HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Klima- og naturressursseksjonen Arkivsak 201302976-3 Arkivnr. 344 Saksh. Tale Halsør og Elizabeth Warren Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 14.05.2013 24.05.2013 KONSESJONSSØKNAD FOR KOLÅSÅNA KRAFTVERK I ODDA KOMMUNE - FRÅSEGN SAMANDRAG Det ligg føre ein søknad om løyve til bygging av Kolåsåna kraftverk i Røldal, Odda kommune. Prosjektet vil nytte fallet i dei to elvene Stølsåna og Kolåsåna på om lag 100 meter ned til felles kraftstasjon der dei renn saman og ut i Brattlandsåa ved riksveg 13. Årleg produksjon er estimert til 6,2 GWh, der 4 GWh vil vere vinterproduksjon. Utbyggingsprisen er i øvre sjikt for lønsame småkraftutbyggingar, 4,96 kr/kwh. Søknaden er ikkje i konflikt med kjende freda kulturminne. Undersøkingsplikta etter 9 i Kulturminneloven er ikkje oppfylt. Utbygginga er i liten grad i konflikt med regionale interesser, men mange nye og planlagde kraftutbyggingar i området framover, gjer det viktig å ta omsyn til prosjektet sine bidrag til sumverknader av småkraftutbygging. FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Utbygginga er ikkje i konflikt med viktige regionale interesser med dei avbøtande tiltaka som er nemnd. 2. Det vert stilt krav om at undersøkingsplikta etter 9 i Kulturminneloven vert oppfylt i god tid før iverksetjing av tiltak. 3. Kulturminne og vurderinga av temaet er mangelfull. NVE bør be om utfyllande informasjon slik at tema er tilstrekkeleg utgreidd. 4. Omsyn til levetilhøva for fossekall i område med mange utbyggingar er viktig. Fylkesutvalet rår til at særlege avbøtande tiltak vert vurderte slik at området er egna til hekking for fossekall også etter utbygging. 5. Ein bør gjennomføre utbygginga på ein diskret måte og ikkje etablere permanente vegar utover tilkomstveg til kraftstasjon, for å redusere dei negative sumeffektane omfattande utbygginsplanar av småkraft i nærleiken får på landskapet i området. Rune Haugsdal Fylkesrådmann Bård Sandal Regionaldirektør Lenke til søknad: http://skjema.nve.no/nve-saksdokument/200900833-6-1264510.pdf
FYLKESRÅDMANNEN, 23.04.2013: 1. Prosjekt Det ligg føre søknad frå Kolåsåna kraft SUS om løyve til bygging av Kolåsåna kraftverk i Odda kommune. Prosjektet vil nytte fall på 306 meter i Kolåsåna og Stølsåna for kraftproduksjon, estimert til 6,2 GWh årleg. Initiativtakar til prosjektet er ClemensElvekraft AS. Dersom tiltaket får konsesjon vil det dannast eit eige akssjeselskap, Kolåsåna kraft, som vil bestå av ClemensElvekraft og eventuelle interessert grunneigarar. Aksjeselskapet har avtale med grunneigarane om leige av fallrettane i elva. NVE har heimel til å gje løyve og fylkeskommunen er høyringspart i handsaminga av søknaden. Høyringsfrist er 14. juni 2013. Kolåsåna ligg i Røldal i Odda kommune, om lag midt i mellom Odda og Sauda. 1.1. Områdeomtale Kolåsåna og Stølsåna ligg i Brattlandsdalen i Odda kommune. Gjennom dalen går riksveg 13, og tiltaksområdet ligg om lag midt mellom tettstadane Odda og Sauda. Begge elvene renn med jamt fall frå om lag 1000 meter høgde, ned kvar sitt dalføre, før dei renn ut i Brattlandsåa i botnen av Brattlandsdalen. Lengde på Kolåsåsna er 3,5 km medan Stølsåna er 2,2 km lang. Like ovafor planlagt kraftstasjon går ei kraftlinje. I Røldal er det 5 kraftverk, 4 nye har fått konsesjon og 6 andre småkraftverk har søkt konsesjon. Dei to elvene samlast før dei renn ut i Brattlandsås ved riksveg 13 2
