FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak: 11/1410 Løpenummer: 11/8033 Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 22.11.2011 Tid: 15.00 - Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene og varamedlemene i brev av 15.11.2011 Møtet vart kunngjort i ei avis, på heimesida og ved oppslag på kunngjeringsstadar i kommunen. Desse medlemene møtte: Anne Martinsen, Krf Stina Kvåle Bergesen, Krf Haldor Tuft, Sp Marianne Borge, Sp Aud May Boge, H Hans Ekeberg, Ap Roger Hoel, Frp Forfall og møtande varamedlemar: Gustav Folkestad, (V) hadde forfall. For han møtte Åse Kristin Uglehus (Ap) som vararepresentant. Steinar Berland (H) hadde forfall. For han møtte Egil Rosvoll (Frp) som vararepresentant. Andre som var tilstade på møtet: Kommunalsjef Øyvind Haga Plan- og bygningssjef Per Gunnar Haavik Kulturleiar Erik Vangsnes og spesialrådgjevar Inge Kaldestad deltok på deler av møtet
Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Anne Martinsen, Krf, leia møtet. Orienteringar: Karianne Eriksen og Fredrik Barth frå konsulentfirma Asplan Viak AS orienterte om arbeidet med stad- / muligheitsanalyse for Leiro og presenterte resultatet som ein er komen fram til. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 22.11.2011 Anne Martinsen Leiar Per Gunnar Haavik Ansvarleg sekretær
Saksliste Sak nr. Sakstittel 001/11 DELEGERTE SAKER 002/11 SKRIV OG MELDINGER 003/11 KLIMA - OG ENERGIPLAN FOR FUSA KOMMUNE I PERIODEN 2011-2020 004/11 DETALJREGULERINGSPLAN, DEL AV FV 552 FUSA - EIKELANDSOSEN - PARSELL GJERDEVIK. HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN 005/11 REGULERINGSPLAN FOR DEL AV FV 552, OFFENTLEG PLAN. PARSELL KVÅLSNESET - DORGANESET HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN 006/11 REGULERINGSPLAN FOR DEL AV FV 552, OFFENTLEG PLAN. PARSELL LAMMANESET - EIKELAND 007/11 GBNR. 78/109, VINNES: SØKNAD OM BYGGELØYVE FOR FRITIDSBUSTAD. DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLAN. 008/11 GBNR. 19/60, HELLAND: SØKNAD OM BRUKSENDING FOR 2 ETASJE I SJØBU TIL BUSTADFØREMÅL. KLAGE PÅ DELEGERT VEDTAK. 009/11 SØKNAD OM KONSESJON TIL Å OVERTA FAST EIGEDOM. 010/11 SØKNAD OM KONSESJON 011/11 SØKNAD OM KONSESJON 012/11 RULLERING AV HANDLINGSPROGRAM 2012
001/11: DELEGERTE SAKER UPM-001/11 VEDTAK: Saka vart samrøystes teke til orientering. 002/11: SKRIV OG MELDINGER UPM-002/11 VEDTAK: Saka vart samrøystes teke til orientering. 003/11: KLIMA - OG ENERGIPLAN FOR FUSA KOMMUNE I PERIODEN 2011-2020 RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL TILRÅDING: Fusa kommune vedtek Klima- og energiplan 2011-2020 for Fusa som ein temaplan. Klimadugnad i Fusa kommune og Energileiing og enøktiltak i Fusa kommune skal prioriterast i 2012 i samsvar med punkta 8.5 og 9.1 i klima og energiplanen. Økonomiske føresetnadar for oppfølging av forprosjekta og iverksetjing av planen må takast med under vidare budsjetthandsaming. Rådmannen sitt framlegg til tilråding vart samrøystes vedteke. UPM-003/11 TILRÅDING: Fusa kommune vedtek Klima- og energiplan 2011-2020 for Fusa som ein temaplan. Klimadugnad i Fusa kommune og Energileiing og enøktiltak i Fusa kommune skal prioriterast i 2012 i samsvar med punkta 8.5 og 9.1 i klima og energiplanen. Økonomiske føresetnadar for oppfølging av forprosjekta og iverksetjing av planen må takast med under vidare budsjetthandsaming.
004/11: DETALJREGULERINGSPLAN, DEL AV FV 552 FUSA - EIKELANDSOSEN - PARSELL GJERDEVIK. HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN Detaljreguleringsplan for del av fv 552 Fusa - Eikelandsosen, parsell Gjerdevik vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. UPM-004/11 VEDTAK: Detaljreguleringsplan for del av fv 552 Fusa - Eikelandsosen, parsell Gjerdevik vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. 005/11: REGULERINGSPLAN FOR DEL AV FV 552, OFFENTLEG PLAN. PARSELL KVÅLSNESET DORGANESET. HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN Detaljreguleringsplan for del av fv 552 Fusa - Eikelandsosen, parsell Kvålsneset - Dorganeset vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. UPM-005/11 VEDTAK: Detaljreguleringsplan for del av fv 552 Fusa - Eikelandsosen, parsell Kvålsneset - Dorganeset vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.
