PROSJEKT: VENTILASJON OG NY TAKTEKKING KVÅLE SKULE OVERORDNA PLAN FOR HELSE MILJØ SIKKERHEIT (SHA) Etter Byggherreforskrifta FOR-1995-04-21-377 sist revidert 20.12.2006 Kjell Tokvam AS, Fretheimshaugane, 5743 Flåm Tlf. 91 76 22 29 kjell@tokvam.net
Innhald 1. Organisering... 3 2. Overordna målsetjing... 3 3. HMS i planlegging og prosjektering... 4 3.1 Byggherreforskrifta... 4 3.2 Framdrift... 4 3.3 Fasar i arbeidet... 4 3.4 Tidsperspektivet...4 3.5 Situasjonsplan... 4 3.6 Avstenging og inngjerding...4 3.7 Tilhøve til naboar... 4 3.8 Byggetomt og grunn... 5 3.9 Reint bygg...5 3.10 Avfall...5 3.11 Helseskadelege stoff løysemiddel...5 4. HMS i gjennomføring...5 4.1 Byggherreforskrifta... 5 4.2 Vidareføring av HMS-plan for prosjekteringsfasen... 5 4.3 Framdrift... 5 4.4 Risikofylte arbeidsoperasjonar... 6 4.5 Samordning... 6 4.6 Internkontrollforskrifta FOR-1996-12-06-1127... 6 4.7 Riggplan... 6 4.8 Avfallshandtering - miljøtiltak... 6 4.9 Vernerundar...6 4.10 Handlingsplan for ulukker/brann... 7 4.11 Andre tilhøve... 7 4.12 Informasjon...7 5. Forskrifter... 7 5.1 Plan og bygningslov med forskrifter...7 5.2 Arbeidsmiljølova med forskrifter... 7 6. Førehandsmelding... 8 7. Dokumentasjon...8 2
1. Organisering Byggherre ( 2c) Sogndal kommune Prosjektleiar ( 2d) Kjell Tokvam AS Koordinator i prosjekteringsfasen ( 2e, 7 og 12) Kjell Tokvam AS Koordinator i gjennomføringsfasen ( 2f, 7 og 13) Kjell Tokvam AS Andre ansvarlege ( 5) Alle prosjekterande og utførande er ansvarlege etter forskriftene. Koordinatorar skal rapportere direkte til prosjektleiar, med kopi til byggherre. Koordinatorar for prosjektering og gjennomføring skal utarbeide HMS-planar for prosjektering og gjennomføring. 2. Overordna målsetjing Byggherren si målsetjing er at prosjektet skal gjennomførast utan skade på person eller miljø. For å sikra dette, vil byggeplassen bli planlagt, organisert og kontrollert i samsvar med intensjonar og reglar i forskrift om sikkerheit, helse og arbeidsmiljø på bygge- og anleggsplassar av 21. april 1995. Denne SHA-planen er ein lekk i dette, og det blir sett krav til alle partar om å bidra til at målsetjinga kan oppnåast. Alle på byggeplassen pliktar å overhalde dei regler som går fram her, samt andre relevante lover og forskrifter. Gjennom samarbeid med byggherren, eigne tilsette, underentreprenørar og naboar skal entreprenørane arbeide for å redusere risikoen for helseskadar til eit minimum. HMS-arbeidet på byggeplassen skal prioriterast på lik linje med andre aktivitetar. Arbeidstakarane og omgjevnadene skal utsetjast for så minimale ulemper som mogleg i byggeperioden. I nærområdet, som inneheld ulike skulemiljø og andre idrettsanlegg, er det mykje aktivitet frå born og unge heile dagen. Det må difor utarbeidast gode og trygge planar og rutinar i samband med sikring av byggeplassen og transport på, til og frå området. 3
Overordna HMS-plan skal til ei kvar tid finnast litt tilgjengeleg på byggeplass-kontoret. 3. HMS i planlegging og prosjektering Koordinator for denne fasen skal utarbeide SHA-plan for prosjekteringsfasen som tek omsyn til og innarbeider dei punkt som er nemnt her. Alle som deltek i planlegging og prosjektering skal planlegge sitt fagområde med tanke på forsvarleg gjennomføring på byggeplass og innarbeide dette i alt materiell og teikningar i den grad det høver deira fagområde. 3.1 Byggherreforskrifta Syte for at dei bestemmelsar som er fastsett i Byggherreforskrifta 10, 11 og 12 blir innarbeida i planen. 3.2 Framdrift At dei tidsrammene som er lagt opp for dei ulike arbeidsoperasjonane er rimelege i forhold til det som skal gjennomførast og omfanget for kvar arbeidsoperasjon. 3.3 Fasar i arbeidet Vurdere tidspunkt for dei ulike arbeidsoperasjonane i forhold til andre arbeidsoperasjonar slik at dei blir utført i rette rekkefølgje. 3.4 Tidsperspektivet Det skal gjerast vurdering på tidspunkt for gjennomføring av væravhengige arbeidsoperasjonar i forhold til årstid. 3.5 Situasjonsplan Det skal utarbeidast oversikt over heile anleggsområdet og nærliggjande område med bygningar, verksemder, bilvegar, gang og sykkelvegar og heile trafikksituasjonen i området. Det skal skildrast tiltak som må setjast i verk for å hindre at det oppstår farlege trafikksituasjonar på byggeplassen og i området rundt. 3.6 Avstenging og inngjerding Det skal planleggast naudsynt inngjerding og andre sikringstiltak for å hindre at uvedkomande kan kome inn på byggeplassen. 3.7 Tilhøve til naboar Syte for minst mogleg ulemper for naboar til byggeplassen. I dette ligg det å avklare særskilte krav til arbeidstid, støy, støvplager, lukt, ristingar og avgrensingar på transport til og frå byggeplassen. Skildre naudsynte tiltak for å sikre naboeigedomar. 4
