Forskrift om gebyrregulativ for sakshandsaming etter Plan- og bygningslova og Lov om eierseksjoner Hareid kommune Regulativet er heimla i plan- og bygningsloven 33-1 (L27.06.2008 nr. 71) og lov om eierseksjoner (L23.05.1997 nr. 31) 7. Denne forskrifta erstattar «Gebyrsatsar etter Plan- og bygningslova» vedteken av Hareid kommunestyre den 15.12.2017 - sak PS 107/16. Forskrifta gjeld handsaming av Bygge-, frådeling- og reguleringssaker og andre tiltak etter Plan- og bygningslova (PBL.) samt arbeid etter eigarseksjonslova. Satsar er lista opp i etterfølgjande tabell, «Satsar for sakshandsaming etter PBL». Bygge- og frådelingssaker Gebyret er oppbygd etter sakstype. Ved å skilje mellom dei ulike tiltaka i Plan- og bygningslova, fangar ein opp meirarbeidet som fylgjer av krava til sakshandsaming knytt til dei ulike tiltaka. Satsane er lista opp i vedlagt tabell der tiltak er gruppert etter kva omfang tiltaket har m.m. 1- Gebyret dekkjer Sakshandsaming av frådeling- og byggesaker, førehandskonferansar, dokumentkontroll, mellombels bruksløyve/ ferdigattestar og tilsyn i byggetida. Det vert i tillegg krevje gebyr for handsaming av føretak og ansvarsrettar samt dispensasjon. Faktura skal sendast til tiltakshavar. Andre avtalar kan gjerast med Avdeling for Plan, utvikling, byggesak og geodata. 2- Betalingsplikt Alle som får utført tenester etter dette regulativet skal betale gebyr. Gebyret forfell til betaling 21 dagar etter fakturadato. Ved for sein betaling vert kravet tillagt kr. 70,- for fyrste purring og kr. 210,- ved andre gangs purring, samt påslag av renter, pt.8,5 % pa. 3- Tidspunkt for fastsetjing av gebyr Gebyret skal utreknast snarast etter at vedtak er gjort. Dette gjeld søknadar og meldingar av alle slag. Gebyr for frådeling vert utrekna samtidig som vedtak, medan rekning vert i samband med oppmålingsforretning. Ved avslag vert gebyret sendt samstundes som vedtak om avslag. 4- Handsaming av frådeling- og byggesøknad under eitt Der det føreligg søknad om både frådeling og byggeløyve, som omhandlar same formål, kan desse handsamast under eitt. Gebyret skal då utreknast fullt for byggesaka, medan frådelingsgebyret skal halverast. (eventuelt gebyr for dispensasjon kjem i tillegg). 5- Kombinerte bygg Dersom bygget har fleire funksjonar/føremål, vert gebyret utrekna etter dei einskilde føremåla. 6- Mellombelse bygningar For mellombelse bygg skal det betalast fullt gebyr.
7- Ansvarsrett For handsaming av ansvarsrettar generelt i byggesaka skal det reknast eitt gebyr pr. byggesak. Dette skal fakturerast tiltakshavar. Endring av ansvarsrett, tilsyn mm.: Ved tilsyn knytt til godkjenning av føretak eller endringar av ansvarsrett, skal det reknast eit eige gebyr pr. føretak, som skal dekke den delegerte handsaminga dette medfører. Faktura skal sendast tiltakshavar. Det same gjeld der søknad om godkjenning av føretak kjem inn i etterkant av at byggesøknad er godkjend. 8- Sjølvbyggjar (Pbl. Kapittel 22,23 og 24) Det skal betalast eit eige gebyr for handsaming av søknad som sjølvbyggjar. 9- Avslag Byggesaker (gjeld søknader etter 20-3 og 20-4): For vedtak som medfører avslag skal det betalast eige grunnbeløp etter kva type sak det er ( 20-3 eller 20-4). Der det ligg føre dispensasjonssøknad som krev handsaming i eit politisk utval, skal dette fakturerast i tillegg etter ordinære satsar. Frådelingssaker: For vedtak som medfører avslag skal det betalast fullt gebyr. Dispensasjon frå arealplan, plan- og bygningslov og vedtekt 10- Søknad om dispensasjon For søknad om dispensasjon betalast eit eige gebyr. Det er ulikt gebyr for vanlige dispensasjonar som krev handsaming i politisk utval og dispensasjon som er å vurdere som «kurante». «Kurante dispensasjonar» er mindre omfattande som til dømes plassering av bygg utanfor byggelinje, overskriding av utnyttingsgrad og justering av tomtegrense. Dispensasjonsgebyret kjem i tillegg til gebyr for bygge-/frådelingssak. Private reguleringsframlegg 11- Fylgjande søknader kan ein krevje handsamingsgebyr for: Privat forslag til reguleringsplan el. vesentleg endring av slik plan. jf. Pbl 12-11, 12-14. Privat forslag til mindre vesentleg endring av reguleringsplan (inkl. endring av reguleringsføresegnene), jf. Pbl 12-14, 2. ledd. 12- Storleiken på gebyra: Oppstartsmøte: Det skal betalast eit grunngebyr for oppstartsmøte uavhengig om planen blir fremma eller ikkje, jf. Plbl. 12-11. Gebyr vert fakturert når møtet er gjennomført. Reguleringsplan/vesentleg endring av reguleringsplan (Plbl. 12-14 (1): For alle forslag skal det betalast eit grunngebyr. Gebyr vert fakturert når innlevert planforslag er fullstendig og klart til handsaming for 1. gongs offentleg ettersyn. Eksterne kostnadar, som til dømes arkeologiske undersøkingar, grunnundersøkingar, skredundersøkingar og liknande, skal dekkast fullt av tiltakshavar.
