkjeleg i ein situasjon der den seriøse delen av arbeidslivet er under sterkt press på grunn av fleire useriøse arbeidsgivarar. Vi ser også at arbeidslivskriminaliteten aukar i samfunnet aukar. Auka bruk av mellombels tilsetting (AML 14-9) er ikkje i samsvar med fylkesutvalet i Sogn og Fjordane sitt ynskje om ei arbeidsmiljølov som gjev tryggleik og stabilitet for dei tilsette. Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ikkje utvide bruken av mellombels tilsetting, men halde fram med den tidlegare praksisen. Endringsframlegg: Høgre og Venstre sette fram slikt framlegg til vedtak: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har ikkje særlege merknader til at det vert innført eit utvida høve til mellombelse tilsetjingar, på dei vilkår som Stortinget har fastsett. Hovudregelen i arbeidsmiljølova skal framleis vera fast tilsetjing. Endringa er likevel viktig for å sikra at fleire kan koma inn i arbeidslivet. Avrøysting: Noralv Distad, Olin Johanne Henden, Marit Barsnes Krogsæter og Trude Brosvik røysta for framlegget frå Høgre og Venstre. Jenny Følling, Nils P. Støyva, Hilmar Høl, Anders Ryssdal og Karen Marie Hjelmeseter røysta for tilrådinga frå fylkesordføraren. Vedtak: Stortinget sitt vedtak om auka bruk av mellombels tilsetting (AML 14-9) vil skape større usikkerheit for arbeidstakarane. Vedtaket vil kunne føre til at alle nye tilsettingar kan vere mellombelse i 12 månader. Regjeringa sin argumentasjon er at endringane vil gje fleire høve til å prøve seg i arbeidslivet. Forsking frå OECD viser derimot at resultatet av ei slik endring vil gje fleire midlertidige tilsette. Endringa vil heller ikkje føre til meir fleksibilitet i arbeidslivet. Utvida bruk av midlertidigheit vil bryte med retten til faste tilsettingar. Endring av arbeidsmiljølova er særleg betenkjeleg i ein situasjon der den seriøse delen av arbeidslivet er under sterkt press på grunn av fleire useriøse arbeidsgivarar. Vi ser også at arbeidslivskriminaliteten aukar i samfunnet aukar. Auka bruk av mellombels tilsetting (AML 14-9) er ikkje i samsvar med fylkesutvalet i Sogn og Fjordane sitt ynskje om ei arbeidsmiljølov som gjev tryggleik og stabilitet for dei tilsette. Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ikkje utvide bruken av mellombels tilsetting, men halde fram med den tidlegare praksisen. Side 2 av 6
Møtebok Fylkesutvalet 24.06.2015 ------------------------------------------------------- SAK 70/15 Høyringsuttale frå fylkesutvalet i Sogn og Fjordane om endringar i heilagdagslova for å tillate sundagsopne butikkar Frå fylkesordføraren låg det føre slik tilråding til vedtak: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane rår frå ei generell søndagsopning fordi samfunnet treng ein felles fridag. Det er ikkje gjort nokon utgreiingar om korleis eit slikt tiltak vil påverke samfunnet vårt. Vi meiner dette vil verke negativt for arbeidstakarane, for familiane og særleg borna. Det vil vankeleggjere å skape gode møteplassar for både mindre og større samlingar. Det vil verke negativt på mykje av det frivillige arbeidet som lokalsamfunna våre er heilt avhengige av. Vidare vil det ikkje gje forbrukarane betre teneste eller rimelegare varer. Heller tvert om. Og vi trur det vil sentralisere handlinga og gjere det vanskeleg for mange mindre butikkar, både i by og bygd. For vårt fylke er vi særleg oppteken av å behalde dei lokale butikkane, fordi dei er svært viktige for dei som bur i nærleiken, både som butikkar og som møteplassar. Fylkesutvalet rår også i frå ei ordning der kvar enkelt kommune skal ta avgjerd om butikkane skal vere opne eller ikkje på søndagane. Endringsframlegg: Høgre og Venstre sette fram slikt framlegg til vedtak: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane konstaterer at det ikkje er særleg stor tilslutnad til framlegget om søndagsopne butikkar. Lokalt kan det likevel vera interesse for å halda søndagsope. Kommunane bør difor kunna fatta vedtak om fleire søndagar med opne butikkar, generelt eller på utvalde søndagar. Dette er og i samsvar med intensjonane i forvaltningsreforma om å leggja meir avgjerdsmakt og skjønnsutøving til kommunane. Avrøysting: Noralv Distad, Olin Johanne Henden og Marit Barsnes Krogsæter røysta for framlegget frå Høgre og Venstre. Jenny Følling, Nils P. Støyva, Hilmar Høl, Anders Ryssdal, Karen Marie Hjelmeseter og Trude Brosvik røysta for tilrådinga frå fylkesordføraren. Vedtak: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane