VINJE KOMMUNE MØTEBOK Utval Stad Dato Kl. Formannskapet Formannskapssalen 20.06.2013 11:30 Desse representantane møtte Namn Repr Vara for Øystein Høgetveit SV Bibbi Tveito Arne Vinje SV Nils Vågslid DY H Bjørn Arne Lindskog Jon Rikard Kleven SP Baiba Sheine SV Gunn Aslaug Seltveit Bøe AP Saker til handsaming 13/43-13/46 Merknader Det lukkast ikkje å kalle inn vara for Børre Rønningen (Ap). Andre som møtte Namn Hans Kristian Lehmann Stilling Rådmann Arne Vinje ordførar Reidun Lofthus administrasjonssekretær 1/6
Saksliste Saksnr Tittel PS 13/43 Referat og meldingar PS 13/44 Vinje Gardsmat AS - søknad om salsløyve for løyveperioden 010712-300616 PS 13/45 Raulandsfjell Alpinsenter - søknad om skjenkeløyve perioden 010712-300616 PS 13/46 Forskottering av tippemidlar til Åmot kunsgrasbane og Turveg Vågslid trinn III 2/6
PS 13/43 Referat og meldingar RS 13/24 Møtebok frå førre møte Handsaming i Formannskapet 20.06.2013: Framlagde referat og meldingar blei teke til etterretning. PS 13/44 Vinje Gardsmat AS - søknad om salsløyve for løyveperioden 010712-300616 Rådmannens framlegg til vedtak: 1. Med bakgrunn i lov av 2. juni 1989 nr.27 om omsetning av alkoholhaldig drykk m.m, med føresegner og merknader og Alkoholpolitiske retningsliner for Vinje kommune, får Vinje Gardsmat fast salsløyve for alkohol i gr.1 fram til 30.06.2016, på vilkår av at det blir installert låsbar skyvedør som deler lokalet i to avdelingar. 2. Salstid for alkohol i gr.1 blir fylgjande: - kvardagar kl 12.00-17.00 - dagar før sundag og heilagdagar, unnateke kvardag før Kr.himmelfartsdag, er opningstida frå kl 12.00-15.00. 3. Sal og utlevering av alkohol i gr.1 skal ikkje skje på sundagar og heilagdagar, 1.mai, 17.mai og på stemmedagane for stortingsval, fylkestingval, kommunestyreval og folkerøystingar vedtekne ved lov. 4. Salstyrar er Marit Sande, varastyrar er Astrid Negarden, begge med godkjent Kunnskapsprøve. 5. Det må vera eiga bokføring for kvar av avdelingane. 6. Låsbar skyvedør skal vera montert føre salsløyve vert godkjend og nytta. Begge avdelingane kan nyttast til skjenkeområde ved tilskipingar, men da må dei alkoholhaldige salsvarene vera fjerna frå lokalet. Rådmannen, Hans Kristian Lehmann, rådmann /s/ 3/6
Handsaming i Formannskapet 20.06.2013: Framlegg frå formannskapet: Endring pkt. 1 og 6: Det blir oppført ein skiljevegg, ei låsbar skuvedør eller liknande før salsløyve blir godkjend og nytta. Framlegget frå rådmannen med endringsframlegget frå formannskapet blei samrøystes vedteke. 1. Med bakgrunn i lov av 2. juni 1989 nr.27 om omsetning av alkoholhaldig drykk m.m, med føresegner og merknader og Alkoholpolitiske retningsliner for Vinje kommune, får Vinje Gardsmat fast salsløyve for alkohol i gr.1 fram til 30.06.2016, på vilkår av at det blir oppført ein skiljevegg, ei låsbar skuvedør eller liknande før salsløyve blir godkjend og nytta. 2. Salstid for alkohol i gr.1 blir fylgjande: - kvardagar kl 12.00-17.00 - dagar før sundag og heilagdagar, unnateke kvardag før Kr.himmelfartsdag, er opningstida frå kl 12.00-15.00. 