ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval: Ørsta formannskap Møtestad: Ørstafjord, Rådhuset Dato: 30.09.2014 Møtet starta 11:00 Møtet slutta 13:35 Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Rune Hovde Ordførar H Monika Barstad Rebbestad Medlem H Gunnar Knutsen Medlem V Hans Olav Myklebust Medlem FRP Paul Kristian Hovden Varaordførar KRF Wenche Volle Medlem FRP Ola Perry Saure Medlem SP Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Petter B Bjørdal Medlem AP Hanne Stokke Medlem AP Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Jostein O Mo Hanne Stokke AP Ingvild Aasen Petter B Bjørdal AP Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Wenche Solheim Rådmann Inger Johanne E. Løeng Politisk sekretær Gunnar Wangen Avd.leiar plan og miljø, orienterte og RS 42/14 Gro Bårdseth, Planleggar, orienterte Andrea Fivelstad, Stabsleiar økonomi, PS 86/14 Ingvild Aasen og Monika Barstad Rebbestad vart valde til å skrive under saman med ordførar
Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 79/14 PS 80/14 RS 39/14 Godkjenning av innkalling og sakliste Referat og meldingar TV-aksjonen 2014 medlemar i komiteen RS 40/14 Til ordfører Ordførerstafetten 2014 RS 41/14 Fråsegn til andre høyring utviklingsplanar for vidaregåande skuler i Eiksundregionen RS 42/14 RS 43/14 RS 44/14 RS 45/14 PS 81/14. PS 82/14 PS 83/14 PS 84/14 PS 85/14 Fråsegn til kommunedelplan E39 Volda-Furene Oversender endelig rapport etter tilsyn i Ørsta kommune Oppfølging av forvaltningsrevisjon Vurdering av sjukefråvær Tilsegn om tilskot inntil kr. 300.000 frå kap 551 post 60 til analyse byregionprogram Volda/Ørsta Tettstadsprosjekt Ørsta sentrum Revisjon stadanalyse Eigengodkjenning: Urke reguleringsplan fritidsbebyggelse på gnr/bnr 121/6 og 7 TV-aksjonen NRK Kirkens nødhjelp 2014 oppmoding om bidrag Korrigering av renovasjonsforskrift etter avklaring frå miljødirektoratet Strategisk plan for kompetanse og rekruttering for Ørsta kommune oppstart av planarbeid 2011/1314 2014/1323 2014/576 2014/2079 PS 86/14 Tertialrapport 2. tertial 2014 2014/1476 PS 87/14 Sikring av grunn til idrettsanlegg på Vartdal spørsmål om oreigning 2014/295 PS 79/14 Godkjenning av innkalling og sakliste Innkallinga vart lagt på nettbrettet dagen før møtet, mandag 29.9.2014, årsak tekniske vanskar. Innkallinga vart godkjent med merknad over. Plan og miljø vil i tillegg til varsla orientering, orientere frå fleire hendingar. Hans Olav Myklebust(FrP) ba om å få ei orientering i referatsak(rs) 42/14 Saklista vart godkjent med ovannemnde merknadar.
Orientering: Regional delplan for attraktive byar og tettstadar v/plan og miljø avd. I tillegg vart det orientert frå Europan konferansen i Italia, som planleggjarane frå plan og miljø avd. deltok på i førre veke, samt om arbeidet med kommunedelplanen for Ørsta sentrum og Hovdebygda. PS 80/14 Referat og meldingar Referat og meldingar vart referert utan merknad, men med orientering i RS 42/14 RS 39/14 TV-aksjonen 2014 - medlemar i kommunekomiteen RS 40/14 Til ordfører - Ordførerstafetten 2014 RS 41/14 Fråsegn til andre høyring - utviklingsplanar for vidaregåande skule i "Eiksundregionen" RS 42/14 Fråsegn til kommunedelplan E39 Volda- Furene Gunnar Wangen, avd. leiar plan og miljø orienterte og svarte på spørsmål RS 43/14 Oversender endelig rapport etter tilsyn i Ørsta kommune RS 44/14 Oppfølging av forvaltningsrevisjon - Vurdering av sjukefråvær RS 45/14 Tilsegn om tilskot inntil kr 300.000 frå kap 551 post 60 til analyse Byregionprogram Volda/Ørsta
PS 81/14 Tettstadprosjekt Ørsta sentrum - revisjon stadanalyse VEDTAK: Som ein del av Tettstadprosjekt for Ørsta sentrum, er Stadanalyse for Ørsta sentrum frå 1999 revidert. Revisjonen omfattar Del 1 av analysen og gir ei oppdatert skildring av tettstaden Ørsta slik han framstår i 2014. Parkeringsteljing for Ørsta sentrum er vedlegg til analysen. Stadanalysen vert eit underlag for arkitektkonkurransen Europan 13 og revisjon av reguleringsplan for Ørsta sentrum. Ørsta formannskap tek Stadanalyse for Ørsta sentrum (2014) til vitende. Rådmannen si tilråding vart vedteken med 9 mot 0 røyster Som ein del av Tettstadprosjekt for Ørsta sentrum, er Stadanalyse for Ørsta sentrum frå 1999 revidert. Revisjonen omfattar Del 1 av analysen og gir ei oppdatert skildring av tettstaden Ørsta slik han framstår i 2014. Parkeringsteljing for Ørsta sentrum er vedlegg til analysen. Stadanalysen vert eit underlag for arkitektkonkurransen Europan 13 og revisjon av reguleringsplan for Ørsta sentrum. Ørsta formannskap tek Stadanalyse for Ørsta sentrum (2014) til vitende.