3.8 Byggetomt og grunn Kartlegge eksisterande høgspentliner og lågspentliner ved eller gjennom tomta, både i luft og på bakke. Kartlegge eksisterande vatn- og avlaupsleidningar, bekkar og liknande som må takast omsyn til og som eventuelt må leggjast om, sikrast eller flyttast. Kartlegge grunnforhold, bæreevne og stabilitet og planlegge spunting, sikring av grøfter eller anna sikring som må til. Eventuelle gamle deponi for miljøskadelege stoff må kartleggjast og avklarast. 3.9 Reint bygg Syte for at det under heile byggefasen blir arbeidd etter Reint bygg prinsippet. Syte for at det blir utarbeida plan for reinhald i byggetida og sluttreingjering. 3.10 Avfall Syte for at boss og anna avfall på byggeplass blir sortert etter dei krav som gjeld for kildesortering og handsaming av miljøskadeleg avfall. 3.11 Helseskadelege stoff løysemiddel Kartlegge asbesthaldige og andre helseskadelege material. Ikkje planlegge/skissere stoff med høg YL-klasse der det fins helse- og miljømessige betre alternativ. Dersom ein planlegg bruk av konkrete produkt må ein undersøke om produktet er godkjent og har gyldig produktdatablad. 4. HMS i gjennomføring Koordinator for denne fasen skal utarbeide SHA-plan for gjennomføringsfasen som tek omsyn til og innarbeider dei punkt som er nemnt her. Alle som deltek i planlegging og prosjektering skal planlegge sitt fagområde med tanke på forsvarleg gjennomføring på byggeplass og innarbeide dette i alt materiell og teikningar i den grad det høver deira fagområde. 4.1 Byggherreforskrifta Syte for at dei bestemmelsar som er fastsett i Byggherreforskrifta 10, 11 og 13 blir innarbeida i planen. 4.2 Vidareføring av HMS-plan for prosjekteringsfasen Syte for at dei føringar og krav som framgår av HMS-plan for prosjekteringsfasen blir innarbeida i HMS-plan for gjennomføring. 4.3 Framdrift Det skal utarbeidast framdriftsplan for gjennomføring slik at det blir tilstrekkeleg tid til dei arbeidsoperasjonane som skal gjennomførast. Alle arbeidsoperasjonar skal gjennomførast på eit tidspunkt og på ein måte som ikkje set liv og helse i fare for arbeidstakarar, naboar og andre som ferdast i området og som er til minst mogleg ulempe for byggherren. 5
4.4 Risikofylte arbeidsoperasjonar Entreprenørane skal utarbeide prosedyrar for særskilt risikofylte operasjonar og syte for varsling av desse på anleggsområdet og i området rundt. Slike operasjonar kan vere: Arbeid der personar kan bli utsett ras, søkkje i gjørme eller skada ved fall eller fallande gjenstandar Arbeid der ein kan bli utsett for kjemiske eller biologoske stoff Arbeid med ioniserande stråling Arbeid nær høgspentliner Arbeid som medfører risiko for drukning Arbeid som medfører bruk av sprengstoff Arbeid med montering eller demontering av tunge prefabrikerte element Særskilt støyande og forureinande arbeid Transport som medfører risiko Kranarbeid som medfører risiko 4.5 Samordning Hovudentreprenøren er, etter Arbeidsmiljølova 2-2 Arbeidsgjevar si plikt overfor andre enn eigne arbeidstakarar, ansvarleg for samordning av dei einskilde verksemdene sitt HMS-arbeid og skal vere sikkerheitsansvarleg på byggeplassen. 4.6 Internkontrollforskrifta FOR-1996-12-06-1127 Hovudentreprenøren, hans underentreprenørar og sideentreprenørane pliktar å organisere systematiske tiltak for å syte for at myndigheitene sine krav når det gjeld HMS blir overhaldne. Entreprenørane skal på førespurnad legge fram dokumentasjon på eige og alle underentreprenørar sitt internkontrollsystem. Før arbeidet på byggeplassen tek til, må entreprenørane vere innstilt på å samordne sine internkontrollsystem dersom det er naudsynt. 