3. Sal og utlevering av alkohol i gr.1 skal ikkje skje på sundagar og heilagdagar, 1.mai, 17.mai og på stemmedagane for stortingsval, fylkestingval, kommunestyreval og folkerøystingar vedtekne ved lov. 4. Salstyrar er Marit Sande, varastyrar er Astrid Negarden, begge med godkjent Kunnskapsprøve. 5. Det må vera eiga bokføring for kvar av avdelingane. 6. Det blir oppført ein skiljevegg, ei låsbar skuvedør eller liknande før salsløyve blir godkjend og nytta. Begge avdelingane kan nyttast til skjenkeområde ved tilskipingar, men da må dei alkoholhaldige salsvarene vera fjerna frå lokalet. PS 13/45 Raulandsfjell Alpinsenter - søknad om skjenkeløyve perioden 010712-300616 Rådmannens framlegg til vedtak: 1. Med bakgrunn i lov av 2.juni 1989 nr.27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.m, med føresegner og merknader og Alkoholpolitiske retningsliner for Vinje kommune, får Org.nr. 986715533- Raulandsfjell As, fast skjenkeløyve for alkohol i gruppe1,2 og 3 fram til 30.06.2016. 2. Løyve gjeld Område 1.Hotell - restaurant og bar. Område 2.-Inneservering og uteterrasse, sjå skisse. 3. Styrar er Ivar Magnesen og varastyrar er Hilde Børve Bitubekk Begge har godkjend Kunnskapsprøve. 4. Skjenketider for overnattingsstader er for alkohol i gruppe 1 og 2; kl 12.00-02.00. For gruppe 3; kl 13.00-02.00. For overnattingsgjester kan skjenketida for 4/6
alkohol i gruppe 1 og 2 vera utan avgrensingane ovanfor, under føresetnad av at skjenkinga ikkje skjer i dei ordinære skjenkelokala, men i resepsjon og eventuelt avgrensa område i tilknyting til denne. Rådmannen, Hans Kristian Lehmann, rådmann /s/ Handsaming i Formannskapet 20.06.2013: Framlegget frå rådmannen blei samrøystes vedteke. 1. Med bakgrunn i lov av 2.juni 1989 nr.27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.m, med føresegner og merknader og Alkoholpolitiske retningsliner for Vinje kommune, får Org.nr. 986715533- Raulandsfjell As, fast skjenkeløyve for alkohol i gruppe1,2 og 3 fram til 30.06.2016. 2. Løyve gjeld Område 1.Hotell - restaurant og bar. Område 2.-Inneservering og uteterrasse, sjå skisse. 3. Styrar er Ivar Magnesen og varastyrar er Hilde Børve Bitubekk Begge har godkjend Kunnskapsprøve. 4. Skjenketider for overnattingsstader er for alkohol i gruppe 1 og 2; kl 12.00-02.00. For gruppe 3; kl 13.00-02.00. For overnattingsgjester kan skjenketida for alkohol i gruppe 1 og 2 vera utan avgrensingane ovanfor, under føresetnad av at skjenkinga ikkje skjer i dei ordinære skjenkelokala, men i resepsjon og eventuelt avgrensa område i tilknyting til denne. PS 13/46 Forskottering av tippemidlar til Åmot kunsgrasbane og Turveg Vågslid trinn III Rådmannens framlegg til vedtak: Vinje kommune forskoterar spelemidlar til Åmot stadion kr. 1.600.000,- og Turveg Vågslid trinn 3 kr. 700.000,-. Forskoteringa blir dekt av næringsfondet. Rådmannen, Hans Kristian Lehmann, rådmann /s/ Handsaming i Formannskapet 20.06.2013: Formannskapet drøfta om Nils Vågslid (H) var ugild i saka, jf. FVL 6, 2. ledd. Vågslid forlot lokalet under diskusjonen. Formannskapet fann Vågslid ugild med 3 mot 2 røyster. Framlegget frå rådmannen blei samrøystes vedteke. 5/6
Vinje kommune forskotterer spelemidlar til Åmot stadion kr. 1.600.000,- og Turveg Vågslid trinn 3 kr. 700.000,-. Forskoteringa blir dekt av næringsfondet. Saksordførar: Baiba Sheine 6/6