PS 82/14 Eigengodkjenning: Urke - reguleringsplan fritidsbebyggelse på gnr/bnr 121/6 og 7 TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Ørsta kommunestyre syner til framlegg til detaljreguleringsplan for gnr/bnr 121/6 og 7 på Urke og til innkomne merknader. Kommunestyret finn etter ei samla vurdering å eigengodkjenne planframlegget slik det ligg føre på plankart 2011009-01B, sist revidert 19.08.14, med tilhøyrande føresegn sist revidert 20.08.14. Formannskapet vedtok med 9 mot 0 røyster å leggje saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding. Ørsta kommunestyre syner til framlegg til detaljreguleringsplan for gnr/bnr 121/6 og 7 på Urke og til innkomne merknader. Kommunestyret finn etter ei samla vurdering å eigengodkjenne planframlegget slik det ligg føre på plankart 2011009-01B, sist revidert 19.08.14, med tilhøyrande føresegn sist revidert 20.08.14.
PS 83/14 TV-aksjonen NRK Kirkens nødhjelp 2014 - oppmoding om bidrag VEDTAK: Ørsta formannskap løyver kr. 10 560,- til TV-aksjonen NRK Kirkens nødhjelp 2014. Løyvinga vert å dekke over formannskapet sin reservepost, som etter dette syner kr. 69 440,-, konto 14900 ansvar 1900 og teneste 100. Rådmannen si tilråding vart vedteken med 9 mot 0 røyster Ørsta formannskap løyver kr. 10 560,- til TV-aksjonen NRK Kirkens nødhjelp 2014. Løyvinga vert å dekke over formannskapet sin reservepost, som etter dette syner kr. 69 440,-, konto 14900 ansvar 1900 og teneste 100. PS 84/14 Korrigering av renovasjonsforskrift etter avklaring frå Miljødirektoratet TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Med vising til avklaring frå Miljødirektoratet gjer Ørsta kommunestyre vedtak om å fjerne 3. avsnitt i 11 i renovasjonsforskrifter for Volda og Ørsta kommune som vart vedteke i K-sak 41/13 den 30/5 2013. Retta forskrift vert å kunngjere i samsvar med forvaltningslova sin 38. Formannskapet vedtok med 9 mot 0 røyster å leggje saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding Med vising til avklaring frå Miljødirektoratet gjer Ørsta kommunestyre vedtak om å fjerne 3. avsnitt i 11 i renovasjonsforskrifter for Volda og Ørsta kommune som vart vedteke i K-sak 41/13 den 30/5 2013. Retta forskrift vert å kunngjere i samsvar med forvaltningslova sin 38.