rår frå ei generell søndagsopning fordi samfunnet treng ein felles fridag. Det er ikkje gjort nokon utgreiingar om korleis eit slikt tiltak vil påverke samfunnet vårt. Vi meiner dette vil verke negativt for arbeidstakarane, for familiane og særleg borna. Det vil vankeleggjere å skape gode møteplassar for både mindre og større samlingar. Det vil verke negativt på mykje av det frivillige arbeidet som lokalsamfunna våre er heilt avhengige av. Vidare vil det ikkje gje forbrukarane betre teneste eller rimelegare varer. Heller tvert om. Og vi trur det vil sentralisere handlinga og gjere det vanskeleg for mange mindre butikkar, både i by og bygd. For vårt fylke er vi særleg oppteken av å behalde dei lokale butikkane, fordi dei er svært viktige for dei som bur i nærleiken, både som butikkar og som møteplassar. Fylkesutvalet rår også i frå ei ordning der kvar enkelt kommune skal ta avgjerd om butikkane skal vere opne eller ikkje på søndagane. ------------------------------------------------------- SAK 71/15 Behald eksportstøtta på Jarlsbergosten Side 3 av 6
Møtebok Fylkesutvalet 24.06.2015 Frå fylkesordføraren låg det føre slik tilråding til vedtak: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane støttar Bondelaget sin kamp mot å fjerne eksportstøtta til Jarlsbergosten. Kutt i «eksportstøtta» vil medføre ein reduksjon i mjølkebehovet på 8,5 %. Dette vil få store konsekvensar for distriktslandsbruket. Produksjon av Jarlsbergost er både eit varemerke og ein regulator, samstundes som produksjonen medverkar til å oppretthalde eit variert landbruk i distrikta og ein god beredskap. Bortfall av produksjon av Jarlsbergost i Norge vil ha store ringverknader. Fylkesutvalet er kritiske til at regjeringa nok ein gong er først ute med endringar utan innrømmingar frå andre land og handelspartnarar. Regjeringa føreslår i Globaliseringsmeldinga å fjerne «eksportstøtta» til Jarlsbergosten. Det svekker både vår eigen økonomi og beredskap og vår internasjonale forhandlingssituasjon og moglegheitene for å medverke til ei internasjonal avtale. Dette er ei ny sak som blir svært utfordrande for bøndene i Sogn og Fjordane. Dei vil råke hardast dei som har satsa seinare åra, dei som har kjøpt dyr kvote og har store faste kostnader. Dersom mjølkekvoten blir redusert med 2-4 % kvart år komande åra, så fryktar vi at det bremsar investeringane i mjølkeproduksjonen. Sogn og Fjordane produserer 102-106 millionar liter mjølk. TINE anlegget på Byrkjelo foredlar ca. 130 mill. liter. Prisutjamningsordninga har fleire funksjonar, blant anna å sikre lik pris til bonden uansett om mjølka blir nytta til ost eller drikkemjølk. Ordninga vert betalt gjennom differensierte avgifter på mjølkeprodukta. Det vert ikkje brukt pengar frå statsbudsjettet. Dersom det blir ei einsidig endring av handelspolitiske verkemidlar utan innrømmingar frå andre land, står vi utan forhandlingskort i internasjonale forhandlingar. I tillegg får vi ein svekka eigenproduksjonen av mat og redusert beredskap. Eksportverdien av Jarlsbergosten tilsvarer kring 18.000 mjølkekyr eller produksjonen på kring 800 gardsbruk. Jarlsbergosten er ein kostnadseffektiv regulator i eit biologisk produksjonssystem. Den vert ysta på den delen av året mjølkeproduksjonen er størst, og sikrar Norge tilstrekkeleg volum til å dekke etterspurnaden om sommaren, når det er minst mjølk. Endringsframlegg: Høgre og Venstre sette fram slikt framlegg til vedtak: Fylkesutvalet viser til framlegget om å fasa ut alle eksportsubsidiar seinast innan utgangen av 2019. Konkretiseringa av utfasinga er føreslege gjennomført gjennom statsbudsjettet, jordbruksoppgjeret og den laupande utforminga av landbrukspolitikken. Fylkesutvalet er kjent med at det har vore tverrpolitisk semje om å fasa ut eksportsubsidiane. Det set krav til omstilling i landbruket, og det er difor fornuftig å bruka nokre år på omlegginga slik at konsekvensane for norsk mjølkeproduksjon blir så små som muleg. Avrøysting: Noralv Distad, Olin Johanne Henden og Marit Barsnes Krogsæter røysta for framlegget frå Høgre og Venstre. Jenny Følling, Nils P. Støyva, Hilmar Høl, Anders Ryssdal, Karen Marie Hjelmeseter og Trude Brosvik røysta for tilrådinga frå fylkesordføraren. Vedtak: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane støttar Bondelaget sin kamp mot å fjerne eksportstøtta til Jarlsbergosten. Kutt i «eksportstøtta» vil medføre ein reduksjon i mjølkebehovet på 8,5 %. Dette vil få store konsekvensar for distriktslandsbruket. Side 4 av 6
