ÅRSPLAN S F O KOLLTVEIT SKULE INNHALD. Innleiing. Rammevilkår - generelle vilkår - fysiske vilkår - vilkår for bemanning - vilkår for samarbeid

Like dokumenter
ÅRSPLAN S F O KOLLTVEIT SKULE INNHALD. Innleiing. Rammevilkår - generelle vilkår - fysiske vilkår - vilkår for bemanning - vilkår for samarbeid

ÅRSPLAN S F O KOLLTVEIT SKULE INNHALD. Innleiing. Rammevilkår - generelle vilkår - fysiske vilkår - vilkår for bemanning - vilkår for samarbeid

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Bjørnehiet SFO - informasjon

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: /

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: /

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Årsplan for

Sandeid skule SFO Årsplan

VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

Handlingsplan Lye SFO

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE TLF SFO SELJORD: / TLF SFO FLATDAL: /

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE TLF SFO SELJORD: / TLF SFO FLATDAL:

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

Definisjon og formål. Målsetjing

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

ULVESET SKULE MØVIKVEGEN FJELL

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

ÅRSPLAN GARNES SFO

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Leikande lett! Årsplan for STRAUMEN SFO

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

ÅRSPLAN 2019/2020. Opp og fram i lag. Fiskarstrand SFO

HORPESTAD SKULE OG BARNEHAGE Orrevn KLEPPE Tlf Epost:

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

VÅGEN SKULE, 5582 ØLENSVÅG Tlf SF0 VÅGEN SKULE 2017/2018. Tlf. Vågen SFO: Vågen skule:

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Innhald. 1. Definisjon og formål for SFO side Retningslinjer side Reglement side Samarbeidsutvalet side 3. 5.

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Årsplan for SFO. Sandnes skule. Skuleåret

Plan for Liabygda SFO

Informasjon og kvalitetsplan

VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE

I SFO finn de i skuleåret 2017/2018 :

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

STRANDA KOMMUNE SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNING (SFO)

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Årsplan SFO Sevland skule 2017/2018

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

Informasjon til foreldre

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2016/17

Årsplan SFO Sevland skule 2015/2016

Velkommen til Tussejuv barnehage!

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Årsplan for skulefritidsordninga ved Vågstranda skule

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

INFORMASJONSHEFTE SKOLEFRITIDSORDNINGA (SFO) DOVRE SKULE

VELKOMEN. Skuleåret 2014/15 vil me ha 51 born på SFO fordelt på dei 4 årskulla.

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning

Revidert - Formannskapet, Vedtekne Kommunestyret,

ÅRSPLAN GARNES SFO 2010/2011

HØLE SFO 2019/2020 1

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Ferieavvikling sommaren Evaluering

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Informasjonshefte Tuv barnehage

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Kvalitetsplan Bryne skule SFO

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Sandøy kommune Eining for Oppvekst og kultur

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

SKULEFRITIDSORDNINGA ULSTEIN SKULE 2016/2017

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

Årsplan for SFO. Nedstrand barne- og ungdomsskule 2019/20. Telefon sentralbord NBU: SFO-mobil

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

Årsplan for skulefritidsordninga Vågstranda oppvekstsenter 2015/2016

Transkript:

ÅRSPLAN S F O KOLLTVEIT SKULE INNHALD Innleiing Rammevilkår - generelle vilkår - fysiske vilkår - vilkår for bemanning - vilkår for samarbeid Generell informasjon - mål - metode - dagsrytme - periodebestemt innhald

INNLEIING Denne årsplanen skal vere eit arbeidsdokument for oss som arbeider i skulefritidsordninga ved Kolltveit skule. Planen skal også syna foreldre / føresette kva innhald SFO har for deira barn. Barna tilbring trass alt mykje av fritida si her hjå oss. Vi håper årsplanen vil gje nyttig informasjon til foreldre, arbeidsgjevar Fjell kommune og eventuelle andre. Planen vert behandla og evt. vedteken på foreldremøtet 12.09.17. Kolltveit 04.09.17 Randi Tysse Olsen for personalet

