TSB A 47. Agnete og havmannen



Like dokumenter
SOGA OM LARS RASMUSSON EIKEMO

Våren 1923 bad eg Garborg leggje handskrifti

Barnet Av Arne Ruset BARNET. av Andrè Bjerke

"Strø sukker, du brunøjede"

Gamal diktar prøver seg som modernist?

Grøndahl og Dreyers Forlag AS

To segner frå Nordmøre

Hvem var Rasmus Malling-Hansen?

Ivar Aasen nynorskens far

Eit gammalt utdrag or

ASTRID SWENSEN (f. Lindeman) ( )

nr.2 Kyrkjeblad for Gloppen mars 2015 Årgang 45 Han har stått opp!

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

KVIFOR ER DET FEIL I DET NYE NORSKVERKET VÅRT? KOR MANGE FEIL KAN VI FINNE I LØPET AV SKULEÅRET?

KONGEN KOMMER - HVEM VIL TA I MOT HAM? Tale på adventmix av Oddvar Søvik

På flukt som jaget vilt!

som er Herre og gjør levende

Det norske språk og litteraturselskap. Ole Edvard Rølvaag: I de dage. Utgave ved Øyvind Gulliksen. Teksten er lastet ned fra bokselskap.no.

Undset Hamsun ÆRER DE UNGE

«Någonting kamp eller blomma»

FJELLHAUG. organ for fjellhaug skoler og fjellhaug elevlag. fullfør oppdraget!

Store ord i Den lille bibel

EN GLAD GUTT. Øivind mistet bukken. Navnet ditt:...

Hvem var Terje Vigen? Av Stein Opsal

Ett i apostlenes lære og samfunnet, brødsbrytelsen og bønnene

En samling minner fra fjell-garden Brattebø

Martin Anstey - The Romance of Bible Chronology. Martin Anstey - The Romance of Bible Chronology

Íslendingabók vurdert som bispestolskrønike

Bibliotekarstudentens nettleksikon om litteratur og medier. Av Helge Ridderstrøm (førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo og Akershus)

Gi meg ett sekund for hver kineser!

Transkript:

Nasjonalbiblioteket 2014 Norske mellomalderballadar: Agnete og havmannen (TSB A 47) Redaksjon: Velle Espeland, Elin Prøysen, Astrid Nora Ressem, Olav Solberg, Ellen Nessheim Wiger Teksten er lastet ned fra bokselskap.no TSB A 47 Agnete og havmannen Innleiing Oppskrift A (BIN 6248) Oppskrift B (BIN 0443) Oppskrift C (BIN 0442) Forkortingar og litteratur Innleiing Agnete går over ei bru og i det same dukkar det opp ein havmann frå havbotnen. Han spør om ho vil følgje med han heim til sitt rike, og det svarar Agnete ja til. Agnete blir hos havmannen i mange år og føder fleire barn. Men ein vakker dag høyrer ho kyrkjeklokkene slå, og ho ber havmannen om løyve til å reise heim og gå i kyrkja. Han går med på det, men ho må love å kome tilbake til barna sine, og dessutan må ho ikkje følgje skikken til dei kristne, som å bøye kne og setje seg i kyrkjestolen hos sine nærmaste slektningar. Men Agnete handlar stikk i strid med det havmannen har sagt. Han kjem i hast til kyrkja for å hente henne tilbake, men ho nektar og i dei fleste variantar må han reise utan henne. Det finst i overkant av tretti variantar av denne balladen, som er ei relativt ung vise. Truleg skriv den seg frå 1700-talet, men den har røter i eldre naturmytiske balladar som handlar om møte mellom menneske og makter. Tematisk er «Agnete og havmannen» i slekt med viser som «Liti Kjersti og bergekongen» og «Margjit Hjukse». Når det gjeld den sistnemnde, ei telemarksk særform av «Liti Kjersti og bergekongen», kan ein i visse trekk sjå påverknad frå Agnete-visa, noko som tilseier at «Margjit Hjukse» må vere