Mindre endringar av reguleringsplanen (Plbl. 12-14 2.ledd): Det skal betalast eit grunngebyr. Vert handsaminga gjort samstundes som anna handsaming etter plan- og bygningslova som t.d. rammeløyve for byggjesak eller frådelingssak, og det ikkje er naudsynt med noko form for høyring/offentleg ettersyn for endringa, vert det ikkje kravd betalt gebyr utover dei gebyr som elles går fram av gebyrregulativet/gebyrsatsane for bygge- og frådelingssaker. Gebyr vert fakturert når endelig planforslag er levert for politisk handsaming. Konsekvensutgreiing: I dei tilfelle reguleringsplanen skal utarbeidast med konsekvensutgreiing (KU), jf. Pbl. kapittel 14 med forskrifter, skal det for kommunen sitt arbeid betalast eit eige gebyr Utgifter som kommunen måtte ha til ekstern fagleg bistand kjem i tillegg. 13- Særskilde avgjersle: Vert heile eller deler av eit planforslag forkasta ved politisk handsaming, kan Leiar for Plan, utvikling, byggesak og geodata (PUBG) refundere inntil 50 % av den opphavlege storleik av gebyret. Leiar for PUBG kan vurdere avkorting, eventuelt fråfall av gebyr for søknader som er grunna i ideelle motiver eller er av allmennyttig karakter. 14- Betalingsvedtekter. Gebyret vert berekna etter dei satsane som gjeld på det tidspunkt når planframlegget vert registrert. Saka vert ikkje handsama i planutvalet før gebyr er innbetalt. Dersom forslag som skal handsamast politisk etter offentleg ettersyn vert trekt frå vidare handsaming etter utlegging, vert 20 % av innbetalt gebyr refundert. Gebyr for handsaming av forslag om mindre vesentleg reguleringsendring skal betalast etter at 1. vedtak er gjort i planutvalet. Eigarseksjonering 15- For handsaming av søknad om seksjonering / reseksjonering vert gebyr sett til 3 * rettsgebyret med eit tillegg på 2 * rettsgebyret når synfaring er naudsynt i medhald til eigarseksjonslova (ESL) sin 7. Dersom uteareal skal seksjonerast på ein slik måte at det etter 9 i ESL skal utarbeidast matrikkelbrev etter reglane i matrikkellova, kjem gebyr for arbeid etter matrikkellova i tillegg. Elles gjeld for saker etter PBL 16- Urimeleg gebyr Dersom gebyret t.d. vert vurdert som svært urimeleg i høve til dei kostnadar kommunen har hatt med saka, eller urimeleg av andre grunnar, kan avdelingsleiar for Plan, utvikling, byggesak og geodata si avgjerd fastsette gebyr i høve til dette. 17- Klagerett Fastsetjinga av gebyr i ei einskild sak etter regulativet kan ikkje klagast på, jf. Forvaltningslova. 40. Avdelingsleiar for Plan, utvikling, byggesak og geodata si avgjerd etter søknad om reduksjon av gebyr, kan klagast på etter reglane i Forvaltningslova. 18- Endring av regulativet eller gebyrsatsane Kommunestyret vedtek gebyrregulativet og endringar i dette, normalt i samband med Kommunestyret si handsaming av budsjettet for komande år. Avdelingsleiar for Plan, utvikling, byggesak og geodata skal legge forslag til justering av gebyret fram for politisk handsaming i Kommunestyret. Gebyrsatsane skal regulerast årleg, og satsane gjeld frå kunngjeringsdato. Alle satsar skal rundast av til næraste heile 100 kroner.
