Månedsbrev Bikuben april 2017 MARS MÅNED: Det er stor aktivitet og glede hjå barna på Bikuben. Dei er i aktivitet heile dagen gjennom, både inne og ute. Me har vore gjennom alle årstidene på kort tid, regn, sludd, snø og sol. Det var veldig godt å få kjenne på våren her om dagen. Vårkjensla kjem og når barna har med seg sine eigne syklar. Elles er det veldig kjekt med vatn, då lagar me demningar, elver og basseng i sandbassenget. I leiken oppstår relasjonar mellom barna, og me ser at barna leikar mykje på tvers av avdelingane. Gledeleg når barn på Bikuben inviterer barn frå Maurtua inn på frukt og omvendt. Påsken nærmar seg, og det det har vore mange flittige hender som har jobba med å lage påskepynt. Det vil me fortsette med i starten av april måned. Elles har me har fokus på Grønne tankar glade barn. Vennebåten vår er ferdig, og Venneloven er straks klar til avduking. Me hadde ein fantastisk tur til leikeplassen i Stølsveien, der me tok med oss tomatsuppe og makaroni og kokte det på stormkjøkken. Mat ute i det fri smakar fortreffeleg, og barna har stor matlyst. Det var mange nysgjerrige barn som lurte på kva eit stormkjøkken var. Me håpar på finever framover, slik at me kan gå på tur med mat. KVA SKAL ME GJERE I APRIL? Me vil fortsette med Grønne tankar glade barn, der ulike aktivitetar rundt venner og relasjonar vil vere i fokus. I denne perioden skal barna få lage vennebilete til kvarandre. Her vil me nytte bilete av barna og eit vennedikt som skal limast inn i kvart enkelt kort. Elles håpar me på finever slik at me kan tilbringe tid ute i barnehagen eller på turar. Barna likar å leike på andre plassar, og nye relasjonar utviklar seg. Me har feira Gabriel Ragnar 4 år, og fredag 7. april skal me feire Elisabeth 4 år.
GRUPPER I veke 9 deltok VENNEGRUPPEN kvar dag veka gjennom på bading på Garnes Ungdomsskole. Dette var ei minnerik veke der bading, dusjing, og reise kollektivt med rutebuss for 13 barn og 3 voksne sto i fokus. Kvar dag skifta me buss på terminalen, og så vidare til endeplassen, og det samme gjorde me på heimvegen. Me lærte kva tal som står på bussen me skulle gå på. Korleis skal buss sjåføren vite kor me vil av? Me reiste med 4 bussar kvar dag, så iløpet av veka fekk alle barna enten trykke på stopp knappen eller i snora. Ein av barna delte av sin rike kompetanse med å reise med buss. Han fortalte blant anna at dersom me tok beina opp i setet var me ein seteslusk. Samen undra me oss om kva ein seteslusk er, og korleis me skulle oppføre oss på buss. Barna viste stor glede i bassenget, og me observerte at barna vågde meir og meir utover i veka. Heile veka på tur viser at barna er blitt meir sveisa samen, og leiker meir samen på tvers av Bikuben og Maurtua. I mars har me i Vennegruppen hatt fokus på bokstavar og alle barna kjenner bokstavane i navnet sitt, og kan skrive navnet. Alle barna har også skrevet navnet sitt på data. Fleire av barna har oppdaga at dei har felles bokstavar i navna sine. Me har hatt framme korkane og sett på likheter og ulikheter, og i den sammenheng var det eit barn som laga snurrebass ved å ta ein liten kork under ein større kork. Dette fekk fleire barn til å undersøke korkane meir og fleire snurrebassar vart laga. Elles leiker me mykje i Vennegruppen, spiller spill, bygger med ulike klossar og barna undrer seg mykje med bokstavar og tall. Torsdag 27.april planlegg me den tradisjonelle turen for Vennegruppen. Barna må vere i barnehagen til kl. 8. På turen skal barna bære sin eigen sekk med drikke, sitteunderlag og sokkeskift. Barna må ha klede og sko til været, slik at dei får ein god turopplevelse. Me beregner å vere tilbake i barnehagen kl.14.30
NB! 31.mai skal me ha tradisjonell Avsluttningsfest for VENNEGRUPPEN m/ foreldre etter barnehagetid. Nærmare informasjon kommer. I REGNDRÅPEGRUPPA eksperimenterer me med forskjellig materiale. Det som me har jobba med no er magiske mjølbollar. Her blandar me potemjøl og vatn til ei litt blaut banding. Barna har så fått dette opp i hendene slik at dei kan klemme og lage mjølbollar av det. Det som er magisk er når barna sluttar å jobbe med mjølbollen i henda, så løyse mjølbollen seg opp og renn ut i henda. Jobbar dei med det over tid, vil vatnet forsvinne og det vert ein bolle av det. Då har barna berre tilført litt vatn og blandingen vert nesten som flytande att. Enkelte barn har vore så opptatt og fasinert at dei har jobba med det heile formiddagen. Ei økt så blanda me konditorfarge oppi, og då fekk me røde, grønne og blå mjølbollar. Me jobbar i grupper med dette,og enkelte barn kjem og spør om dei kan få vere med, og kor tid det er min tur. Det me kjem til å jobbe med vidare no er vulkanar. Kommentarar så har kome er: «Dette er deilig», «Det liknar på glasur», «Det er klissete». Hugs å sjekke skap for byttetøy, sjekk dressar og regnklede, sett på strikk, ta me heim for vask etter behov. Ha nødvendig med klede slik at barna får positive uteopplevelsar. Kontakt på Bikuben: 53 08 38 83 eller mobil: 99 28 33 79 Følg elles med på barnehagens nettside: https://bergen.kommune.no/omkommune/avdelinger/barnehager/arnatveit-barnehage/2637. For personalet på Bikuben Ingrid Alvsaker Nordbø.
MÅNEDSPLAN BIKUBEN APRIL 2017 ORDENSB MANDAG TIRSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG UKE 14 3. 4. 5. 6. 7. Feire Elisabeth 4 år!! Forberedelsar til påske Forberedelsar til påske Vennegruppe/ Hipp hurra Sangstund på Bikuben Påskelunsj UKE 15 10 11. 12. 13. Skjærtorsdag 14. Langfredag UKE 16 17. 2. påskedag 18. 19. 20. Vennegruppe/ 21. Sangstund på Andedammen UKE 17 24. 25. 26. 27.Vennegruppetur 28. Sangstund på Knøttene