006/11: REGULERINGSPLAN FOR DEL AV FV 552, OFFENTLEG PLAN. PARSELL LAMMANESET EIKELAND. HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN Detaljreguleringsplan for del av fv 552 Fusa - Eikelandsosen, parsell Lammaneset Eikeland vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. UPM-006/11 VEDTAK: Detaljreguleringsplan for del av fv 552 Fusa - Eikelandsosen, parsell Lammaneset Eikeland vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. 007/11: GBNR. 78/109, VINNES: SØKNAD OM BYGGELØYVE FOR FRITIDSBUSTAD. DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLAN. Fusa kommune gjev dispensasjon frå arealdel til kommuneplan, samt byggeforbodet i 100- metersbeltet langs sjøen, og gjev løyve til å riva eldre fritidsbygg og byggeløyve for ny fritidsbustad på gbnr. 78/109, Vinnes, på fylgjande vilkår: 1. Riving og bygging skal skje i samsvar med gjeldande lover og føresegner. 2. Rivingsavfall skal leverast godkjente deponi og kvittering for dette skal kunna framleggjast ved tilsyn. 3. Avlaup frå klosett skal gå via vacumgenerator til tett tank på minst 3 kbm. Det skal vera varsling på tanken, som varslar i god tid før tanken er full. Gråvatn skal gå gjennom 4 kbm slamavskiljar til 10 meter infiltrasjonsgrøft før utslepp til sjø eller tilsvarande. Eventuelt skal det installerast minirenseanlegg. 4. Fusa kommune skal ha melding når rivingsarbeidet er gjort ferdig og når bygging tek til. Ansvarleg søkjar/ tiltakshavar skal innhenta ferdigattest/ mellombels bruksløyve før fritidsbustaden vert teke i bruk. Vedtak er gjort med heimel i 1-8, 19-2 og 20-1 i plan- og bygningslova (2008).
UPM-007/11 VEDTAK: Fusa kommune gjev dispensasjon frå arealdel til kommuneplan, samt byggeforbodet i 100- metersbeltet langs sjøen, og gjev løyve til å riva eldre fritidsbygg og byggeløyve for ny fritidsbustad på gbnr. 78/109, Vinnes, på fylgjande vilkår: 1. Riving og bygging skal skje i samsvar med gjeldande lover og føresegner. 2. Rivingsavfall skal leverast godkjente deponi og kvittering for dette skal kunna framleggjast ved tilsyn. 3. Avlaup frå klosett skal gå via vacumgenerator til tett tank på minst 3 kbm. Det skal vera varsling på tanken, som varslar i god tid før tanken er full. Gråvatn skal gå gjennom 4 kbm slamavskiljar til 10 meter infiltrasjonsgrøft før utslepp til sjø eller tilsvarande. Eventuelt skal det installerast minirenseanlegg. 4. Fusa kommune skal ha melding når rivingsarbeidet er gjort ferdig og når bygging tek til. Ansvarleg søkjar/ tiltakshavar skal innhenta ferdigattest/ mellombels bruksløyve før fritidsbustaden vert teke i bruk. Vedtak er gjort med heimel i 1-8, 19-2 og 20-1 i plan- og bygningslova (2008). 008/11: GBNR. 19/60, HELLAND: SØKNAD OM BRUKSENDING FOR 2 ETASJE I SJØBU TIL BUSTADFØREMÅL. KLAGE PÅ DELEGERT VEDTAK. Fusa kommune kan ikkje sjå at klagen inneheld nye moment som ikkje er vurdert før og held på vedtak i delegert sak DS 096/11, som lyder: Fusa kommune gjev ikkje dispensasjon frå arealdel til kommuneplan eller byggeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen og avslår søknad om bruksendring av andre etasje i sjøbu på gbnr. 19/60, Helland, frå sjøbu til bustadføremål. Vedtak er gjort med heimel i arealdel til kommuneplan, jfr. 1-8, 19-2 og 20-1 i plan- og bygningslova (2008).
