PROTOKOLL Formannskapet Møtedato: 16.04.2013 Møtetid: Kl. 13:45 14:30 Møtestad: Ingebrigt Davik-huset, Saksnr.: 020/13-025/13 Brattvåg Medlemmer: FRP Svein Harsjøen AP Trond Seth H Rolf Longva H Ewa Hildre KRF Åge Vikestrand SP Vebjørn Krogsæter -- Bente Åkre Rogne UAVH Astrid Ahrens Varamedlemmer: V Ole Johan Høyberg Forfall: H Bjørn Sandnes Av 9 medlemmer møtte: 8. Totalt frammøtte: 9 Møteleiar: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Sp.mål/interpell.: Varaordførar Svein Harsjøen Rådmann Turid Hanken, utvalssekretær Elin A. Moen, stabsleiar Per Langnes Brev av 12.04.13 frå Henrik Engeset vedk. sak 22/13 var utsendt medlemmene på e-post før møtet. Det var ikkje innkome skriftlege spørsmål til møtet, men Rolf Longva hadde eit spørsmål om kvifor det berre var innsamling av grovavfall på Haramsøy, og ikkje også på Skuløy/Flemsøy slik som tidlegare. Trond Seth hadde spørsmål om situasjonen vedk. barnehageplassar. Rådmannen opplyste at det vil bli sendt ut ein kort statusrapport om barnehagesituasjonen til medlemmene på e-post.
Diverse: Innkallinga har vore kunngjort i avisa, og representantane har fått skriftleg innkalling til møtet pr. e-post for nedlasting til lesebrett eller pr. post. Det kom ikkje fram merknader til innkalling eller sakliste. Svein Harsjøen kom med framlegg om val av Ewa Hildre som settevaraordførar. Dette vart samrøystes vedteke.
Sakliste Sak nr. Saktittel 020/13 Godkjenning av møtebok 12.03.13 021/13 Styrking av barnevernstenesta - midlar frå departementet 022/13 Gbn 172/23 - Riving av sjøbu og notheng- Klagebehandling 023/13 Føresegn om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav, Haram kommune 024/13 Spørsmål om innføring av forskrift om sikring av hund ved bandtvang 025/13 Endring i driftsenhetstruktur i Sunnmøre politidistrikt
020/13: Godkjenning av møtebok 12.03.13 Møtebok frå møtet 12.03.13 vert godkjent. FS-020/13 Vedtak: Møtebok frå møtet 12.03.13 vert godkjent. 021/13: Styrking av barnevernstenesta - midlar frå departementet Haram formannskap er kjent med at kommunen har fått tildelt midlar til styrking av barnevernet. Midlane vil bli brukt til 50 % stilling på tiltak i barnevernet. PMTO (Foreldreveiledningsprogram knytta til åtferd.) FS-021/13 Vedtak: Haram formannskap er kjent med at kommunen har fått tildelt midlar til styrking av barnevernet. Midlane vil bli brukt til 50 % stilling på tiltak i barnevernet. PMTO (Foreldreveiledningsprogram knytta til åtferd.) 022/13: Gbn 172/23 - Riving av sjøbu og notheng- Klagebehandling Haram formannskap har vurdert klage frå Henrik Engeset på vedtak FS-003/13 av 29.01.2013. Formannskapet finn ikkje at det er komme frem nye opplysningar som kan gi grunnlag for endring av vedtaket. Når det gjeld spørsmål om bruksrett vert det vurdert som privatrettsleg. Med heimel i forvaltningslova 33 held Haram formannskap fast på vedtak FS- 003/13 av 29.01.2013, der det vart gjeve løyve til riving av sjøbu og notheng på gnr 172 bnr 23. Haram formannskap sender saka over til fylkesmannen for endeleg avgjerd. Brev av 12.04.13 frå Henrik Engeset innspel til sak nr 022/13 var utsendt til formannskapet på e-post før møtet. FS-022/13 Vedtak: Haram formannskap har vurdert klage frå Henrik Engeset på vedtak FS-003/13 av 29.01.2013. Formannskapet finn ikkje at det er komme frem nye opplysningar som kan gi grunnlag for endring av vedtaket. Når det gjeld spørsmål om bruksrett vert det vurdert som privatrettsleg.
