Vedlegg 7
1 OPPDRAG: Oppdatert 09.04.13 Skulebruksplan - arbeidsdokument 5-12 26.09.12: Planutvalet sluttar seg til fylkesrådmannen sin konklusjon om å ikkje greie ut etablering av eit eige IB-tilbod ved ein av dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Planutvalet ynskjer ei vidare utgreiing om praktiske løysingar knytt til modell 2, gjeldande IBtilbod knytt opp mot UWC, i samarbeid med Dale vidaregåande skule. Skulebruksplan - arbeidsdokument 6-12 - korrigert 07.11.12: Planutvalet gjentar at det skal gjerast vurderingar av IB-tilbod i samarbeid med UWC. Samandrag: IB (International Baccalaureate) er ei høgt anerkjent internasjonal utdanning over to år som tilsvarer Vg2 og Vg3 på Studiespesialisering. Undervisninga er på engelsk og eit IB-vitnemål (IB Diploma) gir tilgang til studium og stipend på universitet over heile verda. IB-elevar fordjupar seg i 6 akademiske fag og har i tillegg eit CAS-program (Creative, Active, Service) som inneber krav til sosialt engasjement. Prøveprosjektet er eit samarbeid mellom Red Cross Nordic United World College i Flekke og Dale vidaregåande skule. Det strekkjer seg over to år (2014/15-2015/16). Tal elevplassar er 3-10 kvart år, altså maksimalt 20 elevar fordelt over to år. Prisen pr. elevplass i prøveprosjektet ligg på 115.000 i dag, same pris som fylket betaler for ein IB-plass i Hordaland. Sogn og Fjordane har Nordens einaste United World College innanfor sine fylkesgrenser. Gjennom eit unikt samarbeid med Dale vidaregåande skule, gir dette ungdom frå Sogn og Fjordane høve til å ta denne ettertrakta IB-utdanninga i eige fylke. IB-tilbod i SFJ, eit samarbeidsprosjekt mellom Red Cross Nordic United World College og Dale vidaregåande skule Formelle partar i prøveprosjektet Samarbeidsavtalen er mellom UWC Røde Kors Nordisk og Sogn og Fjordane fylkeskommune v/dale vidaregåande skule (med samtykke frå fylkesmannen i Vest Agder, Utdanningsdirektoratet og UWC Norge). Varigheit og omfang Prøveprosjekt over to år, frå og med skuleåret 2014/15 til og med skuleåret 2015/16. To elevopptak. Evaluering etter eitt år og følgjeevaluering ved fullført toårig løp av første elevkull. Opptak av 3-10 elevar begge år, maksimalt 20 elevar fordelt over to år (Vg2 og Vg3). Tilbod til elevar busett i Sogn og Fjordane. Det må vere minimum 3 kvalifiserte søkjarar for at prøveprosjektet skal kome i gang.
2 Elevstatus IB-elevane har formelt status som elevar ved UWC Røde Kors Nordisk, og dei får ein stor del av undervisninga si på UWC. Sogn og Fjordane fylkeskommune kjøper IB-plassane av UWC i prinsippet på same vis som fylkeskommunen i dag kjøper IB-plass i Hordaland. Det er ikkje snakk om å låne lisens til Dale vgs, men prøveprosjektet inneber eit nært samarbeid med den lokale vidaregåande skulen. Dei samarbeidande skulane i prosjektet ser det som svært viktig at standarden ein krev frå den einskilde elev er på same nivå som for elevar rekruttert gjennom nasjonalkomitéar for UWC. I tillegg vil desse elevane ha ein viktig funksjon som ambassadørar for heimfylket. Dei vert oppmoda om å hjelpe til med å integrere UWC-elevane i lokalt frivillig arbeid, som ein sentral dimensjon innanfor "Creative, Active, Service"-programmet. Elevoppfølging Fagleg oppfølging av elevane: IB-koordinator ved UWC og IB-ansvarleg ved Dale vgs. Sosial oppfølging: advisor ved UWC og miljøkoordinator ved Dale vgs. Innsøking Elevane søkjer elektronisk til den lokale opptaksnemnda v/rektor UWC, innan 1. februar. I tillegg må eleven søkje fylkeskommunale alternativ i Vigo innan 1. mars. Opptakskrav: Bestått Vg1 Studiespesialisering (eller Vg 1 Musikk/dans/drama,Idrettsfag eller Vg1 ST med formgjevingsfag), karakteren i engelsk og matematikk må vere fire. Tilrådd karaktersnitt: ikkje dårlegare enn fire. Kandidatane vert kalla in til intervju (engelsk): fordel å vere engasjert i frivillig arbeid og organisasjonsliv. Minoritetsspråklege søkjarar må ha gyldig opphaldsløyve for å få inntak. Tilleggsskjema til søknad med "Letter of Motivation" skal sendast til Dale vgs. Intervju Lokal IB-nemnd (to representantar frå kvar av skulane) gjennomfører intervju innan 1. mars. Lokal IB-nemnd har i éi veke til å gjennomføre intervju med søkjarar (ca. 1 time pr. person). Tilbakemelding til inntak. Melding til søkjarane i det ordinære inntaket i juli. Formell godkjenning UWC og Dale vgs følgjer tilrådinga frå Utdanningsdirektoratet av 02.04.2013 (jf. vedlegg). Lokal IB-nemnd har tidlegare innhenta samtykke frå UWC Norge.