Møtebok Fylkesutvalet 24.06.2015 Produksjon av Jarlsbergost er både eit varemerke og ein regulator, samstundes som produksjonen medverkar til å oppretthalde eit variert landbruk i distrikta og ein god beredskap. Bortfall av produksjon av Jarlsbergost i Norge vil ha store ringverknader. Fylkesutvalet er kritiske til at regjeringa nok ein gong er først ute med endringar utan innrømmingar frå andre land og handelspartnarar. Regjeringa føreslår i Globaliseringsmeldinga å fjerne «eksportstøtta» til Jarlsbergosten. Det svekker både vår eigen økonomi og beredskap og vår internasjonale forhandlingssituasjon og moglegheitene for å medverke til ei internasjonal avtale. Dette er ei ny sak som blir svært utfordrande for bøndene i Sogn og Fjordane. Dei vil råke hardast dei som har satsa seinare åra, dei som har kjøpt dyr kvote og har store faste kostnader. Dersom mjølkekvoten blir redusert med 2-4 % kvart år komande åra, så fryktar vi at det bremsar investeringane i mjølkeproduksjonen. Sogn og Fjordane produserer 102-106 millionar liter mjølk. TINE anlegget på Byrkjelo foredlar ca. 130 mill. liter. Prisutjamningsordninga har fleire funksjonar, blant anna å sikre lik pris til bonden uansett om mjølka blir nytta til ost eller drikkemjølk. Ordninga vert betalt gjennom differensierte avgifter på mjølkeprodukta. Det vert ikkje brukt pengar frå statsbudsjettet. Dersom det blir ei einsidig endring av handelspolitiske verkemidlar utan innrømmingar frå andre land, står vi utan forhandlingskort i internasjonale forhandlingar. I tillegg får vi ein svekka eigenproduksjonen av mat og redusert beredskap. Eksportverdien av Jarlsbergosten tilsvarer kring 18.000 mjølkekyr eller produksjonen på kring 800 gardsbruk. Jarlsbergosten er ein kostnadseffektiv regulator i eit biologisk produksjonssystem. Den vert ysta på den delen av året mjølkeproduksjonen er størst, og sikrar Norge tilstrekkeleg volum til å dekke etterspurnaden om sommaren, når det er minst mjølk. ------------------------------------------------------- SAK 72/15 Lutelandet Utvikling AS - Eigaroppfølging 2015 Frå fylkesrådmannen låg det føre slik tilråding til vedtak: 1. Fylkesutvalet er samd i ei vedtektsendring for Lutelandet Utvikling AS som understrekar selskapet sitt ideelle føremål. 2. Fylkesutvalet er samd i ei vedtektsendring for Lutelandet Utvikling AS som endrar det geografiske området for formålsføresegna i 2, så framt bruken av overskotet til Lutelandet Utvikling AS skjer i samsvar med punkt 4 i dette vedtaket eller tilførast eigenkapitalen til selskapet. 3. Fylkesutvalet er samd i ei vedtektsending for Lutelandet Utvikling AS slik at styret går frå seks til tre personar, så framt at fylkeskommunen får peike ut ein styrerepresentant. 4. Eit driftstilskot frå Lutelandet Utvikling AS til det nyoppretta selskapet HAFS Utvikling AS må nyttast i tråd med Lutelandet Utvikling AS sitt føremål. For å sikre dette, bør Lutelandet Utvikling AS opprette eit fond som HAFS Utvikling AS søkjer prosjektmidlar frå. Som eit minimum bør den fylkeskommunale delen av overskotet i Lutelandet Utvikling AS inngå i fondet sine midlar. Fylkesutvalet ber Lutelandet Utvikling AS om å greie ut dette alternativet. Endringsframlegg: Fylkesutvalet sette fram slikt framlegg om nytt punkt 4: 4. Eit driftstilskot frå Lutelandet Utvikling AS til det nyoppretta selskapet HAFS Utvikling AS må nyttast i tråd med Lutelandet Utvikling AS sitt føremål. For å sikre dette, må Lutelandet Utvikling AS greie ut moglegheita for å opprette eit fond som HAFS Utvikling AS søkjer Side 5 av 6
Møtebok Fylkesutvalet 24.06.2015 prosjektmidlar frå. Som eit minimum må den fylkeskommunale delen av overskotet i Lutelandet Utvikling AS inngå i fondet sine midlar. Den fylkeskommunale delen av tilskotet skal ikkje nyttast til drift av det kommunale tiltaksapparatet. Avrøysting: Punkt 1-3 i tilrådinga frå fylkesrådmannen og fylkesutvalet sitt framlegg til nytt punkt 4 vart samrøystes vedtekne. Fylkesrådmannen sitt framlegg til punkt 4 kom ikkje opp til avrøysting Dette gir følgjande VEDTAK: 1. Fylkesutvalet er samd i ei vedtektsendring for Lutelandet Utvikling AS som understrekar selskapet sitt ideelle føremål. 2. Fylkesutvalet er samd i ei vedtektsendring for Lutelandet Utvikling AS som endrar det geografiske området for formålsføresegna i 2, så framt bruken av overskotet til Lutelandet Utvikling AS skjer i samsvar med punkt 4 i dette vedtaket eller tilførast eigenkapitalen til selskapet. 