ULSTEIN KOMMUNE Utval: Ulstein formannskap Møtestad: Kantina, Reiten Dato: 13.09.2016 Tid: 14:00 17:05 MØTEPROTOKOLL Faste medlemmer som møtte: Navn Funksjon Representerer Knut Erik Engh Ordførar FRP Steinar Torvik Varaordførar KRF Pål Grødahl Medlem V Lisa Mari Breivik Anderson Medlem SP Tor Meinseth Medlem H Knut Kleiven Medlem H Renathe Rossi-Kaldhol Medlem AP Frå administrasjonen møtte: Navn Verner Larsen Arne Runar Vik Rune Urke Svein Arne Orvik Stilling Konstituert rådmann Konstituert assisterande rådmann Dagleg leiar i UEKF Politisk sekretær Permisjonar Pål Grødahl fekk permisjon frå kl. 17 og tok ikkje del i røystinga i sak PS 16/93. Ugildskap Renathe Rossi-Kaldhol vart funnen ugild i sak PS 16/85. 1
OFFENTLEG SAKLISTE Saksnr Tittel Arkivsaknr PS 16/82 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE PS 16/83 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ SISTE MØTE PS 16/84 MELDINGSSAKER RS 16/32 ALKOHOLSALG TIL MINDREÅRIGE 2015/1886 RS 16/33 REFERAT - UTVALSMØTE 06.07.2016 2016/715 PS 16/85 FINANSIERING ULSTEIN FJERNVARME AS - ANSVARLEG 2011/910 LÅN PS 16/86 NYTT KYRKJEBYGG - MIDLAR TIL FORPROSJEKT 2010/132 PS 16/87 SLUTTOPPGJER BYGGEREKNESKAP 2016/466 INVESTERINGSPROSJEKT PS 16/88 AUKA RAMME FOR BYGGEKOSTNADAR USAS 2016/466 PS 16/89 JUSTERING AV EIGARDEL - INTERKOMMUNALT ARKIV 2007/568 FOR MØRE OG ROMSDAL PS 16/90 KOMMUNAL FYSIOTERAPITENESTE 2016/822 PS 16/91 KOMMUNAL PLANSTRATEGI 2016-2020 - 2016/846 OFFENTLEGGJERING PS 16/92 INTENSJONSAVTALE - GODKJENNING 2015/501 PS 16/93 UNNATEKE OFFENTLEG INNSYN: OFFENTLEGLOVA 23 ***** ***** ***** ***** ***** ***** ***** ***** ***** 2016/842 Orientering Politimeister i Møre og Romsdal politidistrikt, Ingar Bøen, orienterte om politireforma. Ordføraren orienterte om at han har slutta seg til eit ordføraropprop imot nedlegging av heimevernsdistriktet som dekker Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane (løpenr. 11071/2016). Uttale frå formannskapet Med vising til meldingssak RS 16/32 «Alkoholsal til mindreårige» gir formannskapet samrøystes denne uttalen: Ulstein formannskap gir eit klart signal til dei som har fått løyve til sal av alkohol, at brot på gjeldande reglar ikkje er greitt. Tildelt løyve er basert på tillit, og vi forventar at gjeldande reglar blir følgde. Formannskapet oppmodar Juvente om å gjennomføre alkoholsalskontroll i Ulstein. --------------------- Ulsteinvik, 13.9.2016 Knut Erik Engh ordførar Svein Arne Orvik møtesekretær Lisa Mari Breivik Anderson Tor Meinseth 2
PS 16/82 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Innkallinga og saklista vert godkjende. Protokollar med uttalar frå levekårsutvalet 7.9.16 og teknisk utval 8.9.16 vart ettersende før møtet. PS 16/83 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ SISTE MØTE Protokollen frå møtet 30.8.16 vert godkjent. PS 16/84 MELDINGSSAKER Formannskapet tek meldingane til vitende. Formannskapet vedtok ein uttale på grunnlag av sak RS 16/32, sjå under saklista. RS 16/32 ALKOHOLSALG TIL MINDREÅRIGE RS 16/33 REFERAT - UTVALSMØTE 06.07.2016 3