3 Dokumentasjon: International Baccalaureate Organization skriv ut IB Diploma (etter 5. juli) og UWC/Dale vgs skriv ut "Testimonials". Meir info: http://www.ibo.org/recognition/, http://www.ibo.org/school/index.cfm. Konvertering frå IB-Diplom til norske karakterpoeng: http://www.samordnaopptak.no/info/utenlandsk-utdanning/internasjonal/ib/omregning/ Faginnhald IB-diplomet har 6 fag, 3 på høgare nivå og 3 på standard. Karakter frå 1-7 i kvart fag. Ein treng minimum 4 for å bestå på høgare/standard nivå og ein samla sum på minst 24 for Diplom. Grunnlag for karakter er i hovudsak avsluttande skriftleg eksamen laga og retta av ekstern sensor. I tillegg kjem karakter for spesifiserte aktivitetar, skriftleg eller munnleg i løpet av studiet ("Internal Assessment"). Dette er arbeid som er retta av faglærar og som er kvalitetskontrollert av ekstern sensor. I tillegg til fagkarakterane kan ein få bonuspoeng av kurs i kunnskapsteori (skriftleg oppgåve og munnleg presentasjon) og særemne (4000 ord) i eitt av faga. Maks sum bonus totalt: 3 poeng. Utanom det reint akademiske er det ein omfattande del under "Creative, Active, Service" der eleven blir eksponert for aktiv læring i samhandling med andre. Denne delen med ei noko meir uformell læring er ein sentral del av prosjektet, og for undervisninga på IB og UWC. I forsøksprosjektet vil faget Treningsleiing/ Breiddeidrett ved Dale vgs vere sentrale komponentar her. Orden og åtferd oppgitt i Record of Progress kvar termin. Lærarkompetanse Lærarane som underviser i Academic Program har høg fagkompetanse. Det vil her vere eit samarbeid mellom dei to skulane, med flest lærarar og flest fag frå UWC. Dale vgs tilbyr lærarkrefter i norsk og matematikk. I CAS (Creative, Active, Service) -programmet kjem faget Treningsleiing/breiddeidrett ved Dale vgs inn som ein sentral del. IB-lærarane ved Dale vgs har fagutdanning på lektornivå. På UWC spenner kompetansen frå doktorgrad til bachelornivå. Elevrettar IB-elevane i dette prosjektet har status som UWC-elevar og har tilgang til dei same låne- og stipendordningane som andre elevar i vidaregåande. Lokale elevar som ikkje kvalifiserer til bortebuarstipend kan bu heime og dagpendle til UWC/Dale vgs. Reiser mellom dei to skulane dekkjer skulane sjølve ved å bruke eigne bilar/minibuss. IB-koordinatorane ved begge skulane ser til at undervisninga og samarbeidet er i tråd med målsetjinga. Elevane har same rettar som UWC-elevane til å klage på eksamen og be om ny vurdering innanfor IB-faga. Ved avbrot første året på IB (Vg2) har eleven rett til omval innanfor norsk vgs. Ved avbrot andre året på IB (Vg3) har eleven rett til å fullføre på ordinær Studiespesialisering ved Dale vgs eller
4 annan skule i fylket. Elevar som ikkje består i alle faga kan ta opp igjen dei einskilde faga (på UWC Røde Kors Nordisk eller andre IB-skular). Kostnad elevplass Dette prøveprosjektet tilbyr IB-elevplassar til kr. 115.000 (indeksregulert) per elev. IB-plassen som SFJ har kjøpt i Hordaland skuleåret 2012/13, kostar 115.000,-. Til samanlikning kostar Musikk, dans og drama pr. elev kr. 132.000 og Service og samferdsel 121.000. Summen inkluderer alle aktivitetar knytt til utdanninga, undervisningsmateriale, ekskursjonar og prosjektveker. Kost og losji Som andre elevar betaler også IB-elevane sjølve kost og losji. Dei vil kunne nytte tilbodet i studentbyen på UWC som er eit døgntilbod med internat (bur på 4-mannsrom og får tre faste måltid for dagen) i lag med dei ordinære UWC-elevane. Dette blir fakturert etter modellen som gjeld for norske UWC-elevar: Dei betaler i eigenandel pr. år kr. 30.000 og betaler i tillegg summen dei får som bortebuarstipend (per i dag kr. 3.920 pr. månad). Skuleåret varer i 9 månader (éin månad kortare enn det norske skulesystemet blant anna fordi skuledagane er lengre og fordi elevane skal ha høve til å tilbringe noko tid hos familiane sine medan dei jobbar med skulerelaterte oppgåver). Totalt har dei då utgifter i månaden på ca 7.300,- pr. månad (indeksregulert). Figur: fagområde IB