RAMMEVILKÅR GENERELLE VILKÅR Vi gjev i år eit tilbod til barna i 1.-4. klasse og barn med særskilde behov, på 21 timar 50 minutt i veka delt på 5 dagar. Vi held ope kvar dag frå kl. 07.00-08.30 då undervisninga tek til, og frå kl. 12.30 ein dag pr. veke, 13.10 fire dagar pr. veke og til kl. 16.30 kvar dag. Heil plass 1.- 4.kl.: kl.07.00-16.30. Ettermiddagsplass 1.-4.kl.: etter skulen til kl.15.30. Morgonplass: 07.00-08.30. Veke-, dagog timetilbod kan avtalast i forkant. Her på skulen fylgjer vi skuleruta, men det vert tilbod om SFO i haust- og vinterferie samt delar av sommarferien. Det vert då halde ope på nokre skular i kommunen. Det er elektronisk påmelding for alle SFO tilbod på kommunen sine sider. Fristen for oppseiing/endring av plass er 1 mnd og gjeld frå 1. kvar mnd. og må skje skriftleg. Dersom de henter barnet for seint, vert de belasta med kr. 250.- pr. påbegynt halvtime. Dette gjeld også dei med ettermiddagsplass. Vi går ikkje i frå barn utan tilsyn når SFO stenger kl.16.30. FYSISKE VILKÅR Vi har i år delt barnegruppa i tre slik: BASE 2: (2.klasse) held, frå skuleslutt til kl.16.30, til i bygget nede på plassen i sambruk med 2. klasse. Lokala er to baserom a ca. 60 kvm, eit grupperom, 2 toalett og garderobe med utgang rett ut på skuleplassen. BASE 1: (1.klasse): held, frå skuleslutt til ca. kl.16.30, til i 1.etg i brakka i sambruk med 1.klasse. Lokala er to baserom, to grupperom, toalett og garderobe med utgang i sør til leikeområde. BASE 3: (3.-4. klasse) held, frå skuleslutt og fram til ca. kl.15.30, til i 2 etg. i brakka i sambruk med 3 klasse. Lokala er to baserom, to grupperom, toalett og garderobe med utgang i sør ned til leikeområde. Base 3 avslutter dagen k.15.30-16.30 nede på base 1. Morgon SFO kl.07.00-8.30 held og til i lokala til Base2. Fjell kommune har inndradd kostbudsjettet. Det gjer at vi ikkje har pengar til mat. SU har vedteke foreldrebetaling av matpenger slik at vi kan ha smørelunsj kvar fredag og noko å bite i til bursdagsfeiringane.

Ute nyttar vi skulen sitt uteområde med tilhøyrande leikeapparat og litt naturtomt. Barna må gjere avtale med personalet dersom dei ønskjer å leike utanfor skuleområdet. Det vert ikkje høve til å køyre på/over plassen og fremfor brakka. Parkering vert i hentesløyfa på utsida av bommen før kl.8 og etter kl.15. Ved oppstart dette skuleåret er det 92 barn i skulefritidsordninga. Av desse kjem 34 barn frå 1. klasse 22 barn " 2. " 21 barn " 3. " 15 barn " 4. " VILKÅR FOR BEMANNING Det er i Fjell kommune vedtekter for SFO. Dei seier mellom anna noko om bemanninga. Dei gjeldande vedtekter frå 9. febr. 2010 seier at dersom det er fleire enn 23 barn i SFO skal der vere ein dagleg leiar. Retningsgivande bemanning er 12 barn per vaksen. For barn med spesielle behov for hjelp og omsorg, kan det tilsetjast ekstra personale Utgiftene til dette vert dekt av kommunen. Bemanninga på Kolltveit SFO vert i år slik: Rektor: Karin Haugen, har det pedagogiske og økonomiske ansvar. Dagleg leiar: Randi Tysse Olsen, Barne og ungdomsarbeider Assistentar: Eli Norebø, Barne og ungdomsarbeider Anne Lise Hjartåker Monicha Toft Edith Beate Eriksen Ida Hovland Rebekka Tøkkje Nyborg, Barne og Ungdomsarbeider Linda Rong, Barne og Ungdomsarbeider Leanne Arefjord Silje Marie Guleng Pettersen, fagarb. Snezana Mikic Agnieszka Pruszak I praksis: Mikal Stømne Skulefritidsordninga på Kolltveit skule er opplæringsplass for Barne og ungdomsarbeidarar og kan difor stundom ha lærlingar. Denne hausten er Lasse Lervik lærling på Kolltveit. Totalt utgjer dette i år ein timeressurs på 186 t/v