yngre enn «Agnete og havmannen». I dei fleste variantar heiter den kvinnelege hovudpersonen Agnete, og det gjer ho også i den eldste eksisterande teksten: eit udatert dansk skillingstrykk: Agnete hun ganger paa Højelands Bro, da kom der en Havmand fra Bunden op. Haa ja! da kom der en Havmand fra Bunden op (DgF II: 51). Dei aller fleste av dei norske variantane er skrivne opp i Telemark, og dei går alle tilbake på danske skillingstrykk. Det går fram av språket og utforminga elles. Av dei eldre oppskrivarane var det bare Sophus Bugge som fann denne balladen, men han gjorde til gjengjeld fleire oppskrifter. I 1857 skreiv han opp «Agnete og havmannen» etter husmannskona Aslaug Targjeisdotter Askedalen (1799 1876) frå Vrådal i Telemark. Ho var «en balladsångare av första rangen» og kunne bortimot tretti viser (Jonsson & Solberg 2011: 363 364). Bugge sende oppskrifta etter Aslaug Askedalen til Svend Grundtvig som let den trykke i Danmarks gamle Folkeviser (DgF III: 817 818). Bugge sende også til Grundtvig ei udatert oppskrift ved Moltke Moe, etter ein ukjend songar i Bø i Telemark, og denne oppskrifta vart også trykt (DgF IV: 801 802). At «Agnete og havmannen» har vore ei populær vise også utanfor Telemark, går fram av fleire melodioppskrifter av visa frå ulike delar av landet (Ressem 2011: 116 126). I dansk litteratur har mange late seg inspirere av «Agnete og havmannen», noko som har ført til ei rekke fine kunstballadar (Meisling 1988: 299 303). Tidlegast ute var truleg Jens Baggesen med «Agnete fra Holmegaard (1808), der han skildrar ei uglad Agnete, full av uro: Agnete var uskyldig, Var elsket, var troe; Men stedse var hun eensom Hun aldrig havde Roe Aldrig Roe Hun frydede vel andre; Men aldrig var hun froe [...]

(Kalliope>>Digtere>>Jens Baggesen>>Værker>>Nyeste blandede Digte(1808)>>Agnete fra Holmegaard). Utsyn 16 DgF 38 SMB 19 Oppskrift A TSB A 47: Agnete og havmannen Oppskrift: 1797 av Lars Thon, Modum, Buskerud. Orig. ms.: Ukatalogisert visefugg i NFS Uten oppgitt tittel 1. Ageneta hun ganger paa den Engelandske Broe, Saa kommer der en Havmand fra Bunden op, Haa, haa, ja, Saa kommer der en Havmand fra Bunden op. 2. Hør du Ageneta alt hvad ieg siger dig, Og vil du nu være Aller Kiæresten min 3. Og ja saa men det vil jeg end naar du fører mig til Havsens Bund, 4. Han stoppet hendes Øre,Han stoppet hendes Mund, Saa førde han hende til Havsens Bund 5. Der blev hun i 8 te Aar om Syv Sønner havde hun med den Havmand from, 6. Ageneta hun sad sig paa Vuggen og sang, Da fik hun høre Engelandske Klokker de sang. 7. Ageneta op for Havmanden staar,

Faar jeg Forlov i Engelandske Kirke at gaa, 8. Og ja saa men det maa du faa naar du kommer igien til Børnene smaae, 9. Ia saa men det vil ieg faa, mener du at ieg forlader Børnene smaa. 10. Ageneta ind ad Kierke Døren trin, Hendes moder fulgte efter i samme Stund. 11. Hør du Ageneta alt hvad ieg siger dig, Hvor har du nu været i 8 te Aar fra mig. 12. Ieg haver været paa Havsens Bund, Syv Sønner haver ieg med en Havmand from. 13. Hvad gav han dig til Gaven din der han begiærte dig til Bruden sin. 14. Han gav mig et deylig Guld-Baand, Det sættes ikke bedre om Dronningens Haand. 15. Havmanden ind ad Kirke Døren trin, Og alle de smaa Billeder de snode sig omkring. 16. Haar havde han som pureste Guld, og Øynene vare saa dydefuld. 17. Hør du Ageneta alt hvad ieg siger dig, Og dine smaa Børn de længes efter dig. 18. Lad dem længes med dem vil Ret aldrig saa kommer ieg mere til dem 19. Tænk paa de Store og tænk paa de Smaa Og tænk paa den Lille som i Vuggen laae, 20. Intet tænker ieg paa Store intet tænker ieg paa Smaa,