Med heimel i forvaltningslova 33 held Haram formannskap fast på vedtak FS- 003/13 av 29.01.2013, der det vart gjeve løyve til riving av sjøbu og notheng på gnr 172 bnr 23. Haram formannskap sender saka over til fylkesmannen for endeleg avgjerd. 023/13: Føresegn om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav, Haram kommune Formannskapet legg ny lokal føresegn, om utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel m.m, frå 1.9. til 15.9., ut til offentleg høyring. Utkastet til føresegn vert kunngjort i lokalpressa og kommunen si heimeside. Når høyringsfristen er ute, vil føresegna, med eventuelle merknader, bli lagt fram for FS-023/13 Vedtak: Formannskapet legg ny lokal føresegn, om utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel m.m, frå 1.9. til 15.9., ut til offentleg høyring. Utkastet til føresegn vert kunngjort i lokalpressa og kommunen si heimeside. Når høyringsfristen er ute, vil føresegna, med eventuelle merknader, bli lagt fram for 024/13: Spørsmål om innføring av forskrift om sikring av hund ved bandtvang Haram formannskap vedtek å sende det framlagde utkast til forskrift om sikring av hund ved bandtvang på høyring til følgjande instansar: Harøy og Fjørtoft bondelag, Hildre og Vatne bondelag, Ytre Haram bondelag, Haram beitelag, Haram bonde- og småbrukarlag, Nordre Sunnmøre skoglag, Haram jeger og fiskeforening, Viltnemnda i Haram, Friluftsrådet for Ålesund og omland, Lensmannen i Haram og Haram kyrkjelege fellesråd. Høyringsfristen blir sett til 29.05.13. Utkastet til forskrift vert også å kunngjere i lokalavisene, og på kommunen si heimeside. Når høyringsfristen er ute, vil forskrifta med eventuelle merknader bli lagt fram for Vebjørn Krogsæter,SP kom med framlegg om slik endring av 1 i utkastet til forskrift: 1 Bandtvang I Haram kommune skal hundar ut over den generelle bandtvangen i perioden 1. april til og med 20. august haldast i band eller forsvarleg innestengd eller innegjerda slik det går fram av punkta nedanfor:
Heile året i og i tilknytning til bustadområde, handleområde og idrettsanlegg. I tida 21. august til og med 31. oktober i heile kommunen. Det vart røysta alternativt mellom framlegget frå rådmannen og framlegget frå V. Krogsæter. Framlegget frå V. Krogsæter vart samrøystes vedteke. FS-024/13 Vedtak: Haram formannskap vedtek å sende utkast til forskrift vedteke i f.sak 24/13 om sikring av hund ved bandtvang på høyring til følgjande instansar: Harøy og Fjørtoft bondelag, Hildre og Vatne bondelag, Ytre Haram bondelag, Haram beitelag, Haram bonde- og småbrukarlag, Nordre Sunnmøre skoglag, Haram jeger og fiskeforening, Viltnemnda i Haram, Friluftsrådet for Ålesund og omland, Lensmannen i Haram og Haram kyrkjelege fellesråd. Høyringsfristen blir sett til 29.05.13. Utkastet til forskrift vert også å kunngjere i lokalavisene, og på kommunen si heimeside. Når høyringsfristen er ute, vil forskrifta med eventuelle merknader bli lagt fram for 025/13: Endring i driftsenhetstruktur i Sunnmøre politidistrikt Haram formannskap har ikkje særskilde merknader til den framlagte prosjektrapporten av 31.01.2013, men vil påpeike følgjande: Formannskapet føreset at tilbodet til innbyggjarane i Haram vert oppretthalde på minimum dagens nivå. Det er viktig at politiet er synleg til stades i lokalsamfunnet. Det vert lagt til grunn at tenestestad/lensmannskontor ikkje skal røyvast, og at passkiosken på lensmannskontoret vert vidareført. Ein legg til grunn rapporten sitt hovedmål om ei best mogleg utnytting av ressursane samla sett. Formannskapet meiner det er viktig å legge vekt på lokal tilknyting og lokal oppmøtestad, samt at den enkelte sin fagkunnskap kan nyttast av eininga. FS-025/13 Vedtak: Haram formannskap har ikkje særskilde merknader til den framlagte prosjektrapporten av 31.01.2013, men vil påpeike følgjande: Formannskapet føreset at tilbodet til innbyggjarane i Haram vert oppretthalde på minimum dagens nivå. Det er viktig at politiet er synleg til stades i lokalsamfunnet. Det vert lagt til grunn at tenestestad/lensmannskontor ikkje skal røyvast, og at passkiosken på lensmannskontoret vert vidareført. Ein legg til grunn rapporten sitt hovedmål om ei best mogleg utnytting av ressursane samla sett. Formannskapet meiner det er viktig å legge vekt på lokal tilknyting og lokal oppmøtestad, samt at den enkelte sin fagkunnskap kan nyttast av eininga.