MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 30.05.2016 Tid: kl.11:30-14:10 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista vart gjort tilgjengeleg elektronisk 25.05.2016. Møtet vart kunngjort i lokalavisa og på heimesida. Desse medlemene møtte: Marthe Samnøen Torbjørn Fosså Vegard Fosså Helge Mjånes Parti Ap Anna Skaathun Epland hadde forfall. Det er ikkje oppnemnd vara. Sindre Rolland hadde forfall. Det er ikkje oppnemnd vara. Marte Ekeberg Klippen hadde forfall. Hanne Tveit møtte som vara. Møtenotat: Anna: Ungdomsrådet ber om at det vart kalla inn til ekstramøte ungdomsrådet i forkant av ekstramøte i kommunesstyret om kommunereforma 22. juni og at ungdomsrådet får uttala seg i saka før endeleg vedtak i kommunestyret. Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Vegard Fosså leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 30. mai 2016 Vegard Fosså Leiar Erik Vangsnes Ansvarleg sekretær
Sakliste Sak nr. Tittel 014/2016 Godkjenning av møteprotokoll 015/2016 Forslag til planprogram for Vinnesbruddet 016/2016 Ungdomsundersøkinga 2016 017/2016 Trafikksikringsplan Fusa kommune 2016-2019 018/2016 Årsmelding og rekneskap for Fusa kommune - 2015 019/2016 Prosjektrapportering formannskapet 2016 020/2016 Planprogram Kommunedelplan for kultur 2016-2027 - 1. gongs handsaming 021/2016 GBNR 84/1,2 - Toft - Detaljregulering for deler av Kletten hyttefelt 022/2016 GBNR 20/76 - Lundervik - Detaljregulering for Stallabrotet øvre, bustadfelt 023/2016 Busetjing av flyktningar - orientering om status 024/2016 Framlegg om lokal forskrift om skulekrinsgrenser i Fusa kommune 025/2016 Revidert økonomiplan 2016-2019 026/2016 Tertialrapport pr. 1.5.2016 Side 2
014/2016: Godkjenning av møteprotokoll Møteprotokoll frå møte 11.04.2016 vert godkjent. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UNG- 014/2016 Vedtak: Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. 015/2016: Forslag til planprogram for Vinnesbruddet Fusa kommune godkjenner oppstart av planarbeid for Detaljregulering av Vinnesbruddet, med plan-id 1241 2016 04. Planprogram for planarbeidet, datert 02.05.2016, vert lagt på høyring og til offentleg ettersyn i 6 veker frå dette vedtak. Vedtaket er heimla i PBL 12-1,3 og 12-9. UNG- 015/2016 Vedtak: 016/2016: Ungdomsundersøkinga 2016 Fusa ungdomsråd tek ungdomsundersøkinga 2016 til etterretning. Side 3
Ungdomsrådet kom samrøystes med slik uttale i saka: Ungdomsundersøkinga Fusa 2016 inneber at vi har fått stor kunnskap om ungdom sine levekår. Misbruk av rusmidlar syner i undersøkinga ei gledeleg positiv utvikling, men ungdomsrådet ser med uro på den psykiske helsa, med tal for t.d. «depressivt stemningsleie og sjølvskading, som ikkje er bra. Det er også høge tal i undersøkinga for uønska seksulle erfaringar. Nøkkelsaker for ungdomsrådet, har vore og vil verta, å betra kollektivtilbodet og kulturtilbodet for ungdom. Truleg må ein også styrka helsetilbodet for ungdom. Dette trur ungdomsrådet kan ha ein positiv verknad for å byggja og skapa trivsel og betre psykisk helse. UNG- 016/2016 Vedtak: Ungdomsundersøkinga Fusa 2016 inneber at vi har fått stor kunnskap om ungdom sine levekår. Misbruk av rusmidlar syner i undersøkinga ei gledeleg positiv utvikling, men ungdomsrådet ser med uro på den psykiske helsa, med tal for t.d. «depressivt stemningsleie og sjølvskading, som ikkje er bra. Det er også høge tal i undersøkinga for uønska seksulle erfaringar. Nøkkelsaker for ungdomsrådet, har vore og vil verta, å betra kollektivtilbodet og kulturtilbodet for ungdom. Truleg må ein også styrka helsetilbodet for ungdom. Dette trur ungdomsrådet kan ha ein positiv verknad for å byggja og skapa trivsel og betre psykisk helse. 