Langt mindre paa den Lille som i Vuggen laae, 21. Smaa Børn taler til Faderen sin, hvor har du nu giort udaf Moderen min. 22. Moder hun er i det Engelandske Hiem, Ret aldrig saa kommer hun her igien. 23. Græd giorde Store, og græd giorde Smaa, Og græd giorde den Lille som i Vuggen laae. Strofene er nummererte av samlaren, og visa er nr. 158 i den handskrivne viseboka. Etter teksten står det «Finis.» (slutt) og «Lars Christensen Thoen». Lars Thon var skulehaldar på Modum. Den andre linja i strofa blir gjenteken etter «Haa, haa, ja». Oppskrift B TSB A 47: Agnete og havmannen Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Margjit Lavransdotter Dalen, Brunkeberg, Telemark. Orig. ms.: NFS S. Bugge g, s. 39 43 (kladd) Utan oppgitt tittel. 1. Antonetta ho site på Hollands brú hvorfor vil ho gjera dæ sjunga kom der ein bergemann jaga hó ut. Den skjønneste Antonetta. 2. Antonetta hó rei å bergemannen rann, så kom dei te bergje alt på ein dag.reinskrifta har: så rei dei dæ bergje tri gångur umkring. 3. Så rei dei dæ bergje tri gångur umkring å bergje opna upp å dei slapp inn.

4. [Bergje opna å dei slapp inn]frå reinskrifta. Der sat hennes børn, de sat i en ring. 5. Den Hendes eldste søn tukka fram ein stol hendes eldste datter løste snørelive av 6. Bergemannen tala te eldste sønnen sin du tappar meg upp ei konne mæ vin 7. Den fyste drykkjen av konne ho drakk 8. Antonetta ho snakka te bergemannen sin no må eg meg tel Kirken at gå 9. Ja så men det må du så når du ikkje så må du ikkje neslå det rødegullhår 10. Når ho kom seg på kirkegård så neslo hó sitt rødegullhår. 11. [Når ho kom seg] i kirkedøren, så lot ho sin kne nedbøie. 12. Så reste ho seg at sin Moders stol, der sat hendes Moder var klædt uti sort. 13. Hvor haver du været i Årene syv, jeg haver nu været hos Manden så fin. 14. Og jeg har nu været hos M[anden] så fin, syv Børn så haver jeg havt på den tid. 15. Bergemannen seg igjænom kyrkjedynni steig, alle små bilæti di vendte seg umkring. 16. Han slo te Antonetta unde hviden kinn så blóe dæ rann under skarlakenskinn

17. [Han slo te Antonetta] på hviden bryst Antonetta ho rei å bnokså uleseleg 18. Farvæl mor og farvæl far farvæl alle som kjenner mitt navn. 19. Antonetta ho rei å bergemann rann så kom dei te bergje alt på ein dag. 20. Bergje opna upp å dei slapp inn, Der sat hennes børn, dei sat í ein ring. 21. [Hendes eldste søn tukka fram ein] stol [hendes eldste datter løste] snørlive av. 22. [Bergemannen tala te eldste sønnen sin] [du tappar meg upp ei] konne mæ vin 23. Den fyste drykkjen av konna ho drakk, hó kasta 'kje burt kvær hennar ha skapt. 24. andre. 25. Då kasta dem pí tri villandes konn. så kasta ho burt kvør hennar ha skapt. 26. Hor æ du fødd å hor æ du bori ell hor æ' alle dine jomfrúklær skorne. 27. I Bergje [æ eg fødd å i Bergje æ eg bori] [I Bergje æ alle mine jomfrúklær skorne.] 28. [i Bergje] vi eg leva, i B[ergje] vi eg døy, å no vi' eg vera bergemannens møy. Strofene er ikkje nummererte av samlaren. Bugges kladd er nokre stader vanskeleg å lese på grunn av overstrykingar og

