MØTEPROTOKOLL Utval: Stad: Komite for næring, kultur og idrett Herøy rådhus, Formannskapssalen Dato: 12.09.2016 Tid: 16:00 17:05 Medlemer som møtte: Hilde Marie Brungot Medlem H Knut Johan Voldsund Nestleder FRP Henry Jøsokbakke Medlem V Reidun S Myrvågnes Medlem AP Forfall: Stig Arne Helsem Sævik LEDER H Janne-Katrin Hansen Sævik MEDL H Bjarne Kvalsvik MEDL FOLK/SP Varamedlemer som møtte: Edel Kvalsund Goksøyr Janne-Katrin Hansen Sævik KRF Ove Stenersen Stig Arne Helsem Sævik FRP Andre: Referent: Kulturkonsulent Eileen Gjerde Eigedomsleiar Robert Myklebust Planleggar Ole Magne Rotevatn Til å skrive under protokollen saman med ordføraren/leiaren vart desse valde: Hilde Marie Brungot og Ove Stenersen Skriv delt ut i møte: KN-sak 62/16 Nestleiar Knut Johan Voldsund leia møtet. Desse sakene vart handsama først i møtet: KN-sak 56/16, 62/16 og 61/16.
Hilde Marie Brungot Knut Johan Voldsund Ove Stenersen underskrifter
PS 52/16 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Ingen hadde merknader til innkalling og sakliste. PS 53/16 PROTOKOLL FRÅ FØRRE MØTE Protokollen frå førre møte låg føre. PS 54/16 REFERATSAKER Referatskriv frå avdelingane låg føre og vert tekne til vitande. PS 55/16 FORPROSJEKT FOR MOGLEG ETABLERING AV NORDISK NETTVERK FOR STAD- OG IDENTITETSUTVIKLING MED VEKT PÅ KULTUR Tilråding i Komite for næring, kultur og idrett - 12.09.2016 Komiteen for Næring, kultur og idrett gir si tilslutning til deltaking i forprosjektet til «Made in Klaksvik» slik føreslått. Forprosjektet er planlagt gjennomført i 2016, og formålet er å avklare om det er grunnlag for å delta i eit tre-årig nordisk nettverkssamarbeid som skal arbeide for auka positiv innverknad på bulyst, stad- og identitetsutviklinga i samarbeids-kommunane, med vekt på kultur.
PS 56/16 VANGEN HANDEL - SØKNAD OM STØTTE FRÅ KOMMUNALT NÆRINGSFOND Planleggar Ole Magne Rotevatn orienterte. Komite for næring, kultur og idrett løyver eit tilskot på inntil 22.500 kr frå det kommunale næringsfondet til Vangen Handel til marknadsføring og profilering. Betaling skal alltid skje etterskotsvis mot godkjend rapport og rekneskap. Det kan gjerast delutbetalingar til påløpne utgifter med inntil 75% av tilskotet. Sluttutbetaling vert utbetalt når prosjektet er avslutta og vilkåra er oppfylt med revisorgodkjend rekneskap. Søkjaren må sjølv kontrollere at utbetalt beløp er korrekt. Feil i utbetalt beløp vil bli trekt eller etterbetalt. Tilsagnet gjeld fram til 31.12.2017. Dersom prosjektet ikkje er ferdig og gjennomført og tilskotet ikkje utbetalt innan denne datoen går tilskotet attende til det kommunale næringsfondet. Krav til dokumentasjon/rekneskap/rapportering Det skal førast spesifisert regnskap for prosjektet. Rekneskapen skal vere sett opp på ein slik måte at ein kan samanlikne med kostnadsoverslaget som er lagt til grunn for tilsagnet. Søkjaren pliktar å ta vare på rekneskapsdata og faktisk opplysingar. Kontroll Fylkesrevisjonen eller kommunerevisjonen kan føre kontroll med at midlane er nytta i samsvar med regelverket. Feil bruk av midlane Midlane skal nyttast i tråd med søknaden. Bruk av midlane i strid med retningslinene/handlingsplan vil medføre inndraging av tilsagnet og eventuelt tilbakebetaling. Tilskotsmottakaren må skriftleg akseptere at tilskotet er mottatt på dei vilkåra som gjeld. Etter retningslinene for bruk og forvaltning av kommunale næringsfond og etter forvaltningslova 28, kan vedtaket påklagast til særskild klagenemnd. Eventuell klage skal sendast Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg, og klaga skal ligge føre seinast 3 veker etter at søkjaren er gjort kjend med vedtaket i saka.