1.2. Prosjektskildring Prosjektet vil nytte fallet frå kote 660 i dei to elvene Kolåsåna og Stølsåna til eit felles kraftverk på kote 354 der elvene møtes ved utløpet til Brattlandsåna. Det er ikkje planar om reguleringsmagasin i prosjektet. Vatnet vil gå i røyr frå inntaka i elvene for å møtes til ei felles røyrgate frå kote 550 til kraftstasjonen. Røyrgatene vil gravast ned og vere om lag 20 meter breie før dei gror att. Langs røyrgatene vil det etablerast totalt 1500 meter veg på 4 meter breidde. Krafta vil transporterast ut i jordkabel til eksisterande 22 kv-line 70 meter frå kraftstasjonen. Det er venta oppgradering av nettet i området og anleggsbidrag frå prosjektet er teke med i utbyggingskostnadane. Planlagd installert effekt er 2,1 MW. Prosjektet er venta å gi 6,2 GWh, der 4 GWh er vinterkraft. Totale utbyggingskostnader er estimert til 31 mill. kr. Det gjev ein utbyggingspris på 4,96 kr/kwh. Det er planlagd minstevassføring tilsvarande alminneleg lågvassføring i begge elvene, 19 l/s i Kolåsåna og 7 l/s i Stølsåna. Prosjektområde med tekniske inngrep 2. Verknad for natur og samfunn For småkraftverk er det krav om at ein rapport om biologisk mangfald og hydrologi er lagt ved søknaden. Utover dette er det ikkje gjort faglege utgreiingar som del av søknaden. I det følgjande er dei viktigaste verknader for natur og samfunn presentert, som skildra i søknaden og den vedlagde rapporten om biologisk mangfald. 2.1. Kulturminner Under punkt 3.8 om Kulturminne i søknaden står det: «Fra Hordaland Fylkeskommune er det i brev datert 19.jan. 2009 konstatert at det ikke er kjent at det finnes fredete kulturminner i tiltaksområdet.» 2.2. Landskap Landskapet er karakterisert ved bratte lisider med elv i dalbotnen og lauvskog. I flatare terreng er det jordlappar og det er ikkje sjøkontakt. Denne typen landskap er det mykje av i området. 3
Området ligg ved eit område med inngrepsfri natur (INON) vurdert til middels verdi. Prosjektet vil føre til ein reduksjon i inngrepsfrie naturområder på 1,9 km 2, som utgjer 9 prosent av det samanhengande området med inngrepsfri natur. 2.3. Biologisk mangfald Miljøundersøkinga har ikkje funne godt utvikla eller verdifulle naturtyper, eller truga artar i eller langs elvestrengane. Området har vore prega av forsuring, her er lite vassføring om sommaren og det er mangel på kontinuitet i skogen. Potensialet for funn av sjeldne artar er difor vurdert til lite. Vassdraget er fisketomt innanfor influensområdet. Det er ikkje observert fossekall i elvene, men det er potensial for at fuglen kan nytte vassdraget. 2.4. Samfunn og andre brukarinteresser Det foregår jakt på fugl og hjort og området er lokalt nytta til friluftsliv. Det er venta at utbygginga kan vere til ulempe for jakt i anleggsfasen. 3. Vurdering og tilråding Fylkestinget vedtok desember 2009 retningsliner for planlegging og forvalting av små vasskraftverk i fylket. Basert på tema og vedtekne retningsliner i planen er det gjort følgjande vurdering av tiltaket. 3.1. Kulturminne Presentasjon av kulturminne og vurderinga av temaet i søknaden er mangelfull, og gjev ikkje ei fullgod skildring av konsekvensane planlagde tiltak vil ha for kulturminne og kulturmiljø. Det er tiltakshavar og ikkje fylkeskommunen som skal utgreie kulturminneinteresser innafor planområdet. Vi kan ikkje sjå at kulturminnevurderinga er basert på synfaring av ein med kulturminnefagleg kompetanse. Gamle ferdselsvegar og andre utmarksminne er ikkje omtalt. Området er heller ikkje synfara av arkeolog for å vurdere potensialet for funn av hittil ikkje kjende kulturminne. Ei vurdering av kulturminne som utelukkande er tufta på freda kultuminne er for lite utfyllande. I tillegg til Askeladden kan det hentast inn opplysingar frå bygdebøker, lokalhistoriske tidsskrift, lokalkjende personar m.m. Spesielt bygdebøkene, som vist til ovanfor, har mykje informasjon som kan vera nyttig som kjelde for å vurdera eit område sin kulturminneverdi med tanke på bruk både i førhistorisk og historisk tid. Vi har ikkje høve til å synfare området i samband med våre fråsegn innafor tidsfristen. Våre fråsegn er difor basert på flyfoto, og kart av planområdet. Det er ingen kjende freda kulturminne eller SEFRAK-bygningar i direkte konflikt med planlagde tiltak. Hegerlandsstølen og Hellerslistølen ligg ca 300 meter nord for planlagde demning. Røyrtrase kryssar den gamle stølsvegen. Det er ikkje vurdert kor gamle stølane og dermed stølsvegane kan vera. Eventuelt utmarksminne innafor området er ikkje skildra. Det er ikkje gjort vurdering av potensial for å finne hittil ikkje kjende automatisk freda kulturminne i området, jfr. regionale retingsliner