PS 16/85 FINANSIERING ULSTEIN FJERNVARME AS - ANSVARLEG LÅN Ulstein fjernvarme får tilført eit ansvarleg lån på kr 11 mill. kr frå Ulstein kommune. Lånet ver utbetalt med 8 mill. kr i 2016 og 3 mill. kr i 2017. Lånet vert finansiert med midlar frå kapitalfondet. Ulstein fjernvarme skal betale ei rente for lånet som svarar til kommune si rente på plassering i bank. Tilbakebetaling av lånet vert avtalt ut frå selskapet sin økonomiske situasjon. (Jf. punkt 4 i «Avtale om leige av infrastruktur fjernvarme mellom Ulstein kommune og Ulstein fjernvarme AS») Renathe Rossi-Kaldhol sa seg ugild i saka fordi ho var med på å handsame saka i styret for Ulstein fjernvarme før ho gjekk ut av styret. Formannskapet fann at ho er ugild, og ho tok ikkje del i handsaminga i formannskapsmøtet. Røysting Tilrådinga frå rådmannen vart vedteken med 6 mot 0 røyster. PS 16/86 NYTT KYRKJEBYGG - MIDLAR TIL FORPROSJEKT Formannskapet tilrår å utsette saka til handsaminga av budsjett og økonomiplan for 2017 2020. Tilråding frå rådmannen: Ulstein kommune godkjenner at det vert utarbeidd eit forprosjekt for nytt kyrkjebygg med ei kostnadsramme på 1 mill. kr pluss mva. Arbeidet med skisseprosjektet kan ta til straks vedtaket er gjort. Kostnaden vert finansiert ved at midlar løyvd i gjeldande økonomiplanen for 2018 vert flytta til 2017 og innarbeid i investeringsbudsjettet for 2017. Framlegg frå Lisa Mari Breivik Anderson, Knut Kleiven og Renathe Rossi-Kaldhol: Formannskapet tilrår å utsette saka til handsaminga av budsjett og økonomiplan for 2017 2020. Røysting: Tilrådinga frå rådmannen vart sett opp mot framlegget frå Anderson, Kleiven og Rossi-Kaldhol. Det sistnemnde vart vedteke med 4 mot 3 røyster. 4
PS 16/87 SLUTTOPPGJER BYGGEREKNESKAP INVESTERINGSPROSJEKT Ulstein kommunestyre godkjenner byggerekneskapen for følgjande byggeprosjekt med tilhøyrande finansiering: Prosjekt total byggekostnad manglande finansiering Høddvoll stadion: 53.000.000 0 Omsorgsbustadar Sjøsida 41.024.528-334.472 Omsorgsbustadar Holsekerdalen 108.915,206 2.764.037 Ulsteinhallen 110.120.135 5.066.295 Sum manglande finansiering: 7.495.860 Finansiering: Sal av bustadar 1.325.972 Tidlegare unytta lånemidlar: 6.169.888 I saksframlegget sto det at tilrådinga var «frå dagleg leiar [i UEKF]». Tilråding frå rådmannen med redaksjonell endring (frå «Styret i UEKF» til «Ulstein kommunestyre»): Ulstein kommunestyre godkjenner byggerekneskapen for følgjande byggeprosjekt med tilhøyrande finansiering: Prosjekt total byggekostnad manglande finansiering Høddvoll stadion: 53.000.000 0 Omsorgsbustadar Sjøsida 41.024.528-334.472 Omsorgsbustadar Holsekerdalen 108.915,206 2.764.037 Ulsteinhallen 110.120.135 5.066.295 Sum manglande finansiering: 7.495.860 Finansiering: Sal av bustadar 1.325.972 Tidlegare unytta lånemidlar: 6.169.888 Røysting: PS 16/88 AUKA RAMME FOR BYGGEKOSTNADAR USAS Ulstein kommunestyre godkjenner ny ramme for byggekostnadar USAS med kr. 25.650.000. Overfinansieringa på kr 1.190.000 vert overført til «ledige lånerammer» I saksframlegget sto det at tilrådinga var «frå dagleg leiar [i UEKF]». 5