Satsar for sakshandsaming etter plan- og bygningslova På gebyrregulativ for bygge- og frådelingssaker er det nytta ny berekning i samsvar med sjølvkost. BUSTAD- OG FRITIDSBYGG ei brukseining, (inkl. garasje, etc.) 20-3 kr 13 200 - tillegg for bueining nr. 2 til og med nr. 5 i same bygning kr 6 600 - tillegg for bueining frå og med nr. 6 i same bygning kr 3 990 BUSTAD- OG FRITIDSBYGG Tilbygg/påbygg 20-3 opp til 100 m² kr 10 500 BUSTAD- OG FRITIDSBYGG Tilbygg/påbygg 20-3 frå og med 101 m² kr 17 100 BUSTAD- OG FRITIDSBYGG Ombygging/bruksendring 20-3 kr 10 500 BUSTAD- OG FRITIDSBYGG Fasadeendring, skifte av vindauge, tak og liknande 20-3 kr 7 200 ANDRE BYGG 20-3 Nybygg opp til 500 m² kr 16 200 ANDRE BYGG 20-3 Nybygg mellom 501 og 1000 m² kr 26 790 ANDRE BYGG 20-3 Nybygg over 1001 m² kr 29 400 ANDRE BYGG 20-3 Tilbygg, påbygg og underbygg opp til 200 m² kr 13 200 ANDRE BYGG 20-3 Tilbygg, påbygg og underbygg mellom 201 kr 26 400 og 500 m² ANDRE BYGG 20-3 Tilbygg, påbygg og underbygg mellom 501 kr 39 600 og 1000 m² ANDRE BYGG 20-3 Tilbygg, påbygg og underbygg frå og med kr 55 800 1001 m² ANDRE BYGG 20-3 Ombygging/bruksendring kr 10 500 TILTAK UTAN ANSVARSRETT. (OGSÅ LANDBRUK) Nybygg 20-4 kr 8 520 TILTAK UTAN ANSVARSRETT. Til/påbygg og bruksendringar 20-4 kr 7 320 MELLOMBELSE BYGNINGAR - FULLT GEBYR tilsvarande ANDRE BYGG 20-3 kr 16 200 REV.TEIKNINGAR/TILLEGG/ENDRINGAR, FORNYA BYGGELØYVE 20-3 kr 3 840 RIVING AV BYGG OG ANLEGG 20-4 Bygg opp til 70 m2 kr 8 520 RIVING AV BYGG OG ANLEGG 20-3 Bygg mellom 71 og 300 m² kr 13 200 RIVING AV BYGG OG ANLEGG 20-3 Bygg mellom 301 og 1000 m² kr 26 400 RIVING AV BYGG OG ANLEGG 20-3 Bygg frå og med 1001 m² kr 39 600 HEIS, TEKN.INNSTALL., SKILT, STØTTEMURAR, MASTER, M.M. 20-3 kr 7 200 PIPER/FYRINGSANLEGG 20-3 kr 7 200 UTANDØRSANLEGG / Anlegg (av ein viss storleik) 20-3 kr 16 200 ANLEGG I STRANDSONA. HAMNER/FISKERIANLEGG, Nyanlegg, kr 16 200 MOLO,KAI,FLYTEBRYGGE 20-3 ANLEGG I STRANDSONA. 20-3. Søknad om justering, fornying av løyve kr 7 200 ANDRE SØKNADSPLIKTIGE TILTAK ETTER 20-3 (kan vere mindre bygg, div. kr 10 500 anlegg m.m.) ANSVARSRETTAR kr 2 400 SØKNAD OM GODKJ. AV FORETAK - gebyr ved tilsyn eller endring av føretak kr 1 800 HANDSAMING AV SØKNAD SOM SJØLVBYGGJAR (PBL. Kap. 22, 23 og 24) kr 600 SØKNAD OM IGANGSETTINGSLØYVE eit gebyr pr. søknad kr 3 840 SØKNAD OM DISPENSASJON kr 11 700 AVSLAG PÅ SØKNAD 20-3 kr 10 500 AVSLAG PÅ SØKNAD 20-4 kr 7 320
SØKNAD OM FRÅDELING / GRENSEJUSTERING kr 5 910 HANDSAMING AV PLANER OPPSTARTSMØTE kr 3 000 REGULERINGSPLAN / VESENTLEG ENDRING AV REGULERINGSPLAN (Plbl. kr 40 000 12-14 (1) - GRUNNGEBYR: MINDRE EDRINGAR AV REGULERINGSPLAN (Plbl. 12-14 2.ledd): kr 15 000 KONSEKVENSUTGREIING kr 15 000