3. Fylkesutvalet er samd i ei vedtektsending for Lutelandet Utvikling AS slik at styret går frå seks til tre personar, så framt at fylkeskommunen får peike ut ein styrerepresentant. 4. Eit driftstilskot frå Lutelandet Utvikling AS til det nyoppretta selskapet HAFS Utvikling AS må nyttast i tråd med Lutelandet Utvikling AS sitt føremål. For å sikre dette, må Lutelandet Utvikling AS greie ut moglegheita for å opprette eit fond som HAFS Utvikling AS søkjer prosjektmidlar frå. Som eit minimum må den fylkeskommunale delen av overskotet i Lutelandet Utvikling AS inngå i fondet sine midlar. Den fylkeskommunale delen av tilskotet skal ikkje nyttast til drift av det kommunale tiltaksapparatet. -------------------------------------------------------- SAK 73/15 Skriv og meldingar fylkesutvalet 24.juni 2015 Ikkje offentleg Ofl 23, 4. ledd, eigardokument Vedtak: 1a-b: Eigarskapsak Ikkje offentleg, Ofl. 23.4. -------------------------------------------------------- Side 6 av 6
Side 1 av 1 Organ: Møtestad: FYLKESUTVALET Fylkeshuset - møterom Sygna MØTEINNKALLING Møtedato: 24.06.2015 Tid: 09:00 Medlemene blir med dette kalla inn til møtet. Eventuelt forfall må meldast til utvalssekretæren straks. Varamedlemer møter berre etter særskild innkalling. SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. / Tittel 69/15 15/4999 Sogn og Fjordane fylkesting går i mot auka bruk av mellombels tilsetting 70/15 15/5003 Høyringsuttale frå Fylkestinget i Sogn og Fjordane om endringar i heilagdagslova for å tillate sundagsopne butikkar 71/15 15/5004 Behald eksportstøtta på Jarlsbergosten
Side 1 av 1 Fylkesordføraren Medlemmane i fylkesutvalet Sakshandsamar: Merete Husabø Nornes E-post: Merete.Husabo.Nornes@sfj.no Tlf.: 57638117 Vår ref. Sak nr.: 15/224-1 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 22711/15 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 18.06.2015 Møte i fylkesutvalet 24. juni 2015 kl. 09:00 MERK TIDA De vert med dette kalla inn til møte i fylkesutvalet og fylkesutvalet som klagenemnd 24.06.2015. Møta vert haldne på Fylkeshuset i møterom Sygna. Kl. 09.00 Kl. 10.00 Kl. 11.00 Møte i fylkesutvalet Møte i fylkesutvalet som klagenemnd Lønspolitisk drøftingsmøte med fylkeshovudtillitsvalde og hovudsamarbeidsutvalet Kl. 10.00 Opning v/ fylkesvaraordføraren Kl. 10.10 Lønspolitiske utfordringar sett frå arbeidsgjevar sin ståstad. Innlegg v/personalsjefen Kl. 10.20 Korte innlegg på inntil 5 min frå kvar arbeidstakarorganisasjon. I den grad tida strekk til, blir det plenumsdiskusjon / dialog mellom fylkesutvalet og dei fylkeshovudtillitsvalde om kva sentrale utfordringar fylkeskommunen har i lønspolitisk samanheng. Kl. 10.55 Oppsummering v/fylkesvaraordføreren. Kl. 11.00 Møtet slutt Møtet i fylkesutvalet og fylkesutvalet som klagenemnd held fram. Med helsing Knut Henning Grepstad sekretariatsleiar Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57638000 Bankgiro: 4212 02 02000 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA
Side 1 av 1 Saksframlegg Saksbehandlar: Knut Henning Grepstad, sekretariatsleiar Sak nr.: 15/4999-1 Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane går i mot auka bruk av mellombels tilsetting Fylkesordføraren rår fylkesutvalet til å gjera slikt vedtak: Stortinget sitt vedtak om auka bruk av mellombels tilsetting (AML 14-9) vil skape større usikkerheit for arbeidstakarane. Vedtaket vil kunne føre til at alle nye tilsettingar kan vere mellombelse i 12 månader. Regjeringa sin argumentasjon er at endringane vil gje fleire høve til å prøve seg i arbeidslivet. Forsking frå OECD viser derimot at resultatet av ei slik endring vil gje fleire midlertidige tilsette. Endringa vil heller ikkje føre til meir fleksibilitet i arbeidslivet. Utvida bruk av midlertidigheit vil bryte med retten til faste tilsettingar. Endring av arbeidsmiljølova er særleg betenkjeleg i ein situasjon der den seriøse delen av arbeidslivet er under sterkt press på grunn av fleire useriøse arbeidsgivarar. Vi ser også at arbeidslivskriminaliteten aukar i samfunnet aukar. Auka bruk av mellombels tilsetting (AML 14-9) er ikkje i samsvar med fylkesutvalet i Sogn og Fjordane sitt ynskje om ei arbeidsmiljølov som gjev tryggleik og stabilitet for dei tilsette. Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ikkje utvide bruken av mellombels tilsetting, men halde fram med den tidlegare praksisen.