PS 85/14 Strategisk kompetanse- og rekrutteringsplan for Ørsta kommune - mandat og oppstart av planarbeid TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: 1. Ørsta kommunestyre ber rådmannen starte opp prosessen med utarbeiding av Strategisk plan for kompetanse og rekruttering for Ørsta kommune. 2. Strategisk plan for kompetanse og rekruttering skal vere forankra i arbeidsgjevarstrategien og skal femne om grunnleggjande prinsipp for helsefremjande leiarskap og medarbeidarskap, likestilling, heiltidskultur og livsfaseorientert personalpolitikk. 3. Planen skal vere ferdig til politisk handsaming i april 2015 etter ei brei høyring i organisasjonen. Rådmannen endra årstal til 2015 i si tilråding pkt. 3. Formannskapet vedtok med 9 mot 0 røyster å leggje saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si endra tilråding 1. Ørsta kommunestyre ber rådmannen starte opp prosessen med utarbeiding av Strategisk plan for kompetanse og rekruttering for Ørsta kommune. 2. Strategisk plan for kompetanse og rekruttering skal vere forankra i arbeidsgjevarstrategien og skal femne om grunnleggjande prinsipp for helsefremjande leiarskap og medarbeidarskap, likestilling, heiltidskultur og livsfaseorientert personalpolitikk. 3. Planen skal vere ferdig til politisk handsaming i april 2014 etter ei brei høyring i organisasjonen.
PS 86/14 Tertialrapport 2. tertial 2014 TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Kommunestyret tek tertialrapporten 2. tertial 2014 til vitende. Lagt fram i møtet: Halvårsrapport frå arbeidet med einslige mindreårige flyktningar i Ørsta og Volda kommunar 1.- halvår 2014 Andrea Fivelstad, stabsleiar økonomi orienterte og svarte på spørsmål. Ordføraren fremja å halde gruppemøte. Det vart halde gruppemøte. Formannskapet vedtok med 9 mot 0 røyster å leggje saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding Kommunestyret tek tertialrapporten 2. tertial 2014 til vitende.
PS 87/14 SIKRING AV GRUNN TIL IDRETTSANLEGG PÅ VARTDAL - SPØRSMÅL OM OREIGNING TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: 1. Med heimel i plan-og bygningslova 16-2, vedtek Ørsta kommunestyre å oreigne parsell av følgjande eigedomar: Gnr 99 bnr 11, eigar Olav Sætre,Sigmund Sætre d.bu v/ Magne Ivar Sætre, Per Jon Sætre, Ottar Sætre og Ståle Sætre ca 1370m2 Gnr 99 bnr 22, eigar Jogeir Sætre ca 7422m2 Gnr 99 bnr 25, eigar Olav Berg ca 10795m2 Gnr 99 bnr 31, eigar Arvid sætre ca 70m2 Gnr 99 bnr 34, eigar Andreas Sætre, Åshild Vartdal og Eva Sætre Volle ca 9070m2 Parsellane utgjer samla ca 28727m2 og er synt på vedlagt grunnkart d.s. 18.06.2014. Vedtaket er gjort ut frå at ein meiner at inngrepet tvillaust er meir til gagn enn skade. 2. Dersom administrasjonen ved parallelle forhandlingar med handsaming av oreigningssaka, får semje om friviljug avtale, får ordføraren fullmakt til å godkjenne desse. 3. Ørsta kommunestyre vedtek også å søkje fylkesmannen i Møre og Romsdal om å ta grunnen i bruk før skjøn er halde. 4. Kommunestyre ber administrasjonen fremje krav om skjøn. Formannskapet vedtok med 9 mot 0 røyster å leggje saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding 1. Med heimel i plan-og bygningslova 16-2, vedtek Ørsta kommunestyre å oreigne parsell av følgjande eigedomar: Gnr 99 bnr 11, eigar Olav Sætre,Sigmund Sætre d.bu v/ Magne Ivar Sætre, Per Jon Sætre, Ottar Sætre og Ståle Sætre ca 1370m2 Gnr 99 bnr 22, eigar Jogeir Sætre ca 7422m2 Gnr 99 bnr 25, eigar Olav Berg ca 10795m2 Gnr 99 bnr 31, eigar Arvid sætre ca 70m2 Gnr 99 bnr 34, eigar Andreas Sætre, Åshild Vartdal og Eva Sætre Volle ca 9070m2 Parsellane utgjer samla ca 28727m2 og er synt på vedlagt grunnkart d.s. 18.06.2014. Vedtaket er gjort ut frå at ein meiner at inngrepet tvillaust er meir til gagn enn skade.
2. Dersom administrasjonen ved parallelle forhandlingar med handsaming av oreigningssaka, får semje om friviljug avtale, får ordføraren fullmakt til å godkjenne desse. 3. Ørsta kommunestyre vedtek også å søkje fylkesmannen i Møre og Romsdal om å ta grunnen i bruk før skjøn er halde. 4. Kommunestyre ber administrasjonen fremje krav om skjøn.