VILKÅR FOR SAMARBEID Vi legg vekt på eit godt samarbeid med foreldra ved dagleg kontakt ved levering og henting eller foreldremøte haust og evt. vår. Vi set pris på at foreldre tek kontakt dersom dei vil bidra med noko eller noko er uklart. Vi er her for dykkar barn! Personalet i SFO deltek på møter for barn med særskilde behov eller andre særlege høve om naudsynt. Det vert planleggingsmøte for personalet i SFO ein time kvar veke utanom opningstida. Då vi er ein del av Kolltveit skule er det naturleg med samarbeid på huset. SFO-leiar er tilstades på møte med administrasjonen kvar veke. Personalet deltek på aktuelle kurs som vert arrangert for å auke kompetansen i personalgruppa. Leiar deltek i nettverksmøte 6 gangar pr skuleår, 3 haust og 3 vår. Viktig for å løyse felles problem, samarbeide om felles interesser og vidareutvikle kompetansen for kommunens sfo-personale. Desse kan vere samarbeidspartnarar om naudsynt: - sosialkontor - helsestasjon - arbeidsformidlinga - vidaregåande skule og skulekontor vedr. praksis lærlingar GENERELL INFORMASJON MÅL Skulefritidsordninga har eit pedagogisk leiartilsyn og aktivitetstilbod for barn i 1.-4- klasse i barneskulen. Vi skal dekke barna sitt behov for tilsyn, omsorg og læring gjennom leik og sosialutvikling i samspel med barna sitt nærmiljø. Vi vil utvikle barnas evner til erkjenning og oppleving, til innleving, utfolding og deltaking. Tryggleik er viktig for at barna skal kunne utvikle desse evnene og difor bruker vi mykje tid på det, særleg på hausten då skuleåret tek til. Skulen og SFO er ein VI-skule og ZERO-skule der vi aktivt skal jobbe mot mobbing. Det er viktig at alle har det bra i SFO og at SFO er ein bra plass å vere. Det viktigaste målet i kvardagen er at barna sjølve får styre si EIGA FRITID og at vi vaksne ikkje organiserer i hel «DEIRA FRITID». Vi er oppteken av "den gode" leiken. I samspel med skulen sine mål vil også SFO arbeide med å bevisstgjere barn og vaksne sin språkbruk seg i mellom. Vi er oppteken av korleis vi skal te oss overfor kvarandre, for å gjere SFO til ein triveleg plass å vere, gjennom korleis vi snakkar og leikar. Her er det viktig med samspel og overføring i heimen.

På bakgrunn av læreplanen ønskjer vi i SFO at barna skal få utvikle seg på flest moglege måtar ved å bruke heile kroppen i dagleg leik og aktivitet saman med andre barn og vaksne. Vi skal gje rom for individuell utvikling og forståing av at ikkje alle er like, men at alle er like mykje verd. Alle har rett til å ha det trygt og godt i SFO. Vi tolererar ikkje mobbing. Dette fell saman med skulen sine mål for eit godt læringsmiljø! LEIKEN inne og ute er viktig for at barna skal lære å vere: - kreative - spontane - engasjerte - samarbeidande - sjølvstendige - konfliktløysande Barna si deltaking i daglege rutinar gjer auka meistring. Alt dette er med på å skape trygge barn. METODE For å oppnå dei måla vi har sett oss har vi delt gruppa i tre slik at barna får større plass og færre barn å omgås på kvar gruppe. Dei vaksne på kvar base er og med i klassen sin skuledag. Vi håper dette vil gje ein trygg overgang skule/sfo og eit trygt miljø å leike i. Men at vi og kjem saman slik at leiken kan blomstre uavhengig av alder. Aktiviteter kan skje på kvar base eller blanda. Det er viktig at barna veit kva som skal skje og kva som vert venta av dei i skulefritidsordninga. Difor legg vi opp til ei fast dagsrytme og med faste grenser/reglar for korleis vi vil ha det i skulefritidsordninga. Barna vert "knotta" inn når dei kjem, og ut når dei vert henta. Dei vaksne må ikkje ta med seg / henta eit barn ut av SFO utan at ein vaksen har fått beskjed. Barna må syna melding dersom dei ikkje skal i SFO eller det er endringar. Å bli tatt vel imot i garderoben gjer tryggleik både for barn, foreldre og personalet. Plan over periodebestemt innhald er så laus at det er rom for spontanitet. Barna vel sjølv kva dei vil leike inne eller ute. Dei vaksne skal vere tilstades for barna, på barna sine premiss. Synlege og deltakande vaksne gjer tryggleik for barn og vaksne. Det vert felles utetid på basane kvar dag, utover det kan barna velje sjølve inn eller ute leik. Fast plass for utstyr og leikar gjer at barna veit kvar dei finn det dei treng og difor meistrar eiga situasjon. Barna si aktive deltaking i daglege aktivtetar / rutinar fører til auka individuell meistring (td. ordensbarn). Vi legg stor vekt på ordbruk og oppførsel. Ein god tone aukar trivsel mellom små og store. Synlege vaksne som ser til dette og grip inn ved behov er viktig.