Saksprotokoll Organ: Fylkesutvalet Møtedato: 24.06.2015 Sak nr.: 15/4999-2 Internt l.nr. 23724/15 Sak: 69/15 Tittel: Sogn og Fjordane fylkeskommune går i mot auka bruk av mellombels tilsetting Behandling: Frå fylkesordføraren låg det føre slik tilråding til vedtak: Stortinget sitt vedtak om auka bruk av mellombels tilsetting (AML 14-9) vil skape større usikkerheit for arbeidstakarane. Vedtaket vil kunne føre til at alle nye tilsettingar kan vere mellombelse i 12 månader. Regjeringa sin argumentasjon er at endringane vil gje fleire høve til å prøve seg i arbeidslivet. Forsking frå OECD viser derimot at resultatet av ei slik endring vil gje fleire midlertidige tilsette. Endringa vil heller ikkje føre til meir fleksibilitet i arbeidslivet. Utvida bruk av midlertidigheit vil bryte med retten til faste tilsettingar. Endring av arbeidsmiljølova er særleg betenkjeleg i ein situasjon der den seriøse delen av arbeidslivet er under sterkt press på grunn av fleire useriøse arbeidsgivarar. Vi ser også at arbeidslivskriminaliteten aukar i samfunnet aukar. Auka bruk av mellombels tilsetting (AML 14-9) er ikkje i samsvar med fylkesutvalet i Sogn og Fjordane sitt ynskje om ei arbeidsmiljølov som gjev tryggleik og stabilitet for dei tilsette. Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ikkje utvide bruken av mellombels tilsetting, men halde fram med den tidlegare praksisen. Endringsframlegg: Høgre og Venstre sette fram slikt framlegg til vedtak: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har ikkje særlege merknader til at det vert innført eit utvida høve til mellombelse tilsetjingar, på dei vilkår som Stortinget har fastsett. Hovudregelen i arbeidsmiljølova skal framleis vera fast tilsetjing. Endringa er likevel viktig for å sikra at fleire kan koma inn i arbeidslivet. Avrøysting: Noralv Distad, Olin Johanne Henden, Marit Barsnes Krogsæter og Trude Brosvik røysta for framlegget frå Høgre og Venstre. Jenny Følling, Nils P. Støyva, Hilmar Høl, Anders Ryssdal og Karen Marie Hjelmeseter røysta for tilrådinga frå fylkesordføraren. Dette gir følgjande endeleg vedtak:
Stortinget sitt vedtak om auka bruk av mellombels tilsetting (AML 14-9) vil skape større usikkerheit for arbeidstakarane. Vedtaket vil kunne føre til at alle nye tilsettingar kan vere mellombelse i 12 månader. Regjeringa sin argumentasjon er at endringane vil gje fleire høve til å prøve seg i arbeidslivet. Forsking frå OECD viser derimot at resultatet av ei slik endring vil gje fleire midlertidige tilsette. Endringa vil heller ikkje føre til meir fleksibilitet i arbeidslivet. Utvida bruk av midlertidigheit vil bryte med retten til faste tilsettingar. Endring av arbeidsmiljølova er særleg betenkjeleg i ein situasjon der den seriøse delen av arbeidslivet er under sterkt press på grunn av fleire useriøse arbeidsgivarar. Vi ser også at arbeidslivskriminaliteten aukar i samfunnet aukar. Auka bruk av mellombels tilsetting (AML 14-9) er ikkje i samsvar med fylkesutvalet i Sogn og Fjordane sitt ynskje om ei arbeidsmiljølov som gjev tryggleik og stabilitet for dei tilsette. Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ikkje utvide bruken av mellombels tilsetting, men halde fram med den tidlegare praksisen.
Side 1 av 1 Saksframlegg Saksbehandlar: Knut Henning Grepstad, sekretariatsleiar Sak nr.: 15/5003-1 Høyringsuttale frå Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane om endringar i heilagdagslova for å tillate sundagsopne butikkar Fylkesordføraren rår fylkesutvalet til å gjera slikt vedtak: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane rår frå ei generell søndagsopning fordi samfunnet treng ein felles fridag. Det er ikkje gjort nokon utgreiingar om korleis eit slikt tiltak vil påverke samfunnet vårt. Vi meiner dette vil verke negativt for arbeidstakarane, for familiane og særleg borna. Det vil vankeleggjere å skape gode møteplassar for både mindre og større samlingar. Det vil verke negativt på mykje av det frivillige arbeidet som lokalsamfunna våre er heilt avhengige av. Vidare vil det ikkje gje forbrukarane betre teneste eller rimelegare varer. Heller tvert om. Og vi trur det vil sentralisere handlinga og gjere det vanskeleg for mange mindre butikkar, både i by og bygd. For vårt fylke er vi særleg oppteken av å behalde dei lokale butikkane, fordi dei er svært viktige for dei som bur i nærleiken, både som butikkar og som møteplassar. Fylkesutvalet rår også i frå ei ordning der kvar enkelt kommune skal ta avgjerd om butikkane skal vere opne eller ikkje på søndagane.
