Midsund kommune Møteprotokoll Utval: Planutvalet Møtestad: Kantina, Kommunehuset Dato: 25.08.2014 Tid: 12:00 Faste medlemmar som møtte: Namn Funksjon Parti Robin Mikal Sørlie NESTL H Odd Helge Gangstad MEDL SP Oddny Lisbeth Midtbø Rød MEDL FRP Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Parti Einar Øien LEDER FRP Bjørn Wang MEDL V Varamedlemmar som møtte: Namn Vara for: Parti Tor Jarle Sporsheim Einar Øien FRP Frits Inge Godø Bjørn Wang V Frå administrasjonen møtte: Namn Ketil Ugelvik Inge Rakvåg Astrid Abelseth Stilling Rådmann Teknisk sjef Sekretær Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Robin Mikal Sørlie Oddny Lisbeth Midtbø Rød Odd Helge Gangstad Tor Jarle Sporsheim Frits Inge Godø
SAKSLISTE Saksnr Innhald Arkivsaknr PS 14/16 Referatsaker PS 14/17 Plan for medverknad i samband med arealplanprosessen 2013/562 PS 14/18 Søknad om oppstart av privat reguleringsplan for gnr. 51 bnr.25 - Blø PS 14/19 Fv. 668 Mordalsvågen fergekai - forslag til reguleringsplan 2014/25 2014/312 Den 25. august 2014 vart det halde møte i Planutvalet i kantina på Midsund kommunehus. Møtet vart leia av varaordførar Robin Mikal Sørlie. Møtet tok til 12.00. Einar Øien (FRP) og Bjørn Wang (V) hadde meldt forfall. Tor Jarle Sporsheim (FRP) og Frits Inge Godø (V) møtte som vara. 5 voterande. Det var ingen merknader til innkallinga. Sakslista vart samrøystes godkjent. PS 14/16 Referatsaker Samrøystes vedtak i Planutvalet - 25.08.2014 Protokoll frå møte i Planutvalet 19.06.2014 vart godkjent. PS 14/17 Plan for medverknad i samband med arealplanprosessen Saka vert lagt fram utan tilråding. Vedtak i Planutvalet - 25.08.2014 Saka vart drøfta utan at vedtak vart fatta. PS 14/18 Søknad om oppstart av privat reguleringsplan for gnr. 51 bnr.25 - Blø 1. Midsund kommune stiller seg positiv til søknaden om oppstart av reguleringsplan for grn. 51 brn. 25, med føremål om å leggje til rette for bustader 2. Planen skal vere ein detaljreguleringsplan etter 12-3 i plan- og bygningslova 3. Det skal utarbeidast ein planomtale og gjennomførast ei risiko og sårbarheitsanalyse for planområdet. 4. Namnet på planen er Bløkrysset byggefelt
Vedtak i Planutvalet - 25.08.2014 Administrasjonen sitt forslag til vedtak vart samrøystes vedteke. PS 14/19 Fv. 668 Mordalsvågen fergekai - forslag til reguleringsplan Saka lagt fram utan tilråding Behandling i Planutvalet - 25.08.2014 Det vart lagt fram forslag til høyringssvar: Svar på Fv. 668 Mordalsvågen 1. gangs offentlig ettersyn av forslag til reguleringsplan. Ferjesambandet Midsund kommune er svært positiv, og ser heilt klart kor viktig det er at ferjekaia på Mordalsvågen blir rusta opp slik at dagens ferjer kan gå inn til kaia, og at reserveferjene ved ferjehavari kan gå til Mordalsvågen og ikkje Hollingsholmen. Dersom vår ferje i dag ikkje kan gå blir det sett inn ei ferje som går til Hollingsholmen eller i trekant med Aukra, pga. gammaldags ferjekai på Mordalsvågen. Frekvensen på ruta blir då halvert eller sjeldnare pga. dobla overfartstid. Skal ferja i eit kort tidsrom gå til Hollingsholmen må det settast inn to ferjer for å halde same frekvensen som det er i dag. Reguleringsplanen Ferjesambandet, rute 30 Solholmen Mordalsvågen er primert eit samband for Midsund kommune og gjennomgangstrafikk. Det er viktig at reguleringsplanen stettar desse behova også. Det er viktig at ein har nok oppstillingsplassar for bil som skal med ferjene. Spesielt blir behovet stort når det kjem ferjer frå fleire samband. Dette kan evt. kompenserast med ei fleksibel skilting og vaktpersonell. Slik oppstillingsplassen er i dag kan det bli kaos. Dessutan må parkeringsbehovet stettast. Det må merkast opp fleire parkeringsplassar. Gangveg på sørsida er viktig for å få dei mjuke trafikantane bort frå biloppstillingsplassane. Det er viktig for Midsund kommune at ambulansekaia ved evt. flytting får ein plass som er minst like bra som i dag. Denne diskusjonen må Helse midt, Molde Romsdal hamn IKS og kommunane vere med på. Midsund kommune vil komme tilbake med tankar og spørsmål om korleis ferjesambandet skal vere i anleggsperioden.
Det vart lagt fram forslag til eit nytt kulepunkt 2: Midsund kommune ønskjer utarbeida ei alternativ løysing som medfører ei mindre utbygging og kortare stenging. Og eit tillegg: Planutvalet i Midsund er bekymra over dei konsekvensane ei eventuell utbygging kan få for ferjetilbodet i anleggsperioden. Samrøystes vedtak i Planutvalet - 25.08.2014 Svar på Fv. 668 Mordalsvågen 1. gangs offentlig ettersyn av forslag til reguleringsplan. Ferjesambandet Midsund kommune er svært positiv, og ser heilt klart kor viktig det er at ferjekaia på Mordalsvågen blir rusta opp slik at dagens ferjer kan gå inn til kaia, og at reserveferjene ved ferjehavari kan gå til Mordalsvågen og ikkje Hollingsholmen. Dersom vår ferje i dag ikkje kan gå blir det sett inn ei ferje som går til Hollingsholmen eller i trekant med Aukra, pga. gammaldags ferjekai på Mordalsvågen. Frekvensen på ruta blir då halvert eller sjeldnare pga. dobla overfartstid. Skal ferja i eit kort tidsrom gå til Hollingsholmen må det settast inn to ferjer for å halde same frekvensen som det er i dag. Reguleringsplanen Ferjesambandet, rute 30 Solholmen Mordalsvågen er primert eit samband for Midsund kommune og gjennomgangstrafikk. Det er viktig at reguleringsplana stettar desse behova også. Midsund kommune ønskjer utarbeida ei alternativ løysing som medfører ei mindre utbygging og kortare stenging. Det er viktig at ein har nok oppstillingsplassar for bil som skal med ferjene. Spesielt blir behovet stort når det kjem ferjer frå fleire samband. Dette kan evt. kompenserast med ei fleksibel skilting og vaktpersonell. Slik oppstillingsplassen er i dag kan det bli kaos. Dessutan må parkeringsbehovet stettast. Det må merkast opp fleire parkeringsplassar. Gangveg på sørsida er viktig for å få dei mjuke trafikantane bort frå biloppstillingsplassane. Det er viktig for Midsund kommune at ambulansekaia ved evt. flytting får ein plass som er minst like bra som i dag. Denne diskusjonen må Helse midt, Molde Romsdal hamn IKS og kommunane vere med på. Planutvalet i Midsund er bekymra over dei konsekvensane ei eventuell utbygging kan få for ferjetilbodet i anleggsperioden.
Midsund kommune vil komme tilbake med tankar og spørsmål om korleis ferjesambandet skal vere i anleggsperioden. Møtet vart heva 18.05