tillegg av ord. Reinskrift NFS S. Bugge IV, s. 149. Oppskrift C TSB A 47: Agnete og havmannen Oppskrift: 1911 av Rikard Berge etter Tone Olsdotter Håtveit, Mo, Telemark. Orig. ms.: TGM R. Berge CCXXV, s. 29 ff. Utan oppgitt tittel 1. Agneta ho sit seg ved havsens bredalternativ lesemåte: bund sò kaam der ein havmann av bonden ud. 2. Høyrer du Anetta hòtt eg spørger dig:. Aa vi' du no følga av stede med mig. 3. Høyrer du havmann hòss gjønni eg vi' bar' eg konna sleppe av stede mæ dig. 4. Han støbte hendes øren hendes mond sò førde han hena paa den Engelanns grond. 5. A[gneta] ho sat seg vealternativ lesemåte: i aa saang sò hørd' 'o dei Engelanns klòkkane klaang. 6. Høyrer du havmann hòtt eg spørger dig, Maa eg no at kjyrkja gaa inn? 7. Sò støypt' 'n hennes øren [hennes mond] sò førd 'n hena paa den havsens bond. 8. A[gneta] ho lod seg i kjerken gaa inn. aa straks der-efter kom moderen. 9. Høyrer du A[gneta] hòtt eg spørger dig: Hòr' hev'e du vòri sò lengje ifraa mig.

10. Eg hev'e vòri paa havsens bond aa avla syv sønner i samra stond. 11. Hører du A[gneta] hòtt eg spørger dig. hòtt fekk du ti gaavur mæ du følger did? 12. Eg fekk meg ein røde gullring. den beste som konn' setjas paa draanningjens fing. 13. Eg [fekk meg ein] røde gullband. de [beste som konn'] hengjas paa draanningjens arm. (So kom havmannen). 14. Høyrer du A[gneta] hòtt eg spørger dig. Kvi hev'e du vòri sò lengji fraa mig. 15. Tenk paa dei store aa tenk paa dei smaa. aa tenk allermest paa dei som i vògga laag. 16. Eg tenkjer kji paa store, eg [tenkjer kji paa] smaa. eg tenkjer allermindst paa den i vògga laag. (Sò maatt' 'n bera 'a heim atte daa. Ho vill' kje fygj'n). Strofene er nummererte av samlaren. Det står både Agneta og Anetta i oppskrifta, så det er uvisst kva som skal nyttast der det berre står A. Forkortingar og litteratur DgF: Danmarks gamle Folkeviser I XII, jf. litteraturlista NFS: Norsk Folkeminnesamling, Institutt for kulturstudier, Universitet i Oslo SMB: Sveriges Medeltida Ballader 1 5, jf. litteraturlista TGM: Telemark og Grenland museum

Utsyn: Utsyn yver gamall norsk folkevisedikting, jf. litteraturlista Bondevik, Kjell. 1953. «Folkevisa om Agnete og havmannen». Norveg 3. Oslo. Aschehoug. Grundtvig, Svend, Olrik, Axel, Grüner-Nielsen, H., Hildeman, Karl-Ivar, Dal, Erik, Piø, Iørn, Knudsen, Thorkild, Nielsen, Svend, Schiørring, Nils, Rossel, Svend H., Hornby, Rikard, Sønderholm, Erik. [1853 1863] 1966. Danmarks gamle Folkeviser I XII. København. Universitets-Jubilæets Danske Samfund. Heggstad, Leiv & Grüner Nielsen H. 1912. Utsyn yver gamall norsk folkevisedikting. Kristiania. Olaf Norlis Forlag. Jonsson, Bengt R., Jersild Margareta & Jansson, Sven-Bertil (red.). 1983 2001. Sveriges Medeltida Ballader 1 5. Stockholm. Almquist & Wiksell International. Jonsson, Bengt R. & Solberg, Olav. 2011. «Vil du meg lyde». Balladsångare i Telemark på 1800-talet. Oslo. Novus. Meisling, Peter. 1988. Agnetes latter. En folkevise-monografi. København. Akademisk Forlag. Ressem, Astrid Nora. 2011. Norske middelalderballader. Melodier. Oslo. Norsk visearkiv/norsk Folkeminnelag/Aschehoug.