Saksprotokoll Organ: Fylkesutvalet Møtedato: 24.06.2015 Sak nr.: 15/5003-2 Internt l.nr. 23725/15 Sak: 70/15 Tittel: Høyringsuttale frå Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane om endringar i heilagdagslova for å tillate sundagsopne butikkar Behandling: Frå fylkesordføraren låg det føre slik tilråding til vedtak: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane rår frå ei generell søndagsopning fordi samfunnet treng ein felles fridag. Det er ikkje gjort nokon utgreiingar om korleis eit slikt tiltak vil påverke samfunnet vårt. Vi meiner dette vil verke negativt for arbeidstakarane, for familiane og særleg borna. Det vil vankeleggjere å skape gode møteplassar for både mindre og større samlingar. Det vil verke negativt på mykje av det frivillige arbeidet som lokalsamfunna våre er heilt avhengige av. Vidare vil det ikkje gje forbrukarane betre teneste eller rimelegare varer. Heller tvert om. Og vi trur det vil sentralisere handlinga og gjere det vanskeleg for mange mindre butikkar, både i by og bygd. For vårt fylke er vi særleg oppteken av å behalde dei lokale butikkane, fordi dei er svært viktige for dei som bur i nærleiken, både som butikkar og som møteplassar. Fylkesutvalet rår også i frå ei ordning der kvar enkelt kommune skal ta avgjerd om butikkane skal vere opne eller ikkje på søndagane. Endringsframlegg: Høgre og Venstre sette fram slikt framlegg til vedtak: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane konstaterer at det ikkje er særleg stor tilslutnad til framlegget om søndagsopne butikkar. Lokalt kan det likevel vera interesse for å halda søndagsope. Kommunane bør difor kunna fatta vedtak om fleire søndagar med opne butikkar, generelt eller på utvalde søndagar. Dette er og i samsvar med intensjonane i forvaltningsreforma om å leggja meir avgjerdsmakt og skjønnsutøving til kommunane. Avrøysting: Noralv Distad, Olin Johanne Henden og Marit Barsnes Krogsæter røysta for framlegget frå Høgre og Venstre. Jenny Følling, Nils P. Støyva, Hilmar Høl, Anders Ryssdal, Karen Marie Hjelmeseter og Trude Brosvik røysta for tilrådinga frå fylkesordføraren. Dette gir følgjande endeleg vedtak: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane rår frå ei generell søndagsopning fordi samfunnet treng ein felles fridag. Det er ikkje gjort nokon utgreiingar om korleis eit slikt tiltak vil påverke samfunnet vårt. Vi meiner dette vil verke negativt for arbeidstakarane, for familiane og særleg borna. Det vil vankeleggjere å skape gode møteplassar for både mindre og større samlingar. Det vil verke
negativt på mykje av det frivillige arbeidet som lokalsamfunna våre er heilt avhengige av. Vidare vil det ikkje gje forbrukarane betre teneste eller rimelegare varer. Heller tvert om. Og vi trur det vil sentralisere handlinga og gjere det vanskeleg for mange mindre butikkar, både i by og bygd. For vårt fylke er vi særleg oppteken av å behalde dei lokale butikkane, fordi dei er svært viktige for dei som bur i nærleiken, både som butikkar og som møteplassar. Fylkesutvalet rår også i frå ei ordning der kvar enkelt kommune skal ta avgjerd om butikkane skal vere opne eller ikkje på søndagane.
Side 1 av 1 Saksframlegg Saksbehandlar: Knut Henning Grepstad, Sekretariatsleiar Sak nr.: 15/5004-1 Behald eksportstøtta på Jarlsbergosten Fylkesordføraren rår fylkesutvalet til å gjera slikt vedtak: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane støttar Bondelaget sin kamp mot å fjerne eksportstøtta til Jarlsbergosten. Kutt i «eksportstøtta» vil medføre ein reduksjon i mjølkebehovet på 8,5 %. Dette vil få store konsekvensar for distriktslandsbruket. Produksjon av Jarlsbergost er både eit varemerke og ein regulator, samstundes som produksjonen medverkar til å oppretthalde eit variert landbruk i distrikta og ein god beredskap. Bortfall av produksjon av Jarlsbergost i Norge vil ha store ringverknader. Fylkesutvalet er kritiske til at regjeringa nok ein gong er først ute med endringar utan innrømmingar frå andre land og handelspartnarar. Regjeringa føreslår i Globaliseringsmeldinga å fjerne «eksportstøtta» til Jarlsbergosten. Det svekker både vår eigen økonomi og beredskap og vår internasjonale forhandlingssituasjon og moglegheitene for å medverke til ei internasjonal avtale. Dette er ei ny sak som blir svært utfordrande for bøndene i Sogn og Fjordane. Dei vil råke hardast dei som har satsa seinare åra, dei som har kjøpt dyr kvote og har store faste kostnader. Dersom mjølkekvoten blir redusert med 2-4 % kvart år komande åra, så fryktar vi at det bremsar investeringane i mjølkeproduksjonen. Sogn og Fjordane produserer 102-106 millionar liter mjølk. TINE anlegget på Byrkjelo foredlar ca. 130 mill. liter. Prisutjamningsordninga har fleire funksjonar, blant anna å sikre lik pris til bonden uansett om mjølka blir nytta til ost eller drikkemjølk. Ordninga vert betalt gjennom differensierte avgifter på mjølkeprodukta. Det vert ikkje brukt pengar frå statsbudsjettet. Dersom det blir ei einsidig endring av handelspolitiske verkemidlar utan innrømmingar frå andre land, står vi utan forhandlingskort i internasjonale forhandlingar. I tillegg får vi ein svekka eigenproduksjonen av mat og redusert beredskap. Eksportverdien av Jarlsbergosten tilsvarer kring 18.000 mjølkekyr eller produksjonen på kring 800 gardsbruk. Jarlsbergosten er ein kostnadseffektiv regulator i eit biologisk produksjonssystem. Den vert ysta på den delen av året mjølkeproduksjonen er størst, og sikrar Norge tilstrekkeleg volum til å dekke etterspurnaden om sommaren, når det er minst mjølk. Globaliseringsmeldinga: https://www.regjeringen.no/nb/dokumenter/meld.-st.-29-20142015/id2413532/
