ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval: Ørsta formannskap Møtestad: Ørstafjord, rådhuset Dato: 19.12.2013 Møtet starta 10:00 Møtet slutta 10:35 Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Rune Hovde Ordførar H Gunnar Knutsen Medlem V Hans Olav Myklebust Medlem FRP Wenche Volle Medlem FRP Petter Bjørdal Medlem AP Hanne Stokke Medlem AP Ola Perry Saure Medlem SP Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Monika Barstad Rebbestad Medlem H Paul Kristian Hovden Varaordførar KRF Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Inger Sandvik Sundnes Monika Barstad Rebbestad H Karen Høydal(sak 143/13) Petter Bjørdal Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Wenche Solheim Rådmann Inger Johanne E. Løeng Politisksekretær Andrea Fivelstad Stabsleiar økonomi, sak 142/13 Eldar Øye Stabsleiar plan og utvikling, sak 143/13 Gunnar Knutsen og Hans Olav Myklebust vart valde til å skrive under protokollen saman med ordførar.
Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 141/13 PS 142/13 PS 143/13 Godkjenning av innkalling og sakliste Budsjettendring 2013 - Redusere avdrag drift/ekstraordinære avdrag investering Mørenett - avtale mellom Tussa Kraft og Tafjord kraft om samanslåing av nettselskapa 2013/88 2013/1809 PS 141/13 Godkjenning av innkalling og sakliste Saksprotokoll i Ørsta formannskap - 19.12.2013 Innkallinga vart godkjent utan merknad Saklista vart godkjent utan merknad
PS 142/13 Budsjettendring 2013 - Redusere avdrag drift/ekstraordinære avdrag investering Saksprotokoll i Ørsta formannskap 19.12.2013 TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Kommunestyret vedtek å gjere følgjande endringar i driftsbudsjettet: a) endre minimumsavdrag lån for 2013 i driftsbudsjettet med 4 millionar, frå 25 til 21 millionar, beløpet vert disponert slik: b) Differansen kr 4.000 000 vert å avsette til disposisjonsfond Ordførar fremja alternativt forslag til e: Differansen kr 4.000 0000,- vert å avsette til disposisjonsfond Punktvis røysting a Samrøystes b Tilrådinga fekk 2 (AP)røyster mot 6 røyster c Tilrådinga fekk 2 (AP) røyster mot 6 røyster d Tilrådinga fekk 2 (AP) røyster mot 6 røyster e Ved alternativ røysting vart ordførar sitt framlegg vedteke med 6 røyster rådmannen si røysting fekk 2 røyster(ap) og fall a Tilrådinga fekk 0 røyster b Tilrådinga fekk 0 røyster TILRÅDING TIL VEDTAK: Kommunestyret vedtek å gjere følgjande endringar i driftsbudsjettet: a) endre minimumsavdrag lån for 2013 i driftsbudsjettet med 4 millionar, frå 25 til 21 millionar, beløpet vert disponert slik: b) Reduksjon av inntekt frå konsesjonskraft 2 mill og c) Auke kjøp av konsulenttenester, eigedomsskattekontor, kr 1,4 mill d) Moms-utgift på kjøp av konsulenttenester kr 338.000,- e) Differansen kr 262.000 vert å avsette til disposisjonsfond Kommunestyret vedtek å gjere følgjande endringar i investeringsbudsjettet: a) Auke av innbetalte avdrag på innlån/startlån, med kr 4 mill, frå 0,- til 4 mill b) Auke av ekstraordinært avdrag (eigne lån) med kr 4 mill frå kr 0,- til kr 4 mill.
PS 143/13 Mørenett - avtale mellom Tussa Kraft og Tafjord kraft om samanslåing av nettselskapa Saksprotokoll i Ørsta formannskap - 19.12.2013 TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Ørsta kommunestyre har vurdert hovudrapporten frå utgreiing av Mørenett AS dagsett 6.11.13, avtale om etablering av felles nettselskap dagsett 8.11.13, aksjonæravtale dagsett 8.11.113 og utkast til vedtekter. Kommunestyret går inn for at generalforsamlinga godkjenner avtalen om samanslåing av nettselskapa med tilhøyrande avtalar, slik dei ligg føre. Ørsta kommune sine utsendingar får mandat til å røyste for avtalen på vegne av kommunen som eigar. Petter Bjørdal(AP) sa seg inhabil, han sit i styret til Tussa, han gjekk frå(7 r.f.) Inger S. Sundnes(H) sa seg inhabil, ho sit i styret til Tussa, ho gjekk i frå(6 r.f.) Formannskapet kjente begge to inhabile etter fvl 6 e Karen Høydal(AP) tok sete, vara for Petter Bjørdal(AP) (7 r.f.) Formannskapet vedtok med 7 mot 0 røyster å leggje saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding TILRÅDING TIL VEDTAK: Ørsta kommunestyre har vurdert hovudrapporten frå utgreiing av Mørenett AS dagsett 6.11.13, avtale om etablering av felles nettselskap dagsett 8.11.13, aksjonæravtale dagsett 8.11.113 og utkast til vedtekter. Kommunestyret går inn for at generalforsamlinga godkjenner avtalen om samanslåing av nettselskapa med tilhøyrande avtalar, slik dei ligg føre. Ørsta kommune sine utsendingar får mandat til å røyste for avtalen på vegne av kommunen som eigar.
Dei som skriv under stadfestar med si underskrift at det som er ført i protokollen er i samsvar med det som vart vedteke i kommunestyret 19.12.2013. Rune Hovde Gunnar Knutsen Hans Olav Myklebust Ordførar