DAGSRYTME Morgonope kvar dag: kl. 07.00 vi opnar med roleg leik " 07.55 frukost " 08.20 kan barna gå til klasseromma Etter undervisninga: BASE 1 (1.kl.): Oppstart: Månd, onsd, torsd og fred: kl.13.10 knott. og før mat 14 Tysdag: kl. 12.30 frileik inne/ute, gymsal og mat kl.14.00 BASE2 (2.kl.): Oppstart: Månd, onsd, torsd og fred.: kl.13.10 knotting og før mat Tysd: kl. 12.30 frileik inne/ute og mat kl.14.00. gymsal BASE 3 (3.-4.kl.): Oppstart: Måndag, onsdag : kl. 14.10 frileik inne/ute Tysdag: kl. 12.30 frileik inne/ute, gymsal Torsdag og fredag: kl. 13.10 frileik inne/ute Mat : Dei et når dei vil før kl.15.00. Fredag smørelunsj felles. Base 3 går ned til base 1 kl. 15.30 kvar dag. Alle får utetid ei tid i løpet av dagen. Alle dagar: kl. 16.30 SFO er stengt KLESKIFTE Det er viktig at barna har riktige klede med seg etter veret. Barna i 1. kl. har plass til ekstra kleskifte i gard.hylle base 1. Barna i dei andre basene har ekstrakleda sine i garderobene sine. Det er viktig at alt tøyet er merka med namnet til barnet. 1. og 4.klasse flytter seg for å komme på ettermiddagens SFO. MÅLTID Barna treng matpakke til frukost og måltidet i SFO. Vi held mjølk og vatn til måltida. Grunna kutt i budsjettet har SU vedteke betaling av mat penger slik at vi kan ha smørelunsj kvar fredag. Vi bakar / lagar mat ein gang i månaden når i har bursdagsfeiring. Viktig at personalet får raskt melding dersom nokon reagerar allergisk på mat eller andre ting!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

HAUSTEN 2017 AUGUST/ SEPTEMBER: verta kjent med kvarandre og dei vaksne Verte kjent på basane trygg på daglege rutinar mykje bursdagsfeiring oppsamling aug/sept-barn OKTOBER: haustferie 9. 15. okt.(veke 41) SFO er stengt bursdagsfeiring okt-barn aktiviteter NOVEMBER: lesekrok bursdagsfeiring nov-barn aktiviteter DESEMBER: adventstid Juleverkstad bake julekaker godversdagar m/ bursdagsfeiring des-barn siste SFO-dag før juleferien er 20. des.

VÅREN 2018 JANUAR: FEBRUAR: (fyrste dag etter juleferien 2.jan) snø? aktiviteter bursdagsfeiring jan-barn Bursdagsfeiring febr-barn aktiviteter vinterferie 26.febr-4.mars (veke 9) SFO er stengt MARS: vinterferie (27.febr-5.mars, veke 9) bursdagsfeiring mars-barn Aktiviteter Påske verkstad Påskeferie (26.mars-1.april, veke 13) APRIL: MAI: JUNI: aktiviteter IDOL? bursdagsfeiring apr-barn IDOL? vårreingjering ute 17. mai bursdagsfeiring mai-barn mykje Kolltveit leikane vi ryddar SFO og sender med barna heim klede og anna i skuffene bursdagsfeiring juni og juli (siste SFO-dag før sommarferien er 21. juni.)

ÅRSPLAN KOLLTVEIT SFO 2017-2018 ZERO