Saksprotokoll Organ: Fylkesutvalet Møtedato: 24.06.2015 Sak nr.: 15/5004-2 Internt l.nr. 23726/15 Sak: 71/15 Tittel: Behald eksportstøtta på Jarlsbergosten Behandling: Frå fylkesordføraren låg det føre slik tilråding til vedtak: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane støttar Bondelaget sin kamp mot å fjerne eksportstøtta til Jarlsbergosten. Kutt i «eksportstøtta» vil medføre ein reduksjon i mjølkebehovet på 8,5 %. Dette vil få store konsekvensar for distriktslandsbruket. Produksjon av Jarlsbergost er både eit varemerke og ein regulator, samstundes som produksjonen medverkar til å oppretthalde eit variert landbruk i distrikta og ein god beredskap. Bortfall av produksjon av Jarlsbergost i Norge vil ha store ringverknader. Fylkesutvalet er kritiske til at regjeringa nok ein gong er først ute med endringar utan innrømmingar frå andre land og handelspartnarar. Regjeringa føreslår i Globaliseringsmeldinga å fjerne «eksportstøtta» til Jarlsbergosten. Det svekker både vår eigen økonomi og beredskap og vår internasjonale forhandlingssituasjon og moglegheitene for å medverke til ei internasjonal avtale. Dette er ei ny sak som blir svært utfordrande for bøndene i Sogn og Fjordane. Dei vil råke hardast dei som har satsa seinare åra, dei som har kjøpt dyr kvote og har store faste kostnader. Dersom mjølkekvoten blir redusert med 2-4 % kvart år komande åra, så fryktar vi at det bremsar investeringane i mjølkeproduksjonen. Sogn og Fjordane produserer 102-106 millionar liter mjølk. TINE anlegget på Byrkjelo foredlar ca. 130 mill. liter. Prisutjamningsordninga har fleire funksjonar, blant anna å sikre lik pris til bonden uansett om mjølka blir nytta til ost eller drikkemjølk. Ordninga vert betalt gjennom differensierte avgifter på mjølkeprodukta. Det vert ikkje brukt pengar frå statsbudsjettet. Dersom det blir ei einsidig endring av handelspolitiske verkemidlar utan innrømmingar frå andre land, står vi utan forhandlingskort i internasjonale forhandlingar. I tillegg får vi ein svekka eigenproduksjonen av mat og redusert beredskap. Eksportverdien av Jarlsbergosten tilsvarer kring 18.000 mjølkekyr eller produksjonen på kring 800 gardsbruk. Jarlsbergosten er ein kostnadseffektiv regulator i eit biologisk produksjonssystem. Den vert ysta på den delen av året mjølkeproduksjonen er størst, og sikrar Norge tilstrekkeleg volum til å dekke etterspurnaden om sommaren, når det er minst mjølk. Endringsframlegg: Høgre og Venstre sette fram slikt framlegg til vedtak: Fylkesutvalet viser til framlegget om å fasa ut alle eksportsubsidiar seinast innan utgangen av 2019. Konkretiseringa av utfasinga er føreslege gjennomført gjennom statsbudsjettet, jordbruksoppgjeret og den laupande utforminga av landbrukspolitikken.
Fylkesutvalet er kjent med at det har vore tverrpolitisk semje om å fasa ut eksportsubsidiane. Det set krav til omstilling i landbruket, og det er difor fornuftig å bruka nokre år på omlegginga slik at konsekvensane for norsk mjølkeproduksjon blir så små som muleg. Avrøysting: Noralv Distad, Olin Johanne Henden og Marit Barsnes Krogsæter røysta for framlegget frå Høgre og Venstre. Jenny Følling, Nils P. Støyva, Hilmar Høl, Anders Ryssdal, Karen Marie Hjelmeseter og Trude Brosvik røysta for tilrådinga frå fylkesordføraren. Dette gir følgjande endeleg vedtak: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane støttar Bondelaget sin kamp mot å fjerne eksportstøtta til Jarlsbergosten. Kutt i «eksportstøtta» vil medføre ein reduksjon i mjølkebehovet på 8,5 %. Dette vil få store konsekvensar for distriktslandsbruket. Produksjon av Jarlsbergost er både eit varemerke og ein regulator, samstundes som produksjonen medverkar til å oppretthalde eit variert landbruk i distrikta og ein god beredskap. Bortfall av produksjon av Jarlsbergost i Norge vil ha store ringverknader. Fylkesutvalet er kritiske til at regjeringa nok ein gong er først ute med endringar utan innrømmingar frå andre land og handelspartnarar. Regjeringa føreslår i Globaliseringsmeldinga å fjerne «eksportstøtta» til Jarlsbergosten. Det svekker både vår eigen økonomi og beredskap og vår internasjonale forhandlingssituasjon og moglegheitene for å medverke til ei internasjonal avtale. Dette er ei ny sak som blir svært utfordrande for bøndene i Sogn og Fjordane. Dei vil råke hardast dei som har satsa seinare åra, dei som har kjøpt dyr kvote og har store faste kostnader. Dersom mjølkekvoten blir redusert med 2-4 % kvart år komande åra, så fryktar vi at det bremsar investeringane i mjølkeproduksjonen. Sogn og Fjordane produserer 102-106 millionar liter mjølk. TINE anlegget på Byrkjelo foredlar ca. 130 mill. liter. Prisutjamningsordninga har fleire funksjonar, blant anna å sikre lik pris til bonden uansett om mjølka blir nytta til ost eller drikkemjølk. Ordninga vert betalt gjennom differensierte avgifter på mjølkeprodukta. Det vert ikkje brukt pengar frå statsbudsjettet. Dersom det blir ei einsidig endring av handelspolitiske verkemidlar utan innrømmingar frå andre land, står vi utan forhandlingskort i internasjonale forhandlingar. I tillegg får vi ein svekka eigenproduksjonen av mat og redusert beredskap. Eksportverdien av Jarlsbergosten tilsvarer kring 18.000 mjølkekyr eller produksjonen på kring 800 gardsbruk. Jarlsbergosten er ein kostnadseffektiv regulator i eit biologisk produksjonssystem. Den vert ysta på den delen av året mjølkeproduksjonen er størst, og sikrar Norge tilstrekkeleg volum til å dekke etterspurnaden om sommaren, når det er minst mjølk.