Tilråding frå rådmannen med redaksjonell endring (frå «Styret i UEKF» til «Ulstein kommunestyre»): Tilråding frå rådmannen: Ulstein kommunestyre godkjenner ny ramme for byggekostnadar USAS med kr. 25.650.000. Overfinansieringa på kr 1.190.000 vert overført til «ledige lånerammer» PS 16/89 JUSTERING AV EIGARDEL - INTERKOMMUNALT ARKIV FOR MØRE OG ROMSDAL Ulstein kommunestyre godkjenner endring av eigardelar i Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal IKS i samsvar med vedtak i representantskapet i selskapet i sak 9 den 14. april 2016. 5 i selskapsavtalen lyder etter endringa: 5 Innskotsplikt og eigardel Deltakarane betalar årleg inn midlar til drift av selskapet i samsvar med vedtak i representantskapet. Grunnlaget for utrekninga av driftstilskotet skal vere folketalet ved siste årsskifte og ein fordelingsnøkkel som vert fastlagt av representantskapet. For deltakarar som ikkje kan legge folketal til grunn, og for nye deltakarar, skal innskotet fastsettast av representantskapet. Oppgåve over kostnader og fordeling av desse på den enkelte deltakar skal ligge ved selskapsavtalen, og må vedtakast særskilt av kvar enkelt deltakar. Eigardelen for kvar deltakar blir fastsett slik det går fram av vedlagte oppstilling over eigardel og deltakarinnskot. Eigardelen er utrekna i prosent og gjev slik fordeling: 1502 Molde 6,156 1504 Ålesund 10,141 1505 Kristiansund 5,717 1511 Vanylven 1,483 1514 Sande 1,344 1515 Herøy 2,621 1516 Ulstein 2,513 1517 Hareid 1,868 1519 Volda 2,634 1520 Ørsta 2,960 1523 Ørskog 1,294 1524 Norddal 1,163 1525 Stranda 1,750 1526 Stordal 1,038 1528 Sykkylven 2,362 1529 Skodje 1,754 1531 Sula 2,617 1532 Giske 2,446 1534 Haram 2,666 1535 Vestnes 2,151 1539 Rauma 2,326 1543 Nesset 1,426 1545 Midsund 1,250 1546 Sandøy 1,087 1547 Aukra 1,535 1548 Fræna 2,769 1551 Eide 1,525 1554 Averøy 1,994 1557 Gjemnes 1,351 1560 Tingvoll 1,452 1563 Sunndal 2,260 1566 Surnadal 2,023 1567 Rindal 1,240 1571 Halsa 1,143 1573 Smøla 1,261 1576 Aure 1,538 1500 Møre og Romsdal fylkeskommune 17,142 Sum 100,00 PS 16/90 KOMMUNAL FYSIOTERAPITENESTE 6
Orienteringa blir tatt til vitande. PS 16/91 KOMMUNAL PLANSTRATEGI 2016-2020 - OFFENTLEGGJERING Formannskapet godkjenner framlegg til Kommunal planstrategi for Ulstein kommune 2016-2020, datert 05.09.2016, slik den ligg vedlagt saka. Planstrategien skal, jf. PBL 10-1, offentleggjerast seinast 30 dagar før endeleg vedtak i kommunestyret. Det kan i denne perioden kome innspel som gjer at ein må justere planstrategien før endeleg vedtak. PS 16/92 INTENSJONSAVTALE - GODKJENNING Ulstein formannskap godkjenner intensjonsavtale mellom Rome As og Ulstein kommune, dok.nr. 9367/2016. UNNATEKE OFFENTLEG INNSYN: OFFENTLEGLOVA 23 PS 16/93 ***** ***** ***** ***** ***** ***** ***** ***** ***** --------------- o0o -------------- Lenke vert sendt til: 1. Formannskapet 2. Rådmannen 3. Ass. rådmann 4. Kommunalsjefane 5. Mellomleiarane 6. Servicetorget 7. Kommunerevisoren 8. Vest Kontroll 9. Kontrollutvalet m/vara 7
Ulstein kommune politisk sekretariat 14.9.2016 Svein Arne Orvik 8