PS 57/16 TILDELING AV DRIFTSTILSKOT AV KULTUMIDLAR - 2016 1. Kulturmidlane er fordelt på kategoriar Barn og unge, Song og musikk, Idrett etter vedlagt liste over tildeling. 2. Tilskotet vert utbetal over post - Barn og unge, 14700. 4011. 231. - Idrett, 14700. 4011. 380. - Song og musikk, 14700. 4011. 377. Tildelinga er utrekna ut frå retningsliner for tildeling av kulturmidlar. PS 58/16 SØKNAD OM KULTURMIDLAR - EINGONGSINVESTERINGAR/PROSJEKT, FISKARKONA OG DØTRENE HENNAR - EIT 100 ÅRIG KVINNEMINNEALBUM 1. Forteljeriet Vestafor Måne får tilsegn om tilskot på kr. 10 000 til produksjon av boka «Fiskarkona og døtrene hennar eit 100 årig kvinneminnealbum» 2. Tilskotet kan utbetalast når det kan leggast fram kviitering for gjennomført prosjekt 3. Tilskotet skal dekkjast over post 14700.4011.377 Disposisjonspost PS 59/16 SØKNAD OM KULTURMIDLAR - EINGONGSINVESTERING/PROSJEKT, "NEI TIL MOBBING"
1. Regine Hermansen Sandhaug og Maria Husøy får tilsegn om tilskot på inntil kr. 25 000 til filmprosjektet «Nei til mobbing» 2. Tilskotet kan utbetalast når de ligg føre kvittering for gjennomført prosjekt 3. Tilskotet skal dekkjast over post 14700.4011.231 Aktivitetstilbod barn og unge PS 60/16 SØKNAD OM KULTURMIDLAR - KURS, HERØY MÅLLAG V, Henry Jøsokbakke kom med framlegg om slikt punkt 1: «Herøy Mållag får tilsegn om tilskot på kr 5 000 til deltaking for eigne medlemer på Noregs Mållag sitt haustseminar på Lom 2016» Henry Jøsokbakke sitt framlegg vart samrøystes vedteke. 1. Herøy Mållag får tilsegn om tilskot på kr. 5 000 til deltaking for eigne medlemer på Noregs Mållag sitt haustseminar på Lom 2016 2. Tilskotet kan utbetalast når det ligg føre rekneskap for seminaret 3. Tilskotet skal dekkjast over post 14700.4011.377 Disposisjonspost PS 61/16 PROSJEKT 51408 - EINEDALEN SKULE - FLEIRBRUKSHALL - BYGGEPROGRAM Eigedomsleiar Robert Myklebust orienterte. Tilråding i Komite for næring, kultur og idrett - 12.09.2016 1. Kommunestyret godkjenner byggeprogram for Einedalen skule fleirbrukshall - utbyggingsalternativ 1. 2. Kommunestyret ber Rådmannen om å søke prosjektet innarbeida i budsjett- og økonomiplanen for 2017-2020. 3. Plan- og byggenemnda får mandat til å gjennomføre prosjektet på vanleg måte føresett naudsynt finansiering.
PS 62/16 VEDTAK AV LOKAL HANDLINGSPLAN FOR RDA-MIDLAR Tilråding i Komite for næring, kultur og idrett - 12.09.2016 Kommunestyret vedtek lokal handlingsplan for RDA-midlar slik den ligg føre. MØTET SLUTT!