R11 punkt 7. Fagrapporten er ikkje utført av personale med kulturminnefagleg kompetanse. Det er eit visst potensial for funn av hittil ikkje kjende automatisk freda kulturminne i området. Det vert stilt krav om at undersøkingsplikta etter 9 i Kulturminneloven vert oppfylt i god tid før iverksetjing av tiltak. Detaljplan med alt planlagt inngrep av varige og mellombelskarakter må sendast på høyring til Hordaland fylkeskommune som regional styresmakt innan kulturminnevern. Dersom det vert avdekka konflikt med automatisk freda kulturminne, må tiltaka justerast eller eventuelt leggjast fram for Riksantikvaren som rette dispensasjonsmynde. 3.2. Landskap Utbygginga vil gje ein reduksjon i inngrepsfrie naturområde på 2 km 2. Det er ikkje særlege landskapsverdiar utover dette og utbygginga har liten konfliktgrad med landskapsverdiar. Då det framover vil vere mange kraftutbyggingar i området vil summen av inngrep i landskapet bli høgt og redusere opplevingskvalitetane i eit område med mykje trafikk og reiseliv. Det er difor viktig at utbygginga skjer så diskret som mogleg, med rask revegetering av røyrgater og anleggsvegar. 3.3. Biologisk mangfald Det biologiske mangfaldet i influensområdet er av liten verdi, der er ikkje truga arter og vassdraget har ikkje fisk. Konsekvensane av utbygginga er vurdert å vere små for dette tema. Det er mange eksisterande og kommande utbyggingar i nærliggande vassdrag og sumverknadane av dette på artar og 4
naturtypar er uviss. Det er difor viktig å leggje til rette for å redusere den totale verknaden av utbyggingane i området for artar som mister mange av sine potensielle leveområde i tida framover. R5 Biologisk mangfald 3. For elver som fungerer som hekkeområde for vintererle eller fossekall må det setjast krav om naudsynt minstevassføring. For vintererle er det også viktig å halde skogen langs elva inntakt. For fossekall kan oppsetting av eigne reirkasser vere eit avbøtande tiltak der trygge reirplassar forsvinn. Kolåsåsna kan i dag nyttast av fossekall, og minstevassføringa og hekketilhøva i elva bør vere tilstrekkelege til at fossekallen kan nytte den til hekking og næringssøk også etter utbygging. 3.4. Samfunn og brukarinteresser Det er lite brukarinteresser i området. Området er i følgje det lokale turlaget ikkje nytta til friluftsliv i særleg grad 1. 4. Oppsummering og tilråding Prosjektet har generelt låg konfliktgrad med landskaps- og naturverdiar, og andre brukarinteresser. Presentasjon av kulturminne og vurderinga av temaet i søknaden er mangelfull, og gjev ikkje ei fullgod skildring av konsekvensane planlagde tiltak vil ha for kulturminne og kulturmiljø. Undersøkingsplikta etter 9 i Kulturminneloven må oppfyllast i god tid før iverksetjing av tiltak. Detaljplan med alt planlagt inngrep av varige og mellombelskarakter må sendast på høyring til Hordaland fylkeskommune som regional styresmakt innan kulturminnevern. Dersom det vert avdekka konflikt med automatisk freda kulturminne, må tiltaka justerast eller eventuelt leggjast fram for Riksantikvaren som rette dispensasjonsmynde. Røldal er eit viktig friluftsområde og Brattlandsdalen har mykje gjennomgangstrafikk. Framover vil det vere mykje kraftutbygging i dette området. Det er difor viktig å oppretthalde opplevingskvalitetane i landskapet som eit heile. For å unngå at denne utbygginga bidreg til å redusere landskapskvalitetane i området rår vi til at utbygginga vert utforma og gjennomført på ein måte som ikkje gjev synlege sår i landskapet. Vi ber om rask og stadtilpassa revegetering av røyrgater og at ein ikkje etablerer permanente vegar utover tilkomstveg frå riksvegen til kraftstasjonen. I området der kraftverket er planlagd ligg det allereie fem kraftverk, fleire har fått konsesjon og det er i tillegg fleire småkraftsøknader til handsaming hos NVE. Det er difor viktig at ein tek omsyn til levetilhøva for fossekall, som ved utbygging av mange elvestrekk i same område kan få det vanskelegare med å finne gode hekkeplassar. 1 Willy Solberg, leiar i Odda og Ullensvang turlag 5