UPM-008/11 VEDTAK: Fusa kommune kan ikkje sjå at klagen inneheld nye moment som ikkje er vurdert før og held på vedtak i delegert sak DS 096/11, som lyder: Fusa kommune gjev ikkje dispensasjon frå arealdel til kommuneplan eller byggeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen og avslår søknad om bruksendring av andre etasje i sjøbu på gbnr. 19/60, Helland, frå sjøbu til bustadføremål. Vedtak er gjort med heimel i arealdel til kommuneplan, jfr. 1-8, 19-2 og 20-1 i plan- og bygningslova (2008). 009/11: SØKNAD OM KONSESJON TIL Å OVERTA FAST EIGEDOM. Fusa Kommune gjev konsesjon til Line Nordbustad og Roy-Atle Tombre for å kjøpe gbnr. 42/3 med vilkår om 5 års boplikt. Vedtaket har heimel i konsesjonslova 1, 9 og 11. UPM-009/11 VEDTAK: Fusa Kommune gjev konsesjon til Line Nordbustad og Roy-Atle Tombre for å kjøpe gbnr. 42/3 med vilkår om 5 års boplikt. Vedtaket har heimel i konsesjonslova 1, 9 og 11. 010/11: SØKNAD OM KONSESJON Fusa kommune gjev Kjell Atle Nerheim konsesjon for å overta gbnr. 69/1 utan å busette seg der. Vedtaket har heimel i konsesjonslova 1, 5 og 9
UPM-010/11 VEDTAK: Fusa kommune gjev Kjell Atle Nerheim konsesjon for å overta gbnr. 69/1 utan å busette seg der. Vedtaket har heimel i konsesjonslova 1, 5 og 9 011/11: SØKNAD OM KONSESJON Fusa kommune gjev ikkje konsesjon til Andrè Jensen og Alice Jensen for å overta gbnr. 65/2 i Øvre Hålandsdalen utan å busette seg der. Vedtaket har heimel i konsesjonslova 1, 5 og 9. UPM-011/11 VEDTAK: Fusa kommune gjev ikkje konsesjon til Andrè Jensen og Alice Jensen for å overta gbnr. 65/2 i Øvre Hålandsdalen utan å busette seg der. Vedtaket har heimel i konsesjonslova 1, 5 og 9.
012/11: RULLERING AV HANDLINGSPROGRAM 2012 RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL TILRÅDING: Fusa kommune rullerer handlingsprogrammet for Kommunedelplan for idrett og friluftsliv og godkjenner framlegg til prioritering av søknader om spelemidlar for 2012. Utbetalingsplan for kommunale tilskot til private utbyggingsoppgåver, og oversyn over kommunale løyvingar til kommunale prosjekt vert teke til orientering. Nærmiljøanlegg Prioritet Anleggtype Stad Søkjar Søknadsår 1. Ballbinge rehabilitering Eikelandsosen skule 2 Sandvolleyballbane Fusa ungdomsskule 3 Småanlegg Skjelavika friluftsområde Strandvik 3. Fusa kommune 2. Bergen og omland friluftsråd 4 Ballbinge Opsalmarka Opsalmarka Vel 2 5. Småanlegg Fusaneset 1. friluftsområde Ordinære idrettsanlegg Bergen og omland friluftsråd Prioritet Anleggtype Stad Søkjar Søknadsår 1 Lysanlegg/stadion Holdhus Fusa kommune 5. år 2 Lysanlegg Bygdastølen Hålandsdal IL 4. år 3 Garasje Bygdastølen Hålandsdal IL 4. år 4 15 m skytebane Strandvik Strandvik skyttarlag 2.år 2. Rådmannen opplyste i møtet at rehabilitering av symjehallen i Eikelandsosen ikkje var med i oversikten under Ordinære idrettsanlegg Denne vil komma inn som nr. 5 i oversikten. Rådmannen sitt framlegg til tilråding vart samrøystes vedteke med følgjande tillegg under Ordinære idrettsanlegg 5, Rehab. symjehall, Eikelandsosen, Fusa kommune, 1år
UPM-012/11 TILRÅDING: Fusa kommune rullerer handlingsprogrammet for Kommunedelplan for idrett og friluftsliv og godkjenner framlegg til prioritering av søknader om spelemidlar for 2012. Utbetalingsplan for kommunale tilskot til private utbyggingsoppgåver, og oversyn over kommunale løyvingar til kommunale prosjekt vert teke til orientering. Nærmiljøanlegg Prioritet Anleggtype Stad Søkjar Søknadsår 1. Ballbinge rehabilitering Eikelandsosen skule 2 Sandvolleyballbane Fusa ungdomsskule 3 Småanlegg Skjelavika friluftsområde Strandvik Fusa kommune 3. Fusa kommune 2. Bergen og omland friluftsråd 4 Ballbinge Opsalmarka Opsalmarka Vel 2 5. Småanlegg Fusaneset 1. friluftsområde Ordinære idrettsanlegg Bergen og omland friluftsråd Prioritet Anleggtype Stad Søkjar Søknadsår 1 Lysanlegg/stadion Holdhus Fusa kommune 5. år 2 Lysanlegg Bygdastølen Hålandsdal IL 4. år 3 Garasje Bygdastølen Hålandsdal IL 4. år 4 15 m skytebane Strandvik Strandvik 2.år skyttarlag 5 Rehab. symjehall Eikelandsosen Fusa kommune 1 år 2.