4.7 Riggplan Plassering av rigg intern trafikk på anleggsområdet skal planleggast i samarbeid med byggherren. Det skal utarbeidast riggplan der område for brakker, lager, parkering, inngjerding, oppstilling av konteinarar, oppstilling av kraner, trafikkareal o.a. er synt. Planen skal og syne hovudbrytar for straum, stoppekraner for vatn, plassering av verneutstyr, plassering av båre, medisinskåp og førstehjelpsutstyr, plassering av brannslokkingsutstyr, telefon og telefonliste (brann, politi, lege, ambulanse, giftinformasjon, stadleg el-tilsyn) for krisetilfelle. 4.8 Avfallshandtering - miljøtiltak Alt arbeid skal gjennomførast slik at miljøbelastningar blir kontrollert og avgrensa mest mogleg. Hovudentreprenøren sine miljøvernprosedyrar skal soleis innarbeidast i planen. Det same gjeld prosedyrar for handtering og sortering av avfall. 4.9 Vernerundar Det skal utarbeidast prosedyrar for gjennomføring av vernerundar. Vernerundane skal gjennomførast etter oppsett plan, og det skal førast rapport på standardisert skjema. 6
4.10 Handlingsplan for ulukker/brann Det skal utarbeidast handlingsplan for ulukke og brann. Planen skal setjast opp slik at den er synleg for alle og alle skal gjerast kjent med innhald og plassering. Det blir stilt krav om månadleg rapportering av alle skadar og nestenulukker på personell og materiell. 4.11 Andre tilhøve HMS-plan for gjennomføring skal også innehalde retningslinjer om fylgjande: Bruk av verneutstyr Montasje, sikring og bruk av stillas Orden, ryddigheit og reinhald på arbeidsplassen Sikring av oppstikkande armering, dekkekantar og utsparingar Sertifikat for kranar, sveising, sprenging og utføring av varme arbeid Sikring mot uvedkomande på byggeplassen Arbeid med kjemisk og biologoske stoff, samt løysemidlar Høgspent Sprenging og graving Varne arbeid Prefabrikerte element 4.12 Informasjon Hovudentreprenøren skal syte for at eigne arbeidstakarar, under og sideentreprenørar er informert om HMS-planen. 5. Forskrifter Koordinatorar for HMS i prosjekteringsfasen og gjennomføringsfasen skal syte for at gjeldande lovverk med tilhøyrande forskrifter blir innarbeidd og overhaldne i prosjektet. 5.1 Plan og bygningslov med forskrifter Krava i PBL og tilhøyrande forskrifter skal overhaldast. Det skal leggjast særskilt vekt på desse kapitla i TEK 97: Kapittel V Produkt til byggverk Kapittel VI Metodar og utførelsar Kapittel VII Personleg og materiell sikkerheit Kapittel VIII Miljø og helse Sjekkpunkt som vedkjem desse kapitla skal innarbeidast i kontrollplanar og sjekklister. 5.2 Arbeidsmiljølova med forskrifter Det skal særskilt takast omsyn til dette kapitlet i lovgjevinga: Kapittel 2 Arbeidsgjevars og arbeidstakars plikter Dei viktigaste forskriftene er: Internkontrollforskrifta IK-HMS 7
Forskrift om vern mot støy på arbeidsplassen Forskrift om maskiner Forskrift om tekniske innretningar Forskrift om boltpistol med tilbehør Forskrift om stillas, stigar og arbeid på tak m.m. Forskrift om verne- og helsepersonale Forskrift om bruk av personleg verneutstyr på arbeidsplassen Forskrift om arbeidsplassar og arbeidslokale Forskrift om sveising, termisk skjering, termisk sprøyting, kullbuemeisling, lodding og sliping (varmt arbeid). Forskrift om bruk av arbeidsutstyr Forskrift om vern mot eksponering for kjemikaliar på arbeidsplassen (kjemikalieforskrifta). Stoffkartotekforskrifta Byggherreforskrifta Forskrift om arbeidstilsynets samtykke ved oppføring av bygning, bygningsmessige endringar, omorganisering o.a. 6. Førehandsmelding Koordinator for HMS i gjennomføringsfasen sender melding til Arbeidstilsynet etter 9 i Byggherreforskrifta før arbeidet på byggeplassen startar opp. Koordinator skal og syte for at førehandsmeldinga blir hengt opp på lett synleg stad på byggeplassen. 7. Dokumentasjon Koordinator for HMS i planleggings- og prosjekteringsfasen skal syte for at det blir utarbeida dokumentasjon for anlegget som kan ha innverknad for HMS-arbeidet ved eventuelt framtidige byggearbeid. Sogndal, 18. 02. 2014 Kjell Tokvam AS Kjell Tokvam 8