Saksprotokoll Organ: Fylkesutvalet Møtedato: 24.06.2015 Sak nr.: 15/4807-2 Internt l.nr. 23727/15 Sak: 72/15 Tittel: Lutelandet Utvikling AS - Eigaroppfølging 2015 Behandling: Frå fylkesrådmannen låg det føre slik tilråding til vedtak: 1. Fylkesutvalet er samd i ei vedtektsendring for Lutelandet Utvikling AS som understrekar selskapet sitt ideelle føremål. 2. Fylkesutvalet er samd i ei vedtektsendring for Lutelandet Utvikling AS som endrar det geografiske området for formålsføresegna i 2, så framt bruken av overskotet til Lutelandet Utvikling AS skjer i samsvar med punkt 4 i dette vedtaket eller tilførast eigenkapitalen til selskapet. 3. Fylkesutvalet er samd i ei vedtektsending for Lutelandet Utvikling AS slik at styret går frå seks til tre personar, så framt at fylkeskommunen får peike ut ein styrerepresentant. 4. Eit driftstilskot frå Lutelandet Utvikling AS til det nyoppretta selskapet HAFS Utvikling AS må nyttast i tråd med Lutelandet Utvikling AS sitt føremål. For å sikre dette, bør Lutelandet Utvikling AS opprette eit fond som HAFS Utvikling AS søkjer prosjektmidlar frå. Som eit minimum bør den fylkeskommunale delen av overskotet i Lutelandet Utvikling AS inngå i fondet sine midlar. Fylkesutvalet ber Lutelandet Utvikling AS om å greie ut dette alternativet. Endringsframlegg: Fylkesutvalet sette fram slikt framlegg om nytt punkt 4: 4. Eit driftstilskot frå Lutelandet Utvikling AS til det nyoppretta selskapet HAFS Utvikling AS må nyttast i tråd med Lutelandet Utvikling AS sitt føremål. For å sikre dette, må Lutelandet Utvikling AS greie ut moglegheita for å opprette eit fond som HAFS Utvikling AS søkjer prosjektmidlar frå. Som eit minimum må den fylkeskommunale delen av overskotet i Lutelandet Utvikling AS inngå i fondet sine midlar. Den fylkeskommunale delen av tilskotet skal ikkje nyttast til drift av det kommunale tiltaksapparatet. Avrøysting: Punkt 1-3 i tilrådinga frå fylkesrådmannen og fylkesutvalet sitt framlegg til nytt punkt 4 vart samrøystes vedtekne. Fylkesrådmannen sitt framlegg til punkt 4 kom ikkje opp til avrøysting
Dette gir følgjande endeleg vedtak: 1. Fylkesutvalet er samd i ei vedtektsendring for Lutelandet Utvikling AS som understrekar selskapet sitt ideelle føremål. 2. Fylkesutvalet er samd i ei vedtektsendring for Lutelandet Utvikling AS som endrar det geografiske området for formålsføresegna i 2, så framt bruken av overskotet til Lutelandet Utvikling AS skjer i samsvar med punkt 4 i dette vedtaket eller tilførast eigenkapitalen til selskapet. 3. Fylkesutvalet er samd i ei vedtektsending for Lutelandet Utvikling AS slik at styret går frå seks til tre personar, så framt at fylkeskommunen får peike ut ein styrerepresentant. 4. Eit driftstilskot frå Lutelandet Utvikling AS til det nyoppretta selskapet HAFS Utvikling AS må nyttast i tråd med Lutelandet Utvikling AS sitt føremål. For å sikre dette, må Lutelandet Utvikling AS greie ut moglegheita for å opprette eit fond som HAFS Utvikling AS søkjer prosjektmidlar frå. Som eit minimum må den fylkeskommunale delen av overskotet i Lutelandet Utvikling AS inngå i fondet sine midlar. Den fylkeskommunale delen av tilskotet skal ikkje nyttast til drift av det kommunale tiltaksapparatet.
Side 1 av 1 Saksframlegg Saksbehandlar: Merete Husabø Nornes, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 15/468-15 Skriv og meldingar fylkesutvalet 24.juni 2015 1a-b: Eigarskapsak Ikkje offentleg, Ofl. 23.4.