017/2016: Trafikksikringsplan Fusa kommune 2016-2019 Trafikksikringsplan Fusa kommune 2016-2019 vert vedteken slik den har vore på høyring, med fylgjande tillegg: 1. I kap 6.1.1 vert føydd til eitt nytt kulepunkt med tekst: «Rådmannen har det overordna ansvaret for organisatoriske og haldningsskapande tiltak, og einingane har sin del av ansvaret innafor sitt arbeidsfelt.» 2. Utbetring av sving på fv48 på Tombre vert ført opp som tiltak nr 1 under kap 6.3, tabell for fysiske tiltak retta mot fylkeskommunen sitt program for trafikksikringstiltak. Fusa ungdomsråd gjorde samrøystes framlegg om at utbetring av kommunal veg, Stallabrotvegen, frå kryss ved fv 48 til idrettshallen kjem på prioritert plass under punkt «Fysiske tiltak på det kommunale vegnettet». Dette er eit viktig trafikksikringstiltak og utbetringa bør skje parallelt med bygging av idrettshall i 2016-2017. UNG- 017/2016 Vedtak: Side 4
Fusa ungdomsråd gjer framlegg om at utbetring av kommunal veg, Stallabrotvegen, frå kryss ved fv 48 til idrettshallen kjem på prioritert plass under punkt «Fysiske tiltak på det kommunale vegnettet». Dette er eit viktig trafikksikringstiltak og utbetringa bør skje parallelt med bygging av idrettshall i 2016-2017. 018/2016: Årsmelding og rekneskap for Fusa kommune - 2015 Rådmannen viser til saksutgreiinga og legg saka fram utan tilråding. UNG- 018/2016 Vedtak: 019/2016: Prosjektrapportering formannskapet 2016 Prosjektrapporten vert teken til etterretning. UNG- 019/2016 Vedtak: 020/2016: Planprogram Kommunedelplan for kultur 2016-2027 - 1. gongs handsaming Fusa kommune legg ut til offentleg ettersyn framlegg til Planprogram for Kommunedelplan for kultur 2016-2027, med heimel i PBL 5-2 og 11-3. Høyringsfristen er sett til 1. september 2016. Det vert samstundes varsla om oppstart av planarbeidet, etter PBL 11-12. Side 5
UNG- 020/2016 Vedtak: 021/2016: GBNR 84/1,2 - Toft - Detaljregulering for deler av Kletten hyttefelt Fusa kommune godkjenner detaljregulering for Kletten hyttefelt, plan- ID 1241201203, datert 11.5.2016. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-12. UNG- 021/2016 Vedtak: 022/2016: GBNR 20/76 - Lundervik - Detaljregulering for Stallabrotet øvre, bustadfelt Fusa kommune godkjenner å leggja detaljregulering av Stallabrotet øvre, plan - ID 124120124, datert 11.05.2016, ut til høyring og til offentleg ettersyn. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-10 og 12-11, og i kommuneplanens arealdel. Side 6
UNG- 022/2016 Vedtak: 023/2016: Busetjing av flyktningar - orientering om status Status om arbeidet med busetjing av flyktningar vert teken til etterretning. UNG- 023/2016 Vedtak: 024/2016: Framlegg om lokal forskrift om skulekrinsgrenser i Fusa kommune Lokal forskrift om skulekrinsgrenser i Fusa kommune vert sendt på høyring med 6 vekes frist til å koma med merknader. UNG- 024/2016 Vedtak: 025/2016: Revidert økonomiplan 2016-2019 Saka vert lagt til formannskapet som gjev innstilling til kommunestyret, jfr. vedlagde notat. Side 7
Fusa ungdomsråd meinte i ein samrøystes uttale at dei er bekymra for kva konsekvensar dårleg kommuneøkonomi vil få for det kommunale tenestetilbodet til barn og unge i åra som kjem. Tala i revidert økonomiplan gjev grunn til uro for utviklinga, særleg i slutten av perioden. UNG- 025/2016 Vedtak: Fusa ungdomsråd er bekymra for kva konsekvensar dårleg kommuneøkonomi vil få for det kommunale tenestetilbodet til barn og unge i åra som kjem. Tala i revidert økonomiplan gjev grunn til uro for utviklinga, særleg i slutten av perioden. 026/2016: Tertialrapport pr. 1.5.2016 Underskotet frå 2014 vert dekka av rekneskapsoverskotet frå 2015, jf. sak om årsrekneskapen. Midlane i budsjettet for 2016 på kr 1 395 000 som var avsett til dette, vert i staden avsett til driftsfond disposisjonsføremål. Investeringprosjekt 405 Utleigebustad flyktningar. Finansiering på kr 3,9 mill., vert endra frå momskompensasjon til lån. Tertialrapporten vert teken til etterretning. UNG- 026/2016 Vedtak: Side 8